__MAIN_TEXT__

Page 1

HAVSALT SOMMAR VÅGSØY SELJE EID BREMANGER VANYLVEN

SOMMARMAGASIN 2019


Opplev Måløy

VELKOMEN TIL EIN HAVSALT SOMMAR Majestetiske fjell, kritkvite strender, ville kystlandskap, fantastiske turmoglegheiter, unike fyr- og museumsopplevingar i tillegg til eit yrande kultur- og festivalliv er berre noko av det ein kan oppleve i Vågsøy, Selje, Bremanger, Eid og Vanylven. Om ein vender blikket endå lenger sør og aust i Sogn og Fjordane, finn ein attraksjonar som lett konkurrerer i verdsklasse. Ville fjordar og togreiser, isbrear, historie, natur i verdsarven og endå meir kunst- og festivalliv står på lista over unike opplevingar. Dette er reisemål som lokkar reiselystne frå alle verdas hjørne til fjordfylket. I Havsalt sommar har vi plukka ut eit knippe av dei mangfaldige attraksjonane i regionen, som vi håpar kan lokke tilreisande til fylket vårt. Kanskje kan vi også freiste fastbuande til å vere turist i eigen region. Velkomen til oss!

Havsalt sommar er utgjeven av Fjordenes Tidende i mai 2019, i eit opplag på 15.000 eksemplar. Ansvarleg redaktør: Erling Wåge Magasinredaktør: Jo Carlson Marknadsansvarleg: Ståle Tennebø Tekst: Janne Weltzien Listhaug Framsidebilde: Jo Carlson Trykk: Polaris Trykk Ålesund

VÅGSØY SIDE 3 SELJE SIDE 15 BREMANGER SIDE 21

Opplev Måløy i bobil • Meget fin bobilparkering midt i Måløy sentrum. • Sanitæranlegg med vaskemaskiner og tørketromler. • Lekeapparat for barna med disser, sklie, sandkasse og seiledam. • 34 butikker, 7 restauranter/kafeer og fiskebutikk, med godt utvalg, innenfor to minutters gange. FestivalSe vår nettside: www.maloyparkering.no

byen Måløy:

Telefon 907 87 328 • Elvisfestivalen 8. - 10. august • Måløydagene 28. - 30. juni www.elvisfestival.no www.måløydagene.no • Måløy havfiskefestival 6. - 7. og 8. juni www.havfiskefestival.no parkering@vagsoy.kommune.no

EID SIDE 27 VANYLVEN SIDE 33 SOGN OG FJORDANE SIDE 39

AG IKKL S U YM Å LØ ed M

ole The Wh g Sheban

Foto: Janne Weltzien Listhaug, Svanhild Breidalen, Jørn-Arne Tomasgard, Siri Kolseth, Jo Carlson, Kari Midtgård Råsberg, Bjørn Erik Drabløs, Erling Wåge, Christina Cantero, Sindre Blålid Kvalheim, OIine Birgitte Nave, Marianne Solheim Rotihaug, Jon Frogner, Even Ørjasæter, Kjell Aga Ulvestad, John Willy Klungre, Stein Sandemose Bårdsen, Arne Stubhaug, Mads Suhr Pettersen, Finn Loftesnes, Sverre Hjørnevik/Fjord Norway, Bård Basberg/Loen Skylift, Mattias Fredriksson/Fjord Norway, Normann, Olav Standal Tangen/Stryn Sommarski, Ingebjørg Nilsen Stokkenes, Rune Henden, Sverre Hjørnevik/Flåm AS, Maria Helgesen, Veronique Rolland og private bilde.

19

Måløy 28. – 30. juni

ELEK

TRIS

K

N MN I ST E

et m -telt yard d a t GiS

GER VIKIN FRA LAND SHET B

ma rann

n Sa

m SH

på AMP A K E V K T MAR LARS

OW

DE N E K ed RY FOR A-show m r e ABB roup

rT Supe

· LING S MA NG SIKT I N R A Å · K ÅT · RER · u re r RTU AV B GE R PTE y-fig ING G O e N Y K n N I B s O ER! EL RE Di R H B M B · · S YE TOG RET NING GM S Å I O V OPP & … PP SJEL KED SEO MAR S ILD DAN PPE RET O Å L V · A A GAT DS I STAN

a! i gat

D OUN S E R

2

HAVSALT SOMMAR 2019

LITT OM OSS

str Berg

Elias

båt

öms

Tivo

li


VÅGSØY TI TING DU KAN GJERE

OPPLEV STORM OG STILLE

1

Kråkenes fyr ligg på det som er kjend som ein av dei mest vêrharde stadane langs kysten. Her kan du oppleve både orkan i kasta og vindstille dagar med havblikk og solnedgang i havet. Fyret vart oppretta i 1906, og Meteorologisk institutt tek imot data frå vêrstasjonen ved fyret – der ein har registrert 150 orkanar. Det er 15 sengeplassar ved fyret, og turlaget håpar å halde open søndagskafé gjennom sommaren. Dette vil bli annonsert på Facebook. Fyret kom i år under Den norske turistforeining som ubetent hytte med overnatting. Frå fyret kan ein sjå til det andre DNT-fyret i Vågsøy – Skongenes fyr. Der må ein ta beina fatt i ein times tid. Ein kan også overnatte der.

3


BESØK ØYPERLA

TILBYR HAVSALTE OPPLEVINGAR

2

4

Om ein er på jakt etter ei bilfri naturperle av ei øy, treng ein ikkje leite lenge. Silda er ein populær utfartsstad for lokale og turistar. Ein kjem seg dit med rutebåten Øyglimt eller ved hjelp av eigen båt. Ein populær serveringsstad på øya er Skjærbuda, som vil halde ope mellom fem og sju dagar i veka frå juli. Skjærbuda vil ha fleire arrangement utover sommaren, og tilbyr ein variert meny frå kjøkkenet. I tillegg er det gjestehamn på Skjærbuda, med straum og vatn, samt dusj og vaskemaskin i grendehuset, den gamle skulen, som ligg i hamneområdet. Frå hovudkaia er det merka stiar.

Storm at Stad Storm at Stad er eit action- og eventselskap i Måløy som byr på spennande, spektakulære og morosame opplevingar i RIB-båt. Ein kan oppleve fart og spenning, ville naturkrefter, slalåm mellom holmar og skjær, eller ein kosetur langs kysten. Om ein likar seg betre på land, kan ein også leige syklar for ungdom og vaksne.

1

2

7

VÅGSØY

6

9

10 8 5 4 3

LÆR HISTORIA OM MÅLØYRAIDET

3

Om ein interesserer seg for historia rundt Måløyraidet og kaptein Martin Linge, er Måløyraidsenteret midt i sentrum av Måløy eit «must». Senteret gir ei grundig innføring i historia rundt Operation Archery, eller Måløyraidet, som skjedde 3. juledag 1941. Senteret har utstilling i to etasjar. Andre etasje er via til historia rundt sjølve Måløyraidet, som føregjekk i gata rett utanfor, med forhistoria, kamphandlingane og verknadene. Tredje etasje i senteret er sett av til kaptein Martin Linge, Kompani Linge og historia rundt ­Shetlandsfarten.

4

HAVSALT SOMMAR 2019

VÅGSØY TI TING DU KAN GJERE

LEGG TIL RETTE FOR AKTIVITETANE

5

Midt i Måløy sentrum finn ein Splitt Bowling, der ein kan teste bowlingferdigheitene på ei av dei seks banene i hallen. I tillegg til bowlingbanene kan ein prøve seg på shuffleboard eller airhockey. Skulle ein bli svolten, kan ein prøve noko frå den rikhaldige menyen der ein blant anna får ein norsk vri på ein belgisk mitraillette sandwich med Splitt Bowling sin eigen hemmelege dressing, i tillegg til amerikansk pizza og burgere. Bowlingen legg til rette for teambygging, barnebursdag, utdrikkingslag, venneturneringar, og held ope alle dagar utanom måndagar.


BESØK HANDELSSTADEN

6

SPESIELLE FORMER I FJÆRA

Kannesteinen si spesielle form har gjort den til ein attraksjon som mange vil ta bilde av. Kannesteinen har pryda alt frå frimerke og konjakketikettar til mange reklamefilmar – og til og med ein indisk storfilm. Den spesielle steinen finn ein blant rullesteinane i fjæra i Oppedalen på vestsida av Vågsøya. For å best nyte utsikta med steinen, bølgjene og havet er det laga til rasteplass, gangveg og utsiktsplattform rett i nærleiken av steinen.

9

Vågsberget handelsstad er den eldste handelsog gjestgivarstaden i ytre Nordfjord med drift tilbake til 1600-talet. Den er eitt av dei best bevarte og komplette anlegga i landet. Nærleiken til rike fiskefelt gjorde også Vågsberget til den viktigaste handelsstaden fram til slutten av 1800-talet. Anlegget omfattar krambu, arrestlokale, eldhus, stabbur, gjestgivarhus, sjøhus med eldre båtar, hovudhus og driftshus. Vågsberget har ope torsdag til søndag i perioden 23. juni til 18. august.

EI AV NORGES FINASTE STRENDER

7

Refviksanden har fleire gongar har blitt kåra til ei av Norges finaste strender. Den 1,5 kilometer lange kritkvite sanden ligg på NordVågsøy med utsikt rett mot storhavet. Her kan ein nyte sommarvêret, ta seg ein dukkert eller prøve seg med surfebrettet. I tillegg til aktivitetar i krystallklart vatn, er det rikeleg rom for både leik, grilling og sosiale aktivitetar på den breie sanden. Refvik Bygdeutvikling sørgjer for campingfasilitetar til tilreisande telt- og bubilturistar på marka rett ovanfor sanden, samt parkering og sanitæranlegg og kiosk.

LÆR OM DEN RIKE FISKERIHISTORIA

HELS PÅ LAMAFØLL PÅ NAVE

Det er vanskeleg å tenke seg kva Måløy hadde vore utan fiskeriet, og den rike fiskerihistoria kan ein lære meir om i Fiskerimuseet. Der får du høyre historier om linefiske, isproduksjon, pigghåskinning og pakking av pigghå, eigning av liner og korleis livet i budene var før i tida. Utstilling er i år utvida med hermetikkboksar og bilde frå den gamle hermetikkfabrikken Firda Canning, fleire eldre motorar og filmintervju av fleire personar. Museet held til i det spesielle åttekanta rommet på Lekteren, som har utsikt til hamna og byen. Dørene opnar 6. juni og det blir laurdagsope fram til 17. august, med utvida opningstider kring festivalane.

I vinter kom det tre lamaføll ved hjortefarmen Nordfjordhjort på Nave på Bryggja. Der har Kai Nave og Anette Agledal teke imot besøk sidan dei opna dørene i 2014. Der kan ein elles helse på tamme hjortar, ponni, esel, geit, lama og jaktbikkjer. Ved vatnet er det bygd ei grillhytte, som i år har blitt innreia. Denne kan også brukast til blåturar og lag. Folk kan vere med på safari rundt på farmen og mate dyra. I tillegg kan ein leige kanoar, som ein kan bruke til å padle i på vatnet, vere med på paintball, øksekasting og lassokasting. Det populære konseptet har ope søndagar frå siste helga i juni til og med andre helga i august. Hjortefarmen tek også på seg å arrangere teambygging, utdrikkingslag og blåturar. Utanom dette tek hjortefarmen også imot grupper og familiar for omvising etter avtale.

8

10

5


Nyt sommardagane ved Ulvesund fyr Sommarsesongen hos Ulvesund fyr startar laurdag 22. juni. Då blir det open kafé og geiter i hagen dagleg fram til 11. august. Fyret er ein ideell plass om ein vil nyte god mat og finne roa i hagen utanfor med utsikt rett i havet. Fyret opna dørene for 16 år sidan, og ifølgje Sølvi blir det også utstillingar der i sommar.

Folkefest med lange tradisjonar Måløydagene blir i år arrangert 28.–30. juni og byr som vanleg på eit fullspekka program. Måløy musikklag med solistar og dansarar står for showet laurdag kveld. Vikingane frå Shetland kjem med fakkeltog og brenning av båt. Bandet The Whole Shebang spelar, og det gjer også det lokale bandet ReSound. Brannmann Sam skal halde show for dei minste. Det blir også ansiktsmåling, klovnar, tivoli og tvekamp.

Nyt utsikta i ly for vêret Dagsturhytta på fjellet Kletten er eit flott utkikspunkt for dei som likar å vandre i fjellet. Det er ulike ruter til hytta, der den kortaste berre tek 20 minutt. Frå hytta har ein utsikt til Hornelen, Vågsøy og nordover til Stadlandet. Innandørs finst varme sitteunderlag der ein kan nyte utsikta eller lese ei bok frå det vesle biblioteket med nynorske barnebøker.

