__MAIN_TEXT__

Page 1

#fjelltur #trolltunga #preikestolen #hardangervidda #fossfjordogfjell #røldalskisenter #langrenn

LAURDAG & SØNDAG: Marknad med utstillingar og boder

PORTRETT

STYRELEIAR I VINDEN

BAKERIET

I RØLDAL

DUGNAD

FOR BYGDA

RØLDALSMARKNADEN

21. – 23. JUNI 2019

2019

Røldalsmagasinet


LAURDAG & SØNDAG:

Program

Marknad med utstillingar og boder

Fredag 21. juni Kva Kvar 20.00............................................Rune Bjerga Show + talkshow med Oddbjørn Lynghammer......................................................................Grendahuset 20.00............................................Røldalsgarasjen opnar............................................................................................................................................ Røldalsgarasjen 20.00............................................Teltfest med Podsoll (Showstart kl.22.00).............................................................................................. Teltet, tennisbanen 22.00.............................................Gamaldans med «Røldalskvintetten» ...................................................................................................................Grendahuset 22.00.............................................DJ Ronny Bøe på Røldalsgarasjen .................................................................................................................... Røldalsgarasjen Laurdag 22. juni Kva Kvar 10.00.............................................Utstillingane opnar................................................................................................................................................Marknadsplassen 10.00 - 17.00..............................Ansiktsmåling for born. 100,- kr pr barn, 200,- kr pr vaksen............................................................Marknadsplassen 10.00 - 17.00..............................Rakettverkstad med Linda Liem......................................................................................................................Marknadsplassen 10.00 - 17.00..............................Ciderbrygging ved Joar Førde frå Fjorden Cowboys..............................................................................Marknadsplassen 11.00 - 17.00...............................Helikopterturar med Airlift (Obs! Værforbehold) - 8 min. 500,- pr pers...................................................Seimsbøen 11.00 - 16.00..............................Vitenskapsverkstad med Heidi Ektvedt.......................................................................................................Marknadsplassen 12.00.............................................Offisiell opning av marknaden ved Boliden-direktør Helene Seim.................................................. Marknadsscena 13.00.............................................Vitenskapsshow med «Proffessor Bestemor» ............................................................................................ Marknadsscena 14.00.............................................Foredrag om fairtradeprodukter frå Gambia v/Inger L.Ekkjestøl.................................................Biblioteket, skulen 15.00.............................................Minikonsert med «Røldalskameratane» ....................................................................................................... Marknadsscena 16.00 - 22.00.............................Auksjon i teltet v/Oddbjørn Lynghammar + Vorspiel til Staut............................................................. Marknadsscena 17.00.............................................Utstillingane stenger.............................................................................................................................................Marknadsplassen 20.00............................................Røldalsgarasjen opnar............................................................................................................................................ Røldalsgarasjen 22.00.............................................Konsert med STAUT på Røldalsgarasjen + Dj Stueland før og etter................................................. Røldalsgarasjen Søndag 23. juni Kva Kvar 11.00.............................................Gudsteneste i Røldal Stavkyrkje .....................................................................................................................Røldal Stavkyrkje 11.00.............................................Utstillingane opnar................................................................................................................................................Marknadsplassen 11.00 - 17.00...............................Rakettverkstad med Linda Liem......................................................................................................................Marknadsplassen 11.00 - 17.00...............................Ansiktsmåling for born. 100,- kr pr barn, 200,- kr pr vaksen............................................................Marknadsplassen 11.00 - 17.00...............................Ciderbrygging ved Joar Førde frå Fjorden Cowboys..............................................................................Marknadsplassen 12.00 - 17.00..............................Helikopterturar med Airlift (Obs! Værforbehold) - 8 min. 500,- pr pers...................................................Seimsbøen 12.00 - 16.00.............................Vitenskapsverkstad med Heidi Ektvedt.......................................................................................................Marknadsplassen 12.00.............................................Vitenskapsshow med «Proffessor Bestemor» ............................................................................................ Marknadsscena 13.00.............................................Minikonsert med Belgtøttene.............................................................................................................................. Marknadsscena 14.00.............................................Foredrag om villrein ved Olav Strand frå Norsk Villreinsenter ....................................................Biblioteket, skulen 16.00.............................................Kåring av beste stand 2019.................................................................................................................................... Marknadsscena 16.15..............................................Trekning av Marknadslotteri.................................................................................................................................. Marknadsscena 17.00.............................................Røldalsmarknaden 2019 stenger.....................................................................................................................Marknadsplassen PRAKTISK INFORMASJON Opningstider, Marknadsplassen: Laurdag: 10-17. Søndag: 11-17. Billettar: inngong: Vaksen nok 125,- / Born 6-15 nok 60,- / Born under 6 år gratis. 2-dagars billett lørdag og sundag vaksen: 200,- / 2-dagars billett lørdag og sundag born: 90,Parkering: Gratis. Kjøp billettar for dagtid på Vipps (17951) eller ved inngong marknad. Fam.rabatt på Vipps: 1 dag inngong: 2 vaksne + 2 born (6-15år): 330,Uttak kontantar: Minibank på Grendahuset. Sjå all info om dag- og kveldsunderhaldning på www.roldalsmarknaden.no

Les meir om

programmet s. 14 - 19

kontaktinformasjon Røldalsmarknaden Bygdavegen 19 5760 Røldal post@roldalsmarknaden.no

Styremedlemmer: Oddvar Bratteteig, Roger Lynghamar, Kåre Hagen, Frode Lykkebø, Ina Ekkje, Kjetil Småbrekke, Erik Fresvik, Stein Magne Tvedt, Brita Saltvoll, Terje Blaker, Randi Legård, Gerd Therese Bratteteig Oddbjørn Lynghammar, Svein Myrheim

Vidar Lund, Marknadskoordinator vidar@roldalsmarknaden.no 934 58 889

Oddvar Bratteteig, Styreleiar rskisent@online.no 90790787

www.roldalsmarknaden.no 2

røldalsmagasinet 2019


frå leiinga

Marknad i utvikling Me er straks klare for å arrangere den 28. utgåva av Røldalsmarknaden, den har naturlegvis utvikla seg sidan oppstarten i 1992, og me er stolte over at dette tradisjonsrike arrangementet held fram. Mykje av grunnen er at det i alle desse åra har vore engasjerte menneske i bygda som gjerne vil skape noko positivt. Marknaden gir også fleire overnattingsgjester og god handel for mange.

Redaktør: Astrid Eidhammer Hjelmeland

Redaksjon: Maria Djuve Vågen

Designar: Erich Monteiro

Redaksjon: Judith Sørhus Litlehamar

Senior desginar: Irene Landa

Designar: Terje Hodne

I 2018 hadde Røldalsmarknaden tidenes høgaste besøkstal og resultat. Det tyder på at me gjer noko rett, difor held me fram med same lesten. Me har eit stadig aukande tal utstillarar som ynskjer å kome til marknaden, noko som betyr at me får eit betre tilbod å vise fram til dei besøkjande. Ein tendens me ser i år, er at utstillarar med landbruksutstyr har fått opp augene for oss, noko me synst er spanande. Nytt av året er at teltfesten er tilbake på marknadsplassen etter ein del år utan. Det er nesten 10 år sidan sist, og me er spente på mottakinga. Med distriktets beste partyband «Podsoll» på plass forventar me bra stemning i teltet på fredagen. Før teltfesten kan me og anbefale standup-show med Rune Bjerga og Talkshow med Oddbjørn Lynghammar på Grendahuset, så her snakker me altså om ei skikkelig heilaftan. Høgdepunktet på laurdagskvelden for dei festglade er publikumsfavorittane STAUT. Folkrock-bandet frå Valdres er nok eit av Noregs mest populære band for tida, og vil garantert trekke ekstra mykje folk til bygda. Ei anna endring i år at den tradisjonsrike auksjonen til Oddbjørn Lynghammar vert arrangert i teltet på tennisbanen. Dette ser me på som ein stor fordel då publikum vert verande på marknadsområdet. Her vert det i tillegg servering og vorspiel fram til konserten med STAUT på Røldalsgarasjen. Me vil ynskje alle hjarteleg velkomne til Røldal 21. - 23. juni, og avsluttar med orda me ofte høyrer frå publikum: «Det er så koseleg på Røldalsmarknaden, så mange trivelege folk og god stemning»

Annonseansvarleg: Christine Rødne Brataas

Fotograf: Jan Nordtveit

For Røldalsmarknaden og styret Oddvar Bratteteig Styreleiar

Vidar Lund Marknadsleiar

Prosjektleiar: Vidar Lund Utgjevar: Røldalsmarknaden Omega Design står for konsept, utvikling og produksjon av magasinet, i samarbeid med Røldalsmarknaden. Magasinet blir distribuert i kommunane Odda, Ullensvang Herad, Sauda, Suldal, Vinje og Jondal, Vindafjord, Etne. Opplag: 15 200 Trykk: Haugesund bok & offset Framsidefoto: Lise Bjelland

innhald

2 program Kva skjer under marknaden?

9 Bakeriet Ekte bakeglede

Smak av 3 leiinga Marknad i utvikling 14 programmet

5 Dugnad byggjer bygda

ut 24 Stiller på marknaden satsar vidare 29 Rekordmarknad

Utstillarliste 20 Oddvar Bratteteig 31 Røldalsmarknaden Portrett

røldalsmagasinet 2019

3


LITLOS HØRES UT SOM EN GRESK ØY. EKSOTISK ER DET I HVERT FALL.

