Issuu on Google+


NTNU 06012014-04022014 AAR4460: Arkitekturens Teori og Historie C Faglærar: Gro Lauvland, Siv.Ark. MNAL PhD, gro.lauvland@oslo.online.no

Oppgåve: Kva arkitektoniske og kulturelle faktorar skal til for at ein plass skal fungera?

Skrive av: Erling Søyland, Stud.Ark. MNAL, erlsoy@online.no Mathias Midbøe, Stud.Ark. MNAL, mathias.midboe@gmail.com Mikkel Frengstad, Stud.Ark. MNAL, mikkel.frengstad@gmail.com Nikolas Røshol, Stud.Ark. MNAL, nikolassr@gmail.com

Framside: Detalj frå Sjeik-moskeen. Foto: Nikolas Røshol Trykk: NTNU Trykk Skrift: Kozuka Mincho Pro & Kozuka Gothic Pro

All bruk av dokumentet og enkeltdelane i dette skal føregå med skriftleg godkjenning frå innehavar av opphavsretten.


INNHALD FØREORD 4 OPPGÅVEVAL 6 DEL 1: PRESENTASJON NAGHSJ-E DJAHAN 10 KAISARÉ-PORTEN OG BASAREN 12 MASJED-E SJEIK LOTFOLLAH 18 MASJED-E SJAH 24 ALI GHAPU 30 KONSTRUKSJONSMETODAR 32 DEL 2: HISTORIE FØR 1500 40 1500-1629 42 POLITIKK FRÅ SAFAVID-TIDA TIL NO 46 BRUKEN AV NAGHSJ-E DJAHAN GJENNOM TIDENE 48 DEL 3: DISKUSJON 54 KJELDER 59


FØREORD

I denne oppgåva har me teke føre oss torgplassen Naghsj-e Djahan i Esfahan, Iran. Me reiste rundt i landet i tre veker, og reisa har vore svært lærerik og spennande. Det har vore vanskeleg å få fram denne delen av studiet i oppgåva, men mykje av kunnskapen og synet vårt på tema me skildrar er eit direkte resultat av desse opplevingane. Naghsj-e Djahan er eit stort bygningskompleks, med få tydelege avgrensingar. Utsnittet me har bestemt oss for inneheld bygningsmassen som kan sjåast frå torgplassen, med nokre tillegg der dette har vore naudsynt for å forklara situasjonen i ein struktur.

Me har sett på livet og bruken av plassen, og elementa som legg til rette for dette. Tilsvarande plassar me har besøkt sjølv eller lese om har gjeve oss eit utgangspunkt til kva me kunne venta og kva som ende opp med å overraska oss. Den endelege formuleringa av oppgåva vår vart spørsmålet: “Kva arkitektoniske og kulturelle faktorar skal til for at ein plass skal fungera?”

Til venstre: Masjed-e Sjeik Lotfollah. Foto: Nikolas Røshol

5


GRUNNGJEVING AV OPPGÅVEVAL

Då me starta med å planleggja oppgåve til ATH C, fatta me tidleg interesse for Iran som studiemål. Landet er relativt ukjent for dei fleste i den vestlege verda, og det vesle me veit, er dei avskrekkjande historiene me får høyra i nyhendene. Me venta å oppleva ein heilt annan kultur og eit heilt anna samfunn enn me er vane med i Europa. I tillegg tykte me også det ville verta spanande å sjå korleis avstanden er mellom folk og styre. Er det eigentleg så gale som det kan framstå? Å finna eit bygningsmiljø Etter å ha bestemt oss for studieland, måtte me naturlegvis finna eit aktuelt og interessant bygningsmiljø å studera. I dette arbeidet møtte me kanskje ei av våre største overraskingar så langt. Me innsåg at me eigentleg visste tilnærma ingenting om islamsk og persisk arkitektur, og at det i dette landskapet låg eit enormt utval av skjulte skattar. Mange av byane har svært gamle bykjerner, og mangfaldet i religiøse bygg er imponerande. Det var heller ikkje mangel på nyare emne å velja mellom, men me enda til slutt på ei historisk vinkling av oppgåva. Esfahan er den mest sentrale byen i Iran, med generelt sett kort avstand til dei fleste store byane i landet. Gjennom historia har byen også vore eit svært vikig handelssentrum langs Silkevegen, og ein av dei stadene ein verkeleg har sett aust og vest møtast. Plassen Naghsh-e Djahan er sentrum og hjartet av Esfahan, og er eit produkt av persisk og islamsk kultur. Blant bytorg som kan samanliknast, er denne nest størst i verda, berre overgått av Den himmelske freds plass i Beijing. Dette er staden der handelsmakta, styresmakta, religionen og folket har møtst, og bygningsmiljøet er rekna som eit praktdøme på islamsk arkitektur.

6

Kva arkitektoniske og kulturelle faktorar skal til for at ein plass skal fungera? Me tykte dette verka som eit spennande tema, der me kan bruka fleire innfallsvinklar og har fleire element som kan undersøkjast. Plassen er samansett av store arkitektoniske element, med kvar sine særpreg og slektskap til kvarandre. Gjennom fire hundre år har byggverka og torgplassen vore vitne til mange og store endringar i det iranske samfunnet; regime og dynasti har reist seg og falle att, og landet sin maktposisjon i verda har gått fram og attende. Kulturen i landet er som alle andre stader i endring, og gamle bygningar endrar bruk etter kvart som dette hender. Plassen har likevel behalde sin sentrale posisjon i bylivet, og fungerer enno som ein sosial møtestad og eit fritidsog rekreasjonsområde for befolkinga i byen.


Istanbul Ankara

Tehran Kavir-ørkenen Esfahan

Na’in Yazd

Persepolis Shiraz

Mekka

7


Esfahan Nesf-e Jahan Esfahan er halve verda (Persisk ordtak)


DEL 1: PRESENTASJON NAGHSJ-E JAHAN Torgplassen Naghsj-e Djahan, persisk for Biletet av verda, er kjend som den nest største i verda, etter Den himmelske freds plass i Beijing. Den rektangulære plassen måler 159 gonger 512 meter, og er definert av langstrakte monotone fasadeflater, med eitt utprega byggverk på kvar fasade. Midt på den nordlege sida ligg Kaisarié-porten, hovudinggangen til basaren. Resten av byggverka er samla i den sørlege enden av plassen. Her finn me Masjed-e Sjah, Kongemoskéen, på sørfasaden. På flankane finn me Ali Ghapu, Alis port, i vest, og vis-à-vis på austfasaden Masjed-e Sjeik Lotfollah, Sjeik Lotfollah-moskéen. Kulde og folk Plassen er rikt møblert med vegetasjon, fontener, benker og til og med denne rundkøyringa. Me går langs sida og ser ein mann som ligg og søv på graset, og på ein annan grasflekk sit ei gruppe

10

hijabkledde jenter og et. Dei småsnakkar og fniser litt medan me går forbi. Etter kvart legg me merke til at dei fleste grasflekkene er opptekne, og heller ikkje mange benker er ledige. Sjølv i den kaldaste og mest utrivelege månaden i året, er plassen tett folka, og dette får oss til å lura på kor trongt det er om plassen i dei lune sommartidene. Det slår oss plutseleg at trafikken har forsvunne heilt i observasjonane våre. Trafikklarmen er meir som ei bakgrunnssumming, og den visuelle støyen fell naturleg inn i omgjevnadene. Det einaste problemet denne utgjer, er som ein barriere for gangmønsteret nord-sør, men heller dette er ikkje stort merkbart. Opningane i fasaderekkjene, som slepper vegen gjennom, står ikkje ovanfor einannan, og vert derfor ikkje berre ein korridor rett gjennom plassen.


