Se på - ta på - høre på

Page 166

Utstillinga var ein del av prosjektet «Vandring i tid og rom», som vart til på initiativ frå Hedmarks fylkeslag av Norges Blindeforbund. Ein prosjektrapport er utarbeidd ved NBFHedmark. Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design, Oslo • Åtte sentrale måleri frå fire sentrale periodar i norsk kunsthistorie er gjengjevne taktilt i to ulike variantar, den eine i tre, den andre i svellpapir, alle i A3-format. Bileta er til utlån etter avtale og blir leverte i ein koffert, saman med materialprøver og forklarande tekst i vanleg skrift, punktskrift og opplesen på cd. Naturhistorisk museum, Oslo • Dufthagen i Botanisk hage er ein sansehage som kan opplevast gjennom syn, lukt og berøring. Hagen er tilrettelagd for rullestolbrukarar, blinde og svaksynte, med urtebed i rett høgd for rullestol, handlist som fungerer som leielinje, relieffkart med generell informasjon i braille ved inngangen, og etikettar med braille til alle plantene. I tillegg finst det eit hefte i braille om urtehagen. Trøndelag folkemuseum, Sverresborg • Intern plan for å auke medvitet kring funksjonshemma personar sine særlege behov. • Norsk døvemuseum har nyleg fått midlar for å utvikle eit nasjonalt museum for formidling av historia og kulturen til dei døve. Interessant utviklingsarbeid er venta å finne stad her i åra framover.

166

• Meråkertunet viser garden Nesset som er tilrettelagd som eit såkalla hands-on-anlegg. Her blir det arrangert aktivitetar, og det er lov til ta på og ta i bruk det som er vist fram. Anlegget eignar seg særleg til formidling til born, forståingshemma og synshemma. Museum i Norden Ateneum – Statens konstmuseum, Helsinki • Finsk kunstmuseum som vann Nordiska Handikappolitiska Rådet sin pris for tilgjenge i 2001. • Leiande i Norden på formidling av kunst til blinde og svaksynte, mellom anna gjennom produksjon av såkalla lydbilete. Tolv klassiske måleri blir skildra verbalt på ein cd, akkompagnert av lydeffektar og musikk. Som supplement finst relieffbilete i svellpapir. Bohusläns museum • Blei i 1998 kåra til «Årets mest tillgängliga museum» av det svenske Kulturråd og arbeidsgruppa for «Museer för alla» i Västra Götaland. • 2001 deltok museet i konkurransen om Nordiska Handikappolitiska Rådet sin tilgjengespris og fekk heiderleg omtale. • Museet har særleg erfaring med å skape tilgjenge for personar med synshemming og dysleksi. Dei har ein handlingsplan for tilgjenge som blir oppdatert kvart år, og ei fast referansegruppe som er involvert i alle utstillingar. Dei arbeider også med utdanning av personalet

se på – ta på – høre på


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.