Issuu on Google+


Nordfjord Hotell inviterer til romerskinspirert badehus med gode fasilitetar for trim, helse og velvære. Ønskjer du å ta vare på eiga helse, stresse ned, nyte livet og kjenne deg og sjå bra ut – er Badehuset staden! Du kan komme åleine eller i lag med gode vener. Vi har varmebasseng, SPAavdeling og treningssenter. Anlegget har universell utforming og er godt tilrettelagt for trening. Hotellet har heis slik at Badehuset er tilgjengeleg for alle! Det er 16 års aldersgrense i Badehuset.


SPA - VELVÆRE - TRENING - REHABILITERING • Terapibasseng med 34 graders varme • Saunaavdeling med finsk badstue, tyrkisk bad, infraraud badstue og is-dusj • Hydromassasjebad • Utandørs patio (hage). Jacuzzi med saltvatn og massasjedyser • Solarium • Garderobar med skap som kan låsast, toalett og dusjar • Hud og kroppspleieprodukt for sal • Matservering og bar

SPA-avdelinga tilbyr mellom anna kosmetisk akupunktur, ansiktsbehandlingar, innpakningar, massasjar, manikyr, pedikyr, voks-behandling, makeup og hårstyling. Våre dyktige terapeutar er her for deg og di velvære!

TRENING Godt utstyrt treningsavdeling. Det er råd å avtale time med fysioterapeut for å få laga eit personleg treningsprogram.

APPARAT I ANLEGGET Tredemølle, ergometersyklar, stepmaskin, romaskin, utstyr for benkpress og liknande øvingar (fri stang), utstyr for benkpress, knebøy og liknande (fast stang), benk for trening av magemusklar, 4 stasjonsmodul med nedtrekk, roing, opptrekk og roing, matter for tøyingar og friøvelsar, fullt utstyr for frivekter opp til 35 kg, apparat for trening av brystmusklar og apparat for trening av framside og bakside av lår.


MEDISINSK MASSASJETERAPEUT

T

amas Szabo er utdanna medisinsk massasjeterapeut frå Ungarn. Han kan hjelpe deg med dei mest hardnakka ”vondtar”. Han er og utdanna innan kinesisk akupress/ kinesisk massasje og kan tilby fantastisk muskelstimulanse. I tillegg til massasjar, skrubbar, «Hot Stone» og innpakningar, tilbyr Tamas spesialbehandlingar med honning og sjokolade.

Litt av Tamas sin kompetanse: • Klassisk massasje, aroma massasje, “Hot Stone” og kinesisk massasje • Peeling, skrubb og innpakningar • Lymfedrenasje • Thai massasje (South style, streching version) • Kranial massasje • Indisk hovudmassasje • Fotmassasje • Ansiktsbehandlingar


SPA BEAUTY - AND SKIN TERAPEUT

K

ristin Bergmann har svennebrev som SPA beauty - and skin terapeut. Ho har lang erfaring med dette frå heimlandet sitt, Island. Kristin tilbyr eit stort spekter av behandlingar, mellom anna ansiktsbehandlingar, aromamassasje, innpakningar, manikyr, pedikyr, voksbehandling av kropp og ansikt, farging og extension av vippar, makeup samt hårstyling. I tillegg tilbyr Kristin «brudepakkar». Litt av Kristin sin kompetanse: • Sertifisert SPA beauty - and skin terapeut • Ansiktsbehandlingar, peeling, skrubb, hud-analysar • Manikyr og pedikyr, inkl. gel nail system • Farging/ forming av vippar og bryn • Eye lash extension • Voksbehandling av kropp og ansikt, inkl. Brazilian • Styling, hår og sminke • Massasjar


KOSMETISK AKUPUNKTUR

Kva er kosmetisk akupunktur? Første behandling er delt i tre, kvar på om lag 30 minutt. Den første halvtimen består av ei grundig undersøking. Deretter får du 30 minutt klassisk kroppsakupunktur for å rette opp ubalansar. Behandlinga avsluttast så med 30 minutt med lokal ansiktsbehandling med ulike teknikkar for å redusere fine linjer, rynker og hoven hud. Kosmetisk akupunktur gjev deg ansiktsløft ved hjelp av akupunkturnåler. Behandlinga gjev og betre sirkulasjon i huda og vil ofte kunne dempe hevelsar og føre til betre søvn. Og, du vil sjå meir opplagt ut! Kosmetisk akupunktur gjev ofte god effekt mot aknar. Påfølgande behandlingar er på 60 minutt lokalbehandling av ansikt. Litt av Brit sin kompetanse: Fysioterapeut frå Statens Fysioterapiskole og akupunktør frå Norsk Akupunkturhøgskule. Første behandling er på totalt 90 minutt. Andre og vidare behandlingar er på 60 minutt.

