Lokalt kulturliv i endring

Page 191

logo og slagord, namn på arrangement og arenaer, omtale av stader og arrangement. Vi vil også sjå på andre typar av metaforar som er blitt tatt i bruk, og kva eventuelle negative metaforar dei skal erstatte. Vidare vil vi sjå på korleis naturmetaforar blir brukt «dramaturgisk» i ulike former for kulturuttrykk, og kva bodskap dei blir brukt til å formidle. Sentralt i denne samanheng er korleis metaforar blir brukt til å skape mytar om fortida og framtida og endringsprosessar i eit lokalsamfunn. Storås-mytane «Vi holder til midt i skogen», seier presentasjonen på Storåsfestivalen si heimeside 2009. Natur- og skogs-metaforikk har ein sentral plass i omtalen og gjennomføringa av festivalen. «Meldal er også omringet av en fantastisk natur, med lakselva Orkla rennende igjennom hele kommunen, samt massive Trollheimen som både er gjenstand for jakt og stille turisme, samt mange sagn og myter.» Metaforisk bruk av skogen og ulike former for skogsmystikk gjennomsyrar festivalen. Festivalen sin offisielle logo er to mytiske skogsvesen: dei to huldrene som går igjen på festivalmateriellet, og er eit eksklusivt tatoveringssymbol. Dei gjev også namn til ei av festivalscenene: «Huldrascenen». I matteltet kan ein kjøpe «elgburger», og blir ein tørst, kan ein gå i «Gran Bar» eller «Gåte Bar».

Huldrene. Storåsfestivalen sin offisielle logo

KAPI TTEL 5 L OKAL E MYTAR OG FESTIVAL AR

19 1


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.