Issuu on Google+

01 /JUNI 2013

MAGASIN FRÅ SKL

TUNELL MED FORNYBAR ENERGI FORSYNINGSSIKKERHET RAMMEVILKÅR I ENDRING


KRAFTLINJER 01/2013 Utgjevar SKL Adresse: Postboks 24, 5401 Stord Telefon: 53 49 60 00 E-post: post@skl.as www.skl.as Ansvarleg redaktør Jan Petter Myhre Redaksjon Anne- Gro Fiveland Magne Heimvik Dagfinn Vatne Foto Tom Haga, Øyvind Sætre og Øyvind Hjelmen Grafisk utforming Oktan Trykk Scanner Grafisk Kraftlinjer vert trykt på miljøvennleg papir

24

1

Ø M E R KE T ILJ

0 Trykksak 7

7

M

INNHALD 02 04 06 08 10 12 16 19 22

Ei brytningstid Kværner gassar på Den «usynlege» kraftkjelda Med rett til å overvake Sunnhordland Museum/ Halsnøy Kloster Ein mann – fire kraftverk Auka forsyningssikkerhet i Haugesundsregionen Fag og ressursar på tvers Rammevilkår for bransjen

KONSERNSJEFEN

EI BRYTNINGSTID Vi er no inne i sommarmånadene, kanskje den mest travle tida for våre folk. Med avgrensa tilgang på nett- og produksjonsanlegg er det mykje tilsynsog vedlikehaldsarbeid som skal gjerast på kort tid. I tillegg er det fullt trykk på prosjekta våre innan nett, vannkraft, breiband, osv. Så mange ser nok fram til nokre gode og rolige ferieveker. Midt i denne travle kvardagen må vi også løfta blikket og sjå framover i tid. Skal vi lykkast i å utvikla selskapet og skapa verdiar for eigarane, må vi ha eit langsiktig perspektiv på dei val vi gjer. Dette krev på si side god innsikt i rammevilkåra og evne til å omstilla seg i takt med dei endringar som skjer rundt oss. Og akkurat no er det mykje som skjer! Vi er på mange måtar inne i ei brytningstid. I mykje sterkare grad enn før vert vi påverka av det som skjer utanfor landets grenser, både direkte gjennom dei marknader vi møter, og indirekte gjennom reguleringar i EU som er relevante for Norge. Dette i tillegg til heimlege utfordringar gjer framtidsbilete svært komplekst. I slikt «ureint farvatn» er det ikkje lett å stikka ut ein sikker kurs. Klimautfordringane og fokus på fornybarsamfunnet gjev vår bransje rik og god tilgang til verdiskaping. Vi har ved fleire høve påpeika at norsk energi­ bransje med fornybar energi som vass- og vindkraft er ein viktig del av løysninga på dette. Vi har store potensiale på dette området, men då er det viktig at det er ein marknad for produktet vårt og at vi har nødvendig infrastruktur for å nå denne marknaden. Her er ikkje «kartet» så tydeleg. Rett nok er mange av rammevilkåra på plass, men vi har ikkje ein samla energipolitikk som viser heilskapen frå produksjon av kraft via nett og til marknaden. Vi er inne i eit paradigmeskifte når det gjeld kraftprisar. Etter over 10 år med ein stigande trend, peikar pilene no nedover. Så godt som alle analysemiljø er samde om ei flat eller fallande priskurve dei næraste 10 åra. Ein snakkar om eit innanlands kraftoverskot i storleiken 30-50 TWh rundt 2020. Det kan for oss kraftprodusentar bety


Magne Heimvik, konsernsjef i SKL.

ei monaleg devaluering av verdien på eksisterande kraftproduksjon. Dette skjer i ei tid der både SKL og bransjen generelt står føre store investeringar og har stort behov for kapital. I tillegg har våre eigarar forventing til avkastning på kapitalen sin. Det store spørsmålet er kva som kan skje på forbrukarsida, konvertering frå fossilt til fornybart og mogeleg eksport til utlandet. Frå SKL si side har vi sterk fokus på nettutvikling og ser det som kanskje den viktigaste oppgåva dei næraste åra. Store mengder fornybar kraft må ut til marknaden og Forsyningssikkerheten må oppretthaldast. Vi må dessverre konstatera at det er vanskeleg å få aksept for dei utbyggingar som er nødvendige. Ikkje sjeldan høyrer vi om motstand og motsegner til dei prosjekta som blir ført fram. Dette er ei utfordring som vi i bransjen må ta inn over oss. Vi har lett for å peika på andre, og er ikkje alltid like kritisk til vår eiga agering. Det er viktig å lytta til andre sine synspunkt og ha forståing av at det er mange viktige omsyn som må avvegast når vi skal ta vår verdifulle natur i bruk. Og ikkje minst – det er viktig med god dialog. Det er ei erfaring vi har gjort oss i SKL og som vi har lykkast godt med. Avslutningsvis er det på sin plass å leia fokus over på Stordfest. Eit arrangement på Stord som går av stabelen kvart tredje år og der SKL har valt å gå inn som generalsponsor. Dette er med å setja regionen og Stord kommune på kartet, og er ein god anledning til å marknadsføra selskapet vårt. Eit framtidsretta og attraktivt selskap i ein spennande og attraktiv region. God sommar!