Prøv discgolfbana blant historisk monument På Moldøen i Måløy finn ein ei av få frisbeegolfbaner i fylket. Bana har 24 hòl, eller korger, i naturskjønne omgjevnader ved Måløybrua. Korgene er plassert rundt i terrenget, og målet er å kaste frå korg til korg med færrast mogeleg kast. I sommar arrangerer Måløy frisbee club turneringa Måløyraidet 29. juni under Måløydagene. Om ein er ny i sporten, kan ein ta kontakt med klubben for tips og lån av utstyr. Moldøen er elles eit ynda turområde med ein grillplass og historiske monument. Klubben har ansvar for å halde området ved like.

Gå blant ruvande vindmøller Om ein ønskjer seg ein lett tilgjengeleg tur på fjellet, kan ein tur på Mehuken vere eit fint alternativ. Vindturbinane ligg på fjellet mellom Kvalheim og Kråkenes, og byr på ei fantastisk utsikt mot havet, nordover til Stadhalvøya og Bremanger i sør. Grusveg finst heile vegen til toppen der ein kan slå seg ned ved bord og benkar. Vindturbinparken på Nord-Vågsøy var den største i sitt slag i Norge då dei fem første turbinane vart sett opp i 2001. Parken har no til saman 11 vindturbinar og er eit populært rekreasjonsområde.

6

HAVSALT SOMMAR 2019

VÅGSØY LITT AV KVART SOM SKJER

Festival på ei av Norges finaste strender 5.–7. juli blir Strandfestivalen i Refvik arrangert på ny. Festivalen går føre seg ved ei av Norges finaste strender, og byr på eit rikhaldig musikalsk program. På fredagen spelar D’mens, ReSound, Sie Gubba og Svelekameratane. Laurdagen blir det arrangert Strandfestivalen Junior, der Vilde og Anna og Oselie skal synge, i tillegg til at det blir kafé og hoppeslott. Dette arrangementet er gratis for alle. På laurdag kveld brakar det laus med Silo, U2 coverband, Smokie, Dance with a stranger og Kokken Tor.

Set barn og fisk i sentrum Måløy Havfiskefestival går føre seg 6.–9. juni i år, og vil mellom anna bestå av ein aktivitetsdag på Torget for alle 6. og 7.-klassingane i Vågsøy. For festivalen handlar det meste om å fremje kystkultur og kulturen rundt sjømat. Ei nyvinning under festivalen er artsbord, der elevar har fiska ulike fiskesortar, som blir lagt på is slik at alle kan sjå dei mange fiskesortane. Eliasbåten vil også vere på plass, fredag på land og laurdag på sjøen med turar. Det blir også som før fiskekonkurransar både for vaksne, bedrifter og for barn, og Skjærgårdsgutta speler i teltet laurdag. Det blir også konsert med ungdomsband. På Torget blir det også seld mat, fish & chips og bacalao.


Opnar fargerik utstilling i galleriet i august

Elvisfestival med fullspekka program

Måløy kunstlag held til i Galleriet den blå hesten i Måløy. I sommar blir det kunstutstilling med Anne Valen Næss, som vil stille ut akrylbilde med mykje fargar. Ho opnar utstillinga 24. august.

The Norwegian Elvis Festival blir arrangert 8.–10. august og har aldri hatt ein større bukett artistar enn i år. Festivalen startar med kyrkjekonsert torsdagen, før det brakar laus med underhaldning i teltet både fredag og laurdag. Til festivalen kjem blant anna Eddy Popescu, Morgan Vøien, Tony Nilsson, Bill Cherry og Ted Torres. Festivalen har også sikra seg lokale stjerner og Måløy songlag. Til årets festival kjem også Jason Shelton, ordføraren i Elvis sin fødeby, Tupelo. Det blir elles mykje liv i gata med parade, veteranbilar, småkonsertar og underhaldning gjennom helga.

Sølvberg tek deg med på historisk vandring Lokalhistorikar Terje Sølvberg kjenner fiskeri- og krigshistoria i Måløy som få, og han tek deg gjerne med på lokalhistorisk vandring gjennom fiskeribyen. Der får ein eit innblikk i utvikling, historiske hus og krigshistoria frå Måløyraidet. I sommar vil han ha ekstra fokus på historia til Moldøen. Terje Sølvberg kan også leigast inn til guiding Vågsøy rundt, der ein får innblikk i bygdelivet og naturen ytst i Nordfjord. Avtalar om guiding gjer ein med turistinformasjonen i Måløy.

Ta turen til tønnefabrikken

Hagevik Tøndefabrikk blei i 1996 freda av Riksantikvaren som den einaste i sitt slag i landet. Fabrikken blei grunnlagt i 1904 i ei periode med stort sildefiske på kysten, og var i full drift fram til midten av 1980-talet. Forutan tønneproduksjon driv fabrikken utleige av selskapslokale, og det vert årleg arrangert fleire bryllaup ved den tradisjonelle fabrikken som ligg på vegen mot Osmundsvåg.

Besøk turfyret Skongenes fyr er turfyret i Vågsøy. Der må ein ta beina fatt ein times tid frå hovudvegen på Halsør til ein er framme. Framme ved fyret kan ein nyte naturen, og i tillegg overnatte i fyrmeisterbustaden. Fyret er eitt av to DNT-hytter i Vågsøy. Det andre er Kråkenes fyr.

7


8

HAVSALT SOMMAR 2019

VÅGSØY


Elvis In Church / «Where No One Stands Alone»

Elvis Gospel i Sør-Vågsøy kirke / 10 solister / SideShow Bob / Elvis-koret.

From Tupelo (Mississippi) To Måløy

TED TORRES

- Kveldens hovedshow med våre topp artister med liveband / kor på 30 personer . - 5 stk nye show med 10 artister og liveband «SideShow Bob».

ISAK SØRAA

Las Vegas - Jubilee 50 Year !

- Las Vegas International Hotel presents ELVIS, original showet den 31.July 1969, for første gang i Norge. - 5 stk. nye show med topp artister og liveband «SideShow Bob». EDDY POPESCU

Dag arrangement

- Sceneshow fra to scener i sentrum. - Elvis Parade / Elvis in Movies / AmCar / Veteran / Gatebil / MC utstilling og parade. - Elvis Barbecue Dinner m.m.

BILL CHERRY

Fenomenet Elvis lever i Måløy

Opplev fantastiske «The Norwegian Elvis Festival» i Måløy 8., 9., og 10 august 2019.

MORGAN VØIEN

Se vår nettside for mer informasjon: elvisfestival.no

TONY NILSSON

BILLETTER KJØPER DU PÅ TICKETMASTER OG HOS CLASSICS I MÅLØY www.elvisfestival.no

fb.com/elvisfestivalen

Har du et prosjekt

STORT eller LITE

Vi hjelper deg til å realisere den

MÅLØYRAID SENTERET Et krigshistorisk opplevelsessenter

Vi har dyktige medarbeidere som utfører alle typer byggeoppdrag for både private og offentlige byggherrer. Vi har fokus på kvalitet, sikkerhet, yrkesstolthet og troverdighet.

Har du et prosjekt du ønsker at vi ser litt nærmere på? Ta kontakt med Kent Rune

FØLG MED PÅ VÅRE NETTSIDER OG FACEBOOKSIDER FOR VÅRE ÅPNINGSTIDER I SOMMER

WWW.MALOYRAIDSENTERET.NO FB.COM/MALOYRAIDSENTERET

9


10

HAVSALT SOMMAR 2019

VÅGSØY


Bjørg`s Mat

Nordfjord Cruise as

kafé & catering Leig M/Y «Lady Diamond» for eit opplevelsesrikt

www.bjorgsmat.no

Nordfjordcruise

Tlf: 57 85 57 57

Vil du oppleve den fantastiske kysten av Nordfjord, samstundes som du kan nyte eit utsøkt måltid og god drikke på akterdekket?

Gt. 1 nr. 84

Vår to-timars opplevelsesrike rundtur frå Måløy, der vi svingar innom hamnene på Silda, Selja, Selje, Venøy og Osmundsvåg anbefalast. Spør oss og om tilbod på andre turar i Nordfjord. Vi seglar frå «hav til bre». Pris: Frå kr. 3750,- pr. time - Minimum 2 timar - Max 12 passasjerar

Pris frå kr. 625,- pr. passasjer Sunseeker 62 Manhattan - Overnatting for 6 passasjerar

Ditt spisested på Torget.

Vi har skjenkeløyve og serverer nylaget mat ferske råvarer. Her kan du spise inne i trivelige omgivelser eller ta med deg hjem. Vi har også uteservering når været tillater det. Catering til store og små anledninger, vi bringer. Ring oss for pris/meny.

Åpningstider: Mandag - Fredag..........12.00-20.00 Lørdag .........................12.00-19.00 og 22.30-03.00 Søndag ........................14.00-18.00

Mob. 913 27 818 • booking@nordfjordcruise.no • FB: Nordfjord Cruise

• Måløys eldste og mest tradisjonsrike pub • Biljard • Dart • Sport • Alle rettigheter • Arrangementer Følg oss på

DET SKJER PÅ JIBBEN!

Velkommen TIL VAKRE O G EKSOTISKE SILDA OG SKJÆRBUDA! VI HOLDER

RIKHOLDIG

hver helg i juni (÷ Måløydagene), og onsdag - søndag i juli.

Vi serverer smakfulle retter og har alle rettigheter!

Åpent

Vi avslutter sesongen søndag 11. august. Fra kl. 15.00 - 02.30 (max).

Kråkenes fyr

Ulvesund fyr

Skongenes fyr

www.ytrenordfjord.dnt.no

www.ulvesundfyr.no

www.ytrenordfjord.dnt.no

Stormfyret

Kulturfyret

Turfyret

Meny

Arrangement Følg oss på

Vi har egen gjestehavn!

Skjærbuda

SILDA - TLF 481 02 417 - LUDVIKSKR A M@HOTM AIL .COM

Måløy Maling, tapeter, vinylgulv, laMinatgulv, parkett, gardiner, solblending, laMper, gaver og strikkegarn. iMportør av fliser

Butikken i Måløy sentruM Med det store utvalget Fargerike Måløy – Gate 1 nr 70 – Tlf. 57 85 53 00 – maloy@fargerike.no

11


Måløy 2019 Havfiskefestival

Barnefiskekonkurranse Smaksprøver

av

Ser deg i sommer 6.-8. juni

Folkefiskekonkurranse

dagens fangst

i samarbeid med

La Voile

Blekkulf

Eliasbursdag Norges Cup Måløy Treningssenter –

fysisk aktivitet til barn & ungdom

Pink Six / Love Boys / Cool Valley / MHF Contryband Alle aktiviteter for barn er gratis 12

HAVSALT SOMMAR 2019

VÅGSØY


Legg båtferien til vakre Nordfjord i sommer!

Mange flotte gjestehavner: MÅLØY HOPEN

70 båtplasser

SELJEVÅGEN GJESTEHAVN

20 båtplasser

SANDANE GJESTEHAVN

15 båtplasser

STRYN GJESTEHAVN

20 båtplasser

UTVIK MARINA

15 båtplasser

Info om gjestehavner i Nordfjord:

Nordfjord Havn IKS

www.nordfjordhavn.no

Foto: Thomas Hagen

Båtkalesjer

Båtputer – madrasser

Presenninger

Telefon: 57 85 12 30 • E-post: post@maloy-industrisom.no www.maloy-industrisom.no Sæternes, 6700 Måløy

Sandane www.nordfjord.museum.no

OPNINGSTIDER: Til 1. juli: måndag-fredag 10-14 Frå 1. juli: alle dagar 10-18 13


R E F V I K S A N D E N

5 - 7

J U L I

2 0 1 9

D´MENS BLI MED RE`SOUND PÅ FESTEN! SIE GUBBA SVELEKAMERATENE STRANDFESTIVAL JUNIOR SILO U2 COVERBAND SMOKIE DANCE WITH A STRANGER KOKKEN TOR

STRANDFESTIVAL @REFVIK

D A N C E W I T H A S T R A N G E R

S M O K I E

SIE GUBBA

SVELEKAMERATANE

Musikkfestival på Norges fineste strand b i l l e t t e r

p å

T i k k i o

w w w . s t r a n d f e s t i v a l e n . n o 14

HAVSALT SOMMAR 2019

VÅGSØY

Frequency.no

k j ø p


SELJE TI TING DU KAN GJERE

NYT SPEKTAKULÆR UTSIKT TIL MATEN

1

Vestkapp er kjend som det vestlegaste fjellplatået i Norge, og gir ei mektig panoramautsikt over Stadhavet, Sunnmøre og omkringliggande natur. Platået ruvar nær 500 meter over havet, og ligg rett ved det berykta Stadhavet. Der kan ein nyte utsikta både i strålande sommarvêr eller med full storm på Stad. På toppen finn ein Vestkapp restaurant, som har ope kvar dag. Der kan ein frå dei store vindauga nyte maten til utsikta. Kokkane nyttar berre norske råvarer, og legg æra i heimelaga mat frå grunnen av. Menyen tek utgangspunkt i tradisjonar, men har ein moderne vri med spanande smakar. I restauranten er det også kunstutstilling med Helle Frogner og Peter John De Villiers.

