Page 1

Kulturminister på lærebenken > 4 • samlaget appar til strid > 6 • samanslåing til bokmål? > 10 mørk poesi frå heimbygda > 14 • nynorsk i tre høgder > 16 • Jubileum for andre gongen > 20

Nr. 3 – mai 2014

Medlemsblad for Noregs Mållag

NORSK TIDEND Framhald av Fedraheimen og Den 17de Mai

Le sG ru nn lov ap ån yn or sk !

Historisk vedtak X Lenge såg det skummelt ut, men etter nokre nervepirrande dagar med politisk tautrekking var alt klart. 6. mai 2014 vedtok Stortinget ei nynorsk grunnlov. Feiringa kunne ta til. > 2, 8–9


Framhald av Fedraheimen og Den 17de Mai

Kvardagen LLRegjeringa har ein draum om færre kommunar. Dei har no sett i gang ein prosess som det blir vanskeleg å stoppe med det fyrste. LLFyrste etappe var ei open høyring hjå kommunal- og forvaltningskomiteen der det var høve til å kommentere framlegget frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Mållaget var der, og delte mikrofonen med eigedomsutviklarar, kommunar og representantar frå interesseorganisasjonen til vass- og avløpsbransjen. Spennet var stort. LLSlik framlegget ligg no, kviler framtida til nynorsk som tenestemål på kvar og ein kommune. «Det er kommunene selv som avgjør hvilken målform som skal brukes i kommunen.» som det heiter. Mållaget peika i høyringa på at dette er eit ansvar staten må ta. Framtida vil syne kor vidt både komité og departement tek omsyn til innspelet. LLSkulle dette bli ståande som det er skrive, er det eit arbeid som må gjerast. Ei einskild kommunesamanslåing er ei veldig omvelting. Det vil bli ordskifte og usemje om kvar administrasjonssenteret skal liggje, kva symjebasseng som skal få halde ope og kva kommunalt slagord som skal overleve. Språket kjem ikkje inn på den lista av seg sjølv. LLFaren er at talet på kommunale sakshandsamarar går ned. Kjerneområda blir mindre. Eit fleirtal av nynorskkommunar i ein region kan forsvinne, med påfylgjande endringar i tenestemålet i regionale føretak. Problemstillingane er mange. LLUnder høyringa i Stortinget rista kommunikasjonsdirektøren i Norsk Eiendom oppgitt på hovudet då Marit Aakre Tennø fortalde om korleis språkspørsmålet er avgjerande for om to finske kommunar kan bli slegne saman eller ei. Å få ned svartida på ein kommunal byggjesøknad var langt viktigare for han.

Kjartan Helleve

Norsk Tidend 3–2014

Utgjeven av Noregs Mållag

2

Avisa blir redigert etter Redaktørplakaten Tilskrift: Lilletorget 1, 0184 OSLO Redaktør: Kjartan Helleve kjartan.helleve@nm.no, 23 00 29 32, faks 23 00 29 31 I redaksjonen: Hege Lothe Heimeside: www.nm.no Abonnement: 250 kroner per år Utforming: Språksmia AS smia@spraksmia.no

Grunnlov for gras 6. mai gjorde Stortinget i Noreg eit historisk vedtak. Med éi røyst imot vedtok Stortinget ei språkleg modernisering av Grunnlova. Grunnlova ligg no føre på nynorsk for fyrste gong i historia. Og Noreg føyer seg endeleg inn i rekkja av fleirspråklege statar som har tufta åt landet på fleire språk. I 1906 var saka sist oppe, men då vart ho røysta ned heilt utan diskusjon. Både før og etter har ho vorte omsett i såkalla folkeversjonar på nynorsk, men nynorsk har aldri vore det offisielle grunnlovsspråket. Grunnlovsspråket har vore lett modernisert dansk. Både i dei gamle paragrafane og i dei nye. Når berre 1/4 av paragrafane er uendra sidan 1814, syner det behovet for modernisering. Ein skal vera rimeleg språkkunnig for å kunna forfatta nye paragrafar eller endringar på 1903-språket. Likevel har ikkje kravet om ei grunnlov på nynorsk kome heilt til avgjerd i Stortinget sidan 1906, og det skulle altså ta over 100 år før saka kom opp på ny. Overraskande nok er det Carl I. Hagen me har å takka for at saka i det heile kom opp. Det var han som fekk Finn-Erik Vinje til å utarbeida ei lett modernisering av grunnlovsteksten frå 1903. Men kontroll- og konstitusjonskomiteen ville det annleis. Dei ville at Grunnlova til grunnlovsjubileet i 2014 skulle liggja føre i moderne versjonar både på nynorsk og på bokmål. Difor sette dei ned eit utval, tungt av både juristar og språkfolk, leia av juristen Hans Petter Graver til å utarbeida det som skulle verta ei le-

marit aakre tennø Leiar i Noregs Mållag

seleg grunnlov for alle i Noreg. Og i førre periode, då saka kom opp fyrst, såg det ut som storparten ville det sameleis. Men då det nærma seg vedtak, dukka det opp menn frå ulike politiske leirar som ville stå i samband med eidsvollsmennene. Dei meinte at dette uforståelege danske språket var så høgverdig og flott og sette oss på ein høgtidsam måte i kontakt med dei som hadde forfatta grunnlova i 1814. Rett nok via ei språkleg modernisering i 1903, men den snakka dei ikkje så høgt om. Lenge såg det ut til at det ikkje skulle verta noka språkleg modernisering. Samstundes greidde ikkje dei som ville ha modernisering, å semjast om kva for ein bokmålsversjon dei ville ha. Språkleg krangling i bokmålsfløya er det ikkje så ofte me ser, det er fleirtalsspråket sitt privilegium. Likevel fall den eine etter den andre frå som tilhengarar av å halda på 1903-språket, og då vart kampen om bokmålsversjonen det som nesten velta heile vedtaket. Det er likevel mest interessant å merka seg at det ikkje har vorte argumentert mot ein ny-


Lleiarteigen

Lsagt på stortinget – Alt ligger i dag til rette for at vi som stortingsrepresentanter også velger den moderne lettforståelige bokmålsversjonen, altså Graverutvalgets bokmålsversjon. Per Olaf Lundteigen (Sp) – At vi vedtar Grunnloven på nynorsk, vil, som saksordføreren så godt sa, være et historisk vedtak. Det – og det alene – kan være et jubileumsår verdig. Martin Kolberg (Ap) – (...) På vegne av Høyre kan jeg si at vi er fornøyd med sakens utvikling slik den har vært underveis, og vi er fornøyd med at vi i dag får flertall for en konservativ, verdig modernisering av Grunnloven. Michael Tetzschner (H) – Skal vi først ha modernisering, er det bedre å velge den beste løsningen som står seg over tid, og det er Graver-bokmål og Graver-nynorsk. Abid Q. Raja (V) – Jeg har virkelig alvorlige vanskeligheter, selv om jeg legger min beste vilje til grunn, med å forstå logikken bak at vi skal ha to språkversjoner som ikke er harmoniserte. Rasmus Hansson (MDG) – Det å ha klart språk i lovverket fremjar folkestyre, folkeopplysning og deltaking. Difor er dagens vedtak så viktig. Gunvor Eldegard (A)

norskversjon frå noko politisk parti på Stortinget. Frp var tidleg klår på at dei ville gå for nett det som vart vedtaket til slutt, nemleg Vinje sin riksmålsversjon og Graver-utvalet sin nynorskversjon. Når Stortinget til slutt gjorde vedtaket sitt mot éi røyst om nynorsk grunnlov, så er det ikkje berre eit historisk vedtak, det var òg ein historisk debatt, nett fordi det vert sett på som ei heilt naturleg følgje av den språklege moderniseringa at Grunnlova skulle liggja føre både på bokmål og på nynorsk. «Ei vidareføring av jamstillingsvedtaket frå 1885», har mange sagt. Og Ottar Grepstad har gått så langt som å seia at det er det viktigaste vedtaket for nynorsken sidan 1885. Oppsummeringa på vedtaksdagen, både frå politikarar og redaktørar var krystallklår: No er det nynorskversjonen av Grunnlova som vert folkeversjonen. Det er den som er leseleg for folk flest. I Noreg har ikkje Grunnlova hatt same status som til dømes grunnlova har i USA, og ho har ikkje vorte lesen og sitert like flittig. Men ho har òg vore relativt vanskeleg å forstå. Det gode med grunnlovsdebatten dei siste månadene er at me faktisk har fått ein debatt om det dokumentet som er det demokratiske grunnlaget for landet vårt. Ein slik ålmenn debatt er ikkje mogeleg om ikkje Grunnlova er tilgjengeleg i eit språk alle forstår. Der bokmålsversjonen på kronglete vis formulerer seg slik: «Til å ta sete i statsrådet kan kongen ved overordentlige leiligheter foruten statsrådets sedvanlige medlemmer tilkalle andre norske borgere, men ingen medlemmer av Stortinget», er nynorskver-

Ein ålmenn debatt om det dokumentet som er det demokratiske grunnlaget for landet vårt, er ikkje mogeleg om ikkje Grunnlova er tilgjengeleg i eit språk alle forstår sjonen meir rett på sak: «Til å ta sete i statsrådet ved sida av dei faste medlemmene kan kongen i særlege høve kalle inn andre norske borgarar, men ingen medlemmer av Stortinget». Slik kan ein mora seg over mykje av det språklege i den nye Grunnlova. Ikkje minst vil det vera gode pedagogiske øvingar for skuleverket. Forvillar ein seg inn på Lovdata kan ein heilt fortapa seg i slike artige samanlikningar. Best er likevel paragraf 100, der det i bokmålsversjonen står: «Ytringsfrihet bør finne sted», medan det i nynorskversjonen presist står: «Ytringsfridom skal det vera», og nett der er 150 år med språkstrid oppsummert i to setningar.

– Når dei fleste motargumenta mot ei oppdatert grunnlovstekst på to målformer no er rydda av vegen, er det på tide at stortingsfleirtalet samlar seg om ei ny grunnlov for ei ny tid. Det er eg glad for at vi ser ut til å gjere i dag – iallfall på nynorsk. Sveinung Rotevatn (V) – Vener av nynorsk og nynorskbrukarar! Dette vert forhåpentleg ein gledes dag, der vi endeleg skal få oppfylt jamstillingsvedtaket. Ingrid Heggø (A) – Dette er ei stor anerkjenning av nynorsken som likeverdig språk, og det har svært stor verdi for det vidare arbeidet med å gjere nynorsken til eit levande skriftspråk. Bjørn Lødemel (H) – Og for dei av oss som er glødande overtydde om at det har ei eineståande verdi at Grunnlova er skriven på tidhøveleg norsk, er det uansett ikkje eit stort problem at Grunnlova no vert lettast å forstå på nynorsk. Terje Breivik (V) – At Grunnlova no vert på begge dei likestilte skriftspråka i Noreg, bokmål og nynorsk, gjer dagen i dag historisk. Kjersti Toppe (Sp)

Norsk Tidend 3–2014

srota

illustrasjon: Kjartan Helleve

– Om vi vedtek Vinje-bokmål og Graver-nynorsk, trur eg det vil vise seg at Carl I. Hagen vinn på kort sikt, men at det er Ottar Grepstad som vinn på lang sikt. Bård Vegar Solhjell (SV)

3


Lmålnytt Ingunn Solheim får språkpris frå Kulturdepartementet NRK-journalist Ingunn Solheim (34) frå Førde i Sunnfjord, får Kulturdepartementets nynorskpris for journalistar 2014. Prisen er på 50.000 kroner og eit norsk kunstverk. Føremålet med prisen er å fremje bruk av nynorsk i media, og årleg ære ein dyktig journalist som brukar språket, og som er eit føredøme for andre. – Det offentlege ordskiftet er med på å danne grunnlaget for eit fungerande folkestyre. I jubile-

umsåret for Grunnlova er juryen stolt over å heidre ein nynorskbrukande journalist med ei stadig meir sentral rolle i den opplyste debatten, heiter det i grunngjevinga frå juryen. – Ingunn Solheim har som programleiar med eit ledig, men trygt handgrep, losa sjåarane gjennom to val. Ho var òg eit solid ankerfeste under direktesendingane frå 22. juli-rettssaka, der ho nytta kunnskapane sine både som jurist og journalist til å gjere jusspråket forståeleg for folk flest,

Slutt med bokmål for innvandrarar på Stord Eit fleirtal i komité for oppvekst og utdanning på Stord har gått inn for at dei vaksne innvandrarane i kommunen skal læra nynorsk. Rådmannen si innstilling til komité for oppvekst og utdanning var at Stord kommune skulle halda fram med bokmålsopplæring av vaksne innvandrarar. Geir Angeltveit frå Venstre gjorde framlegg om at Stord kommune skal gå over til nynorskopplæring. Dette

fekk han fleirtal for saman med Senterpartiet og Arbeidarpartiet. Høgre og FrP røysta imot. No skal denne saka sendast til rådmannen som vert beden om å finna plass til det i budsjettet for 2015. – Eg meiner det er naturleg for Stord, som største nynorskby å ha nynorsk i vaksenopplæringa. Me har vore ei sinke i denne saka, seier Geir Angeltveit til avisa Sunnhordland.

Fleirtal for nynorsk i Holet Resultatet av skulemålsrøystinga i Hol kommune er klart: Det blir framleis nynorsk i Holet skulekrins. Den rådgjevande språkrøystinga etterlét ingen tvil: 124 stemte for nynorsk medan bokmål fekk 58 røyster. 182 personar gav sin

stemme i løpet av dei tre dagane stemmelokala var opne, men med 595 røysteføre i krinsen var valdeltakinga lågare enn ved andre val. Likevel: Det blir altså nynorsk også dei neste åra i Holet skulekrins, melder avisa Hallingdølen.

Ørsta og Volda 26.–29. juni 2014

Norsk Tidend3–2014

handlenett.no

4

Årets festspelprodukt

Trusetrøyer med ulike motiv

Aasen-boksar dame og herre

seier leiaren for juryen, Håkon Haugsbø, i ei pressemelding. Juryen meiner Ingunn Solheim er svært stø i språket sitt, og at ho kombinerer og balanserer dialekten sin og normert nynorsk godt. Trass i at ho ofte intervjuar politikarar på direkten, er det sjeldan at bokmålsorda og byråkratspråket snik seg inn. Prisen vert delt ut under Dei nynorske festspela i Ørsta fredag 27. juni. (NPK)

Nynorskdag Ein heil dag var kulturminister Thorhild Widvey på nynorsklærebenken i Sogn og Fjordane. Ho var invitert av Sogn og Fjordane fylkeskommune og det var fylkesordføraren sjølv, Åshild Kjelsnes, som ynskte velkomen. Ho la vekt på at nynorsken er viktig for fylket, og ho var særs nøgd med at kulturministeren tok seg tid til nynorskdagen. – Alt i 1910 var nynorskelevane i Sogn og Fjordane i fleirtal, fortel Ottar Grepstad, direktør ved Nynorsk kultursentrum i Ørsta. Han peika på at nynorsken held seg stabil i fylket, og over tid også har fått ein endå meir dominerande posisjon. Det gjeld innanfor avisene, forlag, offentleg forvaltning, kyrkja, men også i annonsane i avisene har det vore klar framgang for nynorsken. – I dette fylket var det ein nynorsk kulturrevolusjon mellom 1910 og 1930, slo Ottar Grepstad fast.

for framtida Kulturminister

Thorhild Widvey opna sitt innlegg med å sitere eit innlegg frå Gudrun Kløve Juuhl i Klassekampen. Juuhl peika på at alle språk treng ein språkleg fellesskap, ein stad for å formulere eit språkpolitisk vi. Kulturministeren meinte at Sogn og Fjordane er ein slik språkpolitisk fellesskap for nynorsken i dag og peika samstundes på at det er behov for ein offensiv språkpolitikk for å sikre norsk.

Ho fortalde at departementet arbeider med ei ålmenn norsk språklov som dei tek mål av seg til å gje eit mest mogleg heilskapleg innhald.

Mållova – Det er mogleg at det

ikkje er rett å vidareføre alle dagens verkemiddel, seier Thorhild Widvey. Det er alt kjent at regjeringa ynskjer å endre mållova slik at det er den statstilsette som sjølv skal avgjere kva språk vedkomande skriv i brev. – Vi vil erstatte kravet til svar på eiga målform med ein rett for statstilsette til å kunne skrive på si eiga målform, seier Widvey, som trur dette kan vere med på å skape eit betre språk i staten. Kommunikasjonsdirektør Anne Mette Hjelle i Lotteri- og stiftelsestilsynet meinte på si side at ei slik endring av lova ville ha svært uheldige konsekvensar for nynorsken. – Blir det opp til kvar enkelt tilsett i staten, då veit eg kva veg dette går. Vi har ein hard jobb kvar dag med å halde på nynorsken på ein god måte, peika Hjelle på. Ho fekk støtte frå Marit Aakre Tennø, leiar i Noregs Mållag, som la vekt på at nynorsken må hegnast om for å sikre at han vert brukt også i staten.

Kommunereform Kulturministeren sa også at ei komande kommunereform kan utfordre systemet med nynorskkommunar. – Dette kan bli krevjande for kommunane, meinte Widvey, og la til at det er også er viktig å finne løysingar som får fleirtal. Marit Aakre Tennø gav henne honnør for å ta opp emnet, og sa at det var fyrste gong ho høyrde nokon frå regjeringa som sa at det kunne bli ei krevjande problemstilling.

– Vi vil erstatte kravet til svar på eiga målform med ein rett for statstilsette til å kunne skrive på si eiga målform Kulturminister Thorhild Widwey


Ingunn Solheim er politisk journalist i NRK nyheiter. No har ho fått nynorsk journalistpris frå Kulturdepartementet. Foto: Ole Kaland / NRK

i nynorskfylket

– Språkåret verka som det skulle Språkåret 2013 vart feira med arrangement i fem land, i alle norske fylke, i halvparten av kommunane og nesten kvar einaste dag gjennom året, fortel Nynorsk kultursentrum, som no har gjort opp status for Språkåret 2013. Styreleiar Lodve Solholm i Nynorsk kultursentrum, som har stått for organiseringa av det nasjonale språkåret, meiner Språkåret har nådd måla om å auke respekten for språkmangfaldet og skape større aksept for den språkdelte norske kulturen. – Språkåret var kulturjubileet som verka. Det einaste større problemet har vore å utløyse like sterkt engasjement for bokmål som for nynorsk, urfolksspråk og minoritetsspråk, seier Lodve Solholm i ei pressemelding. Språkåret registrerte over 3.300 arrangement med til saman 149.000 gjester gjennom året, går det fram av rapporten «Så lenge det er språk, kjem det år», som Nynorsk kultursentrum no har overlevert oppdragsgivaren, Kulturdepartementet. Rapporten har samandrag på både nynorsk, nordsamisk, kvensk og engelsk. Budsjettet var på 8,7 millionar kroner, og rekneskapen er gjort opp med eit overskot på 538.000 kroner. Overskotet har Nynorsk kultursentrum no fått lov til å disponere til tiltak som er i samsvar med mål og profil for Språkåret 2013, og som dekkjer ulike språkmiljø. Det blir altså meir «språkår» framover – i tillegg til dei 25 ulike språkårprosjekta som blir førte vidare.

Kulturminister Thorhild Widvey (t.h.) var invitert av fylkesordførar Åshild Kjelsnes, og fekk oppleve eit fylke som har sjølvtillit på vegner av nynorsken. Foto: Hege Lothe

Gjennom resten av dagen fekk fleire aktørar fortelje kva dei arbeidde med. Både innanfor offentleg sek-

beider med norskopplæring, medan Magni Øvrebotten snakka på vegner av Nynorsk mediesenter, Arve Sandal snakka på vegner av Nynorsk avissenter og Kai Åge Pedersen snakka på vegner av NRK Sogn og Fjordane. Anne Leversund snakka på vegner av Sogn og Fjordane Idrettskrins og fylkesdirektør Ingebjørg Erikstad og Jan Olav Fretland, nestleiar i hovudutval for kultur og leiar for nynorskfylket.no snakka til slutt.

Hege Lothe hege.lothe@nm.no

NPK

Lodve Solholm

Norsk Tidend 3–2014

Den ålmenne nynorsken

tor, næringsliv, forsking, media og frivillig organisasjonsliv. Øystein Vangsnes, professor ved Universitetet i Tromsø, fortalde om forskingsprosjektet som prøver å finne ut kvifor elevane i Sogn og Fjordane har så gode skuleresultat. Offentleg sektor var til stades med Gunnar O. Hæreid, assisterande fylkesmann, som la vekt på kor viktig det er at Grunnlova kjem på nynorsk, Olve Grotle, ordførar i Førde kommune, snakka på vegner av kommunane. Personalsjef på Hotell Alexandra, Sissel Loen, fortalde korleis dei ar-

Foto: Vidar Myklebust / Wikimedia Commons

– Det er viktig for oss at denne problemstillinga vert sedd. I Sogn og Fjordane er det ikkje noko problem, for her er nynorsken dominerande i alle kommunane. I andre område i landet vil samanslåing av mindre nynorskkommunar med større bokmålsbrukande kommunar få svært alvorlege konsekvensar, sa Marit Aakre Tennø.

5


Lmålnytt Mediemålpris til sogning i NRK Alf Helleviks mediemålpris på 25.000 kroner går i år til Siri Kleiven Strøm (biletet) i NRK Hordaland. – Siri Kleiven Strøm er språkleg trygg og formulerer seg presist og lettfatteleg. Ho har eit godt og tydeleg språk både i reportasjar og direkterapportering og ligg tett opp til normert nynorsk også når ho rapporterer utan manus. Kleiven Strøm får bodskapen fram utan å gå språklege omvegar. Ho er ein god representant for nynorsken når ho står fram på riksnettet, meiner juryen mellom anna. Siri Kleiven Strøm er fødd i 1987, oppvaksen på Årdalstangen i Sogn og bur no i Bergen. I dag er ho programleiar og reporter i Vestlandsrevyen og programleiar i Norge i dag. Alf Helleviks mediemålpris har vore delt ut sidan 1998 og skal gå til ein yngre, fast nynorskbrukar i

Foto: NRK

radio eller fjernsyn som legg vekt på å dyrke eit normalisert nynorsk talemål. Prisen vart delt ut på årsmøtet til Litteraturselskapet Det Norske Samlaget. (NPK)

Drifta stabilisert i Samlaget

Norsk Tidend 3–2014

Etter tøffe tak med nedskjeringar og omleggingar meiner Det Norske Samlaget at drifta no er stabilisert. – Den store omlegginga kom i 2012 då vi selde Samlaget Utdanning og kontorlokala våre i Jens Bjelkes gate. Saman med at vi greidde å redusera driftskostnadene, førte dette til at vi fekk eit lite overskot i fjor, seier styreleiar Kari Bjørke i Stiftinga Det Norske Samlaget til Nynorsk pressekontor. Årsrekneskapen for 2013 viser eit resultat etter skatt på 0,4 millionar kroner mot eit overskot på 2,1 millionar i 2012. Det reelle driftsresultatet viser ei betring på om lag 12 millionar kroner. I årsmeldinga heiter det at forlaget no har styrkt eigenkapitalen og har god likviditet.

