Page 1

Motkultur

klart helsespråk > 4 • kunnskapsministeren må ta grep! > 6 • Høgre vil ikkje, men det vil andre > 8 Landsmøte i Aasen-land > 10-13 • «Kjekt» kan brukast til alt > 18–19 • språklege spirekasser > 24–25

Nr. 3 – JUNI 2013

Medlemsblad for Noregs Mållag

NORSK TIDEND

– Måten medlemene tenkjer og handlar på, er det beste dømet på at Mållaget framleis høyrer til motkulturen, seier Marit Aakre Tennø, nyvald leiar i Noregs Mållag. > 22–23

Framhald av Fedraheimen og Den 17de Mai

Foto: Kjartan Helleve

Lokkande song Teaterstykket Bikubesong har vore ein av dei største suksessane i Det Norske Teatret si soge. Publikum har framleis ikkje fått nok. Etter ein ønskjereprise i Oslo skal stykket ut på turné saman med Riksteatret. > 14–17

Hans Rønningen som M. Foto: John Hughes / Det Norske Teatret


Framhald av Fedraheimen og Den 17de Mai

LLEin skal respektere meiningsmotstandarane sine. Sjølv når dei er inkonsekvente, må ein gje litt slark. Men stundom blir det nesten umogleg. Det byrja med at Arnfinn Muruvik Vonen og Språkrådet fann det naudsynt å peike på at dei endringane direktoratet ville ha i norskfaget, kunne vere i strid med norsk språkpolitikk. LLAv ein eller annan grunn fann Landslaget for norskundervisning (LNU) ut at dei ville henge seg på dette ordskiftet, og fyrte av ein tirade til Kunnskapsministeren. Dei meinte at høyringsfristen var ute, og om Språkrådet ville opne ordskiftet på nytt, så kunne ikkje påstandane stå utan svar. Ikkje på noko tidspunkt tek LNU inn over seg at Språkrådet er staten sitt organ for norsk språkpolitikk, og at det kunne vere at dette organet ville påpeike at dette handlar om litt meir enn norskfaget. LLGreitt, dette er eit fritt land. Og me må også kunne leve med at dei bed om at norskfaget ikkje «utformes av språkpolitisk konservatisme. Det ville være et hardt slag for både elever og lærere om ministeren skulle la seg presse til å annullere resultatet av en prosess som har vært både faglig og demokratisk – og som vi håper og tror kan gjøre norskfaget betre». Språkrådet har sikkert blitt kalla så mykje rart at det å få arbeidet sitt stempla som udemokratisk, nok må vere til å leve med. LLMen sak nummer to på heimesida til LNU er ein invitasjon til eit kurs der temaet er «kulturelle og språklige møter og levende tospråklighet i nordre Norden». Og i prinsipprogrammet lærer ein at «LNU vil arbeide (…) for å dyrke det norske språket utanom undervisningssystemet» «LNU er målpolitisk og fagpolitisk ubunde» og at «LNU forpliktar seg til å fore myndigheitene med fagleg tufta argument til bruk i den nasjonale språk- og undervisningspolitikken». Det er noko som skurrar her. Litt rart?

Utgjeven av Noregs Mållag

Norsk Tidend 3–2013

Avisa blir redigert etter Redaktørplakaten

2

Tilskrift: Lilletorget 1, 0184 OSLO Redaktør: Kjartan Helleve kjartan.helleve@nm.no, 23 00 29 32, faks 23 00 29 31 I redaksjonen: Hege Lothe, Tuva Østvedt Heimeside: www.nm.no Abonnement: 250 kroner per år Utforming: Språksmia AS smia@spraksmia.no

Illustrasjon: Kjartan Helleve

Det rare

Usemje på lær Sidan januar i fjor har norskfaget bylgja fram og attende og lege som ei trugande uvisse. Mykje av kreftene til Noregs Mållag har gått med på denne saka. Når eg skriv dette, er avgjerda enno ikkje komen. Saka eksploderte i januar i 2012: Utdanningsdirektoratet ville ikkje lenger ha eigen standpunktkarakter i sidemål. Målfolket sette kaffien i halsen, og reaksjonane var sterke. Rabalderet kunne høyrast langt inn i regjeringskrinsar og Kristin Halvorsen sa på vårt landsmøte i fjor at ho ikkje var budd på bråket som kom. Kaffien hadde tydelegvis ikkje berre sett seg i halsen til det organiserte målfolket, i løpet av våren strøymde 2000 nye medlemmer til Noregs Mållag. Rett før landsmøtet til Mållaget kom Utdanningsdirektoratet med si tilråding til Kunnskapsdepartementet. Og svaret frå ein samla landsmøtesal var at sidemålet må styrkjast, ikkje svekkjast. Me kjempar for ei ordning som burde vore sjølvsagt, men som konstant er under press. I staden for å kjempe stadig nye kampar for dei to berebjelkane som garanterer at nynorsken kan vere eit nasjonalt språk for heile landet, kunne me heller brukt tid på tiltak for å styrkje nynorskbruken der han finst. Men me veit at utan sidemålsordning og mållov, så

marit aakre tennø Leiar i Noregs Mållag

kan ikkje me nynorskbrukarar nytte språket vårt overalt. Likevel skulle me heller brukt tida vår på å styrkje nynorsken. I staden forsvinn ho i stadige omkampar om sidemålsordninga, i år att berre fire år etter siste del av Kristin Clemet si svekking var innført. Motstanden har vore hard, og å diskutere prinsippa i norsk språkpolitikk med arbeidstilhøva til norsklærarane som utgangspunkt har vore utfordrande. Noregs Mållag sitt standpunkt har vore at fjernar ein karakteren i sidemål, så gjer ein faget òg mindre viktig. Men slår ein saman karakterane har lærarane ein mindre karakter dei må samle nok grunnlag for å gje. Synest ein ikkje opplæring i to norske språk er viktig, kjennest sikkert sidemålskarakteren som eit ork. Og frå mange hald vert det hevda at skulen skrik etter å få slege saman karakterane.


Lleiarteigen

Utdanningsdirektoratet har oppsummert høyringa i tal i si tilråding til Kunnskapsdepartementet. Her får prosenttal stå for synspunkt til institusjonar, ungdomsskular og vidaregåande skular. Her var dei alle bedne om å krysse av for om dei var heilt eller delvis samde, heilt eller delvis usamde i ei rekkje framlegg. Og ein vert beden om å grunngje standpunkta sine, noko mange ikkje gjer. Når dei då òg kryssar av på motstridande svar, vert det vanskeleg å tyde kva dei eigentleg meiner. Skipar ein ei nettrøysting og spør om skulane vil undervise mindre i sidemål, er det ikkje særskilt oppsiktsvekkjande om svaret frå mange er ja. Sidemålsmotstanden er nok jamt fordelt rundt om i Noreg, og at det finst lærarar som òg er motstandar av ordninga, er ikkje overraskande. Kor delt mange lærestader er i dette synet, ser ein i høyringssvara frå dei ulike skulane og institusjonane. Somme har valt å synleggjere at dette er spørsmål det er svært ulike meiningar om, og andre har beint fram sagt at dette er spørsmål ein ikkje har klart å få semje om på lærarrommet. Såleis smuldrar biletet om den uviljuge læraren opp. I fleire høyringssvar peikar ein nettopp på at det er usemje om desse spørsmåla, og då er ikkje ei nettrøysting beste måten å oppsummere dei faglege synspunkta på. Det er verdt å merke

seg at 31 prosent av grunnskulane vil ha dagens ordning med tre standpunktkarakterar, medan heile 20 prosent av dei vidaregåande skulane vil det same. Frå enkelte hald vert det framstilt som at kravet om færre karakterar frå skulane er unisont. Noregs Mållag har visst det lenge, men også høyringsrunden syner at det ikkje stemmer. Dette er tydeleg i Utdanningsforbundet sitt høyringssvar, dei konkluderer med avslutning i Vg2 og trekkeksamen på ungdomsskulen med å syne til høyringssvara frå Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal, utan at ein veit noko om diskusjonane i fylkeslaga. Kanskje var det eit knapt fleirtal for konklusjonen? «Nynorskområda har signa dette», er oppsummeringa frå Utdanningsforbundet. Men går ein inn i runden som Utdanningsforbundet har hatt med sine fylkeslag, så ser ein at det oppsiktsvekkjande er at Finnmark, Nordland og Oppland alle har gått inn for å vidareføre dagens ordning med tre standpunktkarakterar. Dette er alle fylke der nesten all sidemålsopplæring er på nynorsk. I Sogn og Fjordane driv ein nesten berre sidemålsopplæring på bokmål, eit skriftspråk nesten alle meistrar. Biletet er med andre ord ikkje så eintydig som somme vil ha det til.

Skipar ein ei nettrøysting og spør om skulane vil undervise mindre i sidemål, er det ikkje særskilt oppsiktsvekkjande om svaret frå mange er ja. Marit Aakre Tennø

Norsk Tidend 3–2013

ærarrommet

3


Lmålnytt

Tek språket på alvor

Berit Rekve, leiar i Mediemållaget, saman med prisvinnar Bjarne Tormodgard. Foto: Mediemållaget

Nynorsk redaktørpris til Bjarne Tormodsgard Redaktør Bjarne Tormodsgard i Hallingdølen har fått Nynorsk redaktørpris for 2012. – Han bidrar til å styrkje nynorsken som mediespråk på ein framifrå måte, seier leiaren i Mediemållaget, Berit Rekve. Bjarne Tormodsgard (fødd 1956) vaks opp i Ål og er utdanna adjunkt frå Eik lærarhøgskule og Oppland distriktshøgskule. Mediemållaget peikar på at Hallingdølen er ein av dei viktigaste

kanalane for å vidareføre språktradisjonen i eit område med sterkt press på både nynorsk og lokal dialekt. Laget trekkjer det også fram som eit vesentleg redaktøransvar at nytilsette med ein annan språkbakgrunn opplever overgangen til nynorsk som arbeidsspråk som ei positiv utfordring. Tormodsgard fekk overrekt prisen, eit diplom, under landsmøtet til Norsk Redaktørforening i Oslo måndagskvelden. (NPK)

Volda og Ørsta, 27.– 30.6. 2013

Vamp

Are Kalvø

Jóanes Nielsen

Kjartan Fløgstad

Hekla Stålstrenga

Atle Berge

Guri og Sigrid Sørumgård Botheim Lars Petter Sveen

festspela.no

Det er mogleg å vere eit statleg organ og samstundes ta språkspørsmål på alvor. Det er HELFO eit døme på. Helseøkonomiforvaltninga (HELFO) sorterer under Helsedirektoratet og betaler ut oppgjer til helseføretak som står utanfor sjukehusa, t.d. psykologar og fastlegar. Vidare refunderer dei utlegg som privatpersonar har hatt i samband med sjukdom, og dei administrerer fastlegeordninga. HELFO har 550 tilsette og forvaltar over 20 milliardar kroner kvart år. Kvart år sender dei ut 3,2 millionar brev. – Eit godt, klart og lett forståeleg språk er viktig i all informasjon og rettleiing frå HELFO, seier Per Morten Hansen, kommunikasjonsrådgjevar ved HELFO sitt hovudkontor i Tønsberg.

Brukartilpassa – HELFO vart etablert då helserefusjonsområdet vart overført frå NAV til Helsedirektoratet i 2009, og vi har sidan oppstarten arbeidd systematisk med språk. Vi har kalla det ei språkleg storreingjering. Eit enkelt og brukartilpassa språk gir også færre misforståingar og reduserer brukarane sitt behov for rettleiing. HELFO har som mål at medarbeidarane nyttar eit godt, klart og brukartilpassa språk. – Korleis har de gått fram? Er dette frivillig eller ligg det eit krav til dei tilsette i dette? – Med god støtte frå prosjektet «Klart språk i staten» har vi gjennomført fleire språktiltak. Det

eine omfatta forbetring av språk og innhald på www.helfo.no. Det andre var «Forbetring av brevmalar i juridisk avdeling». Dei to siste åra har vi utvikla ein eigen språkprofil (språklege retningslinjer) og eit e-læringskurs som ligg tilgjengeleg for alle på nettstaden vår. Vi har plukka ut sentrale tema i språkprofilen, og laga relevante døme i kurset. Dette kurset er eit obligatorisk kurs for alle tilsette, seier Hansen. HELFO har det siste året etablert eit nytt saksbehandlingssystem. Dei har oppretta ei kvalitetssikringsgruppe som skal lage felles brevmalar på alle fagområde. Desse malane skal finnast både på nynorsk og bokmål.

På skulebenken – Leiarane våre har gått i spissen for dette arbeidet. Klarspråkarbeidet er tema både på samlingar og på leiarmøte. Nyleg lanserte vi e-læringskurset vårt. Leiarane på hovudkontoret blei då dei fyrste som sette seg på skulebenken. Leiarane fekk på førehand også ei personleg oppmoding (med handtrykk) om å bli gode språkambassadørar. – Kan dette også smitte over til andre delar av helsesektoren? – Ein av føresetnadene for å få støtte frå det sentrale prosjektet «Klart språk i staten», er at vi i det offentlege skal dele erfaringane med kvarandre. HELFO har informasjon i mange kanalar. Vi må derfor syte for at vi har same bodskap og same formuleringar overalt. Vi har nyleg laga sjekklister til bruk ved språklege endringar. I desse listene har vi eigne punkt for samordning av språk og omgrep med andre aktørar i det offentlege Noreg. Kjartan Helleve kjartan.helleve@nm.nio

Norsk Tidend 3–2013

Sommargåvene

4

Trusetrøye “Ny norsk verdsborgar”

Sportstopp “Mellom bakkar og berg”

Aasen-boksar dame og herre

aasentunet.no/butikk

Så klart!

Språkprofil for HELFO


Svært godt år for Det Norske Teatret Det Norske Teatret kan gle seg over svært godt besøk og rekordhøge eigeninntekter i fjor. Til saman 223.491 besøkjande var innom teatret i fjor. Det er nesten 40 000 fleire enn året før. På hovudscena var det særleg musikalen Evita, Abrahams barn og Det gode mennesket frå Sezuan som trekte mykje publikum. Teatret trekkjer også fram barneframsy-

ninga Felix Fantastiske orkester og Fotballoperaen Norge-Brasil som kunstnarlege sigrar med eit nøgd publikum. Teatret gler seg òg over god oppslutnad på framsyningane på dei mindre scenene. Fleire Heddaprisar gjer også at teatret meiner 2012 går inn i historia som eitt av dei beste for Det Norske Teatret. Også økonomisk er teatret godt nøgd. Av omsetnaden på 201,7 millionar kroner, utgjorde eigeninntektene 52,508 millionar kroner. Dette er den høgaste eigeninntekta Det Norske Teatret har hatt nokon gong. Årsresultatet viser eit overskot på 2,5 millionar kroner.

– Vi er godt nøgde med årsresultatet, aldri tidlegare har eigeninntektene vore så høge, seier direktør Astrid Driva Rødsand. Resultatet er likevel 4,7 millionar kroner lågare enn i 2011. – Det er ikkje noko mål for oss å gå med eit veldig stort overskot, men å bruka pengar på å laga teater. Grunnen til at resultatet var høgare i 2011, er at vi då fekk store inntekter på slutten av året og ikkje rakk å generera pengane inn att i drifta. I fjor greidde vi derimot å bruka pengane vi fekk inn til å laga teater og nye framsyningar, seier Rødsand til Nynorsk pressekontor. (NPK)

August 05.08. 200-årsdag for Ivar Aasen 20.08. Stord 21.08. Ølve / Husnes 22.08. Austevoll 23.08. Os 24.08. Nordhordland 26.08. Bergen / Arna 27.08. Bergen / Fana 28.08. Osterøy 29.08. Øygarden 30.08. Sotra 31.08. Bergen September 02.09. Askøy 03.09. Norheimsund / Øystese 04.09. Voss 05.09. Ulvik 06.09. Ullensvang 07.09. Odda 10.09. Drammen 11.09. Ål 12.09. Gol 13.09. Vang 14.09. Fagernes 16.09. Hemsedal 17.09. Sør-Aurdal 18.09. Etnedal 19.09. Hadeland 20.09. Sandefjord 23.09. Tønsberg 24.09. Bærum 25.09. Asker 26.09. Oslo 27.09. Oslo 28.09. Oslo www.nynorskstafetten.no E-post: stafetten@nm.no

Norsk Tidend 3–2013

Reiserute juni–september SUKSESS: Musikalen Evita, der Heidi Gjermundsen Broch (biletet) hadde hovudrolla, var ei av framsyningane som trekte mange til Det Norske Teatret i fjor. Foto: Erik Aavitsmark / Det Norske Teatret

Juni 13.06. Klepp 14.06. Bryne 15.06. Stavanger 17.06. Gjesdal 18.06. Sola 19.06. Strand 20.06. Hjelmeland 27.06. Dei nynorske festspela, Ørsta/Volda

5


Lnorskfaget

Kunnskapsminister Kristin Halvorsen og regjeringa må sikre gode vilkår for nynorsk når ho tek stilling til framlegga frå Utdanningsdirektoratet. Marit Aakre Tennø

Avgjerdande: Kristin Halvorsen skal i nær framtid avgjere kva plass sidemålet skal ha i norskfaget. Her frå eit skulebesøk i 2010. Stig Weston/SV

Norsk Tidend 3–2013

Å svekkje sidemålet er å sve

6

Utdanningsdirektoratet har no sendt si endelege tilråding til Kunnskapsdepartementet om korleis dei meiner den nye læreplanen skal sjå ut.

dag er det eigen standpunktkarakter i sidemål. Elevane på ungdomsskulen skal framleis kome opp i sidemål, dersom dei blir trekte ut i norsk. Men det gjeld under halvparten av elevane, resten blir altså ståande utan eiga vurdering i sidemål etter ungdomsskulen. På vidaregåande går direktoratet inn for ein obligatorisk eksamen i sidemål etter Vg2 studieførebuande. I dag kan elevane bli trekte ut til eksamen i sidemål etter Vg3.