3


NATURGASS

KVÆRNER GASSAR PÅ

Alle varmeomnar og røyrnett ved Kværner Stord er no konventerte til naturgass.

Bevisst bruk av naturgass har klare positive utslag for Kværner på Stord. Hovud­ målsetnaden for verksemda er å trygge arbeids­miljøet for dei tilsette, syte for lågare utslepp av klimagassar, samt auke den totale tryggleiken.

For å nå målsetnaden har Kværner konvertert om lag 6000 kW olje og 4000 kW propan til naturgass i malarhallen. Alle varmeomnar og røyrnett på lager, servicesenter og prefabrikasjonsverkstaden, er no konventerte til naturgass, og i komande år vil Kværner Stord legge røyrtrasé for naturgass til dokkområdet. Det vil gje større kapasitet i høve til oppvarma byggeplass. Verksemda har også planar om å prøve ut naturgass som skjeregass. Null utsleppsrisiko og høg leveringstryggleik Magne Førland ved Kværner Stord, meiner ein har oppnådd mange positive effektar ved overgang til naturgass. – I samband med overgang frå fyringsolje til naturgass er sjølvsagt risikoen for oljeutslepp til

Magne Førland, Kværner Stord. 4


DET MILJØVENNLEGE VALET SKL ser alltid etter dei mest miljøvennlege løysingane når ein treng gode alternativ til fossile energikjelder. Naturgass er nettopp det. Det meste av energien som vert nytta til oppvarming her til lands, kjem frå vasskraft. Men i vinterhalvåret hender det at det er vasskraftmangel, og me må importera kraft frå ureine kjelder i Europa. Då er naturgass eit langt meir miljøvenleg val enn energi frå anna fossilt brensel. Naturgass gjev også ei meir effektiv og kjapp oppvarming, og eit betre innemiljø. 28 km distribusjonsnett SKL har bygd ut 28 km distribusjonsnett for naturgass på Stord. Fleire aktørar frå industri og næringsliv har i ein periode over fire år investert for å kunne nytte naturgass som energikjelde i verksemdene sin. Dette har gjeve gode resultat med tanke på reduksjon av risiko, inneklima, miljø og økonomisk vinst.

miljøet totalt fjerna. Ein annan vinst er knytt til reduserte driftskostnadar til oppvarming av bygningsmassar. Kværner har fokus på og vurderer fortløpande energikostnader. Prisane på olje, gass og strøm, endrar seg raskt. Førland poengterer at moderne og meir effektive energiforbrukarar som til dømes omnar og brennarar, saman med avansert styring og overvaking, gir dei største kostnadsreduksjonane. Samarbeidet med SKL har han ingenting å utsetja på. – Kværner er godt nøgde med det, og eg vil spesielt framheve den høge leveringstryggleiken av naturgass som SKL står for, avsluttar Førland.

Naturgass gir fordelar Kværner Stord er ein viktig kunde for SKL, og har over fleire år hatt som målsetnad å konvertere eldre olje- og propaninstallasjonar til naturgass. Verksemda har gjennom risiko- og sårbarheits­ analysar dokumentert at naturgass gir fordelar innanfor områda HMS, miljø, og kostnadar knytt til energiforbruk. Skangass-avtale I desember 2012 signerte SKL leveringsavtale for LNG med Skangass. Skangass etablerte i 2007 Europas største og mest moderne LNG-anlegg i Stavanger. Produksjonsanlegget er lokalisert i Risavika i Sola kommune, og kan ­produsere­dobbelt så mykje energi som Stavanger kommune sitt energibehov.

