Page 29

– Tenk, eg som står og steiker lefser her heile dagen, eg likar ikkje lefser eingong. Nina Fonneland

Nina Fonneland satsar på lefsebakeri på Jørpeland. Ho meiner det er viktig å ta vare på dei gamle mattradisjonane. Øving gjer meister. Nina Fonneland veit kva som må til for å bli god til å steike lefser.

maskin, men eg veit no ikkje. Den hjelper meg i alle fall til å bli meir effektiv og klare fleire lefser på ein dag, seier Nina og viser til at ho på ein vanleg arbeidsdag kan klare å steike om lag 120 lefser. Og no satsar ho vidare, ho skal nemleg snart over i nye og sentrale lokale i det gamle magnethuset i Jørpeland sentrum. Her drøymer ho også om ha eit eige utsal av varer, og kanskje ein liten kaffikrok. Uansett er ho klokkeklar på at ein må våge å fylgje draumen sin skal ein klare å skape sin eigen arbeidsplass. Ho danderer tynnlefse, tjukklefse på eit tradisjonsrikt lefsefat. – Det er ei spesiell historie bak det fatet. Mannen min arva det, men me har ikkje brukt det så mykje. Men når eg byrja med dette prosjektet kom det til sin rett. Du veit, før skulle ikkje lefsene ligge på flate fat, dei skulle litt opp i høgda. Det var festmat, slår Nina fast før ho velvillig stiller opp for fotografen ute i hagen.

Judith Sørhus Litlehamar Foto: Hilde Hauge

NR. 3 – 2016

29

Profile for Omega Design

Mitt Ryfylke 2016 3  

Mitt Ryfylke er eit regionalt næringsmagasinet som speglar folket og livet i Ryfylke. I temautgåvene vil du finne gode reportasjer, portrett...

Mitt Ryfylke 2016 3  

Mitt Ryfylke er eit regionalt næringsmagasinet som speglar folket og livet i Ryfylke. I temautgåvene vil du finne gode reportasjer, portrett...

Advertisement