Page 1

10-ÅRSJUBILEUM

MAGASIN 25.-29. november


LEIAREN HAR ORDET 2013 er året med mange jubileum. Det er 150 år

sidan Edvard Munch blei fødd, 100 år sidan Det Norske Teatret synte si første førestilling, 100 år sidan kvinner fekk allmenn stemmerett og 100 år sidan Kirsten Flagstad gjorde sin operadebut. Sogn og Fjordane fylke feirar 250 år. Det er også 200 år sidan språkmannen og diktaren Ivar Aasen blei fødd. Men det vi synest er mest stas, er at den eldste og største filmfestivalen i fylket fyller 10 år! Dette skal vi feire med ei knallbra veke med mykje filmglede og spanande arrangement. Vi håpar at du vil vere med og feire med oss! Vi startar veka med kick-off på Gloppen hotell. Der vil vi vise filmane som er nominerte til publikumsprisen. Det vil også bli god underhaldning i form av musikk, quiz og loddsal og det vil bli nysteikte vaffler.

musikk og dans og ei matpause der vi serverer fingermat. Så ta på deg finstasen og gjer deg klar for ein strålande kveld du seint vil gløyme. Vi avsluttar festivalveka med fagdag. Der vil det bli halde spanande foredrag, så vi anbefalar deg å ta turen innom for ein lærerik dag.

«Men det vi synest er mest stas, er at den eldste og største filmfestivalen i fylket fyller 10 år!» For oss elevane som arrangerer festivalen, har det vore utruleg kjekt og lærerikt. Det har vore mykje jobbing og mange seine kveldar med planlegging, litt krangling, mykje latter og kreativitet. Det er ei ære å få vere festivalsjef for denne flotte festivalen som er med på å bygge opp filmmiljøet i fylket, og let unge filmskaparar få vise seg fram. Dette er ein arena både for læring og utvikling for unge filmskaparar, men også eit arrangement for sosialt samvær og glede. Vi er glade for å vere ein del av jubileumsåret 2013!

LEIAR Janne Grete Myklebust

På onsdag inviterer vi til årets spesialkino. Ta med deg tepper, puter og eit dryss med eventyrlyst, for vi viser den morosame animasjonsfilmen Monsters University som takkino. Vi garanterer ei kinooppleving du seint vil gløyme. På torsdag er det duka for Qpris. Dette er ein gallakveld der vi deler ut prisar i dei forskjellige filmkategoriane i ekte Oskar-ånd. Det vert raud løpar, kulturinnslag i form av

NESTLEIAR Håvard Osland Sagmo

qpris Ida-Louise Eikås

fagdag Fredrik Dyrstad Valberg

film Geir Elling Raad

økonomi Sofie Geithus

GRAFISK/pr Alice Beate Holm

spesialkino Tryggve Larsson

SPESIALKINO Helene Djupegot

kick-off

Aleksander Beitveit

2

kick-off Berit Akse

@qfilmsandane

@qfilmfestival

/qfilmsandane

leiar@qfilm.net


INNHALDSLISTE

25.-29. NOVEMBER 2013

Leiaren har ordet | side 2 Q-film gjennom 10 책r | side 4-7 Kickoff og fagdag | side 9 Kinoprogram | side 10 - 11 Filmomtalar | side 12 - 15 Spesialkino | side 15 Q-pris | side 17 Aktivitetsside | side 18

FESTIVALPASS

Born: 50 kr Ungdom: 150 kr Vaksne: 200 kr Kulturkort for ungdom mellom 16-21 책r: 100,- (Antall: 200)

qfilm.net

3


Den fyrste arrangerte fagdagen. Kalle Løchen, tidlegare ansatt hos Midtnorsk Filmsenter var fyrste gjestetalaren. Han kom med innspel og tips til korleis ein kan lage gode filmar.