AUKA ÅRSFORBRUK* *GASSUTTAKET TIL KUNDANE PÅ STORD

200 000 KWh/DØGN

2 900 HUSSTANDAR

25 000 KWh/ÅR


SKL PRODUKSJON

DEN «USYNLEGE» KRAFTKJELDA Laurdag 18. mai opna fire av sju sjakter som leier vatn frå nedbørsområdet til Eikemoelva, gjennom ein ny fem kilometer lang krafttunnel.

føra inntil 14.5 m³ – 14 500 liter – vatn i sekundet. Frå utlaupet av tunnellen renn vatnet gjennom Vetrhusvatnet, og inn i ein ny tunnell som fører det til Blådalsvatnet. Det er det største magasinet i vassdraget, og kan på det meste romma 150 millionar m³ vatn. Herifrå vert vatnet nytta til kraftproduksjon i kraftstasjonane Blåfalli III og Blåfalli Vik.

Med dette aukar kraftproduksjonen i SKL sine kraftstasjonar i Blådal-vassdraget i Kvinnherad med om lag 62 GWh, tilsvarande forbruket til godt over 3 000 norske husstandar. Og det utan ein einaste ny dam eller kraftstasjon er bygd.

Ferdig eit år før tida Prosjektleiar, Kjetil Heimvik, er strålande nøgd med at storprosjektet no er klart til å produsere kraft.

14 500 liter vatn i sekundet Tunnelen strekk seg frå Vetrhusvatnet i Kvinnherad og endar i Sæterdalen ovanom Eikemo i Etne kommune. Den har kapasitet til å

– Tunnellen er ferdig eit år før planlagt sluttføring. Det er rett og slett fantastisk. Eg vil retta ei stor takk til alle tilsette, samt leverandørar som har vore med i prosjektet. Ikkje minst til Lemminkäinen Anlegg, som har vore hovudentreprenør. Oppryddingsarbeid Heimvik understrekar at det framleis står att ein del oppryddingsarbeid.

Prosjektleiar Kjetil Heimvik.

6


– Alt frå anleggsmaskinar til bustadriggar skal demonterast og køyrast vekk. Avslutningsvis skal heile området arronderast og førast tilbake så nært til naturleg utsjånad som råd. Rask igangsetting Prosjektet starta opp sommaren 2011, berre nokre veker etter at Olje- og energidepartementet (OED) hadde gjeve konsesjon etter innstilling frå Norges vassdrag- og energidirektorat (NVE). Medan ein venta på at anleggsvegen skulle bli ferdig, vart anleggsmaskinar frakta opp med helikopter. Tyngre utstyr og fullverdig bustadrigg kom på plass så snart vegen var klar. – 4 km veg vart bygd den sommaren og hausten, parallelt med at det vart ført fram straumforsyning. Alt var klart til tunnelldriving med to skift gjennom den første anleggsvinteren, fortel prosjektleiaren. SKL-modellen Administrerande direktør i SKL Produksjon, Kjetil Harestad, er naturleg nok godt nøgd med at Eikemotunnellen no bidrar til auka straumproduksjon. – Ikkje minst er me nøgde med at prosjektet er gjennomført utan alvorlege skadar på mannskap, og at me er ferdige såpass lenge før tida. Me er opptekne av å levera når me gjennom konsesjon har fått tillit frå storsamfunnet. På førehand hadde me ein tett dialog med alle involverte partar og interesser, slik at alt var klart så snart me hadde fått «grønt lys» frå styresmaktene. NVE Også frå NVE vert det påpeika at Eikemo-prosjektet er godt gjennomført. Konsesjonsdirektør Rune Flatby er tydeleg i sin bodskap. – SKL har vært flinke til å planlegge langsiktig, med god dialog både til sentrale og lokale myndigheter. Dette gir god forutsigbarhet, og er et viktig bidrag til at vi når våre mål innen satsing på fornybare energikilder. Vi legger store ressurser ned i konsesjonsarbeidet, og det er svært tilfredsstillende å se at våre anbefalinger blir omsatt i samfunnsnyttige prosjekt.


DRIFTSSENTRAL

MED RETT TIL Å OVERVAKE Avansert teknologi og krevjande arbeidsoppgåver stiller høge krav til kompetanse, og årvaken haldning frå dei tilsette ved SKL Driftssentral.

kommuniserer og styrer driftssentralen montørane som tek seg av drift, og som gjenopprettar feil i straumnettet. Deira analyser og informasjon om feil og avbrot er til god støtte for drifts- og investeringsavgjerder.

Hovudfokuset til SKL Driftssentral er fordelt på to kjerneområde. Det er overvaking og styring av straumnettet og kraftproduksjon. Frå driftssentralen styrer, overvaker og optimaliserer SKL sin del av sentral- og regionalnettet i regionen mellom Boknafjorden og Bjørnefjorden, samt distribusjonsnettet på Stord. I tillegg

Kontinuerleg fokus Driftssentralen bidreg også i drift og overvaking av SKL sine produksjonsanlegg. Operatørane på driftssentralen er aktive og har kontinuerleg fokus på å hente ut ekstra marginar i kraftproduksjonen. Dei har eit vakent blikk på

Frå venstre divisjonsleiar økonomisk drift Håvard Singelstad og portefølgjeforvaltar Stein Høgsand.

