Svinviks arboret

Page 1

Svinviks arboret

Besøksadresse Todalsvegen 785 6640 Kvanne

Opningstider Frå mai til august Les meir om opningstidene på nettsida vår!

Kontakt svinviks.arboret@nordmore.museum.no nordmore.museum.no

Følg oss

Surnadal kommune

Omslag Svinviks.indd 1

11.05.2018 11.27.11


© 2018 Nordmøre museum Postboks 291 N-6501 Kristiansund N Gitt ut av Nordmøre museum og Surnadal kommune www.nordmore.museum.no | www.surnadal.kommune.no Grafisk utforming: Nordmøre museum Forsideillustrasjon: M. Hart, 1825 Bakgrunnsillustrasjon forside: fra Halvor Svinvik sine notater om frukthagen Neste side: Anne og Halvor Svinvik i arboretet, 1955 Illustrasjonar siste side: Jordloppa er frå boka “Sigv. Chr. Berle A.S, Bergen. 1929” Frømannen er frå frøpose “J. Olsens Enke A.S, Oslo. Ca. 1944” Dame med trillebår er frå frøpose “M.Jørgensens Frøhandel AS, Grejsdalen, DK” Der ikkje anna informasjon er gitt tilhøyrer foto Surnadal museum/Svinviks arboret si samling Tekst: Maja Frønes, Katarina Wedelsbäck Bladh og Egil Ingvar Aune Svinviks arboret er eigd av Surnadal kommune og drifta av Stiftelsen Nordmøre museum

Omslag Svinviks.indd 2

11.05.2018 11.27.11


Velkomen til Svinviks arboret Museumshagen Svinviks arboret ligg vakkert til ved Todalsfjorden i ­Surnadal kommune. Staden er mest kjent for den store samlinga av ­rododendron som er ei nydeleg oppleving i blomstringa på forsommaren. Hagen vart etablert tidleg på 1940-talet av Halvor Svinvik (1894-1976). Han gifta seg med Anne Reitan (1906-1993) i 1950, som også vart deltakande i arbeidet. I arboretet finst store samlingar av rododendron, nåletre, lauvtre, stauder og frukttre. Svinviks arboret er Halvor og Anne sitt livsverk, som dei ønskte at skulle vere ope for gjestar også etter deira tid, som kjelde til kunnskap og glede over levande vekster.

Svinviks Brosjyre11.05.18.indd 1

11.05.2018 13.25.47


Halvor Svinvik og Rhododendron ‘Everestianum’, 1967. Neste side: Svinviks arboret, ca. 1960.

Svinviks Brosjyre11.05.18.indd 2

11.05.2018 13.25.48


Halvor Svinvik si store interesse var å prøve ut ulike planter og deira evne til å overleve i nordmørsk klima. Han hadde ikkje høgare utdanning i­ nnan faget, men skaffa seg med tida eit stort nettverk med kontaktar innan ulike forskingsmiljø både i inn- og utland. Slik fikk han tilsendt og prøvd ut ei stor mengd ulike frø og planter her i Svinvika. Undervegs gjorde han ­detaljerte notatar om plantene og deira utvikling. På 1960-tallet var arboretet i Svinvika ei av dei største private samlingane av tre og busker i landet. Samlinga i arboretet er godt dokumentert og registrert. I lag med annan type dokumentasjon, slik som plantekatalogar, bestillingslister, foto og hagedagbøker utgjer dette viktige kjelder til kunnskap om plantesamlinga og arbeidet med denne i framtida. I 1971 donerte ekteparet eigedomen med heile plantesamlinga til Vitenskapsmuseet i Trondheim. I nærare 40 år var arboretet ein del av NTNU, fram til 2010 då eigedomen med samlingane vart overført til Surnadal kommune. Svinviks arboret er i dag drive som museumshage i regi av Nordmøre museum og er ein av dei største turistattraksjonane i området.

Svinviks Brosjyre11.05.18.indd 3

11.05.2018 13.25.48


Gjengsto sett frå sydvest, 1950. Her ser vi også det eldste bolighuset, som vart rive.­­ I dag står redskapshuset på desse murane.

Halvor Svinvik ser mot Kuhaugen, 1955.

