__MAIN_TEXT__
feature-image

Page 1

Elvisfestivalen

Måløy 2019 Fjordenes Tidende del 2 tysdag 6. august 2019

FOTO: MARIANNE SOLHEIM ROTIHAUG


2 ELVISFESTIVALEN MÅLØY 2019 FJORDENES TIDENDE

Lokale artistar løftar festivalen Dei lokale artistane har spelt ei viktig rolle på dei tidlegare elvisfestivalane. Også i år blir fleire lokale songfuglar å sjå i kyrkja og i festivalteltet.

– Vi får veldig god respons på

at vi gir dei lokale artistane ei scene, seier Geir Tharaldsen. – Og det er nettopp å gje dei ei scene som er poenget. Her får dei synge med internasjonale og profesjonelle artistar. Vi ser at dei lokale artistane løftar seg når dei får denne moglegheita, legg festivalsjef Helge Hjelle til.

Blant dei lokale artistane som skal delta er Terje Våge, Randi Melheim, The Brothers «S», som består av brørne Espen, Sverre og Isak Søraa, Jakob Hals, Camilla Silden, Arild Hamre, Tommy Stormo og Elvis-koret med fleire. MARIANNE SOLHEIM ROTIHAUG marianne@fjt.no

I KYRKJE OG TELT: Terje Våge er ein av dei lokale artistane som skal bidra under festivalen. Han blir å sjå og høyre både i kyrkja og i festivalteltet. ARKIVFOTO

Hyllar Elvis sin fødeby Med eit stort show som viser Elvis Presley si musikalske karriere og eit ordførarbesøk ønskjer arrangørane å sette Elvis sin fødeby, Tupelo, på kartet for festivalpublikummarar i alle aldrar.

– Vi har sett saman eit kjempeshow for å heidre Elvis sin fødeby, og sjølvsagt også ordføraren i Tupelo, som kjem til Måløy for å delta på festivalen, seier festivalsjef Helge Hjelle. Med ordførarbesøket som bakteppe set festivalen opp teltshowet «From Tupelo (Mississippi) to Måløy» fredag 9. august. Her blir det eit hovudshow med artistane Bill Cherry, Ted Torres, Eddy Popescu, Morgan Vøien og Isak Søraa, samt orkesteret Sideshow Bob, deira korgruppe og Måløy Songlag. I etterkant av hovudshowet blir det

fem show med dei nemnde artistane, og blant anna The Brothers, med brørne Espen, Sverre og Isak Søraa. – Det blir fullt trykk og ein kanonkveld i teltet, lovar festivalsjefen. – Konserten blir ein kavalkade over Elvis sin musikk. Med cirka 80 spor frå 50-, 60- og 70-talet, blir det både rock, blues og balladar. Artistane kjem til å løfte teltet, legg Geir Tharaldsen i styret for festivalen til. Laurdag kveld er det duka for nok ein festaftan i teltet, ifølge arrangørane. Då skal det markerast at det er 50


FJORDENES TIDENDE ELVISFESTIVALEN MÅLØY 2019 3

Viser fram Elvis-artiklar

Inkluderer unge artistar

Fanklubben står på stand

– Roy Pedersen, ein stor elvisfan og samlar, var her i fjor saman med familien, og han var så begeistra at han har tatt kontakt og spurt om vi vil kome heim til han og låne det vi vil av artiklar som vi kan stille ut under festivalen, seier Geir Tharaldsen, som fortel at Pedersen mellom anna har drakter, signerte gitarar og klede, som Elvis har brukt, i samlinga si. – Dette blir verkeleg flott, seier Tharaldsen.

The Young Ones har vore ein viktig programpost for festivalarrangørane i fleire år. Her får lokale ungdomar moglegheit til å framføre songar som dei har valt ut framfor eit stort publikum, anten på ei av utescenene eller i teltet. Denne konserten blir laurdag føremiddag. I år, som tidlegare, har festivalarrangørane sett ut oppgåva med å planlegge og gjennomføre The Young Ones til ungdomane sjølve.

Flaming Star, som er fanklubben til Elvis i Norge, kjem til Måløy under festivalen. Klubben vart stifta i 1965 av Arne Metzner og Pål Granlund, som har møtt Elvis Presley fem gongar. Granlund skal ifølge arrangørane sjølv kome til Måløy under festivalen. Bladet, som fanklubben gir ut, reknast i dag som eit av verdas flottaste fanmagasin. Det er på cirka 100 sider og kjem ut fire gongar i året.

GLER SEG TIL FESTIVAL: Helge Hjelle (f.v.), Anita Bjerkås Olsen, Lars Kjølen og Geir Tharaldsen, som utgjer styret i Elvsifestivalen saman med Jakob Myrestrand og Kim Hjelle, gler seg til å ønske velkomen til den 6. utgåva av Elvisfestivalen i Måløy. Festivalen, som startar med kyrkjekonsert torsdag 8. august, inneheld mellom anna show i festivalteltet Graceland, paradar, utstillingar og sceneshow i sentrum. FOTO: MARIANNE SOLHEIM ROTIHAUG

Gler seg til å vere festivalpublikummar Ordførar i Tupelo, Jason Shelton, gler seg til å sjå korleis Elvisfestivalen i Måløy tar vare på arven etter den kjende artisten.

år sidan kongen av rock and roll heldt sin første av mellom 750 og 800 konsertar i Las Vegas. – 31. juli i år vart akkurat det same showet som Elvis heldt i 1969 på Las Vegas International Hotel framført av Ted Torres på same stad. Litt over ei veke seinare kjem Torres med nøyaktig det same showet til Måløy. Det blir dei same effektane og akkurat den same musikken som Elvis framførte, som blir vist i Måløy, smiler Hjelle. – Det som kjenneteikna Elvis var at han aldri heldt konsertar utanfor

USA. Det vi gjer er at vi hentar showet frå USA og bringar det til Måløy, seier Lars Kjølen i arrangementskomiteen. I etterkant av hovudshowet, som har fått namnet «Las Vegas – Jubilee 50 Year» er det duka for fleire konsertar i festivalteltet, med mellom anna Bill Cherry, Eddy Popescu, Morgan Vøien og Isak Søraa. – Som avslutningsnummer skal fem-seks mann på scena og synge Johnny B. Goode. Det kjem til å bli ei fantastisk avslutning på ein strålande kveld, slår Hjelle fast.