15


KORT VEG TIL STOR­ SLÅTT UTSIKT

2

2. juni opnar dagsturhytta Sjøglytt i Selje. Hytta er plassert på toppen av den populære Risnakken – eit turmål i seg, eller utgangspunkt for fleire turar i området. Turen til Risnakken går i oppbygde trapper frå Skogavegen, og på toppen kan ein no nyte utsikta til sagaøya Selja, Stadlandet og havet, frå den flotte dagsturhytta. På hytta er det også eit nynorsk bibliotek. Frå Risnakken kan ein til dømes ta turen vidare til Klipet, Kvernhusdalen eller Tarvaldseggja.

1 3 9

SELJE

7

10

4

3

8 6 2 5

BYR PÅ OPPLEV­ INGAR I SPEKTA­ KULÆR NATUR

Grete Solborg Fure i Stadt Naturguiding byr på naturopplevingar i spektakulære og kulturhistoriske kystlandskap. Gjennom guida turar over heile kommunen får ein også med historie frå dei ulike stadane. Fure legg turane til rette etter alder, interesse og fysisk form. I sommar blir det påmeldingstur 8. juni, som startar i Ervik, og 5. juli frå den gamle kyrkjevegen frå Dragseid til Liset. Dette er fine turar med utsikt i alle retningar, som vil passe mange. Stormtur er eit populært pakkekonsept, med tur, behandling, yoga og god mat.

FORDJUP DEG I HELGENHISTORIA

4

På øya Selja kan du fordjupe deg i historia om Sankta Sunniva. Den irske kongedottera var, ­ifølgje legenda, på flukt frå vikingar og kom til Selja. Her vart ho gravlagt i ei steinrøys, men kroppen vart seinare funnen heilt intakt. Vernehelgenen for Vestlandet var eit faktum. Selja kloster- og helgenanlegg er eit av dei best bevarte an­legga i landet, og her kan ein vandre i ruinane som ligg i storslått natur med utsikt rett mot havet. I perioden 24. juni til 11. august går det to daglege turar med Klosterbåten som inkluderer guiding i helgenanlegget. Før denne perioden går klosterbåten ein dagleg tur på laur­ dagar.

16

HAVSALT SOMMAR 2019

SELJE TI TING DU KAN GJERE

SENTRAL GOLFBANE

5

Golfbana i Selje ligg i eit naturskjønt område rett ved sentrum. Bana har heilårsdrift, og sjølv om bana ikkje er så lang, er den å betrakte som rimeleg vanskeleg. Bana har par 3-, par 4- og par 5-hòl, der det lengste hòlet er 396 meter. Golfbana har mange vasshinder i nærleiken av greenane. Kvar tysdag gjennom sommaren køyrer Selje Golfklubb turneringar, og klubben planlegg å starte opp torsdagsgolf i juni der opplæring, trening og barn og golf er eit satsingsområde. Dersom ein ikkje har utstyr, kan ein leige av klubben, men ein bør då ta kontakt på førehand.


KUNST, KAFE OG OVERNATTING

HISTORISK KYRKJEGARD OG KAPELL

Doktorgarden ligg rett ved sentrum i Selje og byr på både mat, overnatting og kunst. Kafeen held ope frå onsdagar til søndagar, og her blir det servert eit utval av kaker og lunsjrettar. Til maten kan ein nyte utstillinga til Kristian Finnborud, og Doktorgarden har også utsal av bøker frå Selja Forlag. Gjestgiveriet har fire romantiske rom til utleige, med felles bad og kjøken.

Rett ved stranda i Ervik finn ein den særprega kyrkjegarden som inneheld ei stor samling støypejernskross. Ved kyrkjegarden ligg Ervik kyrkje, som er minnekapellet etter St. Svithun-ulykka i 1943. Då vart hurtigruteskipet St. Svithun seinka av engelske jagarfly, som trudde det var tyske soldatar om bord. 50 menneske drukna og 78 vart redda av lokalbefolkninga. Kapellet har skipsklokka til Sanct Svithun sett opp i klokketårnet.

6

9

SURF I VERDSKLASSE

7

Hoddevik og Ervik har blitt eit surfeparadis for både lokale og tilreisande frå heile verda, og er ikkje lenger ei skjult perle. Hoddevik er plassen for leik i bølgjene, anten det er sommar eller vinter. Storslått natur og skjerminga frå fjella rundt gjer det til ei spesiell oppleving. Det er mogleg å leige surfeutstyr, ta surfekurs, trene yoga og overnatte i Hoddevik. Campingplass med sanitæranlegg for både camping- og badegjestar finst rett ved sanden.

BESØK HELLERISTNINGA PÅ DRAGE

10

SENTRUMSNÆR SANDSTRAND

8

I ly for storhavet ligg Seljesanden i Selje kommune. Berre eit steinkast frå sentrum ligg den 500 meter lange sanden, som raskt fyller seg opp på fine sommardagar. Sanden er ein populær stad for både lokalbefolkning og tilreisande turistar. Sanden ligg mellom sentrum og Selje kyrkje. Sanden har utsikt mot heilag- og klosterøya Selja. Rett ved sanden finn ein servicebygg med toalett og dusj.

I 2016 vart ei ny helleristning funne på Drage i Selje kommune. Dette viste seg å vere ei av dei største helleristingane av ein båt på Vestlandet. Helleristinga ligg i sjøkanten på Drage, og arkeologar trur helleristinga er mellom 3.000 og 5.000 år gamal. Opphavleg var motivet av båten truleg meir enn ein meter langt, ifølgje arkeologar.

17


Utfordre deg sjølv med ein triatlon Triatlonen Selje Challenge går av stabelen 29. juni med start i sentrum av Selje. Selje Challenge såg dagens lys i 2013, men vart ikkje arrangert i fjor grunna nye reglar for løypevakter. I år er den tilbake, og utfordringa består av består av 500 meter svømming, 6,2 km sykling, før 1,8 km løp eller gonge til toppen av Tarvaldseggja. Deltakartala har dei tidlegare åra lege på mellom 50 og 100.

Markerer kristninga Olavskrossen på Stadlandet blei sett opp i 1913 til minne om då Olav Tryggvason kristna fire fylke i år 997. Den kring seks meter høge krossen er omgitt av fire steinar, som symboliserer dei fire fylka. Krossen står på Dragseidet, der vikingane i sit tid drog båtane over i staden for å segle rundt det berykta Stadhavet.

Byr på aktivitetsveke Sommaraktive Stadt er ei veke spekka med aktivitetar som går av stabelen 28. juni til 6. juli på Stadlandet. På programmet står det mellom anna jonsokfeiring i Hoddevik med «Farmen-leikar», vassdag på hamna med mellom anna fiskekonkurransar, palleløp og matservering. Det blir volleyballturnering for både små og store, surfing i Hoddevik og Ervik surfshop stiller med SUP-brett på vatnet, fotballdag og sykkeldag. Stadt Naturguiding skal ha guida tur. I tillegg blir det skytedag på Dragseidet, matkveld på Stad Hotell før det heile blir avslutta med Korsadag arrangert av grendahuset.

Byr på tradisjonsrik messe Seljumannamessa, der Dronning Sonja i fjor deltok, blir i år arrangert 7. juli. Messa går føre seg i klosteranlegget på Selja, og i år er det biskop i Oslo, Kari Veiteberg som er predikant. Sokneprest i Selje, Eli-Johanne Rønnekleiv er liturg og elles skal musikarar og songarar frå regionen medverke under leiing av organist Jon Inge Sigerland. Seljumannamessekomiteen jobbar også med å få til ein konsert i Selje kyrkje laurdag kveld.

18

HAVSALT SOMMAR 2019

SELJE LITT AV KVART SOM SKJER

Inviterer til utandørsspel på sverdeggja

Dragseidspelet På Sverdeggja er tilbake. 8. og 9. juni blir det sett opp for trettande gang. Dramaet balanserer på ein sverdegg, frå klingande sverd til opprivande, sterke kjensler og kjærleik. Mikkel Gaup har tidlegare stått på rollelista, og profesjonelle skodespelarar saman med lokale aktørar er det ein ser på som suksessoppskrifta. Roger Hilleren og Idun Losnegård, som spelar rollene som Ragnvald frå Ervik og kona Sigrid, skal vere med i år. Og det skal også brørne Paul Jacob, Per Helge og Hans Christian Helgesen, som spelar konge, biskop og Flåse Storkjeft. Wilhelm Støylen, kjend frå NRK, skal spele rolla som Kolbjørn Stallar.

Populær fotballcup feirar 25 år Den tradisjonsrike Seljecupen blir i år arrangert for tjuefemte år på rad 14.–16. juni. Årets cup vil, i tillegg til å vere spekka med fotballglede, også gjere litt ekstra ut av 25-årsjubileet med både show og konsert. Også i år blir det trikseshow med Adrian Krog. Dei siste åra har det delteke cirka 130 lag og 1.100 spelarar på cupen frå lag i Hordaland, Sogn og Fjordane, Sunnmøre og Nordmøre/Romsdal. Cupen går for å vere den nest største utandørscupen i Sogn og Fjordane. Hovudturneringa med klasser frå 10–17 år er frå fredag-søndag. Søndag er det Kongleriketurnering for minilag 6–9 år.


Spring naturskjønne Stadlandet rett vest Stadlandet Rett Vest, som blir arrangert for 13. gang 10. juni, hadde i fjor deltakarrekord med nesten 300 deltakarar. Det populære løpet går frå Dragseidet på Stadlandet, gjennom nydeleg natur til Refsnes i Ervik på ytre Stadlandet. Løypa er på 13,2 kilometer og 600 høgdemeter. Ein kan springe både i konkurranseklasse, eller i mosjonsklasse, og løpet er med i Nordfjordkarusellen. Det blir også rebusløype rundt Ervikvatnet, kiosk i målområdet og arrangøren tilbyr også transport til og frå startområdet.

Selja & Selja kloster

BLUE LAGOON

15 minutters båttur frå Selje i Nordfjord ligg ruinane til kanskje landets eldste kloster, bygd av Benediktinermunkar tidleg på 1100- talet, til ære for St. Sunniva, som leid martyrdøden her. Vakker natur, og eit flott turområde.

i Selje

Minicruise med guide til Selja kloster frå Selje sentrum. Vandre i Sankta Sunniva sine fotspor, smak av helbredande vatn og la deg røre av unik stillheit i verdas minste bispedømme. Turen varer totalt 2 timar. I hovedsesong blir det digital guiding på 3 språk og digital booking.

24. juni - 11. august. Dagleg kl. 11.00/13.15.

kr. 400,- / kr. 150,-

12. august - 29. september. Kun laurdagar kl. 12.00. (Billettar kjøpast ombord). kr. 300,- / kr. 100,Søndagar på bestilling. Meir info og billettar: Ring mob. 404 46 011 eller vakttelefonen Klosterbåten: 990 46 022. turisinfo@selje.kommune.no, www.seljakloster.com Det er begrensa antal passasjerar per tur (30 stk), så vi anbefalar at du bestiller dagen før. GRUPPER OG TURAR UTANOM ORDINÆR RUTETID ETTER AVTALE.

Foto: Thomas Bickhardt

4. mai - 23. juni. Pris vaksen/born (4-12 år) Kun laurdagar kl. 12.00. (Billettar kjøpast ombord). kr. 300,- / kr. 100,Søndagar på bestilling.

Blue Lagoon Selje er en videreføring av tidligere Frimannsbuda i Selje. Etter oppgraderingen, som vi nå er ferdige med, har stedet fått et nytt fantastisk særpreg som lokale og tilreisende kan nyte godt av denne sesongen. Vi har også egen buss til henting/frakting og guidede turer for turister. Vi tilbyr de reisende pakketurer med overnatting, bespisning, klosterturer, underholdning om kveldene/ helgene og guidede turer.

