Page 15

Werrrrgeland: – Det var ein del diskusjon om Wergeland skarra eller rulla på r-en, men blaude konsonantar hadde han, konstaterer blaudisentusiast Birgitte Kleivset, framfor Universitetet i Agder. Foto: Andrea Rygg Nøttveit

«Blaudis»: – Kvar gong noko skal feirast er det blaudis, forklarar Kleivset. Foto: Andrea Rygg Nøttveit

Tilbakegang på 2000-talet

Regelen er at det blir overgang til blaut konsonant når p, t eller k står etter ein vokal inni ordet. Desse ustemde konsonantane blir erstatta av ein stemt b, d eller g. Helst skal konsonanten stå etter ein lang vokal, men det finst nokre unntak, som å sidde (sitte), kobber (kopper) og pebber (pepper). På kontoret sitt på Universitetet i Agder har Skjekkeland rader av bøker om dialektar. Fleire av desse har han sjølv skrive. Han viser kart over utbreiinga av dei blaude konsonantane. Området strekkjer seg frå den sørlegaste delen av Karmøy i vest til mellom Arendal og Tvedestrand i aust. Det er først og fremst i området frå Kristiansand og austover at bruken av dei blaude konsonantane går tilbake, men det skjer også på Karmøy. Også i midtre bygder på Agder er området med blaude konsonantar i ferd med å krympe. Ifølgje professor Martin Skjekkeland er det ikkje tvil om at dei blaude konsonantane i dag er i tilbakegang. – Det kjem inn harde konsonantar der det etter regelen ikkje skulle vere. Undersøkingar viser at det er nokså sterk tilbakegang frå 2005 og utover, forklarar dialekteksperten.

Norsk Tidend 1–2017

språkforskar Ingrid Kristine Haslund. I oktober i fjor kom Sørlandsk pegebog for dei minste, eit samarbeid med grafisk designar Kine Halland. Neste prosjekt er eit sørlandsk konversasjonsleksikon med nyord som nyhedsunnvigår og kjøbestopp. – Kva er det med dei blaude konsonantane? – Dei er jo ikkje harde. I staden for ein skarp p, kan det kome ein stemt b. Kleivset nærast tørrspyttar ut den harde p-en, medan b-en er så blaud som du får han. Ho tykkjer det er gøy å uttale dei blaude orda, som ho karakteriserer som litt «mjuke» og «slappe». Med prosjektet håpar ho å heve prestisjen til dialekttrekket som er karakteristisk for Sør- og Sørvestlandet. – Grunnen til at folk legg om når dei kjem til Oslo, er jo ikkje at dei ikkje blir forstått. Alle forstår når eg seier kage i staden for kake. Men det er ikkje korrekt og kan oppfattast litt tafatt og einfaldig, nesten litt barnsleg, seier ho.

15

Norsk Tidend 1-17  
Norsk Tidend 1-17  
Advertisement