Kaisaré-porten

Masjed-e Sjeik Lotfollah Ali Ghapu

Masjed-e Sjah

Til venstre: Plassen sett mot vest. Foto: Mathias Midbøe Under: Perspektiv av plassen i mørket, med Masjed-e Sjeik Lotfollah til venstre og Masjed-e Shah til høgre. Foto: Nikolas Røshol

0m 50m Naghsj-e Djahan

100m

150m


FASADEREKKJENE Det fyrste me legg merkje til når me kjem inn på Naghsj-e Djahan, er veggene som definerer plassen. Fasaderekkjene rundt Naghsj-e Djahan er kanskje det mest merkverdige og det viktigaste kjenneteiknet. Dei går alle over to etasjar, der etasjeskiljaren er tydeleg markert ut mot plassen. Over og under etasjeskiljaren ligg ein kontinuerleg repetisjon av opningar som er toppa med den persiske bogen. I fyrste etasje tener dei fleste opningane som handverks- og suvenirbutikkar saman med nokre få offentlege kontor. I andre etasje er opningane nisjer i veggen/altanar med kvit bakgrunn og ei dør på midten. Høgda på fasadane er konstant rundt heile plassen, men har ikkje alltid funksjon som yttervegg. Romma i andre etasje er nemleg tønnekvelv som ligg på rekkje bak

12

fasaden, og den rettlinja øvre avgrensinga av fasaden fluktar her med toppen av kvelvet. Der kvelva møtest får ein dermed eit stort stykke av fasaden, som berre er ein enkel murvegg, utan annan funksjon enn det estetiske.

Under: Taka på basarrekkjene er kvelv med ein fasade på framsida. Foto: Erlig Søyland Til høgre: Nisjane i andreetasje langs fasaderekkjene. Foto: Mikkel Frengstad Under til høgre: Fasaderekkjene og Kaisaré-porten. Foto: Mathias Midbøe


13


KAISARÉ-PORTEN OG BASAREN Kaisarié-porten er det monumentale symbolet på basaren, som er det store marknadsområdet med tusenvis av små butikkar. Byggverket ligg midt på nordfasaden, trekt 25 meter inn frå denne. Nisjeopninga i portalen er omlag like stor som den i porten til Masjed-e Sjah, men langt frå like dekorert og vedlikehalden. Rommet er fyrst og fremst pussa

mur, med litt mosaikkdekorasjon rett over døropninga. Utsida inneheld fleire mosaikkdekorasjonar, som vert framheva av den fråverande pynten elles. Ein 40 kvadratmeter stor vasspegel ligg midt på den vesle plassen framfor Kaisarié, og får denne til å minna om ein slags mindre versjon av Naghsj-e Djahan.


0m 10m 20m KaisarĂŠ-porten og basaren

50m

15


Førre side: Kaiaré-porten og bassenget på framsida. Foto: Mathias Midbøe Til venstre: Tresperretak i basaren. Foto: Mathias Midbøe Under: Lyset vert slissa inn gjennom lysopningar i kuplane i basaren. Foto: Nikolas Røshol

Marknaden Basaren ligg fyrst og fremst nordaust for Naghsj-e Djahan, men har også ei gate som slyngar seg rundt plassen. Langs denne overdekte gata ligg ein stadig repetisjon av rom med handverk- og suvenirbutikkar, som gjev området eit preg av turisme. Taket her er òg ein repetisjon, men av grunne kuplar med enkelte tilfelle av dagslysopningar på midten. Denne utforminga held seg lik i heile omkrinsen rundt plassen. Men der basaren går vidare nordover i byen, aukar både takhøgda og djupna i kuplane. Hovuddelen

i nord er ei enorm samling av butikker og smau, og gateplanet er sjeldan vassrett. Ein finn også område med takkonstruksjonar av tresperrer. Sjølv om det delvis innvendige gatenettet kan verka kaotisk og usystematisk, kjem ein likevel fram til eit markert sluttpunkt: Masjed-e Djame, Fredagsmoskeen. Denne er bygd før Safavidtransformasjonen, og var då hovudmoskeen i byen.


MASJED-E SJEIK LOTFOLLAH Masjed-e Sjeik Lotfollah er den minste av dei to moskéane som ligg ut mot Naghsj-e Djahan-plassen. Frå utsida legg ein godt merke til korleis kuppelen ikkje er symmetrisk plassert i forhold til inngangen til moskeen. Midtpunktet på kuppelen ligg tre meter til høgre for sentralaksen til inngangsdøra. Kuppelen er typisk persisk, smått utkragande i botnen og den persiske bogen i snittet vidare. Han er dekt av intrikat kvit, svart, blå og turkis mosaikk mot ein gul teglbakgrunn. Moskeen er ikkje supplert av minaretar, då denne var kongen sin private og aldri skulle ropa inn til bøn. Inngangen ligg i ei høg nisje, ein pisjtak, omkransa av ein turkis steinspiral. Resten av inngangspartiet er dekorert med eit enormt kunstverk av mosaikk. Mønsteret består av plantestelkar som slynger seg rundt med blad og blomar innimellom. Plantene er for det meste nyansar av gult og grønt, medan bakgrunnen har ein klar blåfarge. I islamsk tradisjon er blåfargen symbolet på vatnet, som

18

0m 10m 20m Masjed-e Sjeik Lotfolla

50m

Under: Utvendig detalj av kuppelen. Foto: Mathias Midbøe Til høgre: Masjed-e Sjeik Lotfollah i månelys. Foto: Mathias Midbøe

portalen til himmelen og paradis, noko utsmykkingane ser ut til å ta utgangspunkt i. Kvelvet i pisjtaken er utført med eit stort puslespel av mugharnaer, som er ei slags form for minatyrnisjer ei eit nettverk. Sidan dette var den personlege moskeen til kongen og haremet hans, vart porten tidlegare bemanna av vakter, og det er fyrst i nyare tid at allmugen har fått tilgang. Hovudinngangen vart likevel berre brukt av kongen sjølv: han fekk nemleg bygd ein hemmeleg gang under plassen frå palasset til moskeen, slik at kvinnene i haremet hans kunne skånast for påkjenninga det ville vera å ferdast i det offentlege.


Vandring mot Mekka I det me entrar gangen innafor, svingar denne 45 grader mot nord. Rommet er mørklagt og smalt, men etter å ha runda to rettvinkla svingar mot høgre, står me plutseleg i hovudrommet, musallah. Overgangen er dramatisk, frå den mørke, tronge gangen til den høge salen med ein dagsopplyst kuppel til tak. Midt på veggen vis-à-vis inngangen ligg ei lita nisjè, ein mihrab, som indikerer kibla: retningen mot den heilage byen Mekka. Grunnplanet i moskeen er kvadratisk, men kjennest meir oktagonalt då veggene er utforma som åtte bogar. Bogane som ligg i hjørna, vert ei slags form for nisjer, medan bogane på veggene berre rammar inn ei vertikal flate. Seks meter over golvet går veggene i rommet over til ei tre meter høg sylinderform. Denne er delt inn 32 vertikale felt med ei innskriven persisk ramme. Halvparten av desse felta er delvis opne, og dagslyset målar smale striper i den støvfulle lufta. Heile verket vert toppa av ein rikt utsmykka kuppel. Både vegger

22

og kuppel er pynta med eit overdådig kunstverk av mosaikkfliser. Dekorasjonane i dette rommet er meir enn ein kan ta inn over seg. Alle innrammingar er utførte med band av religiøs, arabisk kalligrafimosaikk på kongeblå bakgrunn, og nisjene er i tillegg omkransa av turkise steinspiralar, tilsvarande inngangspartiet. Mønsteret i kuppelen er ei form for rutenett av sitronforma dekorasjonar, og har vore inspirasjon til svært mange kunsthandverk, som stadig vert produserte og selde i området.

