Mitt Ryfylke 2014 3

Page 42

Glaskunstnar Astrid Vadla Ravnås nyttar teknikken fusing som betyr samansmelting av glas.

— Eg kjende på eit behov for å gjera noko som viste att i tillegg til born, hus og heim.

Lett på handa strør Astrid Vadla Ravnås finknust glas i ulike fargetonar ut på glasplata. Ho er i gong med ein ny serie, Ryfylkeserien. Det kalde glaset i raude, grøne og oransje tonar skal smeltast saman i høg temperatur i ein av dei fire omnane i verkstaden. Temperaturane varierer frå produkt til produkt. På omnsveggane har Ravnås skribla ned ulike oppskrifter som hugselappar for å oppnå best mogleg resultat. Det er ikkje alltid resultatet blir som ho ynskjer. Dersom det blir eit mislykka produkt, kan eg grovknuse det og nytta det om att, fortel ho. Ein liten raud glasbit fungerer til dømes fint som sommarfugl. I verkstaden har ho god arbeidsplass, med god høgd under taket og mykje lys, som er avgjerande for arbeidskvardagen hennar. Leiken med spennet i fargar i alt frå små øyredobbar, til glaskunst på bedehus-vindauge er noko av det glaskunstnaren likar best. — Det kjekkaste er nok når eg får rydda i verkstaden og starta med blanke ark og la fantasien få fritt spelerom. Lidenskapen ho har for fargar samanliknar ho med ein kokk som får eksperimentera med ulike krydder. — Fargane i naturen, historikk, eventyr og trua på at Gud ser den enkelte og at alle har like stor verdi i hans auger,- det inspirerer nok meir enn noko anna, fortel ho entusiastisk. Ho jobbar både på frihand, men kan òg nytta foto som utgangspunkt. I glaskunsten til Ravnås er det både abstrakte og figurative motiv. Soria Moria-slottet og helleristningar går att i fleire av kunstverka. Ravnås jobbar med teknikken fusing, som betyr samansmelting av glas. Teknikken går ut på å smelta fleire lag glasplater saman, i dei fargane ein vil. Fusing-teknikken vart ho oppmerksam på då ho kom over ei bok med arbeid av italienske Miriam Di Fiore. Boka og glaskunsten til Defiore inspirerte Ravnås så mykje at ho i 1998 reiste til Italia på kurs, som einaste deltakar frå

42

NR. 3 – 2014

Det er lett å rota vekk dei ulike oppskriftene for temperaturar, så Ravnås nyttar omnane som hugselappar.

Norden. Det gav meirsmak. Interessa for handtverk har alltid vore der. Både innan sying, patchwork og etterkvart maling, glas og porselen. Glaskunsten vart ho introdusert for i småbarnsfasen på åttitalet. I ein periode på åtte og eit halvt år fekk Ravnås og mannen fem barn. Medan mannen hadde skiftordning i Nordsjøen var Ravnås bleieskiftarbeidar i heimen. — Eg kjende på eit behov for å gjera noko som viste att, i tillegg til born, hus og heim. Eg var ein del aleine på kveldstid og heiv meg på nokre lokale kurs, deriblant glasmaling og porselen. Etter kvart auka produksjonen og det vart for mykje til å gje vekk til vener og kjende. Ho våga seg ut på ei fiskefestivalmesse på Sjernarøy. Det vart ein suksess og Ravnås fekk trua på at ho skapte noko fleire ville ha. Dette skjedde samstundes som kvinner i landbruket vart oppmoda til å tenkja nytt. Eg fekk valet mellom å satsa eller å redusera glasproduksjonen. Mannen har alltid vore ein god støttespelar for Ravnås. På nittitalet slutta han i Nordsjøen og starta med juletreproduksjon. I samarbeid med andre produsentar i distriktet etablerte han selskapet Norsk Juletre, som tek seg av sal av juletre frå mange juletreprodusentar. Han er god til å koka kaffi når det kjem busslaster innom tunet, smiler ho. Det er fleire bussaktørar som har Glasskjellaren som fast stopp-punkt på rundturane sine. I 1996 fekk ho prosjektstøtte av Innovasjon Norge og deltok på fyrste smeltekurs i Oslo. Der vart ho bitt av basillen. Via etablerarskulen lærte ho ulike teknikkar for marknadsføring. Ravnås meiner ho var heldig og fekk mykje positiv omtale både i tv og trykte medium, som gav positive ringverknadar


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.