ULIKE ARRANGEMENT HVER HELG - gjennom hele sommeren

www.seljakloster.com

Ta kontakt for booking

Adresse: 6740 Selje Telefon: 913 62 654 E-post: info@bluelagoonselje.com Nett: http://www.bluelagoonselje.com

19


VINN I N N gåvekort for 1 KRONER0 100000 SLIK KAN DU VINNE STORE PREMIAR:

#eghandlarlokalt er ein kampanje sett i verk av Fjordenes Tidende for å fremje lokal handel. Om du handlar i butikkane som er med (sjå oversikta under) og fyller ut eit enkelt deltakarkort, så kan du vinne store premiar. I løpet av året blir det delt ut gåvekort med ein totalverdi på 100.000 kroner fordelt på fire trekningar: påske, Måløydagene, haust og jul. Kvar av dei fire vinnarane får 20 gåvekort à 1.250 kroner, 25.000 kroner til saman, som må brukast i butikkane som er med i kampanjen. Desto fleire gonger du handlar lokalt, jo større er vinnarsjansane!

ARNES BLOMSTERVERDEN • BRUNSVIK JERNVARE • BRUNSVIK SKO BYGG OG BOLIGMARKEDET • B-YOUNG • FAGMØBLER • INTERSPORT MÅLØY GODE HJEM • KAIBUTIKKEN • KOZMOS • MÅLØY GLASSMAGASIN NETPARTNER • NORTEKSTIL – JOBBPARTNER • RADIO-TV SERVICE SPLITT BOWLING • SPORTS • TOYOTA NORDFJORD • VERLO • VIC LEFDAL

1. TREKNING: 23. APRIL

R:e NA 1.ndVi AlIN menning Oldeid

25000

Ra

20 gåvekort á kr 1250

20

HAVSALT SOMMAR 2019

2. TREKNING: 2. JULI

3. TREKNING: 1. OKTOBER

4. TREKNING: 16. DESEMBER

= 20 gåvekort á kr 1250

= 20 gåvekort á kr 1250

= 20 gåvekort á kr 1250

25000

25 000

25 000

Bilete over: Mette Silden og Jonas Velle Sjåstad.

D E S S E B U T I K K A N E E R M E D I Å R E T S # E G H A N D L A R L O K A LT - K A M PA N J E :


BREMANGER TI TING DU KAN GJERE

BESØK EIT AV EUROPAS STØRSTE

1

Det unike helleristningsfeltet i Vingen inneheld minst 2.000 ulike helleristingar frå cirka 4000-2000 år f.Kr. Det er eitt av dei største helleristningsfelta i Nord-Europa. Det var fjellklatraren Kristian Bing som oppdaga Vingenfeltet i 1912. Feltet og det omkringliggande landskapet blei i 2002 freda av Riksantikvaren. Det er derfor sett ned forbod mot ferdsle utan særskilt løyve. Det er mogeleg å oppleve helleristingane dersom ein har avtale med turistkontoret i kommunen, som ordnar med guide. Det er sett opp guida turar kvar fredag frå 14. juni til 23. august med båt.

21


INVITERER INN I KYSTKULTUREN

BYR PÅ KUNST, KAFFI OG KULTUR

Kystkultur er stikkordet for Knutholmen, som ligg i hjartet av Kalvåg. Familiebedrifta legg alt til rette for fine opplevingar, og er kjende for sjømaten fanga rett utanfor døra. Dei har også ein butikk der dei mellom anna sel heimelaga sjokolade. I tillegg til det kulinariske, kan ein overnatte mellom sjarkfiskarar og sjøbuer i leilegheiter spreidd utover den vesle vågen. Om ein kjem sjøvegen har Knutholmen gjestebrygge med 3.500 gjestedøgn i året. Nytt sanitæranlegg for båtfolket stod klart til sist sommarsesong. Knutholmen har utleige av båtar, kajakkar, syklar og paddleboards.

Reidun Øvrebotten og Kulturhuset Heimen i Bremanger byr i tillegg til dei faste utstillingane i huset på sommarutstilling med Ragnhild Søvik frå Ålesund, som stiller ut grafiske arbeid. Sesongen opnar 22. juni, og held ope laurdag og søndag fram til 4. august. Kulturhuset Heimen har elles dei faste utstillingane «Minne om Maria, ein hyllest til kystkvinna», Rylandspynten - brudekruna frå Ryland, og Aase Botnmark frå Botnane sine klassiske skulpturar. Miniatyrhusa frå Grotle kan ein sjå i Astorbua. Ein kan også sjå kortfilm om fråhaldsrøyrsla si historie knytt til kulturhuset. Kvar onsdag, laurdag og søndag er det ope i kafe Aletta. Ein kan ta kontakt om ein ønsker å besøke huset utanom faste tider.

BESØK STRANDPERLA YTST

LAGAR TIL KREATIV ULLVEKE I GALLERIET

2

3

Grotlesanden ligg ved bygda Grotle i ytre Bremanger og er ein vakker attraksjon i finvêr, men er kanskje endå meir fascinerande når stormbølgjene bryt innover land. Opne svaberg og silkemjuk sand har gitt sanden sitt ­særpreg. Ved sanden finn ein toalett. Det er forbod mot motorisert ferdsle, men det er mogeleg å ankre opp lenger ute og ro inn til land om ein kjem båtvegen til sanden. Elles er det ikkje langt til Iglandsvik Marina, som ligg to kilomenter unna.

4

5

14.-21. juli blir det kreativ veke med fleire kurs, demonstrasjonar og utstilling hos Galleri Frøya i Kalvåg. Det blir mellom anna kurs i kreativ toving, introduksjonskurs i nålefilting, toving av miniskulpturar og krukker, kurs i lappeteknikk, målekurs, kurs i smykkelaging og akrylmåling. Dette er aktivitetar som passar for både store og små. I sommarutstillinga i galleriet deltek Aud Rye fra Oslo, Laila Kvalsund Solhaug frå Fosnavåg og gallerist Karin Flatøy Svarstad. Utstillinga består av måleri i akryl, akvarellar, teikningar og arbeid i tekstil. Det er også utstilling i Galleri Loftet, der har galleristen stilt ut eigne kreative arbeid i ull, Lillian Nygård har utstilt lappeteknikk, Rønnaug Nyheim har utstilling av kreative smykker og Ellen Heggen stiller ut fleire av sine bilde. I Takhagen på takterrassen er det frodig blomstring, og her er det fint å sitte med ein kopp kaffe og noko å bite i om vêrgudane tillet det. 10

6 3

4 1 8

2 5

7

9

BREMANGER 22

HAVSALT SOMMAR 2019

BREMANGER TI TING DU KAN GJERE


UTFORDRAR MED KLATREPARK

9

Meistringsgården i Nesbø i Svelgen byr på utfordrande klatreløyper for dei som tek turen. Mestringsgården Klatrepark opna dørene i 2015 og tilbyr to løyper med ulik vanskegrad på elementa mellom trea. Målet er å gi utfordringar som gir meistringskjensle. Alder er ingen hindring for besøket i parken, som har hatt gjestar frå 3 til 68 år. Løypene er for alle, men det er kanskje mest barn og ungdom som finn løypene utfordrande. Det er også bålhytte med bålpanne så ein kan ete nista si under tak, og ein kiosk. Det er ikkje faste opningstider i sommarferien, men Linda Leirvik ber ein følgje med på Facebook, eller ta kontakt om ein ønskjer å nytte klatreparken.

MEKTIG LANDEMERKE

6

Hornelen med sine 860 meter er rekna for å vere den høgste sjøklippa i Europa, og tek ein turen til toppen ventar ei fantastisk panoramautsikt over det varierte landskapet i regionen. Fjellet ligg heilt aust på Bremangerlandet, og er eit sentralt landemerke tidlegare nytta til navigasjon. Det er også eit segnomsust fjell der det mellom anna vert sagt at Olav Tryggvason har klatra opp fjellveggen. I hovudsak vert to ulike ruter nytta for å komme seg til toppen, og ein bør vere van med å gå i fjellet og ha med seg kjentfolk for å gå turen.

NYT VARME OG SAND UNDER BEINA

7

Carola Strandberg driv Carolas buaspa, som ligg i kaikanten i Kalvåg. Her får ein garantert sol og 30 grader sjølv når meteorologane ikkje kan love det. I det unike solrommet kan ein kjenne sand under føtene og nyte sola i rommet som er forma som ei eksotisk strand. I tillegg kan ein få heil kroppsmassasje, hot stone-massasje og ulike aromainnpakkingar. Infraraud badstue finst der også, og om ein ønsker det kan ein ta eit bad med utsikt til hamnebassenget. Fredagar er det open solpub med 18 års aldersgrense. Spaet er ope etter avtale, og Carola anbefalar å booke god tid i førvegen.

TA TUREN TIL BESØKSGARDEN

8

Om ein likar kontakt med dyr, kan det passe med ei omvising på Hjortegarden i Ålfoten. Der tek Sonja Kristin og Karl Vidar Førde imot besøkande som vil helse på hjortane. Garden er ein familiebesøksgard, og tek i mot besøkjande på førespurnad. Gardsfolket kan også lage til aktivitetar som øksekast, mjølkespannhalding og andre aktivitetar for grupper. Hjortegarden har ope etter avtale.

SKREDDARSYR OPPLEVINGANE

10

Rogier van Oorschot og Norway Adventures tilbyr skreddarsydde naturopplevingar til fjells og til havs med kajakkturar, havkajakkurs og temabygging. Selskapet har base på Davik og nyttar seg av naturen for å skape fine naturopplevingar for enkeltpersonar, familiar eller grupper. Dette kan vere sykkelturar, guida kajakk- eller fjellturar. Under Klenkarberget sommarcamp, står Norway adventures for ei av vekene, der dei eldste av borna kan vere med på utfordrande friluftsaktivitetar i Hjelmelandsdalen.

23


Byr på musikalsk rockehelg 12.–14. juli går Bremanger Rockweekend føre seg i ytre Bremanger. Ole Børud, Daniel Kvammen, Mary Black, Silo med forsterka slagkraft og A whole dusin of funk står på plakaten til den årlege musikkfestivalen som blir arrangert på Iglandsvik. Dei fleste konsertane her går føre seg på Havly si intime klubbscene, og på dagtid er det gratiskonsertar og andre aktivitetar for store og små på idylliske Iglandsvik. I tillegg blir det stor konsert i Bremangerhallen som avslutning på søndagen. Klubblokalet Havly ligg idyllisk til i ei lun hamn i eit verneverdig sjøhusmiljø på Iglandsvik i Ytre Bremanger.

Besøk sildesalteriet Vamråk Sildesalteri er eitt av dei få sildesalteria som har vore i tradisjonell drift fram til våre dagar, og som er intakt når det gjeld interiør og eksteriør. Det vart etablert i 1919 av Albert Vamråk og utvida på midten av 1900-talet på grunn av dei gode sildeåra. Det blei då eitt av dei store verksemdene av sitt slag i fylket. Salteriet ligg under Kystmuseet.

Nyt nista til storslått natur Gloføykje er ikkje nødvendigvis ein stad ein berre køyrer forbi. Her er det laga til ein rasteplass der ein kan nyte matpakken medan ein nyt synet av den mektige sjøklippa Hornelen. Ved Gloføykje viser også arkeologiske utgravingar at der har budd folk på staden i 7.500 år, og helleristingsfeltet i Vingen var desse busetjarane sin kultplass.

24

HAVSALT SOMMAR 2019

BREMANGER LITT AV KVART SOM SKJER

Vinskvetten og Hellbillies til kystfestivalen Kalvåg kystlag arrangerer på ny Kalvåg kystfestival i Kalvåg 2.–4. august. Med festivalen følgjer eit rikhaldig program sentrert rundt kystkultur og gamle kystbåtar for både store og små. Etter festivalprogrammet er ferdig arrangerer Aktiv Kalvåg konsertar med Vinskvetten, Hellbillies, Hit for hit, Vilde og Anna og Kokken Tor. Knutholmen er medarrangør på Kalvåg kystfestival.

Bortgøymd strandperle Mange kjenner etter kvart til den bortgøymde strandperla Vetvik i Bremanger, men det er kanskje ikkje så mange som har vore der. Årsaka er at for å komme seg til den avsidesliggjande stranda må ein gå over fjellet frå Bremanger, eller ta i bruk båt. Terrenget ned mot Vetvika er tidvis krevjande, og for å finne den beste vegen bør ein ha med seg kjentfolk. Vetvik var i si tid ei velstandsbygd busett med kring 40 menneske på tre større gardar på slutten av 1800-talet. For nokre år sidan arrangerte Bremanger Rockweekend utandørs konsert her.


