Page 1

for sterkt for biskopen > 4 • forskar på språkskifte > 8 • Kva skjer i Odda? > 8 • landsmøtetid > 3 heller litterært enn pedagogisk > 14 • morsmål eller noko anna? > 20 • lærar? Nei takk! > 24 Nr. 2– mars 2014

Medlemsblad for Noregs Mållag

NORSK TIDEND Framhald av Fedraheimen og Den 17de Mai

Dei nye laga

sosiale samkomer. Dei nye innflyttarlaga i Oslo er påfallande like dei gamle. > 16-19

X Språk, kultur og


Lleiarteigen Framhald av Fedraheimen og Den 17de Mai

Elitær?

stao pao Luster!

LLDet er ikkje heilt uvanleg å høyre at nynorsk kjem til å ende opp som eit språk for kultureliten, både den i byen og den i bygda. Det er vanskeleg å sjå inn i framtida, men noko seier meg at det ikkje kjem til å ende der.

Da e i Luster Da skjer!

LLFestspillene i Bergen har eit stykke av Jon Fosse på programmet, og det er vanskeleg å tenkje seg ein meir høgkulturell kombinasjon. Oppsetjinga er ein samproduksjon, med BUL Oslo, Det Norske Teatret og Hordaland Teater som samarbeidspartnarar. På sidene til festspela seier Fosse at dette blir stas, og han er sitert på nynorsk. Men resten? Truleg har svaret til Fosse kome på e-post, eller så har dei henta dei ein annan stad. Det er uansett ikkje til å tru. LLDet er stygt å seie at teikneserien Pondus er lågkultur, me elitær er han i alle fall ikkje. I kvart nummer får ein lesar hente fram favoritt-stripa si frå arkivet. I det siste nummeret er det NMU-leiar Vebjørn Sture som får æra. Han svarar sjølvsagt på nynorsk, men redaksjonen tykte samstundes at det var naturleg å omsetje sjølve teikneseriestripa til nynorsk. Dette er same bladet som i fjor sommar laga dialektvariantar av bladet for ulike delar av landet, blad som inkluderte ein språkpolitisk artikkel av Øystein Vangsnes. LLFor nokre år sidan fekk Litteraturfestivalen ein grov del av nynorskpotten frå den dåverande regjeringa, utan at det synte att i programmet deira. Samstundes har det brått dukka opp dialektinnslag i det som finst av teiknefilmar for ungar. Ikkje for å gløyme reklamen, dameblada og dei personlege spaltene i avisene. LLDet eine utelukkar ikkje det andre. Men all den tid den nynorske høgkulturen lever og blømer, så skulle me kan hende sjå litt nærare på korleis me kan styrkje nynorsken i lågkulturen.

Kjartan HELLEVE

Utgjeven av Noregs Mållag

Norsk Tidend 2–2014

Avisa blir redigert etter Redaktørplakaten

2

Tilskrift: Lilletorget 1, 0184 OSLO Redaktør: Kjartan Helleve kjartan.helleve@nm.no, 23 00 29 32, faks 23 00 29 31 I redaksjonen: Hege Lothe, Tuva Østvedt Heimeside: www.nm.no Abonnement: 250 kroner per år Utforming: Språksmia AS smia@spraksmia.no

Ansvaret for språ For eitt år sidan var der oppslag i fylkesmedia i Sogn og Fjordane om at i sju av 23 kommunar fekk vaksne innvandrarar norskopplæring på bokmål. Midt i tjukkaste nynorskland gjev ein altså opplæring i bokmål til vaksne innvandrarar. Folkeveksten i landet vårt kjem i dag av utanlands innvandring, det gjeld Sogn og Fjordane like mykje som elles i Noreg. Særleg langs kysten er behovet for utanlandsk arbeidskraft stort, og tal frå Sunnmøre syner at i enkelte kommunar har så stor del som rundt 15 prosent av innbyggjarane innvandra til Noreg. Det meste av dette er arbeidsinnvandring frå land i Aust-Europa til bygdesamfunn som skrik etter arbeidskraft. I år er det nøyaktig 30 år sidan eg tok til ved Brattvåg barneskule. Då var me eit stort kull med over 30 elevar. Alle med foreldre fødde i Noreg, men som på industristader flest, med foreldre frå mange ulike stader i Noreg. Somme hadde kanskje noko slekt på Færøyane, men meir eksotisk enn det vart det ikkje. I fjor tok 33 elevar til i fyrste klasse på same skule. I dag er 11 ulike nasjonar representerte i same klasse. Der det for 30 år sidan var nordmøringar, trønderar og nordlendingar som kom til den vesle industribygda for å få arbeid, kjem folk i dag frå utanfor landegrensene, men med same mål. Og dei slår seg ned med familien og vert ein viktig del av det nye lokalsamfunnet. Og nett slik nordlendingar,

marit aakre tennø Leiar i Noregs Mållag

trønderar og nordmøringar sende ungane sine i nynorskklassar for 30 år sidan, gjer polakkar, litauarar og afghanarar det same i dag. Fram til no har språkopplæringa i Haram gått føre seg på bokmål. Heldigvis melder kommunen at han no går over til nynorsk. I mange kommunar held ein fram med å undervisa på bokmål, ut frå ei tru på at dette er enklast for dei nye innbyggjarane. Men dette ser ut til å vera ei omdiskutert sanning. Etter ein integreringskonferanse på Sunnmøre i fjor kom det fram at fleire som hadde fått norskopplæring på bokmål, meinte det var ei ulempe. Dei hadde ungar som fekk nynorskopplæring i skulen og fann det vanskeleg å hjelpa dei, i tillegg fann dei det vanskelegare å forstå brev frå kommunen og andre som vende seg til dei på nynorsk. Det er rart å læra nye innbyggjarar som kjem ein stad, eit anna språk enn det lokale. Og det er rart å handsama folk frå andre stader i verda annleis enn andre. Å læra seg nynorsk gjev openbert ein føremon for å forstå kva folk


Lsagt – Det er ikke dyslektikerne sitt ansvar å redde nynorsken. Åsne Midtbø Aas i Dysleksi Norge i Nærnett.no

Da e i Luster eg viL bu!

– På NRK1 «Nordnytt» har vi nettopp fått en ny vestlandsdame med nynorskdialekt som ikke bare irriterer - men faktisk er så «radikal» at det er vanskelig å forstå språket hennes. Spesielt for folk med hørselsvansker. Svein Aasegg i lesarinnlegg i Nordlys

jeg eLsker Luster!

- Jeg vil anbefale romanen «Innsirkling» av Carl Frode Tiller. - Hvorfor anbefaler du den? - For det første fordi den er skrevet på nynorsk, noe som er veldig bra! For det andre fordi den er utrolig velskrevet. Forfattar Hanne Maria Westeren til Nationen – Jeg vet ikke om jeg er en del av nynorskfolket, jeg har aldri følt meg hjemme der, men jeg må si at Hustad, Rustad og Fosli er de siste jeg ville valgt som mine talsmenn. Frode Grytten til Morgenbladet – Eg sa ein gong litt på spøk at 200 år med dansk riksmål er nok, nå kan me ha 200 år med nynorsk. Ola Mestad til Stavanger Aftenblad

seier på alle dei norske dialektane, men det gjev òg ein openberr føremon i arbeidslivet, og gjer det lettare å få jobb seinare. Ved sida av argumentasjonen over hevdar mange at dei vaksne innvandrarane ikkje vert verande i kommunen og at bokmålet då er meir «brukarvenleg». Frå lærarane er det vanleg å høyra at det manglar materiell på nynorsk. Dei som driv nynorskopplæring allereie, melder rett nok at det finst gode læremiddel på nynorsk som dei er veldig nøgde med. Får denne trua på læremiddelmangel festa seg ytterlegare, er faren at læremiddelsituasjonen kan forverra seg. Forlaga er i dag avhengige av ein stor nok marknad om dei skal gje ut læremiddel på både nynorsk og bokmål. Såleis er noko av det luraste dei som klagar over manglande materiell kan gjera, å tinga opplæringsmateriell på nynorsk. Til større marknaden vert, til større vert utvalet. Om ikkje kan me få ein negativ sirkel med mindre etterspurnad og på sikt mindre materiell. Kommunane bør i større grad sjå på seg sjølve som aktive språkforvaltarar. Dei er i dag store skriftprodusentar og står for all skriftspråksopplæring. Eit stort ansvar som dei bør ta og også diskutera korleis dei vil forvalta det best mogeleg. Ved å gje opplæring på bokmål i nynorskkommunar tek dei i alle fall ikkje ansvar for framtida til nynorsken. Dei undergrev kommunane sine eigne språkvedtak gjennom å produsera nye

Etter ein integreringskonferanse på Sunnmøre i fjor kom det fram at fleire som hadde fått norskopplæring på bokmål meinte det var ei ulempe. språkbrukarar inn i samfunna sine som skriv eit anna språk enn det kommunen ynskjer skal vera den skriftlege identiteten lokalt. Så lenge det er opp til kvar einskild opplæringsinstitusjon å avgjera kva språkopplæring dei vil gje vaksne innvandrarar, så må ein aktivt be om nynorskundervisning i eigen kommune for å vera trygg på å få det. Kvar einskild kommune må då gjera vedtak om at dei vil at flyktningar og arbeidsinnvandrarar lærer nett det same språket som ungane deira lærer, og som kommunen har bestemt at skal vera det lokale språket hjå seg.

Bruken av dialekt er interessant. Skurken Thrane, som Atle Antonsen gestalter med utsøkt ufyselighet, snakker nordnorsk, og to udugelige politibetjenter snakker et oppstyltet nynorsk, noe som antakelig er ment å gjøre dem dobbelt latterlige. Bulle og Lise snakker «vanlig østlandsk», som blir å oppfatte som det normale. Marianne Lystrup melder filmen «Doktor Proktor» i Vårt Land VI HAR KNOTA og etterapa osloenserane, til dei gradar, så du veit ikkje om du skal le eller gråte. Heldigvis er det blitt noka betre, men det er ikkje så svært lenge sidan guten for ned til Oslo, var der noken månader og kom heim talande osloensar så det berre grein. «Ka du heite?», blei til ein søtladen «Hva heter du?» Lesarinnlegg frå Fridtjof Eriksen i Troms Folkeblad – Ja, det sette tonen. Og vi avslutta lanseringa med allsong. «No livnar det i lundar». – Du er ikkje redd for å framstille nynorskfolk som litt trauste? – «No livnar det i lundar» har vel aldri vore traust! Syn og Segn-redaktør Knut Aastad Braastad

Norsk Tidend 2–2014

åket

illustrasjon: Kjartan Helleve

– Men ble Derrick tekstet på bokmål, kunne vi unngå det forferdelige uttrykket «å ta selvmord». Da kunne vi lese teksten ”begå selvmord”, som det jo heter, men som kanskje ikke er gangbart på nynorsk. Tordis Rasmussen, lesarinnlegg Færdrelandsvennen

3


Lmålnytt

Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet vart tysdag det første departementet til å vinne klarspråkprisen. Statssekretær Maria Hoff Aanes (Frp) tok imot prisen frå moderniseringsminister Jan Tore Sanner (H). Foto: Hallvard Østrem / NPK

Klarspråkprisen til Likestillingsdepartementet Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet (BLD) er det statsorganet som var best på klarspråk i fjor. BLD er det første departementet til å få klarspråkprisen for godt språkarbeid. Kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner (H) sa at departementet er ein verdig vinnar då han overrekte statssekretær Maria Hoff Aanes (Frp) statens klarspråkpris for 2013 i Oslo. Og det sjølv om departementet var den einaste påmelde kandidaten i konkurransen i år. Juryen meiner departementet har oppnådd svært gode resultat i språkarbeidet sitt. – Desse viser seg i tekstane, i nybrotsarbeidet med grundige retningslinjer og gjennom ei ekstern undersøking av korleis mottakarane forstår dokumenta, heiter det i grunngivinga.

– jamt dårleg på nynorsk

Norsk Tidend 2–2014

På minussida seier juryen at departementet trass den medvitne vekslinga mellom bokmål og nynorsk har «eit stykke att før nynorsken blir god». Klarspråkjuryen peika òg på at dette ser ut til å vere stoda i svært mange statsorgan. – Juryen nyttar høvet til å uttrykkje stor uro for kvalite-

4

ten på nynorsktekstar i staten. Det å kunne lese gode tekstar på eiga målform er òg i aller høgste grad ei demokratisak! skriv jurymedlemmene Kjell Lars Berge, Gunn Ovesen, Ola Breivega og Ragnfrid Trohaug i prisgrunngivinga. – Det er på tide at staten tar dette på alvor, meiner dei.

Brevskryt Statens innkrevjingssentral (SI) i Mo i Rana fekk den nyoppretta temaprisen «beste standardbrev». Vinnarbrevet «Forhåndsvarsel – vi kan ta utlegg for kringkastingsavgift» er ei stor forbetring frå den tidlegare versjonen, «Foreleggelse av begjæring», meiner juryen. Brevet har vorte mykje klarare og lettare å forstå for dei som får det, men juryen såg gjerne at Innkrevjingssentralen kvitta seg med eller forklarte betre faguttrykket «ta utlegg». – SI gjer med dette brevet ein god jobb for å avskaffe angsten for fogd og fut, skriv juryen. Det er femte gongen Kommunal- og moderniseringsdepartementet, Språkrådet og Direktoratet for forvalting og IKT (Difi) deler ut klarspråkprisen.

Biskop stop

Nynorskkommunar vil flytte Kulturrådet

Rektorar over heile fylket avlyste Hordaland teater si framsyning I Guds namn etter at biskop Halvor Nordhaug meinte at ho var irrelevant.

Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK) foreslår å flytte Kulturrådet ut av hovudstaden og skjerpe språkpolitikken. I ei høyringsfråsegn i samband med at ei utgreiingsgruppe skal sjå på framtida til Kulturrådet, åtvarar samanslutninga av kommunar, fylkeskommunar og interkommunale tiltak mot Oslo-dominansen i kulturlivet. – Vi åtvarar mot ei utvikling der stadig fleire oppgåver og tilskotsordningar vert lagde til éin stad, då dette er i motstrid til ønsket om auka maktspreiing, seier Vidar Høviskeland, dagleg leiar i LNK.

Etter planen skulle Hordaland Teater i løpet av vinteren ha tjueåtte framsyningar av stykket I Guds namn, skrive av Nils P. Munk. Framsyninga var teateret sitt bidrag til grunnlovsjubileet, var retta mot ungdom og hadde urpremiere 16. januar. Hordaland fylkeskommune og Den kulturelle skulesekken hadde tinga framsyningar over heile fylket. Slik gjekk det ikkje. Eit kritisk lesarinnlegg i Bergens Tidende 21. januar gjorde at rektorar fekk kalde føter og avlyste. Innlegget var skrive av Halvor Nordhaug, biskop i Bjørg-

Nynorsk Pressekontor npk@npk.no

– Nyleg vart det gjennomført nedskjeringar, og med eit pennestrøk forsvann ein tredjedel av støtta til bøker på nynorsk, noko som kjem til å ramme den nynorske bokproduksjonen både i dei store forlaga og i mindre forlag med meir regionale nedslagsfelt. Det er viktig å ha eit blikk for om dei ulike tilskotsordningane kjem til nytte for kulturarbeidet i heile landet, meiner LNK. Dei viser til at Egner-utvalet peika på at Kulturrådet blir oppfatta som Oslo-sentrert, og meiner det er ein overrepresentasjon av folk frå Oslo i råd og fagutval. (NPK)

vin. Han meinte stykket var ueigna som utgangspunkt for eit ordskifte om religiøs fanatisme. «Dette er ekstreme former for religiøsitet som enten er konstruert av Munk selv eller hentet fra ytterliggående sekter som går langt utenom hovedstrømmen av norsk kristendom i dag.» Og innlegget fekk altså konsekvensar. 18 av 28 framsyningar vart avlyste. Siste framsying var i Gamle Logen i Bergen ein månad etter premieren, med ein påfylgjande paneldebatt med m.a. biskop Nordhaug og teatersjef Trond Birkedal.

Forlikte – Eg har hatt oppvask-

møte med biskop Nordhaug, og me er vel forlikte, seier Birkedal. – Det verste er at mange elevar ikkje fekk sjå framsyninga grunna bråket. Det var synd at rektorar og skular avlyste utan å ha sett stykket, og utan å teke kontakt med oss for å finne ut om Nordhaug hadde rett. Å ta ei slik avgjerd på bakgrunn av kva nokon har skrive, er nær eit overgrep. Det stiller også spørsmål om kva det er ein vil med kunst i skulen,


Ill: Nynorskstafetten

Den norske grunnlova og frigjeringa frå Danmark var eit avgjerande utgangspunkt for Ivar Aasen sine tankar om å finne eit skriftspråk som var vårt eige. Foto: Ivar Aasen-tunet

Ivar Aasen fjerde viktigaste i VG-kåring

ppa teaterstykke og kva ordninga med Den Kulturelle Skulesekken skal nyttast til. – Det må likevel vere kjekt når ei oppsetjing får slik merksemd? – Det er sjølvsagt kjempeflott, det var akkurat det me ville. Dette er jo eit stykke som var meint for å setje søkjeljos på eit problem, og me håpa jo på at det skulle bli eit ordskifte. Det finst fundamentalistar i alle religionar, også innanfor kristendomen. Men det var aldri målet vårt å provosere, og det er synd at frontane vart så steile. Avlysingane førte til at problemet kom opp i dagen, og då har jo me lukkast på eit vis. Men me ville jo helst ha synt stykket for elevane som det var mynta på. – Korleis var reaksjonane frå dei som såg stykket? – Det har vore gode tilbakemeldingar frå både rektorar og elevar. Men dei har til dels vore kraftige. Etter framsyningane kjem skodespelarane ut att, og det blir opna for eit ordskifte der og då. Nokre av dei historiene som elevane så kjem med, er sterke. Difor byrja me å ha med oss små lappar med telefonnummer til

ulike hjelpetelefonar. Dette syner at stykket har ein relevans, seier Birkedal.

Fossestykke No er teateret i gang med førebuingane til Hav av Jon Fosse, som kan vere det siste teaterstykket han skriv. Produksjonen er eit samarbeid mellom Festspillene i Bergen, Hordaland Teater, Det Norske Teatret og BUL Oslo, som er hovudprodusent. – No har eg kjent Fosse i mange år, så dette samarbeidet kjem ikkje heilt ut av det blå. Men han har også vore ein offentleg støttespelar i arbeidet med å få eit nynorskspråkleg teater inn i Bergen sentrum. Det er ei støtte me sjølvsagt er veldig glade for. I tillegg har han også gjeve oss lov til å lage eit stykke i 2015 basert på barneboka Kant frå 2005. Det gler me oss til. – Blir det flytting i sentrum? – Det blir ikkje med det fyrste, og det er nok fyrst og fremst ei politisk avgjerd. Og politikk tek tid, seier Birkedal. Kjartan Helleve kjartan.helleve@nm.no

Avlysingane førte til at problemet kom opp i dagen, og då har jo me lukkast på eit vis. Men me ville jo helst ha synt stykket for elevane som det var mynta på. Trond Birkedal, teatersjef

Vervar medlemer med reklamefilm I mars lanserte Bergen Mållag ein kinoreklamefilm på 30 sekund for å verve fleire medlemer til Mållaget. Filmen vert synt på Bergen kino i to veker. Dette er eit heilt nytt tiltak som Bergen Mållag ikkje har prøvd før. Laget har siste åra hatt ein enorm medlemsvekst. Laget har i dag heile 462 betalande medlemer. Utanom ungdomslaga er Bergen Mållag det største lokallaget i Noregs Mållag. Trass i gode medlemstal, meiner styret at det var viktig å presentere seg på ein ny måte. Dei har fått noko støtte frå Hordaland Mållag og Noregs Mållag, i tillegg til ein anonym gjevar som har lagt ein større pengesum i bordet for å få prosjektet realisert.