For å klare å sette saman ein festival som mellom anna inneheld to konsertar i Sør-Vågsøy kirke og to kveldar i festivalteltet, trengst det mange aktørar. Styret i festivalen har rekna på det, og kome fram til at 90 artistar og musikarar skal i aksjon under festivalen. Blant desse finn vi både Måløy Musikklag og Måløy Songlag – Og desse 90 artistane skal framføre rundt 180 elvissongar i kyrkja og i festivalteltet, smiler Tharaldsen. MARIANNE SOLHEIM ROTIHAUG marianne@fjt.no

– Eg er svært glad for å ha blitt invitert til Elvisfestivalen i Måløy. Som ordførar i Tupelo får eg ta del i arbeidet med å promotere livet og arven etter Elvis Presley, kongen av rock and roll. Norge er eit vakkert land, og eg er glad for at eg får moglegheita til å besøke og sjå ein så fantastisk stad, samstundes som det blir sett fokus på Elvis, seier Shelton. Elvis-ordføraren har allereie peika seg ut nokre høgdepunkt som han ser spesielt fram til. – Morgan Vøien, Bill Cherry og fleire av dei som skal opptre på festivalen er blant dei beste tributeartistane i verda. I tillegg gler eg meg til å fortelje folket i Måløy om Tupelo og invitere dei til å besøke fødestaden til Elvis – der alt byrja. Han understrekar at interessa for kongen av rock and roll framleis er stor, og fortel at om lag 100.000 personar årleg besøker Tupelo, nettopp fordi det er der Elvis Presley vart fødd. – Vi er stolte av å kunne formidle historia om «guten Elvis» til resten av verda, seier Shelton.


4 ELVISFESTIVALEN MÅLØY 2019 FJORDENES TIDENDE

! D U B L I T L A V FESTI UG - LØRDAG 10. AUG A . 8 G A D S TOR

ALLE SKO OG KLÆR

ALLE SKOLESEKKER

-25% -25%

MENGDER AV SESONGENS VARER

-30-70%

ALLE SYKLER

-30% Tilbudene varer ut uka eller så langt lageret rekker.

MÅLØY STORMARKED, DEKNEPOLLEN, TELEFON 57 85 33 33 - GRATIS PARKERING 750 kvm sportsbutikk

ELVIS -FESTIVALEN 2018

RYDDESALGET FORTSETTER!

ALLE HAGEMØBLER

-50% -30%

EN MENGDE VARER Inntil

-70%

HUSTYPE LYSTIG

Vi har Norges mest fornøyde eneboligkunder! Ta en titt på våre flotte eneboliger på www.nordbohus.no

TILBUDENE GJELDER TIL OG MED LØRDAG!

BYGG & BOLIGMARKEDET

MÅLØY

Myrane 10 • 6718 Deknepollen • Tlf 57 85 49 00 • post@bygg-boligmarkedet.no


Frequency.no

FJORDENES TIDENDE ELVISFESTIVALEN MÅLØY 2019 5

VÅ R E B E S T E B R U K T B I L A R

3 ÅRS SERVICEAVTALE INKLUDERT VED KJØP AV BRUKT RAV4 HYBRID I AUGUST

Toyota Nordfjord og Førde AS toyota-nf.no

Førde

Måløy

Stryn

Hafstadvegen 78 Tlf.: 57 72 10 00

Deknepollen Tlf.: 57 85 26 50

Hegrevegen 16 Tlf.: 57 87 60 00


6 ELVISFESTIVALEN MÅLØY 2019 FJORDENES TIDENDE

– Det er vårt framtidige publikum Denne helga håpar arrangørane å få dei yngste barna til å bli interesserte i kongen av rock and roll.

Fredag inviterer dei til barnas elvisparade og barnas elviskonsert utanfor festivalteltet.

– Vi veit det er ei litt vanskeleg tid for barnehagane med tanke på ferieavvikling, men vi håpar så mange som mogleg har anledning til å delta, seier Lars Kjølen. Nytt av året er at festivalen også ønskjer å få fleire unge publikummarar til kyrkjekonserten torsdag.

– I år har vi innført ein barnebillett, slik at barn i følge med foreldre får ein litt billegare inngangsbillett, forklarar Helge Hjelle. – Vi må inkludere dei unge. Dei er jo framtidige fans og publikummarar, seier Kjølen. MARIANNE SOLHEIM ROTIHAUG marianne@fjt.no

Skal leie an i paraden

PARADE: Festivalen inviterer barna til å gå i parade. ARKIVFOTO

For å gjere elvisparaden endå betre og meir eksklusiv har arrangørane i år engasjert Måløy Musikklag til å gå i front i paraden. Ifølge festivalleiinga vil det å ha musikklaget i front, som eit «marching band», gjere paraden meir lik dei ein finn i USA. – Paraden blir ekstra stor og spesiell i år, slår dei fast. Paraden, der dei fleste artistane pleier å vere med, blir arrangert laurdag.

Eddy meiner kyrkjekonserten er det vakraste som finn stad under festivalen Eddy Popescu kjem tilbake til Elvisfestivalen for tredje år på rad, og han sår lite tvil om kva han set høgst. – For meg er kyrkjekonserten det vakraste som skjer under festivalen. Det er emosjonelt å synge i denne kyrkja, seier tributeartisten, om konsertane i Sør-Vågsøy kirke. Med elleve internasjonale, nasjonale og lokale solistar er arrangørane klare til å presentere den største kyrkjekonserten i festivalen si historie, og skal vi tru leiinga blir torsdagens konsertar nok ei flott oppleving for songarar og publikum. – Det blir ein kjempekonsert. Det blir eit så å seie heilt nytt repertoar, der berre nokre få av låtane har blitt brukt tidlegare. Vi har 27 låtar på programmet, så det blir ein gedigen konsert, fortel festivalsjef Helge Hjelle. Programmet for kyrkjekonserten, som har fått namnet «Where No One Stands Alone», inneheld 27 låtar formidla av elleve songarar. Desse er Bill Cherry, Ted Torres, Eddy Popescu, Tony Nilson, Morgan Vøien, Isak Søraa, Terje Våge, Camilla Silden, Randi Melheim og The Brothers. Det heile akkompagnert av orkesteret Sideshow Bob med korgruppe, samt «Elviskoret». – Det blir igjen ei magisk oppleving i Sør-Vågsøy kyrkje. Festivalsjefen sjølv har peika seg ut fleire høgdepunkt. – Låten som konserten har namn etter, Where No One Stands Alone, har eg stor tru på. Avslutningslåten blir som regel også alltid eit høgdepunkt, seier Hjelle, og legg til: – På alle konsertar eg har arrangert har ein melodi gått att, og den kjem også til å vere med i år: How Great Thou Art er den Elvis-låten eg har spelt mest, og i år kjem den med ny vokalist.

