Page 7

Elis Brukarmøte 2010

Få med deg brukarmøtet! Fleire fagsesjonar, fleire artistar og fleire kulinariske godbitar – Elis Brukarmøte 2010 blir ein happening du ikkje bør gå glipp av. – Årets brukarmøte har eit tettpakka og omfattande program, både fagleg og sosialt. Landets største og kanskje beste konferansehotell skal som i fjor fungere som ein møteplass med tid og rom til å diskutere dei utfordringane vi møter i kvardagen, seier sals- og marknadssjef i Elis, Stian Madsen. Årets arrangement byr på 25 ulike fagsesjonar, i tillegg til plenumsforedrag og fire ulike kurs. – Nytt av året er at torsdagen er rydda til fordel for eit rikt kurstilbod. Tilbakemeldingane frå i fjor gjekk mellom anna ut på at kundane ønskjer seg fleire kurs, og det har vi tatt til oss. Fagsesjonane er gruppert ut frå det faktum at brukarane av ElWin har ulike tilnærmingar til programvara, basert på bruksområde og erfaring. I sum håper vi programmet utgjer eit tilbod dei fleste vil ha stor nytte av. – Ambisjonen er den same som i fjor: Flest mogleg av ElWin-brukarane skal finne fleire sesjonar som treff deira arbeidsoppgåver og interessefelt. Årets program trur eg tar vel vare på denne målsettinga. Det sosiale programmet er utvida med eit humoristisk innslag på tirsdagskvelden. Ein av Norges mest kjente komikerduoar får utfolde seg i Sonia Henie-salen, og dei bør ha det som trengs for å varme opp representantane frå den norske energibransjen.

Steinar Sagen Shamrock Lads

– Onsdag vil i tur og orden Steinar Sagen, Nordic Tenors og Shamrock Lads stå for variert underhaldning etter at det faglege er i hamn, seier Madsen.

Stian Madsen

Elis Brukarmøte 2010 vert arrangert på Radisson Blu Plaza Hotel i Oslo, 31. august – 2. september.

For meir informasjon, sjå www.elis.no eller kontakt Elis på brukarmote@elis.no.

Bye & Rønning

Nyheitsbrev nr 2 - 2010

7

Nyheitsbrev  

Nytt frå Elis

Nyheitsbrev  

Nytt frå Elis

Advertisement