Page 22

Det er mange minne frå tida på Rygjabø. Her er nokre bilete frå ein album som Elise Lunde viser fram.

Dei siste åra var huset lite brukt, og forfallet var tydeleg, malinga flassa av og treverket rotna. Så kom natt til 4. juni 2016. Kva var det som starta brannen? Skuldast det ein gammal varmtvasstank, eller var det noko med det elektriske anlegget? Eller endå verre; hadde nokon tent på? – Me veit ikkje kva som skjedde denne kvelden, og truleg blir saka lagt bort, seier lensmann Rolf Kant ved Ryfylkeøyene lensmannskontor. – Eg veit det har svirra rykte om at nokon kan ha tent på, men det har me altså ingen indikasjonar på. Me trur at brannen starta i inngangspartiet bak huset, men me veit ikkje korleis, seier lensmannen. – Dette har vore ei vanskeleg etterforsking. Ein ting er den enorme varmeutviklinga som har derformert det meste, men også det faktum at det var asbest i taket, er blant årsakene til at det er vanskeleg å finne årsaka til brannen. Uansett er det sørgjeleg når eit gammalt og ærverdig bygg brenn ned, seier lensmann Kant.

Hjørdis Halleland Mikalsen Foto: Meister Fotografi

22

NR. 3 – 2016

Foto: Privat

kjelder • BOKA «RYGJABØ FYLKESSKULE. AMTSKULEN I RYFYLKE, 50 ÅR. UTGJEVE AV ELEVLAGET VED AAMUND SALVESON, FRÅ 1925. • HISTORISK DOKUMENT SKRIVE AV TOR SVEINSBORG I JUNI 1994. • TOR ØYVIND SKEISEID

Profile for Omega Design

Mitt Ryfylke 2016 3  

Mitt Ryfylke er eit regionalt næringsmagasinet som speglar folket og livet i Ryfylke. I temautgåvene vil du finne gode reportasjer, portrett...

Mitt Ryfylke 2016 3  

Mitt Ryfylke er eit regionalt næringsmagasinet som speglar folket og livet i Ryfylke. I temautgåvene vil du finne gode reportasjer, portrett...

Advertisement