Issuu on Google+

NYHEITSBREV #2 - 2010

R A S M S M O O S LE ! D L IS O A L G Å IE FR

Kraft bak smarte løysingar

UTNYTTER DU MOGLEGHEITEN E I ELWEB? SIDE

6

FORTUM OG MAI K I DRIFT MED ELW I N SIDE 4

NYE KUNDAR OG NYE TILSETT E SIDE 5

FÅ MED DEG BRUKARMØTET! SIDE 7


Kraft bak smarte løysingar

Elis AS er blant Norges leiande IT-selskap innan utvikling og leveranse av tenester og programvare til energibransjen.

I dette nummeret Programvara ElWin er i dag den mest

Direktøren har ordet ................................

3

Fortum og MAIK i drift med ElWin ............

4

Herkules ny Elis-eigar ..............................

5

EB Kundeservice i drift med to nye kundar

5

Nye medarbeidarar ...................................

5

Ny kunde: BKK Energimåling AS ..............

5

Utnytter du moglegheitene i ElWeb? ........

6

Elis Brukarmøte 2010 ...............................

7

moderne og fleksible løysinga på marknaden. Elis tilbyr innovative og kostnadsoptimale løysingar innan ein brei verdikjede, som spenner langt ut over det ein forstår som tradisjonelle kundeinformasjonssystem (KIS). Vi legg vekt på å forenkle samhøyrande, komplekse prosessar utan å miste samanhengane. Vårt mål er at våre kundar skal lukkast ved at vi leverer innovative, brukarvenlege og kostnadseffektive løysingar og tenester. Det er ein straum av utfordringar både i dag og i framtida, og saman skal vi finne dei gode løysingane.

Elis AS Postboks 33 6961 Dale i Sunnfjord Tel: 57 73 99 70 Fax: 57 73 99 71 E-post: elis@elis.no Web: www.elis.no

Nyheitsbrev nr 2 - 2010

2


direktøren har ordet

God sommar! Først av alt vil eg takke for den gode responsen på kundeundersøkinga i vår. Mange hadde tatt seg tid til å nytte kommentarfelta til å komme med konstruktive tilbakemeldingar, og vi i Elis er svært takksame for dette. Resultata frå undersøkinga skal vi nytte til å ta endå betre vare på behova til kundane våre.

....................

Sommaren er her, og vi kan sjå tilbake på eit hektisk fyrste halvår. No skal batteria ladast til ein haust som vil by på nye utfordringar.

ElWin ElWeb tilbyr store moglegheiter for sjølvbetening for sluttkunden. Vi trur fleire av våre kundar kan ha mykje å hente på dette feltet, og presenterer i dette nyheitsbrevet ein del av funksjonaliteten ein kan hente ut av programvara. I denne sommarutgåva kan du mellom anna også få vite meir om det faglege og sosiale programmet på brukarmøtet, samt få ei oppdatering på kva som har skjedd rundt Elis sidan sist.

“Vi ser fram til å treffe dykk i Oslo i slutten av august!”

Like over sommaren er det igjen duka for Elis Brukarmøte. Arenaen er også i år Plaza Hotell i Oslo, og også i år blir møtet ein viktig arena for oss. Det direkte møtet med brukarane av produktet er viktig, slik at vi ansikt til ansikt kan diskutere felles utfordringar. Brukarmøtet er ein god arena for våre nye kundar til å bli betre kjent med Elis, ElWin og andre brukarar av systemet. Difor legg vi mykje ressursar i arrangementet, og håper flest mogleg ynskjer å verte med.

..........................................................

I starten av april vart det informert om at investeringsfondet Herkules kjøper 100 prosent av aksjane i Elis AS. Herkules har finansiell styrke og brei industrierfaring, som i kombinasjon med vår bransjekunnskap og høgkompetente medarbeidarar vil sikre ei sterk utvikling for Elis i åra som kjem. Vi er godt nøgde med å få Herkules som ein kapitalsterk eigar med langsiktig perspektiv.

Ifjor haust signerte Elis kontraktar med Fortum Distribution og MAIK. No er begge selskapa i full drift med ElWin etter strålande innsats frå alle partar. Prosjektleiarane frå Elis, MAIK og Fortum er samstemde i sin ros av alle dei ressurspersonane som har fått det heile i hamn. No skal vi byggje vidare på dette arbeidet ved å sikre trygg og lønsam drift i åra framover. Eg vil med dette ynskje dykk alle ein riktig god sommar og ei fin ferietid. Vi ser fram til å treffe dykk i Oslo i slutten av august!