Hydro er nest største produsent av vasskraft i Noreg, verdsleiande på aluminiumproduksjon, og har ambisjon om å verta karbonnøytralt i 2020 og vera leiande på teknologi.

ÅPENT

.09 28.06-08 SOMMER

2019

Hydro Energi Røldal-Suldal www.hydro.com

litlos.dnt.no

Skal vi ta vare på alt det verdifulle vi har her på Vestlandet, må vi gjere det saman – for saman gjer vi det betre. Saman for ei endå sterkare næringog samfunnsutvikling i Hardanger.

røldalsmagasinet 2017


Svein Myrheim (t.v) og Alf Medhus er klare for nye dugnadstimar i Røldal. Dei likar å skape noko for bygda.

Dugnadstimar for bygda

I Røldal er dei ikkje skuggeredde for mange og seine dugnadstimar. Skal ein skape noko, må ein trø til sjølv, meiner bygdefolket.


Styreleiar i Røldal Grendahus, Svein Myrheim kan gle seg over at storsalen i huset no er pussa opp, at sceneteppet kraup litt i vask er berre litt av sjarmen.

“Det er mange

som brenn for grendahuset. Det er storstova vår. Svein Myrheim I Røldal har dei fast tradisjon med Luren, der dei skriv om kva som har hendt med folk og fe i bygda det siste året. Dei har nedskrive historier heilt tilbake til 1905.

6

røldalsmagasinet 2019


Stolane i storstova på grendahuset har skifta form og farge. No har dei gamle, raude skifta eigar.

Svein Myrheim er ganske stolt når han kan opne dørene til Røldal Grendahus som har fått friska opp utsjånaden i det siste. Storsalen har fått nytt golv, nye stolar og eit nyvaska sceneteppe som fekk seg ei lita skramme i vask. – Det er jo det første folk ser når dei kjem inn her, at sceneteppet har krympa i vask. Svein Myrheim har nett stompa ein av mange røykar på utsida av grendehuset, no står arbeidskaren med hendene i lommene og ristar på hovudet medan han ler godt. – Du skulle sett desse damene som har vore med på dugnad her når me kom heim frå Odda med det der. Kanskje det har sin sjarm rett og slett, no kan iallfall publikum tippe kven som er på scena før teppet går opp. Spøk lagt til side. Det er lagt ned mange timar, meir korrekt 457 arbeidstimar for å få storsalen i toppform igjen, eit arbeid som har ein prislappp på totalt 500.000 kroner. Alle timar er sirleg ført ned, men ikkje for at bygdefolket skal hauste lønn, men fordi det er grunnlag for kommunal støtte, fortel Svein som er styreleiar i grendahuset. – Det er mange her som brenn for grendahuset, det er storstova vår og mange lag og organisasjonar held hus her. Det er ikkje vanskeleg å få folk i Røldal til å stille på dugnad. Ein har ein gjeng klar berre ein tar ein telefonrunde, fortel Svein medan han viser oss kor mykje finare dei 250 nye blå stolane er enn dei gamle raude. – Men me fekk faktisk selje dei raude ganske raskt, så dei var populære dei og. Grendahuset vart bygd i 1987. Røldal Ungdomslag, Røldal Fjellstyre, Røldal Idrettslag, Røldal Røde Kors, Røldal Bondekvinnelag, Odda kommune, Røldal Skyttarlag og Røldal kvinne- og familielag er A-aksjonærar i huset.

B-aksjonærar er folk i bygda som har kjøpt seg inn ved stiftinga av grendahuset. Totalt er det seldt 475 aksjar i bygda fordelt på 313 personar. I tillegg leiger dei ut kjellaren som barnehage til Odda kommune. Med unntak av ein tilsett til å vaske, ei lita stilling som huskoordinator og ein rekneskapsførar som får ein symbolsk sum for jobben, så går alt arbeid på dugnad. – Dette er dugnadsand på det beste, eg har sagt det før: viss ein puttar ei krone inn i grendahuset får ein tre-fire kroner igjen. Dette huset er i bruk heile dagen og heile veka. – Det er jo og det som motiverer oss, og gjer at me held ut. Her skaper me noko som betyr noko for folk, slår Svein fast. Grendahuset er også hjarta i arrangeringa av Røldalsmarknaden, her blir det laga mat i dagevis før marknaden startar og mange er innom her i løpet av helga. Under marknaden har marknadsleiinga kontor i kjellaren på huset, her er garderobe og dusj for utstillarar og ikkje minst blir det laga imponerande mykje mat på kjøkkenet både i veka før markanden og sjølvsagt gjennom helga. I fjor vart det koka 11 gryter med smørgraut her, slår Svein fast. I år skal også teltet tilbake på tennisbanen, der det blir auksjon og konsert. Utstillarane står på den store og flotte uteplassen som ligg sentralt plassert mellom grendahuset og skulen. For eit par år sidan vart også plassen rundt grasbanen asfaltert slik at ein unngjekk alt støvet. Nett no kjem ein av Svein sine trufaste dugnadsmakkarar, Alf Medhus køyrande inn på plassen med sin klassiske og flotte mopeden sin. Han er leiar i Røldal Idrettslag og er også ein av dei som alltid stiller på dugnad, og som veit kor viktige dei gratis arbeidstimane er for bygda.

Idrettslaget har investert seks millionar dei siste åra, med grasbane, oppjustert lysløype og ei hinderløype som står på nedsida av plassen. Dei to karane er godt samde om at ein må gjere ein innsats sjølv skal ein skape noko, målet er at Røldal skal bli ein attraktiv og god buplass for heile familien. – Det er jo folk her på plassen heile dagen, så det viser jo at dette betyr noko for dei som bur her, meiner Alf. No ligg planane klare for det som kan bli den aller største investeringa og den mest krevjande dugnadsjobben dei har hatt. Dersom idrettslaget og andre får det slik dei ynskjer skal ein altså bygge på grendahuset med ei eiga avdeling for treningssenter og klatrevegg. Påbygget vil krevje noko av den uteplassen barnehagen har i dag. – Men det må me jo sjølvsagt kompensere for dei i ettertid, då må dei få eit anna område å utfalde seg på, slår Alf fast. Utbygginga har ein kostnadsramme på 15 millionar, noko som kan vere i den høgste enden for mange å bite over. – Sjølve investeringa er ein ting, det er ein eingongskostnad. Utfordringa er drifta og den kostnaden det fører med seg, meiner Svein før karane konkluderer med at dette er det folket og ikkje minst politikarane som kjem til å bestemme. Ein gjennomførte nyleg eit ekstraordinært årsmøte i Røldal Grendahus der det var stort fleirtal for å gå vidare med planane. Ei gruppe er nå sett ned for å arbeide vidare med planane, ei avgjerd om ein skal gå vidare med planane blir tatt på neste årsmøte. Er det politisk vilje til å gjennomføre det og støtte prosjektet økonomisk skal ein ikkje sjå vekk frå at Røldal klarer å stille med dugnadsinnsats.

tekst: Judith Sørhus Litlehamar foto: Fotograf Nordtveit

røldalsmagasinet 2019

7


Omega Design

SNØRIKE TOMTER RETT VED SKIBAKKEN Håradalen Utvikling AS, Håra 30, 5760 Røldal tlf: 482 30 109, e-post: andre.botnen@haradalen-utvikling.no

www.haradalen-utvikling.no

Omega Design

Me kjem til Røldaldsmarknaden

Synleg med godt innhald

Godt utval av ryer, løpere, puter m.m. Sjå fleire bilder på Facebook.

VEVSTOVA R. LUNESTAD

Omega Design

tlf 996 14 208 Ulvik

MECA-verksted med fagfolk som utførerer servie og reperasjon på de fleste bilmerker

omegadesign.no

røldalsmagasinet 2017

Tyssedalsveien 9, 5750 Odda • tlf 53 64 13 04 NAF/Falck/Viking: 954 10 864


Bakaren i Røldal I Røldal kan du smake ferskt bakverk som kjem rett frå bakaromnen på Seim Gardsbakeri.


Kjell Ove Seim har sjølv murt opp bakaromnen som står midt i det vesle bakeriet og osar av bakeglede.

Midt på gardsplassen til Seim Camping ligg eit lite, koseleg gulmåla hus med torvtak. Bakar og gründer Kjell Ove Seim er ikkje ein heilt tradisjonell bakar. Etter å ha drive Seim Camping sidan 1984 er han snart klar for å sleppe nye krefter til på campingen. Dottera Anna Kristina Seim (34 år) tar nemleg over drifta her i løpet av året. Og sidan han nyleg vart pensjonist i den kommunale jobben han hadde i tillegg, så kom spørsmålet om han ikkje skulle realisere draumen om eit eige gardsbakeri. – Mange av dei internasjonale gjestene våre har i mange år spurt etter nysteikte brød og bollar på morgonen, det er dei jo vane med frå sørlege deler av Europa. Det er kjekt å kunne tilby dei noko, fortel bakaren, som sjølv har gått på kurs i Bakeriet i Lom. Morten Schakenda som opna Bakeriet i Lom i 2004 har oppfylt mange bakedraumar, og lært mange å lage saftig og godt bakverk som held seg lenge. Det har også Kjell Ove Seim lært der oppe. I dag bakar han fransk landbrød av surdeig, brød og rundstykke ligg på rekke på dei grove og rustikke treborda i bakeriet. Steinomnen er eit byggesett han sjølv har murt opp, no dampar det matglede og ei nydeleg lukt av bakst frå omnen. På sommaren, då Seim Gardsbakeri har ope kvar dag, kan ein også få grove brød, boller, kanelsnurrar med meir på menyen. På vinterstid fram til byrjinga av juni har bakeriet ope kvar laurdag, ein kan også forhandsbestille og betale varene med vipps før ein hentar dei i bakeriet på garden. – Det er mange turistar som reiser gjennom Røldal, me håpar jo at mange av dei vil finne vegen ned til oss her. Det har vore ein veldig respons sidan me opna bakeriet for eit år sidan, fortel Kjell Ove. Sjølve bygginga av bakeriet utførte Kjell Ove sjølv, men då han skulle legge torvtak skjedde det som ikkje skulle hende.