Direktoratet har arbeidd med nye læreplanar for fleire fag det siste året, og framlegga har vore på høyring i vinter. Den nye læreplanen i norsk har skapt mest diskusjon, og mange av forslaga som var sende på høyring, har fått sterk kritikk blant anna frå målrørsla. I skrivande stund har ikkje departementet landa nokon konklusjon. Direktoratet går inn for felles norskkarakter både på ungdomsskulen og i vidaregåande skule. I

– Eg er overraska over at Utdanningsdirektoratet i sitt endelege framlegg til revidert norskfag opnar for at elevar kan gå gjennom ungdomsskulen utan eigen karakter i sidemål, seier Marit Aakre Tennø, leiar i Noregs Mållag. – Vi er også uroa for konsekvensane ved avsluttande sidemålsopplæring i Vg2. I fleire delar av landet går nynorsk- og bokmålselevar i same klasse. Då vert det vanskeleg å drive intensiv

Uroa over framlegget

sidemål er eit viktig verkemiddel for å gjere bokmålselevar meir positive til nynorsk. Då bør elevane byrje å eksperimentere med skriving av enkle tekstar på sidemål alt i 4. klasse, ikkje i 7. klasse slik Utdanningsdirektoratet føreslår, seier Tennø.

Ministeren må ta ansvaret Under landsmøtet i Ørsta

Uroa: – Vi er uroa for konsekvensane ved avsluttande sidemålsopplæringa i Vg2, seier Marit Aakre Tennø, leiar i Noregs Mållag. Foto: Kjartan Helleve sidemålsopplæring i berre eitt sidemål, slik Utdanningsdirektoratet vil. Vi er redd sidemålseksamen i Vg2 (2. klasse) vil føre til auka språkskifte frå nynorsk til bokmål, seier Tennø. Ho er også skuffa over at den tidlege starten ikkje skal inkludere skriftleg opplæring. – Tidleg start med skriftleg

vart det eit vedteke ei fråsegn som understreka at norskfaget handlar om meir enn praktisk skriveopplæring. I fråsegna heiter det at «ei svekking av sidemålet er i praksis ei svekking av nynorsk. (…) Utan god opplæring i begge språka for alle vil ikkje nynorskbrukarane fritt kunne nytte språket sitt i arbeids- og samfunnsliv.» – Kunnskapsminister Kristin Halvorsen og regjeringa må sikre gode vilkår for nynorsk når ho tek stilling til framlegga frå Utdanningsdirektoratet. Fleirtalet i norsk skule har nynorsk som sidemål, og ei svekking av sidemålet er


Sluttrapport let vente på seg Siste møte i fjor: Trass i at

i praksis ei svekking av nynorsk. I høyringssvaret vårt understreka vi at det å halde på gjeldande ordning, er det som har minst konsekvensar for nynorsken seier Tennø.

Siste sjanse Heller ikkje Norsk

Målungdom er særleg imponerte. – Halvorsen, SV og dei to andre regjeringspartia gjekk til val på å styrkje sidemålsopplæringa i 2009. Dei har hatt tre og eit halvt år på seg no, så dette er siste sjanse til å innfri lovnaden. Det forventar vi at dei gjer, seier Vebjørn Sture, leiar i Norsk Målungdom. – Vi er glade for forslaget om ein obligatorisk eksamen i sidemål, spesielt sidan undersøkingar har vist at eksamensresultata i sidemål har vorte dårlegare etter at det vart trekkfag. Men dette er eit steg fram og to tilbake, seier Sture.

Ulike kompetansemål

Han viser til at det blir eitt år mindre å lære sidemål på når ein skal

avslutte etter Vg2. Og det kan høyrast bra ut å kunne konsentrere seg om sidemålet i Vg2, men kva skal læraren fokusere på dersom elevane har ulikt sidemål? Sture er redd for at dersom berre eit mindretal i klassen har nynorsk som hovudmål og bokmål som sidemål, kan dei bli pressa til å skifte for at læraren skal kunne konsentrere seg om eitt sidemål. Direktoratet går også inn for eigne og lågare kompetansekrav for sidemålet enn for hovudmålet. I dag er kompetansemåla felles. Sture peikar på at det ikkje gir meining å lære seg eit språk halvvegs. Det vil dessutan føre til at elevane får mindre utteljing for å ha full kompetanse i sidemålet. – Nynorskelevane vil få dårlegare vilkår for å kunne halde på nynorsken dersom dei framtidige medstudentane og kollegaene deira skal kunne endå mindre nynorsk enn i dag, seier Sture.

NPK/Hege Lothe

Innspel ikkje tekne med

Gruppa hadde fleire møte gjennom året og avslutta arbeidet sitt 27. november. Kunnskapsdepartementet, som heile tida hadde styrt både saksfelt og arbeidsmåtar, skulle skrive rapporten sjølve. Men fyrsteutkastet var ikkje klart før i februar. Då fekk dei involverte berre litt over to veker på seg til å kome med innspel. Så skulle det gå heilt til mai før andreutkastet vart klart. Denne gongen fekk medlemene i gruppa berre éi veke på seg til å føreslå endringar. Deretter skulle rapporten ferdigstillast av departementet og sendast ut i gruppa sitt namn. Dette fekk fleire av medlemane i gruppa til å reagere. Ikkje berre på dei korte fristane, men også på

Tiltalande nynorskbrukarar Forfattaren Sigmund Løvåsen og folkemusikaren Ingebjørg Bratland er dei mest sexy nynorskbrukarane i 2013, meiner juryen som nyleg avgjorde pristevlinga,

Låg prioritet: – Det verkar ikkje som om dette har vore ei prioritert oppgåve, seier Vebjørn Sture, leiar i Norsk Målungdom. Foto: Berit Krogh korleis sluttrapporten såg ut til å ende opp. – Kunnskapsdepartementet hadde berre teke med om lag ein tredel av dei innspela som kom etter fyrsteutkastet, seier Vebjørn Sture, leiar i Norsk Målungdom, og medlem i ressursgruppa. – Det førebels siste rapportutkastet seier ganske lite med veldig mange ord. Om gruppa hadde fått skrive rapporten sjølv, kunne me ha kome med heilt konkrete og prioriterte tiltak. Når no departementet valde å skrive rapporten, så har det meir blitt ein statusrapport med litt for generelle vendingar, seier Sture.

– Halvhjarta Han meiner også at arbeidet med rapporten har teke for lang tid. – Det verkar ikkje som om dette har vore ei prioritert oppgåve, og det får meg til å tvile. Det er noko halvhjarta over det heile. På den eine sidan bed ein femten-tjue personar om bruke arbeidstida si på å kome opp med konkrete tiltak. På den andre sida tek ein ikkje med desse framlegga i sluttrapporten, ein rapport som ein nyttar fleire månader på å skrive. Med det vesle politiske innhaldet som no er i rapporten, skulle det ha teke meg ein halvtime å skrive ein betre sluttrapport, seier Sture.

Kjartan Helleve kjartan.helleve@nm.no

som Norsk Målungdom står bak. Målungdommen har gjennom medlemsavisa Motmæle i vinter nominert ein kvinneleg og ein mannleg nynorskbrukar frå kvart fylke, som så har tevla om å bli Noregs mest sexy nynorskbrukar 2013.

Norsk Tidend 3–2013

ekkje nynorsk

ressursgruppa som skulle sjå på korleis ein kan styrkje nynorsk som hovudmål hadde sitt siste møte 27. november, er sluttrapporten enno ikkje klar. Dei fyrste signala frå arbeidet med den nye læreplanen i norsk gjorde målrørsla uroleg. Ei svekking av sidemålsopplæringa ville svekkje nynorsken. For å møte denne uroa sette Kunnskapsdepartementet saman ei ressursgruppe som skulle kome fram til tiltak som kunne styrkje nynorsk som hovudmål. Gruppa hadde medlemer frå mellom andre Noregs Mållag, Norsk Målungdom, Nynorsk Kultursentrum, LNK, universitetsmiljøa og privatpersonar. Kunnskapsdepartementet gjekk i fjor høgt ut på bana, og sjølv om mandatet var avgrensa, fekk ein inntrykk av at innspela gruppa skulle kome med, ville vere avgjerande for departementet sitt arbeid med den nye læreplanen. I oktober vart kunnskapsministeren spurd av Camilla Storøy Hermansen frå KrF om korleis det gjekk med læreplanarbeidet, og om ho kunne garantere at det vart ein eigen karakter for skriftleg sidemål. Då trekte ministeren fram ressursgruppa som eit døme på at departementet var på ballen. Gruppa vart også nemnt i Stortingsmelding 20 (2012–2013) På rett vei. Kvalitet og mangfold i fellesskolen. Seinast i mai spurde Bjørn Lødemel frå Høgre ministeren om kor det vart av sluttrapporten.

7


Lsidemål

Unge Høgre van Høgre skal arbeide for at den obligatoriske sidemålsopplæringa i ungdomsskulen skal vere valfri.

Høgre går som venta til val på at sidemålsundervisning skal vere valfritt, men Unge Høgre fekk gjennomslag for at dette også skulle gjelde i ungdomsskulen. «Avvikle ordningen med egen karakter og eksamen i sidemål i ungdomsskolen og den videregående skolen» er ordlyden i stortingsvalprogrammet Høgre skal ut på vegen med. Men det skjedde ikkje utan kamp. Sjølv i redaksjonsnemnda var det usemje. Mindretalet ville at valfridomen berre skulle gjelde i den vidaregåande skulen. Arne Hjeltnes tok til orde for å utsetje heile vedtaket og heller ta tak i dei problemstillingane som hasta meir. – Så kan eg heller vere med på å diskutere dette på landsmøtet i 2034, sa Hjeltnes frå talarstolen. Bjørn Lødemel frå Sogn og Fjordane sat sjølv i redaksjonsnemnda og var ein av dei som ville stryke punktet om ungdomsskulen. Frå talarstolen understreka han at dette er ei viktig sak. – Kunnskap er ei fanesak for partiet vårt, sa Lødemel. – Eg vil også seie at nynorsk er ein viktig kulturberar og ein viktig kulturformidlar. Vi må late sidemål vere obligatorisk. Det å bruke tekstar på både bokmål og nynorsk er positivt. Vi stør valfritt sidemål i den vidaregåande skulen, men eg mei-

Programvedtak

Norsk Tidend 3–2013

Kjartan Helleve kjartan.helleve@nm.no

Valfridom: Torbjørn Røe Isaksen, leiar i redaksjonsnemnda, legg fram valprogrammet under Høgre sitt landsmøte i mai. Foto: Tomas Moss, www.icu.no

Dette er eit oversyn over kva dei politiske partia har vedteke om nynorsk og sidemålsundervisning i programma sine for den neste stortingsperioden. Vi siterer frå programma.

ningen i norskfaget uten at det skal føre til en nedprioritering av arbeidet med sidemål, eller fjerning av sidemålskarakteren i den videregående skolen. X ferdigfinansiere Norsk Ordbok (nynorsk) og Det Norske Akademis ordbok (bokmål).

Høgre vil:

Kristeleg Folkeparti vil:

X bygge opp under begge målformene som hovedmål og erstatte dagens rett til å få svar på egen målform med en rett for ansatte i staten og språknøytrale kommuner til å bruke sin egen målform. X bruke tekster både på bokmål og nynorsk i norskfaget gjennom hele skoleløpet. Avvikle ordninga med egen karakter og eksamen i sidemål i ungdomsskolen og den videregående skole.

8

ner at valfridom i ungdomsskulen blir feil. Lise-May Sæle, fylkesleiar for Unge Høgre Sogn og Fjordane, meinte også at dette burde partiet halde seg for god til. – Det er ingen fotballtrenar som vil at du skal slutte å spele med høgrebeinet for å bli betre med det venstre. Du blir nemleg ikkje betre av det, sa Sæle. – Dette gjeld også for språk. Forsking syner at tospråklege faktisk blir betre i begge språka. Det står heller ikkje «Gode idear og lettvinte løysingar» i Høgre sitt program. Å fjerne sidemålet er etter mi meining ei lettvint løysing. Sjølv om forkjemparane ikkje fekk gjennomslag, synte røystetala at landsmøtet var langt i frå samde om dette spørsmålet. Fleirtalsinnstillinga fekk 187 røyster, mindretalsinnstillinga fekk 112. Høgre gjorde også vedtak om å arbeide for ei endring av mållova slik at ein ikkje lenger har krav på å få svar på sitt eige språk. Formuleringa «god språkrøkt er derfor ikke bare en kulturpolitisk målsetting, men også en forutsetning for vår deltakelse i demokratiet» blir følgd opp med løysinga «· bygge opp under begge målformene som hovedmål og erstatte dagens rett til å få svar på egen målform med en rett for ansatte i staten og språknøytrale kommuner til å bruke sin egen målform».

Framstegspartiet vil: X gjøre den skriftlige og muntlige sidemålsundervisningen valgfri, også i ungdomsskolen.

Venstre vil: X sikre en bred og god opplæring i begge målformer i skolen, og vurdere tiltak som kan bedre vurderingsord-

X sikre fortsatt sidemålsundervisning og styrke sidemålets popularitet gjennom å fornye arbeidsformene. X vil drøfte undervisningsform og alternative vurderingsformer for å styrke sidemål og sikre to likestilte målformer.

Senterpartiet vil: X at det skal være obligatorisk skriftlig opplæring i begge skriftspråkene på ungdomstrinnet og i den videregående skolen. X at sidemålsundervisningen må styrkes, og alle elever må få egen karakter og eksamen i sidemål på vitnemålet både i ungdomsskolen og i den videregående skolen.

Arbeiderpartiet vil: (Arbeidarpartiet nemner ikkje nynorsk eller sidemålsopplæring i programmet.)

Sosialistisk Venstreparti vil: X at alle elever skal møte både nynorsk og bokmål tidlig i skolegangen, og at det skal være obligatorisk skriftlig opplæring i begge skriftspråk på ungdomstrinnet og i den videregående opplæringen. X at målloven styrkes og virkeområdene for målloven blir klart definert til å gjelde alle offentlige etater, uavhengig av organisasjonsform. X sikre gode rammer i tilskuddsordningen for norskspråklige lærebøker for høyere utdanning og at eksamen på egen målform skal gjelde alle institusjoner. X styrke sidemålsundervisningen, og for at alle elever får en egen karakter i skriftlig sidemål på vitnemålet, både i ungdomsskolen og i den videregående opplæringen (studieforberedende opplæring). X ha sanksjoner mot forlag som ikke leverer alle læremidler til samme tid og pris på begge målformer. X at faget norsk blir obligatorisk for alle som tar grunnskolelærerutdanning.

