Page 1

SIDAN 1866

NOREGS STØRSTE MARKNADSPLASS HANDEL

LANDBRUK

ANLEGG

HUSDYR

www.dyrskun.no

MAT

HUSFLID

FOLKELIV


frå fesjå til noregs største marknadsplass Kvart år, andre fredag i september, arrangerast tradisjonsrike Dyrsku’n i Seljord. Dyrsku´n er Noregs største handels- og landbruksmesse som kvart år samlar over 80 000 besøkande til den vesle bygda Seljord i Vest-Telemark. Arrangementet er ein møtestad med rom for alt frå kniv- og klokkehandel, til lokalmat, husdyr og omsetnad av anlegg- og landbruksmaskiner i stor målestokk, samt ei husflidutstilling med utstillarar frå heile landet. Dei siste åra har opp mot 700 utstillarar fått plass på Dyrskuplassen og våre 150 mål. I 2014 var heile 90 000 menneskje på Dyrskuplassen i løpet av Dyrsku-helga som kvart år startar andre helga i september. Arrangementet passar for dei fleste. Me har aktivitetar og program for store og små, bønder, handelsfolk, mat- og husflidsinteresserte og dei fleste andre. Kvart år har me også eit rikt kulturprogram og politiske debatter.

2


Det heile starta i 1850-åra då det vart avvikla fesjå på ein rekke plassar i Telemark. Her møtte bøndene fram for å handle og selje. Fyrst og fremst var det handel med dyr, men etter kvart kom det òg andre varer til. Det var ikkje uvanleg at 4-500 dyr var for sal under marknadane. Etter kvart var det sterke krefter som ville ha fesjåa samla på ein fast stad, så då Even Høyesen Nordgarden stilte eit 100 daa stort område til disposisjon samstundes som statsagronom Johann Lindequist jobba iherdig med myndigheitene, vart det avgjort at fesjåa skulle haldast i Seljord. Slik starta Dyrsku-eventyret.

150 ÅR MED DYRSKU’N 1867 Dyrsku-fjøset med 200 båsplassar teke i bruk.

1866 “Statens første Qvægudstilling” i Seljord.

1947 Det blir opna for andre storfe-rasar enn Telemarkskyri.

1916 50-årsjubileum. Kongens fortjenstmedalje i sølv til telebøndene Hans Kleppen og Sveinung Groven for arbeidet “for telemarksfæets fremgang”.

1962 Bygdekunst/ husflidutstilling for fyrste gong på Dyrsku’n. I dag landets største husflidsutstilling.

1956 100-årsfeiring av det fyrste rasedyrskuet i Noreg, Kviteseid i 1856, og 90-årsjubileum for Dyrsku’n i Seljord. Kronprins Olav æresgjest.

1991 125-årsjubileum. 18 dekar nytt utstillingsområde. Opprusting av kjøkken og kafeteria. 1981 Fyrste gong over 50 000 besøkandes på Dyrsku’n: 51 035 selde billettar.

1999 Sterke Nilstunet og den nybygde “Stogo” blir opna. Ny publikumsrekord: 69 887.

1995 Dyrskuarrangementet omorganisert, Dyrsku’n får dagleg leiar. Dyrskuplassen utvida til 120 mål (innafor gjerdet).

2003 Skoghuset under oppføring. Ein gamal byggeskikk i grindverkteknikk som vart nytta i jarnalderen.

2002 Ny publikumsrekord under Dyrsku`n, heile 75 072 betalande gjester.

2006 Dyrsku`n fyller 140 år!

2004 Den nye smia og ystebui vart teken i bruk.

2016 150-års jubileum!

3


DET BESTE FRÅ NORSK LANDBRUK

LANDBRUK

4

På landbruksområdet på Dyrsku’n finn du røtene våre. Det som starta som eit fesjå i 1866, har utvikla seg til å bli den største landbruksutstillinga i landet. Her finn du historie og tradisjon saman med det nyaste av landbruksteknologi. Landbruksområdet er eit reindyrka område for landbruks-relatera produkt. Her finn me det meste frå dei største traktorar og skurtreskarar til litt mindre reiskap, gjerdesystem og merking for dyr. Me har om lag 80 små og store utstillarar inne på dette området. Utstillarane som er hos oss kjem frå store delar av Sør-Noreg.