Johnny Haugsbakk Administrerande direktør

Nyheitsbrev nr 2 - 2010

3


Nye kundar i drift

Fortum og MAIK i drift med ElWin Fortum gjekk i drift med ElWin måndag 7. juni, mens MAIK starta opp ein månad tidlegare. Begge selskapa vil ta i bruk element frå alle modulane i ElWin: Standard, ElProsess, ElAnalyse, ElWeb og ElNett. - Fortum har hatt ein proff prosjektorganisasjon, ei gjennomgåande positiv innstilling og eit ønske om å samarbeide og finne løysingar saman. Eg føler meg trygg på at Fortum vil bli ein god kunde for Elis i mange år, seier prosjektleiar Ann Kristin Torsheim Ask. Fortum Distribution bygger, vedlikeheld og driftar overføringsnettet i Østfold. Selskapet utfører også lovpålagte oppgåver innan elsikkerhet, og har totalt rundt 100 000 sluttkundar. Eva Kvakkestad, prosjektleiar og leiar for MBS (Metering and Billing Services) i Fortum, er svært nøgd med samarbeidet med Elis.

- Elis har gjennomført et meget godt og strukturert innføringsprosjekt for Fortum. De mange kunnskapsrike og hyggelige prosjektmedlemmene hos Elis har gitt oss en lærerik og god prosjektperiode. De har løst våre spesialsaker og utfordringer fortløpende til alles tilfredsstillelse, uttaler Kvakkestad. - Vi er nå i den tidlige oppstart av systemet, og slik det ser ut så langt, har vi gjennomført det beste IT-prosjektet hittil i Fortum. Etter to uker i drift utfører alle sine daglige driftsoppgaver uten problemer, og vi har sendt ut de første fakturaene til planlagt tid. Vi ser fram i mot videre samarbeid med vår nye

leverandør Elis og til å kunne utvikle oss videre sammen med det nye arbeidsverktøyet vårt.

Del av storkonsern Fortum i Norge er ein del av det finske energikonsernet Fortum Oj, som er eit leiande energiselskap i Norden, delar av Østersjø-området og Russland. Fortum produserer, distribuerer og seljer elektrisitet og varme, driftar og vedlikeheld kraftverk og andre industrianlegg, samt leverer energirelaterte tenester.

MAIK godt i gang MAIK gjekk i drift med ElWin hos Fredrikstad Energi 3. mai. MAIK vil som uavhengig outsourcingpartnar nytte ElWin som eit av sine forretningskritiske system i samband med levering av Måling/AMS, Avregning, Innfordring og Kundesenter. - Eit stort mannskap la ned ein fantastisk innsats for å komme i mål med skarp konvertering. Dette har vore heilt avgjerande for at vi kunne starte opp som planlagt, uttaler prosjektleiar Sølvi Rørvik i Elis. Rørvik meiner det vellukka prosjektet er eit resultat av unik kompetanse, stort pågangsmot og ekstraordinær innsats. Lista med avgjerande faktorar er lang, og fleire av desse kan til tider vere lett å gløyme. - Vi kan med rette seie at vi er gode på struktur, administrering og kvalitet, men det er like viktig å framheve den ansvarsbevisstheita som gjennomsyrer produksjonen. Kunden kjem i fokus, og dei tunge taka vert tekne innanfor ein pressa tidsplan. Det er ei glede og ein motivasjon å jobbe med MAIK-deltakarar i beste klasse, seier Rørvik.

MAIK AS er eit heileigd dotterselskap av Fredrikstad Energi (FEAS). Selskapet sine målgrupper er nettog kraftselskap, utbyggjarar/burettslag, kommunar, fjernvarme- og breibandselskap. MAIK utfører tenester for mellom andre Fredrikstad EnergiNett, Energi1 Nett, Askøy Energi og OBOS. - Vi føler virkelig at vi har jobbet med en erfaren og profesjonell leverandør, som har tatt store og nye utfordringer på ”strak arm”. Vi hadde mange store ønsker om utvikling i ElWin (spesielt konsernmodellen), som har blitt ferdigstilt innen oppstart. Vi har også fått veldig bra tilbakemeldinger fra våre ansatte på opplæringen Elis har gjennomført, sier Lars Hasselgård, avdelingsleder produksjon i MAIK. Elis takkar Fortum og MAIK for tilliten, og ser fram til eit godt samarbeid i tida som kjem. Nyheitsbrev nr 2 - 2010

4


Notisar

Herkules ny Elis-eigar

Nye medarbeidarar

Herkules Private Equity Fund III inngikk i april avtale om å kjøpe 100% av aksjene i Elis AS.

Elis ønskjer to nye medarbeidarar velkomne til våre lokale i Dale i Sunnfjord. Rekruttering av kompetent og lærevilleg arbeidskraft er blant dei viktigaste grepa vi tar for heve servicenivået overfor kundane våre.

