Page 1

ELEKTROTAVLER

FOR DET PROFESJONELLE MARKEDET – kvalitet til ein rimeleg pris

Våre kundar set pris på oss, brukar oss fast og veit at kvalitet, pris og leveringstid er til å stole på. Med over 40 kompetente medarbeidarar innan tavleproduksjon i Bergen og på Nordfjordeid kan vi ta på oss store og små, komplekse og enkle tavleoppdrag over heile landet.

NORDFJORDEID - BERGEN


Kvalitetstavler for heile Norge Eid Elektro har sidan slutten av 90-talet hatt ei sterk satsing innan produksjon av elektrotavler for heile det norske markedet. Med våre verksted på Nordfjordeid og i Bergen betjener vi heile Norge med alle typar elektrotavler. Gjennom ein solid vekst dei seinare åra har Eid Elektro utvikla seg til å bli ein av dei leiande aktørane innanfor tavleproduksjon i Norge. Frå avdeling Bergen

Kvalitetsmål • Kunden skal vere fornøgd med kvar einaste tavleleveranse frå Eid Elektro. • Tavlene vi leverer skal vere av høg kvalitet, vere funksjonelle og godt tilpassa brukaren sine behov. • Montering og tilkobling av tavlene skal kunne skje raskt og effektivt, og vere bygd etter gjeldande foreskrifter og normer. • Vi skal alltid vere konkurransedyktige på pris, og vere ein av dei mest føretrukne tavlebyggarane i landet. • Tavlene skal ha gjennomgått grundig testing etter gjeldande normer og foreskrifter • Alle tavler skal leverast med komplett og systematisk perm med all nødvendig dokumentasjon, skjema, arrangementstening, bilde, testskjema, samsvarserklæring og alle tekniske data for tavle. Dokumentasjonen blir også tilsendt elektronisk Våre kundar er: • Elektrofirma over heile Norge som leverer elektroinstallasjonar av offentlige bygg, næringsbygg, industribygg, kjøpesenter osv. • Elektroentreprenører innanfor veg- og tunnelanlegg. Eid Elektro er leiande i Norge på leveranse av hovud- og og styretavler til veg- og tunnelanlegg. • Offshore-installasjonar, med kunder som Statoil, National Oilwell Varco, Norske Shell osv. • Maskinleverandørar. Eid Elektro leverer skap til maskiner, kraner og spesialbygd utstyr til industrien. Vi står på ekstra når vi må! Vi er ein fleksibel gjeng som strekkjer oss langt for å levere i rett tid, og som sørgjer for at sluttkontrollane blir gjennomførte uansett. Sjølv hasteleveransar som vi «hiver oss rundt» for å byggje blir kontrollerte etter dei same strenge reglane som alle andre tavler blir testa mot.

Full kontroll med tavler frå Eid Elektro


Vår styrke: • krevjande og komplekse anlegg • sterk fagkunnskap og høg kompetanse i alle ledd • lang erfaring • dokumentasjon • skreddarsydde anlegg • ein god samarbeidspartner


Montørens favoritt-tavler Ein allsidig leverandør

Ombygging av tavler

Eid Elektro vart etablert i 1980 og har gjennom desse åra knytt til seg mange kompetente medarbeidarar, med erfaring frå alle delar av elektrofaget. Eid Elektro bygger tavler av dei aller fleste typar, frå hovudog fordelingstavler, til automasjons-løysingar og spesialanlegg som tunnelar, industrielle styreskap og SD-anlegg. Vi leverer over 400 tavler i året, dei fleste mellom 630A og 5000A. Vi har òg fokus på tavler til industrianlegg, offentlege bygg og næringsbygg, som mellom anna fleire rådhus, skular og omsorgssenter, flyplassar, sjukehus, kjøpesenter (Moa, Sartor Senter, Storkaia Brygge, Gullgruven, Roseby osv osv) og store industrianlegg (Havyard, Ekornes, Fjordbase, Vestbase, GC Rieber Oils, Langsten, Ormen Lange, Hydro, Domstein osv osv). Vi har massevis av referansar, spør oss gjerne!

