Issuu on Google+

Trendy mat frå Ryfylke

side 32

Tomatrebus på Finnøy side 10


Velkommen 2 Helsing 3

Oversiktskart kommune

6 Finnøy 10 Tomatrebus 12 Talgje 14 Fogn 17 Halsnøy 19 Bokn, Byre og Måløy 21 Ombo 25 Sjernarøyane 29 Matperlene ● Her kan du eta godt i sommar

● Tomatrevolusjon ● Trendy mat frå Ryfylke ● Ryfylkekokken

Utgjevarinformasjon: Utgjevar: Øyposten/Ryfylke Næringshage Tlf.: 51 71 46 60 / 51 71 45 15 E-post: annonsar@oyposten.no fnhage@finnoy.com Nett: www.oyposten.no www.synlegogstolt.no Setting/Design: IT-Finnøy as Tlf.: 51 71 45 15 Nett: www.it-finnoy.no E-post: post@it-finnoy.no Trykk: Bladet Sunnhordland Framsidefoto: Elisabeth Hauge Nordbø

Dei lyse og levande øyane Lokalavisa for Finnøy, Øyposten og Ryfylke Nærings­ hage gjer saman ut magasinet «Sommar i Finnøy». Også dette året har me klart å setje saman «perlene» våre til eit reiselivsmagasin me håpar kjem til nytte for deg som er fastbuande, hytteeigar eller gjest i Finnøy. Me oppmodar alle til å ta seg rundt i vårt vakre øyrike. Her kan du få ta del i ulike opplevingar, både til havs og på land. Ta med deg dette heftet og gjer deg kjent. Finnøy kommune deltek i eit EU-prosjekt kalla Vital Ru­ ral Area, oversett til «Levande bygder». Saman med kom­ munar og regionar frå fem andre land i Europa jobbar vi med aktivitetar for å auke fokus på vår kommune som busettings-, arbeids- og opplevings­ kommune. Dette skjer blant anna i eit arbeid med omdøme av Finnøy. No har me kome fram til eit primærord som skal nyt­ tast i det vidare omdømearbeidet vårt. «Dei lyse og levande øyane» er overskrifta me har tenkt å bruke i tida framover. Det skjer mykje spanande arbeid på dette om­ dømefeltet som etter kvart vil verte materialisert. Øyposten lagar artiklar og reportasjar frå kommunen heile året. Lokalavisa er ein guide i seg sjølv. Ryfylke Næringshage jobbar med innovasjon, nyskaping og lokal samfunnsutvikling. Saman er begge aktørane med på å synleggjere kvalitetar frå «dei lyse og levande øyane» med nøkkelkvalitetar som godt liv, rikt næringsliv, litt ferie kvar dag og livleg engasjement. Magasinet presenterer kvart år eit nytt tema. I 2011 var det turstiane i kommunen som vart presentert. I år har vi valt å setje fokus på kortreist lokal mat. Me er stolte av å bu i ein landbruks-og havbrukskommune og vil på denne måten gi næringane fokus i ein egen del bakerst i magasinet. Takk til annonsørane våre. Utan dykk vert det vanskeleg å gje ut magasinet. Så ønskjer me dykk alle gode opplevingar i og på dei lyse og levande øyane våre, med vår Alfred Hauge sine poet­ iske ord «Den som elskar ei øy på vår jord, han elskar det avgrensa og grenselause» (Frå Perlemorsstrand) Heidi Skifjell Jon Asgaugt Flesjå Dagleg leiar Redaktør Finnøy Næringshage as Øyposten as Utg. 4 - Ryfylke Næringshage, mai 2012


Finnøy kommune Ombo Sjernarøyane

Halsnøy Finnøy

Bokn, Byre, Måløy Fogn

Tomter og bustader for sal: - Båtplasser tilgjengeleg - Rimeleg husbankfinansiering - Med Finnfast: 30 min frå Stavanger

Moment Kommunikasjon

Talgje 1:150 000

Finnøy - Ein god stad å leva!

Telefon: 51 71 46 00 4160 Finnøy post@ladstein.no www.nordbohus.no/ladsteinbygg

Utg. 4 - Ryfylke Næringshage, mai 2012

3


Finnøy

Ja

til billigere

sunn mat!

Vi fortsetter å holde prisene nede!

7-23 (8-21) KIWI Finnøy

Salg og service på Panasonic og LG

Varmepumper

10-årsfest

med Tomatfestivalen

Luft til luft og luft til vann

Leverer alt innen alarmer og GSM styringer, samt feilsøking og service på alt elektrisk utstyr!

Liv Grete Skjelbreid Poirée og Dag Erik Pedersen kjem. Det gjer vel du også! Vel møtt til Finnøy 10.- 11.-12. aug.

Tlf.: 930 21 371 E-mail: fas@hesbynett.no

10.- 11.-12. august

Alt om festivalen på www.tomatfestivalen.no

4

Utg. 4 - Ryfylke Næringshage, mai 2012


,-

Velkommen til sommerkampanje hos Steinnes VVS

- Leverandør og ledende i Norge www.foss-bad.no

,-

fra

F.M.M

1 990,-

Showerama 7 - 5. hvit/lklar, komplett pakke. 10 900,Ifö Space dusjdører.

WC BADEROMSMØBLER PORSELENSSERVANTER BADRUMSMÖBLER TVÄTTSTÄLL TOALETTER

VELKOMMEN! 2 900,-

Ifö Space 2000 Buet dusjhjørne fra kr. 7.658,- (komplett dusjhjørne 90x90 cm)

kun

pr. stk.

DUSCHAR BADKAR DUSJ BADEKAR OG BOBLEBADEKAR

Vi har stort ÅPNINGSTIDER FØRSTE utvalg av UKEN:

79

IFÖ

velværeprodukter Torsdag: ........................... 12-18 Fredag: ............................ 10-18 Lørdag: ............................ 10-15

Velkommen

til vår butikk midt i Ifö baderomsmøbler - 20 prosent Judaberg sentrum. Porsgrund veggskål Porsgrund gulvklosett Ifö Sign vegghengt WC, Torsdag: ........................... 9-16 inklusiv brakett Fredag: ............................ 9-18Vi har åpent og trykkplate. 2 900,i hele sommer. Lørdag: ............................ 10-15 Ifö Space, alm/klar, bue/ eks. sete rette. 2 900,Ifö Nextm . KANONPRIS! 4 900,Ifö dusjkabinett, 90 x 90, sølv/klar. Opningstider baderomsbutikken i Steinnesvåg Komplett pakke. 9 990,Mand-fre: 10-16 Lørdag: 10-14 mob. 480 90 800

VANLIGE ÅPNINGSTIDER:

1 590,- 2 700,-

Velkommen innom!

