Norsk Tidend 1-2014

Page 6

Lmålnytt LNK frå papir til nett – LNK har trappa opp informasjonsarbeidet, seier Vidar Høviskeland

God løysing: – Eg meiner vi har fått til ei klok og fornuftig løysing, seier Vidar Høviskeland. Foto:

Høviskeland er dagleg leiar i Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Før jul kom siste utgåve av LNK-avisa, og no vert denne erstatta av eit anna informasjonstilbod. LNK har gjeve ut avisa LNK-nytt sidan 2002. Avisa har hatt om lag 6000 i opplag og har kome ut seks gonger i året. Dei siste åra har portoutgiftene auka kraftig, samstundes som lysingsinntektene har gått ned, og det var på tide å tenkje nytt. – Vi vil trappe opp satsinga på LNK.no på nettet og gå over til å sende ut eit nyhendebrev ein gong i veka. Dette nyhendebrevet vil ha same type stoffområde som avisa. Det vil sjølvsagt vere meir aktuelt, innehalde nyhendesaker som er relevante for medlemene våre, men lesarane vil også kjenne att fleire faste spalter frå papiravisa, seier Vidar Høviskeland. – Vi vil sende brevet ut til medlemskommunane, folkevalde i medlemskommunane, skular, barnehagar, bibliotek, stortingsrepresentantane, departement og statlege etatar i kommunane som NAV og lensmannskontor og alle andre som ynskjer å ta i mot.

LNK

Nytt nyhendebrev I februar

kjem fyrste nyhendebrevet og Vidar Høviskeland vonar dette vert godt motteke. – Vi har arbeidd mykje med dette, og eg meiner vi har fått til ei klok og fornuftig løysing, seier Vidar Høviskeland. Det er klar ei heilt ny organisering av arbeidet. Det er Svein Olav B. Langåker som vert redaktør for

nettsida LNK.no og nyhendebrevet. Han vil samstundes halde fram som redaktør i framtida.no, magasinett. no og startsida.no. Alle desse nettsatsingane er delar av LNK sin nye informasjonsstrategi. Svein Olav B. Langåker og dei to andre journalistane i redaksjonen har kontorstad i Oslo saman med ABC Startsiden. – Eg trur dette vil gje god synergieffekt for oss. Det er mange kommunar som brukar startsida.no som startside. Vi trur vi har fått på plass eit heilskapleg informasjonstilbod, seier Vidar Høviskeland.

Populære kurs LNK har i dag

124 medlemer. Det er nynorskkommunar, fylkeskommunar, kommunale og interkommunale selskap og regionråd som er medlemer. Ved årsskifte gjekk Stranda kommune ut av LNK, medan Vaksdal kommune og Regionrådet for Hallingdal vart medlemer. Eit viktig medlemstilbod til kommunane er at dei får gratis nynorskkurs for sine tilsette. Kursa er eit tilbod som me gjev i samarbeid med Fagforbundet og Høgskulen i Sogn og Fjordane. Tre kurshaldarar har delt medlemskommunane mellom seg, og nett no er kurset så populært at det er ei lita venteliste. –Men alle medlemene som ynskjer det, skal få kurset seier Vidar Høviskeland.

Hege Lothe hege.lothe@nm.no

Lesarrekord for Framtida.no

Norsk Tidend 1–2014

Aldri før har så mange lese den nynorske nettavisa for unge som i 2013.

6

I løpet av året har over 300.000 unike brukarar vore innom nyhende- og debattavisa for unge. Det er ein auke på over 50 prosent samanlikna med året før. Talet på daglege og vekentlege brukarar har også auka. På ei vanleg veke i haust har det vore 8-10.000 unike brukarar på Framtida.no. I løpet av året har Framtida.no sett fleire nye dags- og vekerekordar. I oktober sette Framtida. no ein rekord som blir vanskeleg å slå. Då var nær 50.000 unike brukarar innom på ei veke. Framtida.no la nyleg fram den redaksjonelle rapporten sin. Den viser at Framtida.no har blitt omtalt 78 gonger i løpet av året i papiraviser, seks fleire enn året før. I lø-

pet av dei tre åra og fire månadane nettavisa har vore i drift, har avisa publisert 6000 artiklar. I samarbeid med Startsida.no har Framtida. no mål om å vera eit lokomotiv for nynorsk på nett, og arbeider for å nå ut til endå fleire lesarar med nynorsk innhald. Framtida.no samarbeider totalt med 20 lokalaviser og ei rekkje andre nettstader. – I 2014 vil me markera Grunnlovsjubileet med å skriva om demokratiet vårt, og sjå på korleis dette kan bli utvida ytterlegare. Me vil også halda fram med leselystprosjektet vårt, og skriva endå meir om nynorsk litteratur. Me vil i tillegg halda fram med å invitera til debatt, seier redaktør Svein Olav B. Langåker. Framtida.no har også planar om å spreia nyhenda sine endå meir og gjera det lettare å lesa avisa på mobil og nye plattformer. (Pressemelding)

Feira språket: Bergen offentlege markerte Språkåret m.a. med tilskipinga «Smaken Foto: Bergen Offentlige Bibliotek/Språkåret

Språkå Språkåret 2013 er avslutta. Gjennom året vart det skipa over 1000 store og små tilskipingar for å markere språkmangfaldet i Noreg og for å feire Ivar Aasen. Og endå er ikkje Språkåret 2013 heilt ferdig å telje i hop aktivitetane. I november vart det laga ei undersøking av Ipsos MMI for Språkåret 2013, og denne undersøkinga er jamførd med ei undersøking frå desember 2012. Det syner seg at nesten alle dei spurde, 98 prosent, seier dei har høyrt om Ivar Aasen. – Vi var overvelda i fjor over at så mange som 96 prosent hadde høyrt om Ivar Aasen, så at det var endå høgare no, er ganske utruleg, seier Inger Johanne Sæterbakk, prosjektleiar for Språkåret 2013. Av undersøkinga går det fram at litt fleire har fått eit svært el-

ler ganske godt inntrykk av Ivar Aasen gjennom året. Det talet har auka frå 56 til 59 prosent. Berre 5 prosent har eit dårleg inntrykk av språkforskaren frå Hovdebygda. Litt fleire hadde også høyrt om Ivar Aasen-tunet, 43 prosent i fjor og 49 prosent i år.

Fleire stør jamstellinga

Fleire ser òg ut til å ha gjort seg opp ei meining om jamstillinga av bokmål og nynorsk i Språkåret. 48 prosent svarte at dei var heilt eller delvis einige i jamstillinga av mål-


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.