Raudt vil: Xopprettholde obligatorisk undervisning i sidemål, og styrke denne gjennom positive sidemålsforsøk. X at lærere skal gi elevene trygghet om talemålet sitt gjennom bevisste holdninger til sin egen og andres dialekter og oppmuntring til å bruke disse.


nn fram

LMedia Bror-Magnus Sviland Strand Dagleg leiar i Kringkastingsringen

Av og til er det faktisk enkelt I si tid farta eg rundt på skulebesøk for Norsk Målungdom. Eg var sivilarbeidar. Ein viktig del av opplegget var media og innverknaden media har på vanen. Me konkluderte saman, klassen og eg, at det var særs lite nynorsk i den underhaldninga dei konsumerte dagleg. Me slutta logisk av dette at det ikkje var så rart at dei syntest nokre nynorske ord var rare og nynorsk var vanskelegare enn bokmål. Bokmål var jo over alt! «Bokmålsveldet» kalla eg det, og skreiv ordet opp med store bokstavar og to strekar under. «Og kva språk er det ungane leikar på?», spurte eg. Retorisk, sjølvsagt, ettersom eg rekna med dei visste svaret. «Dei kan snakka bokmål feilfritt før dei lærer å skriva det», heldt eg fram. Tidspunktet i innleiinga for denne påstanden var ikkje tilfeldig valt. Eg ville at ungdomen skulle bli overtydd om at det var media som var skuld i dette. Og at dersom det hadde vore til dømes femti prosent nynorsk, ville dei ha kunna nynorsk like godt, og sidemål ville ikkje fortona seg som slik ein gledesdrepar i ein elles morosam skulekvardag.

Miljøpartiet Dei Grøne vil: X at ordningen med 3 karakterer i norsk, én for hovedmål, én for sidemål og én for muntlig, videreføres. X at sidemålsopplæringen og kjennskap til sidemålet starter allerede i barneskolen. X at Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa styrkes, blant annet ved tilføring av flere midler og utvidede mandater. X innføre strengere krav til dokumentasjon av språkkompetanse i lærerutdanningen. X at innvandrere i nynorskkommuner skal få norsk-

opplæring på nynorsk, og sikre den videre utviklingen av nynorskspråklige læremidler og læringsressurser for voksne innvandrere. X at alle statlige institusjoner på sikt skal følge Målloven. Å tilby faglig påfyll i form av f.eks. nynorskkurs til offentlig ansatte, vil være et viktig virkemiddel i denne sammenhengen. X fase inn flerspråklig skilting (nynorsk, bokmål og eventuelt samisk/kvensk) i det offentlige rom. X vurdere justering av de språklige kravene for pressens momsfritak for å stimulere riksaviser til å oppheve sine redaksjonelle nynorskforbud. X gi norsk tegnspråk offisiell status. X håndheve og styrke elevenes språklige rettigheter. Retten til lærebøker på eget hovedmål må realiseres, og bør gjøres gjeldende også for elever som går på privatskole eller tar et utdanningsprogram med små årskull. Videre bør retten til å få en rimelig andel av undervisningen og det skriftlige materiellet fra skolen på eget hovedmål fastsettes i Opplæringsloven. X håndheve studenters rett til å få eksamen på selvvalgt mål. X at det forskes mer på hva som kan gjøres for å forebygge språkskiftet fra nynorsk til bokmål blant skoleungdom, og at slike tiltak deretter settes i verk. X stille klarere krav til universitets- og høgskolesektoren om utvikling av norsk fagterminologi for å hindre domenetap til engelsk. X at så mange barn som mulig skal få tilbud om morsmålsopplæring.

I år hadde barnekanalen NRK Super 25 prosent nynorsk. Slik NRK lagar språkstatistikk no, er denne prosenten fyrst og fremst eit resultat av auka dialektbruk og ikkje så mykje auka bruk av normalisert nynorsk. Den auka bruken av dialekt grunnar i desentralisering av produksjonen. «Klart eg kan» blir produsert i Førde. «Kråkeklubben» blir produsert i Tromsø. Eit resultat av denne desentraliseringa, er at ein skaper heile univers der éi særskild dialekt er einerådande, og ikkje berre einskilde figurar har ulike dialektar. Og kva så? Jau, det har kome tilbakemeldingar om at ungar har byrja å leika på Tromsø-dialekt. Dette åleine kan nok ikkje velta «bokmålsveldet», men det er ein brest i demninga. Og frå bresten renn det mange bekkar små. Av og til er det ikkje så mykje som skal til. Av og til kan verda vera så enkel som ho ser ut.

Norsk Tidend 3–2013

X at alle læremidler skal komme på bokmål, nynorsk og samisk til samme tid og pris. X sikre retten til å opprette parallellklasser med annet opplæringsmål enn det som er vedtatt for skolene. X at fremmedspråklige i nynorskkommuner skal få norskopplæring på nynorsk. X at sidemålspedagogikk og holdninger til nynorsk blir en del av lærerutdanninga. X ha mer nynorsk i NRK og statsforvaltninga. X øke støtten til Nynorsk mediesenter. X at målbrukslova skal håndheves. X opprette et fond som skal fremme nynorsk i journalistikken. X ha gode rammevilkår for alle institusjoner som fremmer norsk skriftmål. X at det offentlige skal stille krav ved innkjøp om at de vanligste dataprogrammene foreligger både på bokmål og nynorsk.

Og dette lirte eg av meg, gong etter gong, i den eine skuleklassen etter den andre, fyrste, andre og tredje klasse, utan noko anna enn subjektive observasjonar å basera det på. Til liks med «ballongteorien» til Unge Høgre som me kritiserer dei for titt og ofte. Eller at sola går i ring rundt ei flat jord.

9


Llandsmøtet

Mållaget kom h 200-årsjubileet for Ivar Aasen sende landsmøtet til Noregs Mållag til Ørsta og Hovdebygda.

Det er to hundre år sidan Ivar Aasen var fødd i Hovdebygda, og det var ikkje meir enn naturleg at Noregs Mållag la landsmøtet sitt til Ørsta og Hotell Ivar Aasen. Helga 19. – 21. april sette mållaget sitt preg på staden, med det meste av aktiviteten i Ørsta kulturhus. Men også Aasen-tunet baud på mat, omvising og rom i storstova si til kulturkveld om fredagskvelden. Einaste haken var at utsendingane måtte ta i bruk det som var av hotell og hytter i Ørsta og i tillegg ein del hotellrom i Volda. Heile helga hadde preg av god stemning og ynske om politisk utvikling. Landsmøtet femna om spennvidda mellom eit jubileum med feiring og prakt, og over i det politisk avgjerande året vi er inne i for norskfaget og nynorsken si stilling i skulen.

Norsk Tidend 3–2013

Treng ny språkpolitikk

10

– Me treng ein heilt ny språkpolitikk som har som mål å hindra språkskifte frå nynorsk til bokmål, sa Marit Aakre Tennø, nyvald leiar i Noregs Mållag. Ho var ein av mange som deltok aktivt i ordskifte om mellom anna kva slags språkpolitikk nynorskelevane treng i skulen. – Språkpolitikken må gjera elevane medvitne om kva utfordringar som kjem til å møta dei som brukarar av eit mindre brukt språk, og styrkja den språklege sjølvkjensla deira, sa Tennø. Norskfaget var ei vanskeleg sak i det politiske ordskiftet fordi høyringsfristen for framlegget til ny læreplan i norsk var ute og standpunktet frå Mållaget levert, men resultatet ikkje kvittert ut frå departementet. Sidemålsordninga vart likevel grundig drøfta. Landsmøtet vedtok ei tydeleg fråsegn som slo fast at ei god sidemålsopplæring dannar grunnlaget for språkleg jamstilling og for statusen til nynorsk som nasjonalmål. Ei svekking av statusen til sidemålsordninga vil få alvorlege konsekvensar for nynorsken.

populær Utsendingane drøfta også eit spørsmål der Mållaget

tidlegare ikkje har trekt så klare konklusjonar. I ei fråsegn om å hindra språkskifte hjå ungdom vart det vedteke at hovudmålet i barneskulen skal følgje elevane ut grunnskulen. Det vart også understreka at lærarane i den vidaregåande skulen skal hjelpa nynorskelevane til å verta trygge nynorskbrukarar. Difor skal ikkje lærarane stå fritt til å velja undervisningsspråk. Ottar Grepstad si innleiing om Den språkpolitiske vendinga var det punktet som fekk flest utsendingar på talarstolen, men fråsegnene var likevel det punktet som vekte det største engasjementet. Vigdis Finnbogadóttir held hovudtalen under tittelen Utfordringar for språkleg og kulturelt mangfald i verda. For mange var det eit klart høgdepunkt å få høyra og sjå den tidlegare presidenten på Island, no Goodwill Ambassador for Languages i Unesco. Ho har ei høg stjerne hjå alle dei som arbeider for og er opptekne av språk, og fekk mange nye tilhengjarar etter talen. Det var reine popstjerne-tendensar, då mange vil ha eit bilete av seg sjølv ved sida av henne.

Nordstoga kom og vann

Finnbogadóttir vart også med på kulturkvelden på fredagen. Sjølv for aktive målfolk er det mange som ikkje har vore i Ivar Aasentunet. Det var ekstra kjekt å få oppleva å sjå seg om i det flotte tunet og inne i dei spennande utstillingane. Så var det også matservering og eit veldig flott kulturprogram sett saman av aktørar frå Hovdebygda. Aasmund Nordstoga kom til landsmøtet og spelte ein minikonsert på festmiddagen på laurdag kveld. Saman med gitaristen Åsmund Reistad spelte han songar med tekstar av Aasmund Olavsson Vinje.  Dette trefte festlyden godt, og han fekk med seg heile salen til å syngje Blåmann, Blåmann som avslutning. Nordstoga selde godt med plater etter konserten.

Hege Lothe hege.lothe@nm.no

Eit styre klart for nye utfordringar. Til høgre: Røysteskilta var fine i år. Lengst til høgre: Aasmund Nordstoga med gitaristen Åsmund Reistad spelte ein minikonsert under festmiddagen på laurdag kveld. Alle foto: Hege Lothe


Foto: Hege Lothe

Populær målprisvinnar

Foto: Kjartan Helleve

Litteraturprisvinnarar

Nynorsk litteraturpris 2012 gjekk til Lars Amund Vaage for boka Syngja. Han har allereie motteke fleire prisar for denne boka. Det er andre gong Lars Amund Vaage får denne prisen. Nynorsk barnelitteraturpris 2012 gjekk til ein ung og framleis ny forfattar. Ho heiter Anna Rommetveit Folkestad og fekk prisen for boka Unni og Gunni reiser. Ho har både skrive og teikna boka.

Næringslivspris 2013 til Skogstad Nytt i år var at Nynorsk næringslivspris vart delt ut på landsmøtet. Juryleiar Sveinung Rotevatn la vekt på at prisvinnaren sjølv har valt å leggje om frå bokmål til nynorsk. – Juryen for nynorsk næringslivspris meiner det medvite valet Skogstad gjorde i 2011 er eit døme

Årets målpris gjekk til ein svært populær prisvinnar. Linda Eide fekk Målprisen 2013 av Noregs Mållag. Det vart framheva at ho er eit førebilete, og at ho er ei av dei som gjer oss nynorskbrukarar stolte. Linda Eide hadde ikkje høve til å vere på møtet. Derimot hadde ho spelt inn ei særs flott helsing og takk til Mållaget, som vekte stor begeistring under pristildelinga på festmiddagen.

Stipendmottakarar

Kvart år sidan 2007 har Noregs Mållag delt ut to stipend på 50 000 kroner, etter ei gåve frå Kulturdepartementet til 100-årsjubileet vårt i 2006. Stipenda vert delte ut til ein mann og ei kvinne. Årets stipendvinnarar var Ingrid Brandal Myklebust som lagar t-skjorter gjennom prosjektet http://fredensborger.org/ og Rasmus Hungnes som skriv dataspelmeldingar på nynorsk i Natt og Dag.

Norsk Tidend 3–2013

På landsmøtet i Ørsta vart Marit Aakre Tennø valt til ny leiar.  – Eg gler meg til å arbeide for at nynorskelevane skal bli trygge i sitt eige språk, seier Marit Aakre Tennø, nyvald leiar i Noregs Mållag. Ho bur i Luster i Sogn og Fjordane og kjem frå Brattvågen på Sunnmøre. Styret ser slik ut: Sigbjørn Hjelmbrekke, nestleiar (Bø i Telemark), Janne Nygård, (Oslo/ Jølster), Terje Kjøde (Ørsta), Sveinung Rotevatn, (Oslo/Eid) og Helga Hjetland (Kyrkjebø). Varamedlemer: Ingrid Fiskaa (1. vara), Solgunn Liestøl (2. vara), Randi Lohndal Frestad (3. vara), Magne Heide (4. vara), Kristofer Olai Ravn Stavseng (1. vara for Norsk Målungdom), Synnøve Marie Sætre (2. vara for Norsk Målungdom)

Foto: NRK

Marit Akre Tennø vart klappa inn som ny leiar i Noregs Mållag.

til etterfylging for norsk næringsliv generelt, og for verksemder med opphav i dei nynorske kjerneområda spesielt, seier Sveinung Rotevatn, leiar for juryen. Det var marknadssjef Knut Roger Nesdal frå Skogstad Sport som tok imot prisen på vegner av verksemda, og han tykte det var stas å få prisen. Han opna likevel takketalen på ein uvanleg måte. – Eg ser Mållaget lagar fleecejakker, og då burde desse vore kjøpte av ein nynorsk leverandør, slo Knut Roger Nesdal fast, til stor jubel frå salen. Han sa også at det slett ikkje var berre enkelt å gå over til nynorsk, når dei har flest butikkar på Austlandet. Men han meinte det var verdt det.

Foto: Hege Lothe

heim

Marit Aakre Tennø ny leiar i Noregs Mållag

11


Llandsmøtet

Vedtekne fråsegner f

1 Nynorsk er viktig for integreringa Flyktingar og arbeidsinnvandrarar som kjem til ein nynorskkommune kan i dag risikere å få berre bokmålsopplæring når dei skal lære seg norsk. Landsmøtet i Noregs Mållag meiner at vaksne innvandrarar i nynorskområde må få lære seg nynorsk. Språk er ein nøkkel til vellukka integrering. I kommunar der nynorsk er skule- og administrasjonsmål, burde det vere innlysande at opplæring i nynorsk er eit godt tilbod til innvandrarar. Med kunnskapar i nynorsk er det lettare for dei å hjelpe borna med leksene, forstå informasjon frå kommunen, lese lokalavisa og elles finne seg til rette i miljøet. Nynorsk gjer også innvandrarar betre i stand til å forstå og bruke den lokale dialekten, og betre i stand til å forstå dei mange ulike dialektane i Noreg. Dagens regelverk seier ikkje noko om kva for språk elevar ved opplæringssentra skal lære. Om ikkje kommunen har gjort eit vedtak om administrasjonsspråk, står opplæringssenteret fritt til å velje nynorsk eller bokmål. Kva språk dei vaksne innvandrarane i kommunen skal lære bør følgje administrasjonsmålet i kommunen.

Norsk Tidend 3–2013

2 Nynorsken taper på lovbrot

12

Norske skuleelevar har klåre språklege rettar. I barneskulen skal dei ha alle bøker og all opplæring på sitt eige språk. I ungdomsskulen og i vidaregåande skule har dei rett på læremidla og eksamensoppgåvene på hovudmålet sitt. Denne retten er viktig for språklæringa, og aller viktigast for nynorskelevane. Dei har bruk for å sjå meir nynorsk enn dei gjer i dag. I samband med røysterettsjubileet i februar i år, vart det gjeve ut eit undervisningsopplegg med tittelen Sånn er det bare. Boka, som er finansiert av det offentlege, inneheld nesten berre bokmålstekstar. Storting og regjering gjev på denne måten eit signal til nynorskelevane om at språket deira er mindre viktig enn bokmål, og det bryt med dei rettane elevane har. Desse rettane følgjer også borna gjennom reglar i mållova. Statsorgan pliktar å kommunisera med enkeltpersonar på språket til vedkomande, og skal veksla mellom nynorsk og bokmål i ålmenn informasjon. For boka Sånn er det bare kunne ein då ha valt å ha ei deling mellom nynorsk og bokmål i boka, eller trykkja boka både på bokmål og nynorsk slik at alle elevane fekk henne på sitt eige hovudmål. Å gje ut undervisningsmateriell berre på bokmål, bryt med opplæringslova og mållova. Det siste året har vore prega av arbeidet med revisjon av læreplanane i norsk. Kunnskapsministeren har uttrykt ei særleg uro for stoda for nynorskelevane. Noregs Mållag er viss på at nynorskelevane heller vil ha handfaste døme i trykksverte og papir enn velmeinande ord frå ein talarstol. Vi utfordrar regjeringa til både å rydda opp i gamle synder og å streka opp retningslinjer for framtida der omsuta for nynorskelevane i det minste strekkjer seg til å oppfylle lovverket. I det ligg det ei utfordring i å laga politikk ut frå intensjonane i lovene, og ikkje ut frå smetthola, slik mykje ber preg av i dag.