10

røldalsmagasinet 2019

Kjell Ove var uheldig å fall ned frå taket. Han fekk aksla ut av ledd, og øydela fleire nerver som blant anna gjekk ut over funksjonen i den eine handa. No er han best på å bake brød som han seier, å få til dei finaste og rundaste bollene let han andre ta seg av. 5-barnsfaren vart sett litt ut av drift, men ikkje verre enn at han framleis ynskjer å satse på å utvikle bakeriet ytterlegare. Han er glad han har mange rundt seg som heiar på prosjektet og som kan hjelpe til når det trengs. – Det er klart det var trist at dette skulle hende no, men eg klarer meg jo godt. Og ein kan ikkje gi opp, meiner Kjell Ove. Han vil helst at varene hans skal vere litt unike og eksklusive, desse bakverka kjem ein ikkje til å få kjøpe i alle butikkar. Her kan ein få ei fin oppleving av å handle på eit lunt og varmt bakeri nede i kanten av Røldalsvatnet med på kjøpet, når ein skal handle seg frukost eller lunsj til å ha med i bilen. – Og slik skal det vere, me ynskjer jo sjølvsagt fleire kundar, men det er litt av greia, at dei skal kome her for å handle. Det er nok fleire som hadde funne meg om eg sto med utsal borte med Stavkyrkja til dømes, slår han fast. I fjor sommar baka han 6000 rundstykker, og denne sommaren trur han det blir meir. – Det var inspirerande å vere i Lom og sjå den aktiviteten, tenk dei hadde 50 tilsette i sommarsesongen. Eg er imponert over korleis dei fekk det til, og kor populært det har blitt, fortel bakaren i Røldal som framleis bakar nøye etter oppskriftene han har fått med seg frå Lom.

tekst: Judith Sørhus Litlehamar foto: Fotograf Nordtveit


er kjekt å tilby “ Det gjestene nysteikte brød og boller om morgonen. Kjell Ove Seim

Kjell Ove Seim vil gjerne tilby ekte bakverk. Han bakar etter oppskrifter han fekk med seg frå Bakaren i Lom.

røldalsmagasinet 2019

11


Snørike Håradalen

gir gleder og inntekter for lokalsamfunnet både vinter og Snørike sommer. Håradalen gir gleder og in for Snørike Håradalen gir gleder lokalsamfunnet og inntekter både sommer o Omega Design

for lokalsamfunnet både sommer og vinter.

-Forskaling

post@haarakraft.no www.haarakraft.no

HORDATUN

HOTEL-RØLDAL Hotel Leiligheter

-Reparasjonar

Cafe’ Trampoliner Trimrom Kajakker

-Hytteservice -Graving -Transport -Måling

Selskapslokaler Møter/Kurs Bar m/afterski og livemusikk vinter

Hordatun Hotel ▪ Tlf: 93 45 02 93 booking@hordatun.no ▪ www.hordatun.no

SKARE SAGBRUK AS

... og fleire andre tenester hytteeigerar ønskjer utført.

Din lokale leverandør av byggevarer!

Til teneste! TELEFONAR: 959 23 720 • 909 62 584 • 909 19 063

roldalsmarknaden.no røldalsmagasinet 2017

Dette kan me tilby deg: • Byggesett hytter og hus • Alle typer byggevarer • Murvarer og betongvarer • Gratis tilkjøring • Tegnearbeid

Skare Sagbruk AS Sage 5763 Skare www.skaresagbruk.no

Me leverer gratis til Røldal

Tlf. 53 64 51 21 post@skaresagbruk.no

post@haa www.haa


Dei som har kjøpt Tungesvik Hytto veit å nyta dagane ...

Har du eiga tomt? Me deler gjerne våre erfaringar og teiknar forslag.

• • • • •

Langedalen/Solfonn og Hordadalen/Røldal Molnes og Sandvik (Etne kommune) Ænes (Kvinnherad) Espenes (Sveio) Valldal (Røldal)

Enkelttomter i ulike områder. Me har heile tida ferdige hytter til salgs.

Å ha gode dagar er noko alle ønskjer seg Etter 40 gode år på «hytto» veit me litt om livet der. Tungesvik Hytto har me produsert og levert til over 1.500 glade eigerar og «slekter».

Kontakt oss i dag og få gode yttedagar du også. 53 77 15 40

tungesvikhytto.no

Tungesvik Hytto er produsert og levert av Tungesvik Bygg - Skånevik

Vinnarskalle.no

Våre eigne hyttefelt/tomter:


Smak av programmet TALKSHOW MED LOKALE STJERNER Oddbjørn Lynghammar inviterer også i år nokre spanande menneske til eit unikt og lokalt talkshow i «beste sendetid» under marknaden. I år får han med seg frikøyrar Synnøve Medhus (20), ingeniør Geir Terje Eigestad (46) og Erlend Sandal (59) som er yrkesmilitær. Synnøve er oppvaksen i Rødal og byrja med konkurransar i frikøyring allereie då ho var 12 år. Ho reiste blant anna til Charmonix på Jr. Freeride World Tour og vann som 14-åring, året etterpå gjekk turen til Junior-VM i Andorra der ho vart tidenes første norske verdsmeister i frikøyring. Ho har hausta mange bragder i skibakkane og var elev ved Hovden Skigymnas på snowboard- og freeskilinja. I tillegg meiner ho sjølv ho har lært mykje av Pelle Gangeskar og det lokale og engasjerte apparatet rundt skisenteret i Røldal. Geir Terje på si side er gift og har to born på 11 og 13 år. Han byrja si karriere på Universitetet i Bergen i 1999, og var ferdig med doktorgrad i 2003 innan anvendt matematikk og industriell matematikk. Han blei førsteamanuensis i 2004, og byrja å jobbe som reservoaringeniør og konsulent i 2007. Frå 2008 til 2015 dreiv han eige konsulentselskap der fokus på var på teknologi innan olje og gass. Han har jobba i både Equinor, det engelske oljeselskapet Cectrica og det tyske oljeselskapet DEA. Etter mange år som pendlar mellom Australia og Noreg bur han no i Stavanger.

HELENE SEIM ÅRETS OPNINGSTALAR

Erlend Sandal har jobba som yrkesmilitær og rådgjevar sidan 1981. Han har arbeidd for FN og blant anna vore utstasjonert i både Libanon, Bosnia og Sør-Sudan. I dag driv han eige firma innan militær rådgjeving. Velkommen til talkshow fredag 21. juni kl 20! Talkshowet blir ei glimrande oppvarming til det fantastiske showet til Rune Berga.

Direktøren ved Boliden i Odda er i år opningstalar på Røldalsmarknaden. Helene Seim er årets opningstalar på Røldalsmarknaden! Ho er fødd og oppvaksen i Odda, men har budd 13 år i Oslo. Far hennar kjem frå Røldal, i tillegg har ho faktisk ein svigerson frå bygda, så ho kjenner Røldal godt. Helene har doktorgrad i Materialvitskap, ho er gift og har tre born. Etter nokre år i Finland flytta familien attende til Odda i 2003 der ho starta å jobbe på Boliden. Etter seks år som produksjonssjef vart ho i 2017 tilsett som administrerande direktør. Etter at dei flytta attende til Odda overtok ho og mannen familiehytta i Blåbergdalen, her brukar dei så mykje tid som mogleg både sommar og vinter. Dei trivst særs godt i Røldal, ikkje minst sidan dei kan nyte eit aktivt friluftsliv. Høyr talen til Helene Seim laurdag 23.juni kl. 12!

ÅRETS MARKNADS-AUKSJON

!

Ingen marknad utan den tradisjonelle auksjonen med Oddbjørn Lynghammar! Oddbjørn er ein særs engasjert auksjonarius, og her kan du sikre deg mange godbitar! Årets auksjon er flytta frå Skysstasjonen kro & camping og bort i teltet på tennisbanen. Etter auksjonen er teltet ope for vorspiel før fest og konsert med STAUT på Røldalsgarasjen (Servering av drikkevarer) Gratis inngong! Velkommen!

14

røldalsmagasinet 2019


eg!

tem Hei de

RUNE BJERGA MED STANDUP-SHOW Rune Bjerga er ein av vestlandets mest populære og etterspurde komikarar. Med ei positiv utstråling og flott publikumskontakt serverer han lynkjappe replikkar med herleg presisjon. Rune serverer treffande skjemt og forteljingar om alt mellom himmel og jord. Bjerga er ein driven, kvikk og særs morosam komikar som tar opp tema som me alle kjenner oss godt igjen i. I år feirar han ti-årsjubileum som komikar. I desse åra han han blant anna imponert publikum med imitasjonar av kjendisar som Ole Klemetsen og Gjert Ingebrigtsen. For ti år sidan var Bjerga ein ganske så vanleg mann med fast jobb som eigendomsmeglar, men valde likevel å satse på humoren som fram til då berre hadde vore ein tilleggsjobb.