Tirsdag-fredag 10-16 / Lørdag 10-14 (mandag stengt)

Utg. 4 - Ryfylke Næringshage, mai 2012

5


innøy (Foto: Ingvild Njå)

Finnøy er hovudøya i kommunen, og på Judaberg finn ein kommunesenteret og knutepunkt for vidare reis til dei andre øyane i kommunen. Hit kan ein komme anten via Finnøytunellen, som bind saman Talgje og Finnøy med Rennesøy. Det går også hurtigbåt hit frå Stavanger, Hjelmeland, Sauda og Jelsa. Ein kan ta ferje frå Jelsa, Hebnes eller Nedstrand. På øya er det omlag 1690 fast­ buande. Det høgaste punktet på Finnøy er Vestbøvarden, som ligg 154 m.o.h. og øya har eit areal på 25,3 km². Det er gode fisketilhøve både frå land og båt rundt om øya. Som merka turløyper er Finnøyrunden godt egna som ein

6

flott sykkeltur for heile familien. Turen kan være noko utfordrande for dei aller minste. På Judaberg ligg Finnøy Sentral­ skule med elever frå 4. til 10. trinn, der 8. til 10. trinn er for alle elev­ ane i kommunen. Like ved ligg også den gamle erverdige Rygjabø Videregåande skole, tidlegare hus­ morskule. Knytt til skulane finn ein sandvolleyballbane, ballbinge og tennisbane. I tillegg til kommuneadministras­ jon, bank og sjukeheim, kan Juda­ berg sentrum tilby bibliotek og frisør. Av butikkar kan ein nemne IT-Finnøy, Steinnes-VVS og Finnøy Blomster. Posttenesta på øya er integrert i COOP ByggMix som høyrer til COOP Prix Finnøy. Litt utanfor sentrum ligg også matvare­

butikken Kiwi. Kaihuset ligg ved den gamle fer­ jekaien og fungerer som turistin­ formasjon på Finnøy. Her er det også kafé på dagtid, ut­leige av syk­ lar, bruktmarknad og godt utval av hobby- og gåve­artiklar. Bak Rådhuset finn ein Ottohuset. På sommarutstillinga i år i Ottohuset stiller skulptør-nestor, Hugo Wathne, som fyller 80 år i september, ut 5 nye verk i tillegg til nokre tidlegare arbeid, blant anna hovedverket, “Nytt håp” frå 1975 og “Vinter­ blomst” frå 2008. Dei nye verka er “Palestineren”, “Seilas”, “Nordsjø”, “Rester av hjem” og “Bevegelse”. Dattera til Hugo, Hebe Camilla Wathne, stiller ut teikningar og in­ stallasjonar og Lydia Lasota, Paris,

Utg. 4 - Ryfylke Næringshage, mai 2012


stiller ut etsingar i kombinasjon med monotypi og akvarellar. Utstillinga vil bli opna av ord­ fører i Finnøy Gro Skartveit kl. 1800 torsdag 24. mai. Vi ønskjer velkommen frå kl. 1700; særlig viss været er fint og det er mo­ gleg å sitje ute på marka med ei nistekorg! Utstillinga er open kvarfredaglaurdag-sundag kl. 13-18 frå 24. mai til 9. september -12. Me har og eit Cafe-tilbod med uteservering. Den 8. september kan du opp­leve Ryfjordseilasen som vert arrang­ ert ved Ryfylke Trebåt­ byggjeri ved Faastranda. Utsyn Ungdomssenter tilbyr overnatting og matservering om ein tar kontakt på førehand (Sjå annonse). Også Soltun Fjordferie tilbyr overnatting. På Reilstad er det offentlig kai, marina og Olav Reilstad Land­ handel, Livi. Friluftsområdet Teigen på Berge har mange fine turløyper, og turen til Bergevarden tilbyr gevinst med utsikt i alle himmelretningar. På Kindingstad står huset etter Cleng Person, og om ein fer vidare sørover, kjem ein til Kvitevik som er ei offentleg badestrand med to­ alett og parkeringsplass. Tyskar­ holene ligg på Søre Vignes. Der kan ein sjå rester etter tyskarane si verksemd frå krigen. Landahuset ligg ved den offent­ lege kaien i Steinnesvågen. Her vert det arrangert temakveldar, pubkveldar og kurs. Desse vert offentleggjort på Facebooksida Utg. 4 - Ryfylke Næringshage, mai 2012

(Foto: Oddbjørg Drarvik)

deira og på oppslag. Bedehuset Emmaus og Hesby skule, ligg også her, med kjekke uteareal for born. Den lokale og verdskjende matematikaren Nils Henrik Abel er tildelt eit minnesmerke som er å sjå nedanfor preste­garden. Her finn ein og eit minnesmerke over Gustava og Gabriel Kielland. Like ved Hesby Kyrkje, ei kvit­ måla steinkyrkje frå midten av 1100-talet, er det reist eit minnes­­ merket etter Asgaut Olsen Regels­ tad, Finnøy sin mann på Eidsvoll i 1814. Utanfor kyrkjegarden står ein bauta til minne om Ogmund Finnsson som styrde Noreg for danske­kongen på 1300-talet.

Sølvsmeden på Finnøy ligg på Nedre Mjølsnes og har både smie og butikk. Finnøy er kjend for tomatane sine, og på Lausnes ligg det største gartneriet på Finnøy, Lauv­ snes Gartneri, som produserer fleire slag smakstomatar. Den store og velrenomerte To­ matfestivalen går av stabelen hel­ ga 10.-12. august. Festivalen samlar bortimot 5000 besøkjande kvart år. www.tomatfestivalen.no. Ein finn meir informasjon på www.finnoy.no, eller på www.finnoy.kommune.no.

7


Adresse: 4160 Finnøy Tlf: 51712640 E-post: post@finnoy-ror.no • Sanitær og varmeanlegg • Vatn og Avløp (VA anlegg) • Boliggass • Røyranlegg, landbruk og industri

REKNESKAP RÅDGJEVING ØKONOMISTYRING Bistand firmaetablering www.finnoy.com post@finnoy.com Tlf: 51 71 45 00 - fax: 51 71 45 01 Medlem NARF - Norges Autoriserte Regnskapsføreres Forening

Hagatunet

Moment Kommunikasjon

Hagatunet, Judaberg på Finnøy 25 bustader frå 72 m², pris frå kr 1 990 000,Båtplass på Faaholmen i gangavstand

Hagatunet Ta kontakt! Tlf.: 51 71 46 00 - 4160 Finnøy - post@ladstein.no www.nordbohus.no/ladsteinbygg 8

HAGATUNET

Utg. 4 - Ryfylke Næringshage, mai 2012


Utsyn Ungdomssenter Fine selskapslokaler til 100 pers. Møte til 80. 53 sengeplasser i internat og hytter. 3 hytter á 4 sengeplasser og 2 bad/wc. 8 internat-rom med 4-6 sengeplasser. Bad/wc til alle rom.

BETONGENTREPRENØR 4160 Finnøy • Tlf. 51 71 26 44 • Faks 51 71 26 65

Adresse: 4160 Finnøy tlf: 51 71 23 69 mob: 95 22 63 55 e-post: utsynungdomssenter@nlm.no www.utsynungdomssenter.no

Finnøy fot-og aromaterapi er blitt

Et rom for terapi!

Vi tilbyr: Fotterapi, massasje rygg/nakke, massasje hel kropp, soneterapi og voksbehandling.

Behandlingssteder: Lauvsnes, RAFT klinikken på Judaberg og Helgøysund.

Vi ha r gave også kort!

Ring for bestilling av tid til Birte Lauvsnes 975 20 750 For mer info se www.romforterapi.com

Utg. 4 - Ryfylke Næringshage, mai 2012

www.gardmaskin.no 9


Tomatrebus på innøy Ta med deg sykkel til Finnøy. Finn ti spennande postar rundt øya, og bli med i Tomatfestivalen sin sommarrebus. Av Tor Øyvind Skeiseid - Kor gammal Eidsvollsman­ nen Asgaut Regelstad blei? Hm, kor finn me det, un­ drar Ane Handeland. - Her, Ane. Her på denne minnesteinen er svaret, ropar storebror Jon Helge. Søskena Ane (10) og Jon Helge (13) er på sykkeltur rundt Finnøy, saman med mor Oddrun Merete Reil­ stad. Sykkelturen er som ein tomatrebus. Og nå har dei stoppa ved middel­ alderkyrkja på Hesby. Oppi ein kvit postkasse, dekorert med ein raudmalt tomatk­ lase, ligg oppgåvene. - Me vonar familiar og ven­ er vil bruka sommaren til å sykla rundt øya vår. Då kan dei samtidig bli med i denne engasjerande toma­ trebusen, forklarar Oddrun Merete. Oddrun Merete er med i Tomatfestivalkomiteen, og idémakaren bak tomatrebu­ sen. I dag er det ungane som testar ut løypa med mor.