Foto: Hege Lothe

3 Styrk forsking på og forvaltning av norsk språk ved universiteta Noregs Mållag er sterkt uroa over forvaltninga av norsk språk ved universiteta. Det er ingen andre enn Noreg som kan ha eit særleg ansvar for å forske på og dokumentere norsk språk, inkludert å forvalte dei eksisterande språksamlingane vi har. Norske forskingsinstitusjonar har eit ansvar for å gjere eksisterande fagressursar og språksamlingar tilgjengelege som open kjeldekode. Dette er viktig for den einskilde språkbrukar og for at det skal vere enklare å bruke norsk språk på alle område i samfunns- og næringsliv. Det er avgjerande at dei relevante fagmiljøa har nok ressursar til slik forsking, forvaltning og doku-

mentasjon. Dette inneber stillingar til digitalisering, forsking og vedlikehald av samlingar i format som gjer dei offentleg tilgjengelege. Samlingane treng òg ressursar til forskingsprosjekt og fagleg utvikling, bygg og lokalisering som sikrar forsvarleg oppbevaring av språksamlingar og nærleik til relevante fagmiljø. Noregs Mållag er særleg uroa over forvaltninga av språksamlingane ved Universitetet i Oslo. Desse språksamlingane er utgangspunktet for forsking på og dokumentasjon av norsk språk, og må takast vare på som den viktige kulturarven dei er. Både Kulturdepartementet og Kunnskapsdepartementet må sikre seg at Universitetet i Oslo forvaltar desse kulturskattane på ein god måte, noko som krev både fysiske lokale, mange nok leksikografstillingar og kompetanse på digital dokumentasjon.

4 Tiltak for å hindra målbyte I dag skifter ein stor del av elevane som har hatt nynorsk som opplæringsmål i barneskulen, til bokmål i ungdomsskulen og den vidaregåande skulen. For


frå landsmøtet 2013 Sluttvurdering etter Vg3 Norsk er eit

mogningsfag, og å verte god i sidemålet sitt krev stabil trening. Difor er det mest tenleg å leggje den avsluttande vurderinga til det siste året på vidaregåande skule. Avsluttande karakter på eit tidlegare tidspunkt har negative konsekvensar, særleg for språkdelte klassar og klassar med stort språkskifte.

Tidleg start For å sikre at elevar vert funksjo-

nelle språkbrukarar i både nynorsk og bokmål må bokmålselevane starte tidlegare med sidemålsopplæringa enn dei gjer i dag. Tidleg start med skriftleg sidemål er det viktigaste verkemiddelet for å gjere bokmålselevar meir positive til nynorsk. Elevane bør byrje å eksperimentere med skriving av enkle tekstar på sidemål alt i 4. klasse, ikkje i 7. klasse slik Utdanningsdirektoratet føreslår. Fleirtalet i norsk skule har nynorsk som sidemål, og ei svekking av sidemålet er i praksis ei svekking av nynorsk. Dette er direkte i strid med den stortingsvedtekne norske språkpolitikken, slik han er uttrykt i både St.meld. 23 (2007-2008) Språk bygger broer og St.meld. 35 (2007-2008) Mål og meining. Utan god opplæring i begge språka for alle vil ikkje nynorskbrukarane fritt kunne nytte språket sitt i arbeids- og samfunnsliv. Vi krev at kunnskapsminister Kristin Halvorsen og regjeringa sikrar gode vilkår for nynorsk når ho tek stilling til framlegga frå Utdanningsdirektoratet.

6 NORAD må følgja opplæringslova! Norske elevar har etter opplæringslova § 9-4 rett til å få undervisningsmateriell på sitt eige hovudmål. Noregs Mållag krev at styresmaktene fylgjer opp dette mellom anna med slikt pålegg til NORAD: Når NORAD gjev statsstønad til undervisningsmateriell for skular og barnehagar, må vilkåret vera at materiellet kjem på både bokmål og nynorsk. 8. Retten som foreldra har til å krevja at borna deira ikkje skal ha lærebøker på opplæringsmålet for borna, må strykast frå opplæringslova.

5 Sidemålsordninga må styrkast Ei god sidemålsopplæring dannar grunnlaget for språkleg jamstilling og for statusen til nynorsk som nasjonalmål. Ei svekking av statusen til sidemålsordninga vil få alvorlege konsekvensar for nynorsken.

Eiga vurdering Landsmøtet i Noregs Mållag

meiner at ei god sidemålsordning må innehalde obligatorisk vurdering i sidemålet til elevane både på ungdomsskulen og i vidaregåande skule. Det er viktig at vurderinga ikkje berre skjer både ved avsluttande eksamen, men òg med ein eigen standpunktkarakter. Standpunktkarakteren er ei breiare prøving av kompetansemåla i læreplanen enn det ein eksamen er.

7 Riksavis på nynorsk 5. august 2013? Den 6. mars 2013 kom Fredriksstad Blad ut med eit heilt nummer på Fredrikstad-dialekt. Medlemer i Østfold Mållag hjelpte til med å setja avisa om til dialekt, men initiativet kom frå Fredriksstad Blad sjølv. Denne utgjevinga fekk stor merksemd langt utover lokalmiljøet, og nesten utan unntak hausta tiltaket ros og godord. Noregs Mållag tykkjer dette var framifrå godt tiltak. Men når provinsavisa Fredriksstad Blad kan gje ut eit nummer på provinsmål, burde det følgjast opp med at riksavisene i Oslo gav ut ei avis på riksmålet nynorsk. Den 5. august 2013 er det 200 år sidan Ivar Aasen vart fødd. Det er eit gullkanta høve til å gje ut ei avis berre på nynorsk. Fredriksstad Blad har vunne mykje godvilje og skaffa seg sjølv god marknadsføring med dialektavisa. Ei nynorskavis frå t.d. Aftenposten, VG eller Dagbladet vil gje avisa mykje blest. Kven tek utfordringa og gjev ut ei nynorskavis 5. august?

Norsk Tidend 3–2013

å hindra dette målbytet, bed me om at desse tiltaka vert haldne oppe eller sette i verk: 1. D  et skal vera to jamstilte og likeverdige eksamenar i bokmål og nynorsk både i grunnskulen og i vidaregåande skule. 2. S  idemålet skal vera obligatorisk til eksamen på studiespesialiserande og påbyggingsåret i den vidaregåande skulen. 3. H  ovudmålet i barneskulen følgjer elevane ut grunnskulen. 4. L  ærarane på ungdomssteget i grunnskulen skal undervisa på hovudmålet til elevane. 5. L  ærarane i den vidaregåande skulen skal hjelpa nynorskelevane til å verta trygge nynorskbrukarar. Difor skal ikkje lærarane stå fritt til å velja undervisningsspråk. 5. R  etten til læremiddel på hovudmålet må handhevast. Han skal gjelda alle elevar uavhengig av storleiken på årskulla i ulike fag. 6. A  lle læremiddel og alt undervisningsmateriell som får statsstøtte, skal koma samstundes på bokmål og nynorsk. 7. U  tvikla ein eigen didaktikk for nynorsk som hovudmål.

13


Sesongen som aldri tek slutt Det Norske Teatret feirar hundre år og sender ønskereprisen Bikubesong ut på turné.

ANDRE AKT: Inspisient Hedda Haaland markerer at det er to minutt att til andre akt, og sender bandet på plass.

Norsk Tidend 3–2013

D

14

et er ikkje meir enn tretti minutt til kveldens framsyning av Bikubesong, men inspisient Hedda Haaland verkar ikkje særleg stressa. Sjølv om framsyninga har femten skodespelarar og inkluderer ei bikkje og ei handfull teknikarar, så er ting på stell. Ho lener seg fram på kontrollbordet ved sida av scena og snakkar roleg i mikrofonen: – Klokka er sju. Det er ein halv time til framsyning. Boka Bikubesong vart gjennombrotet for Frode Grytten. Han hadde skrive fleire novellesamlingar tidlegare, men med boka denne boka frå 1999 fall noko på plass. Kan hende er det måten boka var bygd opp på, der handlinga i alle dei korte stykka

spinn rundt Murboligen, ein arbeidarbustad i Odda. Kan hende var det at novellene hang så tett saman at ein kunne kalle det ein roman, eller til og med ein kollektivroman. Kan hende var grunnen at Grytten skreiv om eit miljø han kjende veldig godt. Alle som har fylgt med han på Bikubegang under Litteratursymposia i Odda, veit at dette er både «close to home» og «near the bone». Noko var det. Før boka kom ut, håpa Grytten at det i det minste skulle bli ei kultbok. Og ho selde ikkje bra i byrjinga. Det var som ei vanleg bok frå hans hand. Men så byrja ho nesten å selje seg sjølv. Det byrja å gå gjetord om boka, og brått vart ho nominert til den eine prisen etter den andre, mellom anna Nordisk Råds Litteraturpris.

Og ho vann Brageprisen. Og då rulla ballen for alvor. Og han har ikkje stoppa enno. Totalt har opplaget passert 70 000 eksemplar.

Frå bok til teater Meldinga til Haaland går ut gjennom høgtalarar plasserte i taket, i gangen, i kvilerommet og i sminkerommet. Haaland tek meg med opp dit. Der sit Ingrid Jørgensen Dragland, Arnhild Litlere og Hans Rønningen og får rouge og kajal og parykkar. Hans Rønning har ikkje parykk. Han får derimot rikelege mengder gele i håret, som sminkøren lagar den karakteristiske Morrissey-sveisen av. Det tek si tid, men ingen blir stressa. Alt skjer på rutine, medan praten går lett om eit eller anna informasjonsmøte som skal vere medan dei er

Finale: Heilt til slutt kastar skodespelarane konfetti ut over scena.

på turné med stykket. Kikki Stormo kjem inn og er hakket meir oppkava. Ho er alt i kostymet og skal sminkast no. Men det er berre éin ting ho må fortelje før dei andre går. Når ein er småbarnsmor, må det vere lov å parkere på fortau i naudstilfelle. Og det skal i alle fall ikkje vere naud-


SVEIS: Hans Rønningen får hjelp til å lage den karakteristiske Morrisseysveisen.

KONTROLL: Hedda Haaland held kontrollen ved hjelp av skjermar og mikrofonar like bak scena.

synt å få kjeft for å gjere det. I alle fall ikkje to gonger! – Klokka er seksten minutt over sju. Det er fjorten minutt til framsyning, høyrer ein Haaland seie over høgtalaren. Lasse Kolsrud las Bikubesong og likte boka. Han var skodespelar ved

Det Norske Teatret, men gjekk likevel til teatersjef Vidar Sandem og bad om å få setje opp stykket sjølv. Det var det vågalt å seie ja til. Kolsrud hadde ikkje sett opp noko som stykke tidlegare. Dette ville bli debuten hans. Sandem tok sjansen, og vann. I 2004 fekk Kolsrud Heddapri-

sen for beste debut som dramatikar og regissør for arbeidet med stykket. Og teatret fekk ein av sine største suksessar nokosinne. Om ein reknar saman framsyningane i 2003–2006, gjestespela og dei i denne repriserunden, så har det totalt blitt over 220 framsyningar. Og det er selt

over 38 000 billettar. I tillegg er stykket sett av 15 000 tilskodarar på ei oppsetjing som Stageway hadde i Logen i Bergen.

livet i revy Grytten har sett stykket om lag femten gonger. Han har vore til stades på dei ulike

Norsk Tidend 3–2013

Dette var framsyninga dei fleste hadde lyst til å sjå att, av dei det er mogleg å setje opp i nokolunde original form.

15


På scena: Kaia Varjord som Angel og Hans Rønningen som M. Foto: Det Norske Teatret / John Hughes

Det snurrar ein film i hovudet mitt. Den tek meg tilbake til tida der eg sat og skreiv boka. Den tek meg tilbake til stadene der handlinga føregår, der eg har henta inspirasjonen min. Og den tek meg attende til mitt eige liv, til ting eg har opplevd. Så då eg såg det for fyrste gong, var det som å sjå livet passere i revy, sjølve dødsaugneblinken. Frode Grytten

Norsk Tidend 3–2013

DAGLEGLIV: Skodespelar Kikki Stormo fortel om korleis ho vart kjefta på då ho skulle levere ungane i barnehagen. Alle foto: Kjartan Helleve

16

stadene der det har blitt spelt, dels av di det er jobb, dels av di stykket endrar seg med skodespelarane. Men han ser også noko me andre ikkje kan sjå. – Det snurrar ein film i hovudet mitt, seier Grytten. – Den tek meg tilbake til tida der eg sat og skreiv boka. Den tek meg tilbake til stadene der handlinga føregår, der eg har henta inspirasjonen min. Og den tek meg attende til mitt eige liv, til ting eg har opplevd. Så då eg såg det for fyrste gong, var det som å sjå livet passere i revy, sjølve dødsaugneblinken. Men no er Bikubesong noko han

har forlate, noko han er ferdig med. Både boka og stykket lever vidare av seg sjølv. Det har til og med vore radioprogram der dei har diskutert båe delar, utan at han sjølv har blitt nemnt. – Det er noko av finaste som kan skje ein forfattar, at bøkene lever sine eigne liv, seier Grytten. – Når du lèt andre ta tak i stoffet ditt, må du stole på dei. Om ikkje, må ein berre late vere. Men Lasse Kolsrud har vore veldig flink. Og om det har vore ting han har tvilt på, så har han teke kontakt med meg. Og om det var usemje, så har det vore ei usemje som me båe kunne leve med. Han

har vore tru mot boka, og det er eg glad for.

favoritt Ti år etter premi-

eren er stemninga brått litt meir stressa nede på Scene 2. Ei ljospære har gått i fylgjelampene. Pling!, sa det og brått måtte ein ikkje berre skifte pære, men heile lampa. Det tek berre nokre minutt, men skjemaet er såpass tett, at det får fylgjefeil. Ragnhild Hilt kjem tuslande, som om ho alt er i karakteren som den sjuke mora. Ho lurer på kvifor det ikkje er folk i salen? – Det har gått ei pære, seier Haaland.

– Å? Tek det lang tid å fikse?, spør Hilt. – Nei, me er straks klare, seier Haaland roleg. Ho set seg til det vesle kontrollbordet att. Der har ho ein skjerm som syner kva som hender i salen. Ho kan snu om på kameraet med ein styrepinne, slik at ho heile tida kan fylgje med på det som hender, også på scena. Ho lener seg fram mot mikrofonen og legg om til nynorsk normaltalemål. Denne gongen går meldinga til publikum som står ute og ventar. – Hjarteleg velkomen til Det Norske Teatret og Bikubesong. Framsyninga tek til om fem minutt.


Dansing bak scena Publi-

kum glir inn i salen og konsentrasjonen går eit hakk opp. Eg blir beden om ikkje å bruke meir blits, og skodespelarane gjer sine siste førebuingar. Haaland styrer kameraet sitt mot scena og ser Hans Rønningen dra det heile i gang. Snart syng han den fyrste The Smiths-songen. Den fyrste i ei lang rekkje med hits som bandet speler. I all denne perfeksjonismen ligg det likevel ei uro under. Dagen etter skal nemleg bassisten ha vikar. Vikaren har vore i salen heile tida, og har hatt ei øving før framsyninga. No er han lett nervøs, sjølv om han seier at songane sit som skot. Han har trass alt

tidlegare spelt over hundre framsyningar. I pausen mellom dei to aktene kjem han bak og helsar på gamle kjende. – Det skal nok gå bra, seier vikaren. Stykket speler seg ut. Skodespelarar skrid forbi, ventar på å gå på scena, spring for å byte kostyme. Det er tydeleg at stykket fengar. Då bandet dreg i gang «Ask Me» blir det dansing bak scena. Og dette er grunnen til skodespelarane likar stykket så godt. Det er godt, det er morosamt, det er musikalsk, det er mykje folk og det er mykje som hender. Per Schaanning, som speler den

uheldige partisekretæren, blir t.d. dynka i vatn fleire gonger. Og korleis kjem hunden Lotta, som speler hunden Pluto, til å oppføre seg i kveld? Vil ho bli ståande å ete opp alt hundesnopet sjølv om ho strengt teke skal gå av scena? Men alt glir fint i kveld. Inspisient Haaland fylgjer med på dei minste detaljane på scena. Innimellom gjev ho ei internmelding til vaktmeisteren. Kikki Stormo har parkert på feil parkeringsplass, men det stod nokon på hennar plass, og då måtte det berre bli slik.

Kjartan Helleve kjartan.helleve@nm.no

Norsk Tidend 3–2013

I 2013 feirar Det Norske Teatret sitt 100-årsjubileum, og skodespelarane vart spurde om kva stykke dei helst ville skulle kome inn på jubileumsprogrammet. Teatersjef Erik Ulfsby fortel at Bikubesong vann den høgst uoffisielle røystinga. – Dette var framsyninga dei fleste hadde lyst til å sjå att, av dei det er mogleg å setje opp i nokolunde original form, seier teatersjefen til NPK. Etter ein runde heime i Oslo, skal stykket no ut på turné i samarbeid med Riksteatret. Det er ei jubileumsgåve til publikum.