Eid Elektro hjelper gjerne i samband med ombygging av eksisterande tavler, slik at dette blir gjort og dokumentert iht gjeldande normer og foreskrifter. Vi lagar ofte komponentpakkar og sender til kunden for innbygging på eksisterande anlegg, samt at vi bidrar med dokumentasjon og teikning av skjema. På begge våre avdelingar i Bergen og på Eid har vi eigne servicebilar med nødvendig utstyr for ombygging av eksisterande tavler, samt montering og tilkopling av nye tavler. Dette er ein marknad som har blitt større og større for oss, og vi ser at kundane ofte leiger oss inn på dette og prioriterer å bruke sine eigne montørar på andre ting, spesielt i periodar med høg aktivitet.

Når kunden krev null feil og full dokumentasjon Mange installasjonar er så komplekse at totalleveransen må vere feilfri og levert i rett tid for å unngå kostbare opprettingar og endringar. For å oppnå ein så høg kvalitet som muleg, satsar vi sterkt på medarbeidarar med fagleg ballast og erfaring. Alle medarbeidarane våre har fagbrev, og mange har tilleggsutdanning innan automasjon og/ eller frå teknisk fagskule/ingeniørhøgskule.

Rådgjeving, dokumentasjon og Febdok Eid Elektro har ein stab med prosjektingeniørar på Nordfjordeid og i Bergen som har lang erfaring innanfor produksjon og design av elektrotavler. Vi utfører óg komplette febdok-beregningar for alt frå enkle installasjonar til store komplekse anlegg. Vidare utfører vi óg tegning og prosjektering av eksisterande tavler, og mange av våre kundar brukar oss til å tegne inn endringar i eksisterande tavler som vi har levert tidligare. Ta gjerne kontakt om du skulle trenge hjelp til tegning, prosjektering eller treng rådgjeving innanfor tavler.

Kran, National Oilwell Varco, Molde (Foto: Øivind Leren)


Størst på tunnel Eid Elektro er ein av landets sterkaste leverandørar av tavler til tunnel- og vegprosjekt, frå Norges mest trafikkerte biltunnel, Festningstunnelen, i aust og Vardøtunnelen i nord til Baneheiatunnelane i sør. Spennvidda går frå heilt korte tunnelar og opp til verdas lengste tunnel i Lærdal. Vi samarbeider tett med dei største elektroentreprenørane innanfor samferdsel-prosjekt i Norge, og regnar på tavler på dei fleste vegprosjekta som blir lyst ut i Norge.


Kontaktpersonar TORE HJELLE

Tlf: 57 86 47 85 eller tore@eidelektro.no Tore er teknisk leiar og har mellom anna ansvaret for tavleproduksjon på avdelingane i Bergen og på Nordfjordeid. Tore har brei erfaring som elektroingeniør, teknikar, installatør og elektromontør, og bidrar gjerne med rådgjeving, berekning, prosjektering og pristilbod på tavler til alle typar anlegg.

RUNE RASMUSSEN

AVD. EID

Tlf 57 86 47 65 eller rune@eidelektro.no Rune er prosjektingeniør og jobbar med tilbodsregning, tegning og prosjektering innanfor alle typar tavler. Han har også vore prosjektleiar på fleire av tunnelprosjekta vi har hatt dei siste åra. Rune er utdanna teknikar og har fleire år bak seg som elektromontør på bygg og anlegg. Ta kontakt med Rune om du treng prisar på fordelingstavlar til alle typar anlegg.

HARALD MIKALSEN

Tlf 57 86 47 64 eller harald@eidelektro.no Harald er prosjektingeniør og er ofte ansvarleg for prosjekt med tavler til næringsbygg, offentlige bygg og industribygg. Harald er utdanna elektroingeniør, og har erfaring både som elektromontør på landbaserte installasjonar, og som ingeniør innanfor offshore-anlegg. Ta gjerne kontakt med Harald om du har behov for alle typar tavler til landbasert bygg og anlegg.