10

Desse postkassane finn du ti av rundt heile Finnøy. Her er Jon Helge og Ane Handeland ved Hesby Kyrkje på Finnøy

Ti postar, 50 oppgåver Tomatfestivalen i Finnøy har i år ti-årsjubileum. Sjølve fes­ thelga er 10.-12. august, med eit omfattande og spenstig program. I tillegg ønskjer festivalleiinga å skapa blest om festivalen i forkant. - Tomatar er godt for helsa. Ein sykkeltur rundt Finnøy er godt for både kropp og sinn. Oppgåvene er dessutan tilpassa både store og små, forklarar Oddrun Merete Reilstad. Rundt på øya er det plassert ti kvite postkassar, med fem oppgåver knytt til kvar plass. - Slapp av! Du treng ikkje vera tomat- eller Finnøyek­ spert for å delta, smiler Odd­ run Merete.

Start på Kaihuset Påmeldinga, som sjølvsagt er gra­ tis, skjer i det knallraude Kaihuset på Judaberg. Der får syklistane skrivesaker, kart over Finnøy kor postane er avmerkte, samt drikkeflasker frå IVAR. Svara kan leverast inne på Kaihuset eller direkte på Tomatfestivalen sine heimesider før 6. august. - Det er premiar til dei som får flest rette og til lag som blir trekt ut vilkårleg, seier Oddrun Merete Reilstad og legg til: - Det er enkelt å koma seg til Finnøy, enten med hurtigbåt, ferje eller gjennom Finnøytun­ nelen. Ta med sykkelen og nyt turen rundt Finnøy. Ane og Jon Helge har i alle fall fått sansen for sykkelløypa. Nå er dei spente på om dei klarar oppgåvene i Tyskerfestninga på Vignes...

Utg. 4 - Ryfylke Næringshage, mai 2012


Finnøy - Faaholmen

Moment Kommunikasjon Flyfoto: Kjell Augestad

På Judaberg - 3 byggeklare båtgarasjar og 5 naust for sal

Ta kontakt! Tlf.: 51 71 46 00 4160 Finnøy - post@ladstein.no www.nordbohus.no/ladsteinbygg Utg. 4 - Ryfylke Næringshage, mai 2012

11


Talgje

Klubben er det høgaste punktet på Talgje. Her kan du skriva deg inn i gjeste­boka som du finn i kassen på varden. (Foto: Elisabeth Hauge Nordbø)

Talgje er den sørlegaste øya i kommunen. Den er landfast og lett tilgjengeleg. Her er mykje aktivitet, både i primærnæringane, næringslivet elles og nybygging av bustadfelt. Dette utan å la det gå ut over det landlege og roen som øya er prega av. På øya er det nær 180 fastbuan­ de. Her er det flotte oppmerka turløyper rundt om på heile øya. Ved grendahuset/barnehagen på øya er det både grasbane og ball­binge og inne i grenda­huset/ barne­hagen kan du klatre i kla­ trevegg om du tek kontakt med idrettslaget. I Østabøvågen har dei frisbeegolf og på motsett side av øya, ved hurtigbåtkaien er det sandvolleyballbane. Øya egnar seg og svert godt for sykkeltur for familiar med yngre born. Det høgaste punktet på Talgje er Klubben 52 m.o.h. og øya har eit areal på 4,05km². Her er spor etter busetingar frå jarnalder. Den vesle kvitmåla steinkyrkja frå 1100-talet, er det verkeleg verdt å besøkje. Om ein ønskjer guida tur av kyrkja kan ein ta kontakt med Berner Meling (951 99 369) eller Jostein Gard (900 59 12

281). I Østabøvågen kan ein besøkje Anker Gaard som har to restaurerte 100 år gamle sjøhus, som no er museum og restaurant. Gjennom året vert det og arrangert pub­ kveldar her. Desse blir annonsert ved oppslag og på nettsida til Talgje. Her kan ein også bes­ tille mat for større grupper. Vi­ dare kan ein besøkje dei gamle utgravne hustuftene i Edlar­ vågen. Om ein er glad i blomar, har ein gode mulig­heiter til å få kjøpt dette på Talgje, både

i Gard Gartneri og på Magnes Gartneri. Det er gode tilhøve for fiske både frå land og båt rundt om på øyane her. Det er offentleg kai både i Gardsvågen og på Gongstø. Hurtigbåtkaien ligg på austsida av øya. Talgje 2020 har oppretta ei flott nettside om Talgje. Her finn ein mykje nyttig infor­ masjon, både om Talgje ge­ nerelt, aktivitetar som skjer og korleis ein kjem seg til øya. www.talgje.no Utg. 4 - Ryfylke Næringshage, mai 2012


Utsikt frå Klubben, mot kyrkja og strandafjella. (Foto: Elisabeth Hauge Nordbø)

Ved hurtigbåtkaien er det strandvolleyballbane. Her kan du også starte på turstien som går rundt øya

Ved Anker Gaard finn du dette flotte ankeret.

Den vesle kvitmåla steinkyrkja frå 1100-talet, er det verkeleg verdt å besøkje.

Runestein på utsida på kyrkjeveggen.

Utg. 4 - Ryfylke Næringshage, mai 2012

13


ogn

(Foto: Ingvild Njå)

Fogn er ei kupert øy med variert natur. Her er det eit aktivt kultur- og næringsliv. Tomatproduksjonen er godt synleg, med drivhus spredt rundt om på øya og eige pakkeri på Bø. På øya er det vel 360 fastbuande. Her er det fleire merka turløyper til flotte utsiktspunkt. Med sine lune hamner er dette ein flott stad for båtturistar. På Rossøy like utanfor Fogn er det kai, søppelkontainer og toalett. Det er og offentlege kaiar på Sæbøvåg, Eidsvåg og Sørvåg, utanom ferje og hurtig­ 14

båtkai i Holmastø. Øya egnar seg og godt for sykkel­turistar, men er gjerne vel utfordrande for dei aller yngste. Om ein vitjar Fogn 12. august kan ein vera med på Fognamarsjen som går rundt øya, om lag 1 mil. Øya har ein skule frå 1. til 7. trinn og barne­ hage. Uteområde har blant anna ballbinge og flott grasbane. Like ved skulen ligg butikken, Joker Fogn. Det høgaste punktet på Fogn er Ørnakulå 176 m.o.h. og øya har eit areal på 10,5km². Øya er rik på gamle kulturminne. Ein kan finne gravhaugar på Stavnes, bautastein på Bø og ein offerstein på Varland. På Runastad kan Utg. 4 - Ryfylke Næringshage, mai 2012


"Kinningsteidn" Som vart kasta av "risen i Bokn" (Foto: Elisabeth Hauge Nordbø)

du vitje ei bygdeborg og eit gamalt bedehus frå 1910. På Hovda står det ei flott gamal hol Eik som også er verdt eit besøk. Mykje av dette er i utmark og er lite synleg, men her er det berre å spørja dei “innfødde”. På Erås er det eit lite gardsmuseum. Om ein vil vitje dette kan ein ta kontakt med Malvin Sandanger (934 22 191) Like ved fergjekaien er det også eit privat museum hjå Margunn

Jansen Tauarbied har mykje tradisjonelt tauverk. Utg. 4 - Ryfylke Næringshage, mai 2012

og Geir Opsal. Om ein tar kontakt med dei (51 71 08 18) kan ein komme inn der å sjå gamle gards­reiskaper brukt på hest, gamalt skuleutstyr, og elles anna verneverdige gjen­ standar frå eldre tider. Grendalaget har oppretta ei nettside om Fogn. Her finn ein nyttig informasjon, både om Fogn generelt, aktivitetar som skjer og korleis ein kjem seg til øya. www.fogn.org

Tomatproduksjonen er godt synleg, med drivhus spredt rundt om på øya og eige pakkeri på Bø.