6

Treårsplan Styreleiaren i Samlaget seier styret har hatt ein treårsplan for omstillingane. – 2012 var året då vi reduserte storleiken på forlaget og tok vekk alt som ikkje var viktig for kjerneverksemda. 2013 var eit konsolideringsår der vi fekk driftskostnadene i samsvar med inntektene. No er vi i ein situasjon der vi kan byrja å investera noko av kapitalen som kom frå omleggingane i 2012, seier Bjørke. Ho legg ikkje skjul på at omstillinga har vore krevjande. – Det har vore ein tøff situasjon med vesentleg færre tilsette, men vi hadde likevel mange utgjevingar og eit godt sal, seier styreleiaren og viser til at Samlaget i fjor auka boksalet med 5,6 prosent. Unntaket er barne- og ungdomsbøker der salet gjekk tilbake med 28 prosent. Nysatsing Også forlagsdirektør Edmund Austigard er optimistisk. – No er Samlaget igjen i angrepsposisjon, skriv han i årsmel-

Styreleiar Kari Bjørke i Stiftinga Det Norske Samlaget gler seg over at drifta i forlaget no er stabilisert. Foto: Margunn Sundfjord/NPK dinga der han varslar ei sterkare satsing på barn og unge. Forlaget har alt tilsett ein ekstra redaktør for barne- og ungdomslitteratur og vil framover satsa meir på lettlesbøker for dei yngste. I tillegg skal mange av barnebøkene til forlaget no digitaliserast og gjerast tilgjengelege for nedlasting frå Google-butikken eller App Store. I tillegg til barn og ungdom satsar forlaget også på høgare utdanning. Der er det også tilsett ein ekstra redaktør. – Både språk- og litteraturpolitisk er dette to område som er svært viktige for Samlaget, seier styreleiaren. Det er særleg krevjande å vera eit nynorsk forlag i ein stadig meir kommersiell bransje der rammevilkåra er under press. Nysatsingane med lettlesbøker og digitalisering av den nynorske barnebokskatten er også utfordrande. – Det gjer at Samlaget må rekna med tøffe tider. Vi har varsla eit mindre overskot dei komande åra. Først må vi byggja opp det som skal bli grunnlaget for større inntekter framover, seier Kari Bjørke.

Margun Sundfjord NPK

Samlaget s I mai la Samlaget ut eit tiltals nye og gamle biletbøker for born, for sal på nettet. Før sommaren skal talet nærma seg femti. Ein ny app er inngangsporten. Appen heiter «Samlaget barnebøker». Der kan ein bla seg gjennom dei bøkene som er for sal. Dei bøkene som kundane alt har skaffa seg, står fint plassert i den digitale bokhylla. Desse kan lesast om att og om att på nettbrett som t.d. ein iPad. Barnebokredaktør Ragnfrid Trohaug i Samlaget seier at dette ikkje er ei erstatning for vanlege bøker. – Eg trur at me vil sjå fleire parallellutgjevingar, seier Trohaug. – Papirboka vil ikkje døy med det fyrste. Samstundes er det å frigjerande for oss som forlag å kunna distribuera noko direkte ut på denne måten. Appar som denne er noko dei fleste har. Håpet er no at me kan nå folk som er vane med å

kjøpa digitalt innhald på nett, men som ikkje går i ein bokhandel så ofte. Slik kan bøkene nå nye lesarar og kjøparar. Denne appen gjer det også lett å finna fram til nynorske biletbøker på nett, som ofte forsvinn i det store tilfanget på nettet.

Lydbok inkludert I motsetnad til e-bøker, er desse digitale utgåvene fullverdige bøker. Alle bøkene er også lesne inn. I det du opnar ei bok, byrjar også høgtlesinga. Dermed kan ungane få seg sitt heilt private møte med bøkene. – Illustrasjonane kjem veldig godt fram i eit slikt format, seier Trohaug. – Nokre av dei digitale bøkene er ri-


Musikalen Shockheaded Peter var ei av framsyningane som trekte flest folk i fjor. Foto: Fredrik Arff / Det Norske Teatret

Lågare billettinntekter for Det Norske Teatret Trass eit vellukka jubileumsår fekk Det Norske Teatret i fjor eit lite underskot. Men nynorskteatret i hovudstaden klarar seg likevel godt. Årsrekneskapen for 2013 viser eit årsresultat etter skatt på minus 339.000 kroner, mot 2,5 millionar kroner i overskot i 2012. – Grunnen til at resultatet i fjor var lågare, kjem mellom anna av at vi trass svært godt besøk, hadde ein nedgang i billettinntektene, seier direktør Astrid Driva Rødsand til Nynorsk pressekontor.

Foto: Kjartan Helleve

satsar digitalt kare ann andre. Då er det til dømes råd å trykkja på snakkeboblene, der det er andre røyster enn forteljaren som les. Andre bøker kan også ha litt musikk. – Kven er det som les? – Det er dei som vanlegvis les inn lydbøker, stort sett skodespelarar. Me har brukt mykje tid på å finna ein balanse mellom ulike stemningar og kva dialektar som ligg i botnen. Så langt er Sunnmøre, Hålandsdalen, Stord, Valdres og Vinje representerte. Det er likevel normert talebotn som er malen, sjølv om klangen er ulik. Dermed får dette prosjektet ein tilleggsfunksjon. Ein ting er at nynorske biletbøker er å få tak i digitalt, men me slår også eit slag for normert nynorsk talemål, seier Trohaug. – Med eitt unnatak: boka Kakerlakken med den stygge frakken er lesen inn med den vakre liernedialekten. Ho er også ein teiknefilm, der dialekten er nytta, og me tenkte at det var fint om det var samsvar mellom bok og film.

Høver ikkje til alle bøker

Barnebokredaktøren trur at dette vil endra arbeidet med bøker i framtida. Undervegs vil det alltid bli vurdert korleis ei bok vil kunna fungera digitalt. Det er også grunnen til at Samlaget måtte gjera eit utval av kva eldre bøker dei kunne leggja ut. – Veldig få bøker har blitt laga med omtanke for dette formatet. Nokre av dei eldre bøkene har me juksa til litt, med t.d. å lata biletet bli panorert. Det er ikkje optimalt, men det fungerer fint. Det er likevel fleire grunnar til at me ikkje kan leggja ut alt me har gjeve ut. Det kan vera tekniske grunnar og det kan vera visuelle grunnar. Nokre bøker kan ha eit format som ikkje fungerer, og nokre bøker har også for mykje tekst, seier Trohaug. Ho er likevel glad for at såpass mange eldre bøker er inkluderte. Bøker har eit relativt kort liv som vare. Etter nokre år blir bøkene tekne ut av vanleg sal, og det kan

vera vanskeleg å finna ein butikk som har den aktuelle boka. – Det vil forlengja levetida til bøkene. I teorien kan dei no ha fått eit evig liv, seier Trohaug optimistisk.

– Solid økonomi Trass lågare

Målpolitisk løft Ho understrekar også at dette har vore eit løft for forlaget. Sidan lærebokavdelinga forsvann ut av huset, så har dei ikkje hatt ei eiga digital avdeling. Mykje nytt måtte lærast, investeringar gjerast. – Me i barnebokredaksjonen var veldig glade då leiinga og styret gjekk med på å gjera dette. Samlaget har valt å ta eit større løft av målpolitiske grunnar. Det er ingen automatikk i at dette blir ei sikker inntektskjelde for oss. Om me berre skulle teke omsyn til marknaden, hadde me truleg ikkje gjort dette. Men då hadde me også svikta mandatet vårt. Dette er ei investering for framtida, seier Trohaug.

billettinntekter er direktøren likevel godt nøgd med at teatret har greidd å halda kostnadene nede. Det samla besøkstalet ved Det Norske Teatret var i fjor 219.249. Det er tiande gongen at publikumstala kom over 200.000. Dei mest populære framsyningane på Hovudscenen var maratonframsyninga Bibelen, musikalen Shockheaded Peter og familieframsyninga Tonje Glimmerdal. Går det som Det Norske Teatret ønskjer, skal også folk i andre delar av landet – og i utlandet – få oppleva kva teatret har å by på. Målet er å nå lenger ut med gode produksjonar som teatret legg ned store kostnader i og mykje arbeid med. Om teatret får pengar, blir først klart i statsbudsjettet i oktober.

Kjartan Helleve

Margun Sundfjord

kjartan.helleve@nm.no

NPK

Norsk Tidend 3–2014

Stolt: Redaktør Ragnfrid Trohaug syner fram den nye app-en til Samlaget.

Ungt publikum Ho fortel at mange av dei nesten 20.000 publikummarane som besøkte musikalen Shockheaded Peter, var ungdommar som betalte ungdomsbillett. – Det er svært gledeleg at vi når ungdommane, men det gjev også lågare billettinntekter, seier ho. Utsetjing av premieren på familieframsyninga Tonje Glimmerdal og mange barnebillettar, bidrog også til lågare billettinntekter. – I tillegg hadde vi mange produksjonar ute på turné der billettinntektene gjekk til Riksteatret. Direktøren minner også om at teatret i samband med jubileumsdagen 6. oktober i fjor delte ut rundt 5.000 gratisbillettar.

7


Lgrunnlova

Feirar dobbel siger Målfolk og nynorskbrukarar jublar etter vedtaket i Stortinget om den språklege oppgraderinga av Grunnlova. Mange trur nynorskversjonen blir den mest tilgjengelege versjonen.

Norsk Tidend 3–2014

– Dette er fantastisk. Det er berre jamstellingsvedtaket som er større, seier direktør Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum til Nynorsk pressekontor etter at Stortinget 6. mai vedtok at Grunnlova for første gong skal koma på nynorsk i tillegg til bokmål. Berre Sverre Myrli (Ap) røysta mot den såkalla Graver-versjonen på nynorsk. Han røysta også mot forslaget om å endra bokmålsversjonen, fordi han ville at Grunnlova skulle stå som ho er. Stortinget og målfolk på galleriet klappa og jubla etter vedtaket. Både Olav H. Hauge og Ragnar Hovland blei siterte i debatten, og i vandrehallen på Stortinget var det god stemning etterpå. – At eit nesten samrøystes Storting har sagt at det er viktig å ha Grunnlova på nynorsk, gjer at dette er ein stor dag, seier ein strålande glad leiar i Noregs Mållag, Marit Aakre Tennø.

8

Kompromiss I debatten gjekk mange representantar frå dei raudgrøne partia sterkt inn for at Stortinget burde slutta opp om éi nynorsk- og éi bokmålsgrunnlov kledd i heilt moderne språkdrakter. Men i staden vart det fleirtal for eit kompromiss. Det inneber at ein heilt moderne nynorsk versjon av Grunnlova vart vedteken av Stortinget saman med ein bokmålsversjon med berre avgrensa endringar. – Vi hamnar difor i ein situasjon der nynorskversjonen blir den allment tilgjengelege, og der folk i Groruddalen og på Grønland tek til å lesa nynorsk, sa stortingsrepresentant Rasmus Hansson frå Miljøpartiet Dei Grøne. Han viste til to innvandrartette område i Oslo der nynorskbruken garantert er svært avgrensa. – Vi kan koma i ein situasjon der nynorskversjonen er den som blir brukt, fordi han er lettare å lesa

Strålande markering Tradisjonen tru, hadde Studentmållaget markering ved Ivar Aasens bauta på Vår frelsers gravlund på sjølve grunnlovsdagen. Ein kombinasjon av strålande vêr og jubileum gjorde at oppmøtet var svært godt. Om lag hundre og femti personar var møtt opp. Tradisjonen tru, kom det også i år til ein viss konflikt mellom mannskorrørsla og målrørsla. Det er tett mellom toppfolka på Vår frelsers gravlund.

og forstå for politikarar og andre lesarar, sa saksordførar Per Olaf Lundteigen (Sp). Både han og SVs Karin Andersen kalla kompromisset lite elegant.

Aasen ligg berre tre meter frå Johan Gottfried Conradi, som blir rekna som grunnleggjaren av mannskortradisjonen i Noreg. I det ein var klar til å setje i gang med programmet, kom eit tjuetals songarar. Dei stilte seg opp vendt mot grava til Conradi, og meir eller mindre på grava til Aasen. Jorunn Thingnes frå Studentmållaget måtte difor vente til minnemarkeringa ved sida av var ferdig. Etter nok ein mannskorslager, slapp endeleg historikar Hilde Sandvik til med helsinga si. Naturleg

– Blir folkeversjonen

Men nynorskforkjemparane i Noregs Mållag kan sjå på vedtaka som ein dobbel siger: Ikkje berre

nok dreidde talen hennar seg mykje om den nye nynorske grunnlova. Karl Peder Mork, påtroppande leiar i Norsk Målungdom, løfta stemninga med diktet «Eg ser dette landet» av Henrik Krohn. Kransenedlegginga vart på tradisjonelt vis avslutta med «Nordmannen» Til slutt vart det fotografering. Særleg den heimesnekra utgåva av Grunnlova vart godt dokumentert. Det vart ei strålande 11-dagars jubileumsfeiring.

KH


L MEDIA

Rasmus Hansson, Dei Grøne Glad: Erik Grov, organisasjonskonsulent i Noregs Mållag, kunne sleppe jubelen laus 6. mai. Foto: Kjartan Helleve

Stor dag: Tidlegare stortingsrepresentant og leiar i Noregs Mållag Hans Olav Tungesvik var ein av mange som hadde møtt opp for å få med seg debatten om språket i Grunnlova i Stortinget tysdag. Han var strålande nøgd med resultatet. Det same var leiar i Noregs Mållag Marit Aakre Tennø. Foto: Margunn Sundfjord / NPK

seier leiar Marit Aakre Tennø i Noregs Mållag til NTB. Ho viser til ei rad døme i media den siste tida på at nynorskversjonen no er meir forståeleg enn bokmålsversjonen. – Skal ein forstå og kunna vera med på å diskutera Grunnlova, må ein i framtida lesa nynorskversjonen. For Mållaget er det ein fin ting, seier Tennø. Ho strekar også under at vedtaket er ei viktig oppfølging av likestillinga mellom målformene som vart vedteken i 1885.

Heftig debatt Stortingspartia er Grunnlova no også på nynorsk – nynorskversjonen er også den mest moderne. – Eg trur det må bety at folkeversjonen blir nynorskversjonen,

kom måndag kveld fram til eit kompromiss i den betente språkstriden. Men partia heldt i debatten tysdag fram å argumentera heftig for dei opphavlege standpunkta sine. Arbeidarpartiet, SV, Senter-

Festtoget fekk nynorskdrakt Grunnlovsjubileumssongen «Det går et festtog gjennom landet» er berre på bokmål. Men det var før mållaget i Volda tok songen i eigne hender. I samband med grunnlovsjubileet i år lyste Stortinget ut ein konkurranse om å laga ein jubileumssong. – Songen «Det går et festtog gjennom landet» er ei jubileumsgåve til det frivillige song- og musikklivet, sa tidlegare stortingspresident Dag Terje Andersen under

partiet og Dei Grøne ville i utgangspunktet ha to parallelle og heilt moderniserte versjonar av Grunnlova. Høgre og Venstre har for sin del argumentert for å halda språket i grunnlovsteksten i stor grad uendra. Michael Tetzschner meiner vi no likevel får ei «konservativ, verdig modernisering av Grunnlova». Abid Raja frå Venstre var likevel lite nøgd med kompromisset og kalla det «lite ærefullt». KrF la ikkje skjul på at partiet gjekk bort frå standpunktet sitt om ikkje å endra Grunnlova for å få støtte til nye grunnlovsparagrafar om menneskerettar. Hans Fredrik Grøvan frå KrF kalla dette ein «prinsipielt grunngjeven pragmatisme».

Kristian Skårdalsmo/ Margunn Sundfjord/ NPK/NTB

lanseringa av songen. Men Volda Mållag meinte det var ein mangel i jubileumsopplegget at songen ikkje vart omsett til nynorsk, skriv avisa Møre. Styreleiar i Volda Mållag Gudrun Kløve Juul og styremedlem Anne Steinsvik Nordal omsette derfor «Det går et festtog gjennom landet!» til nynorsk. I veka før 17. mai gjekk dei rundt på skulane i Volda og delte ut den omsette versjonen, som ikkje er ein offisiell versjon. Stortinget må godkjenna versjonen endeleg.

NPK

Dagleg leiar i Kringkastingsringen

Ein forseinka aprilsnarr frå Frp Freda i påska blei sterkt forstyrra då eg vakna opp laurdags morgon 19 april. Veggen min på fjesboka var full av lekkjer til eit nyhende på NRK si nettside. Det var nok mange som fekk kvikklunsjen i vrangstrupen då dei såg forslaget til Johan Aas om berre eitt offisielt skriftspråk i Noreg. Eit forslag som i beste fall kan tolkast som ein forsinka aprilsnarr frå Fremskrittspartiet. Likevel er ikkje bodskapen spesielt overraskande: nynorsk er for vanskeleg for folk flest. Difor må den vekk. Ironisk nok var det nettsida nynorsk øvingsrom, som har som mål å gjere det lettare for elevar å lære nettopp nynorsk, som fekk det til å renne over for Aas. Tileigninga av informasjon har i større og større grad vorte flytta over på Internett. Ikkje berre deler vi, likar vi, og kommenterer vi, men vi kan også gjere det når som helst, kor som helst. Gjennom sosiale media blir vi stadig eksponerte for saker som anten er viktige, morosame eller rett og slett hårreisande. Til og med Dagsrevyen oppmodar sjåarane om å gå vidare på NRK.no for å lese meir om ei sak. Denne utviklinga gjer at det er særs viktig at aktørar som NRK representerer det språkmangfaldet vi har i landet vårt. NRK har eit særskilt ansvar for å bruke begge målformene i si formidling av nyhende. Det er difor skuffande at berre om lag seksten prosent av sakene på NRK si nettside var på nynorsk i 2013. Vi i Kringkastingsringen vil at nynorsk skal vere ein naturleg del av nyhendedekninga, også på nettsida til NRK. Så eg kryssar fingrane for at NRK klarar å innfri målet om 25 prosent nynorsk også på nettsida i 2014. Og kven veit, kanskje til og med Johan Aas vil sjå at nynorsk ikkje er så vanskeleg som han vil ha det til.

Karoline Opsal Marøy (25) er ny dagleg leiar i Kringkastingsringen. Ho kjem frå Ørsta i Møre og Romsdal, tek ein master i pedagogikk ved høgskulen i Lillehammer og har organisasjonserfaring frå Elevorganisasjonen og Senterpartiet i Oslo.

Norsk Tidend 3–2014

Vi hamnar i ein situasjon der nynorskversjonen blir den allment tilgjengelege, og der folk i Groruddalen og på Grønland tek til å lesa nynorsk.

Karoline Opsal Marøy

9


Lmållova

Språkomsyn må på plass Samanslåingar av kommunar kan få uheldige konsekvensar for nynorsk, meiner Marit Aakre Tennø, leiar i Noregs Mållag. I mai la regjeringa fram kommuneproposisjonen, ein plan om korleis det skal bli færre kommunar her i landet. Regjeringa lokkar med gåver og romslege støtteordningar for å få kommunane til å slå seg saman. – Kommunereforma kjem uansett. Spørsmålet er når. Vi bør gjennomføra denne reforma no framfor å venta til vi må, for då blir det mykje meir smertefullt, seier Sanner. I den tidsplanen som Sanner no legg fram for Stortinget, er det lagt opp til at kommunane kan starta prosessen til hausten. Neste vår vil kommunalministeren leggja fram forslag til kva oppgåver kommunar som har vorte store nok, kan overta frå stat og fylkeskommune. Det endelege forslaget til ny kommunestruktur skal regjeringa leggja fram våren 2017, og det nye Kommune-Noreg skal stå klart 1. januar 2020.

Norsk Tidend 3–2014

Opp til kommunane Kva kon-

10

sekvensen kan bli for nynorsk, har ikkje regjeringa teke større omsyn til. I proposisjonen står det: «Det er kommunene selv som avgjør hvilken målform som skal brukes i kommunen. Departementet legger til grunn at kommunene selv finner gode løsninger på språkutfordringene når de gjennomfører de lokale prosessene». – Dette er for dårleg, meiner Marit Aakre Tennø, leiar i Noregs Mållag, som i slutten av mai la fram Mållaget sitt syn under ei open høyring i Stortinget. – Korleis ser regjeringa at dei små nynorskkommunane skal løysa det i møte med store bokmålskommunar? Her lèt departementet mindretalet i stikken. Dette er oppskrifta på mindre nynorsk. Ho peikar på at det er eit nasjonalt ansvar å sikra gode vilkår for begge dei norske språka våre, og særleg å verna om det mindre brukte av dei to. Å lata kommunane avgjera dette sjølve står i sterk kontrast til omsynet ein tek til det samiske minoritetsspråket i

LKommuneproposisjonen 2015 Frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet Fremja i statsråd 14.05.2014 Ligg no til handsaming i kommunal- og forvaltningskomiteen Saksordførar er Helge André Njåstad (FrP) Frist for innstilling: 12.06.2014

same proposisjon. I proposisjonen vert det slege fast at «Regjeringen er opptatt av å ta vare på samisk språk, og vil vektlegge at samiske språkbrukere ikke kommer dårligere ut som følge av endringer i kommuneinndelingene».

Treng strukturar – Det

er gledeleg at regjeringa ser kor viktig dei samiske kommunane og det samiske forvaltingsområdet er for å halda oppe bruken av samisk språk, seier Tennø. – Samisk er eit mindre brukt språk, difor er det naudsynt med område der samisk er majoritetsspråket. Slik skil heller ikkje samisk seg frå nynorsk. Mindre brukte språk treng strukturar som kan demma opp for presset frå majoritetsspråket. Desse strukturane er det regjeringa sitt ansvar å få på plass. For nynorsken er det heilt avgjerande at det vert tenkt språkpolitikk ved eventuelle samanslåingar, og at kommunesamanslåingar ikkje må skje når det kan få negative konsekvensar for nynorsken. Ho syner til døme frå Finland som har vore gjennom den same prosessen. I arbeidet med å utforma eit nytt finsk kommunekart har språklege omsyn vore styrande for prosessen. Etter den finske kommuneinndelingslova heiter det at dersom kommunesaman– slåinga trugar den språklege statusen til eitt av språka i alvor-

Oppskrift: – Ei oppskrift på mindre nynorsk, seier Marit Aakre Tennø. Foto: Kjartan Helleve

leg grad, så kan ein forkasta samanslåinga. –Kva skjer med den vesle nynorskkommunen Åseral med 906 innbyggjarar og berre nynorskklasser, spør Tennø. – Dei vil nok kunna finna litt støtte frå den språknøytrale nabokommunen Audnedal som berre har nynorskklasser, men dei vil framleis verta ein liten minoritet om ein vel å slå dei saman med Marnadal, Lindesnes og Mandal slik nokon har teke til orde for. For kva er 2593 innbyggjarar i Åseral og Audnedal, mot det store fleirtalet på 22.212 i Marnadal, Lindesnes og Mandal? Etter den finske kommuneinndelingslova ville ei slik samanslåing kunna stoggast av språklege omsyn. Men finsk lov gjeld ikkje i Noreg. Og i proposisjonen føreslår ein å overlata

kommunane til å finna ut av dette sjølv. Me fryktar at det nynorske mindretalet då fort taper.

kjerneområdA Ho er også oppteken av at nynorsken får lov til å vera i fleirtal somme stader i landet. Slår ein saman små nynorskkommunar med store bokmålskommunar, skaper ein nye mindretal som gjer det vanskelegare å halda på nynorsken. Det er i desse tilfella at det vil oppstå strid om språkval i kommunane. – Det er i nynorskkommunane ein i dag møter mest nynorsk, og me veit at stoda for nynorsken heng tett saman med bruken av nynorsk. Me ser at nynorsk opplæringsmål i skulen er meir robust der nynorsken er det vanlege brukte språket utanfor skulen. I


Mållova i praksis

Ignorerer krav – I bispesaka

Illustrasjon: Distriktssenteret

dei sterkaste nynorskområda har nynorsken styrkt seg dei siste 20 åra. Mykje bruk av nynorsk avlar meir nynorsk, på same måte som me ser at nynorsken er under mest press der bokmålet er mykje brukt. Det vert vanskeleg å halda på språket sitt i det ein hamnar i tydelege mindretal, seier Tennø. Om det blir samanslåingar, må nynorskbrukarane sine behov og rettar sikrast på ein heilt annan måte enn dei gjer i dag. – I dag ser me at kommunar som går frå å vera nynorskkommunar til å verta språknøytrale, i praksis vert bokmålskommunar. Med det aukar språkassimileringa: det vert vanskeleg å halda på nynorsken i eit samfunn der ein ser svært lite nynorsk rundt seg, seier Tennø.

