Lokalt kulturliv i endring

Page 181

i etterkant av strippestuntet 2008 farleg nær spørsmålet frå Bergmannskonferansen tidlegare på året: Vil media begynne å plukke dere ned? For støttespelarar som fylke, kommune og utviklingsprogram er kontroversielle og uregjerlege utspel eit kritisk punkt. Ein har valt å støtte festivalen vidare, men det vert stilt krav til anna omdømmebygging, og ny festivalleiing garanterer snuoperasjon med tanke på forrige års medieutspel.168 I leiinga i festivalorganisasjonen er det sterke personlegdomar og sterke kjensler. Det er ein miks av ulike folk som inspirerer kvarandre og som er gjensidig nødvendige for å starte festival. Men det er og maktkamp, konflikt og slitasje, og interne alliansar kan vere både uoversiktlege og i endring. Det er lojalitet til sak, organisasjon og arbeid, men og flyktigheit og eldsjeler som trekkjer seg når eigne krav eller ideal ikkje vert tilgodesett. Gründeren og frontfiguren sitt brot med festivalen er eit tidsskille i den relativt korte festivalhistoria. For øvrig er dynamikk ein del av organisasjonsbiletet, der personar i leiing og styre har komme og gått utan dramatikk. Festivalen er oppdragsorientert på det viset at den må selje eit konsept og skrive søknadar for å halde seg i live. I oppdraget er det viktig å aktivisere eit nettverk og ha dialog med politikarar lokalt, regionalt og nasjonalt. Ifølgje festivalgründeren handlar alt om relasjonar, «man må snakke godt med folk, man må være åpen, man må ha noe å komme med hele tida».169 I oppbygginga er det prøving og feiling undervegs. Nøkkelpersonar i organisasjonen har kunnskapar og nettverk og eigne musikalske karrierer. Men med unntak av Mogård-Larsen frå Bylarm og Trænafestivalen var det ingen som i 2004 hadde laga ein festival før, og hadde ein visst kva det innebar, ville ein ikkje turt og gjort det igjen, hevdar ein av medarrangørane. Også seinare aktørar i festivalen har hatt relevante eksterne karrierar å tilføre festivalen, slik som festivalsjefane Per Tronsaune (manager for Gåte og festivalsjef 2005–2006) og Thomas Ryjord (musiker/ungdomsklubbarbeid, festivalsjef 2007–2008). Men nettverk og relevant erfaring gjer ein ikkje automatisk til profesjonell festivalfiksar. Slik sett kan festivalbygging like gjerne vere «halvstudert røveri» der vegen blir til medan ein går. «Dei hadde ikkje peiling dei som skulle ha peiling, heller», seier ein lokal frivillig om første årets festival, og siktar til mangel på kunnskap om kor mykje folk som kom og kva som trongst av tiltak. Matansvarleg vart engasjert to–tre veker før første festival for å ordne servering til det ein 168 Adresseavisen, 11.02.09, «Ny Storås-sjef». 169 Bergmannskonferansen 2008.

KA PITTEL 4 STORÅS – BYGD I FESTIVAL

181


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.