17


Foto: Oddleiv Apneseth / Frå boka «Det fleirspråklege Noreg» (SKALD 2013)

Vi har dialektar i Eritrea også. Men dei norske er vanskelege. Ja, på jobb har vi til og med ein bergensar!

Norsk Tidend 3–2013

Aryam Mesfun

18

Draumen

– Ylsteinvik. Ilsteinvik! – Ulsteinvik. – Ylsteinvik. Det er jo umogleg! Aryam Mesfun ler. Å uttale sunnmørsnamn med vokalar i byrjinga av ordet er ingen spøk. Aryam vil så gjerne få det til. Vi prøver oss på den norske vokalen Ø, «Ørsta». – Ærsta. – Øøøøørsta. – Æææææærsta. Aryam Mesfun kom til Noreg som politisk flyktning frå Eritrea i 2009. Med seg hadde ho dottera Simana. Ektemannen Mesfin hadde ho ikkje sett sidan ho var gravid og dei begge framleis var i heimlandet. Etter krigen mot Etiopia har Eritrea utvikla seg til å verte ein autoritær stat, med stadig dokumenterte brot på menneskerettane. Å vere ein del av ein politisk opposisjon er særs vanskeleg. Eritrea har inga fri presse og er rangert på jumboplass av organisasjonen «reportere uten grenser». Landet innførte tvungen verneplikt for både kvinner og menn i 2002, som kan forlengast praktisk talt utan ende. Vanskelege økonomiske og politiske tilhøve, saman med lange tørkeperiodar, gjer Eritrea til eit av landa i verda flest menneske flyk-

LFakta Namn: Aryam Mesfun (27) Språk: Tigrinja, arabisk, nynorsk Yrke: Pleieassistent Fødd/oppvaksen: Keren, Eritrea Busett: Volda tar frå. Slik var det også med den vesle familien. Dei såg inga framtid i Eritrea, og Mesfin la på flukt frå militærtenesta, med ein draum om eit betre liv i Europa. Aryam vart verande att og fødde dottera Simana i Eritrea. Ektemannen Mesfin flykta til Italia, og ekteparet miste kontakten med kvarandre. Då Simana var eitt år, flykta mor og dotter til Khartoum i Sudan. Først var dei i flyktningleir, så budde dei hjå slekt. Aryam lærte arabisk. Men sjølv om Aryam hadde det bra i Sudan, drøymde ho om å finne att ektemannen og starte eit nytt liv i trygge Europa. Familien samla inn pengar, og mor og dotter la ut på flukt for andre gong. Det førte henne til Noreg. I 2010 kjem Aryam og Simana

til asylmottaket på Jørpeland i Rogaland. Dei har fått opphald som politiske flyktningar og vert plasserte i Volda. I mellomtida har ektemannen Mesfin leita etter kona si. Gjennom andre eritrearar høyrer han at ho er komen til Noreg. Han sirklar henne inn, reiser frå Italia til Oslo, set seg på bussen og går av i Volda. Det er første gong heile familien møtest. Då Simana møter far sin for første gong under sunnmørshimmelen, er ho blitt fem år. I dag er jenta sju og går i andre klasse. Ho les og skriv norsk og har også fått ein veslebror, Haniel. Eittåringen har byrja å snakke. Ut av munnen kjem det både norsk og tigrinja. – Då eg høyrde norsk språk for første gong, tenkte eg at det likna på minoritetsspråket «bilen» i Eritrea. Språket er svært ulikt morsmålet mitt, tigrinja. Fonetikken og grammatikken er ulik. Vi har verbet til slutt. «Eg køyrer bil» er «Eg bil køyrer», forklarer Aryam. Den språkmektige familien snakkar ei rekkje språk: tigrinja, arabisk, engelsk og italiensk, ettersom Eritrea har vore italiensk ko-


loni. Og så snakkar heile familien norsk. Men dei norske dialektane er ikkje greie å få tak på. – Vi har dialektar i Eritrea også. Men dei norske er vanskelege. Ja, på jobb har vi til og med ein bergensar! Aryam har tre jobbar. Ho arbeider som pleieassistent på sjukeheimen Fjordsyn, som reinhaldar på sjukehuset og som vikar i barnehage. Aller best likar ho seg blant dei eldre. – Det er på jobb eg lærer mest språk. Eg må jo snakke med andre nordmenn. Eg skriv ned nye ord kvar einaste dag, på gule lappar. I starten var det vanskeleg å kommunisere med dei eldre, men no hjelper vi kvarandre å forstå. Eg likar det svært godt, smiler Aryam. Å leve i eit nytt samfunn der det er to skriftspråk, synest ho ikkje er rart i det heile. – I Afrika har dei fleste land mange skriftspråk. Språka er ofte særs ulike. De nordmenn forstår jo kvarandre, og alle greier å lese både nynorsk og bokmål. Kan det verkeleg vere eit problem, spør ho. Den første setninga Aryam sa på norsk, var «kva heter du». No skriv ho nynorsk, og favorittordet er kjekt.

– Kjekt! Eit fantastisk ord! Det kan jo brukast til alt! Når sjefen min seier kjekt, ja, då vert eg alltid glad. Eit ord eg har problem med, derimot, er spennande. Eg har prøvd meg på google translate, men ordet vert brukt så vidt. Om eg til dømes seier noko, og folk seier spennande, kva betyr det? – Ja, det kan jo bety interessant. Det kan òg bety skummelt. – Ja, og så kan folk vere spennande. Eg får ikkje til å bruke det ordet. Første gong nokon sa spennande, trudde eg at eg hadde fått sparken! Eg trudde spennande betydde noko ulovleg eller noko som var feil. Heime i det vesle koselege huset i Volda snakkar dei tigrinja. Men Simana og Haniel kjem ikkje til å snakke språket flytande. – Det viktigaste for oss foreldre er at dei kan snakke med folket vårt heime i Eritrea. Om dei kan språket åtti prosent, ja så er det bra nok, seier ektemannen Mesfin. Han har begynt å lære sjuåringen det tigrinjiske alfabetet, som er svært ulikt det norske. Dei ser på eritreisk fjernsyn på Internett og ringjer heim i ny og ne. – Ein dag kom Simana og spurde: «Kva heiter dette på språ-

ket ditt?» Eg måtte jo forklare at det også var hennar språk, fortel Aryam. I stova fyk gloser på norsk og tigrinja. Beskjedar frå mor til far og til ungane går på tigrinja, og til gjestane snakkar dei norsk. Aryam meiner afrikanarar lærer språk raskt, nettopp fordi dei fleste afrikanske land har meir enn eitt offisielt språk. Det munnlege språket har høg status i Eritrea. Aryam og Mesfin er samde om at afrikanarar generelt snakkar mykje. – Ja, særleg kvinnene. Vi snakkar jo heile tida! Det å skravle er veldig viktig. De nordmenn er så stille, seier Aryam. Mykje av skravlinga går no i telefonen, men ho får aldri sagt nok, det er dyrt å ringe mellom Noreg og Afrika. – Det er dette som er problemet med kontantkort og skravling. Eg har snakka for hundre kroner før eg har kome til poenget!

Audhild Gregoriusdotter Rotevatn Artikkelen er henta frå boka Det fleirspråklege Noreg (SKALD 2013)

Kjekt! Eit fantastisk ord! Det kan jo brukast til alt! Når sjefen min seier kjekt, ja, då vert eg alltid glad. Aryam Mesfun

Norsk Tidend 3–2013

om Ø

19


100cl

Eple Eple & Bringebær Eple & Solbær

75cl

Gravenstein (eple) Økologisk Eple & Bringebær Økologisk Eple & Solbær Økologisk Eple & Pære* Økologisk Eple & Blåbær*

*No på alle Vinmonopol!

Smaken frå nynorskland Fruktbøndene i Sogn er vane med eit liv i bratte motbakkar. Langs dei irrgrøne liene opp frå Sognefjorden ligg dei minste fruktgardane i landet. Her er nedarva tradisjon blanda med ny vitskapeleg innsikt. I den varme porøse skredjorda finst både humus og mineralhaldige bergartar. Vatnet renn reint og rikeleg frå bekk og foss. Det store fjordbassenget svalar frukta om sommaren og lunar trea om vinteren. Sogn er ein del av det nordlegaste fruktmiljøet i verda. Her kan aprikos og druer dyrkast på friland – berre få mil frå Jostedalsbreen sin veldige is. Det gir ein spesiell rikdom å dyrka frukt i Sogn. Kvar vår skjer det same: Bjørka er blitt lysegrøn, medan snøen framleis ligg att på fjelltoppane. Fjorden kviler stille og blå, og lufta er blitt varm. Bonden går gjennom hagen sin og dreg inn angen frå dei rosa epleblomane som opnar seg. Då kjenner ho det på ny; kjærleiken til dette landskapet! Denne årlege oppdaginga gir ei eiga sjølvkjensle og auge for det vakre. Ciderhuset i Balestrand har ope heile sommaren – Velkommen innom til alle slags munngodt. www.balholm.no

www.ciderhuset.no

33cl

Eple & Bringebær Økologisk Eple Økologisk Eple & Blåbær Økologisk Eple & Pære Økologisk Eple & Solbær Økologisk Eple & Kirsebær

Rotfrukt Fem pensjonistar frå Det Norske Samlaget og ein professor emeritus har gått saman og skipa Vennelaget Samlagsrota.

– Det er ikkje slik at me som sit her har problem med å fylle kvardagen, seier Wenche Fossen. – Men som pensjonistar kan me arbeide med det me har lyst til. Nynorsk litteratur ligg nær hjarta våre, og det er moro å vere til hjelp. Til hjelp, ja. Dei seks personane som no presenterer Vennelaget Samlagsrota, representerer så mykje kunnskap at det knapt kan få plass i eit par dusin Noregsglas. Guri Vesaas, Sverre Tusvik og Svenn Fosseng har i fleire tiår vore markante faneberarar for nynorsk litteratur og nynorsk sakprosa. Wenche Fossen har hatt minst like mykje å seie for nynorske lærebøker, og Audun Heskestad styrte heile skuta i nesten tjuefem år. Som for å krydre salaten, har dei no fått med den ikkje heilt umeritterte professoren Arne Torp.

Støtte og draghjelp

Draghjelpa dei byr på, er tredelt. For det fyrste ynskjer dei å lyfte fram den gode nynorske litteraturen. I vinter hadde dei ei tilskiping i lag med Norsk Filminstitutt om Astrid Dypvik si bok om DDR. Seinare trekte dei fram forfattarskapen til Marit Eikemo, og 18. september er det planlagt ei markering av dei gode ungdomsbøkene som finst på nynorsk. For det andre ynskjer dei å skaffe støtte til tiltak som er viktige for nynorsken. Det kan vere å stø opp om lettlesbøker, men også å syte for at arbeidet med Norsk Ordbok ikkje stoppar opp, men held fram og blir utvikla etter at bokutgivinga skal vere fullført i 2014. I tillegg vil vennelaget skipe til sosiale reiser til

tilskipingar der nynorsk kultur blomstrar, t.d. litteraturfestivalar og Dei Nynorske Festspela.

Same målet Dei understrekar

at dei berre er eit slags interimstyre, og at det skal bli ei skikkeleg organisering til hausten ein gong. No jaktar dei på fleire medlemer. Og trass i namnet, legg dei seg ikkje opp i det forlaget driv på med. – Fyrst kalla me oss berre Samlagsrota, men det var det ingen som forstod. Men når me føydde til Vennelaget, vart det litt enklare. – Men kva er koplinga mellom dei og dykk? – Lite anna enn at me arbeider mot om lag mot same målet. Me gjer våre eigne vurderingar, som ofte fell saman med det forlaget har lyst å arbeide med. Forlagsdirektør Austigard har vore med på møte, og informasjonen går båe vegar. Men Samlaget styrer seg sjølve godt, og me legg oss ikkje opp i deira vurderingar. På det viset er det ikkje noko annleis enn korleis Venelaget til Det Norske Teatret fungerer. – Skilnaden er at me, trass namnet, ikkje berre bryr oss om eit teater, eller i vårt tilfelle, eit forlag. Me vil gjerne vere med på lyfte fram all nynorsk litteratur, uansett kva forlag han kjem ut på. – For Samlaget representerer noko meir. Det er noko meir og større enn sjølve forlaget. Og dette ekstra er det limet som bind oss saman, seier Wenche Fossen. – Godt sagt, seier Audun Heskestad.

Kjartan Helleve kjartan.helleve@nm.no


Llitteratur Rutine: Med ei samla fartstid på Samlaget på over 140 år, pluss ein mannsalder ved Universitetet i Oslo, så er det ikkje heilt utenkjeleg at denne gjengen har noko å kome med.

Norsk Tidend 3–2013

Foto: Kjartan Helleve

21


Lintervjuet

I gang Nyvald leiar Marit Aakre Tennø er glad for endeleg å vere i gang. Då slepp ho å kvi seg lenger.

Det er skilnad på folk. Medan nokre er mest opptekne av å gjere seg ferdig med eksamen og kome seg vidare i livet, sit andre og ergrar seg over alle skrivefeila i oppgåveteksten. Marit Aakre Tennø er i den sistnemnde kategorien. Under ein eksamen ved Universitetet i Trondheim fann ho tjue skrivefeil i nynorskteksten. Det provoserte henne. – Det var openbert at nynorsk ikkje var noko dei brydde seg særleg med. Men det gjorde altså ho. Som journalist i studentradioen tok ho saka vidare til Norsk Målungdom, der ho intervjua Ragnhild Ås. Ikkje heilt objektivt må me tru, sidan intervjuet enda med at Tennø vart verva til Målungdomen. Sidan vart ho aktiv i Studentmållaget i Nidaros. – Det var ei veldig kjekk tid. Det var ei veldig lyst til å diskutere, folk var opne og ein vart invitert inn i ordskifta.

Norsk Tidend 3–2013

Vikar Difor heldt engasjementet

22

fram då ho flytta til Oslo. Eigentleg skulle tida nyttast til å skrive eit hovudfag i filmvitskap, men det meste gjekk med til å lage medlemsavisa Motmæle og jubileumsboka Studentar i målstrid. Men i 2004 vart då hovudfaget levert, og det var snakk om å byrje på eit doktorgradsprosjekt. – Men så ringte Gro Morken Endresen. Endresen er dagleg leiar i Noreg Mållag. Dei trong ein vikar i Norsk Tidend, og det vart det fyrste engasjementet i Noregs Mållag. Sidan vart ho prosjektmedarbeidar i «Slepp nynorsken til!»-aksjonen, var ein tur innom Kringkastingsringen som dagleg leiar og det siste året har ho vore engasjert som norskfagskonsulent i Mållaget. Innimellom var det også tid til å vere fylkessekretær for Nei til EU, og ein runde hjå Merkur-programmet, som arbeider for halde flest mogleg nærbutikkar i live.

Motkulturen – Det verkar som om hobbyen din vart til arbeidet ditt? – Ja, det stemmer nok på eit vis. Men sjølv den akademiske karrieren

LMarit Aakre Tennø Ny leiar i Noregs Mållag Bur i Luster i Sogn og Fjordane, kjem frå Brattvågen på Sunnmøre

min handla om folkestyre og om at alle røyster skal med. Hovudoppgåva mi heitte «Treng me ein nasjonal filmproduksjon?» og svaret var sjølvsagt ja, men med éin premiss. Norsk film kan ikkje berre vere portrett av unge kvite menn i hovudstaden. Populærkultur må spegle at landet vårt er meir enn som så. Også andre må kjenne seg att og kjenne at filmane handlar om deira kvardag. På same viset er kampen for nynorsk ein kamp for eit mindre nytta språk. Noregs Mållag er ein viktig representant for motkulturen. – Framleis? – Ja, det vil eg meine. Målrørsla har alltid vore knytt til noko meir enn språk. Det er ikkje veldig langt frå Noregs Mållag til t.d. Nei til EU. Eg hugsar at me hadde ein kurdisk forfattar til å halde landsmøtetalen for Målungdomen. Men dette «meir» kan vere likt og ulikt. For meg er kampen for nynorsk uløyseleg knytt til ein aktiv distriktspolitikk. Nedgangen i nynorskbrukarar skriv seg ikkje frå at folk meiner så

Målrørsla har alltid vore knytt til noko meir enn språk. Det er ikkje veldig langt frå Noregs Mållag til t.d. Nei til EU.

mykje om språket. Det handlar om at me flyttar til byar, frå nynorskområde til bokmålsområde. I område der nynorsk står sterkt, er også dette med motkultur viktig.