15


Holmastø, Fogn

Tomter kjem for sal

Moment Kommunikasjon Flyfoto: Kjell Augestad

- Solrike tomter med nydeleg utsikt - Flytt inn i det grøne øyriket - Aktiv fritid på sjø og land

Ta kontakt! Tlf.: 51 71 46 00 4160 Finnøy - post@ladstein.no www.nordbohus.no/ladsteinbygg 16

HOLMASTØ

Utg. 4 - Ryfylke Næringshage, mai 2012


Halsnøy (Foto: Ingvild Njå)

Tek du ferje eller hurtigbåt og kjem frå Judaberg er Halsnøy det første anløpet du kjem til når du reise nordover i kommunen. Med hurtigbåt tek det berre mellom 5-10 minuttar. Øya er liten og todelt, med platået på Halsne i nord og Eikefjellet i sør. I sommar­månadane yrer det av liv i Skart­ veitvågen. I tillegg til gjestehamn og butikk er det eit nytt reiselivssenter som tilbyr kafé, treningssenter, behandlings­ rom, og sani­ tæranlegg. “Skartveitdagen”, som i år vert arrangert laurdag 30. juni, samlar folk frå alle kantar og tilbyr sal av lokale produkt. www.skartveitgjestehavn.no. På Halsnøy bur det nær 130 fastbuande. I tillegg er det fleire hytter og fritidsbustader. Sauene som beitar rundt på øya, tel meir i mengd enn folk på Halsnøy. Halsnøy blir ofte kalla “sauøynå”, Utg. 4 - Ryfylke Næringshage, mai 2012

då sauen trivst svert godt saman med folk i det vakre kulturland­skapet. Ei driftig dame på Halsne har starta med eigen produk­ sjon av ulike ullvarer frå fellen frå sine eigne sauer. Flotte produkt kan kjøpast frå Skinnståva som ho kallar verksemda si. www.skinnstova.blogspot.no. Turstiane til Eikefjellet og rundt Halsne­ fjellet er populære. På turstien til Eikefjel­ let når du toppen som er på 214 m.o.h. Her har du utsikt over store delar av Ry­ fylke. Bjørnebæra hjå Sofie på Bjerga Gartneri er eit kjent produkt. Bjørnebæra kan du anten kjøpe som dei er, eller du kan få dei på glas i ulike smaksvariantar. Dei må berre prøvast. Sofie opnar gartneriet sitt om sommaren, og det er verdt eit besøk. www.bjergaturistgartneri.vpweb.no 17


Fantasifull bruk av ein “landfast” båt.

Skal tidleg krøkjast som god krok skal bli.

Halsnøy blir ofte kalla “sauøynå”.

18

Bjørnebær i hjå Sofie er eit kjent produkt.

Utg. 4 - Ryfylke Næringshage, mai 2012


Det er ikkje bilar på Byre, men blide folk møtar deg gjerne på kaien. (Foto: Per Øystein Sandvin)

Bokn, Byre og Måløy Dei tre øyane Byre, Bokn og Måløy ligg midt mellom Finnøy og Fisterlandet. Her er det svært frodig. Ved sida av husdyrhald er fruktdyrking den viktigaste næringsvegen. Det er mange holmar og skjer rundt øyane som eignar seg godt til kajakkpadling. I sommar­ halvåret vert innbyggjartalet mangedobla, då det er mange hytter på øyane her. Det er 20 fastbuande fordelt på dei tre øyane Måløy, Byre og Bokn. På Bokn er det ei flott merka turløype med to rasteplassar. Stien går over Boknafjellet der Utg. 4 - Ryfylke Næringshage, mai 2012

ein har panoramautsikt over kommunen. Elles er det og fint og gå langs dei vanlege vegane på øya. På Byre og Måløy er det ikkje merka løyper, men på Byre er det ein umerka sti som går rundt øya, er innom tett granskog og ope beitelandskap. I blomstringstida er dei flotte frukthagane på øya eit syn. Det høgaste punktet på Bokn er Storefjell på 134 m.o.h.. Øya har eit areal på 1,17km². Det høgaste punktet på Byre er 60 m.o.h. og er 1,16km² stor. Måløy er minst med eit areal på 0,14km² der høgaste punktet ligg berre 44 m.o.h. 19


Av attraksjonar er det to freda bygningar, eit naust og eit bustadhus etter Guttorm Bokn på Bokn. På Byre kan ein vitje fruktbarhets­ guden frå 1500-500 f.kr, som står i hagen hjå Roald og Laila Byre. På Krossneset, nordaust på øya står det ein bautastein. Det er gode tilhøve for fiske både frå land og båt rundt om på øyane her. På Sauøy er det brygge og sanitæranlegg. På Bokn og Byre er det offentleg kai.

Fastbuande og hytteeigarar på Bokn har teke vare på og pussa opp det gamle skule- og bede­ huset, Boknahuset. Om sommaren vært det arrangerert byttedag i samband med St. Hans­ feiringa. Boknadagen med basar blir også ar­ rangert her. I år arbeidar ein med å få innlagt vann og kloakk. Slik må det gamle uthuset vike for moderne vassklosett, og kjøkken blir utstyrt med oppvaskmaskin. Desse arrenge­ menta må derfor utsetjast til neste år.

I år arbeidar ein med å få innlagt vann og kloakk. Slik må det gamle uthuset vike for moderne vassklosett. (Foto: Elisabeth Hauge Nordbø)

Husdyrhald og fruktdyrkning er dei viktigaste næringsvegane her. (Foto: Per Øystein Sandvin)

20

(Foto: Elisabeth Hauge Nordbø) Utg. 4 - Ryfylke Næringshage, mai 2012


Ombo

Som Rogalands nest største øy etter Karmøy, ruvar Ombo i sjøen med sine varierte skog- og utmarksområder og kuperte høgdedrag. Øya er 57,6 km2 og delt mellom Finnøy og Hjelmeland, der 37 km2 høyrer til Finnøy. I forhold til storleiken på øya, er innbyggartalet lågt. Dette er særlig på grunn av dei naturgitte vilkåra. Ombo har i dag 180 fast­ buande som høyrer til Finnøy. Derimot kompenserer øya sitt relativt låge innbyggjartal ved å tilby spennande opplevingar for dei som er glade i frilufts­liv. www.ombo.no. Det er gode høve for fiske i både salt- og ferskvann, samt skog med vilt som elg, hjort og rådyr. I sommarhalvåret aukar folke­ talet mange gonger, då hytte­ folk, båtfolk og andre be­søkande ønskjer å tilbringe sine feried­ agar i fredelige og naturrike omgjevnadar. Ved gjestehamna i Eidsund ligg Ombo Landhandel og marina. Her er det eit yrande liv om som­ maren. Ombodagen vert arrang­ ert her 7. Juli, eit arrangement verdt eit besøk. Andre offentlige kaiar er Skipavik, Skår, Tuftene og Jørstadvågen. Av turområder finns det både merka og umerka løyper: Alta­ tveit – Eidssund, Eikene – Sol­

Ved gjestehamna i Eidsund ligg Ombo Landhandel og marina. Utg. 4 - Ryfylke Næringshage, mai 2012

21


Ombogubben (Foto: Elisabeth Hauge Nordbø)

VIkinghuset på Norrøngard (Foto: Ingvild Njå)

berg, Holmavatnet rundt – Borgåsen, Kydalsvatnet – Nårstad, Skule­ vegen – Vestersjø, Svekoll. Alle desse turane er merka og tek mel­ lom 30-60 minutt. Tjeltveit – Helgeland – Bandåsen er litt lengre, og tek ca. 2 timar. Umerka løyper: Seltveit – Bandåsen, Bjergaheia – Altat­ veit – Kylå og Tuftene – Buer. Alle mellom 1 og 2 timar. Bandåsen er det høgaste punktet på øya med sine 513 22

Eit eige gartneri sel planter, hage­utstyr og blomar. (Foto: Ingvild Njå)

m.o.h., og frå toppen har ein flott utsikt over heile Ryfylke, Nedstrand, Stavanger og elles så langt auga rekk. Eit eige gartneri sel planter, hage­ utstyr og blomar. Fleire aktørar er tilgjengelege for guiding og formidling av at­ traksjonar og opplevingar. Norrøngard er ein av desse, og dei kan i tillegg tilby overnat­ ting, villmarksopplevingar og teambuilding.

www.norrongard.no Av attraksjonar elles er mel­ lom anna helleristningane ved Norrøngard, Ombogubben, Koppergruva ved Underli­ nuten og trekyrkja på Jørstad. Ombo Oppvekstsenter på Eidsund er barneskule og barnehage og omfattar heile øya. Finnøy står for drifta og Hjelmeland bidrar økonomisk etter talet på elever frå deira side av øya.