PAAL GUNNAR LUND

Tlf 57 86 47 68 eller mail paal@eidelektro.no Paal Gunnar er prosjektingeniør og er ofte ansvarleg for større tunnelprosjekt, samt utarbeiding av pristilbod til alle typar veg- og tunneltavler. Paal har mange år bak seg som elektrikar, automatikar og prosjektleiar, og har solid erfaring innanfor alle område som berører tavleproduksjon. Ta kontakt med Paal om du har spørsmål eller forespørslar på tavler innanfor veg- og tunnelanlegg.

TERJE SOLVANG

Tlf 57 86 47 62 eller terje@eidelektro.no Terje er prosjektingeniør, og jobbar med tegning og prosjektering av alle typar tavler. Terje er utdanna elektroingeniør, og har blant anna erfaring som prosjektleiar, i tillegg til at han nokre år bak seg som elektrikar. Ta gjerne kontakt med Terje om du treng prisar på fordelingstavler eller tegning av skjema.

AVD. BERGEN

TRUDE BAKKELY

Tlf 55 09 31 01 / 47 01 11 01 eller trude@eidelektro.no Trude er prosjektingeniør på vår avdeling i Bergen. Trude er utdanna teknikar og har jobba fleire år som tavlemontør. Ho var også daglig leder på Tavlebygger1 fram til det vart oppkjøpt av Eid Elektro i 2012. Trude har brei erfaring innanfor tavlebygging og hjelper gjerne med prosjektering eller prisar på alle typar tavler.

ASLE ARNESTAD

Tlf 55 09 31 01 / 47 01 11 01 eller asle@eidelektro.no Asle er prosjektingeniør på vår avdeling i Bergen. Han har lang erfaring med produksjon av tavler, både som montør og prosjektleiar, her i Eid Elektro og andre tavleprodusentar i Bergensområdet. Asle har brei erfaring innanfor tavlebygging og hjelper gjerne med prosjektering eller prisar på alle typar tavler.


Eid Elektro AS

avdeling Nordfjordeid og Bergen

EID ELEKTRO AS

Med over 40 kompetente medarbeidarar innanfor tavleproduksjon i Bergen og på Nordfjordeid, kan Eid Elektro ta på seg store og små, komplekse og enkle, tavleoppdrag over hele landet. Med dyktige fagfolk, moderne utstyr og fine lokaler har Eid Elektro eit godt utgangpunkt for videre vekst og nye, faste tavlekunder.

NORDFJORDEID

Avdeling Nordfjordeid

EID ELEKTRO AS AVD. BERGEN

Avdeling Bergen

Eaton Expert Nettverk Eit nettverk med kvalitetsbevisste tavlebyggarar! Eaton Expert Nettverk er eit kvalitetsorientert samarbeid der Eaton sørgjer for at prioriterte tavlebyggarar kan levere best mulig fagleg kvalitet og skape positive resultat. Komplette fordelings- og automasjonstavler er basert på at tavlebyggarane har tilgang til kompetanse, komponentar og tavlesystem som tilfredstiller kravet om kvalitet i alle ledd. Tavlebyggarane i Eaton Expert Nettverk har kompetanse, erfaring og leveringsdyktighet som plasserer dei i første rekke av tilbydarar. Deltakarane har variert praksis frå enkle fordelingsanlegg til svært kompliserte styringssystem for offshore, skip og industri. Pris og kvalitet er alltid avgjerande for eit vellykka prosjekt og derfor er det trygt å velge ein tavlebyggar som har storleverandøren Eaton Electric i ryggen. Partnerane i Eaton Expert Nettverk driv kontinuerleg produksjon av tavler og har signert ei samhandling-avtale med Eaton Electric som sikrar deg kontinuitet og ubrotne krav til kvalitet. For meir informasjon: www.eaton.no


Ă˜yane 12 - 6770 Nordfjordeid Tlf: 57 86 47 60 Fax: 57 86 47 77

- regn med oss!

S T E I N A R T. N O

post@eidelektro.no www.eidelektro.no

Eid Elektro 2015