TILBAKE I KYRKJA: Eddy Popescu set det å synge i Sør-Vågsøy kirke svært høgt. I år blir tributeartisten å sjå og høyre i kyrkja saman med ti internasjonale, nasjonale og lokale artistar. 27 nummer skal framførast på dei to konsertane som blir sett opp i kyrkja torsdag. – Det blir ein kjempekonsert. Det er eit så å seie heilt nytt repertoar, der berre nokre få av låtane har blitt brukt tidlegare, seier festivalsjef Helge Hjelle om konserten som har fått namnet «Where No One Stands Alone». Her frå fjorårets konsert. FOTO: JØRN-ARNE TOMASGARD Kyrkjekonserten har blitt ein svært populær del av festivalprogrammet, både for publikum, arrangørar og artistar. – Det handlar om at vi har kvalitet i alle ledd. Vi har eit fantastisk orkester og gode songarar, der vi kombinerer internasjonale songarar med dei lokale. Den kombinasjonen er utruleg positiv, seier Hjelle. Arrangørane trur også kyrkjerommet i seg sjølv speler ei stor rolle for opplevinga. – Det er faktisk ikkje så vanleg å bruke kyrkja på slike festivalar. For dei som ikkje går i festivalteltet er dette ei viktig og flott

tilbod, seier Lars Kjølen. Ifølge leiinga ligg mykje av kvaliteten også i eit godt lydanlegg, og i år vil arrangørane i enda større grad nytte seg av moglegheitene kyrkja byr på. – Dei har fått seg to store lerret og i år vil vi køyre film på desse under låtane, som handlar om det temaet det blir sunge om, fortel Kjølen, som saman med Hjelle lovar ein variert og god konsert: – Det blir nye songarar, nye låtar og alt frå roleg gospel til full trykk og raske låtar. Eddy Popescu som skal stå på scena under kyrkjekonser-

ten har hatt ein draum om å bli elvissongar sidan han var seks år, og i 2014 då han flytta til Storbritannia starta rumenaren med elvisshow. – Der forstod eg at «tributeshows», elvisfestivalar og konkurransar eksisterte. Sidan den gong har tributeartisten besøkt Måløy og Elvisfestivalen to gongar. – Eg vart overraska då eg vart invitert for tredje gong. Eg ville gjerne kome tilbake, men eg trudde ikkje invitasjonen skulle kome så raskt. Men eg er glad for at Måløy ønskjer meg tilbake, seier han.

Tributeartisten, som set kyrkjekonserten svært høgt, rosar også publikum, og trekk dei fram som noko av det beste med heile festivalopplevinga. – Fantastisk! Det er dei som gjer det mogleg. Festivalen er for dei, og å sjå dei smile, kose seg og samle seg som ein familie gjer meg veldig glad. – Eg har fått mange nye vener i Måløy. Dei er fantastiske og vil alltid vere ein del av livet mitt, avsluttar Popescu. MARIANNE SOLHEIM ROTIHAUG marianne@fjt.no


FJORDENES TIDENDE ELVISFESTIVALEN MÅLØY 2019 7

ALT AV SESONGENS

SOMMERSALGET

FORTSETTER!

BENSIN - GRESSKLIPPERE PÅ LAGER

70%

NÅ INNTIL

-25%

R A B AT T

HØST- OG VINTERNYHETER er nå på vei inn…

Gate 1, Måløy - tlf. 57 85 59 08

ELLERS ER BUTIKKEN FULL AV GODE

Sommertilbud

MIDT I

SENTRUM

Brunsviks Jernvare - Måløy - tlf. 57 85 59 06

BOWLING Pris pr. runde hele helga

kr.50,-

prøv også våre

SHUFFLEBOARD! Stikk innom KAIBUTIKKEN for tilbud på

EL-SYKLER Sammenleggbare og vanlige

Tlf. 91 92 41 15

Stikk innom og prøv våre smakfulle

ELVISPIZZA ELVISBURGER Tlf. 906 17 773


8 ELVISFESTIVALEN MÅLØY 2019 FJORDENES TIDENDE

THE NORWEGIAN

Elvis

FESTIVAL MÅLØY 8 MÅLØY, 8. - 10. 10 AUGUST 2019

PROGRAM TORSDAG 8. AUGUST KL. 18.30 OG 21.00 - SØR-VÅGSØY KIRKE «ELVIS IN CHURCH»

«Where No One Stands Alone» er navnet på årets kirkekonsert i Sør-Vågsøy kirke kl. 18.30 og 21.00. Et helt nytt konsertrepertoar med fantastiske internasjonale, nasjonale og lokale solister. Ted Torres (USA), Bill Cherry (USA), Eddy Popescu (England), Morgan Vøien, Tony Nilsson, Isak Søraa, Terje Våge, Randi Melheim, Camilla Silden, The Brothers «S» akkompagnert av «Sideshow Bob» med korgruppe og «Elvis koret». Dette blir igjen en magisk konsert i Sør-Vågsøy kirke som du bare MÅ oppleve!

