Page 35

Hans Olav Sandvoll, som er dagleg leiar i Ryfylke Friluftsråd, er sjølv glad i å vere på sjøen med båt. Og fritida brukar han gjerne til dykking eller kajakkpadling.

tur. Område som Helgøysund eller Lindøy er populære mål med familien i båt, men dei blir fort fylt opp. Då er det greitt med rolegare alternativ i ein av dei mange naturhamnene i Ryfylke. Målet er uansett å komme vekk frå kvardagen, og finne fram til ein annan rytme. Målet er også at fleire kjem seg ut i naturen. – Me vil jo gjerne legge til rette slik at stadig fleire kjem seg ut over dørstokkmila, og brukar strandlinja vår. – Og me ser ein aukande trend. Det er ein vekst, spesielt i dei som er på dagstur eller kortare helgeturar. Dei som alltid har reist tre veker rundt med båt i Ryfylkebassenget er nok på hell. – Mange har jo nostalgiske minne frå dei turane dei opplevde som barn, og dei vil ofte at deira barn skal oppleve det same. Friluftsrådet ser også at sjøen no ikkje berre blir brukt på sommaren, men at stadig fleire ser moglegheiter til eit aktivt friluftsliv på og ved sjøen også resten av året. Mykje av arbeidet til friluftsrådet handlar også om å auke kunnskapsnivået til dei som skal ut på tur. – Me må formidle ein del sunn fornuft. Slik som no i dag, det er ikkje behov for å ta med seg ein sekk ved, her er meir enn nok ris og småved på bakken her til at ein kunne ha fyrt opp eit bål. – Har du nokre gode råd til familien som gjerne skulle

kome seg meir ut på tur? – Først av alt, set deg ned med heile familien og avklar forventingar. Medan nokre kan få bilete av at ein skal på reine ekspedisjonen er det andre som ynskjer å gå på søndagstur. Gå så over utstyret ein har i hus, ein treng ikkje dyrt utstyr, men ein treng godt og tilpassa utstyr og klede. Eg ville også sett på kva som er spesielt med staden me skal til, kan me hente sopp, er det fine stadar å ta bilete av? Det er viktig å ikkje berre gå for å kome fram, men å skape godt innhald på turen, meiner Hans Olav. – Og for all del, barna treng ikkje ytre belastningar på tur. Ein må ikkje reise i regn og vind, eller vise barna kor grusomt du sjølv hadde det på turar i full storm. Ein må lage turar som gjer at barna vil ut på fleire . – Korleis kan ein få med seg tenåringen som gjerne helst vil vere heime? – Ta med ein venn! La ungdommane få sitt eige telt på land, så kan foreldra sove i båten. Det handlar om å gi dei rom til å puste, og til å oppleve turen på sin måte.

Judith Sørhus Litlehamar Foto: Hilde Hauge

NR. 3 – 2016

35

Profile for Omega Design

Mitt Ryfylke 2016 3  

Mitt Ryfylke er eit regionalt næringsmagasinet som speglar folket og livet i Ryfylke. I temautgåvene vil du finne gode reportasjer, portrett...

Mitt Ryfylke 2016 3  

Mitt Ryfylke er eit regionalt næringsmagasinet som speglar folket og livet i Ryfylke. I temautgåvene vil du finne gode reportasjer, portrett...

Advertisement