Samlar dei amcarfrelste 15. juni er det klart for Street Meet Amcar Svelgen i Svelgen. Det er Svelgen Amcar club som står for arrangementet der ein kan stille ut bilar, og bli premiert. I tillegg til amerikanske bilar, er det ope for alle typar bilar og MC. Det blir rebusløp, premiering, grillmat og barnecruising, før ein avsluttar med fest på Bremanger Fjordhotell.

BREMANGER Bremanger Turistinformasjon BremangerTuristinfo BremangerTurist

Hornelen i bakgrunnen

Inviterer til nytt løp Laurdag 13. juli går Vetenløpet av stabelen i Bremanger. Løpet startar ved Grotlesanden i ytre Bremanger og endar på Vetenplatået 527 meter over havet. Løpet går gjennom Grolsdalen, er 4,6 kilometer langt og har ei høgdestigning på 12,5 prosent. Veten i Bremanger er elles eit ynda turmål og turen opp til toppen tar cirka to timar i moderat tempo. På vegen opp har ein får ein ei nydeleg utsikt over Grotlesanden og naturen kring. Stien startar ved naustrekkja og vidare til ein steingard. Stien er tydeleg heile vegen og den første stigninga går jamt bratt oppover på steinsti til Grolsdalen som ligg på 300 moh. Ein kryssar ei elv før stien flatar ut over ei myr på cirka 500 høgdemeter. Det er no berre ei siste stigning før ein kjem til toppen. Ein kan parkere ved Grotlesanden.

DEt GODE Liv • Strender • Båtliv • Fjord • • Fjell • Bre • Uteliv • Stillheit • Kalvåg

Grotlesanden

bremanger kommune Svelgen

Kalvåg - Svelgen

Vingen Helleristningsfelt

Tlf. 481 40 488 E-post: turistinformasjon.bremanger @bremanger.kommune.no

LEvE, viRkE, NytE - hEiLE LivEt! Ålfotbreen

Alle foto: Svenn Petter Kjerpeset og Bremanger Turistinfo.

Vetvika

25


Velkommen til Knutholmen! Matglede Nyt god mat og drikke i vår restaurant. Kortreiste og ekte smakar med råvarer frå lokale bønder og fiskarar. Overnatting Vi har ulike rom, rorbuer og leilegheiter med beliggenheit rundt den vesle vågen. Gjestehamn. «Butikken» Handlaga sjokolade, interiør og gåver, kle, lokalt brygg og mykje meir. Vi gler oss til å sjå deg!

Tlf. 57 7 9 69 00 – post@knutholmen.no – www.knutholmen.no

26

HAVSALT SOMMAR 2019

BREMANGER


EID TI TING DU KAN GJERE

OPPLEV VIKINGHISTORIA

1

I vår segla ein tru kopi av Myklebustskipet på Eidsfjorden igjen, tusen år etter originalen. Myklebustskipet er det største vikingskipet som ein har funne spor etter i Norge. Det har kome i skuggen av Gokstadskipet og Osebergskipet som vart funne intakte, men som ikkje var like store. Skipet fann ein i ein gravhaug på Nordfjordeid i 1874, og båtbyggjarar frå Bjørkedalen har sidan 2016 jobba med å rekonsturere kongeskipet. Historia om skipet og den rike vikinghistoria frå Nordfjord kan ein lære meir om i vikingsenteret Sagastad, som opna dørene denne våren. Sagastad husar Myklebustskipet og ei rekkje utstillingar. Fram til 30. september held Sagastad ope dagleg.

27


KUNST- OG KULTURHUS

SJÅ DEN ROSEMÅLA KYRKJA

Kulturhuset Gamlebanken finn ein i Eidsgata på Nordfjordeid. Her plar det vere skiftande kunstutstillingar med kunstnarar som både kjem frå Nordfjord og frå andre delar av landet. Faste kunstnarar i Gamlebanken er mellom anna Finn Egil Eide, Tommy Bredesen, Ien Klaver, Åge Steinseth, Kjeld Stub, Alexander Stub, Roy Dahl og Ørnulf Opdahl. I tillegg til at Gamlebanken er kunstformidlar, husar huset også turistinformasjonen og Malakoff Rockfestival sitt festivalkontor der ein mellom anna får kjøpe rockestasj.

Eid kyrkje er etter Selja rekna som den eldste kyrkjestaden i Nordfjord. Kyrkja er ei langkyrkje i tre som blei fullstendig restaurert i 1915 av kunstmålaren og treskjeraren Lars T. Kinsarvik. Han omgjorde kyrkjerommet til eit prydverk med eit sterkt nasjonalromantisk preg. Kyrkja er kjend som den rosemåla kyrkja, og er rikt dekorert i tak, på vegger og på søylene. Den gjennomgjekk for nokre år sidan ei nyrestaurering, mellom anna i kortaket. Kyrkja er ope kvar dag frå 3. juni til 25. august. Dersom ein ønskjer omvising, kan ein ta kontakt med kyrkjekontoret.

2

5

TA TUREN I HJELMELANDSDALEN

6

LÆR DEG Å RI FJORDHESTEN

3

På Norsk Fjordhestsenter har ein moglegheit til å helse på fjordhesten. Der kan du også få høyre historia om fjordingen og prøve deg på ein aldri så liten ridetur. Fjordhestsenteret har både omvising og ridetimar, og arrangerer også rideturar i Hjelmelandsdalen i samarbeid med Harpefossen skisenter. Senteret byr også på riding anten innandørs eller ute i naturen for folk i alle aldrar og på alle ferdigheitsnivå. Fjordhesten er også synleg i sentrum med fleire aktivitetar når det skjer noko spesielt.

FÅ EI OMVISING I ARBEIDSSKULEN

4

Holmøy arbeidsskule var den første arbeidsskulen eller snikkarskulen i Skandinavia då den blei skipa i 1858. Då skulen blei lagt ned i 1972, blei undervisinga flytta til yrkesskulen på Nordfjordeid. Skulen og garden har ei rik samling av verktøy, gamle ting og bilde frå skulen. Hans Ivar Holmøy fortel at ein på førespurnad kan få omvising på arbeidsskulen og sjå den unike samlinga som fortel historia til garden og skulen.

28

HAVSALT SOMMAR 2019

EID TI TING DU KAN GJERE

Harpefossen skisenter står ikkje berre for skiglede når Hjelmelandsdalen er dekt av snø, men også fleire turmoglegheiter året rundt. Skisenteret har stått for merking, skilting og gradering av 100 kilometer med turløyper. Fiske kan ein gjere i elva Hjalma og fiskevatna innover fjellet. Ved Sevlandsetra er det bygd ei bålhytta til fri bruk der det finst grill og ved. På den 8 kilometer lange rundløypa i dagen kan ein gå tørrskodd, sykle eller ri med hestar. Hjelmelandsdalen er også eit flott utgangspunkt for fleire fjellturar.


PRØV GOLF VED LAKSEELVA

LÆR MEIR OM HISTORIA

Stokkenes Golf Park ligg rett ved Eidselva, og er ei 9-hòls bane. Bana opna i 2006 og er relativt kort, men har naturlege terrassar for kvart hòl. Den held ein høg standard, og både bane og driving range kan brukast dag som kveld. I 2012 fekk bana eit nytt øvingsområde for alle med green, bunker og rangetrening. Nordfjord Golfklubb sine medlemmar held bana ved like og arrangerer også turneringar gjennom sommaren. Ein kan få opplæringskurs i golf, og dersom ein avtalar med klubben på førehand er det mogeleg å få leige utstyr.

Sentrum av Eid er rik på historie som ein kan ta ei vandring i. Sagaløypa er ei vandringsløype som tek utgangspunkt i vikingtida, gravhaugane og Myklebust gard. Løypa kan ein gå utan guide, og den er merka med informasjonsskilt langs ruta. QR-kode på skilta gir informasjonen på fleire språk. Om ein interesserer seg for det historiske bymiljøet i Eidsgata, Tverrgata, Eksersisplassen, garden Myklebust og gravhaugane, kan ein også bestille ei historisk vandring på Turistinformasjonen. Riksantikvaren har rekna desse som stadane som nokre av dei viktigaste historiske områda i Norge.

7

9

EID 6 4 3 1 2 5 9 10 8

7

TEST FISKELYKKA I EIDSELVA

8

1. juni startar laksefiskesesongen i Eidselva, som varar til 31. august, I fjor blei det hanka inn heile 2.088 kilo laks og 106 kilo aure. Framleis er det ingen som har slått rekorden frå 1944, då Martin A. Hjelle tok ein laks på 27,6 kilo i Eidselva. Normalt ligg fangsten mellom 9 til 10 kilo, og den blir sjeldan større enn 15–16 kilo. Det finst fleire desinfeksjonsstasjonar for fiskeutstyr og all informasjon ein treng på oppslag ved elva. Fiskekort får ein kjøpe på sportsbutikken Chatlet på Nordfjordeid og frå elveeigarane.

TA EIN DUPP I ROMERBADET

10

Nordfjord bad og spa på Nordfjord hotell i Eid har eit breitt spekter av velværebehandlingar. Ein kan mellom anna få klassisk massasje, aromamassasje, kinesisk massasje eller massasje med varme steinar. Honning- og sjokolademassasje står også på menyen. Det romerskinspirerte badehuset har også basseng, fleire badstuer og eit utandørs boblebad.

29


Løp for tiande år på rad Trollenykjen Opp er eit fire kilometer langt motbakkeløp som går føre seg i Eid søndag 30. juni. Turen startar på flatene i sentrum og endar på toppen som er 898 meter over havet. Det er skigruppa i Eid Idrettslag som arrangerer løpet. Karoline Holsen Kyte frå Førde IL har vore raskaste dame to år på rad, og sprang i fjor på 39 minutt og 36 sekund. Raskaste mann i fjor var Lars Åkernes Rimereit, Eidsdal IL med tida 36 minutt og 47 sekund.

Eit ynda fotoobjekt Visit Nordfjord sitt Nordfjord-skilt står i Sagaparken i Eid og har blitt eit ynda fotoobjekt etter at det blei sett opp i 2017. Skulpturen er forma etter Nordfjorden og profilen til reiselivsselskapet, og står plassert med utsikt ut over Eidsfjorden. Kva med å prøve å fange sola eller ein kajakkpadlar gjennom skulpturen?

Ta ein pust i bakken Visste du at ein god klem mellom anna kan seinke blodtrykket og nivået av stresshormon i kroppen? Det er med andre ord både koseleg og sunt å setje seg ned ved klemmekroken i Eidsgata. Klemmebenken oppfordrar til nærleik, og på skiltet over benken står det «klemming er sunt, året rundt».

Til minne om Langeland Krigshelten Oliver H. Langeland, som var Milorgsjef og rettferdsforkjempar, blei fødd på Nordfjordeid. Der er det sett opp ei byste til hans minne. Minnesmerket står på den eldste militærplassen i landet, eksersisplassen på Nordfjordeid, og viser takksemd for innsatsen som Langeland la ned under 2. verdskrig.

Inviterer til fest for ganen Etter at Eid Gatematfestival har vore ein publikumssuksess to år på rad, brakar det igjen laust 13. juli i sommar. Då står gatemat i fokus, og Eidsgata bognar av spanande kokkar og matprodusentar.

Festivalen som trekk 25.000 til Nordfjordeid Kvelertak, Fay Wildhagen, The Needs, The New Death Cult, Romskip, Weezer, Bastille, Sigrid, Madrugada, Highasakite, Bigbang, Danko Hones, The Vaccines og Graveyard er blant banda som får pryde årets plakat til Malakoff Rockfestival. Nordfjordeid er staden der festivalen går av stabelen 18.–20. juli i sommar. Dei siste åra har 25.000 publikummarar besøkt festivalen.

Opplev lystspelet Lystspelet Elskhug og eksis blir sett opp 28.–30. juni i år på Eksersisplassen i Eid. Spelet sine 150 aktørar tek publikum tilbake til brytningstida mot slutten av 1800-talet med skjemt, moro og diskusjon av storpolitiske hendingar. Handlinga er lagt til 17. mai 1895.