FAGDAG

Europeisk film

2003

Europeisk film

2004

Qfilm arrangert for fyrste gong. Kinosjef i Gloppen, Kjersti Rønningen, søkte om midlar frå EU til å arrangere noko kjekt for ungdommen, og fekk stønad på heile 60 000 kr. Ho kontakta medielina. og slik vart det store Qfilmeventyret sparka i gong. Visste du at den første Qfilm-logoen såg slik ut?

qfilm blir til

QFILM GJENNOM 10 år


Trass kuldegrader vart Qfilm-leiar Birthe Bergh Eide og klassa einige i at årets spesialkino skulle vere på storskjerm ute i Sandane sentrum. Filmen “Gurin med Reverompa” rulla på skjermen, og det vart ein skikkelig suksess.

UTEKINO

Feelgood

2005

Animasjon

2007

Qpris arrangert for aller fyrste gong. Qfilm-leiar Ida Solheim Olsen og klassen hennar kom opp med ideen om ein gallakveld, med filmprisutdeling. Dette var den fyrste som vart arrangert i fylket. Logoen hadde no bytta utsjånad, og var dette året oransje og brun Spesialkinoen i 2005 var ein nattfilm, der dei starta avspelinga klokka 23.00.

Qpris


Leiar Malina Kirkeeide satte dette året ilag med klassa si ny publikumsrekord. Takkino med filmen Taken var også på plass.

Taken i taket

Skrekkfilm

2009

Actionfilm

2010

Thomas Hovlandsvåg var årets leiar, og saman kom styret opp med temaet skrekk. Spesialkinoen vart satt til ein gamal forleten låve i den skumle skogen rundt Jølet.

LÅVEKINO


Adventure

2012

Qfilm-festivalen blei arrangert for tiande gong. Årets gjestetalar var Per Christian Ellefsen, kjend for si rolle som «Elling» i filmen med same namn. Den noko uvanlege julefilmen «Rare Exports» var årets spesialkino, og den fekk ein sjå ute på storskjerm.

GONGen

TIANDE

2013: 10-ÅRSJUBILEUM

Flukt-regissør Roar Uthaug holdt foredrag på fagdagen. Elles på programmet var det mellom anna premiere på den siste Twilight-filmen og takkino der dei synte filmen «Se Opp!»

PREMIERE

Nordisk film

2011


25.-29. NOVEMBER 2013

Kick off Dato: Måndag 25. november Klokka: 19.00 Stad: Gloppen Hotell

Dette året feirar vi 10-årsjubileum, og vi fyrer i

gong årets Qfilm veke med ein kjekk kveld på Gloppen hotell. Vi vil ynskje dykk alle velkomen med nysteikte vaflar og saft. Ta med deg venner og delta på denne innhaldsrike kvelden. Det vert loddsal med mange flotte gevinstar og quiz der du saman med vennene dine kan få teste deg i mange ulike kategoriar. Halvvegs i programmet kjem det til å vere eit musikkinnslag framført av musikkelevar ved Firda vgs. Vi kjem også til å vise filmar som er nominerte til publikumsprisen. Her vil du få sjansen til å gje di stemme til den filmen du likar best. Vinnaren av prisen vil bli annonsert på årets Qpris-galla og vil vinne ein flott premie som er sponsa av NRK Sogn og Fjordane. Vi vil avslutte kvelden med å vise traileren til We’re the Millers. Denne filmen vil bli vist i kinosalen i Trivselshagen klokka 21:30 same kvelden. Kick off er gratis, men det vert sal av festivalband (100kr), som er inngangsbillett til alle filmane i Qfilm-veka. Vi håpar og trur at dette vert ei fantastisk veke, og oppmodar alle til å kome seg ut av godstolen og bli med. Berit Akse og Aleksander Beitveit Kick off-ansvarlege

VISSTE DU AT i både 2003 og 2004 så

vart Qfilm arrangert to gongar i det samme året? Dette er grunnen til at festivalen vart arrangert for tiande gong i 2011, og det er derfor det er først i år at det er det tiande året festivalen blir arrangert.