Utg. 4 - Ryfylke Næringshage, mai 2012


Vekommen til Joker Ombo og Eidsund gjestehavn Nystekte brød og bakevarer. Ring 51 71 01 11 eller bestill på: joker.ombo@ngbutikk.net Vi pakker varene til dere kommer. ÅPNINGSTIDER: Påske og 1. juli – 15. august Man - lør 09.30 – 20.00 / søn 13.00 – 20.00

HUSK dagen Ombo li 7. ju • Dagligvare • Postdep. • Vann • Vaskemaskin • Tørketrommel • Kiosk • Apotekvarer • Gass • Bensin/diesel • Tursti • Trådløst internett • Fiskeutstyr

Resten av året: Man – tors. 09.30 – 17.00 Fre 09.30 – 18.00 (20.00 fom. påske) Lør 09.30 – 15.00

OMBO

Havåsen Hyttefelt - Ombo 19 store selveiertomter med prosjekterte nøkkelferdige hytter, utsikt og gode solforhold

Tomt + hytte fra 2.290.000,-

Havåsen hyttefelt ligger på Ombo i Ryfylke - en drøy time fra Stavanger. Tomtene ligger 3 minutters kjøring fra Eidsund kai og leveres ferdig opparbeidet med vei, vann, strøm, kloakk og bredbånd frem til hver tomt. Inkludert i prisen er båtplass i Eidsund båthavn. FINN-kode: 34032579. For mer info, besøk vår hjemmeside. Visning etter avtale

www.signaturhytten.no

Welhavens vei 15 • 4319 Sandnes • Tlf: 916 33 407 • alf.rune@signaturhytten.no

Utg. 4 - Ryfylke Næringshage, mai 2012

23


Ådland Gartneri

Ryfylke Planter

Eidssund, 4187 Ombo Tlf: 51 71 00 50 Mob: 91 71 23 00 www.plantesalget.no

Jord, kalk, gjødsel • frostsikre urner • planter til hage og anlegg

Store flotte ampler fra kr 175,-

Vi er kjent for flott kvalitet til hyggelige priser! Unikt utvalg i sommerblomster! Velkommen til en god handel og en fargerik opplevelse Åpningstider: Mandag - fredag..... 9-19 Lørdag..................... 9-16 Søndag................... 12-19 Ellers etter avtale. 24

Stort utvalg i roser God service, hjelp og veiledning. Bringer varene til kaien. Utg. 4 - Ryfylke Næringshage, mai 2012


Sjernarøyane

Sjernarøyane er øygruppa i Finnøy som inkluderer dei 7 øyane; Helgøy, Kyrkjøy, Bjergøy, Aubø, Tjul, Nord-Hidle og Nord-Talgje. Her bur det omlag 400 menneske tilsaman. Øyane er eit ynda reisemål. Spesielt for båtfolk, men også for dei som ønskjer avkopling i fredfulle omgjevnadar.

(Foto: Ingvild Njå)

Som syklist er ein tur som ”øy­ hoppar” mellom Sjernarøyane ei unik oppleving. Dette for dei som både liker nærleik til natur, sjø og høgder med utsikt, men og for å få med seg lokal historie og attrak­ sjonar langs reiseruta. Helgøy har ein storleik på 0,8 km2 med høgaste punkt på 80 m.o.h. Her kjem ein i land med ferja. Lakseslakteriet Stjerne­ laks, ein underavdel­ ing av Grieg Seafood held til her. Det gjer også Helgøy Fisk­ esenter. Helgøysund marina (www.helgoysund.no) på Nord-Talgje blei i 2008 kåra til årets gjeste­hamn av Båtmaga­ sinet og Norske gjesteham­ Utg. 4 - Ryfylke Næringshage, mai 2012

ner. Hamna har plass til 70 båtar og inklu­derer nødven­ dige sanitære fasilitetar. I til­ legg finns også ein butikk og høve til å få seg noko å ete. Nordre del av Nord-Talgje blei i 2004 oppretta som eit verneverdig naturreservat av Miljødepartementet. Her er det turstiar til dei gamle marmorgruvene. Skjeneberg­ sundet Sjøområdet er også ein attraksjon med sitt rike fugle­ liv. Nord-Talgje har Rogalands største kvernsteinsbrot, som kan daterast heilt tilbake til 1100-tallet eller tidligare. Til­ rettelagte friluftsområder/ naturreservat, spesielt for båtfolk, er Talgjeholmen (om­

talt som Lagunen), Kubbhol­ men og Ærholmen. Den 1,8 km2 store øya har stiar og gamle vegarr som passar for gode turopplevingar. Det hø­ gaste punktet ligg 45 m.o.h. På Kyrkjøy, på Ramsvikkaien, ligg Ramsvig kurs- og konferanse­ senter (www.ramsvig.no). Sjernarøytunet ligg på Eik. Dette er eit Bed&breakfast, konferanse og selskapslokaler. Det er merka turstiar gjen­ nom ulike naturreservat her. Ei merka løype går rund Eikåsen, det høyeste punktet på 125 m.o.h. Øya er 5,2 km2 stor. Sjernarøy kyrkje er ei vel bevart rennesansekyrkje 25


frå 1647. Utanfor kyrkja kan du også finne ei byste av forfattaren Alfred Hauge, som skreiv mykje av litteraturen sin med motiv og skildringar henta frå opphavet hans på øya. Bjergøy er den største øya i Sjernar­øyane med sine 5,6 km2 og Fuglahammaren som hø­ gaste punkt ligg 168 m.o.h. På Bjergøy finn du også Sjernarøy Maritim og Furrehytter (www. furrehytter.no) med server­ ing, overnatting og tilrettelagte aktiviteter. 16. juli arrangerer dei Fiske­ festival, med konkurranse musikk og anna underhaldning.

26

Det finns også merka turløyper frå Austre Bjerga – Fugleham­ maren på 3 timer og Austre Bjerga – Fåranibbå (utsiktsplass) på 2 timar. Aubø er 0,56 km2 og er dermed den minste av øyane. Høgaste punkt er 80 m.o.h. Her ligg opp­ vekstsenteret i Sjernarøyane med skuleklassar frå 1.-7.trinn og barnehage. Eriksholmen Marina tilbyr båtplass og handel. Tjul er på 0,7 km2 og Tjulåsen er høgaste punkt på 85 m.o.h. Øya skaper forbindelse mellom NordTalgje og Kyrkjøy. Norda Hidle er reisemålet på

Nord-Hidle som tilbyr opp­ levingar, aktiviteter, mat og velvære. Der vert det satsa på kortreist og tradisjonsrik mat, og med formidling av lokal kul­ turhistorie og aktivitetar. Høve for overnatting. Rundt øya går ei umerka turløype og i Hidlesun­ det er det båtplass og badeplass. Attraksjonar verdt å få med er den gamle bautasteinen og gravhaugar. Øya er 1,5 km2 der Vetås er 115 m.o.h. Meir informasjon kan ein finne på www.sjernaroyvekst.no

Utg. 4 - Ryfylke Næringshage, mai 2012


Moment Kommunikasjon

Tomter i Sjernarøy! Ørelunden, Nesheim • 5 byggeklare tomter. • Småbåtmarina regulert like ved. • Flytt til det gode liv ved sjøen.