Pragmatisk motstand

– Eg anar ein innsats for kjerneområda? – Ja, men ikkje minst i randsonene. Igjen, motstanden mot nynorsk er ikkje prinsipiell, han er pragmatisk. Når kommunar no slår saman skular og krinsar, så nektar rådmennene å gje språklege rettar til nynorskelevar, og skuldar på trong kommuneøkonomi. Nynorskelevane har altså ikkje noko vern. Det må dei få. Ein skal ikkje lenger enn til Finland for å finne døme på ein heilt annan språkpolitikk. Der kan du velje om du vil gjennomføre verneplikta på svensk eller finsk. Norsk språkpolitikk kan ikkje avgjerast av rådmenn som vil spare pengar.

Positiv utvikling – Korleis ...

– Samstundes ser me at det også går føre seg ei utvikling i kjerneområda, og då i ei meir positiv lei. Det er fantastisk at Arne Brimi og reiselivsnæringa nyttar nynorsk i marknadsføring og som ein lekk i ei merkevarebygging. Men kva med Vartdal Plast, som lagar plastprodukt for industrien og omset for mangfaldige millionar? Kvifor gjekk dei over til å bruke nynorsk? Truleg vil også dei knyte seg til staden dei held til, men dette signalet går til menneska som bur i nærleiken og som arbeider der. Det handlar om å vere stolte over kvar dei kjem i frå. Dette gler meg stort. – Notert. Men korleis ser du fram mot det å bli leiar? – Eg er leiar. Eg kvidde meg for å bli det, no er eg glad for å vere det. – Du er ikkje redd for å bli sett på plass av folk som veit meir? – Om å skrive rett, meiner du? – Til dømes. – No er eg vel ikkje kjent for å vere den som skriv mest rett, men eg har heldigvis folk rundt meg som kan hjelpe meg med både det

og med andre ting. Skrivarstova er ikkje heilt utan erfaring og det er til stor hjelp. Men nei, eg er ikkje redd for det. Er ser fram i mot å arbeide saman med lokallaga og å lære av dei. Nynorskstafetten har vore eit organisatorisk lyft som me må byggje vidare på. – Korleis då? – Eg har arbeidd med norskfaget i eit år no, og eg ser at det ikkje er like enkelt å forstå omfanget. Sjølv stortingspolitikarar kan kome i tvil. Difor bør me bli flinkare til å skulere organisasjonen. Det kan vere å gjere tillitsvalde tryggare på ulike saksfelt, eller å setje nyvalde inn i organisasjonsdrift. Særleg lag som er i randsonene, bør få tilbod om all den hjelpa dei har lyst på. Men når det er sagt ...

Utrulege medlemer – Er det no du skal seie at dette er ein fantastisk organisasjon? – Ja, og eg bryr meg ikkje om andre har sagt det før. Det kan ikkje seiast for ofte: Dette er ein fantastisk organisasjon med nokre utrulege medlemer. Folk som aldri sluttar å klage på lovbrot, som ikkje sluttar å spørje etter nynorske frimerke på posten, for nynorsk som skulemål, som kyrkjemål osv. Det er ekstremt kor mykje frivillig arbeid som blir lagt ned for å sikre nynorskbrukarane sine rettar, og for at dei skal bli betre. Så mange medlemer som ikkje tenkjer at «det går berre ein veg», og som ikkje går med på at det finst ei «naturleg språkutvikling». Du spurde meg i stad om mållaget representerte motkulturen. Måten medlemene tenkjer og handlar på, er det beste dømet på at svaret er ja. Kjartan Helleve kjartan.helleve@nm.no

Gler seg: – Er ser fram i mot å arbeide saman med lokallaga og å lære av dei, seier Marit Aakre Tennø, ny leiar i Noregs Mållag. Foto: Kjartan Helleve


Norsk Tidend 3–2013

23


Lkronikk

Nynorsk fagterminologi Elektroniske oppslagsverk er språklege spirekasser som kan dyrke fram ein levande fagterminologi på nynorsk.

Norsk Tidend 3–2013

Nynorsk skjønnlitteratur blømer som aldri før, skriv Kjartan Fløgstad i Norsk Tidend 4/2012. Kva er stoda for fagspråket? I kva grad kan ein som nyttar nynorsk på arbeid, ty til fagterminologi i si eiga målform? Elektroniske oppslagsverk med nynorsk fagterminologi har kome til dei siste par åra. Desse spirekassene kan verte viktige for å styrkje nynorsk på arbeidsstaden. Sjølv om fagterminologien varierer frå fag til fag, er han eit grunnleggjande verkty som alle nyttar seg av i det daglege arbeidet. Om ein skal gje ei nøyaktig, fagleg beskriving til ein kollega, forklare nytt fagstoff for ein lærling eller student eller strukturere fagstoff for seg sjølv, må ein gjere nytte av ein presis terminologi.

24

Kva heiter det? Samstundes er det lett å kome til kort når ein skal skrive om noko fagleg. Mykje fagstoff ligg føre berre på engelsk, og det er ikkje alltid like enkelt å vite kva noko heiter eller skal heite på norsk. Det er nettopp i slike tilfelle at fagordbøkene kjem til nytte. Likevel opplever mange nynorskbrukande fagpersonar her ein dobbel vanske. Om fagterminologien skulle liggje føre på norsk i t.d. ei fagordbok, gjeld dette oftast berre på bokmål. Ein etablert nynorsk fagterminologi manglar rett og slett på fleire viktige fagfelt. No er dette i og for seg ikkje ei ukjend problemstilling, og mykje har vorte gjort for å bøte på skorten av nynorsk fagterminologi. Fagomsetjar Sylvi Dysvik har i ei mastergradsoppgåve studert tradisjonen for nynorsk fagleksikografi. Ho peikar på tre historiske etappar. Den første kallar ho pionertida, som går fram til 1917. Her er det særskilt allkunneboka Heimsyn og synonymordboka Norsk Maalbunad som peikar seg ut, og i desse to gjorde Ivar Aasen framlegg om nynorske termar på fleire fagfelt. Frå 1917 til 1959, den såkalla mellomperioden, kom klassiske fagordbøker som t.d. den juridiske ordlista (1929) til Ni-

kolaus Gjelsvik i tilegg til ei medisinsk og fleire tekniske ordlister. Ulike forlag som t.d. Det Norske Samlaget og Norsk Forlag i tillegg til m.a. Studentmållaget i Trondheim var sentrale pådrivarar i dette arbeidet. Konsolideringsperioden gjekk frå 1959 og frametter. Særleg frå 1970 var det ein ny giv med fagordlister frå Studentmållaget i Oslo og større verk som t.d. Norsk landbruksordbok (1978), Norsk teknisk ordbok (1981), Norsk teknisk fagordbok (1984) og Norsk medisinsk ordbok (1988). Utgjevingane frå Rådet for teknisk terminologi (RTT) må også nemnast. Frå 1980-åra vart det utarbeiddd om lag 20 RTT-ordbøker med nynorsk terminologi på felt som varmekraft, korrosjonsteknikk og romverksemd, berre for å nemne nokre. Eit lyte ved desse ordlistene var likevel det som Dysvik kallar for ”påhengsterminologi”. Ordbøkene vart utvikla først og fremst for bokmål, og nynorsktermane var ofte reine omsetjingar gjorde av filologar utan at ein kjende til gjennomslaget dei hadde blant nynorskbrukande fagfolk. Dette gjaldt i og for seg også den populære Norsk dataordbok frå Universitetsforlaget. Nynorsk fagterminologi fekk dimed hevd på fagfelt som landbruk, medisin, jus og i mindre grad innan teknologi, militærstell, handel, økonomi og andre område. Men den faglege utviklinga på desse og andre felt har vore snøgg, særskilt i dei siste par tiåra. Fagordbøkene har ik-

Språkåret 2013 markerer difor eit vegskilje for utvikling og tilgjengeleggjering av nynorsk fagterminologi

kje alltid klart å halde tritt med denne utviklinga. I tillegg vart RTT lagt ned i 2001, og nynorsk språkrøkt stoppa opp på mange fagfelt. Sjølv om Norsk medisinsk ordbok stadig kjem i oppdaterte utgåver og framleis står sterkt, kan ein kanskje seie at arbeidet med nynorsk fagterminologi er ein broten tradisjon, i alle fall til ei viss grad. Fleire aktørar og fagfelt har falle frå. Samstundes gjev nye initiativ og tekniske løysingar i form av elektroniske termbasar sterk von.

Ny tid – ny von Fagordbøker

i det tradisjonelle papirformatet er framleis viktige, men vert no kompletterte med elektroniske termbasar. Ein termbase er eit strukturert oppslagsverk der ein finn fagtermar på eitt eller fleire språk i tillegg til ein kort og presis definisjon. Fordelane med den nye generasjonen av elektroniske oppslagsverk er openberre. Medan det tek tid å oppdatere trykte fagordbøker, er det langt lettare å endre og leggje til fagterminologi i elektronisk termbasar. I tillegg er desse gratis og tilgjengelege på Internett for alle. Overgangen frå trykking til tastetrykking gjev med andre ord nye moglegheiter. Fleire terminologiske oppslagsverk med nynorsk innhald har vakse fram i løpet av dei siste par åra, og Språkåret 2013 markerer difor eit vegskilje for utvikling og tilgjengeleggjering av nynorsk fagterminologi. Den språklege feiringa og markeringa gjeld difor ikkje berre litteratur, men i like høg grad apparatur og nomenklatur. Det språklege maskineriet på arbeidsstaden vert først og fremst smurt med ord som brytarkontakt, årsmelding, strøyming og andre fagtermar. No er i og for seg elektroniske termbasar ikkje noko heilt nytt i landet. Først kom den såkalla NOT-basen, ein termbase med petroleumsterminologi frå 1980åra som framleis er tilgjengeleg på nettet, men utan å ha vorte oppdatert sidan slutten av 1990åra. Utanriksdepartementet har også ein elektronisk termbase,


i i språklege spirekasser “

Medan det tek tid å oppdatere trykte fagordbøker, er det langt lettare å endre og leggje til fagterminologi i elektronisk termbasar.

Heidre og lære Den nye generasjonen elektroniske oppslagsverk inneheld terminologi frå fleire ulike fagfelt, og aktørane bør her nemnast og heidrast. Universitets- og høgskolerådet (UHR) har utvikla ein termbase med studieadministrativ terminologi som ligg føre på bokmål, nynorsk og engelsk. Her er det snakk om nesten 2000 termar på kvart språk. Språkrådets datatermgruppe er samansett av fagfolk på feltet og gjer framlegg om brukarnære avløysarord på både bokmål og nynorsk innan IKT. Svært viktig er arbeidet Standard Norge har gjort for norsk fagterminologi. Standard Norge har ansvar for standardisering på ei rad tekniske fagområde i landet og har gjort terminologien frå ei rekkje standardar frå m.a. bygg- og anleggsbransjen og miljøsektoren tilgjengeleg gjennom termbasen Snorre, som no inneheld over 50 000 termar på nynorsk. Innan elektroteknisk terminologi er arbeidet til Norsk Elektroteknisk Komité (NEK) førebiletleg. I den europeiske termbasen Electropedia ligg all norsk terminologi føre i begge målformer, over 2300 elektrotekniske termar i kvar. Andre termbasar er i kjømda, t.d. i økonomisk-administrative fag ved Noregs handelshøgskole (NHH). Alle desse termbasane vert stendig reviderte og utbygde slik at dei ikkje vert utdaterte. I dette arbeidet er det også fagfolk som sit i førarsetet og vel ut kva termar som skal leggjast inn. Dette sikrar både kvalitet, relevans og forankring. Det heiter i Stortingsmelding nr. 35 (2007–2008) Mål og meining at det overordna målet for språkpolitikken vår er å sikre norsk språk som eit fullverdig, samfunnsberande språk i Noreg.

Samstundes står det også at nynorsk står særleg svakt som fagspråk. Terminologitenesta i Språkrådet arbeider særskilt med å styrke norsk fagspråk og terminologi, også nynorsk. Språkrådet deltek i flesteparten av dei nemnde termbaseprosjekta og reknar dette arbeidet som viktig for å nå dei språkpolitiske måla.

Von i veksande basar Trass

i føremonene ved termbasar skortar det likevel på innhald frå mange fagområde. Særleg saknar ein fagterminologi frå disiplinar innan forsking og høgare utdanning. Difor har Språkrådet sett i gang med eit prosjekt for å teste ut ein mønsterpraksis for terminologisk arbeid i sektoren. Ei gruppe på sju kjemikarar frå Universitetet i Oslo og Universitetet i Bergen samarbeider om å gjere kjemisk terminologi tilgjengeleg for kollegaer, studentar og ålmenta gjennom ein wiki-basert termbase. Erfaringane frå dette prosjektet vil vonleg ha ein overføringsverdi til andre disiplinar som ønskjer å utvikle fagterminologien i begge målformer. Dette er eit viktig arbeid. Ei endring i universitets- og høgskolelova seier nemleg at det er sektoren sjølv som har ansvar for å vedlikehalde og vidareutvikle norsk fagspråk. Arbeidet med termbasar er unekteleg eit konkret og gjennomførleg bidrag til dette. Kjartan Fløgstad skriv altså at nynorsk skjønnlitteratur blømer frodigare enn nokon gong. Det er vanskeleg å gje ein like opplyftande og eintydig tilstandsrapport frå den nynorske fagspråkfloraen. Likevel kan det seiast at framveksten av ein ny generasjon termbasar kan verke som språklege spirekasser for å dyrke fram ein levande fagterminologi på nynorsk. Ein kjem ikkje utanom at språkmedvitne fagfolk spelar ei viktig rolle for å røkte nynorsk fagspråk. Dei har no eit nytt verktøy til dette arbeidet.

Ole Våge

Seniorrådgjevar i terminologitenesta i Språkrådet

Norsk Tidend 3–2013

Illustrasjon: Tuva Østvedt

den såkalla EU-EØS-basen, som framleis er i bruk. Her finn ein over 8000 fagtermar på nynorsk, og basen vert stendig oppdatert. Erfaringane frå desse har utan tvil vore viktige for den nye generasjonen av termbasar.

25


Norsk Tidend 3–2013

inspirert av naturen

26

I strandkanten ved Nordfjorden, i rolege og vakre omgjevnader, finn du Innvik - ein liten tettstad og eit sokn i Stryn kommune. Her har Skogstad skapt funksjonelle sportsklede for folk flest i meir enn 70 år.

Skogstad Sport AS – 6793 Innvik – Tlf: 57 87 67 70 – Fax: 57 87 67 71 – firmapost@skogstadsport.no – www.skogstadsport.no


Kommunikasjon og andre lygner

Lordskifte Alternativ til «-heit»endingar

Det starta vel med grynting. Saman med handrørsler, peiking og eit hende dask i ryggen gjorde våre forfedrar greie for sine ynske. Tungvint og ikkje serleg presist. Så med gradvis vart språket utvikla, det vart meir og meir eit verkty som kunne nyttast ved dei mest kompliserte høve. Frå å uttrykkje svolt, via mellomalderen sine kjærleiksballadar til lange utgreiingar om abstrakte fenomen som partikkelfysikk og offsideregelen har språk i sine ulike former vorte ein fantastisk reiskap. Eit av dei beste dømi på at evolusjonen verkar, det beste overlever og går vidare. Heilt til dei siste åri. For no har det skjedd ting som ikkje er råd å forklåra. Eg ser oftare og oftare at heile meiningi med språk er endra. Kommunikasjon er ikkje lenger målet. Tvert om. Og aller verst er det om ordet kommunikasjon er i samanheng med ein yrkestittel. Har du nokon gong sett ein kommunikasjonsdirektør (fint skal det vera, eg har enno ikkje møtt ein kommunikasjonsassistent) som har som mål å klårgjera eit emne? Har du sett nokon av dei som har som rettesnor at publikum skal få den heile og fulle sanningi? Om så treng du nok ein ny time hjå optikar! Når direktør for kommunikasjon hjå eit leiande klesmerke vert spurd om kvifor det er dårleg løna born under tvilsame arbeidstilhøve som syr dei billege kleda deira, trur du oppgåva hans då er å opplysa saki? Eller trur du det er å tildekkja så mykje som råd, bløffa der det går og orsaka berre det som er uråd å koma unna? Du vert diverre ikkje rik av rett svar her! Det verste er at desse menneski ofte er vel utdanna journalistar med lang røynsle frå ulike media, både avis- og radiojobbar har vorte vraka for ei betre løna stilling som selskapet sitt glatte andlet mot verdi. Dei har lært seg alle triksi i boki og er imponerande flinke til å takla sine tidlegare kollegaer. At dei kan noko

Finsk avis med svensk-støtte Den finskspråklege avisa Helsingin Sanomat trykte i slutten av mai hovudoppslaget sitt på både finsk og svensk.

