Hm til issuu

Page 22

SYNNØVE KVAMME

Kan aldri jobba med noko som strir mot mine verdiar! Synnøve Kvamme, sjølve symbolet på Hardanger sine motkrefter. I den massive kampen mot å bli trampa på, av arrogante statlege maktstrukturar. I alle høve er det slik Granvinjenta oppfattar Statnett og den framferda dei la for dagen, då kraftlina frå Sima til Samnanger skulle byggjast, og hengjast opp på dei utskjelte monstermastene. TEKST: SIGURD VIKØREN

Synnøve vart tidleg glad i naturen. Foreldra er fjellfolk, som tok ho og systrene med seg på tur frå dei var små. Turane og opplevingane gjorde jenta glad i den unike naturen i nærområdet. Synnøve er stolt over Hardanger sin natur, og legg merke til at sentrale personar, når dei skal snakka opp Noreg og naturen, så er fjordane oftast eit sentralt tema. Synnøve var 14 år, og gjennom eit gryande samfunnsengasjement medlem av ungdomsrådet i Granvin. Då Statnett presenterte planar for den nye kraftlina si, gjekk det opp for den unge jenta at denne linja skulle gå tvers gjennom det ho rekna for ”sitt rike!”

Engasjementet og motstanden mot å få denne kraftlina rett gjennom den urørte naturen vaks seg etter kvart sterkare og sterkare. Då det vart arrangert fakkeltog mot planane i Granvin, og 300 personar møtte fram, forstod Synnøve at denne naturen betydde mykje for mange. Det var Statnett sin arroganse og den totalt fråverande viljen til å lytta til folk, som verkeleg sette fyr på engasjementet til Synnøve. -Eg trudde folkestyre var at folk vart lytta til, man fann fort ut at slik var det ikkje, seier ho. Statnett endra heile tida argumentasjonen sin. Fyrst måtte denne linja byggjast, fordi oljeinstallasjonane offshore måtte ha straum. Når Hardanger kravde at linja måtte leggast som sjøkabel og

22

at ekstrakostnadane burde kunna dekkast av oljerikdomen, så var det plutselig Bergen som måtte få meir straum, elles ville byen gå i svart. Det heile vart toppa med at Statnett hadde tinga komponentar til linja før det var formelt avgjort at linja skulle byggjast. - Det heile var ein uryddig og udemokratisk prosess. Saka var ei brå oppvakning for mange som trudde at vi levde i eit velfungerande demokrati. Mange gjev opp, misser trua på at det nyttar, når ikkje rettferd har nokon sjanse til å nå fram. Hos meg er det motsett, seier Synnøve. Når eg blir trødd og trakka på, vert eg enno meir oppglødd og klar til kamp. - Eg hadde tenkt å


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.