Skipavåg, Norheim • 9 bustadtomter med panoramautsikt mot vest. • 7 hyttetomter i naturskjønne omgivelsar. • 25 båtplassar i marina.

Vardnes, Helgøysund • 10 store bustadtomter nær sjøen. • Småbåtmarina regulert like ved. • Bygg midt i utsikta.

Ta kontakt! Tlf.: 51 71 46 00 4160 Finnøy - post@ladstein.no www.nordbohus.no/ladsteinbygg Utg. 4 - Ryfylke Næringshage, mai 2012

27


Velkommen til årets Sommerrestaurant i Ramsvig! Åpent daglig fra søndag 8.- 29. juli Åpningstider: 14.00-21.30 Vår faste kokk Arni Theodorsson har invitert topp chef Pedro Suquia fra San Sebastian i Spania som har kokt på noen av verdens beste restauranter. På menyen tilbyr vi for det meste lokal sjømat, men spanske småretter vil dere også bli servert. Hjertelig velkommen til en sommerlig mat­ opplevelse på bryggekanten i Ramsvig, - Ryfylkes Perle!

Foto: RABDULFEZ

Bordbestilling til nr. 45276951 / 51710250 eller til post@ramsvig.no

Hjertelig velkommen til en matopplevelse på bryggekanten i Ramsvig

NESHEIM L

NESHEIM LANDHANDEL LANDHANDEL NESHEIM Telefon 51 51 71 03 Telefon 03 48 48 DAGLEGVARER •• DRIVSTOFF DAGLEGVARER DRIVSTOFF FISKEUTSTYR • MEDISINUTSALG FISKEUTSTYR • MEDISINUTSALG JERNVARE • BYGGEVARER

Telefon

DAGLEGVAR NESHEIM LANDHANDEL LANDHANDEL NESHEIM

Velkommen til Sjernarøy bygdaservice

JERNVARE • BYGGEVARER

Telefon 5171 7103 0348 48 Telefon 51 www.narbutikken.sjernaroy@ngbutikk.net www.narbutikken.sjernaroy@ngbutikk.net

FISKEUTSTYR JERNVARE

DAGLEGVARER• •DRIVSTOFF DRIVSTOFF www.narbutikken DAGLEGVARER FISKEUTSTYR• •MEDISINUTSALG MEDISINUTSALG FISKEUTSTYR JERNVARE• •BYGGEVARER BYGGEVARER JERNVARE • Bibliotek www.narbutikken.sjernaroy@ngbutikk.net www.narbutikken.sjernaroy@ngbutikk.net

NESHEIM LANDHANDEL Telefon 51 71 03 48

Sjernarøy bygdaservice BA 4174 Helgøysund Tlf.: 51 71 20 00 Mobil: 901 80 420 severin@rederi-regnskap.no www.sjernaroy.bygdeservice.no

28

Åpningstider: Man - tors: 8 - 17 Fredag: 8 - 18 Lørdag: 8 - 15 DAGLEGVARER • DRIVSTOFF FISKEUTSTYR MEDISINUTSALG Søndagsaviser •kan kjøpes utenfor JERNVARE BYGGEVARER butikken •fra avisstativ. www.narbutikken.sjernaroy@ngbutikk.net

Utg. 4 - Ryfylke Næringshage, mai 2012


Her kan du

eta godt i sommar Furrehytter og Sjernarøy Maritim Held ope i juli torsdag og sundag 13.00 – 17.00.

På torsdagane er menyen heimelaga komler.

Skartveit Gjestehamn, Halsnøy Startar sesongen 25. juni og held ope i helgene fram til 5.august. fredag 18.00 – 20.00 laurdag 12.00 – 20.00 sundag 14.00 – 18.00 Mykje god tradisjonsrik mat, med lokal tilknyting.

Ramsvik Handelsstad, Bjergøy

Helgøysund Marina

Held ope måndag til fredag 12.00 – 21.00 laurdag 12.00 – 21.00 Mat frå grillen og ulike tradisjonelle smårettar

Ryan Pizza, Finnøy

Held ope året rundt. måndag – onsdag 13.00 – 22.00 torsdag 12.00 – 22.00 fredag – sundag 12.00 – 23.00 Rykande fersk pizza til å ete i restauranten eller til å ta med.

For dei som set pris på ekta råvarer og mat­ tradisjonar frå Ryfylke. Spansk meisterkokk lagar tapas i sommar.

Kaihuset, Finnøy Har desse opningstidene måndag (kun juli) 10.30 – 16.00 tysdag - torsdag 10.30 – 16.00 fredag 10.30 – 17.30 laurdag 10.00 – 16.00 sundag 13.00 – 17.00

Eidssund gjestehavn, Ombo

Kjent for gode gongkaker med rømme og tomatsyltetøy.

Held ope kvar dag frå 9. juli til og med 29. juli frå klokka 14.00 – 21.00

Held ope frå 1.juli – 15.august måndag – laurdag 09.30 – 20.00 sundag 13.00 – 20.00 Kafé Utg. 4 - Ryfylke Næringshage, mai 2012

29


Tomatrevolusjonen Brødrene Jon Olav og Ståle Runestad er tredje generasjon tomatdyrkarar på Fogn. Gjennom nøysamt arbeid i mange år har dei saman med andre lokale tomatprodusentar vore med på å byggja opp merkenamnet Finnøy-tomatar som har blitt ein nasjonal merkevare, spesielt i kokkekretsar og blant andre interesserte. Tekst og Foto: Oddbjørg M. Måland På 50-talet var det mange frå Finnøy-regionen som reiste til Oslo og starta eiga grossist­ verksemd, mange slo seg opp som såkalla tomatkommisjon­ erar på Økern torg. Tomatane blei plukka i Finnøy om mor­ gonen, pakka om dagen og sendt til Oslo om natta. Neste morgon klokka 0600 kom to­ matane frå Finnøy til Økern, klare for vidaresal. Derav namnet Finnøytomatar. -Ja, slik var det den gong. I dag trur eg me kan gje mykje av æra til blant anna TV2kokken Wenche Andersen og andre kjendiskokkar som har lagt sin elsk på Finnnøy­ 30

tomatar. I tillegg kjem jo ver­ das beste tomatar frå Ryfylke så det er vel ikkje så rart at dei er blitt populære også utanfor regionen, smiler Jon Olav. - Eg er stolt av å væra tomat­ produsent, smiler Ståle. Tøff marknad Nå må ingen bli leda til å tru at det å dyrka tomatar er ein evig runddans på roser. -Det er på ingen måte slik det fungerar, bransjen er knall­ hard og sårbar. Det stilles sta­ dig strengare krav til produk­ tutvikling, energibruk og kostnadseffektivisering. Det gjeld å produsera mest mog­ leg tomatar med minst mo­ gleg energi, både i forhold til kostnader og miljø. I tillegg til energikostnadane vil smak og utsjåande alltid vera dei vikti­ gaste konkurransefaktorane. Eg trur næringa har livets rett

også i framtida, men det krev hardt arbeid og vilje til å in­ nretta seg stadig tøffare krav, seier Jon Olav. På 60-talet var det om lag 200 tomatprodusentar i Finnøy. Mange dyrka tomatar som attåt-næring på gardane. Den gong var det vanleg med av­ lingar på om lag 10 – 12 kilo tomatar per kvadratmeter, mot dagens 40-50 kilo per kvadratmeter. Dei første drivhusa på Fogn blei bygde allereie på 30.tallet. Husa var små, men ga klin­ gande mynt i kassen. I dag er talet på produsentar kraftig redusert, berre 10 pro­ dusentar er igjen på Fogn, og mindre enn 40 i heile kom­ munen. Til gjengjeld er vek­ sthusa sjølvsagt blitt mykje større og drifta effektivisert. Det er slutt på tida då vekst­ husnæringa var familiebed­ Utg. 4 - Ryfylke Næringshage, mai 2012


