Page 14

LOS MED

engasjement Mange meinte Dag Flacké (58) allereie som barn hadde eit godt utvikla leiartalent. Eit brennande samfunnsengasjement førte han frå Sykkylven til Hjelmeland, no går ferda vidare. Med tre yngre søsken fekk han tidleg ansvar, og tok seg glatt av barnepass som ni– åring. Etter kvart vart han utvekslingsstudent som 17– åring, i ei tid der det verken var Facebook eller mobil til å halde kontakten med heimen. Då Dag Flacké var ferdig med vidaregåande sto valet mellom å studere teologi eller å gå på handelshøgskulen. Prestesonen Dag byrja på teologi, men fann etter kvart ut at engasjementet kunne bli kanaliserast ut på andre måtar. I botnen låg heile tida samfunnsinteressa, den unge vestlendingen ville gjerne vere med på å setje sine fotavtrykk i utviklinga. Samstundes tok han med seg barnetrua frå oppveksten ut i livet. – På 1990 – talet jobba eg i Kirkens Nødhjelp. Eg har alltid hatt eit hjarte for å jobbe for dei som treng det aller mest. Det var ei travel tid med mykje pendling og lange dagar. Barna var ikkje store då, minstejenta var vel om lag fem år. Eg fekk ikkje med meg så mykje av det som skjedde på skulen eller i fritida. Det var baksida av medaljen. – Men i dag ser eg at begge barna jobbar i same fagfeltet. Eg vel å tru at dei blei inspirerte då dei var små, ikkje minst av Astrid som alltid har engasjert seg for dei svake. Kona Astrid er sosionom og har erfaring frå

14

NR. 3 – 2016

familievernkontoret i Ålesund, i dag arbeider ho som høgskulelektor hjå VID vitenskapelige høgskole. Medan sonen Magnus (35 år) i dag arbeider i Norsk Folkehjelp som rådgjevar for Sør– Sudan har dottera Kristin (31 år) engasjert seg i Changemaker Norge. Ho arbeider no som lærar i Oslo. Sjølv har han dei siste åra hatt karriere i kommune-Noreg, som dagleg leiar for Sykkylven bu – og aktivitetssenter og seinare som assisterande rådmann i Sykkylven kommune. – I dag kjenner eg at eg har slege rot i kommune-Noreg. Eg erkjenner at det er lenge sidan eg arbeidde i ein bistandsorganisasjon og kunnskapen er ikkje så til stades lenger. No er det kommune eg kan. Men engasjementet for dei svake og dei som treng det ber eg med meg, seier Dag og lener seg framover. Truleg handlar det om rettferdig fordeling av goder og om å kjenne sin plass i ei verd der nokre få er fødde med sølvskei i munnen. Alt til si tid, også jobben som rådmann. Etter 3,5 år i rådmannstolen i Hjelmeland kommune er det på tide med ein ny epoke. Etter jul blir

Profile for Omega Design

Mitt Ryfylke 2016 3  

Mitt Ryfylke er eit regionalt næringsmagasinet som speglar folket og livet i Ryfylke. I temautgåvene vil du finne gode reportasjer, portrett...

Mitt Ryfylke 2016 3  

Mitt Ryfylke er eit regionalt næringsmagasinet som speglar folket og livet i Ryfylke. I temautgåvene vil du finne gode reportasjer, portrett...

Advertisement