OPPLEV HUSDYR PÅ DYRSKU’N Husdyrutstillinga, som er ein av dei største i Noreg, reknast av mange som sjølve hjartet på Dyrsku’n. Nystrigla hestar, kyr, geiter og storfe vert vurdera og premiera. Husdyr møter du på det gamle Sterke Nils-tunet, i Husdyrhallen, og i Fjoset, kor du sjølvsagt og finn den fagre Telemarkskua.

Husdyrutstillingar: Landsutstilling for hoppe og unghest Ku-utstilling Geiteutstilling Kjøttfeutstilling

HUSDYR OMRÅDE

C

Få med deg årets husdyrutstilling på Dyrsku’n

Mønstringar: Kalvemønstring Ku og ungdom

5


MATLYST DYRSKU’N FRÅ JORD TIL BORD Interessa for mat, og ikkje minst kunnskap om matens opphav er større enn nokon gong. Med sine lange tradisjonar som handels- og marknadsplass, både når det gjeld dyr og mat, har Dyrsku’n ein unik moglegheit til å vera en formidlar av heile reisa frå jord til bord. Med Matlyst Dyrsku’nǹ inviterast du til ei oppleving utanom det vanlege.

Smakar for ein kvar gane!

6


MATLYST DYRSKU’N Matlyst på Dyrsku’n aukar år for år. Kvart år samlast lokalmat-produsentar frå fjern og nær for å tilby spennande og smakfulle produkt. Gjestene våre er på skattejakt etter gode smakar og pengane sit laust i lomma. Landbruk og mat gjeng hand i hand på Dyrsku’n. Her kan ein møte dyra, sjå korleis maten blir til og kjøpe god lokalmat. Matlyst Dyrsku’n skal gje gode matopplevingar, inspirere, engasjere og gje kunnskap om mat. I Pop-up kjøkkenet lagast det enkle smakfulle rettar av produkt frå lokalmatutstillarane. Her kan ein nyte gode måltid, med nye smaksopplevingar. I Landbrukshallen byr samvirkebedriftene på spennande produktnyheiter.

STERKE NILS-TUNET På Sterke Nils-tunet kan ein oppleve gardsdrift og matproduksjon på gamalt vis. Her kan ein følgje produksjonen frå jord til bord. Kua blir mjølka i det gamle fjoset og mjølka blir separera til fløyte og skumma mjølk. I Ystebua kinnar budeia fløyten til ekte smør av beste kvalitet, av mjølka blir det yst dei beste ostar. Her kan ein møte nokre av våre beste produsentar og bli innvigd i seterkulturen sine rike tradisjonar.

I tillegg til ordinær salsaktivitet, blir det program og aktivitetar i Matkvartalet. Grilleing av lokal produkt Steinomnsbakst Demonstrasjonar og aktivitetar av ymse slag «Pop-up-kjøkken» i det store Matteltet

7


HUSFLID

Dette er nokre av handverkstradisjonene som er representert på Dyrsku’n:

8

Tre

Smiing

Tekstil

Kniv

Sylv

Rosemåling

ÅRETS HØGDEPUNKT FOR INTERESSERTE I MODERNE OG TRADISJONELT HANDVERK Møt nær 150 av landets fremste handverkarar. Det rike mangfaldet innan handverk og husflid lever vidare på Dyrsku’n! Her finn du alt frå tradisjonell treskjering og bunadsaum til moderne kunsteriske utrrykk.


HUSFLIDSTEVLINGA Den årlege husflidstevlinga på Dyrsku’n viser dei rike husflids- og handverkstradisjonane, samt nyskaping og mangfald. Det vert delt ut prisar for godt handverk og nyskaping, samt stimuleringspris og heiderspris. Hall A: Utstillarar med husflid og handverk som næring Hall B: Husflidsutstilling. Produkta frå Husflidtevlinga og årets særutstilling

særutstilling

Kvart år har me ei særutstilling som har ein spesiell handverkstradisjon som tema. Her stiller me ut innovative og spennande handverksarbeid innan alt frå heklekunst til dekorasjonsmåling.

9


DEI STORE OG TUNGE MASKINENE

ANLEGGSMASKIN

Anleggsmaskinområdet på Dyrsku’n har utstillarar som leverar produkt innan lastebil, gravemaskin og andre tyngre maskiner. Me har og utstillarar innan sagbruk, ved- og skogsmaskinar inne på dette området. Bransjen er representera med om lag 70 utstillarar som kjem frå store delar av Sør Noreg.

