Page 32

Lilletorget 1 • 0184 OSLO

nr. 1 • januar 2017

Som eit offisielt språk er nynorsk eit godt språk å kommunisere med. Og eit språk må brukast for å utvikle seg, det må fylgje med tida. Odd Nordstoga til NRK

LPå tampen

Mammaen din er så glad i deg! Plutseleg er eg blitt eitt av desse irriterande menneska som omtaler meg sjølv i tredjeperson. Det skjer sjølvsagt berre i samtale med vesle bebien min, men sidan det stort sett er berre han eg pratar med om dagen, skjer dette heller ofte. – Mammaen din skal berre ein liten tur på do, skjønner du. Slik startar dagen når eg må forlate Sigmund åleine i senga vaken og nesten på gråten om morgonen. Eg må fortelje han at eg snart kjem tilbake for å hente han, men at blæra til mammaen hans ikkje er som før og at eg difor må på do. – Du skjønner, Sigmund, at mammaen din er ikkje så flink til å gjere knipeøvingar. Vi går inn til stellebordet, og der fortsett det: «No skal mammaen din berre finne fram ei bleie, skjønner du. Mammaen din er så glad i deg. Du er sååååå søt». I løpet av ein dag har eg tatt meg sjølv i å si dette: – Mammaen din er så glad i deg (dette seier eg ofte) – Mammaen din elskar deg – Mammaen din må berre ta på deg lue, skjønner du – fordi det står i mammabøkene at små bebier må ha lue når vi skal ut (for å forklare hylande unge kvifor eg må gjere dette som han hatar) – Mammaen din skal berre bestille ein koppholder frå internettet, skjønner du, så ver litt tålmodig – Du skal få mat skjønner du. Mammaen din må berre på do ein liten tur – Mammaen din skal berre ta ein dusj. Men det er så moro å ligge her på golvet litt – Men duuuuu, lille venn. Mammaen din går jo aldri frå deg. Eg kjem alltid tilbake – Mammaen din syns også tran smaker pyton, men sjå her; eg tek ei skei og smiler som berre det etterpå – Skal mammaen din synge ein sang kanskje? – Mammaen din må berre inn for å hente smokken skjønner du, så skal vi gå tur. – Ååååååå – mammaen din er så glad i deg! Eg trur de skjønner greia. Frykteleg irriterande for alle menneske i heile verda – inkludert meg sjølv.

Hanne Maren Blåfjelldal BLAAFJELLDAL.BLOGSPOT.NO

Karakteren frå låta «Heidersmenn» har vorte til Pusling (Hans Rønningen), som sit med Dreng (Lotta) kjent frå låta med same tittel. Foto: Erik Berg, Det Norske Teatret

Ståande applaus for Bjella-musikal LLTerningkasta frå musikkmeldarane har berre vorte høgare og høgare sidan den tidlegare lokalavisjournalisten Stein Torleif Bjella solodebuterte med Heidersmenn i 2009. Sist ut var Gode Liv, som har fått knallkritikkar og tre spelemannsnominasjonar. LLMed utgangspunkt i over 20 låtar frå fire album har Lasse Kolsrud skrive manus til og regissert musikalen Kan nokon gripe inn, som hadde premiere på Det Norske Teatret 14. januar. Stykket er ein samproduksjon

med Riksteatret og skal difor vitje 22 ulike stader frå hausten av. Turnepremieren vert i Ål kulturhus 11. oktober. LLTekstane vert framførte av elleve karakterar som møtest på Ål stasjon, i Bjella si heimbygd. Aftenposten trillar 6 på terningen og skriv: «Prøysen er død. Lenge leve Bjella». Adresseavisen lèt seg òg rive med og meiner at Bjella sine tekstar utgjer ei usminka tolking av Bygde-Noreg i dette hundreåret. Dagsavisen, Dagbladet og VG trillar alle 5-ar på terningen.

Norsk Tidend 1-17