30

HAVSALT SOMMAR 2019

EID LITT AV KVART SOM SKJER


OPNINGSTIDER

10-19 (17)

B.YOUNG CUBUS DRESSMANN FRISLID MANI WALK IN ZAVANNA

HEIM OG HOBBY ARK JYSK KITCH’N KOZMOS NILLE POWER PRINCESS

MAT OG DRIKKE BUNNPRIS EXTRA SJØKANTEN CAFÉ VINMONOPOLET

SPORT OG FRITID SKOGSTAD SPORT SPORT 1 CHATLET SPORT

HELSE OG VELVÆRE FRISØRLOFTET SUNKOST VITA VITUSAPOTEK

"GRATIS" PARKERING

Treng du leigebil? Varebilar

10-19 (17) amfi.no/nordfjord

VI TILBYR EIT STORT OG BREITT UTVAL AV BILAR

findriv.no

KLEDE, SKO OG TILBEHØR

Kontakt oss når du treng leigebil, vi finn alltid ei løysing!

Stasjonsvogner Personbilar Skadd bilen? Dei fleste bilforsikringsselskapa tilbyr fri leigebil ved kaskoskadar. Sjekk at det er leigebildekning i forsikringa di og ta kontakt med oss for avtale.

Fjordane Bilutleige tlf. 57 72 50 80 FØRDE • SANDANE • STRYN • FLORØ • LEIKANGER • MÅLØY • SOGNDAL

RUTEBILSTASJONEN • FØRDE

31


Velkomen til sommar i Eid og Selje I 2020 vert Eid og Selje, saman med Bryggja, Stad kommune. Saman blir vi ein langstrakt kommune rik på mangfaldig og storslagen natur, kultur og opplevingar. Jobben med å byggje oss saman og ta eigarskap til kvarandre er igang, og i sommar ønskjer vi deg velkomen til å ta del i små og store ting som skjer rundt omkring i den nye storkommunen.

8.-9. juni Dragseidspelet på Sverdeggja 10. juni Stadlandet Rett Vest 14.-16. juni Seljecup, fotballturnering m/konsert 28.-30. juni Elskhug og Eksis, Nordfjordeid 28. juni-6. juli Sommaraktive Stadt, aktivitetsveke 29. juni Selje Challenge 30. juni Trollenykjen opp 7. juli Seljumannamesse 14. juli Eid Gatematfestival 19. juli Malakoff Gatefestival 18.-20. juli Malakoff Rockfestival, Nordfjordeid 22. juni-3. aug. Sommarshopping, gågate laurdagar 27. juli - 3. aug. Vestlands Sommarsymfoni, N.fj.eid 2.-12. okt. Operaveke Hans og Grete, Operahuset 26. okt. Innbyggjarfest Stad kommune, Operahuset Div. aktivitetar juni-sept. Sagastad vikingsenter, Nordfjordeid CruiseDay, ved anløp Port of Nordfjordeid Bygdevandringar i Stad kommune, stad2020.no Surfekurs - Ervik surfing, Stadt surfing, Lapoint Kunstutstilling Gamlebanken, N.fj.eid Hesteridning Norsk Fjordhestsenter, N.fj.eid Stadt naturguiding, guida fjellturar Selja kloster, guiding på førespurnad Historisk vandring, Sagaløypa N.fj. eid

Vi ønskjer å ta imot deg på beste måte - enten du vil feriere her, søke jobb, gå på skule, handle, rocke, surfe, fiske, nyte naturen, oppleve kulturen - eller bygge hus i verdas vakraste fjord- og havlandskap

www.stad2020.no

32

HAVSALT SOMMAR 2019

EID


VANYLVEN TI TING DU KAN GJERE

INVITERER TIL GOLF PÅ NATURGRAS

1

Etter ein sesong i dvale kan ein denne sesongen igjen spele golf på Vanylven golfpark, som har gjennomgått ei fornying. Klubben har gått vekk frå kunstgrasgreenar, og kan no invitere til golf på naturgrasgreenar. Bana, som ligg på Eidså er ei 9-hòls golfbane med par 68. Golfbana med utsikt til Breiteigsfjella feirer også 20-årsjubileum i år. Ved sidan av å invitere til golf på naturgrasgreenar, så er det også gjort mykje anna vedlikehald på bana, mellom anna er alle grøfter reinska, alle utslag er retta opp. Det er gratis trening måndagar med utlån av utstyr. Då er det alltid nokon frå klubben som er til stades og kan bistå. Elles står det alltid eit golfsett ved klubbhuset, om ein vil prøve seg.

33


SENTERET FOR DEI STEINGALE

2

10

Olivinførekomsten på Åheim er rekna for å vere ein av verdas største og reinaste, og på Åheim har steinen sitt eige senter. Norsk olivinsenter held til på gamle Thue skule som har ope torsdagar, laurdagar og søndagar frå 4. juli til 4. august. Før dette er det ope søndagar 9. og 23. juni. I tillegg til den faste utstillinga med historie, olivin/peridot, eklogitt og kromdiopsid, har senteret også ei ny utstilling av fasettslipte bergkrystallar frå Åheim. I Sundalen, seks kilometer frå Åheim sentrum, ligg Peridotplassen strødd med peridotstein som ein kan plukke. Her finst det også grill, bord og benkar. Her kan ein også, om ein er heldig, finne eksemplar som kan slipast til smykkestein. Den grøne steinen vert ofte kalla «nattas smaragd», fordi den grøne fargen skin når den vert opplyst.

6 7

4

8

9 2 3

VISER HISTORIA ETTER VALBORG

RAMMEVERKSTAD MED UTSTILLING

Valborgsamlinga i gamle Thue skule tel kring 2.500 gamle gjenstandar og er verdt ein tur om ein interesserer seg for gamle bruksgjenstandar. Valborgsamlinga huser også ein gamal butikk frå 1920-talet, som det er laga utstilling av, med disk, kassaapparat, interiør og varer. I utstillinga er det også eit gamalt skulerom der ein har samla inn bøker og skulebilde. I sommar vil det vere ope torsdagar til søndagar frå 27. juni til 4. august.

Den tradisjonelle rammeverkstaden Galleri Brødrene Vik held til i Syvde, og har skiftande utstillingar. I verkstaden kan ein få ramma inn bilde i tillegg til å sjå kunstutstillingar frå inn- og utland, lokaltog nasjonalt kjende. Galleriet er oppteke av lokal kunst, så dette er ofte å finne i galleriet. Familiebedrifta vart skipa i 1942 av Reidar Vik, og blir no drive av Birger Vik. Sommarutstillinga opnar til Kosterikjedagane, som går føre seg 7.–9. juni.

VISER FRAM HISTORIA

BESØK DEN FARGERIKE GARDEN

Sogehuset som ligg i Nordstranda i Vanylven inneheld ei rik samling av eldre bruksgjenstandar og gamle ting med mykje historie. Det er Helge og Laila Norhagen som driv huset, og om ein har lyst på ei omvising kan ein ta kontakt med dei. Paret har tidlegare fått kulturpris for arbeidet med huset der det også blir halde arrangement med ulike tema, som utvikling av området og historie. Omvising blir halde på oppfordring.

Aina og Olav Moldskred Krakset driv den fargerike besøksgarden Hakallegarden som ein finn på Hakallestranda. Her kan ein få dyriske opplevingar ved å helse på dei mange dyra som bur på garden – alpakka, kyr, gris eller esel. Ein kan også få seg ein ridetur, leike på leikeplassen eller i plaskedammen for barn. Dersom vêret ikkje viser seg frå si beste side, kan ein ta aktivitetane innandørs – både riding og dyrekos. Om ein blir svolten, kan ein få seg ein kortreist burger inne på garden. Hakallegarden held ope gjennom sommaren.

3

4

34

HAVSALT SOMMAR 2019

VANYLVEN TI TING DU KAN GJERE

5

6


STILLER UT EIGEN KUNST

8

Torill Bernatek driv Lundgarden på Tunheim på Fiskå. Der har ho atelier og ei gamal tømmerstove der det blir utstillingar i sommar – blant anna av Bernatek sine eigne kolteikningar. Bernatek har ikkje faste opningstider, men Lundgarden er open når det står plakat ved vegen, og ho kan elles halde ope på førespurnad. Når det er ope, har Bernatek enkel servering.

1

5

MARMORKYRKJA FRÅ 1150

9

St. Jetmundkyrkja frå cirka år 1150 ligg på Åheim, og kan vere blant dei eldste kyrkjene i landet. Kyrkja er bygd i marmor og gråstein i enkel romersk stil. Namnet kjem frå den engelske kong Edmund (Jetmund) som etter legenda kom reisande over Maurstadeidet og meinte at Åheim ville vere ein god stad å byggje kyrkje. Kong Edmund vart drepen av vikingar og seinare kanonisert til helgen i den anglosaksiske kyrkja. Kyrkja held sommarope med moglegheit for guiding.

VANYLVEN POPULÆR SANDSTRAND

FOR DEI MODELLBÅTINTERESSERTE

Med utsikt til Stadhavet er Sandviksanden ein populær badeplass for både tilreisande og lokale om sommaren. Sandviksanden ligg på Hakallestranda og er ein populær plass å vere på solfylte dagar. Det finst toalettfasilitetar ved stranda og småbåthamna ligg rett ved. Hakallestranda Utvikling driv Hakalle Strandhuset som ligg like ved, og som har ulike arrangement gjennom året.

Åram Sogelag har ei rikhaldig modellbåtsamling i enden av Hakallestranda. Her kan ein sjå samlinga, som mellom anna byr på miniatyrar av Titanic og Noahs ark, så vel som færingar, jekter, dampskip, rutebåtar, redningsskøyter, orlogsskip som Wasa, Bounty og Victory, klipparar som Cutty Sark og polarskipa Gjøa og Fram. Utstillinga viser utviklinga av båttypar knytt til både lokal- og verdshistorie. Åram Sogelag vil halde ope museum søndagar i juli, og ein kan elles ta kontakt med sogelaget om ein er interessert i omvising. Modellbåtsamlinga ligg i enden av Hakallestranda.

7

10

35


Besøk husmortunet Den gamle skulen på Hakallestranda heiter i dag Husmortun. Her er det oppretta ei bygdesamling med mange gamle ting, bruksgjenstandar, handverk, ting frå gardsbruk, sjøbruk og fiske, samt husmora sitt virke. I tillegg er det ei rik bildesamling i bygdemuseet. Store område, mellom anna i Hakallestranda, var okkupert under krigen. Skulen, som no husar museet, var okkupert av tyske soldatar, og i nabohuset, bedehuset var det russiske krigsaktivitetar. Det og mykje anna får ein lære om på utstillinga. Åram sogelag held ope Husmortun alle søndagar i juli, og elles kan ein ta kontakt med sogelaget om ein ønskjer å besøke bygdemuseet.

Serverer middag til utsikta Kvilehytta ligg 150 meter over havet med flott utsikt over fjord, fjell og tettstaden Åheim. Her kan ein mellom anna få kjøpe fiskekort til dei tre fiskevatna på Maurstadeidet, samt Movatnet som ligg høgare oppe. Staden er også eit godt utgangspunkt for bilturar og sykkelturar.

Byr på turar og båtutleige Nyopna Tunheims Fjørå på Fiskå er eit godt utgangspunkt for opplevingar i Vanylven. Ved sidan av at ein som hyttegjest kan leige kajakkar og fiskebåtar, og bli guida til eigen gapahuk på Tunheimshornet, byr Tunheims Fjørå også på RIB-turar som alle kan melde seg på i sommar.

Test fiskelykka Laksefiske kan ein drive med både i Oselva og Åheimselva. Begge elvane er avhengig av nedbør for å vere opne. Fiskekort kan ein kjøpe på Coop i Syvde. Ved elva finst informasjon om fisketider, kontaktpersonar og om elva er open. Åheim elveeigarlag og Coop Byggmix på Åheim er oppdatert på vassføringa i elva. Fiskekort får ein på butikken.

Ta turen til Blåfelden på 842 meter over havet Syvde Idrettslag arrangerer Blåfelden Rett Opp for ellevte gong under Kosterikjedagane 8. juni 2019. Ein kan gå både klasse for turgåarar – mosjonistar utan tidtaking, eller konkurranseklasse. Løypa startar ved vidaregåande skule i Syvde og går først på asfalt 1 km før den går over i terrenget. Første del er ein markert morenerygg med open bjørkeskog. Deretter er det 2 km med jamn og bratt stigning. Så følgjer 1,5 km med lettare terreng over egga og høgste punkt på 842 moh. før området flatar ut i eit platå på kanten av Blåfelden med panoramautsikt over Syvde.

Kosterikjedagane med variert program

7.–9. juni går Kosterikjedagane av stabelen i Syvde. Fredag blir det opning med Leonard Øvregård, Åsmund Arnesen Farstad og song med Kristin Storstein. På kvelden blir det konsert med Maria Haukås Mittet trio. Laurdag er det Blåfelden rett opp for dei spreke, medan det blir moteshow, jungeldyr, Klovnen Klumse, trøbåtutleige i sentrum og song med Vanessa Løvold. På kvelden blir det dans i Syvde samfunnshus med Stine Nilsen & Livin West. Søndag blir det mellom anna bingo, og internasjonal song- og musikksoirée.