Norsk Tidend 2–2014

Skodespelar Yngve Seterås gjev alt i rolla som predikant i «I Guds namn». Foto: Hordaland Teater

Ivar Aasen kom nesten på pallen i VG si kåring av viktige nordmenn etter 1814. Avisa VG har i høve grunnlovsjubileet rangert dei 100 nordmennene som har hatt mest å seie for utviklinga av det norske samfunnet dei 200 siste åra. Når lesarane no har sagt sitt gjennom ei avstemming, fekk Aasen fjerdeplassen på lista. – Dette er ei stadfesting av at Ivar Aasen nyt stor respekt i fleirtalet av det norske folk. Det er gledeleg at arbeidet han la ned for å skaffe sjølvstendige nordmenn eit sjølvstendig språk, blir sett pris på i året for grunnlovsjubileet, seier dagleg leiar Gaute Øvereng i Ivar Aasen-tunet. Førsteplassen var det krigsseglarane som fekk, følgt av kong Haakon 7., og Einar Gerhardsen. Etter Ivar Aasen på fjerdeplassen, vart Hans Nielsen Hauge kåra til den femte viktigaste nordmannen dei siste 200 åra. (NPK)

5


Lmålnytt

Høgsterettsjustitiarius Tore Schei fekk Grunnlova i punktskrift og lydfil frå leiaren i Blindeforbundet Atle Lunde i Høgsterett i Oslo måndag føremiddag. Foto: Lise Åserud / NTB scanpix

Det er morosamt å få drive feltarbeid; å få snakke med elevane og lærarane direkte, og få eit inntrykk av korleis dei tenkjer og korleis språkskifte føregår. Pia Dybvik Staalesen

Grunnlova i punktskrift og på lydbok Høgsterett har no Grunnlova også i punktskrift og som lydbok i samlingane sine. Det sytte Norges Blindeforbund for, då forbundsleiar Atle Lunde måndag kunne overrekke ei innbunden punktskriftutgåve og ei lydbok av Grunnlova til høgsterettsjustitiarius Tore Schei. Utgåvene er Norges Blindeforbunds markering av grunnlovsjubileet. Grunnlova er lesen inn på band av advokat Eivind Knudsen. Han er sjølv punktskriftbrukar og brukte punktutgåva då han las ho inn. Knudsen var til stades under over-

rekkinga i Høgsterett måndag. – Ein får Grunnlova på bokmål og nynorsk. Då er det rett og rimeleg at ho også er i punkt, sidan ei lita gruppe i Noreg bruker dette som sitt skriftspråk, seier forbundsleiar Atle Lunde. Tidlegare har stortingspresident Olemic Thommessen fått overlevert punktskriftutgåva og lydboka av forbundsleiaren i Blindeforbundet. Punktskriftsutgåva skal stillast ut i grunnlovsutstillinga i historisk sal i Stortinget, lova stortingspresidenten. (©NPK)

Trine Andersen/NTB/NPK

Målblome til Stranda skisenter Stranda skisenter gjekk frå bokmål til nynorsk då dei fekk privat eigar. Det blir dei no heidra for. Konsekvent bruk av nynorsk i kommunikasjonen med omverda har sikra Stranda skisenter årets målblome frå Sunnmøre Mållag, melder Sunnmørsposten. Terje Kjøde, leiar i Sunnmøre Mållag, overrekte Målblomen til EllenBeate Wollen i Stranda skisenter. I grunngjevinga står det mellom anna: Då Stranda skisenter skifte eigar, byrja verksemda å bruke nynorsk i staden for bokmål mellom anna på nettsidene sine.

Desse når eit stort publikum, og er såleis med på å fremje nynorsken som språk både i nærings- og idrettslivet. Dette er viktig, ikkje minst fordi det når mange unge menneske. Stranda Skisenter er ikkje aleine på Sunnmøre om å marknadsføre seg på nynorsk. Skisentra både i Ørsta og Volda gjer det same. Likevel finn me i Sunnmøre Mållag grunn til å framheve Stranda denne gongen. Det er det største på Sunnmøre, det når flest brukarar, og ikkje minst; dei har på eige initiativ gått over til å bruke nynorsk.

Norsk Tidend 2–2014

Språkbruksplan i Sogn og Fjordane

6

Sogn og Fjordane fylkeskommune har laga ein språkbruksplan for fylkeskommunen. I midten av februar vart det kjent i media i fylket at planen inneheld føringar for rettskrivinga som har vekt reaksjonar, spesielt i Sogn. Dei tilsette i fylkeskommunen skal ikkje lenger bruka «me» eller a-endingar i offentlege brev. Både lærarar ved Sogndal vgs og redaktør i Sogn Avis meiner det er uheldig at det er lagt slike føringar. Også Noregs Mållag meiner framlegget er uheldig. – Eg meiner at språkbruksplanen er eit svært godt dokument, som fleire enn berre tilsette i fylkeskommunen bør lesa. Men det vesle punktet om å påleggja dei tilsette

«vi» og e-ending synest eg er å bidra til å marginalisera språkformer som er mykje brukte i delar av Sogn og Fjordane, seier Marit Aakre Tennø, leiar i Noregs Mållag. Fylkespolitikarane og fylkesadministrasjonen har sagt at dei vil ta med seg innspela i det vidare arbeidet.

Ny forsking Utdanningsdirektoratet har sett i gang eit forskingsprosjekt for å få vite meir om korleis lærarutdanningane sikrar nynorskkompetanse hjå sine studentar og få svar på spørsmålet om kvifor elevar med nynorsk hovudmål skiftar til bokmål. I rapporten frå «Ressursgruppe for nynorsk som hovudmål» kom det tydeleg fram eit ynske om å få konkret kunnskap om språkskifte: «Vi treng kunnskap om språkdelte klasser, skular og kommunar for å forstå kva prosessar som ligg bak målbyte. Utfordringar og problem for lærarane i slike klasser må også kartleggast.» På bakgrunn av rapporten har Utdanningsdirektoratet lyst ut eit

prosjekt for å finne ut meir om dette. Proba samfunnsanalyse leverte inn eit anbod og har fått oppdraget. Dei samarbeider med to forskarar knytte til Høgskolen i Oslo og Akershus. – Vi har byrja arbeidet og skal vere ferdige til sommaren, fortel Pia Dybvik Staalesen. Ho er forskar i Proba samfunnsanalyse og er ei av dei som arbeider med prosjektet.


Lmålprisar Jenny Klinge Stortingsrepresentant Jenny Klinge får målprisen frå Nordmøre Mållag. – Jenny Klinge er i dag ein av dei fremste marknadsførarane av dialektane våre og nynorsk, og er i tillegg eit flott eksempel på at ein naturleg og god språkbruk er viktig i effektiv kommunikasjon, seier Trond Skogseth, leiar i Nordmøre Mållag. 

på språkskifte Personlege intervju For

å svare på spørsmålet om kvifor hovudmålselevane i nynorsk skiftar til bokmål, vil Pia Dybvik Staalesen og Proba samfunnsanalyse lage ei intervjuundersøking på tre ulike skular. Dette vil vere ungdomskular og vidaregåande skular i randområda for nynorsk. – Vi har alt byrja med intervju. Vi intervjuar elevar om kvifor dei byter frå nynorsk til bokmål. Vi lagar også intervju med alle ikring elevane. Det vil seie lærarane, skuleleiing og skuleeigar, seier Pia Dybvik Staalesen. Dette vil vere personlege intervju, og i tillegg prøver dei også å få med foreldreperspektivet. Ho fortel at dette er eit spennande prosjekt, og at det er veldig interessant å få høve til å gjere feltarbeid. – Det er morosamt å få drive feltarbeid; å få snakke med elev-

ane og lærarane direkte, og få eit inntrykk av korleis dei tenkjer og korleis språkskifte føregår, seier Pia Dybvik Staalesen.

Kvifor språkskifte Pia

Dybvik Staalesen seier at det er for tidleg å seie noko om resultatet frå undersøkinga. Det vert lagt fram når forskingsprosjektet er ferdig. I rapporten frå «Ressursgruppe for nynorsk som hovudmål» vert det peika på nokre moglege grunnar til språkskifte. Som til dømes at det vert lagt administrativt til rette for at eleven skal krysse av for bokmål, at undervisninga i hovudsak er på bokmål og at det vert oppfatta som taktisk lurt å skifte til bokmål som hovudmål. Ressursgruppa peikar på at noko kunnskap har vi frå både rapporten «Språkfakta for Sogn og Fjordane» og til prosjektet «Målstreken» frå Valdres vgs. på Fagernes og Firda vgs. på Sandane.

Todelt prosjekt Utdan-

ningsdirektoratet er også interessert i korleis lærarutdanningane sikrar at studentane lærer nynorsk. –Den andre delen av prosjektet skal svare på korleis lærarutdanningane sikrar nynorskkompetansen hjå sine studentar, seier Pia Dybvik Staalesen. Denne delen av prosjektet er ein dokumentanalyse. Proba samfunnsanalyse vil gå gjennom læreplanane for alle lærarutdanningane, både høgskulane og universiteta. Der vil dei sjå etter til dømes kva slags nynorskkrav institusjonane stiller til studentane sine. I etterkant av dokumentanalysen vil forskarane deretter gjere nokre telefonintervju for å få grundigare informasjon mellom anna om kva val dei har gjort når dei lagar læreplanar.

Hege Lothe hege.lothe@nm.no

Brynjulf Jung Tjønn Sogn og Fjordane Mållag har tildelt Målprisen til forfattar Brynjulf Jung Tjønn frå Feios i Vik. Han har ikkje alltid skrive nynorsk. Etter at han debuterte med boka Eg kom for å elske i 2002, skifta han over til bokmål. Det blei fire bøker på den målforma. Men då det stoppa opp for han i skrivinga, fekk han råd om å byrje skrive nynorsk att. – Det gjekk seint, men så losna det. I løpet av eit par timar skreiv eg det som blei innleiinga på Så vakker du er, sa Brynjulf Jung Tjønn i takketalen, melder NRK Sogn og Fjordane. Nils Tore Leivdal, Batnfjorden, fekk målprisen frå Gjemnes Mållag for 2013. Han har tidlegare fått Nordmøre Historielag sin Kulipris for omfattande lokalhistorisk arbeid, Nordmøre Mållag sin målpris og Molde Mållag sin målpris. I 2012 fekk Nils Tore Leivdal Fylkeskulturprisen for allsidig arbeid innanfor målrørsla, historiegransking og formidling. Likeins for folkemusikk og restaureringsarbeid av eldre gardshus.

Norsk Tidend 2–2014

Pia Dybvik Staalesen er forskar i Proba samfunnsanalyse og vil denne våren forske på kvifor hovudmålselevar i nynorsk skiftar frå nynorsk til bokmål. Foto: Proba samfunnsanalyse

Steinulf Tungesvik På årsmøtet i Juristmållaget i Bergen februar fekk advokat Steinulf Tungesvik, Bergen, årets målpris. Han har over lang tid vore ein profilert talsmann for nynorsken, både som statssekretær og som leiar i Noregs Mållag og Juristmållaget. I politikken har Tungesvik sett spor etter seg som statssekretær, i Sosial- og helsedepartementet under sentrumsregjeringa, og i to periodar i Samferdselsdepartementet i den raudgrøne regjeringa. Mellom anna fekk han saman med minister Liv Signe Navarsete endra haldningane i Samferdselsdepartementet slik at departementet gjekk frå å vera blant dei dårlegaste til mellom dei beste i klassen til å følgja mållova. Sidan 2000 har målprisvinnaren arbeidd i advokatfirmaet Kluge både i Oslo og Bergen i dei periodane han ikkje har vore statssekretær. Han har der konsekvent vist at nynorsk er ei levande målform i forretningsadvokatverda. Han var leiar i Juristmållaget frå 1998 til 2005.

7


Lskulemål

Odda-modellen under press Elevane på ungLodda-modellen domsskulen i Odda Språkdelte klassar i ungdomsskulen går i språkdelte klasPå budsjettmøte i Odda Komsar. Ordninga er unik, munestyre 18.12.2013 vart det vedteke at ordninga skal halde men er no truga. fram i skuleåret 2014/2015. Partia Raudt, Arbeiderpartiet og Kommunen vil spare Demokratene i Norge røysta for. Partia Høgre, Venstre, Senterpengar.

Norsk Tidend 2–2014

8

Opplæringslova er klår. I paragraf 2-5 står det at «Frå og med 8. årstrinnet vel elevane sjølv kva skriftleg hovudmålform dei vil bruke.» I praksis vil det seie at elevane får velje kva språk det er i lærebøkene og til eksamen. I språkdelte kommunar hamnar elevane stort sett i språkblanda klassar, der det ikkje er nokon automatikk i at det er ein samanheng mellom tavlespråket og det ein har valt som hovudmål. Elevane kan velje hovudmål. Lærarane kan velje tavlespråk. Og for mange vel vekk nynorsken.   Slik er det ikkje i Odda. Elevane har framleis rett til å velje språk, men valet får konsekvensar. Ungdomsskulen plasserer elevane i reine nynorsk- og bokmålsklassar. Resultatet er at få elevar byter hovudmål undervegs i skuleåra. Dei held på målet sitt frå barneskule til ungdomsskule, og frå ungdomsskule til vidaregåande skule. Denne språkdelinga går heilt attande til den tida då Odda vaks fram som industrisamfunn og innflyttinga var stor, og ordninga hadde hundreårsjubileum i fjor. Men no er ordninga under press. Kommunen ynskjer å spare pengar, og rådmannen gjorde difor framlegg om å slutte med denne ordninga frå skuleåret 2014/2015. Kommunestyret sa derimot nei. Eit knapt fleirtal av representantane frå Raudt, Arbeidarpartiet og Demokratane sikra med éi røyst overvekt språkdelinga på eit budsjettmøte før jol. Det var same resultatet som då eit tilsvarande framlegg var oppe i 2012. Mindretalet representerte Høgre, Venstre, Senterpartiet og bygdelista Nye Odda. For å hindre at denne saka skulle ta opp like mykje plass i framtidige budsjettdebattar, gjorde Terje Kollbotn eit framlegg om å lage ei skikkeleg utgreiing som skulle sjå på alle sidene ved ordninga i 2014. Dette framlegget vart samrøystes vedteke, og kom-

partiet og Nye Odda røysta imot. Det var samstundes gjort fylgjande samrøystes vedtak: «Odda kommunestyre vil ta initiativ til ei brei evaluering av ordninga i 2014. På grunnlag av faglege og pedagogiske vurderingar, vil saka bli sendt ut på høyring og eiga sak i kommunestyret i god tid før budsjettprosessen startar hausten 2014.» Forslaget vart reist av partia Raudt, Arbeiderpartiet og Demokratene i Norge.

Foto: Jarle Vines / Wikipedia

– Motstandarane seier dette er noko rare greier som me putlar på med i Odda, og at det no er på tide å gjere som alle dei andre. Men kvifor fjerne ei ordning som har verka positivt i Odda i hundre år? Terje Kollbotn

muneadministrasjonen skal leggje fram ei brei evaluering som skal ut på høyring før det blir eiga politisk sak før budsjettprosessen startar hausten 2014.

Historielaust – Det er opp-

siktsvekkjande at dette kjem opp akkurat no, seier Terje Kollbotn. – Det same året som ordninga feira hundreårsjubileum, ville altså mindretalet fjerne henne. Og det med økonomiske argument. Det er historielaust. I 1913 var det eit folkemøte som enda med eit fleirtal om å gjere Odda til ein bokmålskommune. Industrialisering gjorde at det gamle Odda og nynorsken kom i mindretal. Då dei likevel landa på å språkdele skulen, var det av respekt for dei to kulturane og språka. Denne respekten heldt seg gjennom krisene på 20- og 30-talet. På eit tidspunkt var det mellom 1000 og 1500 arbeidsledige industriarbeidarar i Odda, men dei rørte ikkje språkdelinga. Då blir det rart om ho no skal ryke av di kommunen skal spare 1,3 millionar kroner. Og det er rart at Venstre, partiet som var med på å drive dette fram for hundre år sidan, er mellom dei partia som vil kutte ut ordninga.   – Så ein skal halde på ordninga av historiske grunnar? – Sjølvsagt ikkje, men det er viktig å ha det med seg. For dette er ein kulturkamp, målkamp og ein skulekamp. Nynorsken er under press mange stader, det er han ikkje i Odda. Det er eit teikn at både lærarane og elevrådet ved ungdomsskulen forsvarar språkdelinga. Dei ser at ho fungerer. Elevane blir ikkje språkforvirra og blir trygge språkbrukarar i alle fag. Sidemålsundervisninga blir også god. Ungdomsskulen hevdar seg godt samanlikna med resten av landet, og eg er sikker på at dette heng saman med undervisningsopplegget ved skulen.  – Men sidan nynorskelevane no er i fleirtal og har vore det i mange år, burde ikkje Odda bli ein rein nynorskkommune? – Nei, det nyttar jo ikkje. I dei periodane det har vore eit fleirtal av bokmålselevar, så har nynorskklassane fått halde fram. Då kan ikkje me nytte dette høvet til å truge bokmålet. Det ville ha vore både respektlaust og uklokt.   Kollbotn peikar også på at Odda er ein kommune som ynskjer seg fleire innbyggjarar. Å kunne seie at alle vil få eit tilbod uansett kva språk dei bruker, meiner han er eit godt

argument for å trekkje til seg tilflyttarar. Det gjeld også for flyktningane og asylsøkjarane som ideelt burde få opplæring i nynorsk, men får det på bokmål. Då er det likevel bra at dei kan sende ungane sine på skule der dei ikkje blir språkforvirra.

nasjonal ordning – Målbytet

er katastrofalt i mange område, seier Knut O. Dale, leiar i Odda Mållag. – No let ein 12-13-åringar velje mellom nynorsk og bokmål, eit val som fylgjer dei ut livet. Elevane i Odda må ikkje gjere dette valet. Det er lett for dei å halde fram med


Odda ut av LNK nynorsk. LNK får ein del mindre i tilskot og det er viktig arbeid dei gjer, men vi har gjort ei evaluering og føreslo mellom anna utmelding av LNK, seier Guddal til avisa. Styreleiar for LNK, Solfrid Borge, vil kontakta Odda kommune etter at dei no har meldt seg ut av samanslutninga. – For det første er alle hardangerkommunane nynorskkommunar, og det er berre ein symbolsk sum dei gir til LNK, og som dei får mykje igjen for. For det andre går dei no glipp av kurs og gratis oppfølging mellom anna i barnehagane. Dei vert ikkje ein del av fellesskapet som består av kurs og konferansar. Eg synes det er beklageleg, seier ho og fryktar at kommunen no får ei meir «laid back» haldning til det å vera medviten rundt språket. (Hardanger Folkeblad)

Foto: Hege Lothe

Odda Kommune har meldt seg ut av Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). I kommunen sitt budsjett for 2014 vart det vedteke at Odda skal melda seg ut av LNK for å spara 12.000 kroner i året. – Det verkar uforståeleg. Odda er i aukande grad ein nynorskkommune og er omtrent den einaste i landet som har ein positiv nynorskvekst. At dei berre overser det faktum og melder seg ut, synest eg er meiningslaust. Eg håpar dei ombestemmer seg, seier leiar i Ullensvang Mållag, Erlend Trones (biletet) til Hardanger Folkeblad. Han peiker på at summen det er snakk om er liten, og meiner kommunen no går glipp av ein viktig arena for å diskutera og samordna nynorskprofilen som distrikta ofte har. Rådmann i Odda kommune, Ingrid Guddal, meiner utmeldinga ikkje vil få konsekvensar for arbeidet i kommunen. – Ikkje i forhold til måten me jobbar på. Me har både nynorsk og bokmål i Odda, og eg vil til dømes halda fram med å skriva

LLagsnytt Målblome til daglegvarebutikk Spar Uskedalen var fyrste Sparbutikk i Noreg med alle profilskilt på nynorsk. Takka vere dei finst det no for alle butikkar i kjeda. No får dei målblome frå Kvinnherad mållag. «Nynorsk tekst på profilelementa vitnar om eit språkleg medvit som fortener ros og heider. Spar Uskedalen er såleis eit føredøme for andre i same bransje», heiter det i grunngjevinga frå mållaget. – For oss er det viktig å bruka nynorsk for å halda målforma i hevd. Derfor tok vi ein ekstra runde med kjeda for å få skilta på nynorsk, noko ingen hadde gjort før oss. At det blir lagt merke til, er stas, seier Kjersti Nilsen Børve, ein av tre eigarar til Kvinnheringen.

med i Odda, og at det no er på tide å gjere som alle dei andre. Men kvifor fjerne ei ordning som har verka positivt i Odda i hundre år? Odda har vore unik før, og har vore ein føregangskommune på mange område. Eg trur og meiner at me kan vere ein føregangskommune her òg. Mi og partiet Raudt si meining er at det ville ha vore ein styrke om ordninga og ordskiftet vart løfta opp på eit nasjonalt nivå. Det gjeld denne saka nett no i Odda, men også som ei mogleg løysing for andre språkdelte kommunar, seier Kollbotn.

