Hm til issuu

Page 24

Barbara Zanoni Utne! Honorær konsul for Sveits Styreleiar i De Historiske Hotel og spisesteder Nestleiar i Reisemål Hardangerfjord 5. generasjon vertskap på Hotel Ullensvang BARBARA ZANONI UTNE

Sjekk inn. Pust ut. TEKST: SIGURD VIKØREN

Heiter det i marknadsføringa av Hotel Ullensvang. Kanskje verdas beste slogan/ slagord! I alle høve, må du venta med å pusta ut til etter du er ferdig med å snakka med Barbara, for ho har mykje på hjarta, og er ei sjarmerande dame å lytta til. Barbara kom til Hardanger for 12 år sidan og snakkar heilt strøken norsk. Dama frå Sveits er blitt utruleg glad i, og begeistra for Hardanger. Når eg oppmodar ho litt, om å sjå utfordringane i Hardanger, med litt andre auge enn dei innfødde, så seier Barbara; Ja, kanskje eg ikkje ser problem

knytt til gamle sperringar av ulikt slag, sidan eg ikkje har med meg vanskelig ballast? Eg kan drista meg til å stilla meir kritiske spørsmål, nettopp fordi eg har eit utanfrå blikk og eit anna perspektiv, seier Barbara. - Det å tenkja langsiktig er viktig for meg og eg vel mest å sjå muligheter i Hardanger - og ellers, ikkje avgrensingar. På dei 12 år eg har budd her, så har Hardanger endra seg mykje, regionen er blitt langt meir internasjonal. Hardanger

24

har lange tradisjoner og en kultur regionen kan være stolt av og som vi må ta vare på. Samstundes må vi ta inn over oss, at verda er i konstant endring. Særleg som bedriftseigar krev det at vi tilpassar oss, og har evne til omstilling. Eg meiner ikkje å vera nokon betre vitar, men det er mi meining, at folk i Noreg generellt set for lite pris på kor godt vi eigentleg har det. Vi har mykje fokus på vårt eige, og er opptekne av ei lita verd rundt oss. Då vert det lett mykje fokus på luxus-problem og vi gløymer at det er ei stor og stadig meir global verd utan-


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.