Vitenshowet til Professor Bestemor er eit humoristisk og interaktivt show om molekyl og korleis ting oppfører seg i forskjellige temperaturar. Musikk, flammar og flytande nitrogen er med på moroa. Vitenshowet som Heidi Ektvedt frå Bergen står bak, og vitenverkstad på marknadsplassen, kan du få med deg både laurdag og søndag under marknaden. Showet passar for dei mellom 4 og 104 år. Velkommen!

Foto: Lise Bjelland

Før Rune Bjerga kjem på scenen i Røldal, får me også møte komikar Sven Rusdal som skal varme opp publikum i forkant. Sven kjem frå Sandnes og serverer folkeleg og gjenkjennande humor. Tidlegare på kvelden kan du og få med deg det ultralokale talkshowet der Oddbjørn Lynghammar har invitert spanande gjester. Velkommen til Standup-show fredag 21. juni kl. 20!

VITENSHOW MED PROFESSOR BESTEMOR

TELTFEST - KONSERT MED PODSOLL

ANSIKTSMÅLING

På fredagen kan du få med deg bygdafest i teltet med musikk frå Podsoll.

Også i år kjem Aud Reidun Solberg frå Stord for å trylle fram magiske motiv som ansiktsmålar!

Etter mange år utan er det igjen duka for teltfest og dans på fredagen under årets Røldalsmarknad. Med stor takhøgd, god stemning og eit forrykande bra partyband inviterer me til bygdafest i teltet på tennisbanen. Bandet Podsoll kjem frå Vindafjord, og er kanskje eit av dei beste og mest erfarne partybanda i i distriktet, dei har halde det gåande i ei årrekke og veit akkurat «kva strengar dei skal spele på» for å setje fyr på publikum.

røldalsmagasinet 2019

15


Foto: Per Inge Fjellheim

LAGE DIN EIGEN RAKETT? Har du alltid hatt lyst til å lage din eigen rakett? Linda Liem har arrangerer rakettverkstad under Røldalsmarknaden, her kan du lage og pynte din eigen papirrakett, med god hjelp frå Linda (biletet) som inspirerer mange unge til å bli meir interessert i vitskap. Når raketten er ferdig blir den testa på den spesielle utskytingsrampen. Kor høgt går din rakett?

RØLDALSKVINTETTEN SVINGAR OPP TIL DANS

!

For det vaksne og danseglade publikummet vårt har me henta inn Røldalskvintetten, som speler opp til dans på Grendahuset etter humorshowet. Røldalskvintetten består av Magnus Solbakken på trekkspel, Sven Oddvar Mannsåker på trekkspel, Torkjel Tveiten på hardingfele, Alfred Leren på gitar og vokal og Erling Rognskog på bass. Røldalskvintetten spelar hovudsakleg gammeldans, men er og innom svingtango og litt andre sjangrar. Kvintetten har medlemer som kjem frå ulike plassar. Magnus og Sven Oddvar er røldølar, men Sven Oddvar bur i Oslo i dag. Torkjell er opphavleg frå Tuddal i Telemark, men bur på Nesflaten. Alfred kjem frå Kristiansund men bur i Røldal. Erling kjem frå Surnadal men bur på Sand i Ryfylke.

Vitskapsdama Linda Liem tar også med ei interaktiv utstilling som består av ulike tankenøtter, hjernetrim og puslespel som alle kan prøve seg på.

VILLREIN, FRÅ ISTID TIL ROMALDER Olav Strand har forska på villrein i meir enn 20 år. I år gjestar han Røldalsmarknaden og held eit føredrag der han trekk dei store linjene frå istida og menneske si innvandFamilien Turtveit har tru på framtida, sjølv om det ring til tilom dagens villreinbekjem ny Europa vegtrase fram i Røldal ikkje så mange år. standar og truslane mot dei. Strand vil også vise bilete frå fjellet og foto som er tatt med kamera som har vore festa på reinsdyra.

16

røldalsmagasinet 2019

STAUT-KONSERT MED GODT DRIV Få med deg god stemning med STAUT på Røldalsmarknaden. Med kombinasjonen fengande melodiar, sterke og gode tekstar, særs dyktige musikarar og ikkje minst eit godt driv og energi på scenen, har gjengen frå Valdres vakse opp til å bli ein av dei absolutt leiande i sin sjanger. STAUT har både gullplater og førsteplass på albumlista å vise til, samt ei fleire år lang turnéliste og så mange konsertar at få andre band i Noreg kan matche dei. Ta turen til Røldalsgarasjen laurdag 22.juni!


BELGTØTTER MED TORADAR

Smak av programmet

Belgtøttene skaper god, tradisjonell musikk-stemning. Belgtøttene er ei toradargruppe frå Vindafjord kommune som består av seks personar på torader og ein på bass/gitar. Dei speler både gamaldansmusikk og noko irskinspirert musikk. Belgtøttene har halde på i mange år og har etterkvart spelt på mange ulike arrangement. Blant anna har dei opptredd på festivalar i Kinsarvik, Voss, Gaupne med fleire. Toradar er eit lite og hendig instrument som ein lett kan ta med seg og som skapar god stemning. Belgtøttene består av: Anne-Brith Skogen Haakull, Jan Husebø, Åse Jorunn Blikra, Synneva Langhelle, Roger Løkken ,Unni Marie Lien og Synnøve Hustveit. Konsert med Belgøttene søndag 23.juni kl. 13! Velkommen!

HJARTE FOR GAMBIA Inger Lise Ekkjestøl kjem til Røldal med eit spanande føredrag om arbeidet sitt i Gambia. Inger Lise Ekkjestøl med familie møtte den Gambiske kvinna Astou for første gang i 2011 då dei var på ferie i Gambia. Den gongen hadde ho fem barn og ho var kone nummer to. Det var ikkje kvar dag ho hadde frukost å gi ungane sine før dei gjekk på skulen - ho håpa dei fann ein mango på vegen. I dag har Astou seks barn, ei skredderutdanning, ei skredderbedrift, ei tomt og eit nedbetalt hus på tomta. Dette er eit engasjerande og fengslande foredrag som fortel Astou si historie, og om korleis nokre haremsbukser og handlenett har endra livet til denne arbeidssame kvinna fra eit av verdas fattigaste land med god hjelp frå ei målbevisst norsk kvinne og familien hennar. Høyr føredraget på Røldalsmarknaden laurdag 22. juni kl. 14!

DJ RONNY BØE PÅ RØLDALSGARASJEN Fredag kveld på Røldalsgarasjen er det DJ Ronny Bøe frå Tau i Rogaland som styrer ballet. Ronny starta sin DJ-karriere på den lokale fritidsklubben i ein alder av 11 år. Som 16 åring fekk han sitt første offisielle og faste oppdrag på den lokale puben på Tau. Etter det har det gått slag i slag for Ronny, og han er å finne bak spakane både i dei større byane som Oslo, Kristiansand, Haugesund mm. Ronny trivs gjerne best på småplassar som Husnes, Odda, Røldal, Etne, Ølen, Sauda med meir. Har er og ofte nytta som oppvarmar for kjente artistar på ulike events. Ronny er ein god allround DJ som fiksar dei fleste settingar. Hans favorittmusikk er nok «Club classics» blanda med hip hop & RNB.

røldalsmagasinet 2019

17


Du finner oss på Etnemarknaden 10.- 12. August 2018

Vi kommer til RØLDALSMARKNADEN Knapphus • Frakkagjerd • telefon 52 76 58 61 www.traktor-maskin.no

LANDBRUK, LANDBRUK, HUS, HUS, HAGE, HAGE, KJÆLEDYR, KJÆLEDYR, JAKT, LEIKER OG MYKJE JAKT, LEIKER OG MYKJE MEIR... MEIR...

ETNE 53 77 11 30 · ÅRDAL 51 75 42 30 · HAUGESUND 52 70 54 70 ETNE 53 77 11 30 · ÅRDAL 51 75 42 30 · HAUGESUND 52 70 54 70

McCor111ick Norgeslansering 22/6 Vi lanserer den nye spesialtraktoren X4 XL under Reldalsmarknaden 22-23/6 • • • • • • • •

Overtrykkskabin Opp til 112 Hk Trippel Hydraulikkpumpe Flatt gulv Deutz Tier 4 Interim ' �-!!!!II 3000kg egenvekt 3400kg left pa trekkstenger I o Markedsledende pa stey

;;,! \ \'

-

JGL. Landbruk a.s

�avd. Forresfjorden TLF: 480 18 765 Mail: ov@aase-landbruk.as


Smak av programmet

God stemning med RØLDALSKAMERATANE Røldalskameratane er endeleg samla på scenen igjen. Gitarist Bård Olav Medhus er etter eit år på skule på Hovden tilbake med dei andre i bandet, Trym Bøgild Lynghamar (gitar og vokal), Even T. Leren (gitar) og Øystein Hagen (trommer) for å rocka Røldalsmarknaden. Med seg har dei denne gong fått forsterkningar ved Ellen Lynghammer på bass og Erle Bøgild Lynghamar på gitar og vokal. Kanskje dukkar det og opp ei overrasking undervegs. Møt opp til konsert med Røldalskameratane frå marknadsscena laurdag 22.juni kl 15!

HELIKOPTERTURAR

Foto: Oddvar Bratteteig

Foto: Oddvar Bratteteig

Under Røldalsmarknaden kan du oppleve ekte helikoptertur i Røldal. Turane varer i åtte minutt og kostar 500,- per person. Ein mår rekne med vèrforbehald.

