Page 25

Stephanie Birkeland meiner det er viktig å forstå hesten sitt språk for å bli ein god ryttar. Sjølv lærer ho stadig noko nytt, både om menneske og hestar. (Foto: Meister Fotografi)

Lyttar

TIL HESTEN Stephanie Birkeland (47) meiner ein må forstå hesten sitt språk skal ein bli ein god ryttar. Sjølv fekk ho sin første hest som sjuåring. Stephanie står fjellstøtt i døra inn til stallen. Ho er kledd i ridestøvlar, dongeribukse og regnjakke og viser oss inn til det kjæraste ho har, stallen. Her heng det grimer, salar og på veggen heng det ei tavle der både borna som går på rideskulen og trenaren sjølv kan gi beskjedar. Nett no står det noko om ei som er på leit etter ridehjelmen sin. Inne i stallen er det måla fantastiske naturlandskap på veggen. Det handlar om å la borna, men og dei vaksne studentane, møte hesten i sitt rette element. Her på rideskulen i Saudasjøen lærer dei om kommunikasjon, om språket til hesten, og korleis ein kan spele på lag med hesten. – Eg ser mange som strittar imot det hesten kommuniserer ut, det byr ofte på problem. Ein må kjenne seg sjølv godt skal ein bli god til å ri, og ein må lytte til hesten, slår Stephanie fast medan ho smiler til dei to hestane Willow og Rose som står inne i stallen denne dagen. Resten er ute på beite. Det heile starta i den amerikanske villmarka. Stephanie vaks opp på eit småbruk med både sauer og geiter i Idaho, det var her hesteinteressa vart vekt. Etterkvart og resten av livet har ho nesten bokstaveleg talt vore på hesteryggen. Som sjuåring fekk ho sin første hest, 14 år gamal var ho allereie hestetrenar på ein farm i Colorado. Ho arbeidde med arbeidshestar, spranghestar, hobbyhestar eller rodeohestar. – Hesten var heile livet mitt, det første ordet mitt var til og med hest. Som ung kunne eg ri rundt i dagevis på oppdagingsferd. «Kva finst over den fjellrekka», kunne eg tenkje, og så rei eg berre over for å sjå, fortel

Stephanie og ser for seg dei store fjellrekkene, dei fantastiske rideturane og ikkje minst nettene ho sov ute. Ho var eit ekte naturbarn. I mange år jobba ho som hestetrenar, med kvegdrift eller på hesteryggen som guide. Framleis snik det seg inn nokre amerikanske ord når ho blir engasjert og i farten ikkje finn fram til den norske forma. Ho fortel om eit heilt spesielt og tillitsfullt forhold til hesten. – Hesten ville ta meg med og beskytte meg, den ville aldri svikte meg, det visste eg derimot at menneske kunne gjere, fortel den dyreglade jenta som i dag har bygd opp eit levebrød rundt hesten og rideinteressa. Ho og mannen driv også med smågrisproduksjon og sauer på garden i Saudasjøen, i tillegg har dei bygd opp eit nytt kraftverk. – Me har vel i grunn null med fritid, men me trivst med den livsstilen, smiler Stephanie og fortel korleis ei hesteglad jente frå Colorado kan ende opp i Ryfylke. Sjølvsagt var det også på ridetur ho møtte den store kjærleiken. Dagfinn Birkeland frå Sauda arbeidde som tømrar i USA, og på ein ridetur i Rocky Mountain saman med ein kamerat møtte han Stephanie. – Eg hugsar me lurte på kva språk dei snakka, norsk var ganske eksotisk å høyre på, seier Stephanie i dag og ler. Rundt bålet den kvelden var det to som fann tonen. Med det hadde Stephanie funne ein som forsto henne og dermed var valet ganske enkelt, ho blei med på flyttelasset over til Noreg, og til Sauda. Sjølv om

NR. 3 – 2016

25

Profile for Omega Design

Mitt Ryfylke 2016 3  

Mitt Ryfylke er eit regionalt næringsmagasinet som speglar folket og livet i Ryfylke. I temautgåvene vil du finne gode reportasjer, portrett...

Mitt Ryfylke 2016 3  

Mitt Ryfylke er eit regionalt næringsmagasinet som speglar folket og livet i Ryfylke. I temautgåvene vil du finne gode reportasjer, portrett...

Advertisement