rifter med heile gjengen i arbeid og skuleungdommane på øyane hadde sommarjobb i drivhusa. No snakkar me om meir eller mindre heilårsdrift med hovudsakeleg utanland­ sk arbeidskraft. Ingen driv lenger med tomatar som at­ tåtnæring. Fogn åleine står for 10 til 15 prosent av den totale produksjonen i landet, eller 25 – 30 millionar kroner, medan heile kommunen produserar om lag 40 prosent. Idenditet -Kor viktig er tomatnæringa for kommunen? -Den er svært viktig, men ik­ kje berre økonomisk. Innten­ inga står ikkje i forhold til utgifter til arbeidskraft og in­ vesteringar. Men det er klart at me opprettheld mange arbeidsplassar og det blir skapt ein del tenesteytelsar i kjølvatnet, ikkje minst når det gjeld transport, service og vedlikehald. Dessutan er næ­ ringa ein betydeleg skatteytar til kommunekassen. Det som kanskje er det aller viktigaste er identiteten. For innbyggja­ rar i andre landsdelar er kom­ munen Finnøy eit synonym på tomat. Tomatnæringa får stor reklamenytte av alt fokus som media har på den årlege To­ matfestivalen. Tomatfestival­ general Tor Øyvind Skeiseid klarer på ein framifrå måte å formidla alt det positive med tomatar og Finnøy i regionale Utg. 4 - Ryfylke Næringshage, mai 2012

og nasjonale media, seier Jon Olav. Dagar fins i alle fargar song Knutsen og Ludvigsen, og det gjer etter kvart tomatane også. På få år har utvalet av tomatar i norske matbutikkar auka frå tre til 33 ulike sortar. På verdsbasis fins det fleire hun­ dre typar tomatar å velja i. Kjøp norsk Av og til er det kjekt å ha levd ei stund, for då veit ein at in­ teressa for tomatar aldri har vore større enn no. Trendane gjeld her som i alle andre bransjar, og tomatane duk­ kar stadig opp i nye fargar og fasongar; oransje, gule, grøne, svarte, rosaakatige, stripete eller hjerteforma. Tomatar var faktisk grønsaken som auka mest i sal i 2010. Kvar

nordmann et i gjennomsnitt omlag sju kilo tomatar i året, men det er likevel langt igjen til me kjem på nivå med landa rundt Middelhavet. I Hellas til dømes, et dei snaut 100 kilo tomatar kvar i året. Ganske sikkert har det populære mid­ delhavskosthaldet etter kvart fått augene opp på mange nor­ dmenn også. I tillegg veit folk flest at tomatar har mange helsebringande eigenskapar. -Kva trur de om årets tomatsesong? - Den må bli bra, energikost­ nadane som er avgjerande for lønsemd, er litt gunstigare nå, marknaden er godt regulert og populariteten er aukande, seier brødrene Runestad som oppmodar alle til å kjøpa norsk­produserte tomatar.

31


Trendy mat frå Ryfylke Ryfylkeregionen er trendsettar når det gjeld lokal mat. Restaurantar og butikkjeder etterspør produkt frå regionen, og marknaden er villig til å betale for lokalproduserte spesialitetar. Hjelp og kompetanse er tilgjengelig for den som vil starta business.

Tekst og foto: Oddbjørg M. Måland

Går du ein runde i en velas­ sortert matbutikk i dag, ser du at mykje har skjedd med mat­ mangfaldet dei siste åra. Dette er starten på noko meir. Lokalmat aukar mest Mat med lokal identitet er i ferd med å innta stadig større plass, både i butikkhyllene og på restaurantborda. Mat med ein spesiell historie, basert på lokale råvarer og lokal matkul­ tur, har stor appell hjå stadig større konsumentar. Kortreist mat gjer kjensle av identitet og nærleik, og det er lettare å passa på at maten held det den lova. Marknaden for matspe­ sialitetar har fått eit solid 32

fotfeste, og i år er verdien av lokalprodusert mat på lands­ basis venta å bli om lag to mil­ liardar kroner. I 2010 var lokale matspesial­ itetar den varegruppa som auka mest i varehandelen i Norge. Medan produsentar av lokale matspesialitetar tidle­ gare hadde store utfordringar med å få plass i butikkhyllene, ser ein i dag ei positiv utvikling frå butikkjedene med auka in­ teresse og større innslag av lokale tilpassingar og produkt.

Godt i gang Finnøy har planar om å bli ein endå større del av denne ut­ viklinga i tida framover. Gjen­ nom EU-prosjektet Levande Bygder har kommunen gått i gang med ei storstilt satsing på produksjon av lokal mat. Ryfylke Næringshage tilbyr hjelp og kompetanse til opp­ start og vil vera med på å leg­ gja forholda til rette for dei som tek utfordringa. Ryfylke, inkludert Finnøy, rep­ resenterer på mange måtar eit Norge i miniatyr, og få region­ ar kan visa til eit slikt mat­ mangfald som her. Under ei kulinarisk rundreise i Ryfylke i fjor vår hevda Arne Brimi ved fleire anledningar at Ryfylke er i særklasse når det gjeld lo­ kal mat, og at regionen er over snittet bevisst dette faktum. I tillegg har me vår eigen kokk, ryfylkekokken Frode Selvåg, som har spesialisert seg i lokal kokkekunst, og gjer denne til noko spesielt. Men, me har og ein viktig mann som jobbar i kulissane, ein som jobbar for å skapa interesse og vekst blant lokal­ mat produsentar. Per Øystein Sandvin er rådgje­ var for lokale matspesialitetar i Ryfylke. Han vandrar i eit Utg. 4 - Ryfylke Næringshage, mai 2012


matlandskap og har god over­ sikt på kva som skjer på dette området. -Finnøy har mykje å by på, men kan gjera endå mykje meir ut av råvarene som fins her. Marknaden etterspør produkt med lokal tilhøyre, spesielt restaurantbransjen, lokalt reiseliv og nærbutik­ kar, men og frå butikkjeder i Stavanger-regionen. Spesielt attraktivt er produkt med spe­ sielle kvalitetar som til dømes tradisjon, historie, opphav, etikk og miljø, kombinert med ei god smaksoppleving. Det aller beste er viss desse kriteria i tillegg kan knytast til helse, altså at ein har å gjere med eit sunt produkt. Setninga: Nyt måltidet og et med godt sam­ vit, kan oppsummera mykje av trenden, fortel Sandvin.

storferasar, tomatsaus, sylta tomat, brød og kaker, fortel Sandvin. Han held fram: I same slengen vil eg og nemna Omboplomma, den er ikkje i kommersiell produksjon i dag, og er heller ikkje etter­ trakta som bordplomma. Til gjengjeld er den er svært godt egna til foredling, og har ei rik historie - Kor viktig er det at Finnøy er med på denne utviklinga? -Det er svært viktig viss me vil bevara statusen som spiss­ kammerset i matfylket Roga­ land. Det er minst like viktig i forhold til merkevare –og om­ dømebyggjing, og for utviklin­ ga av regionen som heilhet. Samanlikna med matregionar i mellom -og sør Europa, det relativt lite igjen av den op­ phavlige kulturen som knytte

