Page 9

Ellen Kalvig arbeider mykje med grafikk. Ho likar å ha fleire uttrykksformer å velje i.

hospitant ved Grafisk verksted Stavanger. — Då byrja det meste å falle på plass. Eg skjønte kven eg var og kva eg skulle. Eg visste eg var komen heim, reint fagleg. I byrjinga hadde ho ekstrajobbar før ho kasta seg fullt og heilt ut i kunsten på heiltid. CVen er imponerande og viser eit mangfald med utstillingar i Rosendal, på Jæren, i Stavanger og Haugesund. Ellen har også jobba med fleire utsmykkingar, blant anna vart ho kjøpt inn til blant anna Statsministerens kontor i 1999 og Rikshospitalet i 2001. I dag vekslar ho mellom å produsere grafikk og måleri for sal i galleriet og ute blant alle dei som har henne fast i katalogen. I mars/april 2018 har ho ei stor utstilling med måleri i Hå gamle prestegard. — Eg skulle av og til ynskt eg klarte å isolere meg meir når eg skal arbeide med store utstillingar, då burde eg eigentleg lukka døra meir. Det er eg dårleg på, eg må veksle litt i kvardagen. — Den eg er i gang med no vil ta fleire år å produsere, det er eit stort arbeid. Ellen sjølv har to born, og sonen Andreas har tatt opp kunstnararven og er i dag fotograf. I galleriet til Ellen heng biletet han har tatt av buhunden Tita. Tita er ved føtene til Ellen heile dagen. Ho er turkamerat, står for velkomsten i galleriet og er ein god samtalepartnar i kvardagen.

vil finne fram til fargar og motiv som gir henne og publikum noko. Ho treng ikkje alltid ha lyskastaren retta mot seg, sjølv om ho genuint er glad i folk. Glad i å samle menneske rundt seg til mat, kaffi og den gode samtalen. — For meg er bileta og kunsten det viktigaste. Likevel set eg pris på dei som skriv kritikkar. Det ligg ei danning i kunsten, og det er synd det blir skrive så lite om kunst samanlikna med anna kultur. Media har eit ansvar for å løfte fram kunsten, elles blir det fort marginalt. — Me er ein ganske ung kunstnasjon, eg ser jo at danningsgraden i kunsten er komen mykje lengre i mange andre land, slår ho fast. Ho står midt på tunet. Verkstaden ligg eit lite steinkast frå heimen hennar. Mellom der er det eit eldorado av blomar, bærbuskar, eit lite drivhus og eit utekjøkken. Tunet er eit bilete på det landlege livet der ein brukar dei ressursane ein har rundt seg. — Når eg legg ut bilete av blomar, bær og turar på Instagram meiner mange frå byen det er nasjonalromantisk, men eg er jo ikkje samd i det. Dette er jo livet mitt. Og kvardagen.

Judith Sørhus Litlehamar Foto: Fotograf Meister

Å lage utstillingar, å måtte eksponere seg sjølv og eigen kunst, og å stå i rampelyset er ikkje alltid like enkelt. Ellen vil helst lage kunst. Ho

NR. 3 – 2016

9

Profile for Omega Design

Mitt Ryfylke 2016 3  

Mitt Ryfylke er eit regionalt næringsmagasinet som speglar folket og livet i Ryfylke. I temautgåvene vil du finne gode reportasjer, portrett...

Mitt Ryfylke 2016 3  

Mitt Ryfylke er eit regionalt næringsmagasinet som speglar folket og livet i Ryfylke. I temautgåvene vil du finne gode reportasjer, portrett...

Advertisement