Solsikka i sentrum Vanylven sitt store kjennemerke, den enorme statuen av ei solsikke, står i ein park i Fiskåbygd. Det er verdas største solsikke i stål, blir det sagt, og solsikka skal vere eit symbol på optimisme, trivsel, vekst og godt samhald. Solsikka ragar heile 13,96 meter i vêret og veg heile 996 kilo.

36

HAVSALT SOMMAR 2019

VANYLVEN LITT AV KVART SOM SKJER


foto: ægir dykkerklubb

foto: Karl Jørgen Nesset

foto: Kristoffer Nerø Ytterland

v l y p p l e n o v Va .. .. Hakallegarden

Nystøylhornet

Peridotplassen

Dykking

! en

n e v l ny a V ce n e i er p x e . ....

!

....frå fjord til fjell!

“Marit og dyra” - sykkeleldorado - dykking - klatring - toppturar golf - peridotplassen - steinsenter - lokalmat - hytteutleige båt-/bygdemuseum - St.Jetmundkyrkja + m.m.

hakallegarden ● morotur ● norsk olivinsenter ● kvilehytta ● hakallestrandhus utsikten fjellkro ● ægir dykkerklubb ● floget klatreklubb ● jetmund gjesteheim troll fjordhytter ● kragset hamn ● galleri brødrene vik ● st. jetmund åram sogelag ● sandviksanden ● valborgsamlinga ● syvde gjesteheim hammaren hytteutleige ● vanylven golfklubb ● lundgarden ● tunheims fjøra

Turkart med 112 merka fjellturar og QR-kode

foto: Gunhild Toftesund

37


Velkomen til Kvilehytta Her får du tradisjonell mat og ei fantastisk utsikt. Vi har kafe, catering og hytteutleige. Du finn oss mellom Bryggja og Åheim. Meir informasjon om opningstider og kva vi kan tilby, finn du på vår Facebookside. Telefon 900 58 453

FOR WEEKENDTUR, FERIE ELLER FIRMASAMLING, TA KONTAKT MED OSS I DAG! Vi tilbyr RIB, kayak, fiske og fjellturer. For mer informasjon og booking:

www.kvilehytta.no

Restaurant-kafé

HAKALLESTRANDHUS Åpen juli/august kvar torsdag t.o.m. sundag. Vi ynskjer velkomne til ei hyggeleg stund og god mat!

Saanndddyy & Joh San ohn hn www.tunheimsfjora.com

E-post: john.sangen@gmail.com Tlf. 952 11 213

Hakallestrandhus:

VELKOMEN TIL GARDS!

www.hakalle.no

- OPPLEVINGSGARD FOR

HEILE FAMILIEN - Kortreist mat - Interiørbutikk - Aktivitetar - Overnatting - Innandørs riding i dårlig vêr Ope kvar dag frå 22. juni til 18. august kl. 12.00-18.00 - Telefon 900 68 996 / 971 92 066

Foto: Kristoffer Nærø Ytterland/Meirenntusenord.com

38

HAVSALT SOMMAR 2019

VANYLVEN


SOGN OG FJORDANE TI TING DU KAN GJERE

OPPLEV VILL OG VAKKER NATUR

1

Ønskjer ein å oppleve vill og vakker natur, gardar som klamrar seg til fjellsidene, fossefall og fjell som strekker seg 1.761 meter over havet, er Nærøyfjorden verdt eit besøk. Fjorden står på UNESCO si verdsarvliste og blir rekna som ein av dei mest dramatiske fjordane i verda. På sitt smalaste er den berre 250 meter brei. Fjorden er eit flott utgangspunkt for fleire toppturar, eller berre for å nyte naturen frå fjæra. Inst i den 17 kilometer lange fjorden finn ein Gudvangen, som er ei populær cruisehamn. Der kan ein mellom anna besøke vikinglandsbyen eller dei kvite grottene i fjellet.

39


RASK TOPPTUR

LUFTIG UTFORDRING

Loen Skylift kan kallast for den lettaste toppturen i Norge, fordi pendelbana tek deg frå fjord til fjell på fem minutt. Bana er ei av dei brattaste i verda, og tek deg til Hoven på 1.010 meter over havet. Frå toppen har ein utsikt til Skåla og Lovatnet i aust, og Jostedalsbreen og Olden i sør, samt utover Nordfjord. Frå toppen kan ein utforske høgfjellet til fots eller på ski, med eller utan guide. Om ein vert svolten, kan ein nyte eit betre måltid med ei fantastisk utsikt rett utfor vindauga. Pendelbana går kontinuerleg i opningstidene, kvar dag i sesongen. Anlegget har universell utforming. FOTO: BÅRD BASBERG/LOEN SKYLIFT

For dei som ønskjer seg ei luftig utfordring er Via Ferrata til Hoven i Loen ei oppleving ein seint vil gløyme. Her klatrar ein høgt over fjorden, omgitt av vakre fjell og Jostedalsbreen Nasjonalpark. Den har også den lengste Via Ferrata-brua i Europa, Gjølmunnebrua – ei hengebru ein kan våge seg over om ein tør. Hengebrua opna i 2013, er 120 meter lang og ligg på 750 meter over havet.

2

5

FOTO: MATTIAS FREDRIKSSON/ FJORD NORWAY

EIN AV DEI STØRSTE

3

Briksdalsbreen er ein arm av Jostedalsbreen som er den største breen på det europeiske fastlandet. Breen i enden av Briksdalen er ein av dei største naturattraksjonane i Norge. Den slyngar seg nedover den tronge dalen frå 1.200 meters høgde og ligg i enden av Oldedalen. Frå Briksdalsbre fjellstove er det grusveg til breen der tusenvis av turistar finn vegen kvart år. FOTO: NORMANN

BESØK DEN UNIKE STAVKYRKJA

4

Blant dei totalt 28 stavkyrkjene i landet, er Borgund stavkyrkje ei av dei mest særmerkte. Den står i Lærdal, og vart bygd i 1180. Kyrkja er lokalisert ved Vindhellavegen, som er ein del av Kongevegen over Filefjell. Kyrkja er særmerkt med sponkledning, svalgang, drakehovud, kross på mønekammane, og takrytter med spir som har blitt brukt som forbilde ved andre stavkyrkjerestaureringar. FOTO: FINN LOFTESNES

SOGN OG FJO INN PÅ TUNET TIL KUNSTNAREN

6

Astruptunet er heimen til ein av Norges mest framståande bildekunstnarar. Nikolai Astrup er framfor alt kjend for skildringane av frodig vestlandsnatur og tradisjonelt folkeliv, og heimen hans kan du besøke på Sandal ved Jølstravatnet i Jølster kommune. Astrup var fødd i Bremanger, men flytta til Jølster på slutten av 1800-talet. Der blei han buande det meste av livet sitt. I kunstnarheimen kan ein sjå bilda til Astrup, i tillegg til den unike og nærast komplette samlinga av trykkplater.

FOTO: STEIN SANDEMOSE BÅRDSEN

40

HAVSALT SOMMAR 2019

SOGN OG FJORDANE TI TING DU KAN GJERE


HUSAR KUNSTEN I FYLKET

8

9 2 5

Sogn og Fjordane kunstmuseum ligg i hjartet av Førde, og forvaltar om lag 4.500 unike verk, biletkunst og kunsthandverk. Museet har ansvaret for regional kunsthistorie frå kring 1900 og fram til i dag, og har særleg stor pågang frå regionen. Museet opna i 2012 og har også nasjonal kunst frå det siste hundreåret, særleg frå 1970-talet og framover. Museet har også driftsansvar for Anders Svor-museet i Hornindal, Astruptunet og Eikaasgalleriet i Jølster og Sogn Kunstsenter og besøkstalet for dei fem einingane ligg på 20.000 i året.

3

BYR PÅ SKIGLEDE

9

Stryn sommarski opnar dørene 29. mai og byr til skiglede også om sommaren. Senteret ligg langs den gamle Strynefjellsvegen, som er ein nasjonal turistveg. Sommarskisenteret er plassert på Tystigbreen og byr i tillegg til skitrekket på spektakulære naturopplevingar og flotte turmoglegheiter. Løypene er basert på frikøyring og senteret har utleige av utstyr.

6 8 10

FOTO: OLAV STANDAL TANGEN/STRYN SOMMARSKI

4

1

7

ORDANE SPEKTAKULÆR TOGREISE

BESØK UNIK BOKBY

Flåmsbana viser fram noko av det mest spektakulære norsk natur har å by på. Det er ein av verdas brattaste jernbanestrekningar på normalspor, og går frå havnivå i Flåm i Aurlandsfjorden, til høgfjellsstasjonen Myrdal på 865 meter over havet. Turen går forbi bratte fjellveggar, fossefall og gjennom 20 tunnelar. Flåmsbana har også blitt kåra til ei av verdas vakraste togreiser.

Bokbyen i Fjærland har fire hyllekilometer med brukte bøker til sals i Mundal. Fergeventerom, fjøs, bank og postlokale er blant dei titals originale bokutsala i bokbyen med bruktbokhandlar som særpreg. Boknatta blir i år laurdag 1. juni, der ein blant anna kan oppleve forfattar Lars Svisdal, som fekk Tarjei Vesaas sin debutantpris i fjor, i samtale med litteraturformidlar Janne Karin Støylen. Det blir føredrag ved Jan Olav Gatland, som har skrive biografi om Mons Litleré, litteraturvandring og konsert med Olav Stedje.

7

FOTO: SVERRE HJØRNEVIK/FLÅM AS

10

41


Arven etter Eikaas Målaren, grafikaren, teiknaren og skulptøren Ludvig Eikaas frå Jølster var ein av den norske etterkrigstidas mest markante biletkunstnarar, og kunsten hans finn du i Eikaasgalleriet. Eikaasgalleriet på Ålhus blei etablert i 1994 og konsolidert med Sogn og Fjordane kunstmuseum i 2004. Det gamle meieriet Ålhus blei kjøpt og bygd om til eit moderne kunstgalleri, etter teikningar av Arild Waage, for å ta imot kunstsamlinga Ludvig Eikaas gav kommunen. Eikaasgalleriet har også sal av mellom anna grafikk, kort og bilde, og open kafé. Frå 8. juni til 11. august har galleriet ope dagleg, elles onsdagar, laurdagar og søndagar.

Sjå 160 aktørar vise fram historisk spel 22. og 23. juni er det igjen klart for det historiske spelet Kinnaspelet – eit av dei best etablerte historiske spela i landet. Spelet går føre seg i det naturlege amfiet ved ei av det best bevarte mellomalderkyrkjene i landet, rett nedanfor dei storslåtte Kinnafjella. Øya Kinn ligg heilt vest i Flora, og ramma rundt spelet er innføringa av reformasjonen i 1537, samt legenda om Sankta Sunniva som kom i land på Selja. Det er eit drama om kjærleik, svik, tvil og tru. Spelet blir framført av Sogn og Fjordane Teater, musikarar og over 160 lokale aktørar. Båt blir mellom anna sett opp frå Kalvåg, Florø og Bergen.

Emmylou Harris til Breim Emmylou Harris and her Red Dirt Boys står på plakaten til Norsk countrytreff på Breim 10.–14. juli. Andre artistar er blant anna Staut, Malin Pettersen, Rotlaus og Vassendgutane. Treffet blir arrangert for 25. gong og har sidan oppstarten vakse seg til å bli eit av dei største kulturarrangementa i fylket, og det største arrangementet i sin sjanger på Vestlandet.

FOTO: VERONIQUE ROLLAND

Ta turen blant trehusa I gamle Lerdalsøyri kan ein besøkje det unike bygningsmiljøet frå 1700-1800-talet med 160 verna bygningar. På vandring blant dei gamle trehusa får ein inn lokalhistorie gjennom interaktive utstillingar. Handverksutsal, galleri, telemuseum og postmuseum. Det vert sett opp guida vandringar gjennom gamle Lærdalsøyri.

FOTO: SVERRE HJØRNEVIK/WWW.FJORDNORWAY.COM

Dekker opp til festbord

Spektakulær fjelltur

Sildebordet i Florø blir i år sett opp for 28. år på rad fredag 21. juni. På den tradisjonsrike folkefesten blir eit om lag 350 langt bord dekka opp i Florø sentrum med fleire gode silderettar. Sildebordet er arrangert på dugnad og er sponsa av næringslivet. Arrangørane anslår at over 3.000 menneske er innom sildebordet, og ein nyttar anslagsvis 900 kilo kryddersildfilet til dei mange silderettane som blir servert.