LOTTERI MED FLOTTE GEVINSTAR

BESTE STAND

På marknadslotteriet kan du vinne flotte premiar. Det blir flotte gevinstar, blant anna kan du vere så heldig at du vinn reisegåvekort på både 5000,- og 10.000,- kroner. Viss du vil kan du allereie no gå inn og kjøpe lodd på vippsnr: 17951. Biletet viser den heldige vinnaren av automower i fjor. Foto: Oddvar Bratteteig

Kvart år blir den beste standen på marknaden kåra. Kanskje er det din favoritt som stikk av garde med den staselege tittelen i år? Her er bilete av fjorårets vinnar: Dutch Cheeseman.

!

røldalsmagasinet 2019

19


“Røldalsmarknaden er viktig for oss. Me får vist fram kva me kan by på. Oddvar Bratteteig

Oddvar Bratteteig er meir eller mindre oppvaksen i skisenteret

20

røldalsmarknaden 2016


Oddvar Bratteteig Alder: 42 Bur: Røldal så klart Sivil status: Gift, tre barn Les: Har ikkje tid til å lese bøker Høyrer på: Stort sett det meste Førebilete: Må eg ha det?

Tar sats i skibakken Oddvar Bratteteig (42), har ikkje vakenetter sjølv om investeringssummane blir høge. For han betyr menneska mest, både dei som jobbar i skisenteret og dei som besøkjer skibakkane.

Oddvar Bratteteig er typen som er solbrun heile året, og som kan avkle den verste beskjeden med det store og krittkvite smilet sitt. Bratteteig kan truleg seie opp folk og likevel få det til å høyrast ut som han ynskjer dei god sommar. Det er få som brukar ord som sur og vanskeleg når dei skildrar 42-åringen frå Røldal. I dag opnar han døra på vidt gap og ynskjer velkommen inn i eit sommarkledd skisenter i Røldal. Kledd i dongeribukse og svart skisentergenser viser han veg opp ei bratt trapp før ein kjem opp til møterommet i andre etasje i varmestova. Her serverer han kaffe og sjokolade. Han har nyleg hatt besøk av Statens jernbanetilsyn som skal sjekke om alt er som det skal i skisenteret. Er ikkje tryggleikspapira i orden og detaljane på plass, veit han om mange senter som rett og slett må stenge. – Det er viktig med tryggleik, ikkje minst for gjestene våre, men og for å vise at me driv på ein skikkeleg og proff måte, slår Bratteteig fast, medan han taktfast set kaffikoppane på bordet. Han veit godt kor viktig det er å framstå som ein profesjonell eigar og drivar. Og det står iallfall ikkje på mengde erfaring, Oddvar har nemleg mange år bak seg i skisenteret. – Du veit, eg er meir eller mindre oppvaksen i skisenteret her, frå eg var i fireårsalderen var eg med mor og far på alt som føregjekk her oppe. Dei dreiv her oppe, og eg hang bak dei dagen lang. I 1999 overtok han drifta frå foreldra som då gav ansvaret vidare, seinare skilde dei seg og faren flytta frå Røldal. I dag er det Håradalen Utvikling som eig senteret, der Oddvar er dagleg leiar. – Far påsto han var lei av snø, men han flytta til Svalbard, så eg veit no ikkje heilt kor lei han eigentleg var, seier Oddvar og smiler lunt medan han mimrar om overtakinga av senteret. Foreldra visste godt at Oddvar var klar over kva han gjekk til, likevel overraska han med si første investe-

ring. Sjølv om Røldal er den mest snørike staden i Europa var Oddvar tidleg ute med å kjøpe snøanlegg. – Då trur eg far tenkte seg om eit par gongar og lurte på kva eg heldt på med. Å lage snø i Røldal var meir som å selje sand i Sahara meinte han. Snøanlegget skulle likevel vise seg å vere ei smart investering, som har ført til meir stabile sesongar med betre forhold enn ein har frå før. Slikt ryktast fort, og dermed aukar talet på dei som kjem til bakkane i Røldal for å renne på ski. – Det er vel truleg ei av dei beste investeringane eg har gjort, fortel Oddvar før han viser veg ut av varmestova og ut i bakken. Her heng stolheisane side om side, dei skin fredeleg i sommarsola i påvente av nye tider og ein annan vinter. Med grøne ekrer og snø på fjelltoppane ser Røldal ut som om det er henta rett frå eit nasjonalromantisk postkort i dag. – Mor og far budde her oppe på senteret, men eg og familien ville ha litt meir ordna former. Me har hus nede i Røldal, og reiser heller opp her på jobb. Likevel er det blitt ein livsstil, både for meg og kona Gerd Therese, som også jobbar her, i tillegg til dei tre barna, seier Oddvar og peikar nedover bygda. Timane han er heime, og kan dyrke andre hobbyar er ikkje mange. Men dei finst. – Det blir ikkje tid til så mykje anna enn jobb. Men eg er oppteken av å vere med å skape noko. Eg likar gode idear, men det må ikkje vere luftslott. Det må vere realistisk, og helst bety noko for fleire enn ein, då er eg gjerne med på laget. Nyleg gjekk han ut av idrettslagsstyret i bygda, og dermed var det naturleg å rykke opp til leiarplassen i marknadsstyret i Røldalsmarknaden. – I eit svakt augneblink tenkte eg vel at eg fekk så god tid, seier han og ler godt. Dagane har i utgangspunktet for få timar, men likevel klarer ikkje Oddvar å la vere å engasjere

RØLDALSMARKNADEN 2019

21


Oddvar Bratteteig har investert 200 millionar kroner sidan han tok over skisenteret. I dag er dei 5 heilårstilsette, i tillegg til 45 sesongarbeidarar.

seg. Han brenn for Røldal og snakkar seg gjerne varm om marknaden og kva den betyr for bygda. – Røldalsmarknaden er viktig for oss, her treffest mange utflytta røldølar, det er ei viktig handelshelg for bygda, og me får vist fram kva me kan by på. Men det er klart det og blir mange arbeidstimar, så det er alltid godt med ein ferie når marknaden er over. Eldstejenta Kamilla har i mange år vore ein aktiv frikøyrar på ski, no er ho blitt 19 år og måtte ta eit val. No blir det ambulansestudiar i Trondheim før det ventar ein læreplass i Helse Fonna. Mellomste jenta Stina er 15 år, ho likar seg godt på ski, men då som fritidsaktivitet når sola skin. Ho fekk også påvist diabetes 1, som 12 åring, noko som har gitt henne mange sjukehusturar og ei ekstra påkjenning i kvardagen. Når ho har fri få skulen jobbar ho likevel fast i skisenteret. Minstemann Aksel på ni år lever og andar for skitrekket. – Han er skremande lik meg sjølv slik eg var på den alderen. Om eg skal opp her klokka fire på morgonen så blir han med i trakkemaskina. Når det er roleg med arbeid står han på ski. Det er akkurat som å sjå tilbake på min eigen barndom. Oddvar lener seg godt tilbake i stolen. Han fryktar ikkje framtida, sjølv ikkje med den snøfattige vinteren han legg bak seg. – Det var ein veldig spesiell vinter, me må

22

røldalsmagasinet 2019

attende til vinteren 1996 for å finne ein like dårleg snøvinter. Likevel vart sesongen betre enn eg frykta, at me hadde så godt med snø i påskehelga var veldig overraskande. Det er klart me skal ikkje ha så mange slike vintrar, slår han fast og peikar på at dei så langt ligg om lag ein million bak i omsetnad samanlikna med andre år. – Hadde me ikkje hatt snøanlegg i år så hadde me stengt dørene i vinterferien, det er eg heilt sikker på. I skisenteret er dei fem heilårstilsette, i tillegg til 45 sesongarbeidarar. Oddvar har investert over 200 millionar kroner sidan han tok over, han leiar ein arbeidsplass der omsetnaden årleg ligg på rundt 15-17 millionar. Skisenteret har sju heisar og berre den siste som vart bygd krev eit årsverk i vedlikehald. – Det er berre å gi gass i grunn. Eg søv godt om nettene, seier Oddvar om pågangsmotet og innvesteringsvilja som ligg i botnen av arbeidskvardagen. Han meiner det er viktig å halde fylgje med utviklinga og meiner ein må våge å bruke pengar viss ein skal få tak i turistane. – Eg har fylgt dotter mi mykje rundt på andre anlegg, gjerne i utlandet. Det er klart eg ser meg rundt på kva som fungerer og ikkje, eg har nok eit anna blikk på slike skisenter enn andre vanlige gjester har. Me har og nyleg starta arbeidet med ny regu-

leringsplan. No er det planar om fire nye heisar. Dei tilsette på senteret ser ut til å trivast på jobb, det er iallfall få som takkar for seg. – Korleis er du som sjef, trur du? – Tja, sei det. Eg beheld iallfall dei tilsette, somme gonger må ein jo ta upopulære val, men eg trur det er viktig å våge det, å kunne stå for det ein meiner. Vinteren byr på hektiske dagar, både for sjefen og for gjengen som står på nesten døgeret rundt. Oddvar tel ikkje arbeidstimar, han anar ikkje kor lange dagane eller vekene er. Han unner dei tilsette sommarferie på lik linje som lærarane får, då kan dei få roe det skikkeleg ned før ny sesong med høg puls står for døra. Sjølv tek han ikkje fri to månadar om gongen. – Eg klarer ikkje det, eg vil svare på epost og vere tilgjengleg. Så slepp eg å ta så mykje når eg er tilbake. Og det er mykje papirarbeid, søknadar og formelle ting som skal i orden etter vinteren. Men når Røldalsmarknaden er over, då hektar me campingvogna på bilen og reiser der sola skin. Det er me gode på, seier Oddvar og speidar utover Saudasvingen, eit populært frikøyringsområde for dei som likar fart og spenning. Og eit område der han somme gonger må setje krav til at folk har det dei treng av både utstyr og kunnskap. Somme gonger går det også gale. I fjor reiste han på byhelg saman med familien til Stavanger, han var knapt komme i bilen