Kjartan Helleve kjartan.helleve@nm.no

Nytt lagsnamn Ålvundfjord og Ålvundeid Mållag har nyleg vedteke på årsmøtet at laget skal endra namn. Det nye namnet er Sunndal Mållag. På landsmøtet i april møter Nils Ulvund for siste gong for Ålvundfjord og Ålvundeid Mållag.

Norsk Tidend 2–2014

nynorsk. Det gjer dei til trygge nynorskbrukarar. For tjue år sidan var elevane delt i to. No er det 67 prosent av elevane som har nynorsk som hovudmål. Det kan vere mange grunnar til det, men det er i alle fall enkelt å vere nynorskelev i Odda. Difor meiner eg at denne ordninga burde gjerast allmenn, det burde vere slik overalt. Staten må finne midlar som kan gjere det råd å gjere dette på alle ungdomsskular. Dette må vere eit av dei beste mottiltaka mot målbyte, seier Dale. Det er Kollbotn samd i. – Motstandarane seier dette er noko rare greier som me putlar på

Foto: Nynorsk mediesenter

Skulevitjing: Frode Grytten vitja 9. klasse på Odda Ungdomsskule i vinter med eit skriveprosjekt knytt til temaet «Feiring». Elevane fekk plukke eit stikkord og skulle skriv ein liten tekst på ikkje meir enn 140 teikn. Anten på bokmål eller nynorsk. Foto: Sven Olaf Brekke

Målpris til Journalist Hans Henrik Løken (biletet), journalist i NRK si sportsavdeling, har fått Odda sin målpris for 2013. Prisen er eit trykk av kunstnaren Solfrid Aksnes. Hans Henrik Løken er 25 år gamal og er fødd og oppvaksen i Odda. I oppveksten snakka han oddadialekt og hadde nynorsk opplæringsmål i grunnskulen. På den vidaregåande skulen var nynorsk hovudmålet hans. Løken har utdanning frå Nynorsk mediesenter i Førde, og før den tid arbeidde han i m.a. Hardanger Folkeblad og Radio Folgefonn. Etter at han var ferdig i Førde i 2010, har han jamt vore å høyra og sjå på fjernsynet. I tillegg skriv han om sportssaker på nettavisa til NRK. I grunngjevinga for prisen heiter det m.a. at «Hans Henrik Løken brukar ein stødig nynorsk i reportasjane. Han ordlegg seg lett og ledig og har god formulerings- og formidlingsevne. Prisen er ei påskjøning for viljen hans til å bruka nynorsk og ei oppmuntring til å halda fram med å bruka nynorsk i innslag, reportasjar og generelt i vidare programskaping. Det gler oss at ein av våre eigne ungdomar fremjar nynorsk på ein slik framifrå måte. Han er òg eit språkleg føredøme for andre unge sportsjournalistar, ikkje berre nasjonalt, men òg lokalt.»

9


LkulturLiv

Årets nynorskbrukarar Aasmund og Odd Nordstoga er kåra til Årets nynorskbrukarar 2014 av styret i Nynorsk kultursentrum.

LÅrets nynorskbrukar 2000: Høgsterettsdomar Karl Arne Utgård 2001: Hotelldirektør og visepresident i NHO Gerd Kjellaug Berge 2002: Ringstabekk skole

Dei får prisen for konsekvent og stilsikker bruk av dialektfarga nynorsk i mange former for songlyrikk, frå klassikarar til nyskrivne verk som raskt har kome på folkemunne, seier styret i Nynorsk kultursentrum i grunngivinga si. Prisen er på 100 000 kroner og blir delt likt mellom prisvinnarane. Prisen blir delt ut under opningshøgtida for Dei nynorske festspela 26. juni. – Vi er stolte over å vere i så godt selskap! seier prisvinnarane. – Og så er det veldig moro å bli sett pris på og lagt merke til for noko så personleg og viktig som språket, av eit så kompetent organ som Nynorsk kultursentrum. Det både forpliktar og inspirerer - tusen takk!

2003: Redaktør Martin Toft

Songlyrikk på nynorsk er viktig Denne pri-

2012: Journalistane Ingvild Bryn og Arill Riise

sen framhevar den språkpolitiske verdien av at nynorsk blir brukt i så mykje songlyrikk. Det har hatt mykje å seie for utbreiinga av nynorsk og respekten for nynorsk. Brørne Nordstoga bruker populære lyrikkformer til å halde oppe og fornye denne litterære tradisjonen. Svært få songlyrikarar får slike allmenne prisar, seier Grepstad. Det er 15. gongen Nynorsk kultursentrum kårar Årets nynorskbrukar. Prisen blir rekna som den fremste nynorskprisen og blir tildelt personar eller institusjonar som har synt evne til å bryte med språklege og kulturelle konvensjonar om bruk av nynorsk, som gjennom sitt føredøme eller praktiske arbeid gjer det lettare å vere nynorskbrukar, eller som skaper større allmenn forståing for nynorsk.

16 cd-ar og ny bok Aasmund Nordstoga (fødd 1968) har gitt ut fire cd-ar sidan 2009, og Odd Nordstoga

2004: Musikkgruppa Side Brok 2005: Forfattar Kjartan Fløgstad 2006: Forretningskvinne og toppidrettsutøvar Kari Traa 2007: Forlagsredaktør Guri Vesaas 2008: ÅmliAvisa v/redaktør Inger Stavelin 2009: Seksjonsoverlege Ottar Rekkedal 2010: Forfattar Maria Parr 2011: Bloggar Linda Sæbø 2013: Filosofen Gunnar Skirbekk 2014: Songlyrikarane Aasmund Nordstoga og Odd Nordstoga (fødd 1972) har gitt ut 12 cd-ar sidan 1997. Begge var svært aktive i Språkåret 2013, kvar på sine måtar, og saman med Ingebjørg Bratland framførte Odd Nordstoga ein nyskriven landssong på nynorsk ved opninga av Grunnlovsjubileet på Eidsvoll i februar. Nyleg gav Det Norske Samlaget ut «Song for deg og meg» i ny utgåve, redigert av Odd Nordstoga. For første gong på lenge har Aasmund og Odd Nordstoga ein stor felleskonsert opningskvelden under Dei nynorske festspela, få timar etter at dei offisielt er blitt kåra til Årets nynorskbrukarar 2014. (Pressemelding frå Nynorsk Kultursentrum)

Har utmerka seg: Odd og Aasmund Nordstoga vil bli heidra på Dei Nynorske Festspela i sommar. Foto: Hans Fredrik Asbjørnsen og Marcel Lelienhof

Norsk Tidend 2–2014

Språkrådet vil ha ordbokssenter

10

Med eit forskings- og dokumentasjonssenter kan vi best forvalte samlingane med tekst og tale frå dei språka Noreg har ansvar for. Det er eitt av råda Språkrådet gjev Kulturdepartementet om ulike sider ved ein samla ordbokspolitikk. Det er svært viktig at språksamlingane blir forvalta av ein permanent og sikker organisasjon, skriv styret i

og framhevar mellom anna at eit slikt verk må tilfredstilla dei same vitskaplege krava som har vore brukte for andre ordbøker. Ved brevet ligg eit omfangsrikt notat som tek føre seg ulike sider ved ein samla ordbokspolitikk, med påfylgjande tilrådingar. Språkrådet i eit brev til Kulturdepartementet. Eit slikt senter kan vere knytt til universitets- og høgskulesektoren, men eit alternativ kan vere å leggje det inn under Språkrådet eller ein annan eigna institusjon som ligg under Kulturdepartementet. Styret tek også føre seg arbeidet med eit stort ordbokverk på bokmål,

Nynorske ordbøker Eitt av

punkta skriv seg frå Erlend Bakke som i august sende brev til Kunnskaps- og Kulturdepartementet i september med fylgjande spørsmål: «Kva gjer Kulturdepartementet og Kunnskapsdepartementet for at dei tospråklege ordbøkene og ordlistene det handlar om her, au

kjem på nynorsk og det aktuelle framandspråket, til dømes nynorsk –polsk ordbok og polsk–nynorsk ordliste? (...) Korleis kan Kulturdepartementet og Kunnskapsdepartementet regulera bruken av nemningane norsk, nynorsk og bokmål i ordbøker og ordlister i opplæringa og til offentleg bruk, til dømes tospråklege ordbøker og ordlister til eit framandspråk? [...] Bakgrunnen for at eg spør slik, er at den norske staten og dei norske kommunane nyttar to offisielle skriftmål som heiter bokmål og nynorsk. Det finst ikkje eit offisielt og offentleg skriftmål som heiter norsk.»


Språkrådet går langt i seie at dei er samde med Bakke. I tilrådingane deira heiter: «I og med at marknaden for mange av dei tospråklege ordbøkene er det offentlege, kan ei løysing vere å la parallellutgåvekravet i opplæringslova også omfatte tospråklege ordbøker til bruk i skulen. Det kan komme fram i opplæringslova at elevane, særleg dei som høyrer til små språksamfunn, har rett til at òg anna materiell i undervisninga enn læremiddel, som programvare og ordbøker, ligg føre på opplæringsmålforma deira. Språkrådet meiner at ordbokprosjekt som fullstendig eller i stor grad blir støtta av det offentlege, må ha løysingar for begge målformene.

Lexin-ordbøkene er eit godt eksempel på dette. Vidare meiner vi det er rimeleg å stille krav om løysingar for begge målformene til ordbøker som heilt eller i stor grad er utvikla for ein offentleg marknad, slik tilfellet er med skuleordbøkene.» Men spørsmålet om ein bør slutte med å kalle det «SpanskNorsk ordbok», er ikkje Språkrådet oppteke av. «Språkrådet vil ikkje tilrå å regulere bruken av nemningane bokmål og nynorsk i staden for norsk i titlar på ordbokverk», heiter det i notatet. Notatet er tilgjengeleg på Språkrådet sine heimesider.

Kjartan Helleve kjartan.helleve@nm.no

Framtida.no, Noregs Mållag og Norsk Målungdom skal kåra årets nynorske blogg. Vinnaren får 10.000 kroner. Kvar veke fram til nyttår skal det kårast ein vekas nynorske blogg. Av alle desse vil ein jury kåra Årets nynorske blogg. – Det finst mange gode bloggar på nynorsk som fortener eit større publikum. Dette ønskjer me å gjera noko med, seier Svein Olav Langåker, redaktør i Framtida.no. Nyhende- og debattavisa for unge vil laga ei samleside der ein kan finna alle dei beste nynorske bloggane. – Dessutan synest me det er viktig å gjera stas på gode språklege førebilete, seier Synnøve Marie Sætre i Norsk Målungdom. Ho sit i

Sjølvbilete: Svein Olav Langåker frå Framtida.no dokumenter seg sjølv og jurymedlemane Synnøve Marie frå NMU og Kjartan Helleve frå Noregs Mållag. juryen saman med representantar frå Framtida.no og Noregs Mållag. Godt språk, gode bilete og godt innhald blir lagt vekt på i vurderinga. Framtida.no.

Norsk Tidend 2–2014

Skal kåra verdas beste nynorske blogg

11


Llagsarbeid

Markerer Grunnlova

 et 98. landsmøtet i Noregs D Mållag På Gardermoen 4.-6. april Neste landsmøte er ikkje før i 2016  eile landsmøtet får omvising H på Eidsvoll

Norsk Tidend 2–2014

nye utfordringar I år vil

12

Noregs Mållag for fyrste gong i moderne tid vedta eit fireårig arbeidsprogram. Leiar for arbeidsprogramnemnda har vore Sigbjørn Hjelmbrekke, som også er nestleiar i Mållaget. I innleiinga til arbeidsprogrammet peikar nemnda på at nynorsken har fleire utfordringar. – Nynorsken vert stadig meir vanleg og godteken i Noreg. Han er i framgang i media, i litteraturen, i næringslivet og i forvaltninga. Målet om at nynorsk skal vera eit fullverdig språk på alle område i samfunnet, er nærare enn nokon gong. Situasjonen for nynorsk er såleis god, men også vanskeleg. Som mindretalsspråk vil nynorsk alltid vera utsett, og presset for å skifta til bokmål vil vera eit konstant trugsmål, skriv arbeidsprogramnemnda. Arbeidsprogrammet vert viktig fordi det skal vera styrande for arbeidet dei neste fire åra. Det peikar ut fleire viktige arbeidsfelt.

Ny organisering Framlegget til arbeidsprogram peikar ut ei større aktuell utfordring som kjem dei neste fire åra: – Me er no midt inne i ei sterk sentraliserings- og urbanise-

Foto: UiT Foto: UiO

Årets landsmøtetale er det Hilde Sandvik som held. Ho er professor i historie ved Universitetet i Oslo. Tittelen på føredraget er: Samanhengen mellom demokrati og nasjonalt sjølvstende. Hilde Sandvik vil i innleiinga si sjå på historia med vekt på samanhengar mellom utviklingsdrag som gav oss sjølvstende og som gav oss interesse for å arbeida fram eit norsk språk. Ho er for tida leiar for forskingsprosjektet Demokratisk teori – historisk praksis. Føresetnader for folkestyre 1750-1850. Eit emne som også er viktig for ynsket om nasjonal språkpolitikk.

Foto: Sogn Avis

I år er det 200 år sidan Noreg fekk ei eiga grunnlov. Dette vil sjølvsagt bli markert på landsmøtet i Noregs Mållag, i tillegg vert det vedtak av nytt fireårig arbeidsprogram.

LLagsnytt

ringsbølgje. Bankar og skular vert slegne saman og sentraliserte. Sterke og dominerande krefter arbeider for å slå saman kommunar. Det same gjeld politi, brannvesen, sjukehus og andre helsetenester, landbruk, bedrifter, organisasjonar og forvaltningsorgan. Alt dette aukar presset mot mindretalsspråket, ettersom små nynorskeiningar vert slegne saman med større eller fleire bokmålseiningar, står det i innleiinga til arbeidsprogrammet. Nokre av desse utfordringane kjem opp som eige emne i eit seminar sundag morgon. Då vil Steinulf Tungesvik, tidlegare leiar i Noregs Mållag, snakka om ny organisering av mellom anna Kommune-Noreg, og kva utfordringar dette gjev for nynorsken.

språkpolitisk analyse

Nytt av i år er at Eli Bjørhusdal og Trond Trosterud presenterer ein uavhengig analyse av stoda for nynorsken i og utanfor skulen. Dei har fått i oppdrag å peika på kvar dei meiner me finn dei største utfordringane for nynorsken, med hovudvekt på opplærings-

feltet. Begge har stor kunne om andre liknande språksituasjonar og korleis andre land organiserer opplæringa i minoritetsspråk. Denne språkpolitiske analysen vert innleiinga til eit større ordskifte om arbeidsprogrammet. – Arbeidsprogramdebatten vert den viktigaste debatten under landsmøtet. Eg ser veldig fram til at heile landsmøtet, med alle sine ulike røynsler frå ulike område saman skal kome fram til ein analyse av stoda og ein veg framover, seier Marit Aakre Tennø, leiar i Noregs Mållag.

Attval Både Marit Aakre Tennø,

leiar, og Sigbjørn Hjelmbrekke, nestleiar, har sagt ja til attval og fått fornya tillit hjå valnemnda. Også Janne Nygård tek attval som styremedlem og Ingrid Fiskaa rykkjer opp frå fast møtande vara til fast styremedlem. Nye styremedlemer er Haakon Aase frå Meland i Hordaland. Han er i dag leiar i Meland Mållag, og har politisk vore fagleg tillitsvald og vore aktiv i Raudt. Den andre nye styremedlemen er Emil André Erstad, som bur i Oslo og er leiar i KrFU. Ny fyrstevara er Bodil Vinjevoll. Ho er lærar og har bak seg åtte år som leiar i Målselv Mållag, og har sete i lokallagsstyret sidan 1996. Framlegg til 2. varamedlem er Randi Lohndal Frestad som tek attval og 3. varamedlem er Helga Hjetland, som etter eige ynske rykkjer ned på varalista etter fire år i styret. 4. varamedlem er Øyvind Fenne som har vore aktiv i Mållaget i mange år og har vore leiar i Romsdal Mållag i ti år.

Målpris til avisa Fjuken Avisa Fjuken har fått Målprisen 2013 frå Austmannalaget. Fjuken har i 25 år hatt mykje å seie for nynorsken i Nord-Gudbrandsdalen. – Historisk har nynorsken stått sterkt i Nord-Gudbrandsdalen. Men heller ikkje her er det rom for å kvile. Austmannalaget ser på Fjuken som ein av dei solide, viktige og urokkelege støttespelarane, og Austmannaprisen er ei påskjøning og ein takk for denne innsatsen. – For oss er det ei stor ære å få målprisen. Fjuken er 25 år i år, og vi er trufaste mot nynorsken. Den sjølvtilliten har vi i Fjuken, smiler Asta Brimi, redaktør og dagleg leiar i Fjuken. Målprisar i Romsdal Christel Siem, tidlegare kulturhussjef i Rauma og seinare leiar for Norsk fjellfestival, og Mads Langnes, konservator og arkivansvarleg ved Romsdalsmuseet i Molde, har fått målprisen av Rauma Mållag. Vinnarane takka for prisenved å fortelje om kva nynorsken har betydd for dei, melder Åndalsnes Avis. Ei målkvinne vert takka av På Etne Mållag sitt årsmøte var ein epoke til endes då kasseraren Borghild Sævereide Prestegård takka nei til attval. Ho var med i styret då laget tok oppatt arbeidet i 1978. Ho var leiar på heile 80-talet, og frå 1993 til 1999. Kortbutikken med helsingskorta som er fundamentet i laget sin økonomi, har ho styrt frå 1989 og fram til no. I Karmsund Mållag har ho òg vore med i styret. Ho vart heidra for innsatsen sin med Etne Mållag sin målpris i 1990 og Karmsund Mållag sin pris i 1992. Etne Mållag takkar Borghild for arbeidet gjennom heile 36 år, og ynskjer henne mange gode år som vanleg medlem. Ny i styret er Åsmund Vinje. Jubileum i Østfold I februar markerte Østfold Mållag 25-årsjubileet til fylkeslaget. Tre av dei som var med i fyrste styret, var med på markeringa: Ragnhild Lier, Eldbjørg Skaug og Per Thorvald Larsen. Noregs Mållag markerte hendinga ved å sende styremedlem Janne Nygård, som passande nok også er 25 år i år. Fekk Ivar Aasen-boksar I Sunndal har Jo Inge Nes, ein kjend kulturarbeidar lokalt, sett målbyte på dagsordenen. I slutten av februar kunngjorde han dette på Facebook: «Eg har i 24 år nytta bokmål, fordi eg av ein eller annan grunn på vidaregåande meinte det virka meir urbant og fint. Så lang tid tok det å bli sjølvsikker nok til å endra tilbake. Det er stor fare for at det blir ein del knoting ei stund, men det får heller væra. Leve Ivar Aasen!!!» Sunndal Mållag plukka opp saka, og den 10. mars i Aura Avis vart Jo Inge Nes gjort stas på med ein Ivar Aasenboksar frå Nils Ulvund, leiar i Sunndal Mållag.


Ola Mestad kasta glans over årsmøtet til Bærum Mållag.

Bærum Mållag leikar ikkje årsmøte. Valnemnda har gjort eit godt arbeid og har nett lagt fram eit skriftleg framlegg til nytt styre, som vart valt ved akklamasjon. – Så er me komne til varamedlemene, seier møteleiar Marit Hovdenak. – De ser framlegget frå valkomiteen på arket. Er det andre framlegg? Møtelyden får nokre sekund til å tenkje seg om. – Det er det ikkje, så då kan me rekne framlegget frå valkomiteen som godkjent, seier Hovdenak. Ny applaus. Før sjølve årsmøtet tek til, er det ope møte. Prof. dr. juris Ola Mestad, leiar i forskingskomiteen for grunnlovsjubileet, skal halde eit føredrag om Grunnlova. Tilskipinga er eit samarbeid med Bærum Bibliotek og filialen deira på Bekkestua, biblioteksjefen hjelper til med å hengje opp plakatar. Kasserar Øystein Tormodsgard tek oppstilling rett utanfor

salen, og er usikker på kor mange som vil kome. – Tilskipingane våre har vore godt vitja det siste året, og laget har nær syttifem medlemer. Det burde synast, særleg sidan det skulle vere årsmøte etterpå, seier han.

