Issuu on Google+

Slik oppretter og redigerer du artiklar i Joomla  1. Logg inn på nettstaden din med brukarnamnet og passordet ditt. Innloggingsadresse er alltid  http://www.dittdomene.no/administrator.   

Joomla! - innlogging til administrasjonen Bru k et gyldig brukernav n og passo rd for a fa adga n g til administratorsiden.

Ga tilbake til nettstedets hovedside

Brukernavn Passord Sprak

Standard

Logg inn

Jooml~

0

er fri programvare utgitt under GNUIGPL lisens.

   


2. For å lage ein ny artikkel, gå til innhald og vel artiklar. 

      3. Øvst til høgre vel du Ny 

4. No kan du byrje å skrive. Legg inn: 1 – overskrift iTittel 2 – Vel om artikkelen skal publiserast og om den skal stå på framsida 3 - Vel kva kategori artikkelen skal lagrast i . 4 - Lim inn teksten din eller skriv teksten inn her Eit tips: Kopierer du tekst frå Word, vil den dra med seg formatering frå Word Det ser ikkje bra ut Bruk knappen Paste from word og lim inn teksten din her Trykk insert 5 - Trykk Bruk viss du vil redigere meir. Trykk Lagre og lukk viss du er ferdig og vil ut av artikkelen.


5. No kan du sjå korleis artikkelen ser ut:   

                       


6. Ønskjer du å redigere teksten eller leggje inn eit bilde? Du finn artikkelen att ved å velje  Innhald og Artiklar frå menyen. 

 Den grøne haka utanfor artikkelen ”Framside” fortel oss at teksten er publisert. Den blå stjerna fortel at han ligg på framsida. Ønskjer du til dømes at teksten ikkje skal liggje på framsida, trykkjer du på stjern.Tilsvarande viss du ikkje ønskjer at den skal vere publisert likevel. Dette kan du endre så mange gonger du vil.

                                 


7. Skal du leggje inn eit bilde, må du opne artikkelen din og scrolle heilt til botnen. Der finn du  ein knapp som heiter Bilde.   1 – trykk på Bilde‐knappen. Då opnar det seg eitt nytt lite vindauge. Bildet du skal leggje inn  bør  helst vere redigert på førehand. Du kan no anten laste opp eitt nytt bilde frå maskina di  eller bruke eit bilde du allereie har.  2 – for å bruke eit nytt bilde du har lagra på maskina di, trykk Bla gjennom, finn bildet og  trykk Start opplasting. Vel deretter justering venstre eller høgre og trykk Sett inn.  3 – for å bruke eit bilde du har lasta opp allereie, finn bildet i ei av mappene , marker bildet,  vel justering og trykk Sett inn.    Du kan sjølvsagt sette inn fleire bilde viss du vil. Når du er ferdig, trykkjer du Lagre oppe til  høgre.   

   


8. Og slik ser det no ut: 

      TIPS: Ønskjer du ikkje at heile artikkelen skal synast på framsida, finst det ein kjekk funksjon  som heiter Les meir. Knappen finst same plass som Bilde‐knappen. Marker kor i teksten du  ønskjer å dele opp det som skal synast på framsida og ikkje, sett markøren der og trykk Les  meir. 


/Opprette_og_redigere_artiklar_i_Joomla17