FREDAG 9. AUGUST KL. 19.30 - FESTIVALTELTET «GRACELAND» «FROM TUPELO (MISSISSIPPI) TO MÅLØY» + 5 PÅFØLGENDE «MINISHOW»

Et forrykende stjernespekket show blir kveldens hovedshow, med Måløy Songlag og tribute artistene Ted Torres (USA), Bill Cherry (USA), Eddy Popescu (England), Morgan Vøien, Tony Nilsson, Isak Søraa med flere sammen med «Sideshow Bob», «Mels» og «Sideshow Bob’s korgruppe». Her vil vi gjenskape Elvismagien som gjorde at folk kom fra hele verden i 69 - 77 for å oppleve Elvis live i USA.

MÅLØY SONGLAG

LØRDAG 10. AUGUST KL. 19.30 - FESTIVALTELTET «GRACELAND» «LAS VEGAS - JUBILEE 50 YEARS» + 5 PÅFØLGENDE «MINISHOW»

Ted Torres (USA), Bill Cherry (USA), Eddy Popescu (England), Morgan Vøien, Tony Nilsson, Isak Søraa med flere sammen med «Sideshow Bob» , «Mels» og «Sideshow Bob’s korgruppe» vil ta dere med på en musikalsk reise gjennom hele Elvis sin karriere. Vi kan love en stor musikalsk opplevelse når vi slipper våre internasjonale og lokale artister gjennom Elvis sin musikalske verden.

TED TORRES

BILL CHERRY - TERJE VÅGE - RANDI MELHEIM - THE BROTHERS «S» - CAMILLA SILDEN - JAKOB HALS - ARILD HAMRE

HOVEDSPONSORER

EDDY POPESCU - SIDESHOW BOB ORKESTER - MELS ORKESTER - SIDESHOW BOB’s KORGRUPPE - ELVIS KORET med flere...

MORGAN VØIEN

ISAK SØRAA

TONY NILSSON

SIDESHOW BOB ORKESTER


FJORDENES TIDENDE ELVISFESTIVALEN MÅLØY 2019 9

Hele Måløy sentrum blir utsmykket med norske og amerikanske flagg. Butikkene har spesielle festivalutstillinger og rock’n roll-festivaltilbud . Åpningstider: Torsdag kl. 10.00 – 18.00, fredag kl. 10.00 – 17.00, lørdag kl.10.00 - 16.00 Gågate i Måløy sentrum med stands. Fredag og lørdag fra kl. 11.00 til 16.00 - «Scene Sør» ligger vis á vis Vinmonopolet i Gate 1/Elvis Presley Boulevard. Her ligger også «Kafe Boulevard» hvor en har servering av rømmegrøt med tilbehør og kaffe. «Scene Nord» ligger i Sjøgata ved Måløy Brygge og festivalteltet «Graceland». Her ligger også «Restaurant Graceland» med servering av grillspyd, vårruller, grillet indrefilet, hamburgere, mm. «Restaurant Graceland« har skjenkeløyve. Show og underholdning av forskjellige artister. Hver time starter et nytt show fra scenene. Torsdag 8. august - Måløy kino (filmene er gratis): Kl. 15.00 - Filmen «Loving You». Kl. 17.00 - Filmen «Viva Las Vegas». Kl. 20.00 - Elvis Pub - Festivalteltet «Graceland».

Fredag 9. august Kl. 11.00 - Elvis på Kulatoppen - Konsert for beboerne og pårørende på Kulatoppen omsorgsenter med Morgan Vøien. Kl. 11.00 - (Scene Nord) Sceneshow med Stein Ove Hamre - (Scene Sør) Sceneshow med Tommy Stormo. Kl. 12.00 - (Scene Nord) Sceneshow med Tommy Stormo - (Scene Sør) Sceneshow med Jakob Hals. Kl. 12.30 - (Scene Nord) This is Rock’n Roll - Egen gratis Rock’n Roll-konsert for personer med utviklingshemming. Kl. 13.00 - (Scene Nord) Tupelos ordfører, Jason Shelton forteller. Tupelo er Elvis sin fødeby. Kl. 13.30 - (Scene Nord) Sceneshow med Tony Nilsson - (Scene Sør) Sceneshow med Arild Hamre. Kl. 14.00 - Elvis Karaoke (Scene Nord) Bli med og syng karaoke. Kl. 14.30 - (Scene Nord) Sceneshow med Tony Nilsson - (Scene Sør) Sceneshow med Susanne Øen Haugen. Kl. 15.00 - (Scene Nord) Da Pål møtte Elvis. Pål Granlund, personen i Norge som har møtt Elvis flest ganger. Kl. 15.30 - (Scene Sør) Sceneshow med Stein Ove Hamre. Kl. 16.00 - (Scene Nord) Sceneshow med Jakob Hals. Kl. 16.00 - Elvis på Skaretun - Konsert for beboerne på Skaretun omsorgsenter med Tony Nilsson.

Kl. 10.00 - AmCar, veteranbil og gatebilutstilling. Vår store AmCar, veteranbil og gatebilutstilling åpner. Bilene står utstilt i Sjøgata ved Torget. Kl. 11.00 - (Scene Nord) Sceneshow med Tommy Stormo - (Scene Sør) Sceneshow med Susanne Øen Haugen. Kl. 12.00 - (Scenen Nord) The Young Ones - The Young Ones handler om at lokale ungdommer skal få muligheten til å opptre foran et stort publikum. - (Scene Sør) Sceneshow med Jakob Hals. Kl. 12.30 - (Scene Sør) Da Pål møtte Elvis. Pål Granlund, personen i Norge som har møtt Elvis flest ganger. Kl. 12.45 - (Scene Nord) Tupelos ordfører, Jason Shelton forteller. Tupelo er Elvis sin fødeby. Kl. 13.00 - AmCar og veteranbilparade - Alle AmCar og veteranbilene kjører i parade gjennom «Elvis Presley Boulevard» og Sjøgata. Kl. 13.00 - (Scene Nord) Sceneshow med Arild Hamre. Kl. 13.15 - (Scene Sør) Sceneshow med Tony Nilsson. Kl. 14.00 - (Scene Nord) Sceneshow med Elvis-solistene i Måløy Songlag. - (Scene Sør) Elvis Karaoke Bli med og syng karaoke. Kl. 14.30 - Elvis Parade – større og bedre en noen gang! Med Måløy Musikklag i front som «marching band» blir årets Elvis-parade større og bedre en noen gang. Alle våre Elvis-sangerne og ordføreren fra Tupelo, (Elvis sin fødeby), / AMCar, Elvis Traileren m. m. i Elvis-parade igjennom Elvis Presley Boulevard / Gate 1. Kl. 15.15 - (Scene Nord) Sceneshow med Tony Nilsson - (Scene Sør) Sceneshow med Tommy Stormo. Kl. 16.00 - (Scene Nord) Premieutdeling AmCar, veteranbil og gatebil Beste bil: før 1950, 50-tallet, 60-tallet, 70-tallet, 80-tallet og oppover. Publikumsprisen: publikum stemmer over fineste bil. KL.16.15 - Elvis Show - Vorspiel til «Elvis Barbecue Dinner» med Jakob Hals. Underholdning på utescenen ved festivalteltet «Graceland». Her skal dere komme i riktig stemning for resten av kvelden. Kl. 17.00 - Elvis Barbecue Dinner Restauranten Kraftstasjonen og Elvis festivalen inviterer til festmiddag med «American Barbecue». Vi dekker opp til maks 300 personer, med skikkelig fat og bestikk, og med god mat og drikke. Restauranten Kraftstasjonen sine kokker står for servering av mat. Fra scenen blir det lett musikalsk underholdning med Morgan Vøien, som vil bidra til den rette stemning i teltet. Billett til Elvis Barbecue Dinner kjøper du hos Classics i Måløy. NB! Vi tar forbehold om endringer i programmet.