Førre side, venstre: Lotfollah-moskeen speglar seg i vatnet. Foto: Mathias Midbøe Førre side, høgre: Mugharnaene over inngangen til Lotfollahmoskeen. Foto: Erling Søyland Over: Inngangen til Lotfollah-moskeen tek ein sving på 45 grader. Foto: Mathias Midbøe Til høgre: Det kvadratiske grunnplanet i musallahen går over i ein persisk kuppel. Foto: Mathias Midbøe


MASJED-E SJAH Midt på den sørlege fasaden, som ei slags krone på verket over Naghsj-e Djahan, ligg inngangsportalen til Masjed-e Sjah – Kongemoskeen. I bakgrunnen ser me kuppelen på moskeen og nokre av minaretane, men desse er orienterte i ei anna retning enn Naghsj-e Djahan. Moskeen vert dermed mykje enklare å få auge på, då han ikkje er gøymd bak pisjtaken, men vert samstundes litt fråskild frå plassen. Ein kan lura på om han eigentleg høyrer til plassen eller om han er eit eige bygningsanlegg.

Pisjtaken er trekt litt attende frå fasaderekkja til plassen, men ruvar om lag dobbelt så høgt som den toetasjers fasaderekkja. På kvar side vert porten flankert av høge minaretar. Portflata er på same måte som i Sjeik-moskeen dekt av eit imponerande mosaikkflisverk, men storleiken her er derimot det mest imponerande. Det enorme kvelvet er dekt av skinande

blanke mugharnaer og kvar enkelt er så flislagt med ein mosaikk som inneheld ein enorm detaljeringsgrad. Den store opninga er innramma av ein tredobbel spiral i turkis stein. Midt i portalen står eit stort felt i trefarga stein, med ei tilsynelatande lita tredør i botnen. Når me skal gå gjennom døra, oppdagar me derimot at døropninga er over det dobbelte av ei vanleg menneskehøgd. Så snart me kjem innafor døra, krympar opplevinga inn til ein delvis mørklagt gang som er vridd 45 grader mot høgre. Kontrasten me opplever i det me når framrommet til moskeen, er majestetisk; me kjem ut frå ei mørk hole og ut på ein luftig og lys plass. Rett framfor oss tronar den indre fasaden, med minaretane og toppen av moskekuppelen, i all si prakt. Plutseleg er alle vinklar i planet rette. Den korte distansen me har flytta oss, frå utsida av portalen til innsida av framrommet, har endra perspektivet drastisk og bygget framstår mykje større.


0m 10m Masjed-e Sjah

20m

50m

Til venstre: Masjed-e Sjah. Foto: Mathias Midbøe

25


26


Til venstre: Utsyn frå austre iwan mot nord. Foto: Nikolas Røshol Under: Utsyn frå vestre iwan og mot sør. Foto: Mathias Midbøe

Ei vandring i eit persisk plan Moskeen er flankert av to hagar, lune grøntrom i eit elles steinkledd miljø. Likevel er det inngangen til moskeen som no trekkjer merksemda til seg. Eit rektangulært vassbasseng ligg mellom oss og målet, som dermed bryt den rettlinja rørsla vår og tvingar oss til å oppleva rommet frå fleire vinklar. Om me trudde inngangsportalen var den flottaste delen av bygget, får me ei ny oppleving no. Mosaikkornamentikken er mykje den same, verken meir eller mindre imponerande. Pisjtaken er derimot endå større, og rommet i nisjen fungerer mest som ein moské i seg sjølv. I halvkuppelen er mugharnaene bytt ut med eit kvelv av ribber, fletta i eit rutemønster. På grunn av vedlikehaldsarbeid hindrar eit stillas oss i å entra moskeen gjennom hovudinngangen, og me må gå gjennom ein av søylehallane på sidene. Kvar hall

har berre tre søylerekkjer innover, der to av dei er pilasterar og berre den midtre er frittståande. Likevel gjer dei persiske spisskvelva at kvart mellomrom skil seg frå resten, og kan gje ei kjensle av meir definerte rom. Me kjem inn i hovudrommet til kongemoskeen frå sida. Det vert sagt at ein av moskeane rundt Naghsj-e Djahan har ein akustikk og ei etterklangstid som skal vera den beste i verda. I augneblinken me entrar rommet under kuppelen, forsvinn all tvil om kven av moskeane det her var snakk om. På ei lita kvadratisk steinflate midt i rommet står fire-fem personar og trampar lett på golvet, og lyden ljomar dirrande gjennom rommet. Når det endeleg vert vår tur til å okkupera midtpunktet, vert akustikken prøvd ut med song. Kjensla av å stå her og ta inn dei visuelle og


Til venstre: Mihraben og trappa i Sjah-moskeen. Foto: Bruce Allardice Under: Hagen på vestsida av Masjed-e Shah. Foto: Nikolas Røshol

akustiske inntrykka, er ikkje mindre enn magisk. Det er ikkje vanskeleg å sjå føre seg korleis folk for fire hundre år sidan og fram til no føler ei ekstra sterk tilknyting til det guddommelege i dette rommet.

Mihraben ligg, som i sjeikmoskeen, midt på den framre veggen. Rett til høgre for mihraben ligg ei audmjuk trapp med tretten trinn, som ser ut til å berre stoppa innåt veggen. Denne har litt av same funksjonen som ein preikestol har i kyrkjer, men skil seg vesentleg frå slike i den anonyme utforminga. Detaljane og mønstra når ikkje heilt opp til venleiken i sjeik-moskeen, men dei store dimensjonane på rommet gjer likevel at opplevinga ikkje vert mindre av den grunn. Fargane som dominerer, er gult og blått, medan kalligrafiskrifta, som ligg i eit band rundt rommet, er kvit på den kongeblå bakgrunnen. På same måte som i sjeik-moskeen, er grunnplanet til rommet kvadratisk, men vert opplevd meir som oktagonalt. I overgangen mellom vegg og kuppel ligg også eit band

med kalligrafimosaikk som ei grunnlinje for åtte lysopningar, kvar plassert midt over ei side i det åttekanta planet. Inni lysopningane ligg eit innfløkt filter av murverk, med eit slyngplantemønster som ein også finn att i mosaikkdekorasjonane elles. Eit skilje mellom kjønn Ved hovudporten ligg ein interessant detalj. Dei innvendige hjørna er utforma med kvar sin pilasterdekorasjon dei nedste metrane, og det er stor skilnad på den høgre og den venstre sida av porten. Pilasteren til høgre sett frå utsida er rikt dekorert, med kanelyrar langs skaftet, blomedekorasjonar i basisen og mugharnaer i kapitelet. Venstre sida av porten har derimot ein glatt pilaster, utan andre utsmykkingar enn enkle basis, skaft og kapitel. I muslimsk tradisjon går kvinnene inn i moskeen på venstre sida, medan mennene går til høgre. Kva som er grunnen til skilnaden på dekorasjonane, er uvisst, men dette kan godt vera ein del av forklaringa.