Svinviks Brosjyre11.05.18.indd 4

11.05.2018 13.25.48


Historia

Eit arboret er ein hage der trær og busker blir planta for at ein skal kunne forske på artane og formidle kunnskap om dei. (Store Norske leksikon 2012)

Hausten 1942 vart småbruket Gjengsto frådelt Svinvikgarden, og overført til Halvor, som no var 44 år. Han vidareførte gartneriverksemda han h­ adde starta opp på heimgarden, og starta også raskt opp med etablering av frukt­ hagen og det hageanlegget som med tida skulle bli arboretet slik vi kjenner det. I 1949 kom Anne Reitan flyttande frå Bjugn til Gjengsto som hus­ haldarske. Det viste seg at ho delte Halvor si interesse for levande vekster. I 1950 vart Anne og Halvor gift. Begge to la ned ein stor arbeidsinnsats i åra som fulgte, og resultatet viser kva ein kan oppnå med ei glødande interesse, hardt arbeid og relativt enkle midlar. Halvor hadde heile livet dårleg syn etter ein skade i barndomen på eit auge, og seinare augesjukdom. På slutten av livet var synet svært dårleg. Då Halvor gikk i gang med å plassere ut planter, var det naturleg å starte i områda som ikkje kunne nyttast til anna, slik som dei bratte bergknausane i øvre del av eigedomen. Terrenget var bratt og ulendt, og han la ned et stort arbeid for å kunne gjere dette tilgjengeleg.

Svinviks Brosjyre11.05.18.indd 5

11.05.2018 13.25.48


Anne og Halvor før avreise til Oslo for tildeling av Kongens Fortjenstmedalje i gull til Halvor i 1965. Som takk har dei med seg planter. Neste side: Oversikt over arboretet, ca. 1955.

Svinviks Brosjyre11.05.18.indd 6

11.05.2018 13.25.49


Eit mangfald av stiar, trapper og terrassar vart bygd opp av stein og stokkar. Det var lite med jord på desse bergknausane slik at plantingsjord i stor grad måtte tilførast utanfrå. Med den naturleg sure barskogsjorda på ein kalkfattig berggrunn låg det best til rette for å dyrke bartre og andre vintergrøne surjordsvekster. Arboretet vart etterkvart prega av eit stort antal ulike nåletre og rododendron. I Svinvika hadde det sidan 1898 vore posthus, og da Halvor flytta frå heimgarden til Gjengsto vart verksemda med hit. Svinvika hadde eige poststempel, og postnummer 6644. Brevhuset vart lagt ned i 1970.­ Dette gav ei lita inntekt som truleg kom godt med i arbeidet med­ utviklinga av hagen.

Svinviks Brosjyre11.05.18.indd 7

11.05.2018 13.25.50


Rododendron og bartre, 2008.

Svinviks Brosjyre11.05.18.indd 8

11.05.2018 13.25.52


PLANTESAMLINGANE

Rododendron Rododendron har blitt sjølve signaturplanta for Svinviks arboret. ­Gjennom åra har det vore prøvd ut over 700 ulike rododendron her, men langt i frå alle av desse finst i anlegget i dag. Ei foreløpig kartlegging viser at rundt 375 ulike rododendron er representert i hagen i dag, av desse er det over 100 artar (medrekna underartar og varietetar), meir enn 240 kultivarar og eit tjuetal hybridar (utan kultivarnamn). Du kan oppleve rododendronblomstring i nær sagt heile sommarsesongen, men den når sitt høgdepunkt i mai og juni. Halvor Svinvik oppdaga ei unik krysning av rododendron her i ­arboretet som han gav namn, denne er no registrert som eigen sort hos R ­ oyal ­Horticultural Society under namnet ‘Gjengsto’, som plassen her opp­ rinneleg heiter.