Fagdag Dato: Fredag 29. november Klokka: 10.00 Stad: Kultursalen, Firda vgs

I tradisjon tru rundar vi av Qfilm-veka med ein

interessant og lærerik fagdag. Dette er ein skuledag der ungdom samlast i Trivselshagen og gjer noko litt utanom det vanlege. Vi inviterar nemleg spanande fagpersonar til å halde inspirerande og lærerike foredrag. Som vanleg får vi besøk av medielinjer frå heile fylket, men vi får også besøk av elevar frå Nordfjord Folkehøgskule, idrettslinja og allmennlinja ved Firda vgs. Fagdagen har aldri vore så stor som den er i år, og det er vi svært stolte av! Dagen tek til med frukost for foredragshaldarane og medieelevar frå fylket, etterfulgt av to foredrag med ei pause mellom. Etter foredraga har salen høve til å stille spørsmål til foredragshaldarane, for så å slå av ein prat med dei. Vi vil enno ikkje røpe foredragshaldarane, det skjer på Qfilm-sida vår på facebook når tida er inne. Men vi kan avsløre at denne dagen vil vere av interesse om du likar film, tv, idrett eller spenning. Med interessante foredragstema på lista, og ein fullstappa sal med elevar, blir dette ein flott dag! Fredrik Dyrstad Valberg Fagdag-ansvarleg

VISSTE DU AT det var Kjersti Rønningen

som gjorde Qfilm mogleg? Ho var på ein EUkonferanse og fekk forslaget om å lage ein filmfestival. Ho søkte om pengar og kontakta tredjeklassingane. Det fyrste året var temaet europeisk film, sidan dei hadde fått støtte av EU.

9


Måndag 25.11 Kick off

på Gloppen Hotell kl 19.00

WE’RE THE MILLERS

21.30 Gloppen kino 11 år

110 min

Komedie

Tysdag 26.11 The world’s end

17.00 Gloppen kino 15 år

103 min

Action

KIck ass 2

19.30 Gloppen kino 15 år

103 min

Action

The conjuring

22.00 Gloppen kino 15 år

114 min

Horror


Onsdag 27.11 Natursti for born i trivselshagen kl 16.00

Monsters university Takkino 17.00 Aulaen Alle

104 min

Animasjon

Gratis pizza mellom filmane

Gravity

20.30 Gloppen kino 11 år

Torsdag 28.11 QPRIS 20.00 Kultursalen

Supervention

22.00 Gloppen kino Alle

97 min

Dokumentar

91 min

Adventure

Fredag 29.11 Fagdag

Filmhøgskulen i Lillehammer 10 - 11 Pause

11 - 12

Espen Fadnes

12 - 13


FILMOMTALE

The Conjuring Filmen er basert på ei sann historie frå 1971. Ekteparet Parron flyttar inn i eit hus dei kjøpte på auksjon. Snart skjer det mystiske ting. Familien Parron kontaktar ekteparet Warren som er ekspertar på paranormale fenomen. Dette er ein svært vellykka skrekkfilm. Ein forlatt kjellar med antikke møblar, dører som opnar seg av seg sjølv, klokker som stoppar midt på natta, og fuglar som dett om på marka utan grunn. Her er ein film med skumle bileter, ekle virkemiddel og skremmande augneblink. Ein eksorsistfilm med ein ekstremt guffen stemning!

112 min Horror Thriller 15 år

Gravity «Gravity» er ein amerikansk sci-fi-thriller som fortel historia om Ryan Stone (Sandra Bullock) og Matt Kowalski (George Clooney). Dei to blir fanga i verdsrommet etter at romskipet deira får skader. Dei mistar kontroll over skipet og flyr inn i det ukjente. Ryan Stone og Matt Kowalski prøver desperat å redde seg heim til jorda. Filmen viser spektakulære og storarta bileter, der vi får oppleve mange spenningsfylte scener.

