Engasjement og arrangement- Ei bok om konsertar og konsertarrangering

Page 161

kapittel 6

musikk» og «skulle ynskje det i større grad var kunstnarlege val som styrte bookinga. Vi ynskjer t.d. fleire upcoming band, men har ikkje råd. Vi køyrer mot det sikre». Ein annan arrangør kallar dette for «pose og sekk-artister», dvs. artistar som har «kommersiell og allmenn appell, men er representanter for det annerledese, det ikke-kommersielle». Her er ambivalensen mange arrangørar har til spørsmål om marknaden, godt illustrert: ein ynskjer ikkjekommersielle artistar med kommersiell appell. Ein kvalitet som fleire nemner, er evna eller viljen til å vere lojal mot formatet eller profilen arrangøren ser seg knytt til. Dette kan t.d. vere knytt til geografiske forhold eller storleiken på scenen. På spørsmål om korleis ein arrangør kan vite at ein artist er bra, svarar ein klubbscene i Trondheim Det baserer seg på bookingansvarlig sin erfaring. Han har 15 års erfaring med booking i Trondheim, og vet hva som funker og ikke. Det er store regionale forskjeller. Det som funker i Bergen, funker ikke nødvendigvis i Trondheim. Vi tar inn de som historisk sett funker. Det betyr at mange band kommer igjen og igjen. Denne arrangøren fortel vidare at nettopp derfor er dei fast stoppestad for mange band innan eit visst segment. Det at desse banda kjenner lojalitet til sitt segment, eller omvendt at denne arrangøren har eit godt renommé blant desse banda, er veldig viktig. Særleg stolt var arrangøren av å ha så godt forhold til eit knippe band at dei heller ynskte å spele to utselde konsertar her enn éin på Studentersamfundet (kapasitet 1200) eller Olavshallen (kapasitet 1100). Ein annan mindre arrangør på Vestlandet fortel at dei veit at dei har treft med ein god artist dersom Bergenfest41 «tar over» artistar året etter. «Blir både litt stolt og litt bitter da», fortel dei vidare. Ein kan slutte at ein god artist her altså er ein som er aktuell for formatet og profilen denne klubben har, men som samstundes er på veg opp. Å vere dyktig i å vere tidleg ute med å presentere nye artistar er elles ein kvalitet som er mykje omtalt i kunstfeltet, samstundes som ein ikkje kan vere så tidleg ute at ingen enno har høyrt om artisten. Som den same arrangøren summerer opp: «Man ønsker en viss profil, men er avhengig av at budsjettene ikke ryker, så det må tiltrekke seg publikum. Vi vil ha ting publikummet ønsker, men vi vil også vise fram mangfoldet til mannen i gata, ting de ikke visste de ville ha.» Som før nemnt er også dialogen med bransjeleddet viktig i arbeidet med å finne artistar med rette profilen. Gode kontaktar og tillitsbaserte relasjonar vil gjerne spele ei viktig rolle i å sikre artistar med «rett profil» til ulike arran-

41 www.bergenfest.no

159

100857 GRMAT NK Engasjement og arrangement 190101.indd 159

31/05/2019 13:11


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.