Svinviks Brosjyre11.05.18.indd 9

11.05.2018 13.25.54


Trapper og stiar blant mektige bartre i arboretet, 2017. Foto: Maja Frønes Neste side: Halvor Svinvik og apeskrekken, Araucaria araucana, ca. 1955. Foto: Oddvar Reisæter

Svinviks Brosjyre11.05.18.indd 10

11.05.2018 13.25.57


Bartre Dei eldste bartrea i Svinvik er sannsynleg sådd i 1930-åra. Totalt er det prøvd om lag 175 artar, underartar og varietetar av bartre i arboretet. Om ein reknar med kultivarar kjem talet opp i 300. I dag har vi kring 65 artar og om lag like mange ulike kultivarar fordelt på 19 slekter. Det finst eit godt utval av slekter og arter frå den nordlege halvkula med mellom anna svært store eksemplar av kjempetuja (Thuja plicata), douglas­ gran (Pseudotsuga menziesii) og nokre eks. av kystmammuttre/redwood (Sequioa sempervires) som har klart seg siden 1959. Det kinesiske urtidstreet (Metasequoia glyptostroboides) finst også. Den sørlege halv­kula er representert ved snøgultre (Podocarpus nivalis) og Halvor sin juvel – skjelkranstre, mest kjent som «apeskrekk» (Araucaria araucana). Det at om lag meir enn ein fjerdedel av verdas 70 bartreslekter finst i ­arboretet representerer ein vesentleg verdi når det gjeld å vise variasjonen innanfor denne plantegruppa.

Svinviks Brosjyre11.05.18.indd 11

11.05.2018 13.26.03


Malus ‘Cowichan’. Denne planta kjem frå ein podekvist som Halvor Svinvik bestilte frå Isabella Preston i Canada i 1951. Han fikk interesse for denne hardføre sorten etter å ha lese Preston si skildring av den i artikkelen “Rosybloom Crabapples for Northern Gardens”. Foto: Jörg Brunke

Svinviks Brosjyre11.05.18.indd 12

11.05.2018 13.26.05


Lauvtre og prydbuskar

I tillegg til samlingane av rododendron og bartre har det gjennom tida også vorte planta ulike lauvtre og prydbuskar i Svinviks arboret. Desse er planta litt spredt i hagen, men dei fleste finst i området nær hovudhuset og i dalsøkket i forkant av Kuhaugen, som er namnet på haugen som ligg ned mot fjorden. Innanfor slektene lønn (Acer) og asal/rogn (Sorbus) finst særleg mange artar og sortar. Sorbus-artane er vakre både ved blomst­ring og når dei står i frukt, og fleire av lønneartane har ei praktfull høstfarge. Mellom dei seinblomstrande buskene som bidrar til blomsterprakt utover i sesongen kan spesielt nemnast ulike hortensia (Hydrangea). Eit interessant innslag i Baklia, ned mot fjorden, er sørbøk (Notho­fagus antarctica), som har sitt opphav i tilsvarande klimasone i sørlege delar av Argentina og Chile. Ein kuriositet med tilknytning til lauvtrea er den svært varmekjære snylteplanten misteltein (Viscum album) som har klart seg på lind og prydeple heilt frå innplantinga i 1963. I Anne si tid vart det dyrka eit stort antal stauder i hagen, både til pryd og for vidaresal. Det finst fortsatt mange stauder i hagen, som til dømes eit femtital av peoner, mange ulike aurikler, astibler og iris. Det som i dag er eit større surjordsbed nedanfor drivhuset var tidlegare eit stort staudebed. I seinare tid har det vorte etablert nye staudebed, med planter frå eigen hage, supplert med innsamla tradisjonelle stauder frå hagar i nærområdet.

Svinviks Brosjyre11.05.18.indd 13

11.05.2018 13.26.06


Svinviks Brosjyre11.05.18.indd 14

11.05.2018 13.26.07


Frukthagen

Nord for husa, i ei helling med magert og lite jordsmonn, opparbeidde Halvor ein fint terrassert frukthage. Dette arbeidet starta han på i 1943, samtidig som han arbeidde med etableringa av sjølve arboretet. Halvor laga eit handteikna kart over terrassane, med antal og sortar tre planta i frukthagen. Kartet er ikkje datert, men skriv seg truleg fra det tidspunkt då hagen var omtrent fullt tilplanta. Dette viser i alt 28 terrasser frå oppunder berghamrene nord for fjøset og ned til fjorden, med innteikna plassering av nærare 600 tre av ulike sortar eple, pære og plomme. Ei oversikt som følgjer kartet namngir 65 sortar eple, 18 sortar pære og 23 sortar plomme. Den store frukthagen vart dessverre ikkje fulgt opp like godt i åra etter, og i 2016 vart det starta ei restaurering, med mål om å tilbakeføre alle sortane som tidlegare var planta her. Svinviks arboret har no eit samarbeid med Norsk Genressurssenter ved NIBIO om bevaring av ulike eldre fruktsortar med lang historie i Norge.