ALI GHAPU Langs den austre sida av plassen bryt byggverket Ali Ghapu ut frå fasaden. Det nedste elementet er ein slags kontinuitet av den toetasjers veggen rundt plassen, men frontveggen er dominert av ein stor opning som går over begge høgdene. I bakkant lyftar bygget seg over endå tre etasjar som ei kubisk murform, krona med eit takrekkverk i murstein dekt av blå keramikk. Det er likevel ikkje dei mura delane av bygget som gjer inntrykk på oss. Terasseplatået over den framre delen er overdekt av eit stort, tilsynelatande flatt, tak, borne av fleire tresøyler på elleve meter. Tresøylene liknar lite på noko me kjenner frå europeisk arkitektur. Dei er slanke, men kapitelet i toppen er stort, nesten litt klumpete. Taket har tynne utkragingar ut frå berekonstruksjonen med eit slags takskjegg, som minner om takstein, og får tankane inn på byggverk frå Aust-Asia.

30

0m 10m Ali Ghapu

20m

50m

Under: Ali Ghapu sett gjennom polomålet. Foto: Mikkel Frengstad Til høgre: Bileta av ayatollahane Khomeini og Khamenei på Ali Ghapu er noko av det einaste på plassen som vitnar om dagens prestestyre. Foto: Nikolas Røshol


Palassporten til kongen Ali Ghapu vart bygd som ein portal til palassområda til kongen, og frå altanen under taket kunne kongen med hoffet sjå utover plassen og aktivitetane som føregjekk her. Når me går inn gjennom den toetasjers porten på framsida, kryssar me fyrst gangvegen gjennom den omkransande basaren. I kryssingspunktet er det takhøgda til porten som er gjeldande, og det er dermed gangvegen som vert broten av Ali Ghapu. Vegen vår fortset vidare mot palassområdet, med rekkjer av bogegangar på begge sider. Palassområdet er avstengt for turistar, men me kan fortsetja opp trappene mot terassen. Spiraltrappene er smale og tronge,

med uvanleg høge og grunne trinn. Det er nærliggjande å tru at desse har vore mest i bruk av tenarar og andre ikkje-kongelege. Av og til går vegen gjennom små rom, der einaste dekorasjonen er små veggnisjar med enkle mosaikkfliser. Me kjem ut på terassen, og får nyta godt av at me er her på ein klar og solfylt dag. I søraust ruvar ein bit av dei snødekte Zagrosfjella, og store delar av byen er synleg rundt oss. Dette er litt overraskande, då utkikkspunktet vårt berre ligg tolv meter over bakken. Grunnen er sjølvsagt at bykjernen har ei høgdeavgrensing på bygga, der ingen bygg får vera høgare enn fasadane rundt Naghsj-e Djahan.


Kongeleg dekorasjon Dei innvendige romma er også her dekorerte med mugharnaer, men dei skil seg også stort frå moskeane i fargar og mønster. I nokre tilfelle er dei konstruerte med påmåla metallplater med hòlrom bak, medan andre er laga av tre med miniatyrmåling. Ute på terassen synest endeleg søylene på nært hald. Dei er oktogonale i tverrsnittet, og har ingen form for basis. Kapitelet har eit kvadratisk tverrsnitt i toppen, og overgangen frå den tynne oktagonale søyla er utført med ei slags abstrahert utgåve av mugharnaer. Taket er dekorert med mosaikk, men av ein heilt anna

type enn den i moskeane. Fargane som er brukte, er okerutgåver av raudt, grønt og gult, og mønsteret er meir geometrisk heller enn organisk oppbygd. Golvet på terrassen er lagt med kvadratiske steinar, og er berre brote av eit (tomt) basseng midt på plattingen. Bassenget måler 5,7 x 8,4 meter, med ei djupn på 0,8. Sidan søylene kjem rett opp frå bakken utan basis, framstår dei anonyme og lite forstyrrande for golvflata.

Venstre og høgre: Mugharnaer i Ali Ghapu. Foto: Nikolas Røshol


34


K onstruksjon Det mest framståande i konstruksjonen av fasaderekkjene rundt plassen, er opningane som vert repeterte langs det heile. Dei, som dei fleste andre rammer i den persiske arkitekturen, er bygde opp av rettlinja sider og den tidlegare nemnde persiske bogen. Dette er ein spesiell spissboge konstruert av fire sirkelbogar. I overgangen mellom den loddrette sida og bogen er sirkelen sterkt krumma, med sentrum nær midten av bogen. Frå overgangen til spisstoppen er krumminga mykje slakare, med sentrum nesten dobbelt så langt unna som midten. Dette designet har både fordelar og ulemper i konstruksjonen. Den horisontale lasta, påført av den persiske bogen, er mindre enn til dømes den gotiske, på grunn av mindre konstruksjonsmateriale, men er samstundes meir krevjande å byggja, då byggjesteinane ikkje vert identiske. Estetisk gjev designet eit lett og elegant uttrykk, anten det er nytta i eit kvelv, ein kuppel eller ein portal.

Mur og tre Murstein og mørtel dominerer som byggjemateriale, med ei pussblanding av jord og halm, cob, på mange overflater. Saumfarer ein fasadane på nært hald, viser det seg at også tre er ein del av murveggen. Iran sitt tørre klima gjer at trevirket er mykje mindre utsett for rote enn i til dømes Noreg, og kan derfor nyttast som ein del av teglkonstruksjonar utan at desse vert mindre haldbare. I slike jordskjelvfarlege område er det ofte gjort tiltak for sikra bygningsmassen, blant anna ved å armera murbygg. Det kan godt tenkjast at det er føremålet her.

Til venstre: Si-o-Se Pol-brua er eit underverk av persiske bogar. Foto: Nikolas Røshol Under: Detalj av murvegg i basaren; fuga mellom mursteinene er dekorert med mosaikk. Foto: Mikkel Frengstad


Mosaikk og prefabrikering Moskeane er kledde med mosaikkunstverk både på inn- og utsida. Mosaikken er laga på to ulike måtar. Den eldste, og mest arbeidskrevjande metoden, er å bruka einsfarga keramikk som ein skjer ut små bitar av og puslar saman til eit større motiv. Innsatsen som ligg bak dette, er mest ufatteleg, spesielt med tanke på at dei aller fleste motiva har innfløkte organiske former. Den andre teknikken som er nytta, baserer seg på prefabrikerte fliser og glasert murstein. Keramikkflisene vert her plasserte i eit puslespel og dekorerte med måling, før ein brenn og deretter monterer dei på veggen. Denne metoden er ekstremt tid- og arbeidssparande, og vart teken i bruk då kong Abbas vart utolmodig, fordi han tykte arbeidet med bygginga gjekk for seint. Dekorasjonane kunne no produserast samstundes som sjølve byggverka, og enkelt monterast når desse var ferdigstilte. Ei av ulempene her er sjølvsagt at ein får eit forstyrrande rutenett av skøytar mellom flisene. I tillegg vert også nokre av fargane blassare, sidan temperaturen som måtte til under brenninga, vart for høg for nokre av pigmenttypane. Dobbel kuppelkonstruksjon Då me var inne i moskeane, tenkte me aldri over at kuplane var mindre enn dei såg ut frå utsida. Snitteikningane viste derfor noko ganske anna enn me hadde fått inntrykk av. Kuppelen