25 dekar av utstillingsareal

10


OPPLEV NOREGS STØRSTE HANDELSPLASS DU OG! Det er lite som kan samanliknast med Dyrsku’n i Seljord når det gjeld handel og gode tilbod. I 150 år har Dyrsku´n vore ein føretrekt handelsplass for mange nordmenn. Det som starta som eit fesjå for Telemarkskyr har utvikla seg til å bli ein av Noregs største marknader. Nær 700 utstillarar stiller viljug opp på Dyrskuplassen ei helg i september. Her skjer nokre av årets største handlar.

HANDEL

11


MYKJE FOR BORN PÅ DYRSKU’N! Det er morosamt å vere barn på Dyrsku’n! Med litt jamnleg påfyll av mat, kan familien gå heile dagen og møte mange av dyra i det norske landbruket. Dei fleste kjem du tett innpå, og andre kan du sitje på ryggen til.

Morosamt å vere born på Dyrsku’n

12


Tivoliet er eit stort trekkplaster for born, men og for vaksne som framleis er litt barn inni seg! Du kan delta på matkurs for born eller lære deg handverk og lage fine ting. Blir du sliten av alle tilboda? Ta «fri» frå alle inntrykka og besøk leikeparken vår i nokre timar – der er det godt og trygt å vere, og dei vaksne i familien kan gå på eigen hand ei lita stund.

13


ME SJÅAST PÅ DYRSKU’N I SELJORD! 150 mål marknadsområde med 700 utstillarar og 80 000 besøkande.

BIL / UTSTYR

ADMINISTRASJON ANLEGG

HUSFLID 14

LOKALMAT

LANDBRUK


STERKE-NILS TUNET Verdt eit besøk! Dette sjarmerande tunet er Dyrsku’n i miniatyr, her kan du oppleve gardsdrift og matproduksjon på gamalt vis.

SKOGBRUK HANDEL

HUSDYR

TIVOLI

HVITEVARER 15


Stjørdal

PARKERING VED DYRSKUPLASSEN Riksveg

Ålesund

Røros

Seljord ligg sentralt i Sør-Noreg, midt i mellom Oslo, Bergen, Stavanger og Kristiansand. I samband med Dyrsku’n set Telemark Bilruter opp ekstra ruter, og du kan bestille bussbilletten saman med Dyrskubilletten. Florø Vi oppmodar dykk til å ta bussen!

Lillehammer

Bergen

E6

OSLO

E134

Drammen

Haugesund

Stavanger

Notodden Kongsberg SELJORD Dyrsku’n

41

Kristiansand

E134

Det er gode parkeringsmoglegheitar i området og me skal 0 - 600 m finne plass til alle sammen. Men merk at dei næraste plassane blir tidleg fyllt opp! Me rådar alle til å fylgje skilting og råd frå 601 - 12 politi for oppdatert infomasjon.

OVERNATTING

over 120

Det er stor etterspurnad etter overnatting under Dyrsku’n. Det er fleire stader både i og rundt Seljord som kan ta imot Kartgrunnlag: besøkande. Det tek omlag 30 minuttar å køyre til stader som Bø og Rauland, og om lag ein time til Notodden. Visit Seljord vil hjelpe deg med å finne gode overnattingstilbod så nært Dyrsku’n som mogleg. Du finn meir informasjon om tilbodet deira på www.seljordportalen.no eller du kan nå dei på telefon 35 05 04 00 eller mail info@seljordportalen.no.

Porsgrunn Tønsberg

Avstander: Bergen 4t 15min Haugesund 3t 45min Kristiansand 2t 45min Lillehammer 4t 15min Oslo 2t 15min Stavanger 4t 15min

Dyrsku´n Arrangement As Nordbygdivegen 60, 3840 Seljord

Foto: Arne Morten Berntzen, Torbjørn Dyrland, Øystein Køhn, Guro Mæland, Dag Jenssen, Aasmund Tynning, Anne Guri Gunnerød, Leif Jamtveit, DAAS., Gry M. Grindbakken.

VEGEN TIL DYRSKU’N

Europav

Støren

Molde

Telefon: 35 06 57 70 Faks: 35 06 57 84 E-post: post@dyrskun.no

www.facebook.com/dyrskun www.instagram.com/dyrskunseljord www.dyrskun.no

St

Design: Serit Itum www.serit.no/itum

TRONDHEIM Kristiansund

Dyrsku'n brosjyre 2015  

Norges største marknadsplass!