Pris kr. 900 Pris kr. 600

NB! Husk at inngang i Badehuset er inkludert når du er i Badehuset for kosmetisk akupunktur (vanlig pris kr. 295)


SPA - MENY (badekåpe inkludert på 50, 80 og 110 minutts behandlingane) NB! Inngang i Badehuset og treningssenteret er inkludert ved tinging av alle behandlingar (veil. Kr. 295)

HUDPLEIEBEHANDLINGAR OPPFRISKANDE ANSIKTSKUR med tilførsel av fukt og mineralar - 25 minutt (dame og herre)

kr. 395

BASIS HUDPLEIE med reins, djup peeling med damp, massasje, luksus maske og hud-analyse - 50 minutt

kr. 590

LUKSUS HUDPLEIE med reins, djup peeling med damp, massasje, luksus maske og hud-analyse - 80 minutt

kr. 790

TILEGG I BEHANDLINGA: Farging av vipper og bryn

kr. 290 (veil. kr. 400)


MANIKYR OG PEDIKYR ved Kristin Bergmann MANIKYR med filing av negler, stell av negleband og massasje - 50 minutt

kr. 395

MANIKYR med valfri lakkering i tillegg - 70 minutt

kr. 495

SPA MANIKYR LUKSUS Filing av neglar, stell av negleband, parafinvoks, massasje og valfri lakkering - 80 minutt

kr. 595

MANIKYR MED HONNING NEGLAR Naturprodukt, gjev flotte neglar som varer i fleire veker - manikyr, valgfri farge, vanlig, 60 minutt - manikyr, valgfri farge, french style, 80 minutt

kr. 695 kr. 750

PEDIKYR med fjerning av hard hud, filing av neglar, stell av negleband og massasje - 60 minutt

kr. 495

PEDIKYR med valfri lakkering i tillegg- 80 minutt

kr. 595

SPA PEDIKYR LUKSUS Fotbehandling der ein filer negler, steller negleband, fjernar hard hud, skrubbar, gjev massasje og valfri lakkering - 90 minutt

kr. 695

NB! Husk at inngang i Badehuset med bruk av alle fasilitetane er inkludert i prisane (verdi kr. 295)


VOKSBEHANDLING LEGGAR

kr. 250

LÅR

kr. 250

BIKINILINJA

kr. 200

LEGGAR, LÅR OG BIKINILINJA

kr. 600

ARMHOLER

kr. 100

HEIL ARM

kr. 170

BRASILIANSK

kr. 395

RYGG (FOR MENN)

frå kr. 400 til 450

OVERLEPPE

kr. 150

OVERLEPPE OG HAKE

kr. 150

ANSIKT

frå kr. 200 til 350


MAKEUP AUGER OG BRYN Farging av vippar Farging og forming av bryn Farging og forming av vippar og bryn VIPPE EXTENSION Eitt fullt vippesett, 100 minutt Halvt vippesett, 60 minutt Etterfyll, 90 minutt / 60 minutt

kr. 200 kr. 260 kr. 400 kr. 1600 kr. 1000 kr. 1000/850

MAKEUP OG HÅRSTYLING Dag makeup Kveldsmakeup Kveldsmakeup med kunstige augevippar Hårstyling Hårstyling, enkel Kveldsmakeup og hårstyling

kr. 350 kr. 400 kr. 460 kr. 600 kr. 350 kr. 850

STYLING AV BRUD Brudemakeup, inkl. prøvetime Brudemakeup og hårstyling, inkl. prøvetime

kr. 850 kr. 1250

FULL BRUDEPAKKE SPA Manikyr, hudpleie, farging av vippar og bryn, makeup og hårstyling. Inkl. prøvetime, frukt og forfrisking

kr. 2300


KINESISK MASSASJE, KLASSISK MASSASJE ELLER AROMAMASSASJE

KLASSISK ELLER AROMAMASSASJE - 25 minutt - 50 minutt - 80 minutt

kr. 295 kr. 590 kr. 890

KINESISK MASSASJE - 25 minutt - 50 minutt - 80 minutt

kr. 395 kr. 690 kr. 990

SKRUBB OG KROPPSMASSASJE - 25 minutt - 50 minutt - 80 minutt

kr. 395 kr. 690 kr. 990

HOT STONE MASSASJE - 80 minutt

kr. 990

LYMFEDRENASJE - 50 minutt

kr. 690

MASSASJE I ANSIKT OG/ELLER HOVUD - 25 minutt

kr. 295

SPESIALTILBUD KURS- OG MØTEGJESTAR Massasje for hovud og / eller føtter - 20 minutt

kr. 295


THALASSO ALGEKUR Verkar stimulerande og rensande. Svært god i kombinasjon med vektreduksjon Basis 50 minutt + Hydrobad 80 minutt + Massasje 110 minutt

