Page 23

FANN KJÆRLEIKEN PÅ

EINASTE HANEN I

– DET VAR SOM Å GÅ HEIM FRÅ EI

NAMN: MARIT MELTVEIT VIGNES FØDD: 1951 ELEV: 1970

NAMN: TOROLF NORDBØ FØDD: 1956 ELEV: 1976

NAMN: TORBORG KRISTOFFERSEN FØDD: 1941 ELEV: 1961

– Då eg var ferdig med gymnaset, visste eg ikkje heilt kva eg skulle finna på. Både mor mi og farmor hadde vore elevar på Rygjabø før meg. Mor på husmorskulen og farmor på amtskulen. Difor tenkte eg å ta meg eit halvår her mens eg tenkte på kva eg skulle gjera vidare, fortel Marit Meltveit Vignes. Ho er ei av dei mange jentene som fann seg ein finnøybonde medan ho var elev på Rygjabø. – Ja, eg er ein av dei som blei verande, seier Marit som i dag er bondekåna på Vignes. Ho vaks opp på Hjelmeland. – Det hadde seg sånn at eg starta i bibelgruppe på Finnøy då eg gjekk på Rygjabø, der var mannen min, Terje med. I ettertid har ein av dei andre finnøybuane fortald meg at han spurde Terje kva han tykte om Rygjabø-jentene som var med i gruppa. Terje hadde rista på hovudet og sagt at det ikkje var «noko å samla på denne gongen heller». Men han ombestemte seg tydelegvis, for eg blei verande, fortel Marit, som seinare utdanna seg til sjukepleiar. Skulen har ho berre godt å seie om. – Det var ei gild tid. Lærerik også. Eg har lika å lage mat sidan eg var lita jente, hadde eg ikkje blitt sjukepleier ville eg nok ha satsa på kokkeyrket, seier Marit som tykkjer det var trist å sjå skulen forfalla. – Det såg ikkje bra ut den siste tida, det var vemodig å sjå at det flotte, staselege huset ikkje blei teke skikkeleg vare på, seier ho.

– Eg trur kanskje eg er einaste mannen i kongeriket som kan visa til halvårig utdanning på husmorskole. Eg hadde eksamen i betasuppe, stiving av brikker og reinsing av møbler. Det er det ikkje mange mannfolk som kan skryta av, seier Torolf Nordbø lattermildt. Det var litt av ein sensasjon då han søkte om plass på husmorskulen på midten av 70-talet. Det hadde aldri tidlegare vore hannkjønn blant elevane på skulen. Han fekk plass, og flytta inn på internatet – som einaste hane i høneflokken. – Kan tru eg var populær i kameratflokken, seier Torolf som i dag er artist og foredragshaldar, kjend som karakteren «Han Innante». –Det var eit utruleg kjekt og lærerikt halvår. Eg har mange år med høgare utdanning, men trur ikkje eg nokon gong har lært så mykje som halvåret på Rygjabø, seier Torolf. Minna er mange. – Eg hugsar då brodering stod på timeplanen. Frøken Trahaug som var handarbeidslærar meinte det ikkje passa seg for ein ung mann å brodera, så eg fekk heller lappa dongeribuksa mi, seier han, og deler endå ei historie frå tida på Rygjabø. – Eg er jysla glad i komla, og då me skulle koke komla på Rygjabø fekk eg i oppgåve å rekna ut kor mykje me skulle lage, eg tenkte at sju komler per person var passande. Det blei litt i overkant, og jentene var sure på meg fordi me måtte ete komla i fleire dagar etterpå, minnes han.

– Rygjabø var som min andre heim, seier Torborg Kristoffersen. Ho var elev ved skulen i 1961, og i 1979 fekk ho jobb som kontordame. Ein jobb ho hadde i 26 år. – Mor mi, Gerda Vestbø, var elev på eit av dei aller første kulla til humorskolen. Ho snakka så varmt om skulen, og eg ville også gå der. Sjølv om eg hadde heimen min på Finnøy, måtte eg bu på internatet. Slik var reglane. Det var veldig stas for ei unge jente å flytte heimafrå, eg hugsar eg fekk rom med utsikt over Judaberg sentrum, fortel ho. 18 år etter at ho slutta, blei Rygjabø arbeidsplassen hennar. – Det var ein god arbeidsplass, eg treivst svært godt, men har nok slite ut fleire rektorar, seier ho lattermildt. Familien hennar har feira fleire åremålsdagar på skulen. – Ungane sine konfirmasjonsfestar, bursdagsfestar. Ja, det er utruleg mange gode minne knyta til det huset, seier ho. Natt til 4. juni 2016 skal Torborg aldri gløyma. – Eg kunne ikkje tru det då eg fekk høyra at skulen stod i full fyr, eg måtte bort å sjå det med eigne auge. Det var forferdeleg. Då eg gjekk heim den natta var det berre pipa som stod att. Det var ei sorg, og eg kjende meg heilt tom. Det var som å gå heim frå ei gravferd, seier ho.

Rygjabø

høneflokken

gravferd

NR. 3 – 2016

23

Profile for Omega Design

Mitt Ryfylke 2016 3  

Mitt Ryfylke er eit regionalt næringsmagasinet som speglar folket og livet i Ryfylke. I temautgåvene vil du finne gode reportasjer, portrett...

Mitt Ryfylke 2016 3  

Mitt Ryfylke er eit regionalt næringsmagasinet som speglar folket og livet i Ryfylke. I temautgåvene vil du finne gode reportasjer, portrett...

Advertisement