Kjartan Helleve kjartan.helleve@nm.no

Det vert vanskeleg å halda på språket sitt i det ein hamnar i tydelege mindretal Marit Aakre Tennø

kunne den dåverande biskopen aktivt undergrava eit pålegg frå Kulturdepartementet utan at det fekk fylgjer. Han kunne koma med usanne opplysingar og skriva under lesarinnlegg med «biskop», utan at departementet reagerte. Så trass i at departementet og Språkrådet har engasjert seg i saka og sagt at nynorsk skal vera tenestemål, så bryr ikkje bispedømet seg om det. Dei berre held fram som dei sjølve vil. Kven er det då som skal syta for at lova blir fylgd?, spør Seland. No lurer han på om styret i bispedømerådet i det heile har vorte orientert om saka. Saka som gjeld Pasientreiser er av nyare dato. Pasientreiser er eit statleg selskap som har ansvaret for refusjon av paseintreiser utan rekvisisjon. I motsetnad til bispedømesaka, gjeld denne kva rettar ein som enkeltperson har i fylgje mållova. Fem gonger har Seland sjølv fått svar frå Pasientreiser på bokmål, sjølv om han har skrive til dei på nynorsk. Det er eit brot på § 6 i Mållova: «Statsorgan skal svare på skriv frå private rettssubjekt i den målforma som er nytta i skrivet».

overordna organ? – Dette

illustrerer kor vanskeleg det er å få gjort noko med brot på mållova, seier Seland. – Det er ganske enkelt: eg skal ha svar på nynorsk, men får det på bokmål. Eg vil klaga, og i mållova står det i § 9: «Om nokon

meiner at eit statsorgan ikkje følgjer lov eller føresegner om målbruk i saker som vedkjem dei sjølve, kan dei klage på dette til overordna organ.» I dette tilfellet er det Helse Sør-Aust, men i staden hamnar klagene mine hjå Språkrådet. Det er dei som handsamar klagen, men ber ikkje om at eg skal få brev på nynorsk. Det må eg gjera sjølv. Det undergrev tanken om at ansvaret er fordelt oppover i systemet. Helse Sør-Aust burde ha sagt frå til Pasientreiser. Pasientreiser burde ha forklart korleis denne feilen kunne skje. Helse Sør-Aust burde ha sytt for at det ikkje kom til å henda i framtida. Men så lenge klagane går ut av systemet og til Språkrådet, så kjem dette også til å henda i framtida, seier Seland. Han meiner at forskrifta er tolka feil. Der står det Kulturdepartementet og Språkrådet skal ha tilsyn, men Seland meiner at det ikkje er det same som å vera klageinstans. – Som regel er svaret at «dei ikkje kan spørja». Dei har tilsyn, men kan ikkje spørja. Då er tilsynet redusert til å vera lite meir enn å opplysa om gjeldande lovverk. Det svekkjer min rett til å klaga. Etter lova skulle klagen vorte handsama av det overordna organet som har makt til å gjera noko med problemet. Han stiller også spørsmål om kven som har ansvaret for å informera innbyggjarane om rettane sine. – Spørsmålet er om alle skjema som staten produserer, bør ha eit punkt med spørsmål om ein vil ha svar frå styresmaktene på bokmål eller nynorsk. No er det berre på nokre få. Det verkar ikkje som om Språkrådet og Kulturdepartementet tek dette ansvaret. Kristin Solbjør, seksjonssjef i Språkrådet, seier at dei så å seia aldri får klagesaker vidaresendt frå eit statsorgan. I den grad ein klage hamnar på Språkrådet sitt bord, er det av di klagar sjølv har sendt han dit. – Personar som vil klaga på mållovsbrot kan etter mållova klaga direkte til overordna organ. Mange vel likevel å klaga via Språkrådet, sidan vi fører tilsyn med gjennomføringa av reglane om målbruk i offentleg teneste. Når Språkrådet får slike klagar, tek vi opp saka med det overordna organet, seier Solbjør.

Kjartan Helleve kjartan.helleve@nm.no

Norsk Tidend 3–2014

Kåre Seland slåst mot to bokmålsvindmøller. Den eine er bispekontoret i Agder og Telemark. Den andre er Pasientreiser. Seland har engasjert seg i båe sakene. I april var han på møte med Språkrådet, saman med leiar og dagleg leiar i Noregs Mållag. No er han i ferd med å bli mektig irritert, og vil ha svar på ei rekkje med spørsmål om korleis mållova skal fungera i praksis. Saka med bispekontoret er gamal. I 2004 gjorde Norsk Språkråd bispedømet merksam på at dei i fylgje mållova skulle nytta nynorsk som tenestemål. Det var ikkje bispedømet, og i alle fall ikkje dåverande biskop Olav Skjevesland, særleg interessert i. Bispedømet bad difor om å få sleppa, noko dei naturleg nok ikkje fekk. Det vart eit ordskifte i avisene, særleg i 2006, men bispedømet har ikkje endra språkpolitikk. Årsmeldinga for 2013 ligg føre på bokmål, og ei avislysing 10. mai i år var òg på bokmål.

Foto: Varden

Å klaga på brot på mållova er enkelt. Å få nokon til å reagera er verre.

11


Llagsnytt

God start for Hått halling – Dialekt er ikkje noko stridsspørsmål, men nynorsk er det delte meiningar om. Eg tenkjer at det er eit godt utgangspunkt. Prosjektplanen siktar høgt. Målsetnaden er å gjera barn og ungdom interesserte i og nysgjerrige på norsk språk i skrift og tale, medverka til større medvit om språkval (dialekt/«bokmål» og nynorsk/bokmål) og til større språkleg sjølvtillit (munnleg og skriftleg). Ein ynskjer å skapa positive haldningar til dialekt og nynorsk blant barn/ungdom/ foreldre, få flest mogleg til å velja nynorsk som opplæringsmål frå 1. klasse i skulen, førebyggja at barn og ungdom skiftar ut nynorsk med bokmål i skuletida, få flest mogleg til å bruka/halda på hallingmålet i barnehage og skule, og hjelpa kommunane med å auka kompetanse og kunnskap hjå tilsette i barnehage og skule for å nå desse måla. – For nynorskarbeidet omfattar prosjektet nynorskkommunane Gol, Hemsedal og Ål, medan dialektarbeidet også er retta mot Hol, Nes og Flå, fortel Heidi Molstad Andresen. Målgruppa er ungar og elevar i barnehagane og skulane, lærarane deira og dei tilsette i barnehagane.

Norsk Tidend 3–2014

God start – Hått halling-

12

prosjektet fekk ein veldig god start med stevkonkurransen me skipa til. Den fekk mykje merksemd i lokalavisa Hallingdølen, med ei heilside kvar laurdag i fleire veker. Så på kort tid var det mange som hadde høyrt om oss, og på sett og vis har vel Hått Halling alt vorte ei ganske etablert merkevare, seier Heidi Molstad Andresen. Ho gler seg også stort over sigeren i skulemålsrøystinga i Holet skulekrins. – Det var fyrst og fremst lokallaget i Hol som arbeidde med dette. Men det var utruleg kjekt å kunne leggja ut alle dei gode innlegga for nynorsk på Facebooksida vår, og sigeren var heilt klart til inspirasjon til oss alle, seier Heidi Molstad Andresen.

Kursverksemd Ho fortel at prosjektet ynskjer å tilby kurs og opplegg for både borna og tilsette i barnehagane og skulane, og at den største utfordringa er å få på plass avtalar. – Målgruppene har gjerne fullsette dagar frå før, så mykje av arbeidet handlar om å få innsmett og organisera arbeidet mest mogleg

effektivt og økonomisk. Men dette var me budd på då me starta, ettersom Målstreken i Valdres alt hadde gjort dei same erfaringane. Av planane for hausten og vinteren er både nynorskføredrag til skuleelevane i 7. og 10. klasse og kulturbesøk til barnehageungane. Lærarane blir tilbydd inspirasjonsføredraget «Ivar Aasen – rota til alt vondt» med forfattar Kristin Fridtun. – Kanskje kjem det også eit tilbod om meir omfattande nynorskkursing for lærarane – og kanskje går dette ut som ein fellesinvitasjon til alle kommunetilsette. Ein del kanskje her, altså, seier Heidi Molstad Andresen. I august vert det halvdagskurs i dialekt og lokalkultur for alle tilsette i barnehagane i Ål. Då vert det basiskurs i hallingdialekten med Hallgrim Berg, pedagogiske dialektverkty ved førskulelærarane Nina Stensgård og Jorunn Borge Knaldre og dialektarbeid som ressurs ved Anne Marit Grøndalen Ingvaldsen, styrar i Leira barnehage i Valdres. Kvedar Inger Marie Lien Rust og folkedansar Marianne Øynebråten skal fortelja om tanken attom lokal kulturformidling, og læra ifrå seg eit knippe av dei mest populære songane og dansane dei nyttar i barnehagen. Arne Moslåtten vil finna fram favorittstubbane sine og leia an i allsongen. Seinare på hausten vil alle dei seks hallingdalkommunane få tilbod om det same kurset på ei fellessamling for heile dalen.

Allsidig arbeid Hått halling

har mange slags prosjekt på gang. På Barnas Verdensdag på Gol laurdag 14. juni deltek Hått Halling med ein eigen verkstad dei har kalla «Heilt halling». I denne verkstaden hjelper kvedar Inger Marie Lien Rust og folkedansar Marianne Øynebråten ungane å bli kjent med dei språklege og musikalske røtene sine, gjennom fleire halvtimesbolkar der ungane lærer både lokale rim, songar og dansar . Til hausten vert det også laga eige avisbilag som går til alle abonnentar av Hallingdølen. Og i september kjem forfattar Erna Osland til Hallingdal og skal vitja barnehagar i dalen.

Hege Lothe hege.lothe@nm.no

Bokbad med dik

Foto: Nils Ulvund

John Melkild (biletet) frå Jordalsgrenda i Sunndal kommune har leika med språket både i arbeid og fritid gjennom eit langt liv. Mange har gledd seg over prologar, dikt og kåseri. Mange oppmodingar om å gje ut diktbok enda med at boka kom straks etter 90-årsdagen i vår. Boka Dikt vart presentert på bokbad på Sunndal Folkebibliotek i mai. Humor, varme, ettertanke og alvor i dikt og kåseri viser spennvidda i produksjonen. Skrivegleda kjem spesielt tydeleg fram i turskildringane han deler med mange på Fjesboka. Jau, John er både gangfør, skrivefør og talefør. Språkgleda deler han gjerne, og mange tek i mot orda hans med glede anten det er i diktbok eller Fjesbok.

Anders Bjørge utnemnd til æresmedlem Under årsmøtet til Gausdal dialektog mållag vart Anders Bjørge (biletet) ut-nemnt til æresmedlem i laget, som den fyrste i sitt slag. Bjørge takkar no av etter 16 år som leiar for Gausdal dialekt- og mållag. Han har lagt ned ein enorm innsats for laget, og har mellom anna vore ein pådrivar i arbeidet med å samla inn og systematisera gausdalsdialekta, som er gjeve ut i to utgåver av boka Gausdalsmålet.

Brynhild Marie Foss


LLagsnytt Prøysen-kveld i Maridalen Oslo Mållag og soknerådet i Maridalen skipar også i år til ein nynorsk kveld i den flotte kyrkja i Maridalen. Dette er ein mangeårig tradisjon som har fått svært godt oppmøte. I år er det Prøysen-kveld. Forfattar Ove Røsbak skal snakke om livet og diktinga til Prøysen, Tone Ringen syng og les og Torhild Fimreite spelar piano. Sundag 1. juni klokka 19 i Maridalen kyrkje. Servering på kyrkjebakken etterpå.

Foto: Inge Nordvik / Driva

Haustkonferanse i Tønsberg Norsk Målungdom inviterer til sitt årlege haustseminar frå fredag 3. oktober til sundag 5. oktober 2014 i Tønsberg.

ktbokdebutant på 90 år Bokbadet vart ei stund med mykje humor. Som i boka fekk vi møte bl.a. huldrene på fjellet og bekren på sparkstøtting da det var for glatt til at han kunne gå. Men da John i diktet «Draumkvedet» melde seg som slåttekar ved perleporten, vart han heimsendt av St. Peter med desse siste orda. God tur da John, og sjå meg som venn. Så møtest vi kanskje i porten igjen. Og John: Da samla eg saman slåtteutstyret, og innsåg at slik enda jobbeventyret. Ja, dette blei nedtur i dobbel forstand. Først perlemorssky, så makrellsky, og deretter skoddhausar tunge som bly. Så steig eg av frå ein tåkedott, men tenk for ein slåttekar Peter’n kunne fått. Ja, slik enda turen i resignasjon, men pytt, pytt, pytt. Du får prøv te att John.

Etter bokbadet på biblioteket skreiv Melkild dette: «Eg ser at det er ei badeutfordring på gang. Mange kvier seg visst til å gå ut i bylgjene. Bruk min måte å takla sjøgangen på. Gå plystrande ut i havet utan å stoppa og lat som ingenting til vatnet står til halsen. Da er det verste gjort. No har boka hans John hatt sitt bad og guten med. Det var ein triveleg kveld på biblioteket. Det var det visst fleire som tykte. Eit skikkeleg fellesbad. Eg takkar rundt meg til alle kantar. Svein bokbadar spurde meg om når neste bok kjem. Det må bli i to tusen og den tid – DEN TID ER EIN SKJELM.»

Nils Ulvund

Nettkurs i Vikværingen – Vi spurte på fylkesårsmøtet vårt kva lokallagsfolka våre ynskte seg av kurs. Mange av dei svara at dei ville lære meir om nettpublisering, fortel Håvard Tangen, leiar i Fylkesmållaget Vikværingen. I byrjinga av mai laga dei kurs om korleis bruke publiseringssystemet og korleis lage ein blogg for lokallaget. Sumarleir i Åndalsnes Norsk Målungdom inviterer til den tradisjonsrike sumarleiren også denne sumaren. I år vert leiren i Åndalsnes i Rauma kommune frå 8. juli til 13. juli 2014. MålBar i Oslo Are Kalvø har framleis sine eigne tankar om korleis Grunnlova eigentleg burde sjå ut. Møt han til føredrag og diskusjon på Enoteca St. Hanshaugen, torsdag 29. mai klokka 19. Oslo Mållag inviterer. Målbar i Bergen I juni er det igjen målbar i Bergen. Innleiar er Marit Aakre Tennø, leiar i Noregs Mållag. Tysdag 10. juni klokka 19.30 på Logen Bar i Bergen. Slår saman lag Husnes Mållag og Kvinnherad Mållag har slege seg saman til eitt mållag. Det vart vedteke denne våren. Det nye laget skal heite Kvinnherad Mållag og vil stå som lokallag i Hordaland Mållag. Kristian Bringedal er leiar og Øystein Skjæveland er nestleiar i det «nye» laget.

I april vart Vestre Slidre Mållag oppattskipa etter om lag 15 år utan aktivitet. – Interessa for målarbeid er aukande her i Valdres. Valdres Mållag ser fram til samarbeid med alle lokallaga våre, seier Reidun Dølehuset, leiar i Valdres Mållag. Marianne Granheim Trøyflat er nyvald leiar i Vestre Slidre Mållag. Ho tykte vel om oppattskipingsmøtet. – Det var eit veldig hyggeleg møte, og det kom mange engasjerte medlemer. Fleire med lang erfaring

og nokre heilt nye. Eg og mange med meg sette veldig stor pris på at Marit Aakre Tennø, leiar i Noregs Mållag, kom på møtet. Ho tok opp fleire viktige problemstillingar som var aktuelle for oss, seier Marianne Granheim Trøyflat. – Kva er utfordringane i Vestre Slidre? – Elevane har nynorsk på ungdomsskulen, men mange elevar held fram på Valdres vgs. på Fagernes og byter der til bokmål. Dette er ei stor utfordring for oss, fortel Marianne

Granheim Trøyflat. Ho fortel at styret startar aktiviteten litt i det små. I fyrste omgang ynskjer vi rette arbeidet mot barn og unge, og skal besøkje barnehagane i kommunen, fortel ho. Ho peikar også på at både eventuell kommunereform og regionalt samarbeid er ei utfordring for Vestre Slidre. – Vestre Slidre er ein nynorskkommune, og mykje regionalt samarbeid fører til at tenestene kjem på bokmål. Eit aktuelt døme er Valdres lokalmedisinske senter. Nettsidene til dette senteret er på bokmål, sjølv

om det lokalmedisinske senteret også er senter for tre nynorskkommunar. Så både med eventuelle kommunesamanslåingar og i dagens regionale samarbeid ser vi at mindretalsspråket har ei utfordring mot fleirtalsspråket, seier Marianne Granheim Trøyflat. Ho har med seg eit kvinnesterkt styre med styremedlemane: Ingebjørg Moe, Randi Før, Brita Siri Nesja, Kari Hauge og Sigrun Sørengen.

Hege Lothe hege.lothe@nm.no

Norsk Tidend 3–2014

Ny start i Vestre Slidre

13


Lintervjuet

Døden i dalen Anna Kleiva leikar ikkje poesi. I den nye samlinga Vårar seinare set ho ord på mørke opplevingar frå ungdomstidas heimbygd. – La oss starte lengst ute: Kvifor skriv nokon, til dømes du, lyrikk? – Kanskje fordi det er ein fri måte å uttrykkje seg på? Det gjev mange moglegheiter. Sjølv er eg veldig oppteken av språket. Tidlegare har eg skrive ein del prosa, og då har det vore språket, ikkje handlinga, som har drive teksten framover. Slik er det her òg. Eg kan arbeide med rytmen i teksten, og prøve å få til at linene viser det dei skal vise, seier Anna Kleiva. – Kva kjem det av at poesi for oss nordmenn anten er veldig smalt eller veldig breitt? – Dei som er verkeleg store i Noreg er vel som regel gamle eller døde. Vi oppdagar gjerne gode formuleringar fyrst i ettertid, og så blir dei gradvis ein del av kulturen. Ein del er veldig redd for dikt, at det skal vere abstrakte språkelement utan innhald. Men det er ei misforståing at dikt skal vere smalt. Sjølv las eg ikkje særleg mykje poesi tidlegare, eg trudde eg ikkje likte det, men det var fordi eg ikkje eigentleg visste korleis poesi kunne vere, forklarer Kleiva. No er Kleiva ute med si andre diktsamling, Vårar seinare, som meldarane har omtalt som både diktsamling og diktroman. Samlinga ser tilbake på ei ungdomstid med bilulukker og sjølvmord. Silje Bekeng melde samlinga i Klassekampen, og meinte at «man kunne ønsket at Vårar seinare ble pensum på trafikkskolene, om man virkelig trodde at dikt kunne overdøve veiens brølende kurtisering». – Det er ein fæl tematikk du tek opp? – Dette kjem frå meg sjølv. Det er noko som sit att i meg, som eg opplevde. Men eg er jo også oppteken av tematikken i seg sjølv; Eg prøver å få fram korleis menneske reagerer i ulike situasjonar, kva ein kan seie og kva ein er tyst om, fortel Kleiva. I Vårar seinare skriv ho mellom anna: det blir ikkje sagt men nokon kuttar av seg livet det blir ikkje sagt

Norsk Tidend 3–2014

Ord som har venta – Då eg arbeidde med

14

den fyrste samlinga mi, Ti liknande versjonar, var det med nokre dikt som tok opp denne tematikken. Dei passa likevel ikkje inn i den ferdige boka. Då tenkte eg at det kunne bli ei eiga historie. Men

LAnna Kleiva Fødd i 1985. Ho er oppvaksen på Vinstra og bur i Oslo. Gav ut diktsamlinga Ti liknande versjonar i 2011. Vårar seinare er den andre boka hennar.

eigentleg har eg arbeidd med dette materialet sidan eg gjekk på forfattarstudiet i Bø i 2006, seier Kleiva. – Ein del lyrikarar irriterer seg over at sånne som meg spør om inspirasjonen kjem frå det verkelege livet, men her er referansane ganske tydelege? – Ja, dette har ein konkret bakgrunn. Eg ville spørje om kvifor sorg sit att så lenge, kor sjokkerande lenge det sit att i oss. Eg opplevde ein del dødsfall i ungdomstida. Det skjedde mykje, og det blei ikkje alltid snakka om det. For meg blei det knytt til våren, det var fleire ulukker akkurat i den årstida. Sjølv om vi aldri får vite det i boka, er det lite tvil om at handlinga, om ein kan kalle det ei handling, finn stad på Vinstra, der Kleiva vaks opp. Dødsfalla ho skildrar, råka fleire i krinsen rundt. Sjølv om diktsamlinga er skriven litt her og litt der, blei mesteparten skrive medan forfattaren budde eit halvår heime: – Eg ville at handlinga skulle kome frå bygda, at det skulle vere ei stemme som sjølv kom derfrå. Det er mange dødsfall i Gudbrandsdalen. Bilkulturen er rådande, vi har Europavegen som jo fører til ein del ulukker. i skumringa lyser bensinstasjonane i skumringa rungar skulegardane i skumringa glør snøhaugane og vi syng med til bilradioen

Tilskodar og deltakar – Men du har jo sjølv flytta ut? – Ja, det er jo litt rart. Eg kan aldri skrive frå

bygda, eg er ein utflyttar. Men eg høyrer til der likevel. Bygda blir ofte dårleg representert, og eg veit jo noko om å bu der, og kan skrive om bygdekultur utan å bli korkje idylliserande eller nedlatande. Vi snakkar litt om korleis lyrikken når ut. At ein avisartikkel kan bli lesen av mange, for så å gå over i historia, medan eit dikt kan bli ståande i årevis. Og der artikkelen dyttar innhaldet sitt på lesaren, kan diktet gje meir rom for den som vil fylle det med sitt eige innhald. – Det er fint å tenkje på at nokon kan plukke opp denne samlinga om ti år. Eg skulle sjølvsagt ønskje at fleire las dikt, men synest uansett det er flott med den anonyme lesaren. Eg veit jo korleis eg sjølv er som lesar – eg gjev aldri tilbakemeldingar, med mindre akkurat den personen skulle sitje rett overfor meg på toget, til dømes. – Då får du eit høve til å skryte av nokon her og no: – I så fall vil eg trekkje fram den danske poeten Asta Olivia Nordenhof. Ho er vel ganske kjent i Danmark, der poesi står litt sterkare enn her i Noreg. Ho har mellom anna gjeve ut ei samling som heiter Det nemme og det ensomme. I tillegg arbeider eg med å omsetje ei diktsamling av amerikanaren Ariana Reines. Dei har så mykje kraft i dikta, og skrivinga verkar så fri.