Herkules III kjøpte aksjer frå dei tidligare hovudeigarane, Data in Vest AS og Embriq Holding AS (100% eid av Hafslund Venture), samt tilsette og nokre mindre aksjonærar. - Krav om økt presisjon og effektivisering av energibransjen medfører økt etterspørsel etter avanserte IT-systemer og outsourcing. I tillegg vil overgang til avansert strømmåling bety behov for store systemoppgraderinger i energibransjen. Vi mener Elis er svært godt posisjonert for å delta i denne utviklingen, seier partner i Herkules Capital, Rikke T. Reinemo.

Jøran Sandvoll (22) er frå Høyanger. Jøran har bachelorgrad Ingeniør - elektro, og starta i jobb hos oss i juni. Arve Snilstveit (39) har lang erfaring som kundeansvarleg i Telenor Kundeservice i Bergen. Han har utdanning frå Førde Tekniske fagskule, Høgskolen i Gjøvik og Universitetet i Bergen. Arve startar i Elis tidleg i august. Totalt i 2010 har Elis tilsett ti nye medarbeidarar.

- Vi er godt nøgd med å få Herkules som eigar. Med Herkules si finansielle styrke og brede industrierfaring i kombinasjon med høgkompetente medarbeidarar i Elis er eg trygg på at selskapet vil fortsette den sterke utviklinga i åra som kjem, uttaler administrerande direktør i Elis, Johnny Haugsbakk. Herkules består av tre investeringsfond med ein samla kapitalbase på NOK 12,25 milliardar frå norske og internasjonale investorar. Herkules har finansiell styrke som gjer det mogleg å ta dominerande eigarposisjonar i etablerte selskap med potensial for vidareutvikling. Det nye styret i Elis AS består av Rikke T. Reinemo (leiar), Cato Haug og Torkild Solli Haukaas frå Herkules, samt Ove Myklebust og Roger Solheim frå Elis.

EB Kundeservice i drift med to nye kundar EB Kundeservice gjekk fredag 28. mai i drift med to nye kundar. Selskapet skal drifte tenester for Østfold Energinett og Viken Fibernett. Bygginga av fiberbreiband har vore i full gang i fleire år. Det er fem år sidan EB starta med utbygging av fiberbreiband og levering av internett-, tv- og telefonitenester. Sidan den gang har selskapet knytta over 15.000 husstandar til sitt fibernett.

Ny kunde: BKK Energimåling AS BKK Energimåling og Elis har underteikna ein av tale med 3 års varigheit. BKK Energimåling opererer innanfor produktområda fordelingsmåling og fellesmåling, og er eit heileigd dotterselskap av BKK AS. Selskapet vil ta i bruk element frå ElWin-modulane Standard, ElProsess og ElNett. BKK Energimåling bidrar til verdiskaping for kundane ved å utvikle, levere og drifte effektive løysingar for energimåling og fordelingssystem. - Det er spennande tider i energibransjen, sett i lys av innføringa av AMS. Elis skal bidra til å realisere moglegheitene ved den nye teknologien og dei krav som stillast til marknaden. BKK Energimåling har eit spennande energikonsept, der ein ønskjer å tilby sluttkunden eit ”total-energiprodukt”. Vi har store forventningar til at eit samarbeid med BKK Energimåling vil løfte våre produkt og tenester, uttaler Stian Madsen, sals- og marknadssjef i Elis. Vi takkar BKK Energimåling AS for tilliten med å velje Elis som leverandør og ser fram til eit godt samarbeid i tida som kjem. Nyheitsbrev nr 2 - 2010

5


Fokus på forretningsområde: ElWin ElWeb

Utnytter du moglegheitene i ElWeb? Spart tid, reduserte kostnader og forbetra kundeservice er dei openbare fordelane for energiselskap som optimaliserer si bruk av ElWin ElWeb. Er du klar over alle moglegheitene som finnast i programvara? - Vår erfaring frå møte og seminar den siste tida er at ein del av våre kundar ikkje er klar over moglegheitene som eksisterer i ElWeb. Vi ønskjer sjølvsagt at alle skal få realisert mest mogleg av det potensialet som ligg her, uttaler systemkonsulent Paul Christian Sandal (bildet) i Elis.

til oppdatering av personleg informasjon, samt spesialtenester som flyttemelding og betalingsutsetjing. Det bør vere ein fordel for alle partar at sluttkunden kan skreddarsy sitt forhold til energiselskapet.

Fleksibel og tidsriktig løysing

Web-baserte sjølvbeteningsløysingar er i fokus hos den moderne kunde og leverandør. I ElWeb-konseptet realiserer Elis gevinstane både for energiselskapa og deira kundar. Vår visjon er å sette energiselskap i stand til å presentere oppdatert informasjon, samtidig som sluttkunden får gode moglegheiter for å administrere sitt eige kundeforhold.