Svinviks Brosjyre11.05.18.indd 15

11.05.2018 13.26.09


Svinviks Brosjyre11.05.18.indd 16

11.05.2018 13.26.11


1- Informasjonspunkt 5- Kuhaugen 6- Frukthagen 2- Billettar og kafé 7- Opplia 3- Plantehandel 4- Toppen

Illustrasjon: K.Wedelsbäck Bladh

Svinviks Brosjyre11.05.18.indd 17

11.05.2018 13.26.12


Dette er foto frå vår I­ nstagramkonto @svinviks.arboret. Bruk #nordmøremuseum på Instagram-bilda dine tatt hos oss, og du får sjansen til å bli publisert i ­Nordmøre museum si årbok!

Svinviks Brosjyre11.05.18.indd 18

11.05.2018 13.26.14


SOMMARKAFÉ OG PLANTEHANDEL

Eit kafébesøk hører med til opplevinga i Svinviks arboret. Her kan du kjøpe fersk heimebakst og andre godsaker. Hit kan du kome også utan å kjøpe billett til hagen om du vil, og berre nyte livet og den vakre utsikta. Ønskjer du å ha med eit minne heim til eigen hage kan du ta ein tur i­ nnom plantehandelen vårt. Her har vi eit handplukka utval av rododendron og stauder. Plantene er ikkje frå eigen hage, men er plukka ut med tanke på kva planter du kan sjå hos oss, og kva som er sikre val i vårt område. Vi prioriterer stauder i sortimentet til Plantearven, eit tiltak for bevaring av hardføre norske planter med god historisk forankring. Utvalet er størst i starten av sesongen. Vi kan også anbefale å kombinere besøket med Svinvikrunden, ein merka tursti som har startpunkt like ved oss. Ein fin rundtur med vakker utsikt, passer for heile familien. Svinviks arboret er ope for publikum i sommarsesongen, frå midten av mai til midten av august. Oppdaterte opningstider finn du på heimesida vår. Her finn du også kontaktinformasjon om du lurer på noko, og opp­ lysningar om omvisingstilbod og aktuelle arrangement. Planlegg du tur med ei større gruppe ber vi om at du tek kontakt med oss på førehand for bestilling.

Svinviks Brosjyre11.05.18.indd 19

11.05.2018 13.26.14


eigne Lær å brette dine og frøposar, slik Anne Halvor gjorde det!

4

1 5

2

6

en!

3

Svinviks Brosjyre11.05.18.indd 20

os Frøp

11.05.2018 13.26.15


© 2018 Nordmøre museum Postboks 291 N-6501 Kristiansund N Gitt ut av Nordmøre museum og Surnadal kommune www.nordmore.museum.no | www.surnadal.kommune.no Grafisk utforming: Nordmøre museum Forsideillustrasjon: M. Hart, 1825 Bakgrunnsillustrasjon forside: fra Halvor Svinvik sine notater om frukthagen Neste side: Anne og Halvor Svinvik i arboretet, 1955 Illustrasjonar siste side: Jordloppa er frå boka “Sigv. Chr. Berle A.S, Bergen. 1929” Frømannen er frå frøpose “J. Olsens Enke A.S, Oslo. Ca. 1944” Dame med trillebår er frå frøpose “M.Jørgensens Frøhandel AS, Grejsdalen, DK” Der ikkje anna informasjon er gitt tilhøyrer foto Surnadal museum/Svinviks arboret si samling Tekst: Maja Frønes, Katarina Wedelsbäck Bladh og Egil Ingvar Aune Svinviks arboret er eigd av Surnadal kommune og drifta av Stiftelsen Nordmøre museum

Omslag Svinviks.indd 2

11.05.2018 11.27.11


Svinviks arboret

Besøksadresse Todalsvegen 785 6640 Kvanne

Opningstider Frå mai til august Les meir om opningstidene på nettsida vår!

Kontakt svinviks.arboret@nordmore.museum.no nordmore.museum.no

Følg oss

Surnadal kommune

Omslag Svinviks.indd 1

11.05.2018 11.27.11


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.