BILLETTER KJØPER DU HOS CLASSICS I MÅLØY TLF. 57 85 08 00 ELLER PÅ TICKETMASTER.NO WWW.ELVISFESTIVAL.NO - FACEBOOK.COM/ELVISFESTIVALEN MELLOMSPONSORER

SPONSORER

Design & Layout: Lars Kjølen

Lørdag 10. august


10 ELVISFESTIVALEN MÅLØY 2019 FJORDENES TIDENDE

Chartrar publikummarar til Måløy – Vi har nesten blitt eit reisebyrå, smiler festivalsjef Helge Hjelle.

Bakgrunnen for utsegna er at festivalen i år var tidleg ute med å annonsere eit nytt tilbod for dei som har lang reiseveg til festivalen i Måløy.

– Vi har blitt kontakta av mange som ønskjer å kome til Måløy, men som har hatt litt utfordringar med logistikken. Difor har vi sett opp «Elvisbussen». Den skal hente turistar som kjem med tog eller bil til Otta, og frakte dei til Måløy. Allereie ti månadar før årets Elvisfestival var i gang var

begge hotella i Måløy fullbooka. Festivalleiinga gjekk ut og etterlyste hyblar og hus i privat eige. Løysinga kom då Fjordly melde at dei kunne stille med rom. – Pågangen har vore heilt enorm, seier Hjelle. MARIANNE SOLHEIM ROTIHAUG marianne@fjt.no

«Husbandet» står klare

ELVISBUSSEN: Denne skal frakte festivalpublikum frå Otta. ARKIVFOTO

Sidan den første utgåva av Elvisfestivalen i Måløy gjekk av stabelen i 2014 har orkesteret Sideshow Bob, under leiing av Per Amundsen, vore eit fast innslag. Denne gjengen skal også sørge for at dei rette tonane blir spelt, både under kyrkjekonserten og fredag og laurdag i festivalteltet. Med seg har bandet si eiga korgruppe, samt at korgruppa Mels bidrar. I tillegg vil det lokale Elviskoret bidra i kyrkja.

TESTA REPORTOARET: Måløy songlag skal kore på 20 songar under hovudshowet «From Tupelo (Mississippi) To Måløy» i teltet fredag kveld, og øvingane har gått føre seg gjennom heile våren. Under songarstemnet i Måløy i vår brukte songlaget reportoaret som underhaldning, noko dei fekk gode tilbakemeldingar på. FOTO: PRIVAT

Gler seg til å synge med «Elvis» Leiaren i Måløy Songlag ser fram til at koret skal gå på scena under showet fredag. – Vi har ikkje vore med tidlegare, så det er kjekt å prøve. I tillegg er det veldig kjekt å få synge saman med profesjonelle, fortel leiar Janne Blålid i Måløy Songlag.

Har testa repertoaret

Koret har tidlegare vore med på kyrkjekonsert med Stephen

Ackles, men elles blir dette ei ny oppleving for dei 33 medlemmane i koret. – Det var veldig kjekt då vi var med Stephen, så det var enkelt å seie ja då førespurnaden frå Elvisfestivalen kom, seier Blålid. Songlaget skal kore på 20 songar under hovudshowet «From Tupelo (Mississippi) To Måløy» i teltet fredag kveld, og øvingane har gått føre seg gjennom heile våren. – Vi var ferdige å øve i forkant av songarstemnet tidlegare i år, og no blir det litt repetisjon rett før festivalen, så er vi klare, seier Blålid. – Under songarstemnet i

Måløy brukte vi repertoaret som underhaldning. Då hadde vi eigne solistar og det slo verkeleg godt an. Vi har fått mykje skryt frå gjestane. Vi får håpe vi klarte å lokke nokon til Elvisfestivalen. Blålid og resten av songlaget håpar mange lokale publikummarar tar turen i teltet for å sjå på dei. – Vi gler oss til å stå på scena og reknar med at det kjem mykje folk, også lokale.

Fører tradisjonen vidare

Helge Hjelle og Geir Tharaldsen i festivalleiinga gler seg over at dei har fått med Måløy Songlag på arrangementet.

Koplinga mellom dei internasjonale og lokale har blitt ein raud tråd i festivalen. Geir Tharaldsen

– Målet er at vi skal mikse lokale og internasjonale artistar og songarar. Dette er noko vi har inntrykk av at dei lokale artistane set pris på å få vere med på. Dei løftar seg kvalitetsmessig når dei får vere med profesjonelle aktørar som gjer hundrevis av show i

året, fortel Hjelle. Tharaldsen understrekar at dette samarbeidet er noko artistane også set pris på. – Når artistane får vite at dei skal få synge med eit lokalt kor seier dei: «Oi, skal vi det? Så flott.». Dei er ikkje så vande med dette, men dei set verkeleg pris på det. I fjor var det Torskangerpoll Musikklag som var med på scena i festivalteltet under hovudshowet i festivalteltet. – Koplinga mellom dei lokale og internasjonale har blitt ein raud tråd i festivalen, slår Tharaldsen fast. MARIANNE SOLHEIM ROTIHAUG marianne@fjt.no


FJORDENES TIDENDE ELVISFESTIVALEN MÅLØY 2019 11

F E S T I VA L P R I S E R ! O n s d a g t il l ø rd ag .

