Se på - ta på - høre på

Page 53

Modifisert utgåve av Deltasenteret sin «brukbarhetspyramide», der dei to øvste nivåa er slått saman til eitt nivå. Illustrasjon: Deltasenteret, endra av Elisabeth Akselvoll.

tilpassing.4 For ein del personar vil det til dømes vere heilt nødvendig å skape eit tilbod som er skreddarsydd til den einskilde, dersom dei skal få utbyte av ei utstilling. På den materielle sida er dette vanskeleg å gjennomføre. Dersom det er mogleg å oppfylle nivå 3, så må det vere knytt til dei menneskelege ressursane. Rett kunnskap og gode haldingar hos personalet er avgjerande for at ein skal kunne skape eit tilbod som er inkluderande, fleksibelt og innstilt på å finne løysingar. Hovudmålet er å kome fram til løysingar som integrerer så mange som mogleg i ei og same utstilling. Dei ulike brukargruppene har likevel så pass ulike føresetnader, og føresetnadene varierer så mykje innanfor dei ulike gruppene at det er praktisk umogleg å skape optimale tilhøve for alle. 4

Ei slik løysing vil måtte pregast av kompromiss, og difor har også spesialutstillingar retta mot utvalde grupper sin funksjon. Ei spesialutstilling vil også måtte inngå kompromiss, men ho opnar for ein annan måte å prioritere på. Det vesentlege ved denne tenkemåten er at han tek utgangspunkt i brukarane, og ikkje i det fysiske miljøet. Trekanten synleggjer universell utforming som rammevilkår for å kunne skape eit inkluderande tilbod, og framhevar den demokratiske retten til likeverd og deltaking ved å inkludere alle brukarar. Med dette utgangspunktet blir det tydelegare at manglande tilrettelegging, også utover det som kan reknast for universell utforming, inneber ei utstøyting av individ og grupper frå den sosiale fellesskapen som utstillinga kommuniserer med.

Dette er ei samanslåing av nivå 3 og 4 i den opphavlege trekanten, som begge handlar om individuell tilrettelegging.

om tilgjengelighet og formidling

53


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.