Laurdag 17. august går det som blir rekna for Nord-Europas tøffaste motbakkeløp La Sportiva Skåla Opp av stabelen. Det er eit motbakkeløp på 1.848 meter rett opp. Anita Håkenstad Evertsen har løyperekorden for kvinner med tida 1 time, 20 minutt og 6 sekund frå 2008. For herrar er det Jon Tvedt som har rekorden frå 2007 på 1 time, 8 minutt og 39 sekund. Ahmet Arslan frå Tyrka sikra i 2012 rekorden på ny sti med 1 time, 7 minutt og 6 sekund. Skåla er rekna som Norges høgaste fjell med foten i sjøen, og er eit populært turmål. På toppen finn ein dei sjølvbetente DNT-hyttene Skålatårnet, som stammar frå 1891, og det nye tilskotet Skålabu.

42

HAVSALT SOMMAR 2019

SOGN OG FJORDANE LITT AV KVART SOM SKJER

Byr på morosame aktivitetar i det våte element Havsportfestivalen Våt moro går i år av stabelen 11.–14. juli i Florø og byr på våte opplevingar, ekstrem glede, adrenalinrush og spektakulære opplevingar både i, over og under havoverflata. Aktivitetane går føre seg i Florø sentrum og i Florevika. Ein kan mellom anna vere med på wakeboard, kajakk, SUP, havrafting, segling, fotturar og vasscootertur. I byparken blir det leik og moro for dei minste, saman med Krokofant-maskoten, og på kveldstid er det duka for god stemning med AfterSea i festivalteltet der det blir føredrag, quiz, band og DJ Ronny Brede Aase.

F


Jubilerer med 30 år

Besøk folkemuseet

Førdefestivalen er Skandinavias største festival for akustisk verdsmusikk og feirar i år 30 år. Om lag 300 artistar frå heile verda vert presentert frå 30 scener gjennom 80–100 ulike festivalarrangement for om lag 26.000 besøkande kvart år. Temaet for årets festival er 30 år utan grenser og skal feire at festivalen har vore med på å bryte ned grenser mellom kulturar og musikktradisjonar i verda.

Nordfjord folkemuseum ligg i det vakre friluftsområdet Jølet nær Sandane sentrum i Gloppen. Faste utstillingar inkluderer Friluftsmuseet med hus og historie kring livet i Nordfjord i etterreformatorisk tid. Der kan ein sjå 43 antikvariske bygningar i klyngetun, ei skulestove og livet på støylen. I tillegg kan ein besøke museumsfartøyet Holvikejekta utstilt like utanfor sentrum. Eit studiemagasin som kjem i år vil gje publikum sjansen til å sjå korleis ein jobbar med å identifisere og registrere gjenstandar. Museet har kring 23.000 gjenstandar i sitt eige, nokre av dei utstilte.

Kongeleg mottaking Statuen av Kong Olav V tronar over Utkantfestivalen Skjerjehamn. Det er kunstnaren Knut Steen som har laga statuen som blei avduka i 2007. Utkantfestivalen går føre seg 25.–28. juli og på årets plakat står mellom anna Israel Nash, ISAK, Sondre Justad, Dagny, Thea Hjelmeland og Bjørn Eidsvåg. Skjerjehamn ligg ved porten til Sognefjorden og har i alle tider vore eit knutepunkt for skipstrafikken. I Skjerjehamn finn ein gamal handelsstad.

Ta ei historisk vandring Sunnfjord Museum har sesongopning 2. juni og byr på eit rikhaldig program for små og store. Museet er eit allment kulturhistorisk museum, med samlingar som speglar av dagleglivet til folk flest. Tradisjonelt har det vore primærnæringane og handverk av alle slag som har vore den næringsmessige tilknytinga til museet. Også industrireising og samtidsdokumentasjon er ein del av museet. Bygningane syner eit tidsspenn i byggeskikk frå 1500 til kring 1900. Museet ligg ved Movatnet, aust for Førde, og består av 32 antikvariske bygningar der tre av dei opphavleg er husmannsplassar. Dei andre er tilflytta frå bygder i indre Sunnfjord. Museet har også 13.000 gjenstandar som speglar 1800-talet, samt 5.000 foto frå mellom anna lokale fotografar.

FOTO: VÅT MORO

43


FLORØ 21.-23. JUNI

FREDAG 21. JUNI

LAURDAG 22. OG SØNDAG 23. JUNI

FREDAG 21. OG LAURDAG 22. JUNI

For 28. gong kl. 18.30 blir verdas lengste sildebord arrangert. Her får du servert fleire gode silderettar, potet og noko å drikke. Gratis!

Kinnaspelet er ei oppleving du sjeldan finn makan til! Teater ved havet blir framført av Sogn og Fjordane teater i lag med 160 amatørar, musikarar og koristar.

Laksens Dag er ein folkeleg gatefestival for heile familien med konsertar og gratis aktivitetar for både store og små. Kokker frå heile fylket serverar smaksprøvar av spanande nye lakserettar og havbruksnæringa frå heile fylket er tilstades med båtar og utstyr.

Musikk i festivalteltet, langopne butikkar, boder og tivoli. Kjekt for heile familien!

Meir om Sildebordet på www.sildebordet.no og www.facebook.com/Sildebordet/

Kinnakyrkja er under restaurering, difor gjev vi publikum ei ekstragåve, nemleg konsert med Sigrid Moldestad på utescena! Ellers skjer det mykje anna; historisk vandring, kunstutstilling, turar på eige hand, barnas turlag, vikingaktivitetar, kjøpe av mat.

Solveig Hareide skal leie arrangementet i år og det vert mykje moro både på scena, i gata og på Kolkaia. Konsertar, tivoli, kokkelering for borna, aktivitetar i gata, på oppdrettsbåtane og inne på Byakvariet er berre noko av det som skal skje. Pegasus er årets festivalband i gata! Det vert laksepub i teltet på Kolkaia etter arrangementet laurdag med irsk musikk frå Na Fianna. Fredag frå kl. 10.30: Lakseseminar på Quality Hotell Florø. Sjå foredragshaldarar og spennande program på heimesida.

Program, billettar og båt på: www.kinnaspelet.no

Sjå program på: www.laksensdag.no

VÅRE HOVUDSPONSORAR FOR HIMMEL & HAV:

Barlindbotn Settefisk, E.Karstensen Fiskeoppdrett, Erko Seafood, Flokenes Fiskefarm, Landøy Fiskeoppdrett, Marø Havbruk, Osland Havbruk, Rostein, Salmon Group, Sandnes Fiskeoppdrett, Steinvik Fiskefarm, Sulefisk, Svanøy Havbruk, Alltech Norway, Biomar, Skretting, Nordfjord Laks, Sande Settefisk, Hyen Fisk, Måløy Marine Ressurssenter (MMR), Stingray, Mørenot, Schenker.

44

HAVSALT SOMMAR 2019

SOGN OG FJORDANE


ALL INCLUSIVE FREMST I HAVGAPET

ALL INCLUSIVE - 2.790,Inntil 2 vaksne og 2 barn

BO OG BAD I FOSNAVÅG - 1.590,-

Inntil 2 vaksne og 2 barn

Tilbudet inkluderer: • Overnatting ei natt med frukost

Inkluderer: Overnatting og inngang

• Inngang ein dag til Sunnmørsbadet • Lunsj på Sunnmørsbadet • Middag ved Restaurant Sjøkanten

/thonhotelfosnavag

til Sunnmørsbadet

@thonhotelfosnavag www.thonhotels.no

Bestill ved å ringe Thon Hotel Fosnavåg eller via mail

Tlf. 70 08 10 00 / forsnavag@onhotels.no

BADEGLEDE I FOSNAVÅG!

HOVEDSPONSORAR

Sunnmørsbadet Fosnavåg AS, Lisjebøvegen 10B, 6091 Fosnavåg, Tlf. 70 08 05 70 /sunnmorsbadet

@sunnmorsbadet

#sunnmorsbadet www.sunnmorsbadet.no

Oktoberfest

post@sunnmorsbadet.no

Fremst i havgapet! Fiskarhallen 18. og 19. oktober 2019

18. oktober

Oslo Blåseorkester

19. oktober LANDSKAMP mellom NORGE og SVERIGE Kokken Tor vs Jävlar på Kärlek Billetter kan kjøpes på Tikkio.

Dagspass kr 395,Weekendpass kr 690,-

Bestilling til fosnavag.resepsjon@olavthon.no

Hotellpakker: Kr. 995,- pr person per natt i dobbeltrom inkludert frokost og billett til Oktoberfest.Enkeltromstillegg kr. 500,- per natt.

45


Du som abonnerer på papiravisa kan lese alle sakene på fjt.no, også dei som er merka med eit plussteikn + . I nokre av sakene får du ekstra innhald som biletseriar, animasjonar og videoar.

+

Du kan logge deg inn på fjt.no både på pc, nettbrett og mobil.

1 Gå til fjt.no og «Logg inn» i menyen øvst til høgre.

46

HAVSALT SOMMAR 2019

2

3

!

Vel «Opprett bruker», legg inn din e-post og vel eit passord.

Du mottar ein e-post frå Fjordenes Tidende. Klikk på lenka i e-posten for å aktivere brukaren din.

NB! Har du allereie ein Spid-brukar hos f.eks. Aftenposten, Finn.no eller VG? Då loggar du deg inn med same e-post og passord på fjt.no.

Treng du hjelp? Ring kundesenteret vårt. Vi hjelper deg gjerne! Tlf. 57 84 90 00


Premium-WiFi

Spar kr 500,i etablering

Finn ut meir på enivest.no/premium-wifi

Kampanjeprisar: Premium WiFi (Bustadpakken) mnd.pris

Etablering (avhengig av ditt internett-produkt)*

For abonnentar med DSL, Radio og Fiber 50/50

kr 49,-

kr 899,- (rettl. 1399,-)

For abonnentar med Fiber 150/150

kr 49,-

kr 495,- (rettl. 995,-)

For abonnentar med Fiber 300/300 og 500/500

kr 49,-

kr 0,-

Ekstra boks

kr 0,-

kr 995,-

Ditt internett-produkt

* Månadspris på ditt internettabonnement kjem i tillegg

TRÅDLAUST INTERNETT I HEILE BUSTADEN DIN Slit du med WiFi? Har du opplevd at det trådlause internettet ikkje er stabilt og raskt i heile huset? No har vi løysinga. Med Premium WiFi Bustadpakke får du 3 boksar som gjev deg stabilt internett med høg hastigheit som når ut til heile huset.

Modem

Lurer du på noko eller ønsker du å bestille? Gå inn på enivest.no/premium-wifi eller ring kundeservice på 57 00 91 00

NB! For å kunne bestille Premium WiFi må du ha eit internettabonnement som er tilknytt Enivest.

Nett der du er

47


BLUE LAGOON i Selje

Blue Lagoon Selje er en videreføring av tidligere Frimannsbuda i Selje. Etter oppgraderingen, som vi nå er ferdige med, har stedet fått et nytt fantastisk særpreg som lokale og tilreisende kan nyte godt av denne sesongen. Vi har også egen buss til henting/frakting og guidede turer for turister.

Vestkapp - Norges vestligste fjellplatå

Vi tilbyr de reisende pakketurer med overnatting, bespisning, klosterturer, underholdning om kveldene/helgene og guidede turer. DAGSTUR TIL SELJE FOR GRUPPER - Busstransport - Matservering - Båttur til Seljeklosteret: ruinene av Selja kloster, til minne om St. Sunniva. - Underholdning

VI HJELPER DEG Å ARRANGERE: - Bursdager - Utdrikningslag - Andre sammenkomster - God mat, musikk og moro! - Transport inkludert

Pris fra kr. 950,Prisen vil variere etter avstand

VI TILBYR:

Vakker sandstrand i Selje sentrum

TRANSPORT TIL VESTKAPP

MUSIKK DJ

Adresse: 6740 Selje • Telefon: 913 62 654 • E-post: info@bluelagoonselje.com Nettside: http://www.bluelagoonselje.com

48

HAVSALT SOMMAR 2019

Profile for Nordfjordsamkøyringa

Havsalt sommar 2019  

Fjordenes Tidende sommarmagasin 2019. Vågsøy, Selje, Eid, Bremanger, Vanylven.

Havsalt sommar 2019  

Fjordenes Tidende sommarmagasin 2019. Vågsøy, Selje, Eid, Bremanger, Vanylven.