Jobba Ryfylkeregionen er trendsettar for saman mat og måltid og då er det svært -Kva av loviktig at me nyttar mulighetene meir kale matspesialitetar fins i Ryfylke? - Det er som sagt mykje. Tomatar er jo i ein seg til foredling på eigen gard klasse for seg. Her har mange eller på bygda i Norge. Slik er jobba lenge og godt, og klart det også for Ryfylke. skapa ein merkevare. Finnøy- Kystbonden representerte i tomatar kling godt langt utan­ si tid eit stort spekter av kon­ for ryfylke­grensene. Elles har servering av mat, frå sjø og me stor produksjon av kråke­ land. Både speking, salting, bollar, egg, bringebær, bjør­ tørking, røyking, brygging, nebær og frukt. Laks, kveite, kinning og baking føregjekk piggvar, hummar og østers, i eldhuset, der kunnskapen røykt laks, lam og villsau, ulike blei overført frå generasjon til Utg. 4 - Ryfylke Næringshage, mai 2012

generasjon, og kor ein kunne finna store variasjonar av same produkt innan korte avstandar. Med tanke på nys­ kapning er det viktig å ha ein tradisjon og foredlingskom­ petanse å byggja på. Ryfylke Næringshage vil forsøka å få etablert eit godt matmiljø rundt lokale matspesialiteter i Finnøy og Ryfylke, kor kunns­ kap for både mattradisjonar, foredling og nyskaping er vik­ tig. Dei har også eit stort mat­ nettverk både i Rogaland og nasjonalt, fortel Sandvin. Ryfylke er trendsettar -Kva med nisjeprodusentane som allereie eksisterar? -Dei må framstå samla. Det er svært viktig å få til eit nettverk og produsentmiljø for desse slik at dei blir sterkare og får meir tyngde i marknaden. Lo­ kale matspesialitetar og mat­ kultur vil sannsynleg kunne bidra til å skapa grunnlag for ei opplevingsnæring i Ryfylke viss moglegheitene som ligg der nyttast. Ei brei lokal og regional satsing på utvikling, samt sal av lokal mat er avgjerande for å auka bevisstheita om kortreist mat, og for å kunna få ei berekraftig næring på sikt. Stavanger og Ryfylkeregionen er trendset­ tar for mat og måltid og då er det svært viktig at me nyttar moglegheitene meir enn det som er tilfellet i dag, avsluttar Per Øystein Sandvin. 33


Ryfylkekokken, lokal og fenomenal -Heldige Ryfylke som har Frode Selvaag. Det sa mesterkokk Arne Brimi under ei kulinarisk reise i Ryfylke i fjor. Selvaag har hausta heiderleg omtale både nasjonalt og internasjonalt for sin innsikt i kokkekunsten. Men det er Ryfylke og lokal mat som ligg hjarta hans nærast. Tekst og foto: Oddbjørg M. Måland Ryfylkekokken har for alvor sett Ryfylke på det norske matkartet. Han kan ta mykje av æra for den aukande inter­ essa for lokalprodusert mat i regionen. Og som eit resultat av det har han nyleg etablert Ryfylkes einaste matkul­ tursenter på Finnøy. Allsidig Ved nyttårsskifte flytta Frode Selvåg frå Hjelmeland til Finnøy og etablerte seg i Landahuset i Steinnesvåg. Her driv han allsidig, blant anna har matshowet, Kok­ 34

Frode Selvaag har sett Ryfylke på det norske matkartet.

ken og Tosken, slått godt an. Medan Frode lagar god og sunn, kortreist mat, sper lo­ kale humoristar på med gode historiar, kjappe replikkar og lun ryfylkehumor. Elles er han matfaglig konsulent, han promoterar lokale matspesi­ altitetar i inn –og utland, han er vikarlærar på Rygjabø vi­ daregåande skule, matfag, og han utviklar menyar og lagar

mat til selskap, konferansar og kurs. -Kva forpliktelsar ligg i å vera ryfylkekokk? -I vedtektene for Ryfylkekok­ ken AS heiter det at eg skal fremma og bruka råvarar frå Ryfylke så langt det let seg gjera, samt ta vare på og frem­ ma den ryfylske matkulturen. Det er jo akkurat desse tinga eg brenn for. Ryfylke er unikt i Utg. 4 - Ryfylke Næringshage, mai 2012


så måte, og har vanvittige mu­ ligheiter til å skapa endå fleire matspesialitetar. Fleire nisjeprodukt -Noko spesielt du tenkjer på? -Eg meiner at me må satsa meir på små lokale nisjeprodukt. Eg tykkjer den cooperative tanken har fått for godt feste. Alt treng ikkje dreia seg om Tine, Notura og Bama. Kvifor ikkje tenka mindre og individuelt, det er plass til mange nisjeprodukt frå Finnøy. Tenk berre før i tida, då det var tre meieri på Finnøy, i dag er det eit igjen på Jæren som dekkjer heile regionen. Me er for lite kri­ tiske til dei store produsentane som sit på makta. Me må våga skapa noko sjølv, me som har verdas beste utganspunkt, seier Selvaag. -Kva er naturleg å satsa på i Finnøy? - Det er mange ting det kunne vore verd å satsa på, og som eg trur ville vore liv laga. Til dømes is med bjørnebær frå Halsnøy eller bringebær frå Fogn, eller ein god ost. Det er eigentleg ingen avgrensingar. Eg skulle gjerne sett meir produksjon av ulike grønsaker. Finnøy kan og bør bli ein stor leverandør av lokalmat i framtida, men då må me ha større fokus på trygg og berekraftig mat, folk vil vite kor råvarene kjem ifrå, seier Selvaag. Matkultursenter - Er det her det nye matkultursenteret kjem inn? Utg. 4 - Ryfylke Næringshage, mai 2012

Landahuset

-Ja, eg trur forholda ligg til rette for ein slik matopplevingsstad som har fokus på matglede og lokal mattradisjon. Tenk på all den kompetansen som fins her; Rygjabø, tomatnæringa, dei store eggprodusentane, villsau, mjølk, fiskeoppdretta og ikkje minst deltakinga i EU-prosjek­ tet, Levande Bygder, der ein liten delegasjon utelukkande jobbar for å fram fleire lokale småskalaprodusentar. Dessu­ tan er det ein enorm ”drive” og optimisme i kommunen. Det viser seg jo heile tida at det er stor etablerarvilje her. I tillegg er det kort avstand til Stavanger der mykje matkompetanse er samla på ein plass, og til flyplas­ sen, seier Selvaag. - Kva med foredling? - Dei produkta me produserar bør og foredlast i Finnøy. Til dømes bør me sjølv foredle to­ matane som ikkje går til butik­

kane og laga særeigne produkt utan tilsetjingsstoff, reine og klare i smaken. Med all mjølka som produserast i kommunen ville det vore naturleg å laga ein god ost, eller yoghurt med lo­ kale bær og frukt i. Egg, som det fins mykje av, kunne me laga verdas beste iskrem av egg og mjølk frå Finnøy. Ein annan ting er kylling og fjærkre. Tenk om me ein dag kan produsera ”Finnøykylling?” sunn, ekte, og frittgåande, og som fekk vekse seg stor og god. Tenk å kunna sjå det på restaurantmenyane rundt om i landet? Det same gjeld fisk. Klart Finnøy må ha ein fiske­ foredlingsbedrift med utsal der ein kan kjøpa blant anna nys­ teikte, varme fiskekaker, avs­ luttar Ryfylkekokken, Frode Selvaag. 35


Skal de pusse opp eller byggja nytt? Me leverer nå i heile Finnøy kommune med vår nye kranbil!

Ring 400 40 900 for ein god handel Opent: man-fre 10 – 17

Velkommen

laur 10 – 15

til vår koselige blomster og interiør butikk på Finnøy

Vi fører kjente merker som: HK living ByNord Green gate Tine K home Mugtail Sia Au.maison Madam stoltz Durance

Følg oss på Facebook!

Velkommen inn!

Grethe og Marie


Sommar i finnøy 2012