før skredalarmen gjekk, då var det nokon som hadde utløyst ei snøras, dette blei sjekka ut av dyktige folk på jobb, og kunne fort konkludere med at dette hadde enda godt. Dagen etter gjekk alarmen på ny, då er det ei jente som hadde forsvunne ut av løypa og blei funnen bevisstlaus, og mannskapet på senteret måtte ut for å redde livet til jenta. – Då er det godt å vite at me har gode folk på jobb, det var tøft å få meldingar om at dei tilsette utførte nødhjelp på staden. Og jenta svevde mellom liv og død ei stund, før dette heldigvis enda godt. På ein måte var det greitt å vere vekkreist og, då kunne eg handtere media og politiet sine telefonar på litt avstand. – Eg er sjeldan eller aldri redd for det som kan hende, det er likevel ikkje noko me kan gjere noko med. Men det er klart alvorlege ulukker går innpå ein, og set sitt preg. Dei siste åra har det vore to alvorlege helikopterulukker i trekket. I 2013 fall eit av Fonnafly sine helikopter ned under ein konkurranse i frikøyring. Både piloten og dei fire passasjerane overlevde, men saka vart etter kvart ei stor mediesak. Ikkje minst sidan blodprøven som vart tatt av piloten seinare forsvann på mystisk vis, piloten vart i 2015 dømt til 60 dagars ubetinga fengsel og kjent skuldig for brot på luftfartslova etter styrten.

– Det tok jo heilt av ei stund, sidan blodprøven forsvann. Alle ringte inn til media med sine versjonar, me prøvde heile tida å nedskalere situasjonen, alt gjekk jo eigentleg overraskande bra, det kunne vore mykje verre. I februar i år gjekk det diverre ikkje så godt då eit helikopter med eit ektepar, som hadde hytte i Røldal, datt ned i skitrekket. Begge to mista livet, og Oddvar var sjølv med på redningsarbeidet. – Det var søndagskveld, om lag i 22-tida, då fekk me alarm og ei melding om at paret var sakna. Dei hadde letta med helikopteret tidlegare på ettermiddagen, men hadde ikkje nådd fram heim der dei skulle. Då rykka me ut, for til fjells og vart med for å leite. Det gjekk mange timar, heilt til 3-tida på natta før meldinga kom om at redningshelikopteret hadde gjort funn. – Det var lite snø, og i mørke natta vart det vanskeleg å leite, vondt å sjå noko som helst, minnest Oddvar og ser ut i lufta. Bileta frå ulukkesnatta er framleis ferske på netthinna. Om lag 50 personar var med blant leitemannskapet. Då helikopteret vart funne reduserte ein gruppa til ein mindre gjeng. – Du gjer deg opp ei formeining om korleis ulukkesstaden vil sjå ut. Anten taklar ein det, eller så blir det for vanskeleg. Det er heilt greitt å seie at dette er ting ein ikkje vil

være med på, då folk er ulike. Tankane må ein uansett bearbeide etterpå, me har møtst fleire gonger berre for å snakke med andre som har opplevd det same. Ekteparet var godt kjende i Røldal, her hadde dei hytte og var ein del av skimiljøet. Slike ulukker er alltid verre når ein kjenner dei som er involverte, alt blir så mykje sterkare då, meiner Oddvar og kikkar tankefult ut i lufta. Han har sett på seg nokre raske solbriller og klatrar opp i steinura under stolheisen, til ære for fotografen. Medmennesket, utviklaren og sjefen Oddvar ser alltid framover, han er nøydd til det. – Gjestene våre er jo det viktigaste me har, utan dei er det ingenting igjen. Framover drøymer me om å bygge ut meir, og kunne gi eit betre tilbod til barnefamiliane. Det må vere eit greitt mål no, slår han fast. tekst: Judith Sørhus Litlehamar foto: Fotograf Nordtveit

røldalsmagasinet 2019

23


stiller ut

! Ciderkompagniet Hardangerfirma som produserer cider kit = gjer det sjølv-sett laga av lokale råvarer og oppskrifter. Cider kita inneheld naturlege råvarer av redusert saft i frå Hardanger. Setta vert levert med alle ingredienser utanom vatn og sukker. Produksjonen føregår i Odda. Joar «Levemann» Førde og gjengen bak Cidercompagniet har fått ein pangstart på cider-kit-salet sidan oppstarten i januar. Du treff dei på årets Røldalsmarknad.

Stiller med heimebrygg og ukulele Joar «Levemann» Førde og kompanjongane i Cidercompagniet er klare for å skapa god stemning på årets marknad der dei mellom anna vil demonstrere og selge gjer-det-sjølv ciderpakkane dei lanserte for sal på nyåret. Joar lovar god stemning og brygging med bål og øl på kok. Sjansen er og stor for at her blir musikalske innslag, då PC Kjepso kjem til å ta med seg ukulelen, fortel Joar. Han lokkar og med at dei som tek turen bortom standen vil få seg ein smaksprøve av nybrygga cider og øl. Kompanjongane i compagniet frå Odda er leia av grunder og øl- og ciderbryggar Sigbjørn Huus og han har med seg Joar «Levemann» Førde, teknisk sjef PC Kjepso og Leif Arne Måge, som og er svigerfar til Joar Førde. Inspirasjon til å skapa eit produkt der dei produserer og leverer cider-kit har blitt til over tid etter mange års erfaring og interesse for øl- og ciderbrygging. – Eg ramla nok i ølgryta som liten, ler Joar. Han fortel at ølbrygging har vore ein naturleg del av livet hans frå han var liten då far hans har vore ein flittig ølbryggar. – Hardingen er den som bryggar mest øl i landet, meiner han. Sigbjørn fortel at tanken om å starta opp med cider-kit har modna og produkta har blitt testa ut dei tre siste åra, før ein kunne starta sal. Sigbjørn dreiv bryggeri.no der han produserte øl-kit og var leverandør før han la ned og satsa alt saman med Joar og

24

røldalsmagasinet 2019

resten av gjengen i Cidercompagniet. – Me tenkte at ein må kunne laga ein cider-kit som gjer at folk kan laga sin eigen cider sjølv, seier Sigbjørn. Nettbutikken opna i januar i år og sidan dess har det gått i eitt. – Me skjøna fort at dette var eit skikkeleg produkt som kunne bli ein suksess. Det skada ikkje at produksjonen av produktet og kom med i den siste episoden av realityserien Fjorden Cowboys der Joar Førde er med. Då tok det heilt av, smiler Sigbjørn. Eit enkelt google søk på cider-kit synleggjer at det ikkje er så mange konkurrentar på dette feltet, og Sigbjørn fortel at dei næraste konkurrentane dei har i dag er i New Zealand og i Irland. – Men me går for det ekta, understrekar Joar. Medan smaken på cideren til dei utanlandske kitane har meir smakstilsetjande e-stoff som gir ein kunstig smak, er det råvarene som epla frå Hardanger og Aga saftfabrikk, som gjer kvaliteten betre. Kundane har dei i heile landet, men der menn står for 90% av kjøpet av øl-kit merkar dei begge at salet av cider-kit når ut til fleire kvinnelige kjøparar. Likevel står menn

for om lag åtti prosent av kjøpet av cider per dags dato. Joar og Sigbjørn har erfart at det er menn som er mest glade i ølet eller humlekoket dei lagar. Ein treng ikkje vera erfaren ølbryggar for å få til å laga cideren frå Ciderkompagniet. Joar fortel at ølbrygginga krev meir temperaturkontroll enn cideren gjer. Men fellesnemnaren er reinslighet og at alt utstyr må spritast og desinfiserast godt mellom kvar produksjon i heimen. Etter brakstarten har dei mest ikkje hatt tid å få tenka seg om. Men dei har alt planar for utvikling av nye produkt og smakar, men meir konkrete detaljar vil dei venta med å gå ut med. Men at miljøet blant bøndene som driv med ciderproduksjon i Hardanger er godt og ber frukter er heilt sikkert. – Her er det ikkje konkurranse, berre godt samarbeid, fortel Joar. – Meir viktig er det å halda oppe produksjonen og å klara å halda potensielle cider kit-konkurrentar unna så langt det let seg gjera, smiler Sigbjørn.

tekst: Astrid Eidhammer Hjelmeland foto: Eivind Senneset


Foto: Lise Bjelland

stiller ut

SATSAR PÅ LANDBRUKET 

Fleire landbruksbedrifter er no klare for Røldalsmarknaden og ynskjer å stille ut med sine varer og produkt. I tillegg til Møgedal Mek. Verkstad som har vore på marknaden i mange år kjem også Aase Landbruk for første gong i år, i tillegg til at Traktor&Maskin kjem til marknaden for andre året. – Me ser at fleire av desse landbruksbedriftene no har fått auge på oss, og tenkjer at me kan vere ein fin arena for å vise seg fram for potensielle kundar, meiner festivalsjef Vidar Lund. – Det er alltid kjekt å kome til Røldalsmarknaden, her er det god stemning, og me får treffe kundar frå eit større distrikt enn me plar frå før. Her kjem folk frå Telemark, Suldal, Sauda og så vidare. Det er alltid kjekt å kome til Røldal, dei er gode på å lage marknadsstemning. For oss er det sjølvsagt viktig å møte bøndene, dei er viktige for oss. Men me har også gode produkt og varer til dei med hus, hage og hytte, fortel dagleg leiar i Møgedal Mek. Verkstad, Leif Bakka. Olav Veggeberg frå Aase Landbruk ser også fram til å kome til Røldalsmarknaden for første gong. Sjølv har han ikkje vore på marknaden før, men har fått eit inntrykk av at dette vil vere ein god plass for landbruksbedrifta. Møgedal kjem med automowarar, plenklipparar, ATV, snøscooter og motorsager for å nemne noko. Aase Landbruk har med seg store maskiner og traktorar. Går alt etter planen kan også Veggeberg freiste med noregslansering på ny traktor.