8


Jomar Grov og Nils Hetleflåt.

damanlegga og kraftverka, og syt for å overvake vassreservane. Dei følgjer opp ubalanse og justerer produksjonsplanar for å minimalisere tap av vatn, og gjennom dette aukar SKL verdien av sin kraftproduksjon.

fokusområda, som er nemnde innleiingsvis, også er viktig når det kjem til forsyningssikkerhet av straum. – Driftsoperatørane på driftssentralen har høg kompetanse på drift og gjenoppretting i straumnettet og kraftproduksjonsprosessen. Ved ekstraordinære hendingar har driftssentralen oversikt over produksjonslinja. Dei kan raskt gjenopprette forsyning ved til dømes å starte opp produksjon på anlegg, og legge om straumnettet for å forsyne området som har feil. Her ser ein tydeleg positiv effekt av at driftssentralen fokuserer på dei to kjerneområda, og gjennom det har forståing for, og ser samanheng mellom kraftproduksjon og forsyningssikkerhet.

– Driftssentralen bidreg til å hente ut dei ekstra marginane som fører til at ein optimaliserer kraftproduksjonen i SKL-konsernet. I 2013 oppnådde SKL 13 % høgare pris på kraft enn områdeprisen. Dette syner at samspelet mellom produksjonsplanlegging og driftssentralen gjev positive resultat, slår direktør i SKL Produksjon, Kjetil Harestad fast. Forsyningssikkerhet Direktør i SKL Nett, Asbjørn Tverdal, seier at erfaringane er at kombinasjonen av dei to

9


SAMARBEIDS- OG SPONSORAVTALE

SUNNHORDLAND MUSEUM/ HALSNØY KLOSTER SKL har innleia eit fleirårig samarbeid med Halsnøy Kloster, der ein skal sikra fotokunstnarar opphald i tre veker. Ordninga er allereie etablert, og denne sommaren har det vore to kunstnarar på klosteret. Samstundes har det vore ei utstilling av kunstnarar som hadde tilsvarande opphald i fjor. Tanken er at arbeidet som kunstnarane utfører medan dei er på klosteret skal munna ut i eit arbeid som vert tilgjengeleg for både klosteret og publikum det påfylgjande året. – Halsnøy Kloster er eit viktig historisk minnesmerke, og me i SKL er glade for å kunna bidra til at klosteret vert brukt på ein slik måte at det er livskraftig og kan tilby gode opplevingar, både historiske og kunstnarlege, seier konsernsjef Magne Heimvik i ein kommentar.

Halsnøy Kloster består av både ruinar og nyare bygningar. 10


Halsnøy Kloster er så absolutt verd eit besøk. Her med hovudhuset til venstre, og ruinane etter kyrkja så vidt synleg på bakken i framgrunnen.

Frå fotoutstillinga: Bileta er tekne med ekstrem lang lukkartid - heile natta - og skjuler alt som har skjedd framfor kamera den natta!

Sentral rolle i 850 år I tillegg har Halsnøy Kloster jubileum i år. 850 år er det sidan Erling Skakke fekk bygd kloster på Halsnøy i ein politisk avtale der erkebiskop

Øystein skulle krune sonen hans til konge over Noreg. Klosteret har gjennom hundreåra spelt ei sentral rolle i regionen, både som religiøst, økonomisk og politisk maktsenter. 11


SMÅKRAFTVERK

EIN MANN – FIRE KRAFTVERK Med ansvar for fire småkraftverk har masterstudenten Eirik Ulvenes Pedersen det travelt om dagen. Snart er alle kraftverka klare til drift.

Prøvedrift i Åkraelva Åkraelva kraftverk er det første småkraftverket som er i prøvedrift. Dette er eit heileigd SKL aksjeselskap som leiger fallrettane frå grunn­eigarane i ein avtale på 40 år. Her har Eirik Ulvenes Pedersen hatt ansvaret for alle elektromekaniske installasjonar.

SKL er ansvarleg for dei fire kraftverka Eitro, Liarelva, Åkraelva og Akslandselva som no er klare til drift omlag samtidig. Ansvaret vippar ikkje den unge, sindige masterstudenten av pinnen. Her er det stålkontroll frå ende til annan.

– Eg har vore med på alt frå kontrakt­ forhandlingar med leverandørar, via oppfylging av installasjonar og fram til prøvedrift. På den måten får eg veldig god oversikt over prosjektet. Sjølv om det har

– Klart det er utfordrande, men også veldig kjekt, smiler Ulvenes Pedersen.