–Er du medlem? Inne i salen

blir det rigga til med kaker og kaffi, og alle som kjem inn for å setje seg, blir møtte med eit «Hei! Er du medlem?» Men etterkvart blir det uråd å halde oppe denne personlege kontakten, så eit ark blir sendt rundt der folk kan skrive opp namn og adresse om dei ynskjer meir informasjon om laget. Og Tormodsgard har rett. Når klokka nærmar seg slaget, så kjem det godt med folk. Ein to-tre stykke melder seg inn på flekken, og det blir nesten litt kø ved inngangen. Til slutt har godt over femti folk funne vegen til møtet. Halvor Tjønn dreg det heile i gang med ein flott introduksjon. Det er alltid morosamt høyre på folk som veit kva dei snakkar om. Ola Mestad tek oss alle med på ei reise gjennom soga til Grunnlova. Sjølv om han sit inne med mykje kunnskap, byrjar han med skulelærdomar for at alle skal kunne hengje med. Så går

han vidare inn i emnet og pågåande ordskifte. – Mange prøver å gjere Falsen mindre viktig, prøver å seie at han ikkje var så viktig. Det er eg usamd i. Eg vil tvert om slå eit slag for Falsen og gjenreise ryktet hans. Det er humoristisk og kunnskapsrikt, og små tekniske problem med ljosbileta hindrar han ikkje nemneverdig. Særleg fint blir det når han gjev Karl Johan toneleiet til ein tenåringsgut i Oslo. Karl Johan ville gjerne at regjeringa heime i Stockholm skulle godkjenne den ferske norske Grunnlova, og i fylgje Mestad høyrdest meldinga om lag slik ut: – Døh! Vi godkjenner den derre Grunnloven, ikke sant? Mest briljerer likevel Mestad etter pausen. Birgit Hovet Horpestad har steva, og det er opna for spørsmål frå salen. Som avslører at dei i salen heller ikkje skulka historietimane på skulen. Men uansett kva spørsmålet er, svarar Mestad kunnskapsrikt og presist.

Effektivt møte Sjølve årsmøtet er gjort unna på litt meir enn tjue minutt. Det kjem dels av at det sitjande styret og tilhøyrande valkomité har gjort godt førearbeid. Det kjem også av at Bærum har lagt ei nokolunde fast linje for arbeidet sitt. Dei

Straumlinja: Takka vera god førebuing og høg konsentrasjon kunne Bærum Mållag gjere unna årsmøtet sitt på om lag tjue minutt. Foto: Kjartan Helleve

har tilskipingar under byfesten i Sandvika i august, på den europeiske språkdagen i september og i samband med årsfesten. Den siste er ei blanding av årsmøte og bursdagsfest, då laget vart skipa i 7. mars 1912. Årsmøtet plar difor vera på denne tida av året. Det kjem likevel opp eit framlegg om å gjere eit forsøk på å få til eit målpolitisk ordskifte i året som kjem, noko dei fleste er samde om at er ein god idé. – Kan hende noko om ei mogleg grunnlov på nynorsk?, kjem det frå salen.

Kjartan Helleve kjartan.helleve@nm.no

Norsk Tidend 2–2014

Årsmøtetid

Smak av suksess: Kasserer Øystein Tormodsgard tek i mot inngangspengar og innmeldingar som om han aldri har gjort anna. Foto Kjartan Helleve

13


Lintervjuet – Me er ein generasjon som helst kjøper dei same bøkene me sjølve vaks opp med. Slik kan det ikkje halde fram. Det er viktig at det finst god norsk samtidslitteratur for ungar, seier Gyrid Axe Øvsteng.

Born fortener betre I mars fekk ho og illustratør Per Ragnar Møkleby to viktige prisar, attpåtil på same dagen. Kulturdepartementets biletbokpris og Kritikarprisen, som blir utdelt av Norsk Litteraturkritikarlag. Boka Førstemamma på Mars er forteljinga om ei lita jente som ikkje blir veldig begeistra for at mora forsvinn, at mora er på sjukehus, og at faren ikkje heilt greier å takle det så godt han heller. Eit klassisk opplegg for ei pedagogisk bok for born som opplever sjukdom i nær familie. Noko Øvsteng arbeidde hardt for å unngå. – Eg vil skrive bøker som har ein rein litterær verdi. Det skal ikkje vere ei pedagogisk bok med visse litterære kvalitetar, ho skal kunne stå støtt på eigne bein. Målet var å fortelje ei god historie på ein god måte. – Og det har de lukkast med? – Når ein vel eit slikt tema, så er det mange feller å gå i. Eg trur me har lukkast i ikkje å gå i dei. Det er ein vanleg kritikk av slike barnebøker at dei er mest for vaksne, og at ungane ikkje set like stor pris på dei. Eg innrømmer at eg var veldig spent fyrste gongen eg las ho høgt for ungar, men ho fungerte heilt fint. Dei vaksne ser teamet, ungane fylgjer med på historia. Dette var noko Per Ragnar og eg arbeidde mykje med. Å hindre at det tippa over i den eine eller andre retninga. – Så det er ikkje ei bruksbok? – Me ville absolutt ikkje at det skulle bli ei bruksbok. Då eg sjølv vart sjuk, fekk eg tilsendt eit par bøker som skulle vere til hjelp med å forklare sonen min om kva som hende med kroppen min. Dei var så ekstremt pedagogiske og illustrasjonane så dårlege at dei kunne ikkje nyttast til noko som helst. Dei gjekk rett i resirkuleringa.

Norsk Tidend 2–2014

Bøker kan vere samtalepartnarar

14

– Men korleis ville du ha reagert om du fekk noko som likna på di eiga bok i posten? – Utgangspunktet for denne boka var jo at eg gjekk på biblioteket for å finne ei bok som kunne vere eit utgangspunkt for samtalar med guten min. Eg meiner at bøker kan vere gode «samtalepartnarar», men dei eg vart presenterte for, var ikkje skrivne for å vere gode bøker, dei var pedagogiske «lærebøker», ikkje laga for sjølvstendige tankar. Eg trur på den sjølvstendige tanken! Bøkene eg fekk på sjukehuset, fungerer berre i akkurat den gjevne situasjonen, og knapt nok der. Difor har det vore så fint å sjå at boka vår fungerer for born som ikkje er i ein slik situasjon, seier Øvsteng. Eigentleg er ho dramatikar. Ho debuterte i 2000 med stykket Køyr! og har sidan skrive ei

Lgyrid axe øvsteng Dramatikar og forfattar Fekk i vinter Kulturdepartements biletbokpris for barnebøker utgitt i 2013 og Kritikarprisen for Førstemamma på Mars, saman med illustratør Per Ragnar Møkleby Kjem i frå Vågå, bur i Skien

lang rekkje skodespel som har vorte spelte både på Nationaltheatret og på Det Norske Teatret. – Dramatikaren i meg er absolutt til stades i barnebøkene. Som dramatikar er eg oppteken av pausar, det som ligg i det som ikkje blir sagt, det som ikkje er tekst. Som dramatikar veit eg at teksten er berre ein liten del av eit stykke, det visuelle er like viktig. Forteljinga blir fortald med andre verkemiddel enn med ord. Slik er det også når eg skriv barnebøker. Per Ragnar og eg arbeider mykje med korleis det skal sjå ut til slutt. Alle dei tre gongene eg har skrive barnebok, har eg skrive inn korleis eg ser føre meg boksida. Eg merkar når tinga kan forteljast betre med andre verkemiddel enn med ord, og då skriv eg heller kva eg ser føre meg. Deretter teiknar Per Ragnar det. Eller kjem opp med noko betre. Eg stryk gjerne tekst når eg ser noko blir fortalt med illustrasjonar. Eg er ikkje så glad i smør på flesk. – Når kjem han inn i arbeidet? – Med dei to fyrste bøkene arbeidde me tett i lag heile vegen, heilt i frå starten. Denne teksten var meir ferdig før Per Ragnar fekk lese han. Me har likevel samarbeidd tett mot ferdig bok. Det er også noko av det folk har likt med boka, at det er eit godt samspel mellom tekst og illustrasjonar. Me greier å gje og ta, båe to.

Fantasiverd – Alle dei tre barnebøkene dine har eit innslag av fantasiverd? – Ja, eg har tenkt at nokon må snart ta oss for det, at det er same greia tre gonger på rad. Det handlar om ulike ting, men det er som du seier, at røynda og fantasiverda går litt i hop i desse bøkene. Eg har stor respekt for ungar si evne til å leggje ut på fantasireiser, og at dei tenkjer at alt er mogleg. Det er ein fantastisk kvalitet. Når far til jenta i denne boka seier at det ikkje er liv på Mars, så spør ho om korleis han kan vite det når han ikkje har vore der sjølv? Når vaksne held på slik, er

det flukt frå røynda og i desse mindfulness-tider så er det jo det verste ein kan gjere. Det er likevel ein bra måte å overleve på i harde tider, og det gjer livet rikare. Det er klart at det er mykje av desse fantasireisene som ikkje er moglege, mykje som ikkje er sant. Men det kan vel få vere verkeleg i augneblinken? – Er dette lettare å få til i ei barnebok enn i eit teaterstykke? – Nja, det er nok av mette folk i teaterverda. Og det skal ein ikkje vere. Det gjeld å ta med seg noko av dette, denne flamma, dette ynsket om å seie noko, der ein går inn i ei fantasiverd. Men kvifor eg byrja skrive barnebøker, veit eg ikkje heilt sikkert. Eg fekk berre denne lysta til å lage barnebok, og så trefte eg Per Ragnar som hadde tenkt på det same. Samstundes kjenner eg også at eg arbeider med noko viktig.

Vil vere forfattar – På kva måte?

– Me er ein generasjon som helst kjøper dei same bøkene me sjølve vaks opp med, som gjer barnelitteraturen til ei retro-greie. Slik kan det ikkje halde fram. Det er viktig at det finst god norsk samtidslitteratur for ungar. Dette er ikkje noko eg tenkjer på medan eg skriv. Då er det berre sjølve boka som gjeld. Men når boka er ute, så kjenner eg at eg er med på noko som er viktig. Noko større. Som igjen heng saman med at eg har fått lov til å reise litt rundt med bøkene og lese for born. Då opplever eg det direkte at bøkene gjev ungane noko. Då gjev det også meg noko. Direkte tilbakemeldingar og ei sterk kjensle av å setje spor. Kan hende ikkje varige spor, men spor. Å få reise rundt slik er det store, det er desserten. – Men opplever du ikkje det same på t.d. ein urpremiere av eit stykke du har skrive? – Det er noko heilt anna. Det er fine blomar og store ord, som er fint, men ikkje det same. Ein kan jo aldri heilt stole på dei tilbakemeldingane ein får på ei premiereframsyning. – Så er du no dramatikar eller forfattar? – Tidlegare har eg tenkt at eg fyrst og fremst er dramatikar, og barnebokforfattar på si. Dei siste månadene har eg hatt lyst til å omdefinere meg: Å vere barnebokforfattar som også skriv dramatikk! Dette har gjort noko godt for meg. Eg er blitt meir laussleppt som dramatikar, og fått ein sterkare identitet som forfattar. Prisane er ei oppmuntring til å halde fram, med å vera barnebokforfattar fyrst og fremst! Så får me sjå kva det blir til.

Kjartan Helleve (TEKST OG FOTO) kjartan.helleve@nm.no

Dramatikaren i meg er absolutt til stades i barnebøkene. Som dramatikar er eg oppteken av pausar, det som ligg i det som ikkje blir sagt, det som ikkje er tekst


Linnflyttarar I dei gamle bygdelaga i Oslo skulle innflyttarar kunne ta vare på språket og kulturen sin. No er det andre språk og kulturar som skal takast vare på.

Musikkrommet: Sumathi Wijeyaraj syner fram to av sitarane musikkelevane nyttar.

Dei nye bygdelaga Norsk Tidend 2–2014

E

16

g finn ikkje fram. Eg skal vitje Tamil Ressurs og veiledningssenter (TRVS) på Rommen i Oslo, heilt i nordenden av Groruddalen. Adressa er rett, men eg finn ikkje inngangen. Eg går mellom husa i eit lite industriområde, det er sundag føremiddag og alt er stilt. Sumathi Wijeyaraj, som er leiar på senteret, dirigerer meg via telefonen. – Køyr litt fram. Kva? Går du? Ja, då ser eg deg. Hei! Her oppe i glaset! Ho vinkar til meg frå andre etasje i eit nøytralt kontorbygg, som ikkje skil seg nemneverdig ut frå dei andre bygga i området. – Hei og velkomen, helsar ho meg i det ho kjem ned og hentar meg ved inngangen. På vegen opp trappene fortel ho at dei held til i andre og tredje etasje. Senteret er mykje større enn eg hadde sett det føre meg. Det er rom overalt og Wijeyaraj tek meg med på ei omvisning. Tamilske miljø rundt om i verda er misunnelege for at dei eig sitt eige hus, som vart finansiert av kro-

For alle: – Me skal vere ein stad for alle, ikkje berre skuleelvar, seier Sumathi Wijeyaraj, dagleg leiar ved Tamil Ressurs og veiledningssenter (TRVS).

nerulling og lån. Den øvste etasjen hadde hatt godt av litt oppussing, seier ho, men det er ikkje økonomi til å gjere noko med det no. Det er musikkrom for tradisjonell musikk, eit for meir elektronisk musikk, ein stor sal, ei lita kantine og eit bibliotek. Ein kar syner meg ei gamal «bok», den er skriven på tunne lag av bork. Det kunne ta fleire månader å skrive ei slik bok, fortel karen, og eg får samstundes eit miniføredrag om tamilsk språk. Det eldste i verda, seier han, men legg samstundes raust til at han er open for at nynorsk kan ha eldre aner. På datarommet sit nokre elevar og held på med ein powerpoint-presentasjon om Europa.

Leksehjelp Elevar. Overalt er det elevar. Eigentleg er det time, men mange har eit eller anna ærend. Ein gjeng gutar sit i gangen og førebur ein presentasjon dei skal halde. Wijeyaraj bankar på ei av dørene, og brått står eg i eit klasserom fullt av elevar. Så blir det min tur å fortelje kva ærend eg er ute i, min tur å halde eit lite miniføredrag om

norsk språk. Men det trengst ikkje. Elevane veit godt kva nynorsk er. Kvar sundag er det leksehjelp på TRVS for 5. trinn til 3. vidaregåande. Totalt er det to hundre elevar som går på dette tilbodet. Heilt vanlege skuleelevar som får ekstra påfyll. Lærarane er frivillige, gjerne tidlegare elevar, som no studerer eller arbeider. Sjølv om det i all hovudsak er tamilske gutar og jenter som fyller klasseromma, er det også nokre frå Eritrea, Pakistan og Vietnam. Tilbodet er ope for alle, men Wijeyaraj har ikkje plass til fleire. Interesserte må no setje seg på venteliste. Tradisjonen med leksehjelp går heilt attende til midten av 90-talet. Ti år tidlegare hadde det kome mange tamilar til Noreg. Konflikten mellom tamilar og singalesarar på Sri Lanka hadde forverra seg, og mange unge vart sende til ei betre framtid i utlandet. Trass i gode karakterar, var det ikkje høve for tamilar å ta høgare utdanning i heimlandet. Løysinga var norske folkehøgskular, og seinare andre utdanningsinstitusjonar. Då ungane til desse fyrste innvan-


� Lærarrommet: Dei frivillige ungdomane er ferdig med pausen og er klåre til å undervise meir. � Fullt klasserom: Det er viktig å syne at ein er ein engasjert elev, særleg når det er fotograf til stades. � Fornminne: Senteret smalar også inn informasjon om språk og gamle skriveverktøy. � Inspirasjonskveld: Rådslag om den komande Inspirasjonskvelden, der studentar frå ulike høgare studieretningar kjem og fortel om faget sitt for dei yngre elevane.

Innflyttarlaga var med på å definere norskdomsrørsla. Her kom unge og flinke menneske saman på eit viktig tidspunkt i livet og kjende på det å møte motstand. Knut Kjeldstadli

Dans og hytteturar I tuftene til Har-

dinglaget, eit typisk bygdelag i Oslo, heiter det: «Laget vil samla menn og kvinner frå Hardanger, eller andre med interesse for Hardanger, til samkomer der dei kan få høve til å verta kjende med kvarandre. Laget arbeider på heimleg grunn ved å halda oppe vyrdnaden for heimen i mål, sed og skikk. Likeins vil det arbeida med praktiske tiltak som kan vera til hjelp og vern for folk heimanfrå når dei kjem hit.» I ei tid der det er lett å reise til og frå, der det ikkje er godt å vite kva som er heimleg sed og skikk, og det er like lett å finne hjelp

til praktiske ting på Internett, så er mykje av grunnlaget for dei tradisjonelle laga borte. Difor er også mykje aktiviteten konsentrert rundt det sosiale. Bygdelaga i Oslo er ikkje det dei ein gong var. Frå å vere opp mot fire tusen på 70-talet, er medlemstalet no nærare tusen. Fleire av laga er likevel godt aktive. Hardinglaget feira t.d. 100-årsjubileet i mars med bok og med jubileumsfeiring i Oslo Konserthus, og mange andre er oppgåande med mange tilskipingar gjennom året. Mykje av aktiviteten deler seg mellom å skipe til dansekveldar og hytteturar. Knut Kjeldstali, professor i historie, har skrive mykje om desse innflyttarlaga og meiner at ein kan dele dei opp i to grupper: dei upolitiske og dei politiske. – Laga som vart knytte til By- og Bygdelagsforbundet, var dominerte av innflyttarar frå Austlandet, Trøndelag og NordNoreg, seier Kjeldstadli. – Dei var gjerne bylag, og var fyrst og fremst sosiale møtestader der ein kunne treffe kjenningar frå heimstaden, bruke sin

eigen dialekt og ha det morosamt. Dei andre laga knytte seg til Noregs Ungdomslag gjennom Bygdelagssamskipnaden. Desse innflyttarane hadde røtene sine på Vestlandet, Sørlandet og nokre frå Trøndelag. Dei var færre, men gjorde seg meir synlege. Her skulle ein også ha det triveleg, men laga skulle i tillegg kjempe for norskdomen, inkludert nynorsk. Alt til si tid: – Når medlemene opplever at dei kan få hjelp andre stader, så har dei ikkje den same gleda av slike lag, seier professor Knut Kjeldstadli.

DefinerTe norskdomen Dette politiske gjorde mykje for korleis laga definerte seg sjølve. Det utvikla seg ein ideologi om byen og bygda, der ein opplevde at ein ikkje fekk den respekten som ein meinte seg fortent til. Det utvikla seg ei spenning. – Dette må ha vore ekstra ille for dei som sokna til Noregs Mållag. Dels av di dei heldt språket høgt, men også av di dei kom frå stader der det ikkje var vanleg med klasseinndelingar. Dette var unge folk som truleg hadde nytt respekt heime, og som var så flinke at dei hadde kome seg til byen for å lære meir. Difor vart også ordbruken krass, og synleggjer at den viktigaste konflikt-

Norsk Tidend 2–2014

drarane byrja på skulen, var det lite hjelp å få på heimebane. Til det var norskkunna for dårleg. Leksehjelpa vart organisert av TRVS. Forløparen til dette senteret var noko dei kalla Tamil Coordinating Commitee. Målet var å lage eit nettverk for tamilar. Ein stad der dei kunne snakke sitt eige språk og få hjelp til praktiske ting. Eit innflyttarlag.

17


Hadde me hatt eit eige land, hadde det ikkje vore noko behov for dette senteret. Då hadde me ikkje trunge å ta vare på kulturen vår på denne måten.

