Page 26

– Lær deg å tolke kva hesten seier, det er ikkje hesten som skal tolke deg. Stephanie Birkeland

det å flytte til eit nytt land, og ein ny kultur også kunne vere utfordrande. Heldigvis var det høge fjell i Sauda også, noko som gjorde at heimlengten ikkje vart altfor sterk. – Men det var nok først når det kom hestar på garden at livet byrja å falle på plass igjen. Eg hadde sakna dei.

Vår Steen Jensen likar seg godt på hesteryggen.

Stephanie er utdanna akademisk ryttar og er sjølv væpner for Bent Branderup og har dei siste åra utvikla sitt eige Take the Step Riding Academy, der ho har undervisning i akademisk riding for både barn og vaksne. – Eg har alltid hatt ei sterk drivkraft for å lære meir, både om mennesket som ryttar og om hesten. Etter kvart som eg fekk meir utdanning så blei eg meir sjølvsikker på at det var dette eg ville halde på med. Eg ville også lære andre korleis dei kunne utvikle seg sjølv og hesten, fortel Stephanie som blant anna har utdanna seg i Sverige, Tyskland og Danmark. Sjølv har ho også undervist i Polen. Ho går inn i boksen til den kvite hesten Rose og lener seg mot henne til ære for fotografen. Hesten ser ikkje ut til å bry seg om eit ekstra besøk i stallen. Trebarnsmora brenn for hest og riding, og drøymer stadig om å utvide ridesenteret. Ikkje minst drøymer ho om ein innandørshall der ein kan ri snøfritt heile året. Litt artig er det også å sjå at eldstedottera på 20 truleg har arva eventyrlysten og reisegleda frå mora. Ho reiser no verda rundt som skiinstruktør. – Men eg er oppteken av at også ho tar ei utdanning på sidelinja, ein må han noko å falle tilbake på, meiner Stephanie. Sjølv les ho mykje, ho studerer andre menneske og andre hestar, mest av alt for å forstå endå meir. Det er alltid noko å lære, om korleis hesten og mennesket kan kommunisere, kva språk ein bør nytte og korleis ein får til den beste dynamikken. – Hugs på at du faktisk skal lære deg eit nytt språk, du må forstå hesten skikkeleg, seier eg til nye studentar. – Lær deg å tolke kva hesten seier, det er ikkje hesten som skal tolke deg. Ho ser korleis studentane blir tryggare, korleis dei slepp taket i frykta og korleis hestane utviklar seg. – Du som menneske må først forstå og handtere livet ditt før du kan forstå hesten. Eg meiner det er viktig at studentane lærer å ikkje forstyrre hesten i hans arbeid, sidan riding er basert på balanse. Anbefalinga er å ta ridetimar hjå ein utdanna instruktør. Og skal ein lære noko nytt er det viktig å kunne nullstille seg. Det gjeld alt her i livet. – Hesten speglar oss betre enn ein spegel, slår ho fast før ho opnar dørene på gløtt. Midt på tunet tronar det amerikainspirerte bustadhuset. Det er framleis spor av villmark, fjell og Colorado her i tunet.

Vanessa-Linnea Risvold får god hjelp frå ridelærar Stephanie.

26

NR. 3 – 2016

Judith Sørhus Litlehamar Foto: Meister Fotografi Foto: Bjørn Inge M. Aalvik

Profile for Omega Design

Mitt Ryfylke 2016 3  

Mitt Ryfylke er eit regionalt næringsmagasinet som speglar folket og livet i Ryfylke. I temautgåvene vil du finne gode reportasjer, portrett...

Mitt Ryfylke 2016 3  

Mitt Ryfylke er eit regionalt næringsmagasinet som speglar folket og livet i Ryfylke. I temautgåvene vil du finne gode reportasjer, portrett...

Advertisement