kr. 890 kr. 1290 kr. 1590

ORGANISK AROMAKUR (AROMAINNPAKNING) Basis 50 minutt + Hydrobad 80 minutt + Massasje 110 minutt

kr. 890 kr. 1290 kr. 1590

EKSKLUSIV KAMOMILLEKUR Kamomilleskrubb, hydrobad og påsmøring av kamomille lotion og spray - 80 minutt

kr. 1190

LAVENDELDREAM Dobbelskrubb med eukalyptus, lett massasje med lavendelolje, nakke og fotmassasje - 80 minutt kr. 1190 SNART MAMMA Kamomille kroppsskrubb, spesialmassasje av føtter, ansikt og hodebunn inklusiv eksklusiv ansiktsbehandling - 80 minutt

kr. 990

UNGARSK KUR – INNPAKNING MED EKTE UNGARSK MOOR MUD Verkar lindrande på musklar og ledd Basis 50 minutt + Hydrobad 80 minutt + Massasje 110 minutt

kr. 790 kr. 1090 kr. 1390

LUKSUSDAG I BADEHUSET Kamomilleskrubb, hydroterapibad, kroppsmassasje og aromainnpakning. Ansiktsbehandling. Servering av frukt og lunsj kr. 2390 NB! Husk at inngang i Badehuset med bruk av alle fasilitetane er inkludert i prisane (verdi kr. 295)


HONNINGMASSASJE Honningmassasje er ei luksusbehandling som gir huda næring, kroppen massasje og som fjernar giftstoff frå kroppen. I tillegg verkar massasjen anti-oksiderande og avstressande. Du får full kamomilleskrubb med peeling, kroppsmassasje og honninginnpakning - 80 minutt for kr. 990

SJOKOLADEMASSASJE - Gje ein lykkerus i gåve (sitat gjest)

Mørk sjokolade er sunt – dette er kjent.

Her kan du gløyme tid og stad medan terapeuten heller varm sjokolade på kroppen og masserer denne inn i huda. Behandlinga gir fantastisk fuktigheit til huda på heile kroppen, inklusive rygg, leggar, lår og nakke. 80 minutts behandling inkl. camomilleskrubb og peeling, kr. 1290,- (introduksjonspris hausten 2012; kr. 990) Begge behandlingane kan kombinerast med hydromassasjebad. Behandlinga blir då ein halvtime lenger og kostar kr. 195 ekstra (veil. 295)


Vi brukar ulike Kerstin Florianprodukt som Spirulina, Kamomille, Eukalyptus, Lavendel, alger og aromaoljer. Kerstin Florian tilbyr all slags produkt for b책de kvinner og menn.

DEI ULIKE PRODUKTSERIANE INKLUDERER : - Signature Line Correction Collection. (ansikt) - SPA Face (ansikt) - SPA BODY (kropp) - SPA SUN (ansikt og kropp) - SPA Face for men (after shave og ansikt)


SPA ETIKETTE OG SPA REGLAR Av omsyn til hygiene og trivsel har vi følgjande reglar: GENERELLE REGLAR I BADEHUSET Du trenar med innesko og t-skjorte i treningssenteret. Vi må ha fokus på hygiene. Du blir oppmoda om å tørke av apparata etter bruk. Utstyr til dette er i lokalet. Du kan ikkje gå inn i Badehuset med utesko. Du brukar badebukse/badedrakt. Alle må dusje før ein tek fasilitetane i bruk. Vis omsyn. Alt inntak av drikke i Badehuset skjer i spesielle plastglas. Bruk av vanlige glas eller glasflasker er forbudt. - Ei kvilestund For den optimale SPA opplevinga anbefaler vi deg å bruke god tid i Badehuset. Unn deg sjølv ei kvilestund

i relaxområdet. Is-dusjen er meint som ei avkjøling mellom varmebehandlingar i badstovene. Slik får du kroppen sin temperatur ned på normalt nivå og aukar blodsirkulasjonen. (OBS! ikkje anbefalt dersom du har høgt blodtrykk og/eller har hjarteproblem). I Badehuset bør du drikke mykje vatn, både før, under og etter aktivitetar og behandlingar. Det står alltid isvatn og frisk frukt til din disposisjon. Timebestilling: behandlingar må bestillast på førehand. Dette gjeld også om du har gåvekort. Ta kontakt med resepsjonen. Dersom du har allergi, problem med hjertet, høgt blodtrykk, brukar medisin eller er gravid, ber vi deg opplyse om det ved bestilling slik at vi får tilrettelagt for deg. Avbestilling kan seinast skje 24 timar før behandling. Etter dette må du likevel betale full pris.