Norsk Tidend 2–2014

Sumathi Wijeyaraj

18

aksen i Noreg gjekk mellom by og land. Denne konflikten heldt seg levande til etter fyrste verdskrigen, då konflikten mellom arbeid og kapital tok over. – Kor viktige var desse laga for norskdomsrørsla? – Det er sagt at Italia vart definert frå New York, der eit sameina heimland var enklare å halde seg til enn mange ulike regionar. På same vis kan ein seie at innflyttarlaga var med på å definere norskdomsrørsla. Her kom unge og flinke menneske saman på eit viktig tidspunkt i livet og kjende på det å møte motstand. Dei var skuleflinke, skrivande og dermed opptekne av språk. – Kva er grunnen til at desse laga ikkje er fullt så synlege lenger? – Innflyttarlag har ein klår funksjon. Når medlemene opplever at dei kan få hjelp andre stader, så har dei ikkje den same gleda av eit slikt lag. Dette er ikkje noko typisk for dei norske bygdelaga. Me ser det same med t.d. dei tyske og danske innflyttarlaga, og med dei norske utvan-

Y

1953: Møte i Gudbrandslaget. Foto: Johan Brun/ Dagbladet/ Norsk Folkemuseum

Alle foto: Kjartan Helleve

drarlaga i USA. Og ein oppdaga at Oslo ikkje var så skummel likevel. Innflyttarane fekk seg gode jobbar og vart respekterte, så ideen om at innflyttarar vart kua av den fæle byen, var ikkje gyldig lenger, seier Kjeldstadli.

Ikkje berre skule Tamil Ressurs og

veiledningssenter på Rommen har tre satsingsområde. Det skal vere eit ressurssenter for tamilar, det skal drive med leksehjelp og det skal drive med morsmålsopplæring. Denne siste biten er organisert i Annai Poopathi Tamilsk Kultursenter (APTK). I paragraf 1 i tuftene deira heiter det: «Organisasjonen skal gi barn og ungdom muligheten til å styrke sin egenidentitet ved å formidle det tamilske språk, historie, kulturopplevelse og kulturarv.» Dette er den største aktiviteten til senteret. Fredag, laurdag og sundag kveld er det fullt av andre elevar og foreldre som sit i gangen og ventar. I tillegg har dei avdelingar i femten andre byar og tettstader. Totalt tek nær åtte hundre ungar kurs i regi av

senteret. Wijeyaraj fortel at interessa held seg stabil. – Me trudde at interessa ville falle etter kvart. Men det held seg stabilt. No går det ungar på kurset som er tredje generasjon norsk-tamilar. Det fortel at mange ser på dette som viktig, seier ho. Ho understrekar at morsmålsarbeidet er skilt ut i ein eigen organisasjon. Det er viktig med leksehjelp og engelskkurs, men ressurssenteret skal vere nett det. Ein stad for alle. – På onsdagane er det eldretreff her. Då møtest damer i 50- 60-årsalderen for å snakke og ha det kjekt saman. Det er tilbod om yogakurs, dei les høgt for kvarandre eller går seg ein tur i nærmiljøet. Me skal også vere ein stad å kome til om ein har problem på heimebane. Det er ein som slit med samlivet, og me har nokre skilsmisser. Det er mange som slit med traume, særleg dei som har sett krigen på Sri Lanka på nært hald, og det er så mange måtar å ta det ut på. – Kor viktige har de vore for det tamilske miljøet i Noreg?


Politisk bakteppe – Det er likevel ikkje til å kome i frå at det er ein politisk grunn til at de er her i Noreg? – Det er klart, konflikten på Sri Lanka er veldig til stades. Hadde me hatt eit eige land, hadde det ikkje vore noko behov for dette senteret. Då hadde me ikkje trunge å ta vare på kulturen vår på denne måten. Det må me no, me må snakke for dei som ikkje kan snakke. Samstundes er det viktig at politikken ikkje tek for mykje plass, me skal vere ein stad for alle. Det er ikkje alle som er samde om dei politiske måla, men alle kan kome hit. Likevel: namnet på morsmålsskulen er Annai Poopathi, som er namnet til ein aktivist som svalt seg i hel i motstand mot konflikten. Så situasjonen på

Sri Lanka er noko som ligg bak, men mest som eit slags lim. Dette er eit ressurssenter, ikkje ein politisk organisasjon. Me driv med leksehjelp. Arbeidet blir verdsett. I gjesteboka ho har på kontoret, er det helsingar frå statsminister Stoltenberg, ordførar DitlevSimonsen, minister Solheim, minister Ramin-Osmundsen og minister Holmås. I jula var Aftenposten på besøk i samband med ein artikkel om at skuleelevar med foreldre frå India, Kina, Vietnam og Sri Lanka gjer det betre enn elevar som har norske foreldre. Svaret ligg i flittige elevar og senter som dette. Frivillig lagsarbeid. – Det går ein del tid, seier Wijeyaraj. – Det blir ikkje så mykje tid heime. Men det er bra å vere her ofte, slik at ungar og vaksne kan stikke innom om dei vil snakke om noko. Så eg er her stort sett på sundagane, mannen min også, han underviser ned i gangen her. Ofte kjem eg inn om kveldane etter at eg har gått av vakt. – Kva arbeider du med?

Y

2014: Leksehjelp i TRVS.

– Eg er sjukepleiar. Og så sit eg jo i bydelsutvalet i Stovner bydel for Arbeidarpartiet, og så held eg på med Tamilsk kvinneforening. Der har me forresten teke grep for å halde norske og engelske låneord ute frå språket. For kvart låneord me nyttar, må me betale ei krone i bot. I går måtte eg ut med 43 kroner. Det held jo ikkje, seier Wijeyaraj. På veg heim frå samtalen med Kjeldstadli nokre dagar tidlegare, var eg seint ute til ein annan avtale og tok ein drosje. Sjåføren Nadif var frå Somalia, og eg drista meg til å spørje om det var mange somaliske lag i byen. – Ja, fleire. Men det blir litt feil å kalle dei somaliske, det kjem meir an på kva stamme du kjem i frå. Dei frå nord har eit eige lag, og dei i sør eit eige, om du skjønar. – Det gjer eg. – Men dei var viktigare før, tettare, liksom. No er laga i ferd med å flyte litt ut.

Kjartan Helleve kjartan.helleve@nm.no

Norsk Tidend 2–2014

– Veldig viktige. Det såg me ikkje minst etter at tsunamien råka i 2005. Då vart dette ein samlingsplass der folk kunne få kome saman. Og nett det: kome saman. Me ser det same når foreldre sit på gangen medan dei ventar på ungane sine. Folk snakkar saman.

19


Linnflyttarar

Språk som vikarierande argument – Eg trur at mange av ordskifta om språk eigentleg handlar om noko anna, seier professor Bente Ailin Svendsen.

Norsk Tidend 2 –2014

I

20

debatten om morsmålsopplæring eller ikkje har det til dømes vore slik at dei som var for innvandring, ofte argumenterte for slik opplæring, og vise versa, for å setje det på spissen, seier Svendsen. Ho er nestleiar ved MultiLing Senter for fleirspråklegheit ved Institutt for lingvistiske og nordiske studium ved Universitetet i Oslo. Senteret er eitt av berre to humanistiske senter som har status som Senter for framifrå forsking (SFF) ved Universitetet i Oslo, og som er finansierte av Noregs forskingsråd. Med denne statusen fylgjer det raust med midlar. – Å få denne statusen er som å trekkje vinnarloddet i norsk forsking, seier Svendsen. – Det gjev oss høve til å gjere mykje som før ville ha vore uråd. Om tre år skal det vurderast om me har vore verdt pengane. No er det opp til oss å produsere mykje og god forsking. Senteret opna 1. juni i fjor, og eg føler eg har vore på farten sidan. Vi har også vore så heldige å få ansvaret for den store forskingskampanjen i skulen dette året, og det vil i endå større grad setje fagfeltet vårt på timeplanen, seier Svendsen.

Fleirspråkleg livsløp MultiLing fokuserer på tre ulike hovudemne, men som likevel heng i hop. Korleis lærer me fleire

Har status som Senter for framifrå forsking (SFF)

med språket ved normal aldring, og endå mindre om kva som skjer med språka hos fleirspråklege personar som blir ramma av demens. Helsesektoren har mange tilsette og etter kvart mange pasientar som snakkar fleire språk. Det er behov for kunnskap om korleis ein skal sørgje for best mogleg kommunikasjon og livskvalitet hos dei som er ramma av sjukdommar som demens eller språkskadar som afasi.

Finansiert av Noregs forskingsråd

Uroa OVER SAMFUNNSutviklinga

LFakta: MultiLing Senter for fleirspråklegheit Etablert 2013 Held til ved Institutt for lingvistiske og nordiske studium ved Universitetet i Oslo Må levere: – Om tre år skal det vurderast om me har vore verdt pengane. No er det opp til oss å produsere mykje og god forsking, seier Bente Ailin Svendsen. Foto: Kjartan Helleve

språk? Korleis bruker me den fleirspråklege kompetansen? Og korleis påverkar språkpolitikken oss, både heime og ute? Det nye med senteret er at dei koplar i hop korleis språk blir lært, lagra og svekt gjennom livet, og det å bruke språk i ulike sosiale samanhengar. Det er også nytt at dei ser dette gjennom heile livsløpet. – Me skal til dømes sjå på kva som hender med språka til dei som blir ramma av sjukdomar som er særleg vanlege hjå eldre, seier Svendsen. – Me veit relativt lite om kva som skjer

– Så no skal endeleg fleirspråklegheit verdsetjast her til lands? – Det har vore gjort lenge, framandspråka har ein lang tradisjon i den norske skulen og er verdsette i samfunnet. Men det kjem an på kva språk me snakkar om. Dei tradisjonelle framandspråka som fransk, tysk og spansk har høgare status i den norske skulen enn til dømes opplæring i andre språk som arabisk og urdu. Nordsamisk vart offisielt språk så seint som i 1991. Fyrst i 2005 vart kvensk anerkjent som eit eige språk, og ikkje som ein variant av finsk. Kva offisiell status eit språk har er viktig, men du treng ikkje å sjå lengre enn til striden om samiske skilt i Tromsø før du ser at me enno har eit stykke igjen.


Det er ein underleg politikk ikkje å stimulere den språkkompetansen elevane alt har. Det tek lang tid å lære eit språk for å kunne snakke om komplekse tema på mange ulike nivå. Bente Ailin Svendsen

– Kvifor er det slik? – Eg trur at mange av ordskifta om språk eigentleg handlar om noko anna. Ordskiftet om den såkalla «kebabnorsken» kan t.d. sjåast som eit uttrykk for ei underliggjande uro for korleis samfunnet endrar seg og har vorte meir mangfaldig språkleg og sosialt. Det kan vere litt vanskeleg å snakke om slike sosiale og kulturelle endringar i befolkninga, medan det å snakke om språk kan vere meir stovereint. – Er det ei utfordring for dykk? – Det er i alle fall viktig å vere medviten om det. Den offentlege anerkjenninga av språk er ikkje alltid det same som at språket er anerkjent i det samfunnet der det er i bruk. Språk kan likevel nyttast til å skape forskjell mellom menneske. – Forklarer det også motstanden mot morsmålundervisning? – Delvis, kan du vel seie. Eg trur faktisk ikkje det er så stor skepsis mot morsmåls-

undervisning eller språkopplæring i seg sjølv. Eg trur det handlar vel så mykje om pengar og ressursar. Hadde ikkje økonomi vore ei utfordring, trur eg det hadde vore opplæring i mange fleire språk i skulen. – Blir det gitt morsmålsopplæring i det heile? – I Oslo, nesten ikkje. Berre om du ikkje har gode nok kunnskapar i norsk til å følgje vanleg undervisning. Det er ikkje nokon tvil om at ei av skulen sine viktigaste oppgåver er å gje elevane god norskkompetanse. Men det er ein underleg politikk ikkje å stimulere den språkkompetansen elevane alt har. Det tek lang tid å lære eit språk for å kunne snakke om komplekse tema på mange ulike nivå. Med all respekt for foreldra mine, så torer eg ikkje å tenkje på korleis min norsk hadde vore om eg berre hadde lært han heime.

Morsmål ein styrke – Men er det

plass til alle desse språka i opplæringa? – Det er opplagt at det ikkje er mogleg å få til eit godt tilbod i alle dei meir enn 150 språka som er registrerte i den norske skulen, men få av språka har til gjengjeld mange brukarar. Det må vere råd å gje

Dagsaktuelt: – Lær ungane norsk, meiner Frp. Faksimile av VG 17. februar 2014.

skikkeleg opplæring i desse, ut over dei tradisjonelle framandspråka. Ein rapport frå Statistisk Sentralbyrå i fjor synte at elevar frå visse innvandrargrupper gjorde det betre enn elevar med norske foreldre på dei nasjonale prøvene, til dømes dei med tamilsk og vietnamesisk bakgrunn. Kva er det som karakteriserer desse gruppene? Jo, dei er miljø som set morsmålsundervisning høgt og som har organisert undervisning på kveldstid og i helgane. Slike funn er i samsvar med internasjonal forsking om at tospråklege opplæringsprogram styrkjer kompetansen i andre fag enn sjølve språkfaga. Det er som Sunil Loona ved Nasjonalt senter for flerkulturell opplæring har skrive: «Når vi derimot får vite at elever med tamilsk bakgrunn, som får mye undervisning og leksehjelp i og på sitt morsmål på sine morsmålsskoler, gjør det bedre på skolen enn sine norske medelever, er det ingen politiker eller forsker som roper høyt om hvor viktig morsmålsopplæring og tospråklig fagopplæring er for minoritetselever.» – Det blir vel din jobb? – Me får gjere vårt beste, seier Svendsen.

Kjartan Helleve kjartan.helleve@nm.no

Norsk Tidend 2–2014

Språkspirer: Ikkje vanskeleg å skjøne kva bumerket til MultiLing skal illustrere. Illustrasjon: MultiLing

21


Norsk Tidend 2–2014

inspirert av naturen

22

I strandkanten ved Nordfjorden, i rolege og vakre omgjevnader, finn du Innvik - ein liten tettstad og eit sokn i Stryn kommune. Her har Skogstad skapt funksjonelle sportsklede for folk flest i meir enn 70 år.

Skogstad Sport AS – 6793 Innvik – Tlf: 57 87 67 70 – Fax: 57 87 67 71 – firmapost@skogstadsport.no – www.skogstadsport.no


«Spelemann på taket» har premiere 28. mars med Pål Christian Eggen i rolla som Tevje. «Hellemyrsfolket» har urpremiere 13. september. Foto: NPK

Dobbelt musikalår – Det blir eit veldig annleis år, men eg trur det blir veldig bra for meg. Soloframsyningar er fysisk krevjande. Dei er utan kvileskjer. Det blir veldig godt å komme inn i eit ensemble der ikkje alt kviler på min prestasjon, seier Herborg Kråkevik til NTB. I midten av januar byrja prøvane på «Spelemann på taket» på Det Norske Teatret, der Kråkevik skal spele Golde. Til hausten flyttar ho til Bergen, der ho skal spele i den ferske musikalversjonen av «Hellemyrsfolket» på Den Nationale Scene.

Utfordring – Vi gler oss veldig til å få Herborg til Bergen igjen. Ho har spelt her tidlegare og er sterkt ønskt tilbake. Herborg var eit opplagt val i rolla som Petra, seier teatersjef Agnete Haaland ved Den Nationale Scene. Haaland seier at ho gler seg veldig til teatret skal i gang med å lage musikal av Amalie Skrams «Hellemyrsfolket». Å lage musikal av den heller dystre romansyklusen var ikkje noko opplagt val. – Det er klart det er ei utfordring å gjere musikal av «Hellemyrsfolket». Det er rett og

Pål Christian Eggen har rolla som Tevje og Herborg Kråkevik som kona Golde når Det Norske Teatret set opp «Spelemann på taket» på ny med premiere i mars. Foto: Det Norske Teatret

slett ei forferdeleg historie, seier Herborg Kråkevik. Ho seier at ho hadde lyst til å vere med fordi Gunnar Staalesen lagar manuset og Julian Berntzen musikken. – Dei er dyktige begge to. Eg har høyrt litt av musikken, og det er fine ting. Eg har hatt lyst til å jobbe med Julian Berntzen i mange år, seier Kråkevik. Vestlendingen synest også det er veldig stas å komme tilbake til Den Nationale Scene, som er «heimescenen» hennar. Ettersom ho har budd mange år i Danmark, har ho ikkje gjort noko her sidan «Funny Girl» i 2005.

Skram-kjennar Når ho til hausten stuper ned i «Hellemyrsfolket», er det av ein forfattar ho kjenner svært godt. Den siste soloframsyninga hennar handla nettopp om Amalie Skram – «Jeg trenger å slå med vingene – Skram vs. Kråkevik» hadde premiere i 2012, men var sett opp som gjestespel på Centralteatret Oslo Nye Teater i haust. Før det hadde Kråkevik knallsuksess med soloframsyninga «Kjære landsmenn» på Det Norske Teatret. Den fekk komiprisar både som årets framsyning og årets humornummer. Regissør var sjefen på Det Norske Teatret, Erik Ulfsby. Når han i vår set opp «Spelemann på taket», er det tredje gongen teateret spelar dette stykket sidan 1968. Og då han skulle velje skodespelar til Golde-rolla, fall valet på Kråkevik. – Ho er ein evnerik skodespelar, med eit sterkt nærvær og med stor scenisk pondus. I tillegg er ho jo på eit vis bondekone, og

har mykje av det jordnære som gjennomsyrar «Spelemann på taket» og ikkje minst Golde-rolla. Og så er Herborg positiv og inspirerande å jobbe med, seier Ulfsby. – Då Erik spurde meg, tok det tid å få overtalt meg, men så såg eg filmen, og då bestemte eg meg. I dei fleste musikalar er det jo slik at det er ein song eller to som ikkje held, men i «Spelemann på taket» er all musikken fin. No gler eg meg veldig til å vere med i ein stor produksjon på hovudscenen på Det Norske, seier Herborg.

Ringen slutta På Det Norske Teatret

deler ho garderobe med Ragnhild Hilt. – Det er fantastisk å ha fått fast garderobe på Det Norske, og litt rart at eg har fått garderobe saman med Ragnhild Hilt. Ho er nemleg den eigentlege grunnen til at eg skjønte at det var teater eg skulle drive med. Då eg var ti år var ho på turné med Riksteatret, og dei hadde framsyning heime i Jondal. Det var eit stykke om ei indianarkvinne som var dømt til døden. Ragnhild Hilt var enormt bra, og eg hugsar at eg gjekk over skuleplassen etterpå og tenkte at «det er sånn eg skal bli». Men eg forstod jo at alle ville synest det var teit, så eg sa det ikkje til nokon, seier Kråkevik. Ho har sjølvsagt fortalt historia til Ragnhild Hilt. – Eg synest det er litt rart, og eg blir glad kvar gong eg ser skiltet med namnet til Ragnhild Hilt og mitt på garderobedøra, seier Herborg Kråkevik.

Trine Andersen/NPK/NTB trine.andersen@ntb.no

Norsk Tidend 2–2014

Herborg Kråkevik (40) går eit travelt musikalår i møte. Etter fleire år med soloframsyningar ventar no musikalar på to storscenar.

23


Jon Fosse:

Lessay

Han som ikkje ville bli lærar

Norsk Tidend 2–2014

D

24

å eg kom til Bergen som ung student hadde eg lyst til å studera humanistiske fag, men eg hadde ikkje lyst til å bli lærar. Var det noko eg ikkje kunne tenkja meg, var det å undervisa. På orienteringsmøtet for dei nye studentane sa den som hadde det, at om ein slett ikkje kunne tenkja seg å bli lærar burde ein kanskje ikkje ta humanistiske fag, dei som tok slike fag vart jo lærarar, sa vedkomande. Og difor, meinte vedkomande, burde ein helst ta to fag som det gjekk an å undervisa i og aller helst i alle fall minst eitt fag som det gjekk an å undervisa mykje i. Og dermed hadde eg bestemt meg for å ta nett dei fag eg hadde lyst til. Eg skulle studera humanistiske fag, men eg skulle nettopp ikkje ta fag som gav gode sjansar for undervisning i skulen. Eg enda då òg opp med eit hovudfag i allmenn litteraturkunnskap, filosofi og eit tredje fag som eg mislikar så sterkt, i alle fall i den empiristiske variant Universitas Bergensiensis bydde på, der eg kom til å studera det, at eg knapt vil vedgå at eg har teke faget (ja det var sosiologi, og når sant skal seiast fekk eg med meg mykje interessant der òg, men det var henta frå utkantane av den bergenske sosiologien, eg fekk jo blant anna lesa ein god del av sosiologiens klassikarar, Marx og Max Weber og andre). Men lærar skulle eg ikkje bli. Eg hadde sjølv mistrivest slik på skulen at eg tenkte at vart eg nøydd til å bli lærar visste eg ikkje kva som kom til å skje med meg. Lærar skulle eg ganske enkelt ikkje bli. Eg hadde heller ikkje ambisjonar om å gjera karriere ved universitetet, bli forskar som det heiter, for også forskarane var jo eigentleg mest lærarar. Eg ville ikkje bli lærar, korkje på universitet, høgskule, gymnas eller i ungdomsskulen. Eg tenkte vel, og det gjer eg for så vidt framleis, at eg kanskje kunne tenkja meg å undervisa i barneskulen, men samstundes ville eg

Artikkelforfattaren hjelper kollega Ragnar Hovland med å lansere boka «Bjørnen

jo svært gjerne få studera lenge og grundig all den gode litteraturen, all den omskakande, og difor trygge, filosofien. Eg gjorde som eg lysta. Det vart vel alltids ei råd, tenkte eg. Eg gjorde det einaste rette og gjekk der eg gjekk.