91 min Drama Sci-Fi Thriller 11 år

12


25.-29. NOVEMBER 2013

Supervention Supervention er ein dokumentar film som viser alle sidene som moderne freeskiing har å by på. Spektakulære naturfoto blandast med rå skiog snowboardkøyring, personlige inntrykk og ekstreme naturopplevelsar fulgt med heftig snøfylt action. I filmen får du følgje verdast råaste ski og snowboardutøvere på ei intens og uforutsigbar reise gjennom eksotiske destinasjoner i Norge, Svergie, Canada, USA og New Zealand. Ski-køyring i bystrøk, ned bratte fjellkjeder og Norge på sitt beste er noko filmen har å by på. Det heile blir dokumentert slik at at reiselysten, gleden og personlighetene til menneskene kjem fram på best mogleg måte, både foran og bak kamera.

97 min Dokumentar Tillatt for alle

Kick Ass 2 Kick-Ass, Hit Girl og Red Mist vender tilbake i Kick-Ass 2 - oppfølgaren til den store kinosuksessen frå 2010. Kick-Ass filmane presenterer eit hardbarka samfunn der folk føler at det å kle seg ut som superheltar er den beste måten å sloss mot kriminalitet på. Skuletida er snart over og Dave er usikker på kva han skal gjere med livet sitt. Han bestemmer seg derfor for å starte verdens første superheltteam saman med Mindy, og i det dei byrjar og få kontroll over kriminaliteten i byen, dukkar The Motherfucker, verdens første superskurk opp igjen.

103 min Komedie Action 15 år

qfilm.net

13


FILMOMTALE

The World’s End Komediegenia bak Shaun of the Dead og Hot Fuzz står bak filmen The worlds end. Det er ein komedie om fem ungdomsvenar som samlast i heimbyen etter 20 år, for å gjennomføre pub-til pub runda som dei ikkje klarte då dei var yngre. For samtidig å redde menneskeheita frå menneskeliknande robotar, der det kjem fram store mengder valdsscener som drar opp aldersgrensa, sjølv om det er innafor komiske grenser.

109 min Komedie Action 15 år

Monster University Mike Wazowski og James P. Sullivan er eit radarpar, men sånn har det ikkje alltid vore. Heilt sidan universitetsstudenten Mike Wazowski var eit lite monster, har han drøymt om å bli ein skremmar. Og han veit betre enn nokon andre at dei beste skremmerane kjem frå Monsteruniversitetet (MU). Men i løpet av sitt fyrste semester ved MU, vert Mikes planar spolert når hans vegar kryssar hotshot’n James P. Sullivan, “Sulley”, som er eit naturtalent av ein skremmar. Duoen sitt ukontrollerte konkurranseinstinkt får begge to sparka ut av universitetet sitt Elite-Skremmeprogram. For å gjere vondt verre innser dei at dei må samarbeide med ein merkeleg gjeng mislykka monster.

104 min Animasjon Komedie Tillatt for alle

14


25.-29. NOVEMBER 2013

We’re the Millers “We’re the Millers” er ein komedie med Jennifer Aniston, Jason Sudeikis og Emma Roberts. Her prøver hasj-dealeren David å stable på beina ein liksomfamilie for å smugle ei mengde stoff over grensen frå Mexio, for å infri gjelda han har til sin faste doplevrandør Brad. Saman med nabodama Rose, ein stripper som trenger penger, foreldrelause Kenny, og gatejenta Casey reiser dei ut på oppdrag med ideen om å bruke ein bubil som transportmiddel. Med ei liksom-kone, to falske born og ein strøken campingbil, blir dette den komplette familieferien. Kva kan eigentleg gå gale? Smugleforsøket går sjølvsagt ikkje som planlagt.