36

i kongemoskeen består eigentleg av to seperate kuplar, der den ytre er støtta opp av eit fagverk i tre. På det meste er det heile ti meter mellom den indre og ytre kuppelen! Spesielt i denne moskeen er det sannsynleg at utforminga på den indre kuppelen er nøye tilpassa, for å få til ein spesiell akustikk. Sidan ein på utsida vil nytta den utbulande dropeforma, må kuppelen anten konstruerast som eit enormt massivt element, eller ein tolagskonstruksjon med lett trevirke som bindingsverk. Sistnemnde gjev også ein god kjøleeffekt i varme sommartider, ein teknikk som også er nytta i moskear i ørkenbyen Yazd. Synleg trevirke Tre er lite brukt i visuelle delar av konstruksjonane, men markerer seg med søylealtanen og taket i Ali Ghapu. Søylene er produserte i heiltre frå lange trestammar, medan kapitelane på toppen er kledde i små bøygde trefliser, for å få til mugharnadekorasjonane. På toppen av desse ligg tjukke tredragarar, tilnærma kvadratiske i snittet. Det karakteristiske takskjegget består av tilskorne trepanner, som ligg side om side langs kanten, dekorerte med måling på undersida. Til høgre: Vegg dekorert med prefabrikerte ornamentfliser ved den nordlege iwanen til Masjed-e Sjah. Foto: Nikolas Røshol Under: Mosaikkdetalj frå kuppelen i Masjed-e Sjeik Lotfollah. Foto: Mathias Midbøe


ESFAHAN E NEFS-E JAHAN


DEL 2: HISTORIE FØR 1500 Historia til Esfahan er lang og innhaldsrik. Geografiske, militærstrategiske og handelsrelaterte grunnar har ført til at byen har spelt ei viktig rolle for dei mange herskande folkeslaga i regionen. Esfahan ligg om lag 1050 meter over havet, inne på det iranske platået på nordsida av Zagrosfjella. Klimaet er eit relativt behageleg, kaldt ørkenklima med milde vintrar, ikkje for varme somrar og lite nedbør. Like ved det historiske sentrum av byen renn Zayande-elva. Ho gjer området fruktbart, og det persiske ordet zayande tyder treffande nok ”livgjevar” på norsk. Plassering i landskapet I Europa er byane som oftast plassert på høgder, slik at dei er lettare å forsvara mot angriparar og har tilgang på det reinaste vatnet. Iranske byar er konsekvent plasserte ved foten av slike høgder og fjell, for å samla grunnvatn, som renn under bakken i ulike sedimentære lag ned fjellsidene. Vatn er naturlegvis svært viktig i slike ørkensamfunn, fyrst og fremst som drikkevatn, men også til avkjøling og til å binda støv frå lufta. Plasseringa rett aust for den store iranske ørkenen gjorde også byen til ein sentral stoppestad for karavanane på Silkevegen.

Dei tidlegaste spora av busetjing i Esfahan stammar frå eldre steinalder, men det var fyrst under elamittane (2700-1600 fvt.) at byen verkeleg tok til å veksa fram. Esfahan heldt fram med å veksa og vart eit viktig regionalt senter under dei mediske og akamenidiske imperia. Perserriket hadde si fyrste stordomstid frå om lag 550 fvt. under Kong Kyros den store, som tilhøyrde

40

London

Akamenid-dynastiet. Riket strekte seg då frå Afghanistan i aust til Libya i vest, men vart erobra av Alexander den store rundt to hundre år seinare. På 600-talet vart Persia erobra av arabarane, som innførte den nye religionen Islam. Hovudstad i Iran Esfahan vart teken til hovudstad i Kakuid-riket i 1008. Då dei tyrkiske Seldsjukkene invaderte byen i 1050, gjorde dei han til hovudstad i imperiet, truleg på grunn av den sentrale plasseringa i Seldsjukkriket. Dei bygde ein stor moské, no kjend som fredagsmoskeen, og laga til ein staseleg plass ved denne. Esfahan heldt posisjonen som hovudstad fram til 1118, då riket vart splitta i ein austleg og ein vestleg del. Dei neste hundre åra opplevde Esfahan, og Iran elles, mange dynasti og framande invasjonar. Under mongolinvasjonen på 1200-talet mista mange esfahanarar livet, og i 1387 vart om lag 70 000 av innbyggjarane massakrerte av erobraren Timur Lenk. Etter denne tida forfall byen fram til Kong Abbas si gjenoppbygging mot slutten av 1500-talet.


Istanbul

Beijing Tabriz Mashhad Tehran Esfahan Yazd Shiraz

Kermト]

Mekka

41


1500-1629 I starten av det 16. århundret var Iran eit splitta land, med det tyrkiske Timurid-dynastiet som ei svak styresmakt, og tyrkisknomadiske stammar som truga timuridane. Det var dermed ei enkel oppgåve for dei tidlege safavidane å utnytta splittinga til å ta makta i landet og innføra Sjia-islam som statsreligion i det tidlegare zoroastristisk dominerte Persia. Safavid-dynastiet tok namnet etter Sjeik Safiy al-Din, ein av etterkomarane etter Emam Ali, som skal ha spreidd sjia i ei sufistform, som la grunnlaget for deira sjia-islamistiske religion.

sjølv om samlingane gjekk tapt gjennom dei neste hundreåra.

Safavidleiaren Ismail I inntok Tabriz, i det noverande nordvestlege Iran, og krona seg sjølv til konge. For fyrste gong sidan den arabiske og islamistiske invasjonen av Iran, var landet samla, og med ein leiar som hadde same religion som folket. I løpet av fyrste halvdelen av det 16. århundret utvida Iran seg frå Mesopotamia til Bagdad, medan landet var i ei stadig rivalisering med ottomanarane. Landet krympa under ottomansk press fram mot slutten av århundret, og då Tabriz vart erobra, måtte den iranske hovudstaden verta relokalisert til Qazvin.

Kong Abbas med ein ny byplan Det mest markante bygrepet Abbas gjorde, var etableringa av Chadar Bagh, ei om lag seks kilometer lang gate. Ho strekte seg gjennom heile Esfahan, over Si-o-Se-brua, og til det kongelege palasset i sør. Gata var omkransa av rundt førti vakre hagar, der berre to av dei ikkje var opna for det offentlege. Den breie gata hadde kanalar, som frakta vatn frå elva til praktbygga og -plassane lengre inn i landet.

Halve verda Då landet endå ein gong hadde eit svekka styre, såg tronervingen Abbas sitt snitt til å gripa makta. Han skapte eit nytt høgdepunkt i den iranske historia, mykje med tanke på militær og diplomatisk innverknad, men også kulturell og kunstnarisk rikdom. Etter å ha teke tilbake landområda føregjengarane hans hadde tapt og styrka den posisjonen til sjia i folket, sette kong Abbas eit skilje mellom religion og regime. Ved å skilja mellom styresmakt og religion, opna kongen for eit meir variert samfunn. Han henta inn dei beste frå kvart fag, uavhengig av nasjonalitet eller religion, og betalte rikt for arbeida deira. Variasjonen og samlingane av kultur og kunst gav Esfahan tilnamnet «halve verda», ein referanse som enno er i bruk,

42

I 1598 flytte kong Abbas I hovudstaden til Esfahan, og la planar for ei utviding av byen. I dei komande tre tiåra kom han til å endra og ekspandera den tidlegare Seldjukk-hovudstaden enormt, med store nett av gater og torg, og ein ny bymur. Hovudarkitekten bak ekspansjonane i Esfahan var Baha al-Din, ein iransklibanesisk arkitekt og filosof.