M

en ettersom ein på mange måtar er eit ordensmenneske, tenkte eg at sidan eg slett ikkje ville bli lærar måtte eg vel sikta meg inn mot eit anna yrke, visst dreiv eg og skreiv dikt og små forteljingar og slikt, men at forfattarskapen skulle bli mitt yrke hadde eg nok aldri tenkt, og derfor byrja eg å arbeida som journalist om lag samstundes med at eg byrja å studera. Men eg var ikkje så langt komen ut i studia mine før den fyrste skjønnlitterære boka mi kom ut, og då byrja eg jo å tenkja på om det var det å skriva som skulle bli mitt liv og mitt yrke, i alle fall stod det klart for meg at skriva var det eg ville, anten eg no skulle skriva notisar eller romanar, i alle fall skulle eg skriva, ikkje undervisa.

O

g eg gjev ut fleire bøker. Og snart har eg fylt dei år samfunnet har tildelt den einskilde som studieår. Og etter som eg gjev ut fleire og fleire skjønnlitterære bøker, ser det meir og meir ut til at det å skriva skjønnlitteratur skal bli mitt liv og yrke. Eg ser meg sjølv i ferd med å bli noko så profant som yrkesforfattar, som skribent i kunstens rike. Og no har eg òg fått vener blant dei andre og forholdsvis få skjønnlitterære forfattarane i Bergen, og ein av dei, Rolf Sagen, har store planar, fortel han engasjert, om eit akademi for opplæring i skjønnlitterær skriving, han har, kan han fortelja, også fått i stand ei mogeleg finansier-

ing, det fyrste han skal setja i gang med er det han kallar for eit kurs for etablerte forfattarar i det å skriva dramatikk, og eg reagerer sjølvsagt på alt det der, for det går ikkje an å skulle læra noko av det skjønnlitteratur verkeleg dreier seg om, på kurs! nei pokker heller! meinte eg og meiner eg framleis, men sidan eg var ein av dei skjønnlitterære forfattarane med Bergen som tilhaldsstad, vart eg invitert til å delta på kurset, og sidan eg på den tid var sivilarbeidar, med ufrivillig utplassering i Oslo, såg eg dette som eit høve til å koma meg vestover, slikt eit yrkesretta kurs måtte det jo gå an å søkja om permisjon til. Eg fekk permisjon. Og med mitt skranglande sjølv stilte eg opp på Alver hotell til ti (var det ikkje det?) døgns kurs i det å skulle skriva dramatikk. Lærarar var dramatikar Cecilie Løveid og sceneinstruktør Tom Remlov. Og i ti døgn var vi der på Alver hotell, og alt vart dag og natt og alt vart merkelegare og særare og til slutt gløymde ein sitt eige telefonnummer, kva kona heitte, kva gate ein budde i og slike verdslege ting, dag var natt og natt var dag, og vi drog, desse vestlandsforfattarane, meir og meir inn i vår eigen kollektive tilstand av dag og natt og skriving. Til slutt sat vi der berre og skjønte vel knapt at vi var på kurs i det å skulle skriva dramatikk, men ikkje eingong det er eg sikker på. Og nett det, korleis vi på ein måte arbeidde oss kollektivt ut av våre gamle eg og vart til noko anna enn oss sjølve, tilhøyrer dei meir underlege opplevingane i mitt liv. Cecilie underviste og Tom underviste. Og teatervitar Knut Ove Arntzen underviste, på sin smålåtne og kunnskapsrike måte. Og vi skreiv, mest dei andre, men eit par sider vart det vel skrive av meg òg. Gå og skriv, var beskjeden. Og dei fleste gjekk og skreiv. Og så fekk vi vitjing av skodespelarar som skulle setja opp litt av det vi hadde skrive. Og så fekk ein sjølv prøva seg som skodespelar, i oppset-


I alle fall stod det klart for meg at skriva var det eg ville, anten eg no skulle skriva notisar eller romanar, i alle fall skulle eg skriva, ikkje undervisa. Jon Fosse

Foto: Anne Kari Kvamme / Samlaget

jing av nyskriven tekst. Eg skreiv nokre sider der på Alver hotell. Eg skreiv om to menn som sat på ein kai og venta på ein båt. Dei tenkte på ei dame som skulle hoppa frå kaien i ei svart badedrakt. Og Tom Remlov likte ikkje det eg hadde skrive. Og om kvelden sat sceneinstruktør Tom Remlov og forfattar Jon Fosse der på Alver hotell og kjekla. Og etter å ha delteke på kurs i det å skriva dramatikk bestemte forfattaren Jon Fosse seg for ikkje å skriva dramatikk, han hadde for så vidt heller aldri hatt planar om å skriva dramatikk, men så hadde altså dette kurset i det å skriva dramatikk dukka opp, og dermed hadde han sett sitt snitt til å sleppa litt bort frå Oslo og siviltenesta si og så vidare. Eg bestemte meg for aldri å skriva dramatikk, det var nok ikkje fordi eg ikkje trudde at eg skulle kunne skriva god dramatikk, eg har alltid hatt det godt slik, men i protest mot noko ved teatret ville eg ikkje skriva dramatikk, og kurset i det å skulle skriva dramatikk gjorde nok òg sitt til at eg vart endå sikrare på at eg ikkje ville skriva dramatikk, trass i at kurset nok var vellykka på alle vis og at eg slett ikkje ville vore det utan, ikkje minst ville eg ikkje vore forutan den reisa vi med Knut Ove Arntzen som reiseleiar gjorde til Berlin for å sjå teater og der vi blant anna fekk med oss ein generalprøve på det då nyaste stykket til Botho Strauss, på Schaubühne, alt ordna på beste vis av Knut Ove, som elles det meste av tida gjekk der framme med oss vestlandsforfattarane som eit noko tregt følgje der bak. Etter kurset i det å skulle skriva dramatikk kom det invitasjon om å skriva ein einaktar som skulle setjast opp saman med andre einaktarar frå kursdeltakarar på Den Nationale Scene i Bergen under den av Remlov, som i mellomtida var blitt teatersjef på Den Nationale Scene, påkomne og ikkje heilt gode fellestittelen «Det regner ikke mer». Dei fleste kursdeltakarane skreiv nok sin einaktar.

Og dei fleste heldt nok fram med å skriva ny norsk dramatikk, ein etter ein skreiv Gjelsvik og Vaage og Hovland og Øyvind Berg og Arild Dahl og Rune Belsvik og kven det no var sine skodespel. Men frå initiativtakar og sjølv kursdeltakar Rolf Sagen kom det ikkje noko skodespel. Det gjorde det heller ikkje frå kursdeltakar Jon Fosse. Nei faen heller, tenkte nok kursdeltakar Jon Fosse. Og kursdeltakar Jon Fosse, han som aldri hadde tolt skulen og som av den grunn slett ikkje ville bli lærar, kunne nok kanskje òg i sitt stille sinn tenkja at han aldri kom til å skriva dramatikk, og grunnen til det var det der forbanna kurset i det å skulle skriva dramatikk.

M

en Rolf Sagen var jo no komen i gang med sitt Akademi, no hadde det òg fått namnet Skrivekunstakademiet i Hordaland, med Rolf sjølv som dagleg leiar. Og Rolf fortalde om sine planar for Akademiet, framleis med stor entusiasme, det skulle bli vekelange sommarkurs i skjønnlitterær skriving, eventuelt eitt i prosa og eitt i diktskriving. Og det skulle bli eit årskurs i kreativ skriving og kunne eg kanskje tenkja meg å undervisa på noko av dette? spurde min gode ven Rolf Sagen meg, og eg som slett ikkje kunne tenkja meg å bli lærar, som aldri hadde følt anna enn motvilje mot undervisning i det å skriva skjønnlitterært, såg stolt meg sjølv for meg som akademilærar. Kunne eg undervisa, bli lærar, i det dei kalla for kreativ skriving? Eg som til dømes med vitende og vilje ikkje hadde søkt om plass på forfattarkurset ved Distriktshøgskolen i Bø, eg høyrde og las om det fyrste kurset som skulle setjast i gang der og eg tenkte litt på om eg skulle søkja, men eg bestemte meg for at eg heller ville ta meg eit semester studiefri og sjølv skriva, det gjorde eg då òg, og det var i det semesteret eg skreiv manuset til debutromanen min. Men det var no òg litt ærefullt, tenkte eg

nok, det i sine unge år å skulle bli skrivelærar for andre som gjerne ville skriva. Eg voks nok litt der eg sat då eg tenkte den tanken. Og eg var jo på det næraste ferdig med hovudfaget mitt, noko større forfattarstipend hadde eg ikkje, det kom til å trengast ein stad å bu, son vår dreiv og voks til, og no kunne vi snart ikkje lenger bu på studentby, noko måtte eg vel finna på, men bli lærar i kreativ skriving på Skrivekunstakademiet i Hordaland?

V

isst vart eg då lærar, som eg hadde bestemt meg for at eg ikkje ville bli, men lærar og lærar? Og så vart det som det vart. Eg vart lærar, tilsett i halv stilling, ved Skrivekunstakademiet i Hordaland. Frå 1986 og til 1992 eller noko slikt underviste eg der. Med ulike kollegaer, større og mindre stilling, med eller utan administrative oppgåver. Studentar kom og gjekk, den eine etter den andre debuterte. Åra gjekk. Eg var skrivelærar ved Skrivekunstakademiet i Hordaland. Og så ein dag merka eg at no var det nok, og då slutta eg som skrivelærar, og det kjendest då ut som det einaste rette å gjera. Eg, som aldri hadde vilja bli lærar, orka ikkje å vera lærar meir.

Jon Fosse

Essayet er henta frå samlinga Når ein engel går gjennom scenen og andre essay (Samlaget 2014). Teksten vart fyrste gong trykt i 1995.

Norsk Tidend 2–2014

Alfred og hunden Samuel forlet pappkartongen» i 1993.

25


Lmålgåver

Gåver til Noregs Mållag Mellom 22. januar og 20.mars fekk Noregs Mållag kr 232 916 i gåver. Dette er me særs takksame for. Lista under er gjevarane. AUST-AGDER MÅLLAG Jackob Bakken Torfinn Brokke Kjersti Fone Kristine Foss Rolf Fredriksen Harry Gustavson Gunnar Hagelia Johannes Havstad Per Homme Ånund K. Homme Rune Nylund Anne Oland Signe Alise Olstad Sigrid Bjørg Ramse Olav Repstad Kari Gerd Riisland Randi Steinsholt Vidar Toreid Johannes G. Torstveit Helge Ove Tveiten Ingebjørg Vegestog Olav Vehus Jens Vellene Scott Aanby

Norsk Tidend 2–2014

26

AUSTMANNALAGET Magnus Amdal Ole Bjerke Vigdis Bjørhovde Oddbjørg Blakar Jon Steinar Bredeveien Inger Johanne Dæhlen Ingvild Marie Eknes Frode Erstad Kari Ruud Flem Brynhild Marie Foss Harald Ove Foss Kjell Gulbrandsen Erik Hanssveen Olav Haraldseid Magnhild Harsheim Bjarte Hole Per Hvamstad Ola Jonsmoen Håvard Kleiven Sondre Kleiven Ola Klepp Torill Nedberge Klevmark Inger Margrethe Kyllingstad Grete Langodden Asgeir Lilleås Mildrid J. Lunder Anne Midtbø Asbjørn Myrvang Jogrim Nordsletten Odd Arne Nustad Hans M. Næss Olaf Nøkleby Ellen Preststulen Oddvar Romundset Nina Berge Rudi Magne Rydland Mari Skaar Arne Skuterud Arne I. Skåle Nils Steinar Slapgård Tor Stallvik Arne Sund Sverre Sørbø Gudmund Teigen Magne Teppen Olav Teppen

Sigrid Trøite Thøring Knut Tvete Lars Ullgren Olav Veka Bjørn Liavaag Visø Åse Grønlien Østmoe Rolv Kristen Øygard Bjarne Øygarden Brynjulv Aartun

BUSKERUD MÅLLAG Niri Baklid Maria Høgetveit Berg Tor O. Bergum Hans Borge Herbjørn Brennhovd Torleiv Brennhovd Per Drabløs Irene T. Hansen Kari Bjørg Lågøyr Osvald Medhus Martin Myhr Ingunn Asperheim Nestegard Sveinung Nestegard Odd Oleivsgard Gunnar Ottne Halle Perstølen Ola Ruud Knut V. Seim Knut H. Skrindo Kjell Snerte Rolf Harald Sæther Einride Tinjar

DIREKTEMEDLEMER Anfinn Bondhus Kristian Halse Knut Johannes Helvik Olrun Hild Hillestad Elin Hjelmeland Johannes Hjønnevåg Knut Langesæter Erling Nordheim Knut Røyrvik Kolbjørn Sandøy Karin Steinsletten Audun Sydnes Lars Børge Sæberg Borgny Særsten Leif Helge Særsten

FYLKESMÅLLAGET VIKVÆRINGEN Olil Amble Gurid Aga Askeland Norunn Askeland Børre Austmann Sigmund Birkeland Lajla Elin Blom Reidar Borgstrøm Harald Arne Brandal Herfinn Brekke Magnhild Brekke Svein Erik Brodal Hæge Marie Roholdt Brunvatne Karen Bø Kjell Bø Tormod Bønes Arne Bøyum

Erik Døving Hans Olav Eggestad Solbjørg Engeset Karl Eldar Evang Turid Farbregd Magnhild Folkvord Jon Olav Fosse Vidar Freddysson Torfinn Fuhr Kåre Glette Mildrid Helland Botolv Helleland Anne Grethe Hoff Halldor Hoftun Valborg Holten Joar T. Hovda Marit Hovdenak Marit Husevaag Tormod Hallstein Høgåsen Olav Bakken Jensen Laurits Killingbergtrø Turid Louise Quamme Kittilsen Liv Dagny Klevstrand Harald Sverdrup Koht Bård Kolltveit Olaug Krogsæter Johannes Kvammen Åse Haugan Larsen Edvard Lauen Norvald Mo Arnold Mundal Magne Myhren Finn Måge Solveig Nerol Øystein Njål Nordang Eva Nørstebø Lyder Olden Ole Bernt Olsen Ivar Nagelgaard Omenås Kari Rysst Paulsen Einfrid Perstølen Yngve Rekdal Asbjørn Roaldset Magnus Robberstad Kjell Rygg Olav Røvang Olav R. Skage Åsmund Skard Gunnvor Fykse Skirbekk Arne O. Skjelvåg Harald Frode Skram Arve Skutlaberg Sølvi Slørdahl Ane Solberg Rolf Sunde Ellen Marie Svea Sissel L Sæbø Siri Sørheim Olav Nils Thue Øystein Tormodsgard Stein Tveite Synnøve Ulvik Jan Vevatne Lars Sigurdson Vikør Kjetil Vistad Arne Wåge Håkon Ørjasæter Bergfinn Aabø Solveig Fiskvik Aamodt Kåre Årsvoll Helge Årøen Ivar Aasen

HORDALAND MÅLLAG Otto Aksnes Randi Andersen Sigrid B. Andersen Aud Angeltveit Erik Arneson Anders Askeland Edel Augestad Anders Austefjord Johannes Belsvik Daniel Berge Olav Berge Eli Bergsvik Dagrun Berntsen Siri Solvik Bertelsen Jostein Birkeland Kjellaug Birkeland Hjalmar Bjerkeng Dag Bjørnevoll Asbjørn Bjørnset Solveig Bjørsvik Målfrid Bjånesøy Olaug Boge Brita Bolstad Arne Brattabø Eli Brattabø Jostein Brattabø Elfrid Brekke Reidar Bremerthun Knut O. Dale Nils J. Drage Inge Draugsvoll Torbjørn Dyrvik Gunnar Eide Nils Eidhammer Ole-Johan Eikeland Frøydis Eiken Reidun Emhjellen Nils M. Engelsen Norvald Erstad Olav Fagerbakke Jarl Fimland Normann Fjeldstad Sverre Fjell Tormod Folgerø Kari Fosse Harald Frønsdal Eirik Førde Guro Sofie Gjelland Nils L. Gjelland Paul Kåre Gjuvsland Endre Grutle Jakob Gullberg Ingeborg Halderaker Dag Oddvar Hallaråker Oddlaug S. Hansen Hardangertun Stanley Hauge Torbjørn Haukås Åshild Haukås Øyvind Hellesnes Aslak E. Helleve Aslak L. Helleve Aslak T. Helleve Ivar Helleve Jan Kåre Henriksbø Kjartan Hernes Torolv Hesthamar L. O. Himle Marit Hjartåker Karl Johan Holmås Fredrik Hope Karl Hope Sverre Hope Arny-Sissel Myking Horsås Elisabeth Hummelsund Irene Hunskår Bjørn Husefest Bjarte Husum Jens Hystad Martha Hægstad Greta Håheim

Else Jerdal Ole-Jørgen Johannessen Aslaug Garnes Johnsen Egil Jøsendal Ingvild Jøsendal Gunvor Jåstad Randi Jåstad Hans Kr. Kahrs Ole Johannes Kaland Bjørg Kaurin Folke Kjelleberg Ingrid Kjelstrup Olav Klubben Leif Knutsen Ståle Kolbeinson Knut Kristiansen Trygve Kråkevik Magne Kvæven Åsta Kårevik Vidar Lehmann Haldor K. Lid Lars Gunnar Lie Åsmund Lien Leif Lindvik Torgrim Ljones Kjellaug Lundestad Einar Lygre Eldbjørg Tøsdal Lyssand Ruth Henny Løland Torstein Løning Ove Leon Låstad Magne Audun Mestad Jostein Mykletun Einar Myster Nils Mæhle Arnljot Møster Johannes A. Måge Odlaug Måge Marit Nedreli Nils N. Nesheim Arne Nilsen Torill Selsvold Nyborg Helge Martin Nygård Astrid Olsen Ingebjørg Lundetræ Opedal Aud Oppedal Anfinn Otterå Jan Reidar Rasmussen Astrid Reigstad Rannveig Reigstad Sjur Olai Reinsnos Nils B. Reisæter Inger-Johanne Rossebø Elsbeth Rønhovde Annlaug Røstum Sigmund Røstum Lars K. Sandven Solbjørg Åmdal Sandvik Gunnar Andreas Schei Heidi Seilfaldet Torbjørn Seim Kjellfrid Sekse Olav Johannes Skeie Gunvald Skeiseid Gunnar Skirbekk Jørgen Skjerve Arne Skjerven Arnlaug Skjæveland Per Skjæveland Harald Skorpen Jakob Skår Hermund Slaattelid Kari Smith Jostein Småbrekke Asbjørg Solberg Asbjørn Solberg Idar Stegane Magnhild Steine Gerhard Inge Storebø Nelly Storebø Jon Strand Gunnar Reidar Stusdal Gunnar Reidar Stusdal

Rolf Sigmund Sunde Anne Sæland Kjell Gudmund Søholt Anders Søvik Rigmor Taraldset Johannes O. Teigland Arne Tokheim Johan Torekoven Ingun Torheim Kjell Henrik Torp Håkon Træland Odd Tøndel Tora Tønder Anna K. Valle Rigmor Nesheim Vaular Randi Vengen Magnhild Vestrheim Audun Vevatne Øyvind Vevle Berit Vatne Vik Liv Vike Inger B. Vikøren Ingebjørg Viste Liv-Berit Økland Nils Ivar Østerbø Kjell Gunnar Ådnanes Olav Ånneland Magne Århus Solveig Åsvang Ivar Bård Aadland Olav Aas