FINALESALG S O M M E RVA R E R :

-20%

-50-70%

R A B AT T PÅ

ALLE JEANS

VIC LEFDAL TLF: 57 85 17 92

Tilbudene gjelder kun VIC Lefdal

Alle potter, vaser og grønne planter

50%

Alt til skolestart*

for

32

Vi spanderer den billigste * Gjelder ikke allerede nedsatte varer

SOMMERSALGET fortsetter

Vår- og sommervarer inntil

Elvisfestival! Tilbud på koreansk hudpleie

15

00

Gjelder seriene Klairs og Patchology

-40% Gjelder kun hos Vitusapotek Måken-Måløy 8. - 10. august 2019

MANGO

BaRe, pr. stk

25

-70%

00

BLÅBÆR Å SPANN Vitusapotek Måken - Måløy

BaRe, 400 g, pr. pk

Måløy Brygge, 6701 Måløy Tlf: 57 84Faktorrabatten 98 80 Fax: 57 84 98 gjelder 25.89 juni - 5. august epost: maaken@vitusapotek.no Åpningstider: man-fre 9-16, lør 10-14

WWW. BYOUNG.COM Måløy Brygge – tlf. 57 85 08 05

ÅPNINGSTIDER R:

10-18 (16)

Vi har lekepark for barna. Gratis parkering 2 timer

Gjelder i uke 32 hos REMA 1000 Måløy Brygge - Kun til private husholdninger.


12 ELVISFESTIVALEN MÅLØY 2019 FJORDENES TIDENDE

Inviterer til festmiddag i Graceland I forkant av teltshowet laurdag inviterer festivalen til festmiddag. – Vi planlegg, i samarbeid med Kraftstasjonen i Måløy, å ha Elvis Barbecue Dinner i festivalteltet laurdag, fortel Lars Kjølen, og fortset:

– Dette er eit populært innslag, og det er i hovudsak to grunnar til at vi gjer dette. Det fungerer fint som ei opplading til dei som skal på konsert i teltet seinare på kvelden, samstundes som det viste seg første gangen vi arrangerte dette at det var veldig mange familiar som kom og tok middagen der.

Det er veldig kjekt, og er eit konsept som kan utnyttast på fleire måtar. I festivalteltet dekker Kraftstasjonen til 300 personar. Kokkane frå Kraftstasjonen står for matserveringa og frå scena blir lett underhaldning. MARIANNE SOLHEIM ROTIHAUG marianne@fjt.no

MIDDAG: Laurdag blir Elvis Barbecue Dinner i festivalteltet. Kokkar frå Kraftstasjonen står for matserveringa. ARKIVFOTO

Veks seg større for kvart år Når arrangørane lagar programmet for festivalen, er det ein målsetjing å inkludere alle i elvisstemninga. – Om ein ser festivalen under eitt er det visse grupper som vil lide. Folk som er bevegelseshemma eller har andre utfordringa blir lett ekskludert frå slike arrangement. Dette var noko vil ville fokusere på og ønskte å gjere noko med, seier Lars Kjølen i festivalen. Med dette bakteppet har festivalen, i år som i fjor, bestemt seg for å arrangere både rock and roll-konsert for personar med nedsett funksjonsevne og for brukarane på Kulatoppen og Skaretun. – Det er veldig givande å stå på sidelinja. Når ein ser tilbakemeldingane og korleis publikummet lever seg inn i musikken, så er den jobben ein har lagt ned verdt det. Fredag er det duka for ein skikkeleg rock and roll-konsert når Elvisfestivalen og miljøtenesta i Vågsøy inviterer brukarar i alle nabokommunane til festivalen for tredje året på rad. – Då serverer vi pølser og drikke, før det blir konsert med ein eller to av artistane. Då blir det dansing og karaoke og heile pakka, smiler Kjølen. Han fortel at dei får svært gode tilbakemeldingar.

VIL HA MED ALLE: Når arrangørane set opp programmet for festivalen er det sentralt at alle skal inkluderast og få moglegheita til å kjenne på elvisstemninga. Bildet er teke i festivalteltet under rock ’n’ roll-konserten i fjor. FOTO: TOVITA RAZZI

– I fjor var det veldig bra respons. Eg opplever at dette er eit arrangementet som gradvis har tatt seg opp, etter kvart som folk har blitt kjent med konseptet. Det har rett og slett blitt veldig populært, seier Kjølen, som opplyser at det var om lag 60 deltakarar i fjor. Fredagen blir det også kon-

sertar for bebuarane på Skaretun og Kulatoppen. – Ideen kom for nokre år sidan då eg tok med opptak frå kyrkjekonserten til Kulatoppen. Responsen var så positiv at vi tok steget vidare ved at vi tok med ein artist. Kjølen meiner det er viktig og flott at personalet legg til rette

for ei god elvisoppleving. – Dei pyntar og lagar stemning. Igjen så ser ein at ein med enkle midlar kan gje mykje tilbake til desse gruppene. – Desse konsertane, eller i det heile aktivitetar her på Kulatoppen, betyr veldig mykje for dei som bur her (...). Elvis betyr noko for litt av den gene-

rasjonen som bur her no. Det er veldig kjekt dei kjem, og det ser ein også på mengda brukarar som kjem og vil vere med på dette, uttalte Reidunn Øksdal ved Kulatoppen omsorgssenter etter fjorårets konsert. MARIANNE SOLHEIM ROTIHAUG marianne@fjt.no

Lovar elektrisk stemning i kinosalen Elvisfestivalen skal vise filmane Loving You og Viva Las Vegas torsdag – Loving you er ein musikk/ drama-film med rock’n rollframføringar frå unge Elvis som tok pusten frå oss i 1957, seier Geir Tharaldsen. I 1956-58 skapte Elvis det største kulturelle jordskjelv i moderne tid. Han «eksploderte» over heile USA med tolv