ElWeb er utvikla slik at våre brukarar har moglegheit til å administrere store delar av output sjølv. Utvikling av enkle og brukarvennlege løysingar skal stimulere til auka elektronisk interaksjon med sluttkunden.

- Sjølvbeteningstenestene i ElWeb dekkjer sentrale prosessar i verdikjeda frå komponent via målarverdiar til produkt og faktura. I tillegg kan sluttkunden få tilgang

- Energiselskapet kan i stor grad sjølv tilpasse sluttkunden sine moglegheiter gjennom ElWeb. Behovet for kontroll og tilpassing av

produktutvalg varierer stort frå selskap til selskap, seier Sandal. Gjennom ElWeb tilbyr Elis funksjonalitet som er tilpassa både privat- og bedriftsmarknaden. Løysinga er fleksibel og integrert mot andre Elis-produkt. Dette bidrar til gode tenester, bundling av kommunikasjonskanalar som web, sms og e-post, og moglegheit til å tilby fleirprodukt via ein og same portal. - Eg er ikkje i tvil om at ElWeb er vegen å gå for alle energiselskap med ønske om å framstå som eit selskap med eit moderne og tidsriktig image. Betre kundeservice resulterer i spart tid og reduserte kostnader, samtidig som det blir lettare å tilby nye produkt og køyre spesialtilpassa kampanjar.

Funksjonalitetsoversikt Dette er nokre av funksjonane vi tilbyr under forretningsområdet ElWin ElWeb for privat og bedrift: • Målaravlesing for sluttkunden • Kontakt meg-skjema til kundesenter • Prøveavrekning på reelle data i produksjonssystemet • Komplett leveranseoversikt • Fakturaoversikt over alle produserte fakturaer • Forbruksgrafar med oversikt over både timesmålte og profilmålte anlegg • Eksport til Excel for etterbehandling • Internettfaktura på avdelingsnivå med moglegheit for fakturaadministrasjon for fleire anlegg/målarar • Automatisert flyttemelding for både inn/utflyttar og meklar • Oversikt over historiske utgifter og prognose for framtidige utgifter • Automatisert produktbestilling/kjøp for eksisterande kundar i forhold til dei produkta energiselskapet tilbyr • Automatisert produktbestilling for nye kundar på web • Utstede eiga betalingsavtale

Nyheitsbrev nr 2 - 2010

6


Elis Brukarmøte 2010

Få med deg brukarmøtet! Fleire fagsesjonar, fleire artistar og fleire kulinariske godbitar – Elis Brukarmøte 2010 blir ein happening du ikkje bør gå glipp av. – Årets brukarmøte har eit tettpakka og omfattande program, både fagleg og sosialt. Landets største og kanskje beste konferansehotell skal som i fjor fungere som ein møteplass med tid og rom til å diskutere dei utfordringane vi møter i kvardagen, seier sals- og marknadssjef i Elis, Stian Madsen. Årets arrangement byr på 25 ulike fagsesjonar, i tillegg til plenumsforedrag og fire ulike kurs. – Nytt av året er at torsdagen er rydda til fordel for eit rikt kurstilbod. Tilbakemeldingane frå i fjor gjekk mellom anna ut på at kundane ønskjer seg fleire kurs, og det har vi tatt til oss. Fagsesjonane er gruppert ut frå det faktum at brukarane av ElWin har ulike tilnærmingar til programvara, basert på bruksområde og erfaring. I sum håper vi programmet utgjer eit tilbod dei fleste vil ha stor nytte av. – Ambisjonen er den same som i fjor: Flest mogleg av ElWin-brukarane skal finne fleire sesjonar som treff deira arbeidsoppgåver og interessefelt. Årets program trur eg tar vel vare på denne målsettinga. Det sosiale programmet er utvida med eit humoristisk innslag på tirsdagskvelden. Ein av Norges mest kjente komikerduoar får utfolde seg i Sonia Henie-salen, og dei bør ha det som trengs for å varme opp representantane frå den norske energibransjen.

Steinar Sagen Shamrock Lads

– Onsdag vil i tur og orden Steinar Sagen, Nordic Tenors og Shamrock Lads stå for variert underhaldning etter at det faglege er i hamn, seier Madsen.

Stian Madsen

Elis Brukarmøte 2010 vert arrangert på Radisson Blu Plaza Hotel i Oslo, 31. august – 2. september.

For meir informasjon, sjå www.elis.no eller kontakt Elis på brukarmote@elis.no.

Bye & Rønning

Nyheitsbrev nr 2 - 2010

7


GOD SOMMAR!

Elis AS, postboks 33, 6961 Dale i Sunnfjord – Tlf 57 73 99 70 – elis@elis.no

www.elis.no


Nyheitsbrev