L TYLEPRAT KNUT P. BØYUM storeknut@online.no

som helst om den verksemdi dei representerer, er mindre viktig. Ei anna gruppe som lyg namnet er kunderådgjevarar i bankane. Kunderådgjevar. Smak på namnet. Skulle ikkje vedkomande vere tilsett for å gje gode råd som vil sikra kunden dei beste avtalane? Trur du verkeleg det er dette som er deira oppgåve? Heller ikkje her vert du rik for rett svar. Kva har skjedd med bankane og forsikringsselskapi våre? Då eg byrja som bonde i 1987, var banken min ein stad eg kom for å betala rekningane og plassera sparepengane mine. Med på kjøpet fekk eg ein triveleg prat og i verste fall ein brosjyre om andre måtar å spara på. Sidan endra alt seg. Til slutt vart det slik at banken ikkje lenger ville betala rekningane, det kunne eg gjera sjølv. Og skulle eg likevel vera dum nok til å gå innom, var det som å vera einaste jenta på eit russetreff, eg fekk full merksemd og vart utsett for mykje halvsanningar for å verta kapra. Ikkje til å undrast over at eg bytte bank. Min fyrste kontakt med forsikringsselskap var for å tryggja verdiane på garden. Det er lengje sidan det var fokus der. No er det berre plassering av pengar for det eine eller andre føremålet som er tema. Likevel er eg komen godt ifrå det. Ein liten pensjonssparingsavtale i eit leiande forsikringsselskap som ingen andre enn selskapet sjølv og posten tenar på. Minst ein gong i månaden kjem statusbrevi med lister over gebyr, kostnader, tap på plassering og redusert saldo etter

I oppslaget seier statsminister Jyrki Katainen at han er sjokkert over mordtruslane som har vore retta mot fleire finlandssvenskar den siste tida – til venstre siterer avisa han på finsk, til høgre på svensk. Mordtruslane har kome i kjølvatnet av den heftige debatten som no går i Finland

kvar innbetaling. I høve mange andre eg les om, er dette berre bagatellar. Og alle saman lokka av kunderådgjevarar. Sjeldan har vel gode råd vore dyrare. Om me ser vekk frå desse mest graverande tilfelli, er det nok av døme på yrkestitlar som er i overkant sjølvhøgtidlege, ofte i ein slik grad at det ikkje lenger er lett å skjøna kva det eigentleg er slags arbeid me snakkar om. Når vart ein vaktmeister til driftsleiar eller vedlikehaldsleiar? Dei som skal vera ekspertar og rådgje verksemdene, er vortne konsulentar, gjerne med nemningi spesial framfor og løn som står til tittelen. Ein konsulent kan vel liknast med ein vallak, dei veit kva som skal gjerast, men klarar det ikkje sjølve. Under ei fotballsending høyrde eg at han som skulle skyta straffe, vart kalla eksekutør. Eg ville ikkje vore målmann då! Eller keeper heiter det vel i dag. Då eg var gutunge kom vaskedamene til skulen når me reiste heim. Slik eg minnest dei var det ferme og basige damer som viste korleis ein skulle svinga ei tvåga. No er både vaskedamene og vatnet vekke frå vaskingi, og moderne reinhaldsoperatørar nyttar turrmoppar til å feia støv og drit rundt ikring utan nemnande reingjerande verknad. Og no har eg ikkje eingong nemnt all tilgjersla med engelske nemningar. Assistant Account Executive, Dei er gode i engelsk, men veit dei kva dei skal gjera på arbeid? Men var det betre før? Nemnde vaktmeister vart kalla pedell om han arbeidde på ein skule. Ein meddomar kunne vera ein assessor. Prokurator er vel heller ikkje mykje nytta lenger? Eller grosserar. Rykti vil ha det til at landmålarane var delte i overmålar og undermålar. Der var det nok motivasjon for å verta forfremja! Og var du heldig hadde du ein far som var reisande i eitkvart. Men gjerne ikkje om han var reisande i dameunderty ...

om framtida til det svenske språket i skulen og i samfunnet elles. Riksavisa Helsingin Sanomat går i same utgåva på leiarplass inn for å halde på begge språka som offisielle språk i Finland, fortel den svenskspråklege riksavisa Hufvudstadsbladet. (NPK)

Heit-endingane i nynorske substantiv har breidd seg ut som eld i tørt gras dei siste åra. Denne utviklinga opplever eg uheldig. Både fordi dette gjer nynorsken fattigare, og fordi det er lite naturleg for mange å avslutta slike ord med ”heit”. I nynorsk har me eit rikt forråd av endingar for abstrakte substantiv. Forutan -heit kan slike substantiv enda på -dom, -ing, -leik, -nad, -semd eller - skap. No er desse formene i liten grad i bruk i munnleg tale, og difor er det forståeleg at -heit, som ei nynorskifisering av -het, har breidd seg slik ut. Det er få som seier «openheit»; dei fleste seier «openhet». Tilsvarande i andre lange abstrakte substantiv; det er få som seier «tilgjengelegdom», «saklegdom», «pålitelegdom», «punktlegdom», «tryggleik», «fastleik», «nærleik», «verksemd», «veikskap» eller «grådigskap», Det vert helst at ein brukar het-endinga, ev. -heit-endinga. Enkelte ord har heldigvis enklare alternativ. «Moglegheit» kan i mange tilfelle erstattast med «høve», «einigheit» kan erstattast med «semje», «leiligheit» kan byttast ut med «husvere», «styresmakt» er eit enkelt alternativ til «myndigheit», «høgfartstog» er klart betre enn «høghastigheitstog». Spesielt ord med dobbel diftong, som «leilegheit» og «einigheit», vert veldig sidrumpa, og bør helst fjernast frå ordlistene. Like eins «myndigheit» og «høghastigheitstog» - sistnemnde er forferdeleg med sine 6 stavingar, og ein sederande diftong mot slutten av ordet. Nynorsk har tradisjon for diftongar. Mange av desse har rot i talemålet, som «ein» der bokmål har «en», «åleine» der det på bokmål heiter «alene», og «meining» i staden for «mening» m.m. Samtidig har nynorsk eit visst høgtysk preg, med framandord som «samstundes» i staden for det dansk-norske «samtidig». I denne konteksten vert heit-stavinga heilt logisk; den er ei vidareføring av alt etablerte høgtyske former i nynorsk. På den andre sida har fargerike diftongar i einstavingsord (t.d. «pao») aldri fått plass i nynorsk. Dei klassiske nynorske endingane -dom, -ing - leik, -nad, - semd og -skap, har som sagt svakt talemålsgrunnlag. Konstruerte ord som desse ofte er, taper lett i konkurransen med eldre etablerte taleformer, som i dette tilfellet het-endingane. I høgtidlege samanhengar er det meir naturleg å bruka denne typen former. I t.d. bibelspråket passar soleis desse formene godt inn. Men dessverre les få i nynorske biblar. Også i skriftleg juss og i skriftlege analysar elles vert det meir naturleg enn i munnleg tale å bruka slike former. Skriftlege former lever til dels sitt eige liv, og kan overleva lenge utan å ha talemålsgrunnlag. Men vil opplevast meir og meir unaturleg i møte med konkurrerande skriftbilete, i dette tilfellet endingar på «het» eller «heit». Heit-standardiseringa gjer nynorsk meir unaturleg for mange, og den gjer nynorsken meir fattig. Het-ending høver best for ord som ”nyhet», og generelt har «het»-endingar eit stort talemålgrunnlag i nynorskområda. «Het»-endingar bør difor inn i rettskrivinga, og elles vil i alle fall eg bruka dei meir høgtidelege orda når det er råd.

Vidar Sætre

Norsk Tidend 3–2013

Lytring

27


Lkryssord ved Laurits Killingbergtrø

Kryss NT nr 3-2013 TREAR KVISTEN

HUSMANNSÅND FUGL

STATSRÅD

TOPPMÅLING

STIMULANS

RIKSSTYRE

SJEKK

YTE

SPANSK VENN

DA. KONGE

LOVBROT

ATTOVER

STEMNE

BY I I TALIA PLASS

I SANDNES

SÅRMERKE

NY-

FISKESNØRE

BORT-

ØNSKJER

SLEDEUNDERLAG JESUS

ROMMÅL

OLDER

LIKE

24 SKILLING

LEITING

LIKE

ØYBUAR

OGSÅ

FOSTRING

EIGEDOMSPRON.

FERASE I ASIA TONE

FORTUMLA PREP.

EKSTASEN

OVERFLATE TA SEG FRAM PÅ VATNET

REIN FLYSELSKAP

KRØTERSTELL

MANNSNAMN

SER I BOKA

TRIVE

DU OG EG

MISTE HÅR

UTROP

TEK TIL

TROLL

LEDDYR

IKKJE

UKOKT

DYREUNGE

TRIM

VEKSE

LIST

STELLER HÅR

NITROGEN

STEG

VESKE

HUGS

OKSYGEN

ARTIKKEL ODDE

PLASSERE

SKAL

SONG PÅ SAMISK

TELE TILTRU

KYRKJELEIAR

VEKT

FØREMÅL

RISTE

ROLEG

PÅ MOTEN

SKRED

VAR UÆRLEG FESTEGREIE

KJELDE

PAVEKRONE

RO

KOM BYER

FISKETUREN

BIL VARMEKJELDE

ENØK

AVGIFT

PLANTE

HALD MUNN !

STILLE (2 ORD)

PREST I BIBELEN

KVINNENAMN

SYSAK

MÅLTID

ATTOVERBØYGD

PRONOMEN

TIDSROM

Kryssordvinnarar i nr. 2 – 2013 1. Else Stave Myklebust, Volda

Norsk Tidend 3–2013

2. Randi Vengen, Stord

28

3. Fam. Valvik, Berger

Send løysinga til: Noregs Mållag Lilletorget 1 0184 Oslo Frist: 26. august 2013 Merk konvolutten «Kryssord». Rett løysing kjem i neste utgåve. Tre vinnarar vert trekte ut og får fin premie.

LLøysing

Kryss NT nr 3-2013 TREAR

HUSMANNSÅND

KVISTEN

FUGL

STATSRÅD

TOPPMÅLING

STIMULANS

FISKESNØRE

ROMMÅL

I SANDNES NY-

BORTSLEDEUNDERLAG JESUS

RISTE

OLDER SONG PÅ SAMISK

EIGEDOMSPRON.

FERASE I ASIA TONE

PREP. LIST

TEK TIL

LEDDYR

IKKJE

Adresse: DYREUNGE

STEG OVERFLATE TA SEG FRAM PÅ VATNET

TRIM KRØTERSTELL

VEKSE FORTUMLA

FLYSELSKAP

OKSYGEN NITROGEN

EKSTASEN

VESKE

HUGS

ØYBUAR ARTIKKEL

OGSÅ

FOSTRING

LEITING

LIKE

ODDE

PLASSERE

SKAL LIKE

24 SKILLING

TELE TILTRU

STELLER HÅR

VEKT

FØREMÅL SÅRMERKE

ROLEG

KJELDE PÅ MOTEN

STEMNE

BY I I TALIA

ØNSKJER

ENØK KOM BYER

SKRED

PLASS

ATTOVER

AVGIFT

LOVBROT

PAVEKRONE

RO VAR UÆRLEG

FESTEGREIE

SJEKK FISKETUREN

REIN

Postnummer/-stad:

YTE

BIL VARMEKJELDE DA. KONGE

KYRKJELEIAR

Namn:

RIKSSTYRE

SPANSK VENN

MANNSNAMN

SER I BOKA

TRIVE

DU OG EG

MISTE HÅR

UTROP

PLANTE

TROLL UKOKT HALD MUNN !

STILLE (2 ORD)

KVINNENAMN

SYSAK ATTOVERBØYGD

PREST I BIBELEN MÅLTID TIDSROM

PRONOMEN


Levande tradisjon Boka Tekking og kleding med emne frå skog og mark er ei slik oppkome av ord, teknikkar og kunnskap at ein angrar på at det ikkje vart tømrarlina på yrkesskulen.

Forflating – For det fyrste har eg vore knytt til Norsk Handverksutvikling der eg har vore med på å samle inn materialkunnskap, fortel Bojer Godal. – For det andre har eg arbeidd mykje med bygningsvern og restaurering, der det har vore ei forflating av teknikkar. Materialkunnskap er mykje meir nyansert enn det mange tømrarar og arkitektar er klar over. Og endå står det mykje att å finne. Under ligg det forsiktig kritikk av styresmaktene og kva dei godkjenner av restaureringsarbeid. Eg var innom med ei bok til Riksantikvaren, og sa at ”no blir det vanskeleg å vere dykk”. Det er så mange fine teknikkar som ikkje må gå i gløymeboka. – Så det finst ein rett og ein feil måte å setje i stand hus på? – Ein skal vite kva ein driv på med. Somme meiner at boka er litt for ”katolsk” i så måte. Men det er ikkje slik at alt skal vere som det var då huset vart bygd. Me var involverte i den nye stavkyrkja på Gol. Der nytta me ikkje hoggen spon, men saga spon som dei nytta då dei sette originalen opp på Folkemuseet i Oslo i 1886. Men me nytta nok litt betre ved. Det finst både ein estetisk og ein teknologisk innfallsvinkel til dette materialet, der den teknologiske biten vil vere den minst autoritære. Det er berre fakta om kva som fungerer best. Ikkje berre for handverkarar – Kven er

denne boka mynta på? – Ja, eg har tenkt på det. I utgangspunktet er det jo ei fagbok, men ein treng ikkje vere ein fagperson for å få utbytte av henne. Det er framleis mange torvtak rundt om, og både hytteeigarar, huseigarar og botanikarar bør kunne finne noko interessant i boka. Dessutan treng ikkje all kunnskap vere knytt til arbeid. Det kan også auke gleda over å sjå på gamle hus når ein veit litt om korleis dei har blitt sett opp. – Og arkitektar vel? – Ja, eg held mykje kurs og føredrag. For det meste er det handverkarar og tømrarar, men også ein god del arkitektar. Det er rasande morosamt å prøve ut eldre teknikkar, og eg håpar jo at det kan inspirere

Vebjørn Sture Leiar i Norsk Målungdom

Nytt frå tåkeheimen Gjennom valkamp skal partia læra oss kva dei står for. Sjølv har eg berre vorte forvirra. Me kunne sagt mykje om slagorda, som er så generelle at dei like godt kunne gått på rundgang. Alle vil vel «ta Norge videre», ved hjelp av «nye ideer, bedre løsninger», og gjerne «et friskt pust»? Likeins vil dei fleste setja «menneskeverd i sentrum», og om ikkje seia «folk først», så i alle fall vera «for folk flest». På same vis er «del godene» ein god leveregel om me skal «ta hele Norge i bruk». Det einaste som skil seg ut, er «Rødt på tinget» – men heller ikkje det seier stort om sjølve politikken. Som veljarar kan me likevel ikkje skulda på innpakninga. Kven som helst kan – og bør! – lesa partiprogramma for å vita kva partia går til val på. Problemet oppstår når programma ikkje er til å forstå. Berkjing: Torgeir Frihetsli berkjer ei stripe midt oppå stokken. Foto: Roald Renmælmo/Frå boka

TRADISJON: Jon Bojer Godal er formidlar av tradisjonsboren kunnskap om bruk av tre i hus og båtar, no aktuell med ei bok om taktekking. Foto: Wikipedia Commons

andre til å gjere det same. Eg skal snart vere med på å leggje eit torvtak på Dovre. Der har me tenkt å nytte ein teknikk som me kjenner frå Gudbrandsdalen, der det har blitt funne påfallande mykje fin sand i torvtaka. Truleg er dette ein måte å hindre brann på, at gneistar frå innsida ikkje skulle setje fyr på taket. Det kan skuldast slump, men når eit slikt trekk går att i eit område, må ein tru at det er medvite.

Fleire tusen nye ord – Korleis er interessa for

desse teknikkane i dag? – For å seie det slik: kvart år skipar me til Nordisk Treseminar på Dovre. Det blir lagt ut på nettsidene 1. februar, og i løpet av dagen er kurset fullt. Det seier noko om interessa. – Det er rikt ordtilfang i boka? – For meg handlar handverket også mykje om handverkarspråket, og det er viktig å ta vare på desse orda. Det er sjølvsagt dialektvariantar, og det har me teke med ein del av. Eg nyttar Norsk Ordbok nesten dagleg. – Leverer du også inn ord? – Ja. – Kor mange ord har det blitt? – Det har vel blitt nokre tusen.