Kva no?  I debutsamlinga Ti liknande versjonar var Kleiva personleg og munter. No ser ho på eit heilt bygdesamfunn, og stemma er mørk og hås. Kva kjem neste gong? – Det neste prosjektet går i ei heilt anna retning. Det er meir kraftfullt og ... ja, rølpete! Eg er ikkje ei sånn som går meir og meir inn i éin tankegang. Eg vil at det skal vere ulike retningar, og vil gjerne inn i andre sjangrar. Hadde eg hatt pengar til å skrive på fulltid, skulle eg sjangra meg ut over alt. – Eit symptom på rotløyse? – Nei, eg vil jo eigentleg ikkje vere rotlaus, eg berre er det nett no. Eg er glad i å reise. Men når eg kjem til ein ny plass, vil eg bli kvitt kofferten så fort som råd og late som eg høyrer til der. Kanskje saknar eg den kjensla av å vere fast ein plass, men kan heller ikkje leve med den. Det er noko der. Jens Kihl

jens@nynorsk.no

Eg er ikkje ei sånn som går meir og meir inn i éin tankegang. Eg vil at det skal vere ulike retningar, og vil gjerne inn i andre sjangrar. Hadde eg hatt pengar til å skrive på fulltid, skulle eg sjangra meg ut over alt.

Foto: Kjartan Helleve


Norsk Tidend 3–2014

15


Llitteratur

Eit gamalt trehus i tre høgder rommar det som er verdt å ta vare på av nynorsk litteratur. No rundar Nynorsk Antikvariat 25 år.

Mykje arbeid Han tek meg med inn i

butikken, som ikkje overraskande er full av bøker. Med full, meiner eg full. Eg leitar

LFakta: Held til i Tvedestrand. Feirar 25-årsjubileum i sommar.

Det ligg frykteleg mykje arbeid bak

16

Vakre Tvedestrand er sur og kald denne mai-dagen. Det freistar ikkje med eit bad. Det freistar ikkje å rusle langs hamna og sjå på trebåtar. Ei heller å stille seg opp å sjå på arbeidsfolk som arbeider i dei små smuga. Det ein skulle hatt, var ei god bok. I denne byen er ikkje det vanskeleg å finne. Tvedestrand er ein av to bokbyar i landet, Fjærland er den andre. Medan sistnemnde berre fell inn under det utvida byomgrepet, har Tvedestrand mange høvelege butikklokale til ei rad små antikvariat. Pengane brenn i lommene. Heilt nede i hamna ligg Nynorsk Antikvariat. Tre etasjar proppfulle med bøker, alt eit bokhjarte kan drøyme om. For dei som har ei slagside mot den nynorske litteraturen, er dette det næraste ein kjem Mekka. I alle fall Medina. – Hjarteleg velkomen! Arne-Ivar Kjerland tek varmt imot meg i døra, som om me skulle ha vore gamle kjende. Det er denne varmen som har vore ein del av oppskrifta for å kunne drive eit levande antikvariat. Han har femten tusen namn i kunderegisteret, og definerer halvparten av dei som faste. Halvparten av dei att, som vil seie i overkant av tre tusen personar, vil han kunne hevde at han kjenner. Meg har han kjent i fire sekund, men eg føler meg alt heime.

Norsk Tidend 3–2014

Rundtur i eit Grunnlagt i 1989 av Arne-Ivar Kjerland og Kjell Arve Straumsvåg. Kjerland vart eineeigar i 2004. Fekk i vår Nynorsk Næringslivspris frå Mållaga på Agder.

etter ein plass å leggje tinga mine, og finn ein slags lesekrok med eit par ledige stolar. Berre flaks gjer at eg ikkje veltar ein stabel med bøker. Sidan me no alt er dus, så kan han by på kaffi som han er redd er blitt lunka. Den halve koppen eg får er iskald. Han spør om eg vil ha ein salat. Eg takkar nei, og seier at eg alt har ete. Sidan eg ikkje har vore her tidlegare, vil han gjerne syne meg rundt. Me tek til inne i barnebokavdelinga. Systemet er enkelt. Prisen står på fyrste sida. Har boka ein kvit papirlapp i seg, ligg ho også ute for sal på nettet. Er kategorien stor, har dei mange bøker i ein sjanger, så er det god orden i hyllene. Romanane er t.d. veldig godt sorterte. Er det lite utval av ein type bøker, er det meir kaos. Då får folk leite sjølve.

– Det ligg frykteleg mykje arbeid bak dette. Dei fleste skjønar det, og eg lèt meg ikkje lenger provosere av dei som ikkje gjer det. Eg er stort sett audmjuk, men kan vere temmeleg arrogant. Slik må ein vere som handelsmann. Om du berre bøyer deg i støvet for alle idiotar, så øydelegg du deg sjølv. Du må tole å ta i. Til dømes når folk skal prute på pris. Då seier eg at om dei vil kjøpe bøker til den prisen, så kan dei reise på ein loppemarknad. Det å tømme ut gallen av og til, det må berre til. Så lenge du seier det med eit smil om munnen, så kan du kome unna med det meste, seier Kjerland. Han er godt nøgd med noko han vart sitert på då bladet Vi over 60 skreiv ein artikkel om bokbyen. Ein kunde såg eit tibandsverk av H.C. Andersen og meinte at det kunne høve godt til fargen på kjøkenet heime. Då føreslo Kjerland at kunden heller kunne ta turen til ein fargehandel. Han sel ikkje tapet. Han sel bøker.

Har gjort folk medvitne Kjerland tek meg med vidare, forbi landbruk, friluftsliv og reiser. Ute ved kassa att står bøkene om psykologi, erotikk og sjølvhjelp. Det er ikkje slump att dei står nokolunde samla. Dei verkeleg antikvariske bøkene er i eit glasskap. Han finn fram den eldste boka han har, over fem hundre år gamal. Truleg er pergamentet eselskinn, og trass i at permen har losna frå innmaten, er boka i forbausande god stand. Det er ei samling


Alle foto: Kjartan Helleve

t bokmekka ler kva det skal vere. Men det er ikkje råd å kome i frå at heile bransjen er truga. Folk brukar mindre tid på å lese bøker, og brukar heller tida si på Internett eller på fjernsyn. Dette gjeld ikkje dei som kjøper e-bøker. Dei intellektuelle unge som kjøper e-bøker, kjøper også papirbøker. Eg snakkar om dei som heilt har slutta å lese bøker. Dessutan er den moderne norske heimen minimalistisk innreidd, og der er det ikkje plass til så mange bøker. Så den typiske samlaren er ein utdøyande rase. Desse tinga er mykje meir trugande enn at bøkene kjem i eit elektronisk format.

Stadig nye leseopplevingar

Inst inne i andre høgda ligg kontoret hans. Her er det litt mindre bøker, meir papir. På veggen heng det eit portrett av han sjølv og eitt av far hans. Han har også tinga eit av mor si, og til slutt skal det heile bli kalla «Det fjerde bodet». – Eg kjem frå ein heilt vanleg heim. Mor mi hadde husmorskulen, far framhaldsskulen. Men båe var glade i å lese, og eg har alltid vore glad i å lese sjølv. No er eg veldig selektiv, det går mest i gamal nynorsklitteratur og politiske biografiar. – Er det ikkje der alle menn i ein viss alder endar opp? – Jo, men ein lærer veldig mykje av biografiane. Og eg trur at ... Å! Det må eg fortelje! Denne veka har eg hatt ei openberring. Eg har oppdaga ei litterær

Norsk Tidend 3–2014

gjennom avdelinga for lokalhistoriske bøker, som Kjerland kallar sjølve «gullgruva» for alle antikvariat. Ved trappa heng eit oversyn over huset, på toppen av trappa møter me lyrikken. På veggen heng eit innråma vers av Tor Jonsson som Kjerland har

Eg føler eg held på med noko viktig

fleire studentar Turen går vidare

fått av ein tidlegare kunde. «Den skal han Arne-Ivar ha», var meldinga. Eit skrivebord inneheld gamle julehefte. Bordet er ei gåve frå barna til ein bibliofil doktor i Oslo. I eit anna hjørne står eit skatoll som han har fått frå ein tidlegare stortingsrepresentant. Det er no fullt av russisk litteratur. Elles er nesten heile andre høgda vigd til romanane. Med unnatak av eit heilt rom med litteraturteori. Det er bøkene til fem tidlegare litteraturprofessorar. – Det djupaste utvalet av litteraturteori i Norden, seier Kjerland. Koplinga til akademia er sterk. Utanom alle privatkundane, er Nasjonalbiblioteket den viktigaste kunden hans i Noreg. I tillegg er forskarar og studentar gode kundar. Universitetsbiblioteka i utlandet er også viktige. – Me merkar tydeleg at det aldri har vore så mange studentar som lærer seg skandinaviske språk, som no. Ikkje minst går det ein god del norske bøker til dei baltiske statane. Dei vil ha jobb på telefonsentralar, desse jobbane som norske selskap ikkje tek seg råd til å betale skikkeleg. Og så lenge folk kan snakke flytande norsk i eit lågkostnadsland, så ordnar det seg. Men då treng dei altså å lese norske bøker. – Kva med samlarane? – Dei er ei viktig gruppe, men dei blir færre. Og nokre slit jo med samlegenet. Alt det som er råd å få komplett, det er det nokon som vil ha, t.d. Hvem, Hva, Hvor el-

bøner og velsigningar som kan nyttast i kyrkja. Kjerland fortel at det råd å kjøpe seg ein liten personbil for det same som denne boka kostar. Denne, og dei andre verkeleg gamle bøkene, syner at Nynorsk Antikvariat ikkje er eit heilt presist namn. – Me har bøker på alle språk, me er opne for det meste. Men utgangspunktet, spisskompetansen og hjartet ligg i den nynorske litteraturen. Og den er ikkje gamal. Eg vart beden om å lage eit føredrag om Ivar Aasen til Den kulturelle spaserstokken, og då stod det så klårt føre meg kor ung denne litteraturen er. Her har me evne og kapasitet til å ha oversyn over han. Saman med dei andre institusjonane utgjer me ein seriøs kompetanse på dette området. – Eit kulturelt ansvar? – Eg føler at eg held på med noko viktig. Eg trur eg gjennom antikvariatet har vore med på å gjere folk medvitne. Både det å ta vare på litteratur, og det å bli klår over kva som finst i den nynorske bokverda. Ein skal ikkje meir enn femti år attende før folk ikkje var så opptekne av å ta vare på så mykje. No trur eg folk er meir medvitne.

17


Det er ein gullalder i tilgangen på brukte bøker. Eg seier nei til ni av ti som vil selje meg bøker

Norsk Tidend 3–2014

18

tjuefem år sidan den fyrste katalogen frå Nynorsk Antikvariat vart sendt ut. Jubileet blir markert med ein papirkatalog, den fyrste på mange år. Verksemda vart skipa av Kjell Arve Straumsvåg og Kjerland, og den fyrste katalogen kom jonsokaftan 1989. Mange hadde snakka om å lage eit antikvariat, men utan at det hadde blitt noko av. Straumsvåg og Kjerland realiserte draumen. – Utgangspunktet var våre eigne boksamlingar. Me laga ein katalog med 750 bøker, og så balla det på seg.

Det balla på seg frå eigne samlingar

Frå avismann til bokmann Det er

stemme som eg ikkje visste om. Hugsar du sosialministeren i Borten-regjeringa, Egil Aarvik? – Mja ... – Ved eit slumpehøve kom eg over noko han hadde skrive om barndomen sin. Då eg las det, slo det meg at dette er litteratur. Eg tenkte på Johan Bojer, eg tenkte på Hamsun. «Denne karen må ha skrive noko meir», tenkte eg. Eg slo opp på nettet, og fann ut at han mellom anna hadde vore journalist. Og visst hadde han skrive nokre bøker. Så no held eg på med å lese ei bok der han fortel om livet sitt. Det er berre så fantastisk godt. Eg har lenge sagt at Johan Bojer har skrive dei beste sjølvbiografiske bøkene her i landet. Men Aarvik er på det nivået. Eg har så stor glede av å lese Aarvik si bok, det er ei sann leseglede.

Det gjekk bra i mange år. Straumsvåg fekk løn for ei halv stilling i antikvariatet, men arbeidde til liks med Kjerland mykje gratis. Kjerland var disponent i Dag og Tid, ei stilling han tok alvorleg. – Dag og Tid var hjartebarnet. Mykje av kunnskapen eg sit inne med, har eg fått gjennom å arbeide i Dag og Tid. Det nettverket eg no lener meg på, vart også i stor grad bygd opp gjennom arbeidet der. Det var annleis å vere disponent i Dag og Tid enn det truleg var i andre aviser. Institusjonen Dag og Tid fall det mykje på meg å ta vare på. Eg var ein slags far i huset, medan dugande redaktørar kom og gjekk. Det vart eg som saman med styret representerte kontinuiteten. – Det må ha vore mykje dobbeltarbeid? – Eg burde moglegvis ha slutta i avisa ti år tidlegare enn eg gjorde. Men det fall seg ikkje slik. Eg følte eit veldig ansvar for framtida til avisa. Eg ville slutte med god samvit og med avisa i trygge hender. Det delte ansvaret mellom disponent og redaktør var ikkje ei løysing for framtida. Ansvaret måtte kvile på redaktøren åleine, og vi måtte ein finne den rette. Difor vart eg veldig glad då Svein Gjerdåker takka ja, då visste eg at framtida var nokolunde trygg. Då kunne eg slutte. I 2004 slutta Kjerland etter tjuetre år i avisa. I bakhovudet låg draumen å gjere antikvariatet til ein leveveg. Dei fyrste åra hadde han nokre tunge styreverv i

næringslivet, som gjorde at han ikkje var avhengig av inntekter frå antikvariatet. Etterkvart vart det tydeleg at Straumsvåg og Kjerland hadde ulike tankar om kva veg Nynorsk Antikvariat skulle ta i framtida. Det enda med at Kjerland kjøpte ut Straumsvåg. – Då eg vart åleine med drifta, kunne eg utvikle verksemda slik eg hadde lyst til. Men Straumsvåg hadde også lyst til å halde fram med antikvariat. Då vart det ei god løysing at han kjøpte butikken i Fjærland og laga sitt eige antikvariat der, seier Kjerland.

Godt tilfang av bøker Rundturen i

tredje høgda blir kort. Kjerland er ivrig etter å kome seg ned att. Han likar ikkje at døra står ulåst og at ingen passar på kassa. Han er åleine her i dag, ei ekstrahjelp skal kome om litt. Om sommaren er det fleire. Han orsakar seg for alt rotet og stablane med bøker. – På denne tida av året er det færre kundar, og då gjer ein helst anna enn å rydde i hyllene. Men når rykket kjem, så må det ordnast. – Korleis går det med Antikvariatet i dag? – Det er utruleg morosamt og eg får veldig mange gode tilbakemeldingar. Men eg arbeider seksten timar om dagen. Så når eg legg meg er eg trøytt, men ikkje sliten. «Det er kvile i arbeidsbyte», var det ein som sa. Har eg t.d. stått og ekspedert kundar nokre timar, så tek eg til med noko anna,


Alle foto: Kjartan Helleve

den i verda som veit mest. Og Haukenæs er mitt emne. Eg får mange telefonar om dette i løpet av eit år. «Har Haukenæs skrive noko om ...», «nemner Haukenæs ...» og slik bortetter. Det er faghistorikarar som spør. Og eg ville lyge om eg seier at eg ikkje er litt stolt av det.

Trassprosjekt Rundturen er

unnagjort og det er dags å kome seg vidare. Kjerland har sagt han skal køyre meg til busstoppet. Knapt nokon er innom Tvedestrand om dei ikkje har eit ærend der, og i alle fall ikkje Oslo-bussen. Eg spør om det er ein god ide å halde til her. Han forklarar bakgrunnen med at Tvedestrand vart til den andre bokbyen og at han vart med på lasset. – Men det du spør om: er det strategisk lurt å kalle ein butikk Nynorsk Antikvariat når han ligg i Aust-Agder? Grunnen er trass. Eg har eit prosjekt. Det er å ta vare på den nynorske litteraturen og ha eit oversyn over han. Då kan eg like godt halde til her. Eg trur ikkje eg tapar pengar på å halde til her. Målfolk er så glade for det eg held på med, at eg kan i grunnen vere akkurat kvar eg vil. Og me held altså til her. Eg er velsigna med ein type personlegdom som gjer det lett å kome i kontakt med folk. Eg får berre takke for at eg vart skapt slik. Så får andre heller gjere det andre.

Kjartan Helleve kjartan.helleve@nm.no

Norsk Tidend 3–2014

Det Beste-bøkene kan du kaste

Men det er frykteleg mange som blir skuffa over at eg ikkje har kapasitet til å kjøpe det dei vil selje. Folk skjønar stort sett kva dei skal ta vare på. Men råda eg gjev er: bokklubbøker som ikkje er heilt spesielle, kan du berre kaste, alle Det Beste-bøkene kan du berre kaste og alle oppslagsverk. Men ikkje Norsk Allkunnebok! – Er det framleis ein marknad for den? – Ja, det er det. Det er mykje som står i den, som ikkje står andre stader, ei heller på nettet. Det er nokre få leksikon som går an å selje i dag: Salmonsens konversationsleksikon, 2. utgåva, Allkunneboka og fyrste utgåva av Arbeidernes Leksikon. Seriøse menneske som skal setje seg inn i noko, har nytte av dei verka. I tillegg ein del spesialleksikon. Vanlege leksikon er det ikkje marknad for lenger. – Kor mange bøker har du heime? – Nja, ikkje meir enn ein annan god heim. – Kva bøker? – Lokalhistoria til Hurum, lokalhistoria i Buskerud og Hardanger, og då særleg Granvin. Thrond Sjurson Haukenæs har vore ein hobby i mange år, og det er berre ytre grunnar til at eg ikkje har skrive nokon biografi om han. Eg har ikkje hatt høve til det. Hadde eg hatt tid, så kunne det blitt noko. Men det har eg ikkje. Livet mitt er ikkje slik. Men alt rundt Haukenes har gitt meg veldig mykje. Det er ein fasinasjon. Det er kjekt å ha eit område, ein ting, der eg er

registrere bøker eller kva det skal vere. Eg har også stor glede av å lage oppgåver til Boknøtta. – Og bøker får du tak i? – Det er ein gullalder i tilgangen på brukte bøker. Eg seier nei til ni av ti som vil selje meg bøker. Eg kjøper knapt bøker av andre folk enn dei eg alt har lova meg vekk til. Og det er mange. Dei seier «Om nokre år må eg flytte frå huset mitt. Kan du ikkje kome og hjelpe meg då?» Og eg har svara ja. Berre her om dagen fekk eg ein veldig hyggjeleg telefon frå ein heilt frisk og oppegåande professor som heldt på med testamentet sitt. Har lurde på om han kunne skrive inn at arvingane kunne ta kontakt med meg for å få hjelp med boksamlinga når den tid kom. Så det er mange som føler på kva dei skal gjere med bøkene sine. Tek me vare på det som er unikt, verdfullt og kulturpolitisk viktig, så tykkjer eg det er bra. Men det er klart, me kastar utruleg mange bøker i løpet av eit år. – Gjer det framleis vondt? – Nei, det må til. Det er jo ikkje godt, men eg føler at eg har den kunnskapen som skal til for å kunne vurdere om noko skal takast vare på eller kastast. Det gjer det lettare. – Blir du brukt som konsulent? – I samband med dødsbu, så kan eg mot betaling ta på meg å vurdere verdien av ei boksamling eller av enkelteksemplar. Det er mange som ringjer og berre vil ha eit kjapt råd på telefonen, og det er greitt nok.

19


Llandsmøtet

Jubileumsmøte fo

Norsk Tidend 3–2014

Nynorsk barnelitteraturpris til Erna Osland Det var forfattar Erna Osland som fekk Nynorsk barnelitteraturpris for 2013 boka Nasevis. Juryen meinte mellom anna at Erna Osland gjer eit særs viktig arbeid med å produsere nyskriven faglitteratur for ungar. Juryen legg også vekt på at dette er god litteratur for ungar som les sjølve, men boka er allsidig og høver òg godt til høgtlesing, som utgangspunkt for samtalar og vidare undersøkingar, og som ei oppslagsbok du enkelt kan finne att opplysningar i når du vil vera nasevis! Erna Osland sjølv var svært glad for prisen og nytta høvet til å snakke for den gode faktaboka på nynorsk for ungar. – Denne boka er den einaste fagboka for ungar på nynorsk i 2013. Og eg vert difor ekstra glad for at juryen har plukka ut denne boka til prisen, seier Erna Osland. – Då Kulturrådet skulle skjere ned i tildelingane sine, tok dei mest pengar frå potten retta inn mot fagbøker for born, seier Erna Osland, som ynskjer seg meir satsing på dette feltet, men samtidig nytta høvet til å gje ros til Norsk Barneblad. – Norsk Barneblad har sett i gang ein faktaserie om 1814 og grunnlovsjubileet, der ungane kan lese, lære og leike om 1814, seier Erna Osland. Prisen er på 30 000 kroner og i år var juryen samansett av Margit Ims, Arild Torvund Olsen og Anne Skaret.

20

Litteraturprisen til Sigrun Slapgard Vinnaren av Nynorsk litteraturpris 2013 vart Sigrun Slapgard (biletet) med boka Englestien. I pristala til landsmøte sa Sigrun Slapgard at ho tykte det var ei heilt uvanleg oppmuntring å få Nynorsk litteraturpris. – Eg må vere endå meir dristig, tenkjer eg. Og den gjeve prisvinnarlista inspirerer, seier Sigrun Slapgard. Og ho peika på at ho har ein nynorsk som er farga av dialekt. X

Grunnlov, opplæringsmål og kommunereform er kortversjonen av landsmøtet 2014. 200 år etter at Noreg fekk si eiga grunnlov, stod ein språkleg revisjon høgt på programmet på landsmøtet til Noregs Mållag 4.–6. april. I ei fråsegn frå møtet på Gardermoen heitte det at «mållaget krev at Grunnlova også skal kome på nynorsk.» Ei uvanleg effektiv fråsegn skulle det syne seg seinare. Fredagskvelden var det busstur til den nyresturerte Eidsvoll-bygningen. Men det var Martin Kolberg (Ap), leiar av kontroll- og konstitusjonskomiteen på Stortinget, som gav møtelyden den største kveiken. Han heldt ein så engasjerande appell for Grunnlova på nynorsk at det ikkje var tvil mellom utsendingane om at no hadde Noreg ein historisk sjanse, og at i Martin Kolberg hadde Mållaget ein alliert som ville kjempe heilt fram til stortingspresidenten opna for røysting i saka. Leiar i Noregs Mållag, Marit Aakre Tennø, overraska Kolberg med å overrekkje han Målblome for den heilhjarta innsatsen.