ITALIENSK SMAK frå Hardanger DolceVidda Iskremeri produserer heimelaga italiensk is. No kan du få ein ekte italiensk smak på Røldalsmarknaden. DolceVidda starta i Eidfjord våren 2016, med ei lita vogn som rulla rundt i Hordaland på marknadar og festivalar. Sidan den tid har dei bygd opp ein liten iskiosk i sentrum av Eidfjord der dei sel produkta sine. – Me er kjende for å lage italiensk is med ingrediensar frå, me brukar bær frå Vallavik og eple frå Ringøy. Samstundes har me pistasj frå Bronte i Sicilia, hasselnøtter frå Piemonte, mandlar frå Avola Apulia og kaffe frå Napoles Campania. Alt me produserer blir laga frå botn av, fortel Fabrizio Maranini. Dei produserer også sjokoladepralinar, italiensk biscotti og handlaga ispinnar i fleire variantar. I tillegg har dei blant anna spesiell gourmet pasta frå Italia.

SMYKKE, TREARBEID OG FOTO Håland Design kjem til til Røldalsmarknaden for første gong i år. Søstrene Randi Norheim Håland og Lene Norheim Håland lagar både foto, teikningar, måleri, smykke og tilbehør i horn, tre og metall. Randi teiknar, målar, og lagar smykke og tilbehør i horn, tre og metall. Ho har jobba med tre i utforming av møblar, skulpturar og smykke. Lene står for naturf to med både digitalt kamera og analogt kamera. Ho lager også smykke og dekorativt tilbehør. - Me stiller ut på marknaden fordi Røldalsmarknaden verkar til å vera ein marknad med kvalitet, kjekt opplegg, og bra med besøka. Me har ikkje vore utstillar her før, og er spent på å delta på ein ny plass, seier Randi Håland. Randi sine produkt er inspirert av tradisjonsmaterial frå folkekunst, og får eit kreativt, moderne preg. Nokre av smykkemateriala er reinsdyrhorn frå Svalbard, treknute av bjørk, kvaltann, bøffelhorn eller andre særeigne material som gir noko ekstra til produktet. Lene sitt seinaste prosjekt, er å få fram eit spennande lys gjennom gamle analoge bokskamera. Opplaget er aldri meir en 30 eksemplarar, slik at kundane får noko ikkje alle andre har.

røldalsmagasinet 2019

25


Daglegvarer midt i bygda Telefon 53 64 71 26 Faks 53 64 14 86 - Mobil 938 39 378 e-post: roldal@marked.coop.no

Nattevakter: 8 pers., 32 timar

Dans: 15 pers., med om lag 6 timar kvar, 90 timar

Servering/kafe/grill m.m.: 86 pers., totalt 344 – 350 timar.

Overnatting & Camping Layout: LL Ryfylke - Trykk: Sunnhordland.

ers. med minst , 240-250 timar

Røldal

Røldal Hyttegrend & Camping 8 nye hytter – Straumuttak for campingvogner og bubilar – Moderne sanitæranlegg – Kiosk TV-stove – Leikeplass. Badedam og grillplass ved elva. 250 m forbi kyrkja.

Familien Medhus ynskjer velkomen! bestilling@trolltungalillebakeri.no telefon 53 64 44 33

www.roldal-camping.no Mobil 900 54 464 E-post: adm@roldal-camping.no

Hagaminne Camping

Trenger du lift eller har du behov for å leie en av våre maskiner?

Ta med denne annonsen til vår stand, og motta en gave. Jorunn Røyset Tlf: 93 82 68 91 www.avera.no røldalsmagasinet 2017

Snakk med oss for hyggelige priser!

Tlf. 53 64 72 51 Hytter – Sanitæranlegg Terje Haugen: 900 86 367 Like Bjarne Sørum: 908 94 821 v/E-134 post@oddalift.no oddalift.no

R

•M

•S

•F


hei@omegadesign.no

SHELL RØLDAL ein naturleg stoppestad mellom aust & vest

Nysmurte baguetter og matpakker Nysteikte boller • Knallgod softis Hamburger • pylser • panini Wifi • usb lading i vår fine sittekrok Kvar lørdag smågodt tilbud Kvar søndag alle boller 10 kr Diverse daglegvarer Propan Dekk/serviceverkstad Sjølvvaskanlegg Telefon: 536 47 370 Ope kvar dag

Strøm fra de lokale kraftleverandørene som gir tilbake til samfunnet

Synleg med godt innhald • Tekstar og godt innhald • Nettside og nettbutikk • Grafisk profil og logo • Profileringsmateriell • Magasin, brosjyre • Rådgjeving • PR-arbeid

Omega Design

En del av

MØTEPLASSEN PÅ RØLDALSMARKNADEN Vi serverer mat og drikke inne og ute på terrassen. Følg oss på Facebook for åningstider og meny

skysstasjonenroldal@hotmail.com tlf 53 64 73 85 • 916 91 791 • 934 95 156 skysstasjonenroldal.com

Astrid

Judith

Terje

Maria

Røldal og Seljestad Hytteservice AS Tømrerfirma/hytteservice/brøyting/vedsalg Oddvar Løyning - tlf. 926 23 295 rshytteservice.no

omegadesign.no

Irene

Erich

Christine

Frode


Pensjonistlaget Er du pensjonist i Røldal? Da har vi laget for deg! Bli med i Røldal Pensjonistlag. Et levende og sosialt miljø for de som har levd noen år. Ta kontakt med Terje Blaker, eller ring 96209090, eller ta kontakt med en av de andre i styret: Dagny Rabba, Marit Sandal eller Johan Ekkjestøl.

28

røldalsmagasinet 2019

!


Rekordmarknad satsar vidare Røldalsmarknaden har nesten dobla omsetnaden sin dei siste sju åra. I år kjem det om lag 100 utstillarar, og programmet er fullstappa av godbitar for både små og store.

I 2012 hadde marknaden ei omsetnad på 650 000 kroner, mot 1,2 millionar kroner i 2019. Noko som betyr at marknaden er i sterk vekst og opplever god utvikling. – Mykje av grunnlaget for at me sakte men sikkert har auka omsetnaden, resultatet, utstillarar og talet på besøkjande er at me har jobba målretta med arrangementet i ein del år no, fortel festivalsjef Vidar Lund. Han viser til at det er viktig å vere i forkant og på hogget. – Me har rett kompetanse i leiinga og i styret, er gode på oppfølging, gjennomføring og

dugnadsinnsats. Me har gode folk med på oss i rigging av marknaden, slår Lund fast. – Ting flyt godt og går no mykje av seg sjølv. Me treng berre å ha ei stødig hand på rattet og trykka litt på gassen innimellom, seier han og smiler. For Vidar Lund og resten av gjengen bak Røldalsmarknaden er det viktig at folk får lyst til å kome igjen til marknaden, og sjølvsagt at dei vil anbefale marknaden til andre som dei kjenner. Det er teiknet på eit velfungerande arrangement.

– Som i alle andre samanhengar er det innsats, kvalitet, innhald og forsvarleg drift som er nøkkelen til suksess, meiner Vidar og ynskjer velkommen til trivelege marknadsdagar i juni.

tekst: Judith Sørhus Litlehamar foto: Lise Bjelland

røldalsmagasinet 2019

29


HONDA GRESSKLIPPER

NYHET

IZY HRG 466 SK

fra 5.999,- inkl.mva Hondas mest solgte bioklipper! Oppsamler følger med som standard, slik at du kan velge den klippemetoden som passer deg og din hage best - bioklipp eller oppsamling.

HUSQVARNA AUTOMOWER® 435X AWD

HUSQVARNA AUTOMOWER® 315

fra 22.400,- inkl.mva En helautomatisk plenklipper laget for mindre eller mer kompliserte gressflater. Kompakt, stilig og egnet for plener på opptil maks 1500 m². HUSQVARNA AUTOMOWER® 315

Omega Design

fra 47.400,- inkl.mva – en pioner på robotgressklippermarkedet. Denne modellen med drift på alle hjul kan enkelt håndtere hager på inntil 3500 m², finne veien om hindringer og takle røft terreng og hellinger på inntil 70 %. Gressklipperen har en X-line-design med LED-frontlykter, gjenstandsregistrering og intuitiv samhandling med Automower® Access. Utstyrt med Automower® Connect, inkludert GPS-tyverisporing.

HUSQVARNA RIDER 214 TC fra 41.200,- inkl.mva Kraftig Rider med tosylindret motor og 94 cm klippeaggregat med førsteklasses BioClip® og bakutkast. Egnet for hus- og hageeiere som krever høy effektivitet, brukervennlighet, god manøvreringsevne og komfortabel kjøring.

BEST I TEST .nu

Best-i-Test apr 2018

ROGALANDS STØRSTE SNØSCOOTER OG ATV FORHANDLAR FOR KVALITET OG TRYGGHET

Kjøretøyet er påmontert ekstrautstyr.