110 min Komedie 11 år

Spesialkino Dato: Onsdag 27. november Klokka: 17.00 Stad: Aulaen, Firda vgs

KONKURRANSE

Qfilm

har alltid ynskt å tilby festivalgjengarane ei filmoppleving utanom det vanlege. Det har ført til ein del spenstige og spesielle påfunn gjennom åra. Årets festival er ingen unntak: vi viser pixarfilmen Monster University som takfilm i Aulaen. Denne innovative og nytenkjande hendinga har dei siste åra gått under namnet spesialkino. Filmen vi skal vise har fleire karakterar som mange har sett før, og vi oppmodar publikum til å kle seg ut. Dette er sjølvsagt ikkje noko som er påbode. Du kan kle deg ut som ein karakter frå filmen, eller kva som helst anna - her er det berre fantasien som set grenser! Vi håpar du tar med både familie og vener for å sjå ein fantastisk familiefilm med masse eventyr og varm humor som passar alle aldrar. I tillegg håpar vi filmen vekkjer litt nostalgi i dei unge vaksne som såg Sulley og Mike på lerretet for ein del år sidan. Ta med deg eit teppe, pute og ditt beste humør, og sjå fram til ein kinooppleving du seint vil gløyme!

Bli med i instagramkonkurransen vår! Ta eit gla’bilete under festivalveka, og tagg det med

#Qfilmglede Vi annonserer vinnaren på vår facebookside 29. november og vil få eit gåvekort på Skinlo!

Helene Djupegot og Tryggve Larsson Spesialkino-ansvarlege

qfilm.net

15


MAGASIN

Vi sponsar Qfilm i jubileumsåret:

KULTURKORT FOR UNGDOM

Takk til Bakaren Sandane, Europris og Rema 1000 Introduksjonsdager!

NYE

Suzuki lanserer nå helt nye S-Cross 4x4. Suzukis store nye Folkebil kombinerer det beste fra SUV biler, tradisjonelle personbiler og ikke minst stasjonsvogner. Bagasjerommet på hele 430 liter er klassens største, firehjulstrekk er standard og utstyrnivået er svært høyt. Nye diesel og bensinmotorer med lavt forbruk og lave utslipp gjør bilen til en avgiftsvinner. Automatgir og er også tilgjenglig. Med firehjulstrekk, stor plass og lave avgifter kan vi trygt si at S-Cross er som skapt for norske forhold og en nyhet du ikke bør gå glipp av.

S-Cross 4x4 fra 289.900,- Automatgir + 15.000,-

on yttalere - Navigasj ke: med USB og 7 hø tak - DAB+ radio og bak sol an a for r ram no nso pa sse El. - Parkering Sort skinn interiør e klimaanlegg era - LED kjørelys ksjonsratt - 2 son system - Ryggekam r - Skinn multifun ge fel Bluetooth telefon ms r - Sølv takrails niu pila mi B alu ” er fra lyktespylere - 17 Tåkelys - Mørke rut il spe dig Bi Xenon lys med ven tem og start art inn re - Nøkkelfritt sys tomatisk avblendb atiske vindusviske Cruisekontroll - Au tom Au se an ist bakkestart ass ar kr. 49.000.Hill hold kontroll/ ud: kr. 20.000.- Sp Introduksjonstilb 0..00 69 kr. rdi Ve

Introduksjonspak

N SOM SKAPT FOR R G E

4x4 og automatgir

tilgjengelig

4x4 standard

ER BILSENT

Tlf. 57 86 61 00 6823 Sandane Åsavegen 159 Opningstider: - 16.00 Man. - fre. 07.30 14.00 Laurdag 10.00 -

Velkommen til prøvekjøring!

ske forhold! Som skapt for nor www.suzuki.no


25.-29. NOVEMBER 2013

Den fyrste gallakvelden Qfilm vart arrangert fire gonger før festivalsjef Ida Solheim Olsen og klassa i 2005 kom på ideen om Qpris, og tok festivalen eit steg vidare. Dei utvikla ideen for å gjere hausten og festivalen meir interessant. Kva med litt glitter og glamor på Sandane? Dermed oppstod Qpris, med raud løpar og heimelaga gullprisar. Prisane vart laga med trolldeig dagen før og spraya med gull. Dette vart tydeligvis ein suksess, for ein har arrangert Qpris kvart år etter dette.