Fyrste leiartale I tillegg til

Grunnlova på nynorsk, var det å sikre rettane til nynorskelevane gjennom skulegangen og spørsmålet om kva ei eventuell kommunereform vil ha å seie for nynorsken, dei viktigaste politiske sakene på landsmøtet. Marit Aakre Tennø vart valt til leiar i fjor og held si fyrste landsmøtetale. Ho snakka om alle desse utfordringane og streka under kor viktige målfolk er i ordskiftet om kommunesamanslåingar. – For nynorsken er det heilt avgjerande at det vert tenkt språkpolitikk ved eventuelle samanslåingar, og at kommunesamanslåingar ikkje må skje når det kan få negative konsekvensar for nynorsken, sa Tennø. – Legg ein rapporten som NRK

– Det er i Fron Mållag eg høyrer til – og det er nok av gode ord frå Facebook-sida eg no kunne bruke for å takke – dette va både kailtokka og abraksleg tyle. E´e habbele kry over å ha fått Nynorsk litteraturpris, mange takk! Dei som står bak prisen er Det Norske Teatret, Det Norske Samlaget

Takk 1: Avtroppande organisasjonskonsulent Tuva Østvedt får ein god klem som takk for innsatsen. Foto: Kjartan Helleve

har fått utarbeidd frå analyseselskapet NIVI til grunn, ser ein mange kommunar der språkval vil verte eit tema. Vert nynorskkommunen Finnøy slegen saman med bokmålskommunen Stavanger og dei språknøytrale kommunane Sola, Randaberg, Rennesøy, Kvitsøy, Sandnes og Gjesdal, er det vanskeleg å sjå føre seg at nynorsken skal få stor plass. Emnet vart drøfta fleire gonger gjennom helga, og det var tydeleg at dette var ei sak som engasjerte. Det gjorde også kampen for betre vilkår for dei elevane som har ny-

og Noregs Mållag. Prisen er på 30 000 kroner. Juryen skriv mellom anna om Englestien: «I eit dialektnært, opent og assosiativt språk beveger handlinga i romanen seg mellom fortid og notid, forskjellige tidslinjer blir vevd saman og grip inn i kvarandre. Sigrun Slapgard er ein

norsk som hovudmål. Spørsmålet må løftast fram som nasjonal sak fordi nynorsken berre kan halde seg som nasjonalt språk om han har ein trygg base i trygge nynorskbrukarar. – I dag er det slik at nynorskelevane berre har rett til å få opplæring på opplæringsmålet sitt halve delen av den 13-årige skulegangen, slo Tennø fast.

språkpolitikk i SKULEN

Professor Trond Trosterud og høgskulelektor Eli Bjørhusdal var inviterte til landsmøtet for å halde

kunstnar i å utelate. Romanen antyder i mykje større grad enn den utbroderer. Og det er dette som er romanens styrke, og som gjer karakterane så ekte og historia så sterk.» Juryen har i år vore Ragnar Hovland, Ove Eide og Mari Moen.

X


or andre år på rad rangstige: der det norske, altså språket vårt, når det har dukka opp i bokmål, har vorte rangert under det Martin Kolberg refererte til som embetsmannsspråket. Kort oppsummert: «-a er stygt». – Det er sant som Eli seier: historisk var jamstillingsvedtaket eit steg på vegen mot eit norsk Noreg, bort frå København. Eg meiner framleis alt dette. Eg er ikkje for jamstilling, eg er for nynorsk, sa Trond Trosterud.

ho greier å kombinere nynorsk både med populært tidsfordriv og populære plattformer, er det opna for suksess, seier Marit Aakre Tennø, leiar i Noregs Mållag. May Grethe Lerum er fødd i Sogn og no busett i Fredrikstad.

Språkdeling i Odda Odda

Nytt arbeidsprogram

innleiingar om norsk språkpolitikk og gje ein språkpolitisk analyse. Eli Bjørhusdal drøfta korleis dagens språkpolitikk i opplæringa fungerer, og korleis dagens jamstellingspolitikk mellom nynorsk og bokmål i skulen fungerer. – Det prinsipielle spørsmålet som er verdt å drøfte, er om målrørsla bør halde fast ved ein statleg språkpolitikk for heile Noreg som inneber ei symmetrisk jamstelling mellom nynorsk og bokmål, berre gjennomført med meir kraft og konsekvens, sa Bjørhusdal. – Eit alternativ kunne vere at

stipend til May Grethe Lerum May Grethe Lerum fekk nynorskstipend på 50 000 kroner for å lage kvizzleik til telefon og nettbrett. – Det skal bli ein artig jobb. Eg vil lage ein quiz som tek for seg alle moglege spørsmål om kuriosa, underhaldning og nyvinningar, og

jamstillings- eller nøytralitetsprinsippet på nasjonalt plan og i bokmålsområda vert supplert med eit klart språksikringsprinsipp, eit prinsipp som gjev tilgang til fleire verkemiddel, også reguleringar, for å oppretthalde nynorsken som fyrstespråk der han er det, sa Bjørhusdal til landsmøtet. Trond Trosterud fortalde at han hadde argumentert for nynorsk av målpolitiske grunnar sidan han var 16 år. – Eg har argumentert med at nynorsk er det norske språket, med at bokmål har ein innebygd

med bilete, videoar og lyd, seier May Grethe Lerum. Ho og Allkunne har alt fått til eit samarbeid. Noregs Mållag deler kvart år ut to stipend på 50 000 kroner kvar, etter ei pengegåve frå Kulturdepartementet til 100-årsjubileet vårt. Det er ingen føringar for kva slags prosjekt stipenda skal gå til,

Landsmøtet vedtok eit arbeidsprogram for dei neste fire åra. Sigbjørn Hjelmbrekke, leiar i arbeidsprogramnemnda, la fram eit arbeidsprogram med både vide visjonar og med gode, konkrete og praktiske arbeidsoppgåver. Det kom mange nye framlegg frå landsmøteutsendingane, og det var mange gode diskusjonar på talarstolen. Det er mange kjende arbeidsfelt for Mållaget i programmet, men vedtaket om nynorskarbeidet retta mot LO og fagrørsla var meir konkret og offensivt enn tidlegare.

Hege Lothe hege.lothe@nm.no

bortsett frå at mottakarane skal vere ein mann og ei kvinne. – Ambisjonsnivået er høgt. Ho satsar på at innhaldet blir både solid, genuint, lærerikt og underhaldande – og dessutan kan få pedagogisk nytteverdi i sidemålsundervisninga og anna nynorskundervisning. Om X

Målblome til Martin Kolberg Leiar av kontroll- og konstitusjonskomiteen på Stortinget, Martin Kolberg (biletet), kom til landsmøtet for å fortelje om framlegget og arbeidet for å få vedteke Grunnlova på nynorsk. Han tok landsmøtet med storm, og då han heilt uventa fekk målblome for innsatsen sin i denne saka, vart han svært glad for det. – Eg vil seie det så sterkt at eg meiner det ikkje er Noreg verdig at grunnlova i dag er vanskeleg tilgjengeleg. I 1814 vart grunnlova skriven på skriftmålet den gongen. Ho var moderne og lett tilgjengeleg. Eidsvollsmennene gjorde jobben sin. Det er den klåre oppfatninga til Arbeidarpartiet at vi bør gå inn for å gjere grunnlovsmålet lett tilgjengeleg i dette jubileumsåret, seier Martin Kolberg. Han er ein av dei seks representantane som i 2012 gjorde framlegg om at Grunnlova skal kome på moderne nynorsk og bokmål. Som leiar av Stortingets kontroll- og konstitusjonskomité har han stått på for å sikre at Grunnlova skulle få nynorsk språkdrakt. Nynorskstipend til Sergej Alexander Munkvold Sergej Alexander Munkvold er tildelt arbeidsstipend for å digitalisere Norsk-Engelsk ordbok, Tysk-Norsk ordbok og NorskFransk ordbok og gjere dei tilgjengelege på nettet.  – Me er glade for å kunne vere med på å leggje nye 3000 sider med nynorskstoff til i det særs bokmålsprega internettet, og ynskjer med det til lukke med arbeidet, sa Marit Aakre Tennø då ho delte ut stipendet.

Norsk Tidend 3–2014

Mållag stilte mannsterke med Knut O. Dale, leiar, fagforeiningsmann Terje Kollbotn og Harald Jordal. Dei sikra mykje merksemd om korleis dei praktiserer opplæringa i ungdomsskulen i Odda. I Odda kommune har det i over hundre år vore høve for foreldra å velje om elevane skal gå i nynorsk- eller bokmålsklasse. Den såkalla Oddamodellen har vore gjennomført til og med ungdomssteget. – Me vil ha full språkdeling ut ungdomsskulen i målblanda skulekrinsar, sa Tennø, leiar i Noregs Mållag og Knut O. Dale, leiar i Odda Mållag. – Denne språkdelinga i heile grunnskulen i Odda gjer at elevane får all undervisning og alt undervisningsmateriell i alle fag på hovudmålet sitt. Dette gjer elevane til trygge språkbrukarar, sa Knut O. Dale. 

21


Llandsmøtet

Fråsegner GRUNNLOVA PÅ NYNORSK NO! Når Grunnlova no skal reviderast, krev Noregs Mållag at ho også kjem på nynorsk. Dette vil vera eit symboltungt vedtak om at me har to jamstelte norske språk, og eit godt føredøme i det fleirspråklege Noreg. Vidare vil ei naturleg oppfølging av ei slik brei stadfesting, vera at staten tek si eiga mållov på alvor. Det har funnest nynorskutgåver av Grunnlova i om lag 150 år – men utan offisiell godkjenning. Landsmøtet i Noregs Mållag ventar at eit samrøystes Storting vedtek Grunnlova på nynorsk 6. mai. ODDA-MODELLEN MÅ VERTA ALLMENN – FULL SPRÅKDELING TIL OG MED UNGDOMSSKULEN I MÅLBLANDA SKULEKRINSAR I Odda kommune har det i over hundre år vore høve for foreldra å velja om elevane skal gå i nynorsk- eller bokmålsklasse. Denne ordninga har vore gjennomført til og med ungdomssteget; den sokalla Odda-modellen. Denne språkdelinga i heile grunnskulen i Odda gjer at elevane får all undervisning og alt undervisningsmateriell i alle fag på hovudmålet sitt. Dette gjer elevane til trygge språkbrukarar. Denne ordninga hindrar målbyte i grunnskulen og medverkar til at så godt som alle nynorskelevane held fram med nynorsk i den vidaregåande skulen. På grunn av sparetiltak i kommunen er denne unike og gode ordninga no komen under sterkt press. Både Odda Mållag, elevrådet og Utdanningsforbundet ved Odda

ungdomsskole har engasjert seg sterkt for å halda oppe språkdelinga ved Odda ungdomsskole og har førebels vunne fram i to budsjettrundar. Hausten 2014 kjem saka opp på nytt i kommunestyret. Før den tid skal kommunen gjennomføra ei brei evaluering og ein høyringsrunde. Landsmøtet i Noregs Mållag gir full støtte til kampen for å halda oppe språkdelinga ved Odda ungdomsskole, både på eit målpolitisk og pedagogisk grunnlag. Landsmøtet vil at Noregs Mållag arbeider for at Stortinget løyver ekstra midlar til å halda oppe språkdelinga i Odda, slik at ein unngår debatt om dette ved kvar budsjetthandsaming. Landsmøtet vil at Noregs Mållag arbeider for at andre ungdomsskular i målblanda område i landet skal kunna gjennomføra full språkdeling og få ekstrakostnadene med dette dekte av staten.   NRK MÅ SPEGLE OG STYRKJE EIT FLEIRSPRÅKLEG NOREG Regjeringa har varsla ei ny stortingsmelding om NRK. I denne meldinga bør regjeringa stadfeste den gjeldande språkpolitikken: Noreg skal vere eit fleirspråkleg samfunn, og det er særleg viktig å styrkje vilkåra for nynorsk. Ei ny stortingsmelding bør innehalde kravet om 25 % nynorsk i radio, TV og på nettet. Til meir me les og høyrer eit språk, til lettare lærer me det. NRK er truleg den viktigaste felles språklege normsendaren me har. Læringsverdien av at NRK presenterer talt og skriftleg nynorsk, er bortimot uvurderleg, både for skule-

elevar og andre. NRK har vore og er viktig for at nynorsken har vore høyrt og sett over heile landet. NRK speler ei viktig rolle for demokrati, kulturliv og samfunnsutvikling. Difor er det avgjerande at staten fører ein mediepolitikk som sikrar ytringsfridom, mangfald og kvalitet. Dersom ein skal sikre ein reell ytringsfridom og eit reelt mediemangfald – også språkleg – for heile folket i alle delar av landet, er det nødvendig at tilhøva blir lagde til rette for det. Då må også den ko-

mande stortingsmeldinga byggje på den språklege norske situasjonen, og halde fram med å styrkje bruken av nynorsk. I tillegg er den desentraliserte strukturen til NRK svært viktig for det språklege og kulturelle mangfaldet i kringkastinga, og må haldast oppe. Nynorsk er brukt dagleg av over 500 000 innbyggjarar i Noreg. For desse er det viktig å få nyhende og underhaldning i NRK på sitt eige språk. I radio og TV er det viktig med nynorsk normaltalemål, men

Nytt styre i Noregs Mållag

Norsk Tidend 3–2014

Landsmøtet valde eit nytt styre for Noregs Mållag. For fyrste gong sidan 1915 vart heile styret valt for to år, sidan neste landsmøte er om 2 år i april 2016. Med unntak av krigsåra har Noregs Mållag møttest til landsmøte kvart år sidan 1917.

22

Frå venstre: Gro Morken Endresen (dagleg leiar), Karl Peder Mork, Emil André Erstad, Janne Nygård, Bodil Vinjevoll, Marit Aakre Tennø, Signjørn Hjelmbrekke, Ingrid Fiskaa, Haakon Aase.

Styret ser slik ut: Marit Aakre Tennø (37) frå Luster i Sogn og Fjordane, attvald som leiar i Noregs Mållag og nestleiar Sigbjørn Hjelmbrekke (34) frå Bø i Telemark er attvald som nestleiar. Nye i styret er KrFU-leiar, Emil André Erstad (23). Han bur i Oslo, men er frå Radøy i Hordaland og Haakon Aase (65) frå Meland i Hordaland. Resten av styret ser slik ut: Janne Nygård (24), attval, Oslo og Ingrid Fiskaa (36), attval, Oslo. Ny fast møtande 1. vara er Bodil Vinjevoll (47) frå Målselv i Troms. Attvald 2. vara er Randi Lohndal Frestad (67) frå Lyngdal i Vest-Agder, Frå fast møtande styremedlem til 3. vara er Helga Hjetland (66) frå Kyrkjebø i Sogn og Fjordane og ny 4. vara er Øyvind Fenne (63) frå Elnesvågen i Romsdal.


Takk 2: Marit Aakre Tennø ser djupt inn i augo til dei avtroppande styremedlemene og takkar dei for arbeidet. Foto: Kjartan Helleve

også like viktig at kravet om 25 % nynorsk også gjeld for nrk.no Me høyrer og les bokmål og nynorsk om einannan og er derfor vortne tospråklege. I tillegg møter me støtt ei rad andre språk og språkformer som påverkar målkjensla vår, og nordmenn har vorte mykje meir opne og tolerante for språklege og kulturelle skilnader. NRK har eit særleg ansvar for å vise og styrkje dette mangfaldet, og særleg viktig er ansvaret for å styrkje vilkåra for nynorsk og dialektane.

Slepp nynorsken til! Dei tre største avisene på papir og nett i Noreg held seg framleis med eit redaksjonelt forbod mot nynorsk. VG, Dagbladet og Aftenposten er med eit slikt forbod med og styrkjer bokmålet sin dominans i ålmenta, og gjer det vanskelegare å læra og ta i bruk nynorsk. Dei store riksavisene har eit språkleg ansvar som dei ikkje tek. Dei dominerer det daglege nyhendebiletet i heile landet og er like store

i nynorskområde som i bokmålsområde. Meir nynorsk i avisene ville gjeve både nynorskelevar og vaksne nynorskbrukarar meir støtte for eige språk, fordi dei ville få lesa det oftare. Samstundes ville det gjort at dei som ikkje veks opp i sterke nynorskområde, ville sett meir nynorsk i ålmenta. Slik ville dei lettare læra og nytta nynorsk. Det er ikkje nynorsken i seg sjølv som gjer han vanskeleg å læra, men fråværet av nynorsk rundt oss. Ein måte å bøta på dette er å gje dei journalistane som ynskjer å skriva nynorsk i rikspressa, lov til det. Det sterkaste fundamentet for nynorsk er der avisene vert redigerte på nynorsk. Skal nynorsken veksa seg sterkare, må han hegnast om. Det skjer ved at han slepp til i rikspressa, men ikkje ved meir bokmål i nynorskmedia og i nynorskområda. Tidleg og god språkstimulering på nynorsk er naudsynt Kvart år byrjar om lag 7000 barnehageborn på ein skule med nynorsk opplæringsmål. For svært mange av desse borna går mykje av den tidlege lesinga føre seg på bokmål; på nettet, i teikneseriar, dataspel og bøker. Vi veit at mange av dei yngste nynorskelevane er minst like flinke i bokmål som i nynorsk, og at det nynorske språkbiletet deira er veikare enn vi ynskjer. Barnehagar som sender born vidare til skular med nynorsk opplæringsmål, må difor ta eit særleg ansvar for å sikra eit godt og omfattande tilfang av nynorsk, slik at

borna får bada i språket sitt alt frå barnehagetida. I rammeplanen for barnehagens innhald og oppgåver står det at tidleg og god språkstimulering er ein viktig del av barnehageinnhaldet. For born som skal læra nynorsk i skulen, må god språkstimulering vera det same som nynorsk språkstimulering. Dei som skal starta på ein bokmålsskule, vil alltid ha hatt rikeleg med språkstimulering på bokmål før skulealder, også om barnehagen nyttar mest nynorsk. Vilkåra er og vil vera ulike for det språklege fleirtalet og mindretalet. Vi opplever at det i språkblanda bygder og byar ikkje er uvanleg at foreldre ynskjer at borna heller skal ha bokmålsopplæring på skulen, fordi foreldra opplever at bokmålet dominerer, og kjenner seg tryggare med det valet. Slik treng det ikkje å vera. I arbeidet med ein ny rammeplan for barnehagane må samarbeid mellom barnehagane og skulane i nynorskområde og språkblanda område vere eige tema for diskusjonane om innhaldet i barnehagen. For borna i nynorsk- og språkblanda område kan språkstimuleringa i barnehagen vera avgjerande for ein optimal start på den tidlege lese- og skriveopplæringa. Ein tydeleg rammeplan er viktig, i tillegg til at kommunar med nynorskskular- og klassar må gjera sitt ved å laga klare forventingar om nynorsk språkstimulering i årsplanar og andre styringsdokument for barnehagane.

Hans Olav Tungesvik vart utnemnd til ny heidersmedlem i Noregs Mållag under festmiddagen på landsmøtet. Hans Olav Tungesvik var leiar i Noregs Mållag frå 1965 til 1970. Han har vore stortingsrepresentant for KrF frå 1977-85, er spesialist i psykiatri og vart kjend med radioprogrammet «Eit kvarter med legen» frå 1970. Då Marit Aakre Tennø, leiar i Noregs Mållag, kunngjorde utnemninga av ny heidersmedlem, avslutta ho med desse orda: – Det går ei bein line frå Ivar Aasen og dei fyrste målmennene til denne store idealisten. Alle målfolk er gode målfolk, og alt målarbeid er godt målarbeid. Like fullt er det sume som anten ved tilfelle eller på grunn av livet sjølv eller gjennom handlingane sine, fær store eller større konsekvensar for livsvilkåra til nynorsken. Ein av desse er Hans Olav Tungesvik og det er ei stor ære for meg og styret å kunngjera at Hans Olav Tungesvik er utnemnd til heidersmedlem i Noregs Mållag! Noregs Mållag har ni heidersmedlemer. Oppnemningsår i parentes: Hans Olav Tungesvik, Skånevik (2014), Guri Vesaas, Oslo (2010), Berge Furre, Oslo (2006), Marie Lovise Widnes, Hareid (2006), Audun Heskestad, Skedsmo (2006), Bjørnar Østgård, Tromsø (2005), Torolv Hesthamar, Ullensvang (2000), Olga Meyer, Oslo (2000) og Einfrid Perstølen, Asker (1992). Alle foto: Kjartan Helleve

Norsk Tidend 3–2014

Hans Olav Tungesvik er ny heidersmedlem

23


Kongeriket Noregs

Grunnlov gjeven i riksforsamlinga på Eidsvoll den 17. mai 1814, slik ho lyder etter seinare endringar, seinast grunnlovsvedtak av 13. mai 2014. Lovdata si forsøksvise og uoffisielle konsolidering av Grunnlova etter grunnlovsvedtak 13. mai 2014 er gjeven nedanfor. Den endelege konsolideringa kan ikkje bli utført før Stortinget har teke i bruk redigeringsfullmakta, som blei vedteken den same dagen.

A. Om statsforma § 1.

Kongeriket Noreg er eit fritt, sjølvstendig, udeleleg og uavhendeleg rike. Regjeringsforma er avgrensa og arveleg monarkisk.

§ 2.

Verdigrunnlaget skal framleis vere den kristne og humanistiske arven vår. Denne grunnlova skal tryggje demokratiet, rettsstaten og menneskerettane.

B. Om den utøvande makta, om kongen og den kongelege familien og om religionen § 3.

Den utøvande makta er hos kongen, eller hos dronninga dersom ho har fått krona etter reglane i § 6, § 7 eller § 48 i denne grunnlova. Når den utøvande makta såleis er hos dronninga, har ho alle rettar og plikter som kongen har etter denne grunnlova og lovene i landet.

§ 4.

Kongen skal alltid vedkjenne seg den evangelisklutherske religionen.

§ 5.

Kongens person er heilag; han kan ikkje lastast eller skuldast for noko. Ansvaret ligg på rådet hans.

Norsk Tidend 3–2014

§ 6.

24

Arvefølgja er lineal. Berre barn av ei dronning eller ein konge, eller av nokon som sjølv har arverett, kan arve, og barnet må vere født i lovleg ekteskap. Den nærare lina går føre den fjernare og den eldre i lina føre den yngre. Den ufødde har òg arverett, og tek sin plass i arvefølgja så snart ho eller han kjem til verda. Arverett har likevel berre dei som ættar frå foreldra til den sist regjerande dronninga eller kongen. Når ei prinsesse eller ein prins med arverett til Noregs krone blir fødd, skal namnet og fødselstidspunktet gjerast kjent for Stortinget og førast inn i protokollen der. For dei som er fødde før 1971, gjeld likevel § 6 slik han vart vedteken den 18. november 1905. For dei som er fødde før 1990, gjeld likevel at mann går føre kvinne.

§ 7.

Finst det ingen prinsesser eller prinsar med arverett, kan kongen gjere framlegg om etterfølgjar for Stortinget, som kan avgjere valet dersom framlegget frå kongen ikkje blir stødd.

§ 8.

Myndig alder for kongen blir fastsett i lov. Så snart kongen har nådd den lovfeste alderen, lyser han seg myndig.

§ 9.

Så snart kongen, som myndig, tek til med regjeringa, gjer han denne eiden for Stortinget: «Eg lovar og sver at eg vil regjere Kongeriket Noreg i samsvar med konstitusjonen og lovene, så sant hjelpe meg Gud den allmektige og allvitande!» Er det ikkje samla noko storting på den tida, blir eiden gjeven skriftleg i statsrådet, og kongen tek han høgtidleg opp att på fyrste storting.

§ 10.

§ 18.

Kongen lèt i regelen krevje inn dei skattane og avgiftene som Stortinget fastset.

§ 19.

Kongen ser til at eigedomane og regala til staten blir nytta og forvalta slik Stortinget har fastsett, og på den måten som er nyttigast for samfunnet.

§ 20.

§ 11.