Den andre store endringa på det urbane landskapet, var etableringa av Meydan-e Shah, eller Naghsj-e Djahan-plassen. Dette var det definitive senteret i den omskapte byen; her vart det halde feiringar og avrettingar, polokampar og karavanemarknader, og dei største arkitektoniske verka skulle plasserast rundt plassen. Tidlegere låg hovudtorget i byen ved Masjed-e Jame, fredagsmoskeen, nokre hundre meter lengre nord enn Naghsj-e Djahan. Denne plassen vart fylt opp med nye bygg, som erstatning for den bygningsmassen som måtte fjernast for å oppretta den nye plassen. Å fylla den gamle plassen med bygg, førte òg til at Naghsj-e Djahan vart det einaste alternativet til eit nytt bysentrum. For å kopla det gamle handelsstrøket, som hadde danna seg rundt fredagsmoskeen til det nye ved Naghsj-e Djahan, vart det trekt ein


enorm basar mellom dei to, der Kaisaré-porten vart hovudinngangen. Tre signalbygg vart planlagte rundt plassen: ein ny hovudmoské, som skulle overta for den tidlegare fredagsmoskeen, ein privat moské for hoffet og eit portbygg til kongen sine hagar og palass. For at plassen enklast mogleg skulle leggja til rette for dei to moskeane, valde arkitekten å rotera retninga 17 grader frå nord-sør-aksen Chadar Bagh. Sistnemnde har i dag eit avvik på seks grader frå den geografiske nordpolen, men fell betre saman den magnetiske nordpolen for fire hundre år sidan. Vinkelen mellom dei Mekka-vende moskeane og torgplassen vart no nøyaktig 45 grader. Dette kompromisset gjorde både

byggeprosessen enklare, samstundes som ein tok vare på både Mekka-retningen til moskeane og nord-sørretningen til byplanen. Namnet Naghsj-e Djahan kan oversetjast til ”mønsteret-, kartet- eller biletet av verda”, og kjem av den enorme rikdomen og samlinga av kunst og kultur som plassen kom til å innehalda. Ein ny fredagsmoské Den nye hovudmoskeen fekk namnet Masjed-e Shah, Kongemoskeen, og vart bygd av arkitekten Ali Akbar Esfahani. Bygginga starta i 1612, og vart ikkje fullført før to år etter at kongen døydde i 1631. I islamsk tradisjon er vassflata eit symbol på ein spegel inn i etterlivet, eit symbol som vert nytta aktivt i utforminga av moskeen. Dei mange bassenga er direkte døme på dette, medan dei fosseliknande mugharnaene i halvkuplane er meir abstrakte referansar.

Til venstre: Baha al-Din sin plan for Esfahan. Illustrasjon: Med løyve frå Universitetet i Esfahan Under: Marknadsdag på Naghsj-e Djahan. Illustrasjon: Med løyve frå Universitetet i Esfahan

43


44


Då kong Abbas etter kvart i byggeprosessen tok til å verta gamal, vart arkitekten pressa til å setja opp farten på bygginga. Dette oppnådde han blant anna ved å prefabrikera ornamenta til moskeen. Opprinneleg skulle dekorasjonane utførast på staden som mosaikk, men den meir lettvinte teknikken med å måla ferdige keramikkfliser, kravde mindre tid, og ornamentikken kunne produserast før veggene var reiste. Kong Abbas døydde i 1629, og fekk aldri sett byggverket ferdigstilt. Ein privat moské for kongen Den kongelege moskeen var dedikert til faren til ei av kongen sine vakraste koner, og fekk namnet Masjed-e Sjeik Lotfollah. Bygginga starta i 1603, berre fem år etter at Abbas gjorde Esfahan til hovudstad, og stod ferdig i 1618. Moskeen vart planlagt for hoffet åleine, og trong verken vera stor eller supplerast med minaretar, då det ikkje var trong til å ropa inn til bøn.

gjester og gje kongen utsikt til feiringar, avrettingar, hesteløp og polokampar. På kong Abbas si tid vart berre dei to fyrste etasjane bygde, men etterfølgjaren hans utvida bygget til slik det ser ut i dag. Bygget vart utsmykka av Reza Abbassi, kongen sin hoffmålar. Motiva var henta frå naturen og inneheldt planter, dyr og fuglar. Mange av desse kunstverka vart stolne etter at Safavid-dynastiet fall, og me finn få restar av desse idag. Denne sida: Hovudgarden i Masjed-e Sjah. Illustrasjon: Pascal Coste

Ein kongeleg paviljong I utgangspunktet var Ali Ghapu ein paviljong, som skulle binda dei kongelege hagane og palassa langs Chadar Bagh saman med Naghsj-e Djahan. Denne skulle også nyttast til å motta viktige

45


POLITIKK FRÅ SAFAVID-TIDA TIL NO Safaviddynastiet, eitt av dei viktigaste og lengstvarande i Iransk historie, mista styrken sin gradvis i starten av 1700-talet, og vart i 1736 erstatta av dynastiet Afsharid. Hovudstaden vart då flytt til Mashhad, og Esfahan mista mykje av sin sentrale posisjon i Iran. Dei fleste av landområda som i dag utgjer Iran, kom under eit nytt dynasti, Zand, i 1750, men på slutten av 1700-talet var heile landet under Kadjar-dynastiet sin kontroll. Kadjar-familien styrte landet fram til 1925, då Ahmad Sjah vart avsett av Reza Pahlavi sjah i eit militærkupp etter ein lang periode med ein britisk og russisk maktkamp i landet. Vestleggjering av Iran Reza Pahlavi sette igang prosessar, for å få Iran til å tilnærma seg Europa, både innan utdanning, sekularisering og kvinnefrigjering. Styresettet hans var likevel svært diktatorisk, og motstand mot desse prosessane vart slegne hardt ned på. Under andre verdskrig vart Iran si nøytralitetserklæring sterkt mislikt av dei allierte, då det gjekk ut over strategiske forsyningsårer og kunne gje fordelar til tyskarane. Dei allierte invaderte landet, og Reza Sjah vart avsett til fordel for sonen hans, Mohammad Pahlavi. Han vidareførte mange av moderniseringsprosessane, som var sette i gang av faren. Kongen vert avsett I 1951 fekk Iran ein demokratisk vald statsminister, Mohammad Mosaddegh, som arbeidde for å nasjonalisera oljeressursane i landet. Mossaddegh ynskte òg å gjera Iran til ein republikk, og sjahen vart nøydd til å flykta i eksil. Nasjonaliseringa av olja gjekk ut over britiske handelsinteresser, og Mosaddegh vart avsett i eit CIA-kupp på førespurnad frå MI6 i 1953, og Sjahen kunne koma attende.

Dei neste åra løyste Sjahen opp nasjonalforsamlinga og innførte eit eittpartisystem i landet. Opposisjonelle vart slegne hardt ned på av det hemmelege politiet, SAVAK. Misnøya mot Sjahen auka, og det vart stadig fleire demonstrasjonar ut over 60-talet. Islamsk revolusjon I 1979 snudde den islamske revolusjonen landet på hovudet politisk. Sjahen vart avsett og reiste endå ein gong i eksil, og den religiøse shia-leiaren Ayatollah Khomeini vart valt til øvste leiar. Lovverket vart basert på islamske reglar, og dei fleste moderniseringsprosessane vart snudde tvert om. I dagens samfunn er det til dømes ikkje lov å vera vennar med det motsatte kjønn, og kvinner kan ikkje visa seg offentleg utan å dekkja til hovud og aksler. Atomprogrammet til Iran vart starta med USA si hjelp rundt 1950, og vart vidareutvikla etter revolusjonen. Frykta for at landet skal skaffa seg atomvåpen har ført til store økonomiske sanksjonar, som fyrst og fremst går ut over folket. Etter presidentvalet i 2009, vart president Mahmoud Ahmadinejad skulda for valfusk, og store folkemengdar protesterte i gatene. Opprøret vart hardt slege ned på, noko som i dag fører til at mange iranarar har mista trua på endring. Eit nytt håp Den litt meir moderate Hassan Rouhani vart valt til president i 2013, og har tilnærma seg resten av verda på ein heilt annan måte enn forgjengarane sine. Landa har no kome fram til ein avtale, der store delar av atomprogrammet til Iran skal skrinleggjast, mot at dei fleste økonomiske sanksjonane skal verta oppheva. For det iranske folket er dette eit lite steg framover, og ein kan håpa at fleire kjem til å fylgja etter.

