Nytt i Uka 11.08.21

Page 67

OKTOBER Onsdag 22. september

Søndag 3. oktober

Herda

Ytstetind

Vi køyrer til Langsætrane og parkerer ved Kvitlane. Turen går innover mot Fokhaugen på høgre side av elva. Vi finn rås mot Herda (908 moh.). Det er bratt, med ein del graskledde bakkar. På toppen er det flott utsikt mot Langsætrane og innover mot Elvabytet. Turen har blå gradering.

Vi køyrer over Ørskogfjellet, og her ser vi dagens turmål: Det kjende landemerket Trollbittet, der vi skal besøke den eine toppen, Ytstetind (1163 moh.). Vi køyrer til Vestnes og vidare til Flate, der vi kjem inn på ein bomveg. Her startar skogsvegen vi skal følge eit stykke. Vi kjem opp på Båtreset og ser ryggen vi skal gå vidare mot toppen. Siste partiet er steinete og det brattaste på turen. Frå toppen er det utsikt utover mot Tomrefjord, havet og innover mot Ørskogfjellet.

Oppmøte: Stordal skule kl. 17.00 Turleiarar: Bente Nakken Nilsen, tlf. 996 27 972 Arrangør: Stordal turlag Gradering: Blå / Middels

Måndag 27. september

Remmefjellet

Oppmøte: Stordal skule kl. 09.00 Turleiarar: Kjell Magne Hove, tlf. 416 60 185 Alexander Oudijk, tlf. 451 16 268 Arrangør: Stordal turlag Gradering: Raud / Krevjande

Turen opp til Remmefjellet (267 moh.) er ein fin tur for heile familien. I gamle dagar var vegen over Remmefjellet hovudferdselsåra mellom Brattvåg- og Vatne-sida. No er vegen grodd igjen til ein skogsveg, med eit fint og lett turområde i ope terreng. Oppe på Remmefjellet er det eit stort og flatt område, der vegen går parallelt med kraftlina. Oppmøte: Slyngstadbruene kl. 17.20. Merk klokkeslett! Turleiarar: Odd Arne Grande, tlf. 917 69 976 Arrangør: LHL Skodje/Ørskog/Haram

Søndag 26. september

Gradering: Grøn / Lett

Gregorshornet Gregorshornet ligg der dei to dalane Nørdalen og Rødsetdalen skiljer lag. Vanlegvis er det gjerne frå Løset ein startar turen, men vi skal gå frå andre dalføret, frå Telbergsbotnen. Frå gardane på Telberg går vi på rås opp mot Telbergsbotnen. Vi passerer ei lita sæter. Vi krysser elva og herifrå er det inga rås. Det blir brattare opp mot toppunktet (1116 moh.). Her ventar utsikt ned over Stordal og over til Liabygd-sida. Oppmøte: Stordal skule kl. 09.00 Turleiarar: Stig Nakken, tlf. 932 72 273 Kjell Magne Hove, tlf. 416 60 185 Arrangør: Stordal turlag Gradering: Raud / Krevjande

Måndag 4. oktober

Grebstadsætra Pga. nasjonal og lokal forskrift for Covid 19 kan vi ikkje tilby skyss for å vere med, men alle er velkomne til å delta på turane våre. Oppmøte: Parkeringsplassen kl. 17.30. Turleiarar: Martin, tlf. 959 32 638, Turid, tlf. 908 37 463 Arrangør: LHL Sykkylven

Måndag 18. oktober

Sessvatnet

Kort og enkel, men fin tur, på grusa veg. På Ikornnes: Ta av ved fylkesvegen ved Sykkylvsbrua og køyr mot Ikornnes kirke. Køyr forbi kirka og oppover byggefeltet nesten til endes, og parker ved vassverket. Pga. nasjonal og lokal forskrift for Covid 19 kan vi ikkje tilby skyss for å vere med, men alle er velkomne til å delta på turane våre. Oppmøte: Hundavikseidet, Ikornnes kl. 17.30. Turleiarar: Martin, tlf. 959 32 638, Turid, tlf. 908 37 463 Arrangør: LHL Sykkylven


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.