Kongen har i statsrådet rett til å gje forbrytarar nåde etter at dom er fallen. Forbrytaren kan velje å ta imot kongens nåde eller ta den idømde straffa. I saker som Stortinget reiser for Riksretten, kan det ikkje gjevast annan nåde enn fritak frå idømd dødsstraff, om ikkje Stortinget har gjeve samtykke til noko anna.

§ 12.

Kongen vel og utnemner alle sivile og militære embetsmenn etter å ha høyrt statsrådet. Før innsetjinga skal dei sverje eller, om dei ved lov er fritekne frå å gjere eid, høgtidleg love lydnad og truskap til konstitusjonen og kongen. Embetsmenn som ikkje er norske borgarar, kan i lov få fritak frå denne plikta. Dei kongelege prinsessene og prinsane kan ikkje ha sivile embete.

(Oppheva med grunnlovsvedtak 14 mars 1908.)

Kongen skal bu i riket og kan ikkje utan samtykke frå Stortinget vere utanfor riket meir enn seks månader om gongen utan at han personleg misser retten til krona. Kongen må ikkje ta imot ei anna krone eller regjering utan samtykke frå Stortinget, og til det krevst to tredjedelar av røystene. Kongen vel sjølv eit råd av røysteføre norske borgarar. I dette rådet skal det vere ein statsminister og minst sju andre medlemmer. Kongen fordeler gjeremåla mellom medlemmene av statsrådet slik han meiner det er tenleg. Til å ta sete i statsrådet ved sida av dei faste medlemmene kan kongen i særlege høve kalle inn andre norske borgarar, men ingen medlemmer av Stortinget. Ektefolk, foreldre og born eller to sysken må ikkje ha sete i statsrådet samstundes.

§ 13.

For den tida kongen reiser i riket, kan han overlate styringa av riket til statsrådet. Dette skal føre regjeringa i kongens namn og på hans vegner. Det skal ubryteleg følgje så vel føresegnene i denne grunnlova som dei særskilde instruksane som kongen gjev i samsvar med dei. Sakene blir avgjorde med røysting. Står røystene likt, har statsministeren eller, om han er borte, den fyrste av statsrådane som er til stades, to røyster. Statsrådet skal gje melding til kongen om dei sakene som blir avgjorde på denne måten.

§ 14.

Kongen kan utnemne statssekretærar til å hjelpe medlemmene av statsrådet med gjeremåla deira utanfor statsrådet. Kvar statssekretær handlar på vegner av den medlemmen av statsrådet som ho eller han er knytt til, så langt denne medlemmen fastset.

§ 15.

Kvar medlem av statsrådet har plikt til å levere avskilssøknad etter at Stortinget har gjort vedtak om mistillit til denne statsråden åleine eller til heile statsrådet. Kongen skal gje avskil etter ein slik søknad. Når Stortinget har gjort vedtak om mistillit, kan statsrådet berre utføre dei gjeremåla som trengst for forsvarleg embetsutøving.

§ 21.

§ 22.

Statsministeren, dei andre medlemmene av statsrådet og statssekretærane kan, utan dom, få avskil av kongen etter at han har høyrt kva statsrådet meiner om det. Det same gjeld for dei embetsmennene som er tilsette ved statsrådskontora eller i utanrikstenesta, sivile overøvrigheitspersonar, sjefar for regiment og andre militære korps, kommandantar på festningar og høgstbefalande på krigsskip. Om embetsmenn som såleis er avsette, skal få pensjon, blir avgjort av det neste stortinget. I mellomtida får dei to tredjedelar av løna dei hadde før. Andre embetsmenn kan berre suspenderast av kongen og skal då straks stemnast for domstolane. Dei kan ikkje avsetjast utan etter dom eller overflyttast mot sin vilje. Alle embetsmenn kan gjevast avskil utan dom når dei har nådd ei aldersgrense fastsett i lov. Det kan fastsetjast i lov at visse embetsmenn, men ikkje dommarar, kan utnemnast på åremål.

§ 23.

Kongen kan gje ordenar til kven han vil, til påskjøning for framifrå forteneste, som må kunngjerast offentleg. Kongen kan ikkje tildele annan rang og tittel enn den eit embete fører med seg. Ordenen fritek ingen for dei plikter og bører som er sams for statsborgarane, og gjev heller ikkje førerett til statlege embete. Embetsmenn som får avskil i nåde, får ha den tittelen og rangen dei hadde i embetet. Dette gjeld ikkje medlemmene av statsrådet eller statssekretærane. Ingen må heretter få arvelege særrettar, personlege eller blanda.

§ 24.

§ 16.

Kongen vel og avset etter eige skjøn hoffstaten sin og hoffbetjentane sine.

§ 17.

Kongen har høgste befalinga over forsvarsmakta til riket. Denne makta må ikkje aukast eller minkast utan samtykke frå Stortinget. Ho må ikkje overlatast i framande makters teneste, og ingen krigsfolk frå framande makter, så nær som troppar til hjelp mot fiendsleg overfall, må dragast inn i riket utan samtykke frå Stortinget. Landvernet og andre troppar som ikkje kan reknast som linetroppar, må aldri brukast utanfor riksgrensene utan samtykke frå Stortinget.

Alle innbyggjarane i riket har fri religionsutøving. Den norske kyrkja, ei evangelisk-luthersk kyrkje, står ved lag som den norske folkekyrkja og blir stødd som det av staten. Nærare føresegner om kyrkjeskipnaden blir fastsette i lov. Alle trus- og livssynssamfunn skal bli stødde på lik line. Kongen kan gje og oppheve provisoriske lover om handel, toll, næringsvegar og offentleg forvaltning og regulering. Dei må ikkje stri mot konstitusjonen eller dei lovene Stortinget har gjeve. Dei gjeld til neste storting.

§ 25.


§ 27.

Alle medlemmene av statsrådet skal møte i statsrådet når dei ikkje har lovleg forfall. Inga avgjerd må takast i statsrådet når ikkje over helvta av medlemmene er til stades.

§ 28.

Tilrådingar om embetsutnemningar og andre viktige saker skal målberast i statsrådet av den medlemmen som har det fagområdet dei høyrer til. Ho eller han skal ekspedere sakene i samsvar med avgjerda i statsrådet. Det kan gjerast unntak frå behandling i statsråd for eigentlege militære kommandosaker i den mon kongen fastset.

§ 29.

Hindrar lovleg forfall ein statsråd i å møte og målbere saker som tilhøyrer hennar eller hans fagområde, skal sakene målberast av ein annan statsråd, som kongen konstituerer til det. Hindrar lovleg forfall så mange frå å møte at ikkje fleire enn helvta av det fastsette talet på medlemmer er til stades, skal så mange andre personar som naudsynt konstituerast til å ta sete i statsrådet.

§ 30.

I statsrådet blir det ført protokoll over alle saker som blir behandla der. Dei diplomatiske sakene som statsrådet vedtek å halde løynde, blir førte inn i ein særskild protokoll. Det same gjeld dei militære kommandosakene som statsrådet vedtek å halde løynde. Kvar den som sit i statsrådet, har plikt til å seie si meining med frimod. Kongen har plikt til å høyre den, men kan ta avgjerd etter eige omdømme. Meiner nokon medlem av statsrådet at avgjerda til kongen strir mot statsforma eller lovene i landet, har ho eller han plikt til å ta kraftig til motmæle og skrive si meining i protokollen. Den som ikkje har protestert såleis, blir rekna for å ha vore samd med kongen og er ansvarleg for det, slik som det sidan blir fastsett, og Stortinget kan setje vedkommande under tiltale for Riksretten.

§ 31.

Alle avgjerder kongen ferdar ut, må kontrasignerast for å bli gyldige. I militære kommandosaker skal avgjerdene kontrasignerast av den som har målbore saka, men elles av statsministeren, og om statsministeren ikkje var til stades i statsrådet, av den fyrste av dei medlemmene som var det.

§ 32.

Dei avgjerdene regjeringa tek når kongen ikkje er til stades, blir utferda i kongens namn og underskrivne av statsrådet.

§ 39.

Om kongen døyr og tronfølgjaren enno er umyndig, skal statsrådet straks kalle inn Stortinget.

§ 40.

Til dess Stortinget kjem saman og innrettar regjeringa for den tida kongen er mindreårig, skal statsrådet stå for styringa av riket, i samsvar med Grunnlova.

§ 41.

Er kongen utanfor riket utan å vere i felt, eller er han så sjuk at han ikkje kan ta seg av regjeringa, skal den næraste arvingen til trona stå for regjeringa som mellombels utøvar av kongemakta, men berre så framt ho eller han har nådd myndig alder for kongen. I motsett fall er det statsrådet som står for styringa av riket.

§ 42. (Oppheva med vedtak 18. nov. 1905.)

§ 43.

Stortinget skal velje formyndarar til å stå for regjeringa for den umyndige kongen.

§ 44.

Den prinsessa eller prinsen som står for regjeringa i dei tilfella som er nemnde i § 41, skal skriftleg gjere denne eiden for Stortinget: «Eg lovar og sver at eg skal stå for regjeringa i samsvar med konstitusjonen og lovene, så sant hjelpe meg Gud den allmektige og allvitande!» Blir det ikkje halde storting på denne tida, skal eiden gjevast skriftleg i statsrådet og sidan sendast til neste storting. Den prinsessa eller prinsen som har gjort eiden, tek han ikkje opp att seinare.

§ 45.

Dei som mellombels har stått for statsstyringa etter §§ 40, 41, 43 eller 48, skal så snart ho er over, gjere rekneskap for henne til kongen og Stortinget.

§ 46.

Om ikkje statsrådet straks kallar saman Stortinget etter § 39, har Høgsterett så snart det er gått fire veker, ei vilkårslaus plikt til å syte for innkalling.

§ 47.

Stortinget fastset korleis oppsedinga av den umyndige kongen skal styrast dersom begge foreldra er døde og ingen av dei har late etter seg ei skriftleg føresegn om det.

§ 48.

Er kongsætta utdøydd og ingen tronfølgjar kåra, skal Stortinget velje ny dronning eller konge. I mellomtida gjeld § 40 for den utøvande makta.

C. Om borgarretten og den lovgjevande makta

§ 33. (Oppheva med grunnlovsvedtak 24. okt. 1908.)

§ 34.

Kongen gjev føresegner om titlar for dei som har arverett til krona.

§ 35.

Så snart tronarvingen har fylt 18 år, har ho eller han rett til å ta sete i statsrådet, men utan røyst eller ansvar.

§ 36.

Ei prinsesse eller ein prins med arverett til Noregs krone må ikkje gifte seg utan løyve frå kongen. Ho eller han må heller ikkje ta imot ei anna krone eller regjering utan samtykke frå kongen og Stortinget. Samtykke frå Stortinget krev to tredjedelar av røystene. Handlar ho eller han i strid med dette, misser vedkommande retten til Noregs trone for seg så vel som for etterkommarane sine.

§ 37.

Dei kongelege prinsessene og prinsane skal for sine personar ikkje svare for andre enn kongen eller den han set til dommar over dei.

§ 38. (Oppheva med vedtak 18. nov. 1905.)

§ 49.

Folket utøver den lovgjevande makta gjennom Stortinget. Stortingsrepresentantane blir valde gjennom frie og hemmelege val. Endra med grunnlovsvedtak 13. mai 2014 kunngjort med res. 14. mai 2014 nr. 628.

§ 50.

Røysterett ved stortingsval har dei norske borgarane som har fylt 18 år eller fyller 18 år i det året valtinget blir halde. I kva mon norske borgarar som på valdagen er busette utanlands, men elles stettar vilkåra ovanfor, skal ha røysterett, blir fastsett i lov. Reglar om røysterett for elles røysteføre personar som på valdagen openbert lir av alvorleg psykisk svekking eller nedsett medvit, kan fastsetjast i lov.

§ 51.

Reglar om manntalsføringa og om innføringa av dei røysteføre i manntalet blir fastsette i lov.

§ 52. (Oppheva med grunnlovsvedtak 26. okt. 1954 kunngjort 12. nov. 1954.)

§ 53.

Røysteretten misser den som a. blir dømd for strafflagde handlingar, i samsvar

med føresegner om dette i lov, b. går i teneste for ei framand makt utan samtykke frå regjeringa.

§ 54.

Valtinga blir haldne fjerdekvart år. Dei skal vere avslutta seinast i september.

§ 55.

Valtinga skal styrast slik det blir fastsett i lov. Valstyret avgjer tvistar om røysterett. Avgjerda kan klagast inn for Stortinget.

§ 56. (Oppheva med grunnlovsvedtak 23. mars 1972 kunngjort 21. apr 1972.)

§ 57.

Det skal veljast 169 stortingsrepresentantar. Riket er inndelt i 19 valdistrikt. 150 av stortingsrepresentantane skal veljast som distriktsrepresentantar og 19 som utjamningsrepresentantar. Kvart valdistrikt skal ha 1 utjamningsmandat. Talet på stortingsrepresentantar som skal veljast frå kvart valdistrikt, blir utrekna på grunnlag av innbyggjartalet og flatevidda i distriktet i høve til innbyggjartalet og flatevidda i heile riket. I denne utrekninga gjev kvar innbyggjar 1 poeng og kvar kvadratkilometer 1,8 poeng. Utrekninga skal gjerast kvart åttande år. Nærare føresegner om korleis riket skal delast i valdistrikt, og korleis stortingsmandata skal delast mellom valdistrikta, blir fastsette i lov.

§ 58.

Valtinga blir haldne særskilt for kvar kommune. På valtinga blir det røysta direkte på stortingsrepresentantar med vararepresentantar for heile valdistriktet.

§ 59.

Valet av distriktsrepresentantar er eit høvestalsval, og mandata blir delte mellom partia etter reglane nedanfor. Røystetalet for kvart parti i kvart valdistrikt skal delast med 1,4; 3; 5; 7 og så bortetter. Det fyrste mandatet går til det partiet som får den største kvotienten, det neste mandatet går til det partiet som får den nest største kvotienten, og så bortetter til alle mandata er utdelte. Listesamband er ulovleg. Med sikte på best mogleg samsvar mellom røystetal og representasjon blir utjamningsmandata delte mellom dei partia som er med i utjamninga, på grunnlag av høvet mellom røystetala deira i heile riket. Kor mange stortingsmandat kvart parti skal ha i alt, finn ein ved å nytte reglane for tildeling av distriktsmandat tilsvarande for heile riket for dei partia som er med i utjamninga. Så får kvart parti tildelt så mange utjamningsmandat attåt distriktsmandata det alt har fått, at det til saman utgjer så mange stortingsmandat som partiet skal ha i alt. Har eit parti alt ved utdelinga av distriktsmandata fått fleire mandat enn det skulle hatt etter framgangsmåten ovanfor, skal utjamningsmandata delast berre mellom dei andre partia, såleis at ein ser bort frå det røystetalet og dei distriktsmandata som det fyrstnemnde partiet har fått. Ingen parti kan få utjamningsmandat utan å ha fått minst 4 prosent av det samla røystetalet for heile riket. Nærare føresegner om korleis utjamningsmandata til partia skal delast mellom valdistrikta, blir fastsette i lov.

§ 60.

Om og korleis dei røysteføre kan røyste utan å møte personleg på valtinga, blir fastsett i lov.

§ 61.

Ingen kan veljast til representant utan å ha røysterett.

§ 62.

Tenestemenn som er tilsette ved statsrådskontora, bortsett frå statssekretærar og politiske rådgjevarar, kan ikkje veljast til representantar. Det same gjeld medlemmene av Høgsterett og tenestemenn som er tilsette i utanrikstenesta. Medlemmer av statsrådet kan ikkje møte på Stortinget som representantar så lenge dei har sete i statsrådet. Heller ikkje statssekretærane kan møte som representantar så lenge dei er i embetet, og dei politiske rådgjevarane ved statsrådskontora kan ikkje møte på Stortinget så lenge dei har stillingane sine.

Norsk Tidend 3–2014

§ 26.

Kongen har rett til å kalle saman troppar, byrje krig til forsvar av landet og slutte fred, inngå og seie opp folkerettslege avtaler og sende og ta imot sendemenn. Traktatar om særleg viktige saker blir fyrst bindande når Stortinget har gjeve samtykke til det. Det same gjeld alle traktatar som etter konstitusjonen ikkje kan setjast i verk utan ei ny lov eller eit nytt stortingsvedtak.

25


§ 63.

Den som blir vald til representant, har plikt til å ta imot valet, om vedkommande ikkje a) er vald utanfor det valdistriktet der ho eller han har røysterett, b) har møtt som representant på alle storting etter førre val, d) er medlem av eit politisk parti og vald på ei valliste som ikkje går ut frå dette partiet. Frist og framgangsmåte for å gjere retten til å nekte val gjeldande blir fastsett i lov. Like eins skal det fastsetjast i lov når og korleis ein som er vald til representant for to eller fleire valdistrikt, skal gje fråsegn om kva val ho eller han vil ta imot.

§ 64.

Dei valde representantane får tildelt fullmakter. Stortinget avgjer om fullmaktene er lovlege.

§ 65.

Alle representantar og innkalla vararepresentantar får frå statskassa lovfastsett godtgjersle for kostnader til reiser til og frå Stortinget og frå Stortinget til heimen og attende under feriar på minst 14 dagar. Dessutan får dei lovfastsett godtgjersle for deltaking på Stortinget.

§ 66.

På reisa til og frå Stortinget og medan dei er der, er representantane fritekne frå pågriping, om dei ikkje blir gripne i offentlege brotsverk. For meiningar ytra i forsamlingane til Stortinget kan dei ikkje dragast til ansvar utanfor desse forsamlingane. Alle har plikt til å rette seg etter den ordenen som er vedteken av Stortinget.

§ 67.

Representantane som er valde på den ovannemnde måten, utgjer Kongeriket Noregs storting.

§ 68.

Stortinget kjem i regelen saman i hovudstaden den fyrste kvardagen i oktober kvart år, om ikkje kongen på grunn av usedvanlege omstende, så som fiendsleg åtak eller smittsam sjukdom, vel ein annan by i riket. Ei slik avgjerd må gjerast kjend i tide.

§ 69.

Når Stortinget ikkje er samla, kan kongen kalle det saman dersom han meiner det trengst.

§ 70. (Oppheva med grunnlovsvedtak 29. mai 1990 kunngjort med res. 13. juli 1990 nr. 550.)

§ 71.

Dei valde representantane er medlemmer av Stortinget i fire år på rad.

§ 72. (Oppheva med grunnlovsvedtak 29. mai 1990 kunngjort med res. 13. juli 1990 nr. 550.)

§ 73.

Stortinget utnemner ein president, fem visepresidentar og to sekretærar. Storting kan berre haldast dersom minst helvta av medlemmene er til stades. Grunnlovsframlegg kan berre behandlast dersom minst to tredjedelar av medlemmene er til stades.

Norsk Tidend 3–2014

§ 74.

26

Så snart Stortinget har konstituert seg, opnar kongen eller den han set til det, forhandlingane med ei tale om tilstanden i riket og dei emna han særleg vil gjere Stortinget merksam på. Inga drøfting må skje med kongen til stades. Når forhandlingane i Stortinget er opna, har statsministeren og statsrådane rett til å møte i Stortinget og til liks med medlemmene der ta del i forhandlingane når dei blir haldne for opne dører, men utan å røyste. I saker som blir behandla for stengde dører, gjeld dette berre når Stortinget gjev løyve til det.

§ 75.

Det høyrer Stortinget til a) å gje og oppheve lover; å fastsetje skattar, avgifter, toll og andre offentlege bører, som likevel ikkje gjeld etter 31. desember året etter om dei ikkje blir uttrykkeleg fornya av eit nytt storting, b) å ta opp lån på rikets kreditt, c) å føre oppsyn med pengestellet i riket,

d) å løyve dei pengesummane som trengst til statsutgiftene, e) å fastsetje kor mykje kongen skal få utbetalt til hoffstaten sin kvart år, og å fastsetje apanasjen til den kongelege familien, som ikkje kan vere i faste eigedommar, f) å få seg førelagt protokollane frå statsrådet og alle offentlege meldingar og papir, g) å få melding om dei folkerettslege avtalene som kongen har gjort med framande makter for staten, h) å kunne gje kven som helst påbod om å møte for seg i statssaker, så nær som kongen og den kongelege familien; likevel kan dei kongelege prinsessene og prinsane kallast inn dersom dei har embete, i) å revidere lister over mellombels løner og pensjonar og gjere dei endringane som Stortinget meiner trengst, k) å utnemne fem revisorar som skal sjå gjennom statsrekneskapane kvart år og kunngjere utdrag av dei på prent; revisorane skal difor få rekneskapane innan seks månader etter utgangen av det året som Stortinget har gjeve løyvingar for; og å gje føresegner om ordninga av desisjonsmakta overfor rekneskapstenestemennene til staten, l) å utnemne ein som ikkje er medlem av Stortinget, som etter nærare føresegner fastsette i lov skal føre kontroll med den offentlege forvaltninga og alle som er i offentleg teneste, for å hindre at det blir gjort urett mot den einskilde borgaren, m) å gje innfødsrett.

§ 76.

Alle lovframlegg skal fyrst gjerast på Stortinget, anten av ein stortingsrepresentant eller av regjeringa ved ein statsråd. Etter at framlegget er vedteke der, skal Stortinget ta det opp til ny vurdering og anten godta eller forkaste det. Blir det forkasta, skal framlegget med merknader frå Stortinget takast opp til vurdering endå ein gong av Stortinget, som anten legg framlegget bort eller vedtek det med dei nemnde merknadene. Mellom kvar slik behandling må det gå minst tre dagar.

§ 77.

Når Stortinget har gjort same lovvedtaket to gonger på rad, går det til kongen med oppmoding om sanksjon.

§ 78.

Godtek kongen lovvedtaket, skriv han under, og dermed blir det til lov. Godtek han det ikkje, sender han det attende til Stortinget med dei orda at han for tida ikkje meiner det er tenleg å sanksjonere det. I så fall kan ikkje det stortinget som då er samla, leggje dette vedtaket fram for kongen att.

§ 79.

Når to storting med eitt val og minst to storting imellom har gjort same lovvedtaket uendra utan at Stortinget i mellomtida har gjort avvikande endeleg lovvedtak, og det då blir lagt fram for kongen med dei orda at Hans Majestet ikkje vil nekte å sanksjonere eit lovvedtak som Stortinget etter ei grundig vurdering held for gagnleg, så blir det til lov endå om kongen ikkje sanksjonerer det før Stortinget skilst.

§ 80.

Stortinget blir verande samla så lenge det sjølv meiner det trengst, og avsluttar forhandlingane når gjeremåla er fullførte. I samsvar med reglar i Stortingets forretningsorden kan forhandlingane takast opp att, men dei blir avslutta seinast siste kvardagen i september. Innan den tid kunngjer kongen for Stortinget avgjerda si om dei lovvedtaka som ikkje alt er avgjorde (jf. §§ 77-79), anten med å stadfeste eller forkaste dei. Dei han ikkje uttrykkeleg godkjenner, blir rekna som forkasta av han.

§ 81.

Alle lover (så nær som dei etter § 79) blir utferda i namnet til kongen, under Noregs rikssegl og med desse orda: «Vi N.N. gjer kunnig at Oss er førelagt vedtak frå Stortinget dagsett som lyder slik: (her kjem vedtaket). Vi godkjenner og stadfester dette vedtaket som lov, under Vår hand og riksseglet.»

§ 82.