KARMSUND MÅLLAG Synneva Flesland Ivar Arvid Gismarkvik Aud Grimstveit Anbjørn Haugland Torill Borge Horneland Olav Torfinn Jondahl Øystein Kalstveit Svend Kjetland Tone Kringeland Solveig Lunde Bjørg Mannes Paul Mølstre Borghild Sævereide Prestegård Geir Ragnhildstveit Johannes Risøy Askild Rullestad Gunvor Røgelstad Knut Selsaas Svein A. Strømme Ernst Arne Sælevik Lars Sævereide Jon Olav Tesdal Arne Vevatne Ingolv Vevatne Sivert Ørevik Ola Øverland Yngve Øvstedal Steinar Aalvik

NAUMDØLA MÅLLAG Håvard Avelsgaard Odd Eidshaug Toralf Engesnes

NORDLAND MÅLLAG Kåre Belsheim Ragni Helene Herseth Tore Moen Siri Randers-Pehrson

NORDMØRE MÅLLAG Jon Kristian Aune Inga Bergheim Ola Bræin


ROGALAND MÅLLAG Leif Andenes Sigmund Andersen Johannes Bakka Lars Bakka Ingebrigt Botnen Konrad Bråtveit Alf Jan Bysheim Gerd Helen Bø Ellen Einervoll Svein Eldøy Knut Falk Jan Finjord Solveig Moe Fisketjøn Oddvar Flatabø Jon Fosså Ingrid Gjesdal Johanne Hansen Lidvor Hatteland Inge Haugland Halvard Helseth Rasmus Hetland Tom Hetland Oddrun Hidle Rasmus Hidle Liv Hobberstad Magne O. Hope Terje Håland Magne Jakobsen Tore Joa Odd Jørstad Anne Margrethe Kolnes Nils Ingvar Korsvoll Georg Løvbrekke Ingeborg Mjør Lars Mo Per Moen Sigrid Myhre Reidar Nesheim Lise Lunde Nilsen Kirsti Nærland Bergljot Nøkling Ingvar Olimstad Oddbjørg Oma Aslaug Opheim Inger Skretting Opstad Åshild Osaland Marit Osland Oddbjørn Reime Marit Renslo Svein Risa Torleiv Robberstad Audun Rosland Magne A. Roth Atle Røe Thorhild L. Rørheim Jørgen Sagevik Rolf Salte Gerd Sandsmark Bergljot Selvåg Tobias Skretting

Kåre Skår Målfrid Snørteland Eldrid Solheim Tom Soma Hans Spilde Ivar Stangeland Jon Stangeland Marit Rommetveit Staveland Odd Sigmund Sunnanå Brit Harstad Sværen Svein Kåreson Søyland Tore Thorsen Ola O. Thu Ove Thu Kristoffer Tjessem Kåre Torvanger Kurt Tunheim Torhild Øvregård Tveit Ottar Vandvik Reidar Vik Ketil Volden Oddveig Kirsten Aam Kjell Aambakk Gunvor Aardal Audun Aarflot

ROMSDAL MÅLLAG Dagrun Gjelsvik Austigard Henning Austigard Kristine Eidhamar Einar Gridset Torhild Hanem Eivind Hasle Per Hestad Arnhild Digernes Krøvel Tor Kvadsheim Gunnhild Austlid Oppigard Lars Staurset Oddmund Svarteberg Turid Leirvoll Øverås Ingar Aas

SOGN OG FJORDANE MÅLLAG Kjellfrid Alme Ola Austring Olaug Marie Bjelde Ragnhild Lovise Bjørlo Ole Georg Blikås Magnar Bolstad Eivind Brekke Oddbjørn Bukve Nils Distad Bjørn Eide Annbjørg Eikenes Gjertrud Eikevik Arnfinn Jørgen Eldegard Kjell Erik Eldegard Eldbjørg Stegane Engebø Hans Engesæt Dag-Erik Eriksmoen Astrid Ervik Jon Farestveit Marta E. Fjærestad Sverre N. Folkestad Jan Martin Frislid Else Fure Ottar Færøyvik Marianne Sæthre Geitrheim Oddvar Gjelsvik Leif Grinde Oddlaug Hammer Ivar S. Haugland Sigmund Haugstad Johan Torgeir Holvik Magnus Hope Ragnar Hove Bjørg G. Hovland Astrid Berg Hundeide Målfrid Husnes

Marta Systad Iden Sverre Indrehus Bjarne Kaarstad Harald Kirkebø Arne Kleiva Olina Kolbotn Liv Janne Kvåle Johan Kyrkjebø Magny Kårstad Gunnhild Larsen Øystein Lavik Lars Lotsberg Rune Lotsberg Jens Lunde Sigrunn Lundestad Steinar Dahl Lægreid Reidar Mardal Terje Moe Johan Moldestad Knut Ole Myren Oddvar Natvik Liv Signe Navarsete Julie Kristine Ness Anna Njøs Stein Bugge Næss Per Scott Olsen Jon A. Ramstad Oddbjørn Ramstad Tordis Randmo Kristen A. Ravnestad Henning Leiv Rivedal Einar Rysjedal Bjørn Rørtveit Marta Kari Schawlann Gro Selås Bjarte Sindre Synneva Kolle Solheim Unni Stedje Kirsti Solheim Stegane Irene Stokker Ola Magne Strand Magn Jarl Stubhaug Sigrid Svartefoss Gunnhild Systad Leiv Sølvberg Siri Garborg Talle Jakob Thingnes Tore Thingvold Oddrun Thorsnes Helge Thue Ingrid Thy Kari og Helge Tveit Lars Øyvind Vikesland Ingebjørg Voll Liv Østrem Vemund Aartun

SUNNMØRE MÅLLAG Margaret Alme Håkon Almestad Kristian Almås Lisa Mari Breivik Anderson Åsmund Arne Erik Bergmann Dagfinn Bjørkedal Ingval Bortne Liv Brekke Ole Arild Bø Astrid Aakre Eikrem Oddny Ekroll Per Fauske Mård Torgeir Fauskevåg Jostein Fet Kyrre Grimstad Øystein Grønmyr Frode Guldal Asbjørn Hatlehol Thor Sivert Heggedal Jorunn H. Henriksen Inger Hjorthaug Steinar Arne Holmeset

Astri Hunnes Reidun Hunnes Ingrid Runde Huus Jørund Kile Jakob O. Kjersem Gunnar Kjøde Terje Kjøde Else Løndal Jostein O. Mo Brynhild Mykkeltveit John Osnes Einar Pettersen Petra Pilskog Oddbjørg Karen Remøy Torleiv Rogne Greg Rotevatn Gunder Runde Olga Støylen Runde Solfrid Røyneland Randi Sandnes Jarle Solheim Linbjørg Bjørkavåg Sunde Magne Ivar Sætre Asbjørn Tryggestad Randi Flem Ulvestad Eldrid Vik Sveinung Walseth Knut Ytterdal Ingrid Aamdal

TELEMARK MÅLLAG Robert Anderson Johannes Apold Halgeir Brekke Aslaug Storåsen Djuve Olav Felland Halldis Flothyl Sigrid Fonnlid Jon Funner Asbjørn Gardsjord Gunhild Gardsjord Hans Magne Gautefall Svein Helge Gloppe Torgeir Grimstveit Anne Gøytil Knut T. Haugen Ingebjørg Haukelidsæter Hallgrim Høydal Jon Ingebretsen Halvard Jansen Olav Jortveit Kjetil Langåsdalen Sigrun Garvik Moen Guri Ness Ellen Bojer Nordstoga Jakob Olimstad Birger Risnes Helge Rykkja Per Skaugset Gunvor Solberg Olav Solberg Borghild Stahl Margit Ryen Steen Olav Stranna Alv Halvor Straumstøyl Einar Leiv Søreide Olav Tho Anne Marie Tveit Jon Tvitekkja Ingebjørg Helkås Vaa Johan Vaa Tor Valle Einar Versto Sverre Åsen TROMS OG FINNMARK MÅLLAG Leif Jørgen Akse Per K. Bjørklund Terje B. Dahl Vidkunn Eidnes

Karl Ragnar Engstad Torgeir Engstad Eldbjørg Gjelsvik Aud Hauan Lillian Bernes Hay Olaug Husabø Sigrun Lunde Atle Måseide Kjell-Per Nilsen Morten Ruud Rønnaug Ryssdal Sigrid Skålnes Sunniva Skålnes Gunn Utkvitne Bjørnar Østgård Odd Østgård Else Marie Øvrebø Nils Aarsæther

TRØNDERLAGET Egil Ingvar Aune Kjell Bardal Einar H Bartnes Ingvar Berg Ivar Berg Arvid Bjørgum Oddrun Bjørgum Karl Ove Bjørnstad Grete Oddveig Holen Buhaug Olaug Denstadli Anne Eldevik Olav Engan Ola Stuggu Fagerhaug Tore Fagerhaug Helge Fiskaa Jon Olav Forbord Arne A. Frisvoll Ingebrigt Garberg Gunhild Grue Bjørn Gulla Anders Gustad Arne Hov Olav Kuvås Eirik Aksel Larsen Mads Løkeland Jorunn Mehlum Lars Kolbjørn Moa Håvard Moe Sverre Mikal Myklestad Magne Måge Einar Nordbø Ingrun Norum Lars Nygård Jenny Nyvik Helge Raftevold Kristian Risan Einar Rædergård Jørgen Røflo Solveig Benum Sanner Ragnhild Saur Rutt Olden Skauge Oddny Pauline Skeide Ingebjørg Sogge Arnljot Solstad Eiliv Størdal Jan Sørås Nils Søvik Arnkjell Tingstad Torbjørn Tranmæl Inge Torfinn Vada Anne-Berit Østbø Aa. Bjørgum Øwre VALDRES MÅLLAG Bjørg Berge Gunnar Breivik Olav Gullik Bø Reidun Espeseth Bjørg Lerhol Kjellaug Volden Lie Aase Lunde Robøle Ingrid Solveig Spjøtvoll

Tullik Thorsrud Magnor Wigdel Magnar Øyen

VEST-AGDER MÅLLAG Leiv Hartly Andreassen Bjørn Røhme Berger Valdemar Birkeland Åse-Berit Fidjeland Aslak Fjermedal Gunnhild Fjermedal Vigleik Frigstad Øyvind Grov Thorbjørn Gysland Torgeir Hagestad Asborg Handeland Magne Heie Olav Kalnes Klara Lilletveit Solveig Stallemo Lima Målfrid Lindeland Oddvar Moen Elfrid Ovedal Ålaug Rosseland Bjørg Helene Slapgard Bjørn Slettan Asbjørn Stallemo Hilde Stave Leiv G. Storesletten Betty Marie Stusvik Gunnar Vollen Ivar Åmlid

ØSTFOLD MÅLLAG Gunnar Anmarkrud Ole Johan Bjørnøy Bodil Cappelen Gudbrand Guthus Eiliv Herikstad Arnstein Hjelde Bjørg Robberstad Jensen Arne Kvernhusvik Arild Løvestad Ole Magnus Olsen Jan T. Pharo Einar O. Standal Lars Vik YRKESMÅLLAG Gunnveig Breistein Kjellfrid Bøthun Olav Bøyum Bjarne Dåe Lars Inge Fenne Eirik Holten Kari Huus Hallgeir Langeland Kjell Harald Lunde Borge Otterlei Hugfrid Raaheim Frode Ringheim Claus Ola Solberg Lars Helge Sørheim Harald Thune Turid J. Thune Karen Time Sigrid Tyssen Torgeir Urdahl Birger Valen Olav Vesaas Eirik Vikane

Norsk Tidend 2–2014

Eva Susanne Bårdseth Arild Drøivoldsmo Ruth Fluge Rakel Flå Randi Skrøvset Hatle Johan Sigmund Heggem Marit Hoel Fosland Ingolf Tora Kjelleberg Jorunn M. Kvendbø Albert Lervik Ingrid Lysberg John Neergaard John Neergaard Dagny Næss Finn Gunnar Oldervik Ottar Roaldset Eirik S. Todal Elen Maria Todal Kirsti Orheim Ås

27


Lkryssord ved Laurits Killingbergtrø

Kryss NT nr 2-2014 BORAR BAKKE

MESSE UTE

RIKSSTYRE PÅ MOTEN

PROV FOR USKULD

ELV OG BY DU OG EG GRISANE

TONEFØLGJE

DÅRLEG SJØLVTRU

STABLE

VESKE

LIKE

VIRVAR

REX

BAKENDEN

VEST

SKAPNING SKRIK

FØLGJE

BAKKETOPP

HAUG

IKKJE

UNION

ÅTVARING SOM BLOD

I MIDTEN AV

RETTSVITSKAP

SÅ GODT !

FOSFOR

SAMLA TAL

SMART

TREDJE TONEN

SONG

INNANFOR

SKIKKA

OE

SÅG I BOKA

IKKJE-

RØYK

STOREBROR, SÅ VIDT

PLAGG

FORTALDE FRYSE

HEVE SEG

UTBYGG

JOULE

PADDE

PÅHITT

VONDT

HUSHJØRNE

TEK BORTI

PRONOMEN

DROPAR

PARTI

PLASSERTE

GNEISTE

MANNSNAMN

SLETTE

AVGIFT

SKJENN

KVINNENAMN

FUNGERE

SOMMAR

KALIUM

KATT

KORN

FERSKE

BLAD LITA MUSIKKGRUPPE

SJØLV

ROMMÅL

UJAMN

MØLLE

TELE

VEKT

SANSAR

SJØDJUP

DRIKK

KOMANDE

I NUMEDAL

KORTET

GRUNNSTOFF

NOKO GODT ELLER VONDT

DÅRLEG BUTIKK

UTKOPLA

DEG OG MEG

SKY

SLAG

SAMANLIKNA MED

SØRLANDET

YMSE

TVISPRANG

HEILE BUNTEN

SJEKKA

FISKESKINN

SLURVA

PRAKT

TVDEKNING

FRÅ MOTSETT RETNING

SKOLEARBEID

KJØTT

STATSRÅD

ELVA

ARTIKKEL

UTILDEKT

UTVEKSLINGA

UTVEG RENN SAKTE

NR. 2 2014

TRIVE

Kryssordvinnarar i nr. 1 – 2014 Gunnar T. Brevik, Slidre Sigvor Bjørkedal Øvregård, Folkestad

Norsk Tidend 2–2014

Tor Stallvik, Vågå

28

Send løysinga til: Noregs Mållag Lilletorget 1 0184 Oslo

H P A TVSTOFF R E T S LØNTE P VOGNER T O R Å S E MIDDAG M VÅR USOLIDARISK A PERSON S N SKIP S SPENT S I P V E R E T FAR

BAKEUTSTYR FYRSTE

FERD PÅ VATNET BJELKE

GLATT PÅ KINNET

Frist: 14. mai 2014 Merk konvolutten «Kryssord». Rett løysing kjem i neste utgåve. Tre vinnarar vert trekte ut og får fin premie. Namn:

LLøysing

Kryss NT nr 1-2014

FRIGJORD

ELDSTAD STROFE

Adresse:

ATTSKAPE

Postnummer/-stad:

KONTROLLERT

VERE PÅ SCENA PLANTE

O P P T R E

RUSSISK ELV HAVØRN

P A E R L E LENGD A KLØDDE R M A G O T U N Y R I P A A I KREATIV S K FEITTET I K A S SOPP L T R A E I S R S E K O T E R ÅTE

SÆRMERKT

RUNDT TAL FEST

ADVERB

LAUVTRE

O B I I S M A M M I E G N R A K N E T I A P R RYKE O N D E A N N S S E

DRIFTIG

NYE FOLK TIL LANDET

SPORTSFOLK

ÅREFESTE

SPELE

DANSK BY

GJERE OM MERKSEMD

PELSEN

D I S K O T E K

UTESTAD

REKKJE

INNSKRENKA

FESTE

I HUS

FINSK SJØ

I ORDEN

ASIR ATAR A SNODIG LAND O N T I A T I V R I K PÅ E E N D I N G A R LIGG EGGA S I N B A R R A R HUSDYR VERKE P E R E R E BORGE K U R E U T I N G STÅR G OPEN VAR GODT Y T A S A G A FESTA S I R E N N A R A R A S E R A I HARSEA P LAS HUGIN OG T T A R MUNIN R A M N A R EIG I N TÆRER H A R T R E A N D E R A S E GRUNT NAR NAUST A G E R E TETEN R O R B U S E O L E N E A R ØY I STØTT NAMS IGJEN E PILKAST I D E L E G DALEN N D R E I L L E A SVENSK A RØYND R U T I N E R T BYRÅ BERET R U E R E TREET Å K E T NR. 1 SEKKER R A N S L A R 2014 T T ODDE

EDLE BLOKKAR

342 HER

LEI VANE

MYLDRAR

OVERFLATA

FORTELJING

KALD

TAL

PALASS

TILBAKESENDING

ABONNERE

VEKST

PÅ MOTEN

UNDERHALDNING

DIKTAR

VERE SINT KOME NEDBØR

EIN MED PARAPLY

MÅNEFASE PREST I BIBELEN

URO

FOTSOLE

STEINANE

STORESYSTER SYSAK


L nmu Vebjørn Sture Leiar i Norsk Målungdom

Lovleg seint ute

Kvar finn du nynorsk? Underskrivne tek til å verta gamal. Så gamal er eg vorten at eg no står overfor eit val, skal eg hiva ut kjerringi eller skal eg kjøpa motorsykkel? Det er i grunnen ikkje så vanskeleg, kjerringi kan eg ha mykje nytte og hugnad av i lang tid enno. Så difor har eg nytta altfor mykje tid framfor datamaskina i det siste. Ikkje på Match.com, men på Finn.no. På leit etter ein høveleg motorsykkel for eit gamalt skinn. Og det er då eg stussar over eit underleg fenomen. For i lysingane for motorsyklar som står på Voss, Osterøy, Sogndal, Førde, Eid, ja stort sett overalt på det sentrale Vestlandet, er teksten skriven på bokmål. Og det er ikkje berre einskildord, slik at ein kan tru at det berre er dårleg språk. Nei, er det einskildord som glepp, så er det at eit hende «ikkje» eller «eg» snik seg inn. Ikkje bokmålsord i ein nynorsktekst. Ei av desse bokmålslysingane hadde ein sykkel som var så fin at eg sende vedkomande eit tilbod som tekstmelding. Svaret kom på eit godt og stilsikkert nynorsk! Så karen hadde tydelegvis nynorsk som sitt naturlege skriftspråk. Kva er det då som gjer at oppegåande menneske med nynorsk som sitt morsmål, nyttar bokmål når dei skal kommunisera ut i verdi? Mange trur at nynorsk er avskrekkande, dei er redde for å støyta frå seg folk, seier professor i nordisk språkvitskap ved Universitetet i Tromsø, Øystein A. Vangsnes, på ei dårleg telefonline frå ein skitur ved svenskegrensa. Han har høyrt at mange unge nyttar bokmål når dei vender seg til offentlege institusjonar. Den same grunngjevingi får eg frå Eli Bjørhusdal, høgskulelektor i Sogn og Fjordane, som arbeider med norsk offentleg språkpolitikk.

L TYLEPRAT KNUT P. BØYUM storeknut@online.no

Ein vil for Guds skuld ikkje utfordra og støyta ifrå seg nokon. Og serleg ikkje når ein ynskjer å selja noko. Bokmål er majoritetsspråket og det er få som reagerer om ein nyttar det. Nynorskfolk kan ikkje tillata seg den luksusen. «Sendar», den som skal kommunisera med ålmenti, trur at det er slik. Difor dette mellombelse individuelle språkskiftet. Det kokar ned til status. Nynorskbrukarar trur at språket deira ikkje vil verta godt motteke, og legg difor om til bokmål, seier Bjørhusdal. Men det er ikkje berre som einskildpersonar me har husmannssykja i høve eige språk. For ikkje så lenge sidan var eg på det årlege årsmøtet i produsentlaget mitt i Tine. Ei tid attende var det fleire som påpeikte at det var underleg at ein for å selja ei vare som er eit naturprodukt frå bøane langs fjordane på Vestlandet, nyttar bokmål. Difor vart det ei kort tid endringar, bøndene på kartongen vende seg til forbrukaren på sitt eige språk her på Vestlandet. Men det var ikkje lenge før det minka på nynorsken att. Så på møtet spurde eg representanten for Vestlandet i konsernstyret, Cecilie Bjørlo, om ikkje ein kunne få att alle dei nynorske kartongane. Svaret var ikkje serleg opplyftande, det var ei for liti sak, det var kostbart og det var så få nynorskbrukarar. –Ein må tenkja på forbrukaren, om ikkje me sel mjølki, vert det ikkje inntekter. Så der er det igjen. Ein er så redd, så redd for å støyta nokon. Men er forbrukaren så dum?