Over til høgre: Atomkraftverk sett frå den transasiatiske jernbanen. Foto: Erling Syland Under høgre: Propagandagrafitti frå den amerikanske ambassaden i Tehran Foto: Nikolas Røshol

46


BRUKEN AV NAGHSJ-E DJAHAN GJENNOM TIDENE Naghsj-e Djahan har alltid vore ein plass med mange funksjonar. I utgangspunktet var plassen tenkt som både handelsstad, polobane, paradeplass og ein religiøs samlingsstad. Ali Qapú er bygd med tanke på at kong Abbas skulle ha god oversikt over både polokampane og paradane. Plassen vart også brukt til arena for offentlege avrettingar. Eit stopp på reisa For handelsreisande i Iran, var Naghsj-e Djahan ein viktig stoppestad. Her møttest karavanane frå aust og vest for å selja, kjøpa og byta varer. Dei fleste karavanane opererte mellom to større byar, og selde varene vidare til ein møtande karavane. Ein velfungerande handelsplass var derfor viktig. I tillegg til handel trong karavanane ein stad kor dei kunne kvila ut, og dei var avhengige av tilgang på matog drikkeforsyningar. Dei fekk derfor slå opp telta sine

på Naghsj-e Djahan, og dei kunne kjøpa mat og drikke på basaren. Fasilitetane på denne plassen styrka Esfahan som eit viktig handelssentrum i Iran, og var ein attraktiv stoppestad for handelsreisande. Tilgangen på varer frå aust og vest har bygd opp under ordtaket om at Esfahan er halve verda. Eit religiøs samlingspunkt Kongemoskeen i enden av plassen har vore eit viktig bidrag til at dei fleste i byen har oppsøkt plassen jamnleg, spesielt i samanheng med fredagsbøna. Dette fortel noko om kor viktig plassen har vore for innbyggjarane i byen. Plassen fylte behovet for handel, sosialt samvær, religiøse behov og plikter og underhaldning. Dei neste hundreåra har handelen mellom aust og vest teke vegen over sjøen. Etter at dampskipa kom


og Suez-kanalen opna, har Esfahan mista sin posisjon som eit viktig handelssentrum. Samstundes har sporten polo mista popularitet. Behovet for ein stor og open plass har forsvunne. I staden er det planta gras og buskar på plassen som tilfredsstiller krava til rekreasjon. Dei største endringane på plassen har truleg kome saman med modernismen og bilen sitt inntog som det primære framkomstmiddelet. På fotografi frå 50-talet kan ein sjå at bilvegen gjekk rundt heile plassen, med parkeringsplasser framføre dei fleste basarinngangene.

Frå praktisk til symbolsk verdi Naghsj-e Djahan har stadig fått ein mindre konkret posisjon i dagleglivet til innbyggjarane i byen, men har likevel stått støtt som eit sterkt symbol på persisk stordomstid og eit praktdøme på persisk arkitektur. På grunn av plassen er Esfahan eitt av dei viktigaste turistmåla i Iran. Sjeikmoskeen og Ali Ghapu er gjort om til musé, og kongemoskeen er som dei fleste moskear open for turistar. Butikkane som omkranser plassen, sel for det meste suvenirar som tepper, vasar, sjakkbrett og måleri. Lengre nord i basaren ligg butikkane, som vert


nytta av innbyggjarane i byen. Her kan ein få kjøpt alt frå linser til strykejern. Etter revolusjonen i 1979 er bilvegen endra til å vera ei gjennomkøyring. Symbolsk nok har også plassen endra namn frå Maiden-e Sjah til Maiden-e Emam Khomeini eller Emam Khomeini-plassen. Dei fleste me snakka med, føretrekte likevel Naghsj-e Djahan, ”Biletet av verda-plassen”, i og med at dei verken hadde sansen for Sjah-regimet eller det nye prestestyret. På 20 000-rialseddelen finn me eit portrett av Ayatollah Khomeini på framsida, og biletet av plassen på baksida. På fredagar er basaren stengd, men eigne bussar fraktar befolkninga til plassen, slik at dei enkelt kan delta i fredagsbøna. Viss det er fint vêr, finn bøna stad framfor kongemoskeen. I dag er buskar og tre planta på plassen, og gjev heller kjensla av å vera i ein stor park enn på eit torg.

Førre side, venstre: Bassenget på Naghsj-e Djahan vert brukt til å vaska seg til fredagsbøna. Foto: Nikolas Røshol Førre side, høgre: Bøneteppa vert lagra i kongemoskeen utanom bøna på fredagen. Foto: Nikolas Røshol Venstre: Postkort frå Esfahan. Biletet viser at plassen har vore omringa av bilgater og gateparkering. Høgre: 20 000 rial-seddelen

51


DEL 3: DISKUSJON

Torgplassar finn ein i dei fleste byar, men med svært ulik utforming og bruksnivå. Dette gjeld også i Iran, men plassen Naghsj-e Djahan i byen Esfahan skil seg stort frå dei andre. Medan den typiske moderne iranske torgplassen er eit stort og ope trafikknutepunkt utan fotgjengarar, yrer Naghsj-e Djahan av liv og er det udiskutable sentrum i byen. Plassen vart konstruert for fire hundre år sidan, då byen var hovudstad i Det persiske riket. Naghsj-e Djahan har sidan hatt og mista mange bruksområde, men er enno ein sentral del av bylivet. Noko av det som trekte oss til Iran som studieland, var den ukjende kulturen. Landet er blant dei mest lukka i verda. Iran er hemma av fleire sanksjonar etter den islamske revolusjonen og har styresmakter som gjer ein god innsats for å halda seg distanserte til vesten og resten av verda. I løpet av tre veker i landet vart me godt kjende med den persiske kulturen. Persarane som folkeslag er svært sosiale og nyfikne

menneske. Framandfrykt er eit tilnærma ukjend ord, og som vestlege turistar vart me mest større attraksjonar enn bygningane me skulle studera. I romanen “Tak over Teheran” skildrar Mahbod Seraji korleis utallige krigar og okkupasjonar av landet har ført til eit spesielt sterkt samhald mellom innbyggjarane, og dette har truleg også vore med på å skapa ein medfødd aksept for andre folkeslag. Eit sosialt folk Det er på ingen måte uvanleg for ein persar å starta ein samtale med vilt framande menneske. Om du går gjennom ein plass som Naghsj-e Djahan utan å slå av ein prat med nokon, er dette for unormalt å rekna. Butikkeigarar insisterer på å servera te, sjølv om ein har sagt tydeleg frå om at varekjøp er uaktuelt. Kontrasten er stor til Noreg, der det å sei meir enn “hei” til butikkpersonale er på grensa til unormalt. Utforminga av torgplassen inviterer til sosiale møte. Benker, kantar, stiar og vegetasjon er organisert som