Regjeringa skal gje Stortinget alle dei opplysningane som trengst for behandlinga av dei sakene ho legg fram. Ingen medlemmer av statsrådet må leggje fram urette

eller villeiande opplysningar for Stortinget eller eit stortingsorgan.

§ 83.

Stortinget kan hente inn utgreiing frå Høgsterett om juridiske emne.

§ 84.

Stortinget blir halde for opne dører, og forhandlingane blir kunngjorde på prent, så nær som i dei tilfella noko anna blir vedteke med røystefleirtal.

§ 85.

Den som lyder eit påbod som har som føremål å skiple fridommen og tryggleiken til Stortinget, gjer seg skuldig i svik mot fedrelandet.

D. Om den dømmande makta § 86.

Riksretten dømmer i fyrste og siste instans i dei sakene som Stortinget reiser mot medlemmer av statsrådet, Høgsterett eller Stortinget for eit strafflagt eller anna rettsstridig tilhøve når dei har brote sine konstitusjonelle plikter. Dei nærare reglane om påtale som Stortinget reiser etter denne paragrafen, blir fastsette i lov. Det kan likevel ikkje setjast kortare foreldingsfrist enn 15 år for høvet til å gjere ansvar gjeldande ved tiltale for Riksretten. Dommarar i Riksretten er 6 medlemmer valde av Stortinget og dei 5 etter embetsalder eldste fast utnemnde medlemmene av Høgsterett, mellom dei leiaren av Høgsterett. Stortinget vel medlemmene og varamedlemmer for 6 år. Ein medlem av statsrådet eller Stortinget kan ikkje veljast til medlem av Riksretten. I Riksretten har leiaren av Høgsterett forsetet. Dei som har teke sete i Riksretten som valde av Stortinget, blir sitjande sjølv om tida dei er valde for, går ut før Riksretten har avslutta saka. Like eins blir høgsterettsdommarar sitjande i Riksretten sjølv om dei går av som medlemmer av Høgsterett.

§ 87.

Dei nærare reglane om samansetjinga av Riksretten og om saksbehandlinga blir fastsette i lov.

§ 88.

Høgsterett dømmer i siste instans. Grenser for høvet til å få Høgsteretts avgjerd kan fastsetjast i lov. Høgsterett skal vere samansett av ein leiar og minst fire andre medlemmer.

§ 89. (Oppheva med grunnlovsvedtak 14 des 1920 kunngjort 17 des 1920.)

§ 90.

Høgsterettsdommar kan ikkje i noko tilfelle ankast.

§ 91.

Ingen kan utnemnast til høgsterettsdommar før ho eller han er 30 år gammal.

E. Menneskerettar Overskrifta endra med grunnlovsvedtak 13. mai 2014 kunngjort med res. 14. mai 2014 nr. 628.

§ 92.

Dei statlege styresmaktene skal respektere og tryggje menneskerettane slik dei er fastsette i denne grunnlova og i traktatar om menneskerettar som er bindande for Noreg. Føyd til med grunnlovsvedtak 13. mai 2014 kunngjort med res. 14. mai 2014 nr. 628.

§ 93.

Kvart menneske har rett til liv. Ingen kan dømmast til døden. Ingen må utsetjast for tortur eller anna umenneskeleg eller nedverdigande behandling eller straff. Ingen skal haldast i slaveri eller tvangsarbeid. Dei statlege styresmaktene skal verne retten til liv og stri mot tortur, slaveri, tvangsarbeid og andre former for umenneskeleg eller nedverdigande behandling. Føyd til med grunnlovsvedtak 13. mai 2014 kunngjort med res. 14. mai 2014 nr. 628.

§ 94.

Ingen må fengslast eller bli fråteken fridommen på anna vis utan i dei tilfella og på den måten som lovene


Oppheva med grunnlovsvedtak 13. mai 2014 kunngjort med res. 14.

§ 102.

Alle har rett til respekt for privatlivet og familielivet sitt, for heimen sin og kommunikasjonen sin. Det må ikkje utførast husransakingar, så nær som i kriminelle tilfelle. Dei statlege styresmaktene skal sikre eit vern om den personlege integriteten. Oppheva med grunnlovsvedtak 13 mai 2014 kunngjort med res. 14 mai

mai 2014 nr. 628, føyd til att med grunnlovsvedtak 13. mai 2014 kunngjort

2014 nr. 628, føyd til att med grunnlovsvedtak 13 mai 2014 kunngjort med

med res. 14. mai 2014 nr. 628.

res. 14 mai 2014 nr. 628.

§ 95.

Alle har rett til å få saka si avgjord av ein uavhengig og upartisk domstol innan rimeleg tid. Rettargangen skal vere rettvis og offentleg. Retten kan likevel stengje rettsmøtet dersom omsynet til privatlivet til partane eller tungtvegande allmenne interesser krev det. Dei statlege styresmaktene skal sikre at domstolane og dommarane er uavhengige og upartiske. Oppheva med grunnlovsvedtak 13 mai 2014 kunngjort med res. 14. mai 2014 nr. 628, føyd til igjen med grunnlovsvedtak 13. mai 2014 kunngjort med res. 14. mai 2014 nr. 628.

§ 96.

Ingen kan dømmast utan etter lov eller straffast utan etter dom. Alle har rett til å bli rekna som uskuldige til skuld er prova etter lova. --Ingen kan dømmast til å avstå fast eigedom eller heile eiga si om ikkje verdiane er nytta til eller er utbyte frå ei strafflagd handling.

§ 97.

Inga lov må gjevast tilbakeverkande kraft.

§ 98.

Alle er like for lova. Ikkje noko menneske må utsetjast for usakleg eller mishøveleg forskjellsbehandling. Oppheva med grunnlovsvedtak 13. mai 2014 kunngjort med res. 14. mai 2014 nr. 628, føyd til att med grunnlovsvedtak 13. mai 2014 kunngjort med res. 14. mai 2014 nr. 628.

---1

§ 103. 2014 nr. 628.

§ 104.

Born har krav på respekt for menneskeverdet sitt. Dei har rett til å bli høyrde i spørsmål som gjeld dei sjølve, og det skal leggjast vekt på meininga deira i samsvar med alderen og utviklingssteget. Ved handlingar og i avgjerder som vedkjem born, skal kva som er best for barnet, vere eit grunnleggjande omsyn. Born har rett til vern om den personlege integriteten sin. Dei statlege styresmaktene skal leggje til rette for utviklinga til barnet og mellom anna sjå til at det får den økonomiske, sosiale og helsemessige tryggleiken som det treng, helst i sin eigen familie. Oppheva med grunnlovsvedtak 13 mai 2014 kunngjort med res. 14 mai 2014 nr. 628, føyd til att med grunnlovsvedtak 13 mai 2014 kunngjort med res. 14 mai 2014 nr. 628.

§ 105.

Endra med grunnlovsvedtak 13. mai 2014 kunngjort med res. 14. mai 2014 nr. 628. 1 Begge ledd i paragrafen er oppheva.

§ 100.

Ytringsfridom skal det vere. Ingen kan haldast rettsleg ansvarleg for å ha motteke eller komme med opplysningar, idear eller bodskapar om det ikkje lèt seg forsvare halde opp imot den grunngjevinga ytringsfridommen har i sanningssøking, demokrati og den frie meiningsdanninga til individet. Det rettslege ansvaret skal vere fastsett i lov. Alle har rett til å ytre seg frimodig om statsstyringa og kva anna emne som helst. Det kan berre setjast slike klårt definerte grenser for denne retten der særleg tungtvegande omsyn gjer det forsvarleg halde opp imot grunngjevingane for ytringsfridommen. Førehandssensur og andre førebyggjande åtgjerder kan ikkje nyttast om det ikkje trengst for å verne born og unge mot skadeleg påverknad frå levande bilete. Brevsensur kan ikkje setjast i verk anna enn i anstaltar. Alle har rett til innsyn i dokumenta til staten og kommunane og til å følgje forhandlingane i rettsmøte og folkevalde organ. Det kan i lov setjast grenser for denne retten av omsyn til personvern og av andre tungtvegande grunnar. Dei statlege styresmaktene skal leggje til rette for eit ope og opplyst offentleg ordskifte.

§ 101.

Alle har rett til å skipe, melde seg inn i og melde seg ut av foreiningar, medrekna fagforeiningar og politiske parti. Alle kan møtast i fredelege forsamlingar og demonstrasjonar. Regjeringa har ikkje rett til å nytte militær makt mot innbyggjarane utan etter lov, med mindre ei forsamling skiplar den offentlege roa og ikkje skilst åt så snart den sivile styresmakta tre gonger har lese lovføresegnene om opprør høgt og tydeleg for henne. Oppheva med grunnlovsvedtak 13. mai 2014 kunngjort med res. 14. mai 2014 nr. 628, føyd til att med grunnlovsvedtak 13. mai 2014 kunngjort med res. 14. mai 2014 nr. 628.

Krev omsyn til samfunnet at nokon må gje frå seg fast eller rørleg eigedom til offentleg bruk, skal ho eller han få fullt vederlag av statskassa.

§ 106.

Alle som oppheld seg lovleg i riket, kan fritt ferdast innanfor grensene og velje bustad der. Ingen kan nektast å forlate riket om det ikkje trengst av omsyn til effektiv rettsforfølging eller fordi dei skal gjere verneplikt. Norske statsborgarar kan ikkje nektast tilgjenge til riket. Føyd til med grunnlovsvedtak 13 mai 2014 kunngjort med res. 14 mai

§ 99.

Endra med grunnlovsvedtak 13. mai 2014 kunngjort med res. 14. mai 2014 nr. 628, endra paragrafnummer frå § 110 b.

Oppheva med grunnlovsvedtak 13 mai 2014 kunngjort med res. 14 mai

Endra med grunnlovsvedtak 13. mai 2014 kunngjort med res. 14. mai 2014 nr. 628.

og allsidig synsmåte som tryggjer denne retten òg for kommande slekter. Borgarane har rett til kunnskap om korleis det står til med naturmiljøet, og om verknadene av planlagde og iverksette inngrep i naturen, slik at dei kan tryggje den retten dei har etter førre leddet. Dei statlege styresmaktene skal setje i verk tiltak som gjennomfører desse grunnsetningane.

2014 nr. 628.

§ 107.

Odels- og åsetesretten må ikkje opphevast. Dei nærare vilkåra for korleis han skal stå ved lag til størst mogleg nytte for staten og gagn for landallmugen, blir fastsett av det fyrste eller andre stortinget.

§ 108.

Heretter kan det ikkje skipast grevskap, baroni, stamhus eller fideikommiss.

§ 109.

Alle har rett til utdanning. Born har rett til å ta imot grunnleggjande opplæring. Opplæringa skal utvikle evnene til kvart barn og ta omsyn til dei behova det har, og fremje respekt for demokratiet, rettsstaten og menneskerettane. Dei statlege styresmaktene skal sikre tilgjenge til vidaregåande opplæring og likt høve til høgare utdanning på grunnlag av kvalifikasjonar. Føyd til med grunnlovsvedtak 13 mai 2014 kunngjort med res. 14 mai 2014 nr. 628.

§ 110.

Dei statlege styresmaktene skal leggje til rette for at kvart arbeidsført menneske kan leve av arbeidet sitt eller næringsverksemda si. Den som ikkje sjølv kan forsyte seg, har rett til stønad frå det offentlege. Nærare føresegner om medråderetten til dei tilsette på arbeidsplassen blir fastsette i lov. Endra med grunnlovsvedtak 13 mai 2014 kunngjort med res. 14 mai 2014 nr. 628.

§ 110 a.

Dei statlege styresmaktene skal leggje til rette for at den samiske folkegruppa kan tryggje og utvikle samisk språk, kultur og samfunnsliv.

§ 111.

Forma og fargane på det norske flagget blir fastsette i lov.

§ 112.

Alle har rett til eit helsesamt miljø og ein natur der produksjonsevna og mangfaldet blir haldne ved lag. Naturressursane skal disponerast ut frå ein langsiktig

§ 113. Styresmaktene må ha grunnlag i lov for å gripe inn overfor einskildmennesket. Føyd til med grunnlovsvedtak 13. mai 2014 kunngjort med res. 14. mai 2014 nr. 628.

F. Allmenne føresegner Overskrifta føyd til med grunnlovsvedtak 13. mai 2014 kunngjort med res. 14. mai 2014 nr. 628. Paragrafane i dette kapittelet har enno ikkje fått nye, endelege paragrafnummer.

§ tidl 92. Til embete i staten kan det berre utnemnast norske borgarar som talar Noregs språk og a) anten er fødde i riket av foreldre som då var norske statsborgarar, b) eller er fødde i utlandet av norske foreldre som då ikkje var statsborgarar i noko anna land, c) eller har opphalde seg i riket i 10 år, d) eller får innfødsrett av Stortinget. Andre kan likevel utnemnast til lærarar ved universitetet og dei lærde skulane, til lækjarar og til konsular på framande stader. Endra med grunnlovsvedtak 13. mai 2014 kunngjort med res. 14. mai 2014 nr. 628, endra paragrafnummer frå § 92.

§ tidl 93. For å sikre internasjonal fred og tryggleik eller fremje internasjonal rettsorden og samarbeid kan Stortinget med tre fjerdedels fleirtal gje samtykke til at ein internasjonal samskipnad som Noreg er tilslutta eller sluttar seg til, på eit sakleg avgrensa område får råderett som elles ligg hjå dei statlege styresmaktene etter denne grunnlova, men likevel ikkje rett til å endre denne grunnlova. Når Stortinget skal gje sitt samtykke, skal minst to tredjedelar av medlemmene vere til stades, som ved behandling av grunnlovsframlegg. Føresegnene i denne paragrafen gjeld ikkje deltaking i ein internasjonal samskipnad der avgjerdene berre har reint folkerettsleg verknad for Noreg. Endra med grunnlovsvedtak 13. mai 2014 kunngjort med res. 14. mai 2014 nr. 628, endra paragrafnummer frå § 93.

§ tidl 106. Kjøpesummar og inntekter av det benefiserte godset til presteskapet skal berre nyttast til gagn for presteskapet og til å fremje opplysinga. Eigedommane til milde stiftingar skal berre nyttast til deira eige gagn. Endra med grunnlovsvedtak 13. mai 2014 kunngjort med res. 14. mai 2014 nr. 628, endra paragrafnummer fra § 106.

§ tidl 109. Alle statsborgarane har i regelen den same skyldnaden til å verne fedrelandet ei viss tid, utan omsyn til fødsel eller formue. Korleis denne grunnsetninga skal gjennomførast, og kva unnatak ho skal ha, blir fastsett i lov. Endra med grunnlovsvedtak 13. mai 2014 kunngjort med res. 14. mai 2014 nr. 628, endra paragrafnummer fra § 109.

§ tidl 112. Viser røynsla at nokon del av denne grunnlova for Kongeriket Noreg bør endrast, skal framlegget om endring leggjast fram på det fyrste, andre eller tredje stortinget etter eit nytt val og kunngjerast på prent. Men det er fyrst det fyrste, andre eller tredje stortinget etter neste val som avgjer om endringa skal gjerast eller ikkje. Ei slik endring må likevel ikkje stri mot prinsippa i denne grunnlova, men berre gjelde modifikasjonar i einskilde føresegner som ikkje endrar ånda i denne konstitusjonen, og to tredjedelar av Stortinget må vere samde i ei slik endring. Ei grunnlovsføresegn som er vedteken på denne måten, skal underskrivast av Stortingets president og sekretær og sendast til kongen til kunngjering på prent som gjeldande føresegn i Kongeriket Noregs grunnlov. Endra med grunnlovsvedtak 13. mai 2014 kunngjort med res. 14. mai 2014 nr. 628, endra paragrafnummer fra § 112.

Norsk Tidend 3–2014

fastset. Fridomstapet må vere naudsynt og ikkje utgjere eit mishøveleg inngrep. Den pågripne skal snarast råd framstillast for ein domstol. Andre som er fråtekne fridommen, kan få fridomstapet prøvd for domstolane utan grunnlaus dryging. Dei som utan rett har arrestert nokon eller halde nokon ulovleg fengsla, står til ansvar for vedkommande.

27


Lkryssord ved Laurits Killingbergtrø

Kryss NT nr 3-2014 KURS

ØYDELA

KUNSTIG TALE

GÅVERIK

TELE

UVENFJESET LEGE BUSKAR

I ORDEN

SPEL

FOR FULL

BULDER

KVINNE- ERGE- RAKE NAMN LEG RI

JORD

VOGNENE JORDE GRAVMÆLE

RØYSTAR BOLLAR

DRIKK SLÅR LEIR

BITEREISKAP

SAMTYKKE PÅHITT

STENGSEL

UTAN TIDFESTING

FØLE

GJERE OM

PLANTE

342 HER

ENGELSK TITTEL

TAL

KONGELEG BUSTAD

IKKJE

LÆREBOKFORF.

BU OPPGÅVER

OMVEGES

STREVDE

SMERTEPLAGA

EDEL SKOLEARBEID

SLAGSTAD

OPPI ÅRA

I NORDLAND

LEIKEPLASS

UTBYTET

FAKKA

SAT

HORISONTAL

UTAN VARSEL

ØYDER

BRUKET

STØL BRENNING

ASIAT

BLINK

YRKE

MANGLA

INNSTILT

SYNSHJELP

ÅTAK

FYLKE SØTSAK

JORDART

LENGD

REPARERE

TULL VINDEN

OKSYGEN

ORGAN NAUST FREDSSYMBOL

FUGL SLEKTA

STJERT

TEK

LURING

VASSE

ARTIG

BAKKEN

RENNE

STENGSEL

HELD TIL

IKKJE VØRDE

NEVØAR OG NIESER

HAVØRN

SETTE

SAMBAND

FORTALDE

FRED

ERBIUM

PÅ DØR

FANGSTBÅT

BÆRSTADER HELSUG DRIKK

SANSAR

NR. 3 2014

Kryssordvinnarar i nr. 2 – 2014 Inger Lægreid, Eidfjord Bjørn Slettan, Holum Hildegunn Bergo, Stord

Send løysinga til: Noregs Mållag Lilletorget 1 0184 Oslo

Norsk Tidend 3–2014

Frist: 25. august 2014

28

Merk konvolutten «Kryssord». Rett løysing kjem i neste utgåve. Tre vinnarar vert trekte ut og får fin premie.

LLøysing

Kryss NT nr 2-2014 BORAR BAKKE

L GRISANE SKOLEARBEID

S KJØTT

B TVISPRANG

S PRAKT ÅTVARING SOM BLOD

R KOMANDE HEILE BUNTEN

A Namn:

SKY

S Adresse:

RETTSVITSKAP UTBYGG

Postnummer/-stad:

SONG

A

D I S T R I K T S T A N N L Æ K J A R

MESSE UTE ELV OG BY DU OG EG

V I YMSE BAKENDEN

F U A DRIKK HAUG

R U E VEKT ROMMÅL

L FERSKE SOMMAR

J U L I

F R I L U F T S G U D S T E N E S T E

RIKSSTYRE PÅ MOTEN

I N LIKE

L SLURVA GRUNNSTOFF DEG OG MEG TELE

I S NOKO GODT ELLER VONDT

T FUNGERE MANNSNAMN DROPAR

Y R VONDT

A UTVEKSLINGA

K O A L I S J O N S R E G J E R I N G

STATSRÅD PROV FOR USKULD FRÅ MOTSETT RETNING

VIRVAR

K A O S SJØLV IKKJE

E I KVINNENAMN KORN

L O PÅHITT SAMLA TAL

L TREDJE TONEN INNANFOR

I

S A M F E R D S E L S M I N I S T E R

TONEFØLGJE STABLE

L Ø SØRLANDET REX VEST

V SJØDJUP MØLLE

G I MIDTEN AV KATT

I GNEISTE SÅ GODT ! PRONOMEN

D U HEVE SEG UTILDEKT

E

G I T A R A K K O M P A G N E M E N T

DÅRLEG SJØLVTRU VESKE

B A G SKRIK KORTET UTKOPLA

A V BAKKETOPP UNION

E U SKJENN PLASSERTE

L A FOSFOR SMART FORTALDE

S A RENN SAKTE

M I N D R E V E R D S K O M P L E K S

TVDEKNING SLAG

D E I S FØLGJE

R E I PARTI JOULE

J TEK BORTI PADDE OE IKKJE-

U FRYSE ARTIKKEL

E I

F J E R N S Y N S O V E R F Ø R I N G

SJEKKA SAMANLIKNA MED FISKESKINN SKAPNING SANSAR

E BLAD LITA MUSIKKGRUPPE

KALIUM AVGIFT HUSHJØRNE SKIKKA

F Ø R SÅG I BOKA RØYK

PLAGG

S UTVEG TRIVE

V E R K S T A D K O N T R O L L E R T

DÅRLEG BUTIKK I NUMEDAL

N O R E UJAMN

R U SLETTE

M O STOREBROR, SÅ VIDT

E S A U ELVA

Å A

U N D E R S K O T S V E R K S E M D NR. 2 2014


L nmu Vebjørn Sture Leiar i Norsk Målungdom

Litt meir som Narvesen

I dag vil eg prata om den viktigaste paragrafen i grunnlovi, paragraf 100. Den byrjar slik: «Ytringsfridom skal det vere.» Litt lenger nede står det som er aller best: «Alle har rett til å ytre seg frimodig om statsstyringa og kva anna emne som helst.» Kling ikkje det flott? Frimodig; for ein som er vaksen opp i ein kristeleg heim er det eit ord med djup klangbotn. Ein skal ikkje vera surmaga klagande, ei heller skal ein vera underdanig og redd i kritikken. Ein skal med mot og tru på eigi sak møta kven det skal vera for å lufta sitt syn, og ytra si meining. Ein skal ikkje vera redd for å ytra seg, heller ikkje om dei styrande. Det var ikkje så sjølvsagt alle stadar i 1814. Det er ikkje sjølvsagt alle stadar i dag heller. Så korleis skjøttar me denne retten som me har fått i dag? Me er som samfunn mindre og mindre i stand til å nytta ytringsfridomen. Færre og færre tek del i lag og organisasjonar der ein drøftar samfunnet rundt seg. Politiske parti slit med medlemstali, i avisene er det dei same gamle travarane som går att. Dei einaste gongene ein ser folk ytrar seg i media, er når dei har skadd bilen i ei slaghola i vegen og seier det er staten som må betala, eller dei har funne ut at maten er billigare i Spania enn i Noreg, og det går ikkje an i verdas rikaste land! Rett nok bur me i eit av dei beste landi i verdi, men det er nok av ting å ta tak i. Så kvifor gjer ein så lite? Fordi det kostar. Det krev at ein står fram og seier ting som kan føra til at nokon vil vera usamde med deg. Du vert lagd merke til. Folk kan koma til å kommentera det du har sagt. Mykje betre å teia. Og så er det jo ting som ein berre ikkje gjev seg til å diskutera offentleg, det vert så mykje bråk av det. Sjølv er eg Vikingtilhengjar. Eg meiner dei er det beste fotballaget i Noreg og at Sogndal er eit dårleg lag. Men det vil du naturlegvis ikkje få høyra meg seia høgt her i Sogndal. Kva trur

L TYLEPRAT KNUT P. BØYUM storeknut@online.no

du ville skje då? Trur du det ville vore nokon vits i å stilla på ei heradsstyrelista om det vart kjent at eg meinte det? Fotball er det viktigaste av alt som er uviktig her i livet. Men det er framleis uviktig. Likevel vil eg aldri seia til nokon at eg tykkjer Sogndal er eit dårleg lag. Kva då med alt som er viktig? Enno meir uroleg kan ein jo verta av slike nyhende som dei eg høyrde på radioen for eit par veker sidan. «Unge mennesker er redde for å mene noe offentlig. Det preger deres atferd på sosiale medier, viser en undersøkelse TNS Gallup har gjort for Fritt Ords Ytringsfrihetsbarometer.» Det er skremmande, kvar er det dei har det ifrå? Vel, me gamlingar er jo ikkje mykje betre. Eg er redd eg skuffar nokon no, men å klikka «likar» på ei Facebookside tyder ikkje at du engasjerer deg! Det same gjeld dei som anonymt kommenterer under artiklar på nettet med fynd og klem og ditto manglande rettskriving. Vågar du ikkje stå for det du seier, har det sjeldan mykje verdi! Men kva slags engasjement er det dei legg opp til, dei som skal gje oss grunnlag for standpunkti våre? Dei som skal vera den fjerde statsmakta og kritisk undersøkja. Slik som kulturavisa Dagbladet. Ei avis med meiningar og integritet. Med «Slik bruker du stige» eller «10 grunner til at du er feit» i store bokstavar over framsidene fordummar avisa den offentlege samtalen. Då hjelper det lite at ein finn gode kronikkar og tankevekkjande artiklar gøymt inne i avisa. Som eg sa, kan det vera ein kostnad ved å engasjera seg.

