Hm til issuu

Page 19

JANNE ROBBERSTAD

Sauen er eit fantastisk kinderegg - men, visste du at det er vatn på månen! Janne Robberstad, kreativ Bømling, lektor i kunst og handverk, kunstnar, scenograf og kurshaldar. Engasjert i bærekraft og øko-design. Når denne sprudlande bømlingen formidlar sine tankar, idear og vyer, til ein som skal skriva bodskapen ned, slik at lesarane får det meste med seg, då skal du heilt klart vera til stades. TEKST: SIGURD VIKØREN

Janne er som sagt Bømling, ho har ein master frå høgskulen på Vestlandet, i kreativitet og økodesign. Ho har jobba på folkeøgskule som faglærar i kunst og handverk. Men, i 10 år no, har Bømla-kvinna drive sitt eige firma, Spøt & Spindel, som kunstnar, scenograf og kurshaldar. - For tida er eg mykje oppteken av bærekraft. For oss som er vaksne så har vi kanskje eit intelektuellt forhold til klimakrise. For ungdom er dette meir eksistensielt. Dei er bekymra for om dei kan leva det gode liv. - Eg og, seier Janne, var pessimist, høyrde på mykje negative nyheter på alle flater. Etter kvart oppdaga eg meir positive saker. Mykje spennande inovasjon, nyskaping, kunnskap, andre som gjekk føre, med litt endring. Dette er positivt, seier Janne, fordi skiftet kjem uansett. På denne bakgrunn har eg jobba med Global Science Opera (GSO) for å vita meir. (Ynskjer

du å vita meir om GSO, tilrår vi å googla.) - Økodesign, seier Janne. Ein litt annan måte å tenkja på. Det er å ikkje designa for bruk og kast, men for at ting skal brukast fleire gonger, ha ein livssyklus. Bruka reine og fornybare materialar som er kortreist. Med å vera målmedviten på naturen sin syklus, kan design bidra med reine materialar til resirkulering, ikkje avfall. Forbrukaren har eit ansvar, men dersom ikkje design tilbyr eit naturvennleg produkt, så er det avgrensa kva forbrukar kan bidra med. Global Science Opera, er eit utdanningsprosjekt som kommuniserar tverrfagleg kunnskap. 20 - 25 land er med, med ein skule kvar. - Eg har ein liten stilling i dette saman med ein kollega, men vi har medarbeiderar i fleire land, seier Janne. Tunge seriøse forskingsmiljø er saman med 20-25 skular med kvart år. Her er undervisning og forsking innan kunst og teknologi.

19

I fjor var temaet partikkelfysikk. I år, i samarbeid med ESA er temaet, om å byggja romstasjon på månen. I ein slik setting lærer ein å tenkja gjennom ting. Bruka lokale ressursar som er på månen, fordi det er kostbart å senda ting. Mellom anna er det vatn på månen som vi kan bruka. Saman med andre grunnstoff som alt er der oppe, opnar dette for nye løysingar. Spørsmålet vert, - kva er det vi treng? Korleis lagar vi det? Neste år er temaet, bærekraft, klimaendring, sundt friskt hav. Vi skal jobba med å sjå muligheter i problema. Kunstgeriljaen på Bømlo var ute å samla plast og laga ein 3 meter stor fisk, ei blåskål. Under vegs med dette prosjektet lærde vi utruleg mykje, ikkje minst om plastavfall og havstraumar. Språk kan vera missvisande. Plast blir ikkje brote NED, det blir brote OPP i mindre bitar. Men det forsvinn ikkje. Det er difor det er så viktig å gjera noko med det medan vi har mulighet.


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.