12


SMÅKRAFTVERK

vorte mange og lange dagar dei siste åra, har det vore spennande å fylgja prosjektet så tett. Ein får liksom litt meir kjensle av ansvar og gjennom­ føring når det er slik.

No låg vegen open for den nybakte ingeniøren til å gå lina heilt ut. – Ja, eg bestemte meg like godt for å satsa på masterstudie innan tryggleik, pålitelegheit og vedlikehald av kraftverk som spesialisering. Eg er no ferdig med 5 av i alt 8 modular som må gjennomførast i tillegg til masteroppgåva. Kva den skal ta for seg har eg ikkje bestemt meg heilt for enno, men det skal nok bli råd å finna eit interessant emne.

Frå lærling til masterstudent Ulvenes Pedersen har lang fartstid i SKL. Han starta opp som lærling i 2001, og etter avslutta læretid kunne han smykka seg med fagtittelen energimontør. Men han stoppa ikkje der. Då den første fagprøven var unnagjort, sette han straks i gang med arbeidet fram mot eit nytt fagbrev. Denne gongen energioperatør. Heile tida var han i fullt arbeid.

Bereist herremann Eirik Ulvenes Pedersen er snar med rosa SKL som arbeidsgjevar. Han nemner spesielt at linjeleiar og HR har vore gode medspelarar på karriere- og utdanningsløpet han har valt.

– Eg tok eksamen ved Troms fagprøvesenter, og det var eit veldig greitt opplegg med samlingar og sjølvstudium fram til eksamen og fagprøve.

Å vera ansvarleg for fleire småkraftprosjekt fører òg med seg mykje reising både innanlands og utanlands.

Med to fagbrev og sikker jobb skulle ein kanskje tru at han var nøgd? Men denne karen hadde større planar.

– Leverandørar til kraftverk er i stor grad internasjonale, og det har vorte turar til blant anna Bulgaria, Tsjekkia, Polen, Spania, Frankrike og Estland, i tillegg til mange innanlandsturar, avsluttar den reisevande ingeniøren.

– Eg fekk informasjon om at det var råd å ta eit deltidsstudium for å bli «elkraftingeniør» ved Høgskulen Stord Haugesund. I perioden 2006– 2009 deltok eg på helgesamlingar i tillegg til sjølvstudium. Eg tok ingeniøreksamen sommaren 2009.

Eirik Ulvenes Pedersen har hatt ansvar for etablering av fleire småkraftverk i SKL regi. 14


Eirik Ulvenes Pedersen har alltid blikket vendt framover mot nye oppg책ver og moglegheiter.


Frå venstre Truls Drange, Asbjørn Tverdal, Anne-Gro Fiveland og Tom Eide.

BEREDSKAP

AUKA FORSYNINGSSIKKERHET I HAUGESUNDSREGIONEN Samarbeid og systematisk arbeid gjev resultat når det ekstraordinære skjer.

så stor kapasitet som den eksisterande. Den er produsert ved Hyundai i Sør Korea, fortel prosjektleiar Tom Eide i SKL.

Ein utredningsrapport utført av Haugaland Kraft (HK) og SKL frå 2009, samt ein lengre kuldeperiode i starten av 2010, har vist at det er naudsynt å auke kapasiteten i straumnettet i Haugesundsregionen. Det er konkludert med at byte av hovudtransformatoren på Karmøy er løysinga. Dette er ein av tre transformatorar som bidreg til forsyning av straum i Haugesundsregionen.

I samband med byte av transformator blir også koplingsanlegget bytt ut. Det er Haugaland Kraft som er eigar av dette anlegget, og som tek seg av arbeidet knytt til dette. Godt samarbeid Byte av transformator og koplingsanlegg er tufta på eit nært samarbeid mellom SKL og HK. Samarbeidet inkluderer også Hydro Aluminium Karmøy, kor anlegget er lokalisert.

Doblar kapasiteten SKL er eigar, og leier arbeidet med å byte transformatoren.

– Samarbeidet spenner frå analysar av straumnettet, til gjennomføring og utføring av konkrete nettprosjekt. Store prosjekt er krevjande når det kjem til både kompetanse og ressursar,

– Den nye transformatoren som er venta til Karmøy på seinsommaren, har om lag dobbelt 16


noko som gjer det naudsynt for selskapa å samarbeida, seier leiar for nettdivisjonen i Haugaland Kraft, John Harald Jakobsen.

feil kunne få for samfunnsfunksjonar og korleis lokalsamfunnet måtte førebu seg. Medvitet vart auka og risikoreduserande tiltak lagt fram.