Nokre emne er gjerne litt kjenslevare. Eit syrgjeleg utviklingstrekk i vår tid er tendensen til ein kultur for å verta krenkt. Folk er vortne så hårsåre for sine idear og sine grupper at ein knapt kan opna kjeften utan at nokon tek det som eit åtak. Offerrolla er tydelegvis ei populær rolle, og ofte på andre sine vegner. Ein strålande hersketeknikk og eit altfor ofte nytta triks til å kvela søkjeljos på problemi i samfunnet vårt. Men om du døyr utan uvener, har du då gjort stort her i livet? Har du vore med å nytta di røyst til å påverka samfunnet rundt deg? Eller har di tusling rundt grauten gjort at ting du ikkje likte, har fått bløma uimotsagt? Då Hitler tok til å rasla med sabelen på 30-talet, var det ein som åtvara sterkt mot det han såg som eit trugsmål mot freden i Europa. Churchill vart i beste fall ikkje lytta til, nokre meinte til og med at det var han som var ein fare for freden. Det var tannlause pratmakarar som Chamberlain som fekk styra politikken, og dei overtydde Hitler om at han ikkje hadde noko å frykta same kva han gjorde. Er me ein Chamberlain eller er me ein Churchill? Eg er stygt redd Churchillane her på jordi er meir unike enn Chamberlainane. Og då smiler dagens Hitlerkopiar heile vegen til diktaturet. Konsensus framfor ei kvar form for konflikt er skummelt. Frykteleg skummelt! For 200 år sidan var det ikkje konsensus på Eidsvoll. Det var mange skarpe konfliktar. Og same kva ein meinte og gjorde, så visste ein at det var ein pris for det. Likevel valde ein å stå for det ein trudde på. I 200 år har deira mot gjeve oss eit grunnlag for eit fritt land og eit samfunn der me styrer sjølve. Deira mot til å gjera det dei trudde var rett, og seinare slekter sitt mot til å stå opp for det dei fekk, har gjeve oss eit av verdas beste land å bu i. Har me motet til føra arbeidet vidare?

Dette råkar ikkje berre folk frå sentralaustlandet, sjølv om det kanskje er dei som står laglegast til for hogg. Det råkar også dei av oss som har kome i skade for å verta fødde i ein fylkeshovudstad, der dialekten er noko mindre brei enn i resten av fylket. Då eg arbeidde som lærling i ein liten distriktskommune nokre mil sør for Stavanger, undra fleire av dei lokale korleis ein bokmålstalande byas som meg kunne vera målmann. Høyr på meg no: Det er ingen som byrjar å skriva nynorsk fordi du doserer om kva som er «enklast» eller «mest naturleg» for dei å skriva. Folk kan ikkje noko for kva dialekt dei snakkar. Og det dei skriv, er dei vande med å skriva, heilt uavhengig av dialekten. Meiner me alvor med at nynorsk og bokmål skal vera likestilte, for ikkje å seia pensum, så må me seia tydeleg at nynorsken er her for alle som vil. Same korleis du ser ut, same kva dialekt du har, same kva skriftspråk du voks opp med. Kort sagt burde Noregs Mållag verta litt meir som Narvesen. Ikkje berre fordi det å selja grapsemat til bokmålsbrukarar kan snu levealdersstatistikkar og andre demografiske tilhøve i vår favør, men fordi slagordet deira er så treffande. Det er som skreddarsydd for målsaka generelt og det å skriva nynorsk spesielt: Har du lyst, har du lov.

Norsk Tidend 3–2014

Tankar den 18. mai

Du skriv vel nynorsk, du som snakkar så bra dialekt? Eller endå verre: Kvifor skriv eigentleg du nynorsk, du som snakkar bymål? Slik lyder det når målfolk skyt seg i foten. Det er til skade for både nynorsken og Mållaget at så mange av oss tilsynelatande ser på dialekten som eit slags kvalifiserande kriterium for å bruka nynorsk. Me bør slutta tvert med det. For kva er det me eigentleg seier, når me framhevar nokon som betre eigna til å skriva nynorsk på grunn av at dei snakkar slik dei gjer? Jau, då seier me at det finst eit skilje mellom dei som har gode nok dialektar, og dei som ikkje har det. Mellom dei som burde skriva nynorsk, og dei som ikkje burde gjera det. Mellom fullverdige nynorskbrukarar, og kuriøse framandelement.

29


Krambua Sjå innom heimesida for andre tilbod. Hugs at vi kan gå tom for somme artiklar. Det er såleis ikkje sikkert at du får alt du tingar.

Ja takk, eg tingar: ❏ Fleecejakke

❏ Matboks

For damer: Fargar:

❏ grå ❏ kornblå ❏ bringebær Storleikar: ❏ s ❏ m ❏ l ❏ xl

❏ Notatbok blå ❏ Notatbok svart

For menn: Fargar:

❏ Notatbok natur

med logoen til Noregs Mållag på brystet.

❏ ❏ Storleikar: ❏ s ❏ m l ❏ ❏ xl grå

Linjert notatbok med slagordet «Gjennom ord blir verda stor!» Hardt omslag med stofftrekk. Kr 125,–

azurblå

❏ xxl

Kr 220,– Hugs å krysse av for farge og storleik!

❏ Mobildeksel iPhone 4 ❏ Mobildeksel iPhone 5 Mjukt mobildeksel til iPhone 4 og iPhone 5 med trykket «Å snakka: akkedera, garta, kvitra, masa, munnrøda, pjegga, preika, røda, svalla, tjantra» Kr 50,–

1 eller 20 jakkemerke «Gjennom ord blir verda stor» Kr 10,– (Kr 50,– for 20 stk.)

Norsk Tidend 3–2014

1 eller 20 jakkemerke «Takk, Ivar Aasen!» Kr 10,– (Kr 50,– for 20 stk.)

30

Kryss av, klipp ut eller kopier og send tinginga til:  Noregs Mållag, Lilletorget 1, 0184 Oslo Namn: Adresse: Postnr./poststad: Telefonnr./e-post:

I plast, 16 x 11 cm. Kr 50,–

Ulinjert notatbok med Ivar Aasen på framsida, og «Noregs Mållag» på baksida. Hardt omslag med strie. Kr 75,–

❏ Krus

Med trykket: Det endaa koma kann den Dag, daa Retten fram kann sleppa. Ivar Aasen, 1875 Kr 100,–

❏ Krus

Med trykket: Skogen stend, men han skifter sine tre. Olav H. Hauge, 1965 Kr 100,–

❏ Krus

Med trykket: Det går mangt eit menneske og ser seg fritt ikring for Ivar Aasens skuld. Tarjei Vesaas, 1950 Kr 100,–

Eller: send e-post til krambua@nm.no, ring til 23 00 29 30, eller å gå inn på www.nm.no Porto kjem i tillegg.

Norsk med to skriftmål Lytring Sjølv om Norsk Tidend kjem ut sjeldan og difor ikkje eignar seg så godt som debatt-arena, prøver eg eit innspel i meiningsbrytinga mellom Vidar Sætre og Ottar Grepstad. Spørsmålet er om Ivar Aasen fann eller konstruerte nynorsken. Grepstad skriv at Aasen var den første som såg at talemåla i Norge har så mange fellestrekk at det gir meining å kalle dei eit språk. Det kan hende, men det kan også hende at farande folk, taterar, sjøfolk, fiskarar og driftekarar til dømes, såg det like eins før. Det me veit, er at Aasen var den første som skreiv avhandlingar om norsk språk som nådde fram til samtidas elite. Det Aasen dinest gjorde, var å lage eit skriftmål for språket. Grepstad meiner han driv attende ei innvending mot nynorsk, at det er konstruert, med å skrive at Aasen fann nynorsken. Men dette er dei kunnskapslause si innvending, for alle skriftmål er konstruerte. Ein konstruktør skil seg frå ein som finn noko, med at han formar objektet (innanfor rammer). Ein huskonstruktør kan konstruere huset i tre, stein eller betong og med ein eller fleire etasjar. Dei fleste eldre skriftmål har ukjende konstruktørar, det spesielle med nynorsken er at skriftmålet langt på veg er éin manns verk og at denne mannen er kjent. Aasen kunne ha laga skriftmålet annleis. Han kunne ha bygt på éin dialekt, han kunne ha lagt det nærare svensk eller dansk eller norrønt, og han kunne ha brukt 26 eller 32 bokstavar. Bak usemja ligg ulike syn på kva eit språk er. Det som må liggje i botnen, er for det første talemål og ikkje skriftmål, for tale kom før skrift, og språka blir snakka ti eller tusen gonger meir enn dei blir skrivne. Det andre som må liggje i botnen, er folks oppfatningar, meir enn lingvistiske skilnader. Når me norske ser det slik at norsk er eit språk og omverda aksepterer det, er det altså slik. Sveitsartysk kunne også sjåast som eit språk, men både sveitsarane og omverda har valt å sjå det som ein variant av tysk. Difor er det slik, sjølv om skilnadene frå vanleg tysk er store. Mållaget ser norsk på ein annan måte: «Noregs Mållag meiner at nynorsk og bokmål er nærskylde, men likevel to ulike språk.» Grepstad og Nynorsk kultursentrum hevdar det same og plasserer nynorsk blant verdas 6-7000 språk. Dette synet har aldri fått gjennomslag utanfor målrørsla og truleg heller ikkje blant fleirtalet av oss medlemer. Me kan illustrere med ei skulemålsrøysting: Same kva utfallet blir, ser dei fleste det slik at skulen og ungane har det same språket føreåt og etterpå. Dei har norsk språk. Det røystinga gjeld, er om skulen og ungane skal skrive dette språket på nynorsk- eller bokmålsmåten. Med tanken om at det finst to norske språk (eller tre med dialektane?) og at det er skriftforma som avgjer dette, distanserer målrørsla seg frå folk flest. Det hadde vorte mindre ugreie i tenkinga og vore lettare å få tilslutnad om organisasjonen hadde lagt til grunn at majoritetsspråket i dette landet er norsk, og at nynorsk og bokmål er to ulike måtar å skrive norsk på. Då blir me også i stand til å sjå det skiljet Grepstad ikkje får auga på, at Aasen a) oppdaga og dokumenterte det norske språket (for eliten) og b) konstruerte eit skriftmål basert på denne oppdaginga.

Olav Randen


Klare for haustseminar: Odda Mållaget ynskjer alle medlemer hjarteleg velkome til Odda til hausten. Foto: Berit Krogh Økonomi og Kommunikasjon AS

Haustseminar i Odda Årets nasjonale haustseminar blir i Odda laurdag 27. – og sundag 28. september. Seminaret går frå laurdag 27. september klokka 13, med lunsj før oppstart og avslutning sundag 28. september klokka 13, med lunsj etterpå. På den måten kan deltakarar frå eit relativt stort område setje seg i bilen laurdag morgon og nå seminarstarten, slik at det held med éi overnatting. Me lagar også eit kulturelt og målpolitisk interessant opplegg med middag for dei som kjem på fredagskvelden. På seminaret vil Odda-modellen og nynorsk utdanningspolitikk få god plass. I Odda er det slik at elevane som har nynorsk, går i nynorskklasse til og med 10. klasse, medan bokmålselevane går i bokmålsklasse. Ein effekt av dette er at det er svært lite målbyte i Odda. Me ynskjer å få presentert Odda-modellen frå dei lokalt som kjenner han godt. Dette vert følgt opp av ei innleiing som prøver å gje svar på spørsmålet: Kan og bør Oddamodellen verte nasjonal politikk? Det vert også tid til eit internasjonalt punkt og eit punkt om grunnlova. Me sender ut meir detaljert informasjon og opnar påmeldinga i juni.

Juniseminar i Bergen Hordaland Mållag inviterer til juniseminar i Bergen laurdag 14. juni. Seminaret har to hovudtrekkplaster: Haakon Aase og Eli Bjørhusdal. Nyvald styremedlem i Noregs Mållag og leiar i Meland Mållag, Haakon Aase, vil prøve å svare på spørsmålet: Kvifor er nynorsk eit robust språk? Eli Bjørhusdal er høgskulelektor ved Høgskulen i

NORSK TIDEND NOREGS MÅLLAG

Annonsar: Annonseprisar: Tillegg for tekstside: Spaltebreidd: Kvartside: Halvside: Heilside: Ilegg til avisa:

Tilskrift: Lilletorget 1, 0184 OSLO Telefon: 23 00 29 30 E-post: nm@nm.no

Stoffrist nr. 4 – 2014: 25. august 2014

Føremålet med ordninga er å kompensere for kostnader som frivillige organisasjonar har til meirverdiavgift ved kjøp av varer og tenester, basert på årsrekneskap eitt år attende i tid. Lotteri- og stiftingstilsynet forvaltar ordninga. Lag som er medlemer i ein nasjonal organisasjon må søkje gjennom denne. Noregs Mållag må difor sende ein samla søknad til Lotteri- og stiftingstilsynet for heile organisasjonen, basert på søknader frå kvart einskild lag og fylkeslag. Noregs Mållag har vedteke at organisasjonen skal søkje momskompensasjon etter forenkla modell. Laga skal ikkje sende inn rekneskapen, men oppbevare denne lokalt. Det er heller ikkje i år krav om at lokale og regionale lag må vere registrerte i Frivillighetsregisteret for å vere med i den sentrale søknaden frå organisasjonen. Lokale mållag kan søkje ved å fylle ut eit skjema som ligg på heimesidene våre. Der finn de også meir informasjon om ordninga. Søknadsfristen for å sende søknaden til Mållaget sentralt er 1. juli. Ta kontakt med økonomikonsulent Berit Krogh på berit.krogh@nm.no eller telefon 23 00 29 35 dersom de har spørsmål knytte til ordninga.

Gro Morken Endresen, dagleg leiar, tlf. 23 00 29 37, 957 85 560, gro.morken@nm.no

Prent: Nr1Trykk as Opplag: 13 000 Abonnement: kr. 250,– per år

Alle prisar er eks. mva. Ved lysing i fleire nummer kan vi diskutere særskilde avtalar.

Tid for å søkje momskompensasjon

Tilsette:

Framhald av Fedraheimen og Den 17de Mai

kr 9,00,–/mm kr 0,50,–/mm 45 mm kr 3 000,– kr 5 000,– kr 9 000,– kr 1,00 pr. stk.

Sogn og Fjordane og har skrive doktoravhandling om norsk språkpolitikk. Ho skal halde innleiing om emnet: Målbyte i Noreg – ein språkpolitisk analyse. Seminaravgift er 100 kroner. Påmelding til: Hordaland@maallag.no

www.nm.no

Kontoradresse: Lilletorget 1, 0184 OSLO

Erik Grov, organisasjonskonsulent, tlf. 23 00 29 34, erik.grov@nm.no Berit Krogh, økonomikonsulent, tlf. 23 00 29 35, berit.krogh@nm.no Ingar Arnøy, skulemålsskrivar, tlf. 23 00 29 36, 975 29 700, ingar.arnoy@nm.no

NORSK MÅLUNGDOM www.nynorsk.no/nmu

Tilskrift: Postboks 285 Sentrum, 0103 Oslo Telefon: 23 00 29 40 Telefaks: 23 00 29 31 E-post: nmu@nynorsk.no Bankgiro: 3450.65.48707

Bankgiro: 3450.19.80058

Hege Lothe, informasjonskonsulent, tlf. 57 86 53 60, 926 48 348, hege.lothe@nm.no

Leiar: Vebjørn Sture, Telefon: 924 16 527, 23 00 29 40, E-post: vebjorn@nynorsk.no

Leiar: Marit Aakre Tennø Mobil: 454 71 716 E-post: marit.tenno@nm.no

Kjartan Helleve, redaktør Norsk Tidend, tlf. 23 00 29 32, 943 97 998, kjartan.helleve@nm.no

Skrivar: Eskil Syltøy Løland, Telefon: 994 26 366, E-post: eskil@nynorsk.no

Norsk Tidend 3–2014

Mållaget informerer

Lnoregs mållag

31


Lilletorget 1 • 0184 OSLO

nr. 3 • MAI 2014

– Motkultur kan ofte vera ei næringsrik jord å veksa i, og Ivar Aasen sin åker avlar fram stadig fleire skribentar som det er vanskeleg å oversjå. Ann Kristin van Zijp Nilsen

LPå tampen Da vi var små, var bekken noko av det gjevaste som fanst. Særleg på denne tida, like etter at isen hadde gått, og han rann vårfrisk med solkant på små, muntre bølgjetoppar, og ein var like lettfløygd som Askeladdens gode hjelpar eller som Guro, som Guro med håret flagrande etter seg i vinden. Det var ei tid for vassing og løyndomar, for så lenge sjogen låg i høom, måtte ein nemleg ikkje finne på å avkle seg det skapte grann. Sit ikkje på steinom, ropte bestemor i det barnebarnet la på sprang ut i vårdagen, for flate steinar var så visst ikkje til å sitja på. Fara for blærekatarr med påfølgjande komplikasjonar, var overhengande. Heldigvis var dette ei tid da dei vaksne ikkje var med ungane og leikte, og det var ikkje absolutt alt dei trong vita. Vi var fem - seks ungar i grenda, og store delar av året budde vi i leikarhus ved bekken. Leikarhusa var små kvadrat av passe tunge steinar. Husa hadde lauvtak og elles opne løysingar. Bekken var ikkje av dei største og striaste, men han hadde stikkrenne og ved leikarhusa våre var det rolege viker som var som skapte til sjøsetjing av borkebåtar. Etter som åra har gått, har ein tenkt meir og meir på desse borkebåtane vi spikka. Dei har blitt meir og meir forseggjorde med lasterom med ørsmå luker og master og segl av blåfivreldvenger. Turane har blitt lengre, og sjansene er store for at dei fortsatt seglar rundt ute på verdshava. Og så plutseleg, midt i den kjære leiken med eigne borkebåtar, treffer ein uforvarande på andre borkebåtentusiastar. Og ikkje kva som helst borkebåtentusiastar heller. Fyrste frydefulle møte fann stad under ein konsert for eit par år sidan der sjølvaste Lasse Winnerbäck brukte borkebåten som bærande symbol gjennom ein film som danna bakteppe for Söndermarken, ein song med 12 verser om hela livet. Den andre var nå i helga. I boka Farlig midtsommer opnar ei anna stor heltinne, Tove Jansson, med Mummitrollets mamma som sit på trappa i sola og riggar ein borkebåt. Og litt seinare: Mummitrollet lå på sin vante plass (eller en av dem), sammenrullet i den grønngule mosen og med halen stukket varsomt inn under seg.      Alvorlig og tilfreds kikket han ned i vannet mens han lyttet til flagringen av vinger og den søvinge summingen fra biene.      Den er til meg, tenkte han. Den må være til meg. Hun lager alltid den første barkebåten om sommeren til den hun er mest glad i. Siden gir hun til litt forskjellige for at ingen skal bli lei seg. I år er det er hundre år sidan Tove Jansson vart fødd i Helsingfors. Ho er mest kjend for dei omarbeidde bøkene og teiknefilmane om Mummitrolla, nær sagt dessverre, for dette har gjort at mange lesarar ikkje kjenner dei opprinnelege bøkene og teikneseriane som er minst like eigna for vaksne. Underteikna har humra, ledd høgt, vårmelankolikaren har blitt lokka fram og mest av alt har ho fryda seg over raffinerte rampestrekar i Sommerboken og Farlig midtsommer. Ho har tenkt å gjera dette til eit Tove Jansson-år og oppfordrar alle følgjarar til å gjera det same, gjerne på ny. Det bur eit Mummitroll, ei Lille My eller ei bestemor (85) i trassalderen, i oss alle.

Rita Mundal

Frå bloggen 3 vise kvinner

Foto: Kjartan Helleve

Tjuvstart på 70-årsjubileet LLDet er framleis nokre dagar til Fløgstad fyller 70 år den 7. juni, men Nasjonalbiblioteket tjuvstarta feiringa i mai med seminaret «Ut i verda – Kjartan Fløgstad 70 år». I tillegg har dei laga ei plakatutstilling med tre plakatar om Fløgstad og forfattarskapen hans som dei tilbyr norske bibliotek. To av forskingsbibliotekarane ved Nasjonalbiblioteket, Lars Johnsen og Trond Haugen, har nytta digitale hjelpemiddel for å undersøkja språket til Fløgstad. Heile forfattarskapen hans er digitalisert, og ved hjelp av statistikk har dei kome fram til at Fløgstad har eitt av dei rikaste ordforråda i norsk litteratur. LL– Me jamførte språket til Fløgstad med Dag Solstad og Knut Hamsun. Det viste seg at Solstad hadde 78.000 ulike ord i forfattarskapen sin. Hamsun hadde litt meir med 92.000, men aller øvst tronar Kjartan Fløgstad, med 112.000 enkeltord – det er svimlande, fortalde Trond Haugen til stor applaus frå salen. – Det er neppe tilfeldig at det er hjå ein nynorskforfattar at ein finn det rikaste språket. Det bør vera eit viktig argument i språkdebatten. Kjartan Fløgstad er nynorsk, sa Haugen vidare.

LLHan kunne òg avsløra at Dag Solstad hadde litt lengre og meir kompliserte setningar enn Fløgstad. – Det stadfestar kanskje myten om at bokmålsfolk skriv langt og komplisert for å gjera seg lekre, medan nynorskfolk bruker enkle setningar i nærmiljøet, sa Haugen til god lått frå salen. LLHaugen og Johnsen brukte òg datateknologien for å analysera seg fram til kva som kunne vera den ultimate fløgstadske setninga. Dei analyserte setningslengd og kommabruk i tillegg til ordforrådet, og kom fram til setninga «Pål Seland var og er ulukkeleg.» Pål Seland er filantropen og antikvitetshandlaren som er sentral i «Kron og mynt. Eit veddemål» (1998). Forfattaren sjølv syntest det var eit artig eksperiment, men forklarte til Nynorsk pressekontor etterpå at han ikkje var heilt samd i setningsvalet. LL– Eg ville nok valt ei anna setning sjølv, nemleg den første setninga i «Dalen Portland» (1977): «Ho plantar hælane i støypen og står», sa Kjartan Fløgstad.

NPK

Norsk Tidend 3-2014  
Read more
Read more
Similar to
Popular now
Just for you