TV-show og millionseljarar som Heartbreak Hotel, Hound Dog, Don’t be Cruel, og Love me Tender. Med dette var skapelsen av «Fenomenet Elvis» i gang. Med fleire listetoppar, liveshow og tre filmar til, hadde han med dei og sitt blotte oppsyn definert for ei heil verd kva det ville seie å vere ung, fri og rebelsk. – Elvis forandra kulturlandskapet på tre år, men samtida hans forstod ikkje kva som var

i ferd med å skje. Filmen vart vist over heile verda og under premieren i USA var det så mykje hyl og skrik frå fansen at det var umogleg å høyre dialogen i filmen. Eg var sjølv i Logen kino i Bergen der vi trampa takta så kraftig at vaktene slo på lyset, og trua med å stanse filmen viss vi ikkje roa oss. Eg såg filmen sju gonger, vart tenåring over natta og Elvis-fan til evig tid. – Om du vil sjå ein av dei vik-

tige byggesteinane som gjorde at han forandra verda og vart verdas største artist, så kom på kino og sjå Elvis i Loving You. Den andre filmen som skal visast er Viva Las Vegas. – Elvis Presley og Ann-Margret er klare for å gjere Amerikas «morohovudstad» farleg – og du bør gjere deg klar for 1964 sin heitaste duo. Viva Las Vegas er ein feel good-film med mange flotte musikkinnslag, seier Tharaldsen.

KINO: Loving You og Viva Las Vegas står på programmet.


50%

FJORDENES TIDENDE ELVISFESTIVALEN MÅLØY 2019 13

Elvisuke

RABATT PÅ:

- Allværsjakker til barn, Norse og Ascent, med vannsøyle 17000mm. - Utvalgte fritidsjakker fra HH til damer og herre. - Utvalgte turbukser til damer og herrer fra HH. - Ull fra Kari Traa, Rose, Åkle og Løkke

25%

÷

LLE VARER RABATT PÅ A

Velkommen til – en del av NorTekstil

HELE UKEN

Gode Hjem Måløy As

Gate 1 Nr. 137 Måløy – tlf. 95 36 66 20

Gate 1, Måløy | Tlf. 415 35 660

MÅLØY Vår nye kvalitetsmaling med 15 års intervall.

Baron Brilliant

1.990,-

VINN I N N t for r o k e gåve 100000 1 KRONER0

VI FORHANDLER TJÆRALIN

Baron Solid

Ordinær Oljemaling

699,-

Finalesalg Hagemøbler NÅ

Fliser til terrassen 30x60 cm. Grå/Antrasite. Ord. pris kr. 298, Nå kr.

30-50%

199,-

Terrassetepper

Restparti Mammut 12 mm Laminat

-50%

Sort Eik. Ord. pris kr. 328,-

Pr m2

SLIK KAN DU VINNE STORE PREMIAR:

#eghandlarlokalt er ein kampanje sett i verk av Fjordenes Tidende for å fremje lokal handel. Om du handlar i butikkane som er med (sjå oversikta under) og fyller ut eit enkelt deltakarkort, så kan du vinne store premiar. I løpet av året blir det delt ut gåvekort med ein totalverdi på 100.000 kroner fordelt på fire trekningar: påske, Måløydagene, haust og jul. Kvar av dei fire vinnarane får 20 gåvekort à 1.250 kroner, 25.000 kroner til saman, som må brukast i butikkane som er med i kampanjen. Desto fleire gonger du handlar lokalt, jo større er vinnarsjansane!

160x230 cm. Flere design

Nå kr.

199,-

Pr m2 1 TREKNING: 23 APRIL

NNAR: 1. diVI Almenning Oldeide Ran

Fargerike Måløy – Gate 1 nr 124 – Tlf. 57 85 53 00 – maloy@fargerike.no

20 gåvekort á kr 1250

2 TREKNING 2 JU

3. TREKNING: 1. OKTOBER

4. TREKNING: 16. DESEMBER

= 20 gåvekort á kr 1250

= 20 gåvekort á kr 1250

= 20 gåvekort á kr 1250

NNAR: 2. VI Ingolf Bergh

25000

25000

Bilete over: Mette Silden og Jonas Velle Sjåstad.

D E S S E B U T I K K A N E E R M E D I Å R E T S # E G H A N D L A R L O K A LT - K A M PA N J E :

ARNES BLOMSTERVERDEN • BRUNSVIK JERNVARE • BRUNSVIK SKO BYGG OG BOLIGMARKEDET • B-YOUNG • FAGMØBLER • INTERSPORT MÅLØY GODE HJEM • KAIBUTIKKEN • KOZMOS • MÅLØY GLASSMAGASIN NETPARTNER • NORTEKSTIL – JOBBPARTNER • RADIO-TV SERVICE SPLITT BOWLING • SPORTS • TOYOTA NORDFJORD • VERLO • VIC LEFDAL


14 ELVISFESTIVALEN MÅLØY 2019 FJORDENES TIDENDE

fjordenes tidende før i tida

gam­le foto

Elvis Presley spesial

► Brem­an­ger: El­vis

Presley blir stadig både tolka og pa­ro­di­ert, av ama­tø­ rer så vel som av pro­fe­sjo­nel­le ar­tis­ter. Un­der The Nor­we­gi­an El­vis Festival (Tid­li­ge­re El­vis­fes­ti­va­len i Mål­øy) er det man­ge så­kal­te «tri­bute-ar­ tis­ter» som skal tolke en del av den mu­si­kals­ke ar­ven et­ter El­vis. Sanger som El­vis Presley har gjort po­pu­læ­re og «udø­de­li­ge» vil kun­ne hø­res fra man­ge sce­ner i Mål­øy, både in­nen­dørs og uten­dørs. Vi har fun­net fram et bil­de av ei El­vis-tolk­ ning i Svel­gen sam­funns­hus i mai 2013. Her ser vi Svel­gen Song­lag med Kar­stein Løv­seth som so­list i kvit «El­vis-dress». Songlaget be­geist­ra pub­li­kum med sin Lol­li­pop-fore­stil­ling, der mu­sik­ken var henta fra 1950- og 1960-tal­let.