Kjartan Helleve kjartan.helleve@nm.no

Til dømes har Arbeidarpartiet i år ingen uttalt nynorskpolitikk. Dei vil «føre en offensiv språkpolitikk», men seier lite om kva det inneber. Ordet nynorsk er ikkje nemnt i det heile. Kva dei vil gjera med sidemålet, mållova eller målbytet, får veljarane gjetta seg til. Høgre er ikkje mykje betre. Dei er rett nok tydelege på at byråkratane sine personlege preferansar skal styra statens språkføring – det er i minsto ikkje til å misforstå, jamvel om det er hjelpelaust forstokka. Derimot rår det kaos om kva slags sidemålspolitikk partiet fører. Høgre vedtok nemleg å «avvikle ordningen med egen karakter og eksamen i sidemål». Men kva tyder det? Vedtaket har vorte omtalt som «valfritt sidemål», men ordet «valfritt» er ikkje nemnt. Tyder det at Høgre vil halda fram med sidemål utan eigen karakter? Eller vil dei avvikla heile sidemålsordninga, inkludert karakteren? Dei ulike leirane i Høgre har førebels ikkje kome til noka felles forståing. Som målfolk er vår rolle å grilla partia på språkpolitiske spørsmål. Fyrste prioritet – før me hakkar laus på Høgres udiskutable mållovsåtak – bør vera å få Ap til å avklara kva «en offensiv språkpolitikk» tyder, og Høgre til å opplysa om kva sidemålsvedtaket deira eigentleg inneber. Lukke til med det.

Norsk Tidend 3–2013

Den halvgalne eventyraren Jarle Andøy har skrive ein stad at han er oppgitt over all kunnskapen som går tapt i kunnskapen. Dette kom etter han hadde sigla rundt om på verdshava og møtt menneske som levde enklare og, i Andøy sine auge, betre liv. Men han hadde ikkje trengt å reise så langt. Over heile landet står det gamle trehus som så vidt står oppreist, eller som er redda ved hjelp av bylgjeblekkplater. Nokre har likevel teke på seg børa med ikkje å late kunnskapen om å lage tette tak av det ein finn i naturen, gå tapt. Ein av desse er Jon Bojer Godal, ein nestor innan faget. Saman med fleire medforfattarar gav han i fjor ut boka Tekking og kleding med emne frå skog og mark. Frå den eldre materialforståinga. Den gjev ei innsikt i materialval og teknikkar som går langt ut over det å fyre i peisen. Veldig mykje lenger. Og nedst ligg ein nesten grenselaus respekt for kunnskapen. No kjem boka i andre opplag.

L nmu

29


Krambua Ja takk, eg tingar: ❏ T-skjorte Nynorskstafetten, med logo i nakken.

For damer: Fargar: rosa, svart, raud og blå Storleikar: s, m, l og xl For menn: Fargar: svart, marine, raud og grå Storleikar: m, l og xl Kr 150,– Hugs å melde ifrå om farge og storleik!

❏ Notatbok

Linjert notatbok med slagordet «Gjennom ord blir verda stor!» Hardt omslag med stofftrekk. Kr 125,–

❏ Jakkemerke «Slepp nynorsken til!» Kr 10,– (Kr 50,– for 20 stk.)

❏ Jakkemerke «Takk, Ivar Aasen!» Kr 10,– (Kr 50,– for 20 stk.)

❏ Matboks

I plast, 16 x 11 cm. Kr 50,–

❏ Notatbok natur

Ulinjert notatbok med Ivar Aasen på framsida, og «Noregs Mållag» på baksida. Hardt omslag med strie. Kr 75,–

❏ Mobildeksel

Mjukt mobildeksel til iPhone 4 og iPhone 5 med trykket «Å snakka: akkedera, garta, kvitra, masa, munnrøda, pjegga, preika, røda, svalla, tjantra» Kr 50,–

❏ Krus

Med trykket: Det endaa koma kann den Dag, daa Retten fram kann sleppa. Ivar Aasen, 1875 Kr 100,–

Norsk Tidend 3–2013

❏ Frukostasjett

30

Med trykket: Nokon må elske ordet og reinske bort ugras der det gror. Nokon må bruke ordet. Berre ved bruk blir det vakkert. Marie Takvam, 1987

Sjå innom heimesida for andre tilbod. Hugs at vi kan gå tom for somme artiklar. Det er såleis ikkje sikkert at du får alt du tingar.

Kr 100,– Namn: Kryss av, klipp ut eller kopier og send tinginga til:  Noregs Mållag, Lilletorget 1, 0184 Oslo

Eller send e-post til: nm@nm.no, ringje 23 00 29 30, fakse til 23 00 29 31 eller ved å gå inn på www.nm.no Porto kjem i tillegg.

Adresse; Postnr. og -stad: Storleik på t-skjorte:


Lnoregs mållag

200-årsdagen for Ivar Aasen Måndag 5. august er det 200 år sidan Ivar Aasen vart fødd. Denne dagen vil me feira. Den 5. august er det framleis sommar i Noreg. Difor er det heilt opp til kvar enkelt lokalt korleis ein vil markera dagen. Om målfolk vil markera dagen, er det ekstra kjekt om det er eit opplegg som avisene og media vil ta bilete av eller snakka med oss om.

Stå på stand!

Eit enkelt lokalt opplegg kan vera at lokallaga bakar kake, kjøper pinneis, kjeks, saft og kaffi og deler det ut på stand. Lokale lag kan ha kakestand ved badeplassar, ferjekaia, campingplassar, i gågata, ved kjøpesenter, i parken eller kvar de meiner ein kan treffa folk ein sommardag i august. Laga kan stå på stand i halvannan time eller ein heil ettermiddag eller på kvelden.

«Gebursdagspakke»

Me vil laga ei heilt enkel «gebursdagspakke» til lokallaga og andre interesserte. Der følgjer det med eit enkelt følgjeskriv for korleis feira dagen og kvifor me feirar dagen. De vil få eit enkelt og fint flygeblad med tekst om kvifor vi feirar Ivar Aasen og nynorsken, i tillegg til jakkemerke og ballongar. I tillegg er det mogleg å tinga ekstraopplag av siste utgåva av Norsk Tidend. Noregs Mållag sentralt vil bruka denne dagen til ei politisk markering som kan skapa ordskifte og blest på sjølve dagen. Illustrasjon: NDLA

Tid for å søkje momskompensasjon! Frå 2010 var det innført ei ny tilskotsordning som skal kompensere for utgifter frivillige organisasjonar har til meirverdiavgift ved kjøp av varer og tenester. Formålet er å kompensere for kostnader som frivillige organisasjonar har til meirverdiavgift, basert på årsrekneskap eitt år tilbake i tid. Ordninga omfattar ikkje investeringar i og påkostnader på bygg, anlegg og fast eigedom. Drifts- og vedlikehaldskostnader knytte til bygg, anlegg og fast eigedom er omfatta av ordninga, med unntak av dersom t.d. ungdomshuset er heilt eller for ein stor del utleigd til ei anna verksemd. Lotteri- og stiftelsestilsynet forvaltar ordninga og søknad om meirverdiavgiftskompensa-

sjon skal sendast Lotteri- og stiftelsestilsynet, som handsamar søknad og reknar ut storleiken på kompensasjon som går til den enkelte søkjar etter denne forskrifta.  Lag som er medlemer i ein nasjonal organisasjon må søkje gjennom denne. Noregs Mållag må difor sende ein samla søknad til Lotteri- og stiftelsesstilsynet for heile organisasjonen, basert på søknader frå kvart einskild lag og fylkeslag. Ordninga inneheld to modellar, éin basert på dokumenterte momskostnader og ei forenkla ordning der momskostnadene vert berekna ut frå ein modell basert på kva som er gjennomsnittlege momskostnader i frivillige organisasjonar. I forenkla ordning er lokallaga fritekne frå ein del fråtrekk

NORSK TIDEND

Tilsette: Gro Morken Endresen, dagleg leiar, tlf. 23 00 29 37, 957 85 560, gro.morken@nm.no

Annonsar: Annonseprisar: Tillegg for tekstside: Spaltebreidd: Kvartside: Halvside: Heilside: Ilegg til avisa:

kr 9,00,–/mm kr 0,50,–/mm 45 mm kr 3 000,– kr 5 000,– kr 9 000,– kr 1,00 pr. stk.

Alle prisar er eks. mva. Ved lysing i fleire nummer kan vi diskutere særskilde avtalar. Stoffrist nr. 4 – 2013: 21. august 2013

NOREGS MÅLLAG www.nm.no

Tilskrift: Lilletorget 1, 0184 OSLO Telefon: 23 00 29 30 Telefaks: 23 00 29 31 E-post: nm@nm.no Kontoradresse: Lilletorget 1, 0184 OSLO

Tuva Østvedt, organisasjonskonsulent, tlf. 23 00 29 34, tuva.ostvedt@nm.no Berit Krogh, økonomikonsulent, tlf. 23 00 29 35, berit.krogh@nm.no Ingar Arnøy, skulemålsskrivar, tlf. 23 00 29 36, 975 29 700, ingar.arnoy@nm.no

Bankgiro: 3450.19.80058

Hege Lothe, informasjonskonsulent, tlf. 57 86 53 60, 926 48 348, hege.lothe@nm.no

Leiar: Marit Aakre Tennø Mobil: 454 71 716 E-post: marit@nm.no

Kjartan Helleve, redaktør Norsk Tidend, tlf. 23 00 29 32, 943 97 998, kjartan.helleve@nm.no

NORSK MÅLUNGDOM www.nynorsk.no/nmu

Tilskrift: Postboks 285 Sentrum, 0103 Oslo Telefon: 23 00 29 40 Telefaks: 23 00 29 31 E-post: nmu@nynorsk.no Bankgiro: 3450 65 48707 Leiar: Vebjørn Sture, Telefon: 924 16 527, 23 00 29 40, E-post: vebjorn@nynorsk.no Skrivar: Anne Svanaug Straume, Telefon: 23 00 29 40, E-post: skriv@nynorsk.no

Norsk Tidend 3–2013

Framhald av Fedraheimen og Den 17de Mai

Prent: Nr1Trykk as Opplag: 35 000 Abonnement: kr. 250,– per år

og dokumentasjonskrav. Noregs Mållag har vedteke at organisasjonen skal søkje momskompensasjon etter forenkla modell i 2013, då dette vil lette arbeidet og sikre at flest mogleg får blitt med. Laga skal ikkje sende inn rekneskapen, men oppbevare denne lokalt. Det er heller ikkje i år krav om at lokale og regionale lag må vere registrerte i Frivillighetsregisteret for å vere med i den sentrale søknaden frå organisasjonen. Lokale mållag kan søkje ved å fylle ut eit skjema som ligg på heimesidene våre. Søknadsfristen er 20. juni.  Ta kontakt med økonomikonsulent Berit Krogh på berit.krogh@nm.no eller telefon 920 82 991 dersom de har spørsmål i samband med dette.   

31


Lilletorget 1 • 0184 OSLO

nr. 3 • JUNI 2013

– Nynorsk er eit herleg norsk skriftspråk. Å hate nynorsk er unødig bruk av energi. Det vert som å hate alfabetet, berre av di bokstavane me nyttar er latinske. Anniken Wullum (15) argumenterer for kvifor ho har bytt til nynorsk som hovudmål

LPå tampen Lir du av «i forhold til»-sjuka? Vel, du er ikkje åleine. Politikarar, børsmeklarar, næringslivspampar, byråkrattoppar, advokatar, dommarar og andre som burde vita betre, har fått det føre seg at «i forhold til» kan erstatta dei fleste, om ikkje alle, preposisjonar eller adverb. Språkfeilen spreier seg som ein epidemi, frå dei høgt utdanna i hovudstaden og utover landet. Trass i at mange av misbrukarane dagleg les Aftenposten og Dagens Næringsliv, gjer ikkje visdomsord, åtvaringar og uthengingar frå profilerte skribentar som Per Egil Hegge og Kjetil Alstadheim nemneverdig inntrykk på forholdistane. I retten presterer advokatar å nytta uttrykket opp til tre gonger i same setning. Eg har spurt meg kva som er gale med «på», «i», «med», «til», «gjennom», «mellom», «trass i», «om», «overfor», «fordi», «i samband med» eller «med tanke på». Eg tykkjer ikkje dette er så vanskelege ord at me ikkje kan halda fram med å bruka dei. Kanskje dei er for enkle for godt utdanna folk? «Vi betviler ikke noen av de forholdene som har blitt lagt frem i forhold til sikkerhetsbehov som er i forhold til den amerikanske ambassaden», er det protokollert at han som no er andre nestleiar i Venstre og byråd for miljø og samferdsel, sa i ein bystyredebatt i Oslo. Kommentar er vel overflødig. «Oppsummering i forhold til de fire hovedhensynene» er ei kapitteloverskrift som går att mange gonger i utgreiinga frå det såkalla klagesaksutvalet, NOU 2010:12. Utvalet meinte vel oppsummering av, opp mot eller ut fra? «Den som reiser saken, må påvise et reelt behov for å få kravet avgjort i forhold til saksøkte» heiter det i tvistelova § 1-3. Lovgjevaren ønskte vel å seia mot eller kanskje overfor den saksøkte? «Reelt sett står dommer A og B like fritt i forhold til det spørsmål Høyesterett skal prøve som Høyesteretts øvrige dommere», skriv høgsterettsjustitiarius i avgjerda i Rt-2010-939. Han prøvde vel å seia at dei stod fritt i spørsmålet? «… av de tingene du nevner, vil jeg nok si at det å ta grep i forhold til påvirkningen fra engelsk er det som står øverst på programmet», skreiv den nye språkdirektøren i ein nettprat rett etter at han vart tilsett. Sjølvaste språkdirektøren har vel til oppgåve å ta grep mot påverkinga? Døma er mange. Men dette bør ikkje vera så vanskeleg. I grunnskulen har dei fleste lært at «i forhold til» tyder «samanlikna med». Dersom ein ikkje kan byta ut «i forhold til» med «samanlikna med» utan å endra meiningsinnhaldet, bør ein finna eit anna ord. Dei 337 medlemmene i fjesbok-gruppa «I forhold til skal KUN brukes til sammenligning!» har i alle fall skjønt det. Burde ikkje også språkdirektøren, Høgsterett og politikarane snart skjøna det? Sjølv dei høge damer og herrar er ikkje heva over god språkbruk.

Gunnar O. Hæreid Juristmållaget

(Foto: Oslo Bymuseum)

Bondeheimen og Heimen Husflid fyller 100 år LLI år fyller Hotell Bondeheimen og Heimen Husflid hundre år. Det vart markert med ein stor gatefest i Oslo 8. juni, der det var danseoppvisning, musikalsk underhaldning med mellom anna Valkyrien Allstars og Aasmund Nordstoga. – Vi er ein ung og vital 100-åring, seier konsernsjef Hans-Jul Mikkelsen i Bøndenes Hus AS, som er morselskapet til både Hotell Bondeheimen og Heimen. LLI samband med jubileet er Bøndenes Hus med Bondeheimen, Kaffistova, Heimen Husflid og Bondeungdomslaget i Oslo tildelt kvalitetsmerket Olavsrosa for å ta godt vare på ein bygard med høg arkitektonisk verdi og eit framifrå kulturinnhald. LLDå Hotell Bondeheimen opna 10. juni 1913 i Rosenkrantz’gate 8, hadde hotellet femti rom. I dag har hotellet 127 rom, som alle er tileigna ein forfattar eller

kulturperson. Hotellet har mange stamgjester frå kultur- og samfunnsliv. – Bondeheimen har vore ein tilhaldsstad for alle slags folk gjennom hundre år. Det skal vi også vera i framtida. Vi er stolte av at vi framleis er eit sjølvstendig hotell, der historia sit i veggene, og overskotet går til kultur- og idrettsaktivitetar, seier hotelldirektør Nina Baroudi. LLHeimen Husflid blei grunnlagt i 1912, men prosjektleiar for jubileet, Terje Svindseth, fortel til Nynorsk pressekontor at dei har valt å leggja feiringa til i år saman med jubileet til Bondeheimen. LLMed bunadsproduksjonen sin forvaltar Heimen ein av dei tyngste delane av kulturarven i den historiske bygarden. – På systova til Heimen tek vi vare på tradisjonelle saumteknikkar. Vi held ved like og utviklar kulturarven, seier HansJul Mikkelsen om Heimen. (NPK)


Norsk Tidend 3-2013  
Advertisement
Read more
Read more
Similar to
Popular now
Just for you