Se på - ta på - høre på

Page 98

del 3

evalueringsrapport frå ei utstilling elisabeth akselvoll, 2006–2007

I juni 2005 var det offisiell opning av nye lokale for Bergen Byarkiv. I desse lokala ligg også det første spesialbygde rommet for arkivutstillingar i landet. Opninga vart markert med utstillinga «1905–2005. 100 dokumenter», som i tillegg til å vere opningsutstilling var byarkivet sitt bidrag til hundreårsmarkeringa for unionsoppløysinga. Som tittelen seier, så dreia utstillinga seg om å formidle 100 år med byhistorie ved hjelp av 100 dokument. Utstillinga vart til med utgangspunkt i visjonen om at alle bergensarar skal kunne bruke Bergen Byarkiv. For å leve opp til ein grunnverdi om demokrati gjorde ein det vel etablerte prinsippet om universell utforming til målestokk for utstillinga. I dette arbeidet var det få retingslinjer å stø seg til, men ein tok ei avgjersle om å fokusere arbeidet mot tre hovudkategoriar av funksjonsnedsetjing og oppretta ei referansegruppe til hjelp med prosessen. Resultatet var at fleire konkrete tiltak vart sette i verk for å skape ei utstilling med tilgjenge for personar med rørslehemming, synshemming og høyrslehemming. 98

Tilrettelegginga vart gjennomført som ledd i ei eksamensoppgåve i museumsformidling ved Høgskulen i Oslo1. Den ferdige utstillinga realiserte ikkje alle intensjonane som kom til uttrykk i oppgåva, men oppgåva gir viktig informasjon om prosessen bak utforminga av utstillinga. I etterkant meinte ein at det var avgjerande å evaluere dei tiltaka som vart gjort for å tilretteleggje utstillinga, for mellom anna å kunne overføre erfaringane til seinare utstillingar. Det vart difor søkt om pengar frå ABM-utvikling for å gjennomføre ei grundig evaluering, og for å skape ein reiskap for framtidig utstillingsarbeid i form av ei handbok. Du sit no med rapporten frå sjølve evalueringa framfor deg.

1

Eilertsen, Grete og Vadset , Åsta: Arkiv for alle! Tilrettelegging av utstillingen «1905–2005. 100 år – 100 dokumenter» for mennesker med nedsatt funksjonsevne.

se på – ta på – høre på


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.