Kjøretøyet er påmontert ekstrautstyr.

PRISER FRA 74.900,TRAKTOR REGISTRERT

OUTLANDER 570

BLI KLAR FOR VÅREN! Skreddersy din nye CAN-AM med tilbehøret til en ny årstid. Kjøp deg ny Can-Am Traxter eller ATV nå og få gavekort på originalt Can-Am utstyr!

Fra 75.600,- inkl. mva.

TRAKTOR REGISTRERT

TRAXTER

Fra 140.000,- inkl. mva.

Bakkagutadn er i handelhumør og stiller med mange gode tilbud på årets marknad! Ta turen innom standen vår. VÅRE KONTAKTPERSONER PÅ RØLDALSMARKNADEN GEIR BAKKA

WERNER BAKKA

Mobil: 982 85 535

Mobil: 982 85 536

4230 Sand røldalsmagasinet 2017


Utstillaroversikt

Røldalsmarknaden 2019

!

Røldal Fjellstyre........................................ Info om fjellstyre, jaktlotteri m.m.

Vivitex Elisebeth Bjørlo.......................... Helseprodukter, helseplagg m.m.

Matsalg Røldalsmarknaden................. Mat

Trimakk Sør................................................. Vorwerk Rengjøringsmaskiner

Marknadslotteriet................................... Utlodning av flotte premiar

Christian Romero Gualapuro.............. Ulljakker, Ponchos, drømmefangere, smykker

Noble Bee Goran Opacic....................... Honning

Else Marie Sokn......................................... Diverse ting i glass, glass på rekved m.m.

Bjørn Ragnar Jansen............................... Klær, smykker, pynteting, morosaker m.m.

John Morgan Telemark AS................... Fiske utstyr, bellyboat, turklær

Mix & Match Azim Fiaz........................... Sukkertøy, leker, ballonger, t-skjorter, gaver

Sunnhordland Solskjerming................ Produkter for solskjerming

Ingvild.ull AS............................................... Strikkeprodukter i merinoull

Helsekjelda AS.......................................... Egenprod. magnesiumkrem, Ingefærkrem m.m.

Åsne Haugan.............................................. Gull, knivar, klokker

Anne Karin Lothe...................................... Maleri, strikka vottar, labbar, dukkeklær m.m.

Håland Design........................................... Handverk, kunst, småsløyd, handlaga smykker

Vevstova Ranveig Lunestad................. Vev proudkter åkle, ryer, løperer mm.

Alf Østebøvik............................................. Brukte ting og antikvitetar

Ole Trommestad....................................... Klær, kniver, leker, div. pynteting

Margretha’s Hobby Bod Hunskår....... Håndstrikka produkter, syltetøygele, kurver

Gunnar Lurane........................................... Fisk, sild, poteter, grønnsaker

Odda Mållag............................................... Diverse produkter frå Odda Mållag

Domotec Nordic AS................................. Massasjebad

Maya Kompany.......................................... Belgiske Vafler og oliven

Tine Sunde Hetland................................. Håndsydde duker, puter, grytekluter m.m.

Bjørn Ramberg........................................... Raggsokker, ullgensere, jakker, ullsåler

Skillingsbakeriet....................................... Skillingsboller, solboller, kavring, kransekake, kaffi

Beljo Toys..................................................... Leketøy av tre, plast og magnetkopling

Ragnvald Melaas...................................... Keramikk, skifer, antikk

Benny Petersen Trampoline................. Oppskytingstrampoline for barn- og unge

Traktor & Maskin...................................... Polaris ATV, Stihl Motorsager, Deutz fahr traktor

Bjørg Ågådt og Thorleif Djuvik............ Håndarbeid i tre, strikk, tova prod. og steintøy

Moi Skinnutsalg........................................ Skinnjakker, skinnvesker, skinnbelter, skinnluer

Vinje Motorsenter AS............................. ATV, UTV, snøscooter, BK hengaren

All Verdas Gåver og Bruksting............. Bruksting og handarbeid i frå Nepal, Afrika m.m.

Hedersplassen AS.................................... Smultringar, potetkaker, lefser, skillingsboller

Møgedal Mek.Verkstad AS................... Salg av hagesutstyr og ATV, plenklipparar m.m.

Glassnaustet Grete Karin Rørvik....... Glasskunst

Spekestua................................................... Spekemat og pølser

Else & Ivar Foss.......................................... Hjemmelaga drops, kjeks, marengs, lefser, gelé

Beate M. Ekren........................................... Leker, snop, klær, div. hjemmelaga produkter i tre

Lito Helsesko............................................. Helsesko

Sufi Import.................................................. Dameklær, t-shirts

Aase Landbruk AS ................................... Landbruksredskaper, Kompaktlastere, Traktor

Aud Reidun Solberg................................. Ansiktsmaling

Spekematbilen Johannessen.............. Spekemat, Spekepølser, Spekeskinke, Fenalår

Calvia AS...................................................... Bilpolering, smijern

Notodden Blomster & Import.............. Blomster

Morill............................................................. Egenproduserte barneklær

Dolcevidda Iskremeri............................. Italiensk is av lokale råvarer

Jorunn Røyset............................................ Avera Aleo Vera-pleieprodukter, medisinske urter

Madsen Design AS................................... Dekorskinn, skinn- og pelsluer, ulltøfler m.m. Inger Lise Engen........................................ Malte treting, decopage, pilkorger, stenprod.

Urteloftet..................................................... Lokalprod. hudpleieprodukter til barn og vaksne

Urtegod Fagerland Helse og Naturterapi AS.................................... Norskprodusert kosttilskudd og helsekost

Kermikeren Tove Solbakk Seiersted.......................... Keramikk til daglig bruk

Steinmannen Freddy Larsen................ Steinprodukter, krystaller, fossiler, englekort

Randi Kristensen...................................... Malt porselen, egenprod. saft, te, urtekrem, krydder

Henjoy........................................................... Henna tatoveringer

Ingeborg Strand........................................ Knivamakar, fluefiskeutstyr, glasskeramikk m.m.

Nøring........................................................... Hardangerkling, plommer, Ramslauk m.m.

T.Catering AS............................................. Bakte poteter

Lars Galdal.................................................. Måleri, biletvev og andre husflidsprodukt

P&M Thaimade.......................................... Thaimat

Mona Lisa Grimsrud................................ Treprodukter, Lefser, sveler, 3D bilder, Klær

Street Chefs................................................ Mat

Sjokoland Else M. Jensen...................... Hjemmelaga drops og dessert, kaker m.m.

Signe Margot Grøtt.................................. Krotakaker, Flatbrød, potetkaker, Melkekaker

Caspara Smykker Monica Lorentsen ................................... Håndlagde sølvsmykker og malte bilder Sigfrid Olsen............................................... Tupperware produkter Oddbjørg Lovra......................................... Tankefelt-terapi, healing, SanOmega oljer Karamiker Per Nornes............................ Keramikk Irene Eide Olsen........................................ Forever Living, aloe vera produkter Hilde K Stokke........................................... Gave- og pynteartikler Røldal Geitostysteri............................... Geitost, samt andre osteprodukter Bjørg og Karsten Knutsen..................... Nytt, brukt, antikviteter mm. Torild Finsrud Velure............................... Tova hattar og sjal for damer

OT Salg-Service......................................... Mobiltelefonutstyr, vesker, arbeidslys og maskiner.

Etne Auto as............................................... Nye biler Ssangyong, rekvisita Eusebiu Budau AS.................................... Italiensk parmesan, parmaskinke, pølser, olivenolje Kari og Henry Lauvland.......................... Spillebøker, hjemmelaga knivar, strikk, fiskebuer Vitskapsartist Heidi Ektvedt BlueDot av Linda Liem............................ Rakettverkstad med papirrakettar for born Inger Lise Ekkjestøl................................. Produkter fra Astou i Gambia, klede og vesker Bakebua....................................................... Bakst, Kludder m.m. Henry Benarik............................................ Smykker Statens Naturoppsyn............................. Utstilling og info om Villreinen

*Utstillaroversikt pr trykkedato, endringar kan forekomma.

røldalsmagasinet 2019

31


TRADISJONSMARKNAD MAT

KUNST

HANDVERK

100 UTSTILLARAR

MARKNADEN

21.-23. juni 2019 AUKSJON

ved Oddbjørn Lynghammar

Åpningstale

ved Helene Seim

KONSERT MED

STAUT

+ DJ Stueland STANDUP MED

Teltfest med

RUNE BJERGA

+ Talkshow

Teltvorspiel før STAUT

PODSOLL DJ Ronnye Bøe

CIDERKOMPAGNIET ved JOAR FØRDE

Belgtøttene

og verkstad med

Professor Bestemor

Foredrag fairtrade

HELIKOPTERTURAR

Rakettverkstad for born

ANSIKTSMALING

Bungeetrampoline

Foredrag ved

Norsk Villreinsenter

Marknadslotteri

Røldalskameratane

Dans med Røldalskvintetten

+ mykje meir...

MOKKA DESIGN

VITENSHOW

Sjå fullt program på

roldalsmarknaden.no

Profile for Omega Design

Røldalsmagasinet 2019  

Laurdag 22. og søndag 23. juni er det klart for Røldalsmarknad med boder og utstillarar. Fredag 21. startar marknaden med show, teltfest og...

Røldalsmagasinet 2019  

Laurdag 22. og søndag 23. juni er det klart for Røldalsmarknad med boder og utstillarar. Fredag 21. startar marknaden med show, teltfest og...

Advertisement