Qpris 3 – 2 – 1:

teppet går opp, to vakre konferansierar entrar scena og ønskjer publikum velkomne. Spenninga om kven som stikk av med sigeren i dei ulike kategoriane er til å ta og føle på. Vi er klare, er du? 28. november har eg og resten av 3MKA ved Firda vidaregåande skule gleda av å invitere deg og dine til gallakveld i Trivselshagen – eit bygg som ikkje bærer eit tilfeldig namn, for trivsel har det mykje av, særleg denne kvelden. Det er sjølvsagt Qpris det er snakk om, sjølve høgdepunktet i den innhaldsrike Qfilm-veka. Etter at Qfilm-arrangørane frå 2005 tok filmfestivalen til nye høgder med å arrangere prisutdeling har arrangementet vakse for kvart år, og i år er ikkje eit unntak.

Dato: Torsdag 28. november Klokka: 20.00 Stad: Kultursalen, Firda vgs

Årets filmkategoriar: Beste fiksjon

Qpris er ein kveld der vi tar oss ei velfortent pause frå ein travel kvardag for å heidre dei mange unge, talentfulle filmskaparane som det kryr av her i Sogn og Fjordane. Det vert raud løpar, prisutdelingar og kulturinnslag der Georg Lipai byr på fleire musikkinnslag. Det vil også bli fleire spektakulære dansenummer som danselinja står for. I pausen vil det vere fingermat og drinkar i foajéen. Der vil det også vere fotostudio for alle som har lyst å forevige minnet om denne herlige kvelden. Prisutdelinga vil forgå i ekte Oscar-stil, og dette er ein unik muligheit til å få eit innblikk i kva som vil skje i framtidas film-Noreg. Det er med andre ord noko for ein kvar smak, så det er berre å glede seg! Ta på deg finstasen og ta med deg kjende og kjære til ein gallakveld du seint vil gløyme.

Beste dokumentar Beste etterarbeid Beste Fagfilm Juniorprisen Dokument 2013 Juryprisen Publikumsprisen

Ida-Louise Eikås Qpris-ansvarleg

VISSTE DU AT tidlegare Qfilmleiar Lasse

Fløde er skribent og fotograf og fekk etter si tid på Firda mange stipend og prisar for sitt arbeid? Han har har arbeida for magasina Kinfolk Magazine og Personae, og er også fotografen bak bileta på blant anna LP`en til Jonas Alaska.

VISSTE DU AT

frå den første Qfilmfestivalen i 2003 til den femte festivalen i 2005 hadde dei moteshow sponsa av Skinlo & Co? Etter 2005 bytta dei ut moteshowet med spesialkino, der dei blant anna har vist filmar i taket i aulaen på skulen, utekino og horrorfilm i ein nedlagt låve.

17


AKTIVITETSSIDE

FINN 7 FEIL NATURSTI Onsdag i trivselshagen klokka 16:00

VELKOMEN!

d n a lb a v i t Fes r born fo

r k 50

FINN SVARA I MAGASINET Kor mange år er Q-film? Kva er spesialkinoen i år? Kor mange filmar blir vist på Q-film i år? Kor mange gongar har Q-film vore arrangert? Korleis såg den første Q-film logoen ut?

18


25.-29. NOVEMBER 2013

SANDANE

www.qfilm.net qfilm.net

17 19


qfilm.net

Qmagasin  

Magasinet for Qfilm sitt 10-årsjubileum 2013! Filmfestivalen blir arrangert 25.-29. november på Sandane.