Han meiner dialogen mellom SKL og HK er god, og ein viktig faktor for å lukkast i prosjektet.

Felles beredskapsøving Parallelt reviderte kommunane eigne beredskapsplanar for bortfall av straum. Mange ulike tiltak blei sett i verk for å førebygge eventuelle feil i ein sårbar periode, og for å førebu og auke selskapa si evne til gjennoppretting dersom ei ekstraordinær hending skulle oppstå. Etter at førebyggande tiltak var sett i verk, gjennomførte SKL og HK ei felles beredskapsøving.

– Det styrker både gjennomføringsevna og resultat, slår han fast. Felles risiko- og sårbarheitsanalyse Som eit førebuande tiltak har Haugaland Kraft og SKL utarbeidd ein felles risiko- og sårbarheitsanalyse for prosjektet. Det vart i vinter gjennomført eit fagseminar der blant anna representantar frå kommunane i regionen og fylkesberedskapssjefen deltok. Her vart det peika på risikoar knytt til utskifting av hovudtrafo og nytt koplingsanlegg på Karmøy, kva konsekvensar

– Øving er eit avgjerande verkemiddel for å utvikle kunnskap og for å kunne ta dei rette avgjerslene i ei verkeleg hending. Beredskapsøvinga gav SKL og HK ei felles 17


BEREDSKAP

situasjonsforståing og erfaringslæring som vart avgjerande i handteringa av feilsituasjonen som vart ein realitet den 26. april, seier Anne-Gro Fiveland, beredskapsrådgjervar i SKL, som hadde ansvaret for øvinga.

«Øving gjer meister» Hendinga var svært lik scenaria ein hadde drøfta i fagseminaret, og trena på i beredskapsøvinga. Dei involverte var difor godt førebudde når uhellet skjedde.

Øvinga vart reell Den 26. april viste det seg altså at risiko­ vurderingane, analysane og beredskapsøvinga som var gjennomført, var naudsynte. Ved eit uhell vart to av fasane på skillebrytarane i mastearrangementet øydelagt, i samband med gravearbeid som Haugaland Kraft utførte.

– Dette viste seg å vere svært viktig i den kritiske situasjonen som oppstod, der samfunnsfunksjonar og kundar på Karmøy og Utsira vart straumlause. Det understrekar kor viktig det er å gjera godt forarbeid, seier Anne Hilde Nilsen. Ho arbeider med nettutvikling i HK, og bidrog med sin fagkompetanse i planlegginga og gjennomføringa av beredskapsøvinga.

– Hendinga førte ikkje til personskader, men store delar av kundane på Karmøy og Utsira vart straumlause. Beredskapsorganisasjonen i Haugaland Kraft vart etablert, og handterte den ekstraordinære hendinga etter gjeldande og oppdatert beredskapsplanverk, fortel John Harald Jakobsen i HK. Etter feilretting og naudsynte koplingar i straumnettet, lukkast det å gjenopprette straumtilførsla i løpet av få timar.

Hausten 2013 Den nye transformatoren som kjem til Karmøy i august er forventa å vera i full drift i løpet av oktober 2013. Forsyningssikkerheten i Haugesundsregionen vil då vera merkbart betra i høve til i dag.

Leiar for nettdivisjonen i HK (bak til venstre) John Harald Jakobsen og ­prosjektleiar Gunnar Eikje i Haugaland Kraft ser på at Arne Olav Thorsen og Olav Odland (gul hjelm) utfører kabelarbeid.


ENGINEERING

FAG OG RESSURSAR PÅ TVERS SKL går nye vegar for å utvikle og trygge eit godt fagmiljø innan drifts- og forretningskritisk kompetanse. SKL Engineering vart etablert i april og er eit tiltak som har målsetnad om å betre fagmiljøet og samordninga av delar av ingeniørkompetansen i konsernet.

SKL er eit lite konsern med om lag 130 årsverk fordelt på fire selskap med aktivitetar i heile verdikjeda. Konsernorganiseringa vart gjennomført med verknad frå 2009, etter pålegg frå NVE.

19


ENGINEERING

– Me er heldige og er godt nøgde med å ha flinke fagfolk på alle nivå innanfor dei ulike forretningsområda i konsernet, seier konsernsjef Magne Heimvik. Og sett under eitt er erfaringane med konsernorganiseringa svært gode. Det er likevel enkelte område me ser kan bli betre, held han fram. Dette gjeld særleg to område; oppsplitting av i utgangspunktet små kompetanse- og fagmiljø, og samordning av investeringsprosjekt.

i konsernet. Gjennom eit systematisk samarbeid vonar me å skapa eit meir robust fagmiljø innan kjerneområda som den vidare utvikling av SKL er avhengig av, seier konsernsjef Magne Heimvik. Han legg til at det samstundes vert skapt eit fagmiljø med oppgåver som gjer SKL meir attraktive med omsyn til å rekruttera og behalda kompetanse. – Ein legg betre til rette for fagleg utvikling og læring, og SKL vert gjennom dette mindre sårbar med omsyn til personalavgang.