Frammøte: Vi anbefaler at du møter i god tid før behandlinga di. For maksimal utbytte av SPA opplevinga kan du bruke dei andre SPA fasilitetane i forkant av behandlingar. Av hygieniske årsakar ber vi deg alltid å dusje før kroppsbehandlingar og massasjar. Dette gjeld også før bading og opphald i badstoveavdelinga. Antrekk: Det er obligatorisk med badetøy i badehuset. Badekåpe og eingongstøfler er inkludert i alle SPAbehandlingane. Under behandling anbefalar vi at du ligg utan badetøy. Dagbesøkande og hotellgjestar får badekåpe i resepsjonen for kr. 60,Badekåpe og eingongs-tøflar er inkludert i behandlingar over 25 minutt. Du får eingongstruser ved innpakningar.

SPA terapeutane har god kunnskap om kropp, helse og velvære, spør dei gjerne om råd – for best utbytte av di SPA oppleving!


PRISAR OG PAKKAR

Dag-SPA (drop in) inkl. handkle og dusj-såpe Med badekåpe Ekstra handkle. Leige badekåpe Månadskort Årskort (Partnar / ektefelle halv pris)

kr. 295 kr. 325 kr. 15 kr. 60 kr. 950 kr. 4990

Alle med månadskort og/eller årskort får ekstra tilbod som gjeld i Badehuset eller i hotellet. Nye tilbod kvar månad heile året. GRUPPERABATT DAG-SPA for meir enn 4 personar i lag Inklusive badekåpe

kr. 200 pr. person. kr. 250 pr. person.

BEDRIFTER/GRUPPER/VENNEGJENGAR Bestill Badehuset etter kl. 20.00 Ved minimum 8 personar kan vi tilby inngang med badekåpe og handkle, tapas og bruk av alle fasilitetar for kr. 450 pr. person. (minimum 3000 kroner). SPA-terapeut disponibel for behandlingar.


FRISKSENTER - REHABILITERING

FRISKSENTER - REHABILITERING Treningsapparat og varmebasseng er ein god kombinasjon når ein skal trene. Badehuset er så mykje meir enn eit vanleg treningsstudio og kan gje eit løft i kvardagen. Når regnet høljar ned eller det er mørkt og trist ute, kan Badehuset tilby sommartemperatur i luft og vatn. Mange nyttar varmebassenget etter operasjonar i kne, hofter eller skuldrer og har godt utbytte av det. Din fysioterapeut kan gje gode råd om kva øvingar som verkar best.

BRUKARAR MED SPESIELLE BEHOV Badehuset har universell utforming og hotellet har heis og personløfter. Dette sikrar alle brukarar tilgang til anlegget. Det er kjent at trening i varmebasseng er godt for revmatikarar. Personalet i Badehuset kan hjelpe deg for best utbytte av opphaldet i Badehuset. Følgjekort gjeld ikkje i Badehuset, men om du har årskort kan ditt følgje få halv pris. Revmatikarar, seniorar eller andre grupper som ønskjer å nytte Badehuset kan ta kontakt for tilbod.


MIDNATTSPA Vi har gleda av å tilby våre gjestar (minimum 10 personar) følgjande innhald: - Ha Badehuset åleine frå ca. kl. 21.00 – 02.00. - Inkluderer badekåpe og handkle. - Inkluderer Hydromassasjebad. - Inkluderer velkomstdrink og eksotisk frukt - Musikk på anlegget - Vennekos eller poolparty? (du bestemmer) Pris kr. 250 pr. person (minimum 2500 kroner)

Overnatting – SPA – opplevingar og god mat! VENNEPAKKE – eksklusiv SPA-weekend for 6-8 personar. - Midnatt-SPA frå kl. 20.00 – 02.00 fredag inklusiv 20 minutt massasje pr. person. - Hydromassasjebad. - Laurdag mulegheit for SPA behandlingar heile dagen (NB! Må tingast på førehand). - Alternative aktivitetar er shopping, golf, fiske, fjelltur, sykkeltur eller makeupkurs. Eventuelt konsertar i Operahuset Nordfjord. - Laurdagskvelden 5 rettars gourmetmiddag med fokus på kortreist mat. Pris for to overnattingar og to frukostar, Midnatt-SPA fredag og Gourmetmiddag laurdag: Kr. 2900 pr. person i dobbeltrom.

GÅVEKORT

Vi sel gåvekort på alt som står i SPA-menyen. Det er også muleg å kjøpe gåvekort for ein bestemt sum slik at den som får gåva sjølv kan velje.


På Nordfjord Hotell si heimeside www.nordfjordhotell.no finst til ei kvar tid oppdatert informasjon om badehuset.

Anlegget er ope kvar dag frå kl. 07.00 – 20.00 (22.00 i treningssenteret). (unnateke enkelte dagar ved høgtider om hotellet er stengt).

Ta kontakt pr. tlf 57 86 33 33 eller med epost til booking@nordfjordhotell.no for å reservere plass for behandlingar eller for grupper


Badehuset Brosjyre