Kavringen var det gamle kallenamnet på avisa. Det fikk den fordi mange meinte den var så tørr at den måtte lesast med kaffi til. På 1960-talet hadde avisa ei kommentarspalte kalla Kavringen til kaffen.


FJORDENES TIDENDE ELVISFESTIVALEN MÅLØY 2019 15

DETTE MENTE LESERNE

Bruk av offentlege midlar På tråden til Fjordenes Tidende 21.8.2009:

– Eg har tidlegare kommentert fylgjande problem, både til fylkeskommunen og rådmannen i Eid: Brukar de videokonferanse for å spare utgifter? Viljen til å spare er like dårleg innan begge etatar. Eg trur knapt dei veit om kva IKT kan brukast til – eller så vil dei ikkje, fordi dei har personleg gevinst av dette (reisegodtgjersle, diett, etc.), seier Jan Eide frå Kjølsdalen.

– Ein del av Nordfjordrådet hadde etter postlista til Eid kommune frå 13.08. eit møte den 12.08., der Helgesen, Edvardsen og Lyngstad var til stades. Kunne ikkje eit slikt møte ordnast enklare, spør han. – Alle tre har PC. Om dei ikkje vil inn i eit studio kunne dei bruke gratisprogrammet SKYPE og bli ferdig med møtet på kort tid. Det viktigaste: Dei kunne

nyttast av oss borgarane i staden for å vere bortreist, legg han til. – Kor mykje kom dette møtet på? Med ein så kompetent sekretær forventar eg eit svar i avisa, seier Jan Eide.

Har du gam­le foto? Send oss gjerne gamle bilde, med info om personar, tid og stad. Kvar månad premierer vi eitt av dei. Bilda kan bli brukte i andre samanhengar, og vi sel også kopier. Send til kavringen@fjt.no el­ler til Fjor­de­nes Ti­den­de, Post­boks 55, 6701 Mål­øy Pensjonert journalist Kari Midtgård Råsberg er ansvarleg for Kavringen.


16 ELVISFESTIVALEN MÅLØY 2019 FJORDENES TIDENDE

Elvisfestivalen

4. Kva science fiction-serie var Elvis ein stor fan av?

1. Kva heiter konserten i Sør-Vågsøy kirke torsdag 8. august?

5. Kven er Jason Shelton, som kjem til Elvisfestivalen i Måløy i år?

2. Kva nummer i rekkja er årets Elvisfestival? 3. Kva amerikansk by er i namnet på konserten på fredag? 4. Kva amerikansk by er i namnet på konserten på laurdag? 5. Kva leirstad kan dei som kjøper pakketur til årets Elvisfestival overnatte på?

Elvis i tal 1. Var Elvis 1,74, 1,78 eller 1,82 meter høg? 2. Hadde Elvis 15, 18 eller 21 singlar som låg på førsteplass på amerikanske hitlister?

det spørst Per-Magne Løken er fast leverandør av Det spørst-spalta i Fjordenes Tidende. Han er lærar, quiz-entusiast og kvalifiserte seg mellom anna til Sogn og Fjordane sitt lag i QuizDan på NRK1 i 2013. Han kjem frå Haugen i Eid, men bur i Måløy.

Ja eller nei? 1. Har Elvis hatt meir enn 25 album inne på VG-lista? 2. Døydde mor til Elvis, Gladys, før faren Vernon? 3. Var Elvis gift meir enn éin gong? 4. Var Chevrolet Elvis sitt favorittbilmerke? 5. Heldt Elvis nokon gong konsert i Canada?

Elvis-album

3. Kva år vart Lisa Marie Presley fødd? Var det i 1964, 1968 eller 1972?

1. Kva Elvis-album har vore lengst på VG-lista Topp 40? Albumet var på lista i 36 veker i 1977 og 1978.

4. Var Elvis 22, 26 eller 30 år då han kjøpte Graceland?

2. Kva by i Mexico er i tittelen på eit album frå 1963?

5. Hadde Elvis fylt 81, 84 eller 87 år i år viss han framleis hadde vore i live?

3. Fullfør tittelen på dette albumet frå 1958: «King …»

På plakaten 1. Kven frå årets program får du om du stokkar om på bokstavane VÅTE JEGER?

4. Kva var tittelen på Elvis sitt første album? 5. Kva by er i tittelen på Elvis sitt nest siste album frå 1976?

2. Kven frå årets program får du om du stokkar om på bokstavane MINIMAL HEDER? 3. Kven frå årets program får du om du stokkar om på bokstavane DE STOTRER? 4. Kven frå årets program får du om du stokkar om på bokstavane STINN NY SOLO? 5. Kven frå årets program får du om du stokkar om på bokstavane ISOLERTE KOKKE?

Elvismix 1. Kva var mellomnamnet til Elvis? 2. Kva «hotell» syng Elvis om i ein song frå 1956? 3. Kva artist ga ut albumet Graceland i 1986?

Elvisfestivalen: 1. Where No One Stands Alone 2. Nummer seks 3. Tupelo 4. Las Vegas 5. Fjordly Elvis i tal: 1. 1,82 meter 2. 18 singlar 3. 1968. 4. 22 år 5. 84 år På plakaten: 1. Terje Våge 2. Randi Melheim 3. Ted Torres 4. Tony Nilsson 5. Ole Erik Stokke Elvismix: 1. Aaron 2. Heartbreak Hotel 3. Paul Simon 4. Star Trek 5. Han er ordførar i Tupelo, Elvis sin fødeby Ja eller nei? 1. Ja 2. Ja 3. Nei 4. Nei 5. Ja Elvis-album: 1. Moody Blue 2. Acapulco 3. Creole 4. Elvis Presley 5. Memphis

Profile for Nordfjordsamkøyringa

Elvisfestivalen 2019  

Utgjeven av Fjordenes Tidende august 2019.

Elvisfestivalen 2019  

Utgjeven av Fjordenes Tidende august 2019.

Recommendations could not be loaded

Recommendations could not be loaded

Recommendations could not be loaded

Recommendations could not be loaded