For å møte desse utfordingane har konsernet no sett i verk tiltak. Etter dialog mellom selskapa og arbeidstakarorganisasjonane NITO og Tekna, vart SKL Engineering etablert med verknad frå 15. april 2013.

Teigenes vert koordinator Etableringa av SKL Engineering medfører ikkje endring i dotterselskapa sine oppgåver og ansvarsområder. Det einskilde selskap vil framleis ha ansvar for å prioritere oppgåver og ressursar i tråd med konsernet sine overordna mål og strategiar.

Matriseorganisert eining SKL Engineering er ikkje eit nytt selskap, men ei matriseorganisert og samlokalisert eining på tvers av selskapa i konsernet. Ved oppstartinga inngår 22 tilsette, som er rekruttert frå SKL Nett, SKL Produksjon og morselskapet SKL. Kompetansen som er samla, er i hovudssak på master- og bachelornivå innanfor fagområda elektro, maskin, dam/vassbygg og byggfag, supplert med kompetanse på doktorgrandsnivå innan biologi og akvakultur. Utover dette samlar ein fagpersonell innanfor kvalitetsstyring og HMS, innkjøp, og juridisk kompetanse.

–­ Eg ser fram til å samle og nytte fagkompetansen i konsernet, samt bidra til å utvikle og sikre at fagkunnskap og fagutvikling vert ein styrke i SKL konsernet, seier Kenneth Teigenes. Han skal koordinere SKL Engineering sitt arbeid framover.

Vil nytte ressursane betre – Hovudmålsetjinga med tiltaket er å få betre nytte av fagkompetansen og ressursane på tvers

Erling Otterlei er SKL sin biolog. 20


Erling Otterlei og Hege Ă˜kland i munter fagleg diskusjon.


NETTSELSKAPER

RAMMEVILKÅR FOR BRANSJEN Bransjen er inne i en brytningstid med mange og store utfordringer. Det gjelder bl.a. forholdet til EU og stadig nye lovpålegg, hjemlige utfordringer knyttet til stor investeringsvekst, og utfordringer knyttet til organisering av nettvirksomheten.

Olje- og energidepartementet i vår besluttet å legge den såkalte regionalnettsordningen død. Samtidig registrerer vi at myndighetene har valgt ikke å gå videre med vårt forslag til en regional utjevningsordning. Energi Norge arbeider videre med å forstå hva nye europeiske regler kan bety for norske nettselskaper, og om utviklingen skaper nye behov ikke minst på et regionalt nivå.

Spørsmål om antall nettselskaper og organiseringen av nettselskaper i Norge har tradisjonelt vært et tema avgrenset til de av oss som jobber i kraftbransjen, men det har endret seg de siste to årene. Nå står det politikere i mange leire og undrer seg over hvorfor det er så mange nettselskaper, og om det er en god løsning for kundene. Nye regler fra EU har også åpnet for en ny diskusjon om eierskap og roller. Et sentralt spørsmål har vært hvordan den delen av distribusjonsnettet som er regional, det såkalte regionalnettet, skal utvikles og drives. I Energi Norge er vi svært tilfreds med at

Ekspertgruppe For å utvikle et langsiktig perspektiv på organisering av nettet i Norge har Olje- og energidepartementet nylig nedsatt en ekspertgruppe under ledelse av Eivind Reiten. Ekspertgruppen skal gi råd om hensiktsmessig nettorganisering på lang sikt og legge frem mulige modeller og skissere virkemidler og strategi for dette, herunder hva som kan gjennomføres innen 2020. Gruppen skal først og fremst konsentrere seg om regional- og distribusjonsnettet. Det er

KLIMAMÅL, ELSERTIFIKAT OG VERDIEN AV NORSK VASSKRAFT

Etter litt over eit år med erfaringar frå elsertifikatmarknaden, byrjar det å danna seg nokre bilete av verknadane av denne støtteordninga for å auka energiproduksjonen basert på fornybare kjelder. Det vart godkjent 153 produksjonsanlegg innafor ordninga i 2012. (NVE 2012) Av dettte er det 2 vindkraftprosjekt, og resten er vasskraft. Samla produksjon frå desse anlegga er venta å vera 805 GWh. Gjennomsnitleg årsproduksjon for anlegg med rett til elsertifikat er 5,3 GWh. Dette er med andre ord hovudsakleg mindre og uregulerte vasskraftanlegg. Dette er i tråd med forventningar til det første året med 22


om lag 130 distribusjonsnettselskap og om lag 70 regionalnettseiere i Norge. Det er stor variasjon mellom selskapene, både hva gjelder størrelse, oppgaver, effektivitet, kundegrunnlag og eiere. I Energi Norge ser vi dette utvalget som en naturlig oppfølging av tidligere signaler fra myndighetene, og håper denne prosessen bidrar til mer forutsigbarhet for både eiere og selskaper.