– Salstali til Lerum syner vel at det ikkje er tilfelle, seier Marit Aakre Tennø, leiar i Noregs Mållag. Trine Lerum har sagt at det var ein kamp med reklamebyråi då dei ville leggja om frå bokmål til nynorsk for nokre år sidan, dei sa ein ville skilja seg ut negativt. Men ettertida har synt at det var rett å byta. Det er vel sameleis med Hotell Alexandra, for ei reiselivsbedrift er det å skilja seg ut noko positivt. Vera ekte. Kan henda var det dét som var grunnen til at Coop Mega i Førde fekk nynorsk andlet. Og kven trur at Meny i Sogndal brukar tid på å setja om lysingane til nynorsk om dei tapar på det? Men må ein selja lokalt for å våga å nytta nynorsk? Nei. Aakre Tennø ramsar opp døme på verksemder som nyttar nynorsk mot ein større marknad: Skogstad Sport, Vartdal Plast, Kleven Ulstein, Stranda Skisenter og Myrkdalen Skisenter på Voss. Nynorsk kan nyttast til alt, men me må alle vera med og syna at det er sant, avsluttar ho. Og det har ho vel rett i? For om ein ynskjer at dei som veks opp no, skal oppleva at deira eige språk er eit naturleg val, så må dei sjå det i bruk. Om dei ser at vaksne førebilete, anten det er einskildpersonar eller verksemder, vel vekk nynorsken i den mistydingi at det ikkje er godt nok, er det vel ikkje nokon grunn til at dei sjølve skal nytta språket? Unge, og gjerne me andre òg, treng å sjå alle som naturleg nyttar nynorsk der noko anna ville vera å gjera seg til. Så korleis gjekk det så med meg og motorsykkelhandelen, fann eg ei nynorsklysing? Ja, det gjorde eg, dei finst innimellom. Men ingen av dei syklane eg ville ha, var lagde ut på nynorsk. Så eg kjøpte meg ein sykkel på Fetsund, hjå ei det var naturleg for å nytta bokmål. Då veit eg at ho ikkje lurar meg med språket sitt, og då lurar ho meg gjerne ikkje på andre ting heller.

No, etter fem år med stillstand, har saka endeleg byrja rulla. På spørsmål i Stortinget frå Trine Skei Grande (V) i februar, svara kulturminister Thorhild Widvey (H) at ho vil prioritera arbeidet med å laga ny språklov i tida som kjem. Fylgjeleg vert spørsmålet: Kva er målrørsla sine innspel? Kva er dei viktigaste momenta me vil ha med i den nye språklova? Kva prinsipp, rettar og reglar bør ho slå fast? Dei fleste Norsk Tidend-lesarar kan nok ramsa opp mange gode forslag på strak arm, men eg trur likevel me må tilstå at me har sove litt i timen. For sjølv om me har evna til å klekkja ut dei tiltaka som trengst, så manglar me eit godt fundament for arbeidet med å påverka utforminga av lova. Me har ikkje hatt eit så grundig ordskifte som me burde hatt dei siste fem åra. I staden har kulturministeren teke over initiativet. Rett nok har både NMU, Mållaget og fleire andre nemnt språklova av og til, i både fråsegner, arbeidsprogram, felleserklæringar, og elles. Men det har neppe vore grundig nok. For kva har me kome fram til? Korleis ser ynskjelista vår ut? Det må me finna ut av i ein faderleg fart. Elles kan målrørsla sitt arbeid med språklova fort krympa til ein visjonslaus kamp for å tryggja status quo. Meiner me alvor med fagre ord om språkmangfald og språkleg likestilling, nyttar det ikkje å venta til lova er ferdig skriven med å føreslå korleis dei kan realiserast. Vil me påverka, må me ta initiativ. Så for å gjera nettopp det: Eg meiner det ville vore eit enormt framsteg for det språklege likeverdet om statleg åtte bygg og verksemder vart pålagde å skilta og profilera seg på nynorsk, samisk og bokmål. Enn du? Ordet er fritt.

Norsk Tidend 2–2014

Mikrobryggeriet Ægir vann Nynorsk Næringslivspris i 2011. Foto: Kjartan Helleve

Den som ventar på noko godt, ventar i beste fall på ingenting i det heile. Det hastar å vinna tilbake initiativet i spørsmålet om ny språklov. I slutten av april er det fem år sidan Stortinget vedtok stortingsmeldinga som heiter «Mål og meining. Ein heilskapleg norsk språkpolitikk». Eit viktig tiltak i meldinga var å utarbeida ei ny, allmenn språklov.

29


Krambua

Ivar Aasen: Fann han, eller konstruerte han?

Åndeleggjeringa av nynorsk Lytring

Sjå innom heimesida for andre tilbod. Hugs at vi kan gå tom for somme artiklar. Det er såleis ikkje sikkert at du får alt du tingar.

Ja takk, eg tingar: ❏ Fleecejakke

❏ Matboks

For damer: Fargar:

❏ grå ❏ kornblå ❏ bringebær Storleikar: ❏ s ❏ m ❏ l ❏ xl

❏ Notatbok blå ❏ Notatbok svart

For menn: Fargar:

❏ Notatbok natur

med logoen til Noregs Mållag på brystet.

❏ ❏ Storleikar: ❏ s ❏ m l ❏ ❏ xl grå

Linjert notatbok med slagordet «Gjennom ord blir verda stor!» Hardt omslag med stofftrekk. Kr 125,–

azurblå

❏ xxl

Kr 220,– Hugs å krysse av for farge og storleik!

❏ Mobildeksel iPhone 4 ❏ Mobildeksel iPhone 5 Mjukt mobildeksel til iPhone 4 og iPhone 5 med trykket «Å snakka: akkedera, garta, kvitra, masa, munnrøda, pjegga, preika, røda, svalla, tjantra» Kr 50,–

1 eller 20 jakkemerke «Gjennom ord blir verda stor» Kr 10,– (Kr 50,– for 20 stk.)

Norsk Tidend 2–2014

1 eller 20 jakkemerke «Takk, Ivar Aasen!» Kr 10,– (Kr 50,– for 20 stk.)

30

Kryss av, klipp ut eller kopier og send tinginga til:  Noregs Mållag, Lilletorget 1, 0184 Oslo Namn: Adresse: Postnr./poststad: Telefonnr./e-post:

I plast, 16 x 11 cm. Kr 50,–

Ulinjert notatbok med Ivar Aasen på framsida, og «Noregs Mållag» på baksida. Hardt omslag med strie. Kr 75,–

❏ Krus

Med trykket: Det endaa koma kann den Dag, daa Retten fram kann sleppa. Ivar Aasen, 1875 Kr 100,–

❏ Krus

Med trykket: Skogen stend, men han skifter sine tre. Olav H. Hauge, 1965 Kr 100,–

❏ Krus

Med trykket: Det går mangt eit menneske og ser seg fritt ikring for Ivar Aasens skuld. Tarjei Vesaas, 1950 Kr 100,–

Eller: send e-post til nkrambua@nm.no, ring til 23 00 29 30, eller å gå inn på www.nm.no Porto kjem i tillegg.

I sitt tilsvar til meg i sist nr. av Norsk Tidend, held Ottar Grepstad fast på at nynorsk var eit «funn» og ingen «konstruksjon». Men eg kan ikkje sjå at svaret hans er tilfredsstillande. Han argumenterte med at nynorsk ulik språk som esperanto, har sine røter i eksisterande språk. Han avviste at dette handla om éi og berre éi logisk rettskriving. For Grepstad er nynorsk i staden eit kulturspråk som ligg logisk latent i «den sosiale og kulturelle tyngda» i norsk folkeliv; slik forstår eg han. Slik argumentasjon er veldig abstrakt. Sosial og kulturell tyngd kan det setjast mange ord på; å hevda at skriftspråkkonseptet «nynorsk» er einaste logiske svaret på det som har rørt seg i norsk folkedjup sidan dansk erstatta gamalnorsk, ser eg på som rein synsing. Det er uråd å drøfta språk på slike uklåre premissar. Drøfting av språk må basera seg på konkrete forhold; konkrete lydar og konkrete skriftteikn. Eg tvilar ikkje på at kulturelle og sosiologiske forhold påverkar folk si språkkjensla, og at norsk målrørsla har fått ei varm kjensla for konseptet nynorsk. Men målfolk si språkkjensla kan ikkje vera eit argument heva over konkrete lydar og skriftteikn. Denne åndeleggjeringa av nynorsken har truleg eksistert alt då nynorsken vart til. I Målreising i 75 år, ei framstilling av Noregs mållag sine 75 første år fram til 1981, skriv Kjell Haugland i kapitlet «Frå idé til folkerørsle» om språket som viktigaste kjennemerket til ein nasjon; at «det speglar av folkets indre liv og eigenart». Det norske folk har ei «kollektiv sjel» eller ei «folkeånd», skriv han, refererande til kulturfilosofisk tankegods. Eg vonar me kan kjempa for norske dialektar sin posisjon i skriftspråket utan å ty til slikt tankegods. Slike teoriar legg til rette for manipulasjon som hindrar sakleg ordskifte om korleis me bør uttrykkja oss skriftleg. Norske tungemål som ikkje passar inn verken i bokmålet eller i nynorsken - og me har mange slike tungemål fortener ein språkpolitikk fri frå manipulasjon.

Vidar Sætre


Solid medlemstal i Mållaget Noregs Mållag har 12 164 betalande medlemer i 2013. Dette er eit solid resultat. Jamfør rekordåret i 2012 er det ein svak tilbakegang. Då vart det verva og mobilisert over 2000 nye medlemer til Mållaget. Vi har 92 færre betalande medlemer i 2013 enn året før. – Vi har budd oss på at 2012 ville vere eit heilt spesielt mobiliseringsår for Mållaget. Og eg lyt seie at vi er gledeleg overraska over at medlemstalet held seg så godt. Det er vi veldig stolte over, fortel Gro Morken Endresen, dagleg leiar i Noregs Mållag. Ho fortel at svært mange av dei som vart verva i 2012, held fram å betale medlemskapen i 2013. – Dette er veldig kjekt. Det gjev oss både sterkare økonomiske musklar og større politisk tyngd, peikar Gro Morken Endresen på. Foto: Berit Krogh

Ny organisasjonkonsulent

Erik Grov er ny organisasjonskonsulent i Noregs Mållag, han kjem frå Jostedalen i Sogn, og er 27 år gamal. Erik arbeidde tidlegare som salsleiar i Oslo Kino med hovudansvar for bemanning, der han samstundes gjorde sitt beste for å fremje nynorsken. No ser han fram til å kunne gjere dette arbeidet på heiltid. – Det er ei oppgåve eg tek fatt på med vyrdnad og ungdomeleg pågangsmot, smiler Erik Grov. Han tek over for Tuva Østvedt, som skal slutte etter drygt tre år i stillinga som organisasjonskonsulent i Noregs Mållag. Ho skal attende i bokbransjen, der ho også tidlegare arbeidde. Denne gongen går turen til Kagge Forlag. – Eg må innrømme at eg har sakna bøkene, seier Østvedt. – Difor kunne eg ikkje late denne sjansen gå frå meg. Men det har vore tre spennande år i mållaget, og eg har hatt kontakt med utruleg mange fine folk. Eg har lært meg mykje, ikkje minst om organisasjonsarbeid og norsk geografi, smiler Østvedt. Ho har sin siste arbeidsdag på Mållaget den 11. april, og skal fram til då gjere sitt for at Grov skal kunne gjere jobben sin på best mogleg måte.

NORSK TIDEND Annonsar: Annonseprisar: Tillegg for tekstside: Spaltebreidd: Kvartside: Halvside: Heilside: Ilegg til avisa:

kr 9,00,–/mm kr 0,50,–/mm 45 mm kr 3 000,– kr 5 000,– kr 9 000,– kr 1,00 pr. stk.

Alle prisar er eks. mva. Ved lysing i fleire nummer kan vi diskutere særskilde avtalar. Stoffrist nr. 3 – 2014: 14. mai 2014

Det er framleis mange medlemer som ikkje har gitt melding om e-postadressa si. Om du trur du er ein av dei, send ei melding til medlem@nm.no. Det lettar arbeidet for oss sentralt, men ikkje minst for lokallaga som kan kommunisere enklare med medlemane sine. Det kan vere innkalling til møte, informasjon om tilskipingar eller tilbod av ymse slag. Ved å melde inn e-post-adressa vil du også få nyhendebrevet Nytt om nynorsk som blir sendt ut om lag kvar tredje veke. Ta også kontakt med oss dersom det er feil i adressa vi har sendt medlemsbladet til, eller om du snart skal endre adresse. Vi registrerer gjerne fødselsår og telefon- og mobilnummer dersom du melder det inn til oss. Send ein e-post eller ring oss på 23 00 29 30.

Fleire målungdommar

Medlemstalet i Norsk Målungdom veks for andre år på rad. Det totale medlemstalet for 2013 er 1333, av dei 1053 under 26 år. Dette er ein auke på vel 4 prosent frå 2012. – Stadig fleire ungdomar vil vere med på å skape og fremje god språkpolitikk, seier Vebjørn Sture, leiar i Norsk Målungdom (NMU). Han gler seg over at organisasjonen har klart å byggje vidare på den store medlemsauken frå året før.

Tilsette: Gro Morken Endresen, dagleg leiar, tlf. 23 00 29 37, 957 85 560, gro.morken@nm.no

Framhald av Fedraheimen og Den 17de Mai

Prent: Nr1Trykk as Opplag: 13 000 Abonnement: kr. 250,– per år

Send oss ein e-post!

NOREGS MÅLLAG www.nm.no

Tilskrift: Lilletorget 1, 0184 OSLO Telefon: 23 00 29 30 Telefaks: 23 00 29 31 E-post: nm@nm.no Kontoradresse: Lilletorget 1, 0184 OSLO

Erik Grov, organisasjonskonsulent, tlf. 23 00 29 34, erik.grov@nm.no Berit Krogh, økonomikonsulent, tlf. 23 00 29 35, berit.krogh@nm.no Ingar Arnøy, skulemålsskrivar, tlf. 23 00 29 36, 975 29 700, ingar.arnoy@nm.no

NORSK MÅLUNGDOM www.nynorsk.no/nmu

Tilskrift: Postboks 285 Sentrum, 0103 Oslo Telefon: 23 00 29 40 Telefaks: 23 00 29 31 E-post: nmu@nynorsk.no Bankgiro: 3450.65.48707

Bankgiro: 3450.19.80058

Hege Lothe, informasjonskonsulent, tlf. 57 86 53 60, 926 48 348, hege.lothe@nm.no

Leiar: Vebjørn Sture, Telefon: 924 16 527, 23 00 29 40, E-post: vebjorn@nynorsk.no

Leiar: Marit Aakre Tennø Mobil: 454 71 716 E-post: marit.tenno@nm.no

Kjartan Helleve, redaktør Norsk Tidend, tlf. 23 00 29 32, 943 97 998, kjartan.helleve@nm.no

Skrivar: Eskil Syltøy Løland, Telefon: 994 26 366, E-post: eskil@nynorsk.no

Norsk Tidend 2–2014

Mållaget informerer

Lnoregs mållag

31


Lilletorget 1 • 0184 OSLO

nr. 2 • mars 2014

– Eg følte at eg begynte å miste identiteten min fordi eg snakka kvasimål. Målprisvinnar Jenny Klinge

LPå tampen

Køyrestrek På bussen heim las eg heile «Vindauga i matsalen vender mot fjorden» i eitt strekk, eventuelt i ein strek, ein kjørestrek frå Åsane til Gjerskvål. det er ein kjørestrek i boka. Og vatn og djupvassfisk og andre ting som bur i vatnet. Ferjene som er oppå. og symjing og skriving. Her konteksten til kjørestreken: Eg sparkar sporadisk i singelen. Eg speler fotball med han. Eg blir oppteken av noko anna enn meg sjølv: Ringbussen skiftar gir nede i krysset. Han skremmer ei rosemåla postkasse inn mot hekken til villahagen. Vegen går rundt hagen. Bussen klarer svingen, men det ser klumsete ut. Han er så firkanta mot dei mjuke kurvene. Det sprutar småstein over rosebedet; flekker av vegsøl frå ein kjørestrek. Mette Karlsvik: Vindauga i matsalen vender mot fjorden 5-aren rundt Eidsvågneset har det om lag slik, og eg brukte ta han som løn dersom eg hadde arbeidt godt på jobben og fortente ein litt lengre, stillare tur med mykje finare utsikt – og litt innsikt – innover mot byen. Eg trur ruta om neset er sett opp slik at bussane møtest i dei krappaste svingane. Passeringa ser umogeleg ut frå eit passasjerperspektiv, og triggar soleis vyrdnad hjå oss og byrgskap hjå sjåførane. Det kan båe partar ha godt av. Då Karlsvikstreken var slutt, fekk eg tid til å tenkja på hjort i ein halvtime før eg var heime. (Tanketemaet kjem nok av at eg i tenkjande stund køyrde gjennom hjorteeldoradoet Bulken, etter å ha køyrd på elg6 dagen i førevegen.) Kor lang tid mun det ta før ei hjortestamme har lært seg at dei ikkje bør ferdast omkring E16 likevel, når dei har levt godt på nett desse jorda i minst tusen år? Cirka tusen år til? Har evolusjon og røynsle gjort hjorten klokare, slik at han tek til seg ny lærdom fortare enn vikingehjorten ville gjort? Er hjorten sløgare enn me trur, og spring ut på vegen i rein protest mot stamvegen som skitnar til matgraset? Eg tek det eg, du veit ikkje noko du. Du er nyss komen, du, seddu, tenkjer hjorten. Eg kjem til å stå her, eg, seddu. 

Ida Haugum

Frå bloggen ida nerdar seg på nett

Foto: Jørgen Lyngvær

Vaffelhjarte på samisk LLMaria Parrs to bøker sel godt i utlandet. Vaffelhjarte er nylig selt til India (på hindi) og til Georgia, og Tonje Glimmerdal til Spania. Parr er blant dei mest omsette norske barnebokforfattarane dei siste åra, berre slått av Jo Nesbø og hans Doktor Proktor-bøker. Vaffelhjarte er selt til 24 land og Tonje Glimmerdal til 16 land. Parrs agent Eirin Hagen forhandlar med fleire andre land om utgjevingar av bøkene til Maria Parr framover. Før jol kom Vaffelhjarte på samisk.

LL– Me har veldig lite barne- og ungdomslitteratur på samisk, og treng fleire gode og spanande bøker for å skape leselyst blant unge. Me vil satse på dette, fordi det er veldig viktig at ungdom har tilgang til gode bøker på samisk. Vaffelhjarte har vore ei populær bok og er ei god lesaroppleving, og difor var me interessert i den, seier Lill Hege Anti, som er redaktør og omsetjar i forlaget.

LL – Det er veldig kjekt at forlaget ville omsetje boka til samisk. Det er litt ekstra stas med samisk, kjenner eg, nettopp fordi det er eit språk som treng meir litteratur for barn og unge, seier Maria Parr til Framtida.no.

LL– Vaffelhjarte har selt godt og fått god kritikk, og me håpar å få same respons på den samiske versjonen. Medan nesten all barnelitteratur på samisk er frå eit samisk perspektiv og med den samiske kulturen som utgangspunkt, er dette ei omsett bok med ei annleis forteljing og kanskje også ei meir moderne bok på samisk, seier ho.

LLDet samiske bokforlaget Davvi Girji står bak omsetjinga.

LLAnti håpar at omsetjinga svarar til originalen og er spanande å lese.

Norsk Tidend 2-2014  
Read more
Read more
Similar to
Popular now
Just for you