Administrerende direktør i Energi Norge, Oluf Ulseth.

Store kompetansekrav En annen stor utfordring vi har foran oss, er betydelige nettinvesteringer i hele nettsystemet - anslagsvis ca. 150 mrd. kroner de kommende 10 årene. Dette er drevet både av behov for oppgraderinger av dagens nett, bedre forsyningssikkerhet og nye investeringer i fornybar energi. Dette vil være et krevende løft for bransjen teknisk, gjennomføringsmessig og økonomisk. Dette stiller store krav til kompetanse og rekruttering, og det stiller nye krav til både eiere og selskaper for å sikre kapital for slike investeringer.

av anleggene er godt dekket andre steder. Ny reguleringsmodell for distribusjonsnettene trådte i kraft fra 2013, og samlet sett har nettselskapene nå bedre økonomiske rammebetingelser enn før. Samtidig har NVE varslet en gjennomgang av dagens ordning der selskapene er garantert en minimumsavkastning på 2 % sett over 5 år. En endring på dette området kan gi en merkbar innstramming for mange selskaper. Sikre gode rammevilkår Forandringene som nå pågår skaper utfordringer og gir muligheter. I Energi Norge vil vi fortsette arbeidet for at kraftbransjen sikres attraktive rammevilkår for utvikling og verdiskaping. Det vil også være det beste bidraget til et bærekraftig energisystem og god forsyningssikkerhet for kundene.

Unødige begrensningar Rammebetingelser for nettselskapene består av mange forhold. Den såkalte kompetanseforskriften skal være gjennomført innen 1. juli i år. Forskriften setter helt unødige begrensninger på godt og fornuftig regionalt samarbeid, og kravene til kompetanse for drift

Devaluering? Når så mykje ny energi vert tilgjengeleg i ein fri marknad vert det naturleg press på prisen, dersom ein ikkje utvidar etterspurnaden samstundes. Så langt har ikkje det skjedd. Det norske forbruket flatar ut, og det vil ta tid før ein kan eksportere meir kraft gjennom nye utanlandskablar. Utsiktene for den kraftkrevjande industrien i Norge er ikkje veldig lys, og det kan vera fare for at me heller opplever ein nedgang i etterspurnaden. Det vil leggja ytterlegare press på prisen, og ein konsekvens kan vera ei devaluering av eksisterande norsk kraftproduksjon. (Størstedelen av norsk vasskraft er ikkje omfatta ev elsertifikatordninga)

elsertifikat. Det har heile tida vore venta at norske prosjekt ville liggja noko etter i starten, både grunna konsesjonsbehandling, planegging og ferdiggjering av nye anlegg. Sertifikatpris og klimamål Sertifikatprisen har, etter starten i 2012, variert mellom 12 og 19 øre. Det meste av tida nærast det lågare sjiktet. Eit viktig argument for å gjennomføra ordninga med elsertifikatordninga var å auka produksjonen frå fornybare energikjelder – for på denne måten å koma klimamålsetjingane i møte. Tida får visa om vi i fellesskap med Sverige når målsetjinga om 26,4 TWh ny fornybar kraft. 23


OKTAN

SKL Postboks 24, 5401 Stord Telefon: 53 49 60 00 E-post: post@skl.as www.skl.as

Returadresse: SKL, Postboks 24, 5401 Stord

OM SKL SKL (Sunnhordland Kraftlag AS) har vore eit vertikal-integrert energiselskap med omfattande aktivitetar i regionane mellom Stavanger og Bergen, og har som visjon å vera eit kraftsenter for framtidsretta energiforsyning. I 1953 sette SKL i drift det første aggregatet i Blådalsvassdraget i Kvinnherad, og med det vart det lagt eit svært viktig grunnlag for utvikling i regionen. I dag er heile samfunnet bygd kring ei sikker tilførsle av straum, og frå ein regional ståstad er det selskapet si målsetjing å framskaffa ny kraftproduksjon og vidareutvikla ein konkurransedyktig struktur og kvalitet innan energidistribusjon.


Kraftlinjer #1 2013