romdelande element, og gjer det enkelt å finna definerte stader å slå seg ned. Variasjonen mellom romma er stor nok til at dei kan møta mange ulike brukskrav. Me såg mellom anna folk som sov på bakken og fleire grupper som nytta plenen som matbord. Dei fleste iranarar har golvet i huset sitt dekt med tepper, og her set ein seg ned og legg fram duken ved måltida. Å ta seg ein middagskvil på golvet her er heller ikkje uvanleg. Islam blant folket Religionen er ein stor del av dagleglivet til det iranske folket, anten dei er religiøse eller sekulære. Det religiøse styresettet er naturlegvis mykje av grunnen til dette, men islam er godt fundamentert i den persiske folkesjela. Det er då ikkje snakk om hijab-påbod og forbod mot vennskap mellom ulike kjønn, men respekten for heilage stader, den viktige symbolikken til vatnet og fråværet av sarkasme og ironi. Fredagsbøna trekkjer ikkje berre til seg tjsador-kledde kvinner og menn i kjortlar, men vert ei

samlingspunkt for familiar og folk i alle aldrar. Dei religiøse held seg framme ved moskeen der bøna går føre seg, medan resten vandrar rundt på plassen. Nokon set seg ned ved bassenget og vaskar hender, ansikt og føter, men går ikkje nødvendigvis vidare til moskeen for å be. Turistsentrum Ein ting som verkar unaturleg på plassen er fråværet av utanlandske turistar. Den utruleg gjestfrie haldninga til iranarane, kombinert med alle attraksjonane landet kan by fram, kunne i utgangspunktet trekt mange fleire utlendingar til landet og byen. Fråværet av desse kan nok til ein viss grad forklarast med at byen ikkje er eit utprega vinterreisemål, men hovudgrunnen ligg nok i det politiske klimaet som styresmaktene fører og sanksjonane som ligg over landet. Likevel er alle suvenirbutikkane rundt plassen opne, og dei held seg slik langt utover kvelden. Litt av grunnen til dette er nok at dei likar å halda ope for å snakka med folk. Det seier også mykje om kor


mange innanlandsturistar byen har, noko ein også såg tydeleg på kor mange som fotograferte kvarandre framfor bassenget, moskeane og palasset. Byen har klart fleire innanlandsturistar enn vitjande utlendingar, og omfanget av desse kan til dels forklarast med at styresmaktene gjer det vanskeleg for folk å koma utanlands. Hovudgrunnen er nok likevel at iranarar er svært stolte over landet og historia si, og den nasjonalistiske kjensla er sterkt rotfesta. Arkitektoniske verkemiddel Det mest særeigne med arkitekturen i Naghsj-e Djahan er fasaderekkjene. Tre ting ved desse skil seg frå torgplassar i andre iranske byar. Det fyrste er hjørnene på plassen, der veggene faktisk lukkar seg. Lukka hjørner fører til ei tydelegare definering av kva som er plassen, og ein unngår gjennomsyn og etablering av gjennomstrafrikk, faktorar som kan svekka kjensla av å vera i eit lukka rom. Dette elementet finn ein også att i det tradisjonelle persiske planet, der bustadhuset er bygd som ein vegg av rom rundt ein hage i midten.

Den andre faktoren er nisjene i veggen og repetisjonen av desse. Kvar langvegg er over ein halv kilometer lang, og ein skulle tru desse då vart monotone og murliknande. Den stadige repetisjonen av opningane med den elegante persiske bogen gjev fasaden eit behageleg uttrykk, og monotonien er meir vakker enn keisam. Nummer tre er høgda på fasadane. Høgdeavgrensinga på tolv meter, to høge etasjar, gjer sitt til at det er plassen som kjennest stor, ikkje veggane som definerer denne. At høgda er så mykje som tolv meter, kombinert med at resten av gamlebyen også er avgrensa til dette målet, gjer at resten av byen forsvinn heilt når ein er inne i plassen. Himmelen møter anten desse fasadane eller fjella som også kan skimtast i det fjerne. Signalbygg Masjed-e Sjah, kongemoskeen, er bygget som dominerer plassen. Bak ein høg port med to lange minaretar, ligg moskeen med sin enorme kuppel, og


Førre side, venstre: Grasplena med sonar for sitjing. Foto: Mathias Midbøe Førre side, høgre: Tsjador-kledde kvinner etter fredagsbøna. Foto: Mathias Midbøe Venstre: Reserverte bussar til bønefolk. Foto: Erling Søyland Høgre: Plassen som fredagsmarknad. Foto: Mathias Midbøe

planet vridd 45 grader mot høgre slik at kuppelen ikkje vert gøymd bak porten. Moskeen aleine er grunn nok til at plassen er verd og vitja. På kvar flanke frå denne ligg eit mindre signalbygg, sjeikmoskeen på venstre sida og Ali Qapú på høgre, og i andre enden av plassen står inngangsporten til basaren. Noko av det mest interessante med desse er at dei ikkje overdominerer plassen, men dannar naudsynte fokusområde og høgdepunkt på denne. Eit vellukka torg I våre auge herskar det liten tvil om at Naghsj-e Djahan er eit velfungerande arkitektonisk verk. Det er noko ein ikkje kan sei om alle byplassar. I Brüssel ligg Grand Place, eit bytorg som deler fleire element med Naghsj-e Djahan, blant anna lukka hjørner og fråvær av gjennomsyn. Bytorget er mykje brukt av innbyggjarane og er eit populært turistmål. Den himmelske freds plass i Beijing og Den raude plass i Moskva er beggje store og omkransa av praktbygg, men lite brukte av befolkinga. Ingen av

dei er tilrettelagde for å opphalda seg på, og i Beijing er plassen omringa av fleire felt med bilveg. I Brasilia ligg Dei tre makters plass, ei stor flate med signalbygg på tre sider: Presidentpalasset, høgsteretten og kongressen. Plassen er luftig, omkransa av vegetasjon og møblert med benker, men heilt folketom. Kva gjer at Naghsj-e Djahan fungerer, medan Dei tre makters plass er tom for folk? Fyrstnemnde vart teikna av arkitekten til eit totalitært regime for fire hundre år sidan, medan sistnemnde vart designa av stjernearkitekten Oscar Niemeyer femti år attende. Naghsj-e Djahan har fleire ting som føregår, mellom anna butikkar, kafear og religiøse aktivitetar, men er det butikkane som held liv i plassen eller plassen som gjev næring til butikkane? God arkitektur skapar ikkje nødvendigvis til ein god plass, det er det vel så mykje menneska som gjer.


HEILSIDES FOTO Side 8-9: Naghsj-e Djahan-plassen. Foto: Mathias Midbøe Side 38-39: Kavir-ørkenen. Foto: Nikolas Røshol Side 52-53: Persepolis. Foto: Nikolas Røshol

Under: Fjellformasjon i Kavir-ørkenen. Foto: Erling Søyland


KJELDER Munnlege kjelder: Arkitektstudentar ved Isfahan University of Art Bøker: Burke, A., Maxwell, V.; & Shearer, I. (2012). Lonely Planet Iran (6. utgåve). Victoria: Lonely Planet Publications Pty Ltd Seraji, M. (2012) Tak over Teheran, Oslo: Cappelen Damm AS Stierlin, H. (2002) Islamic Art and Architecture, London: White Star S.p.A.

Nettsider: Lawler, A. (2009) Isfahan: Iran’s Hidden Jewel. Henta 3. feb. 2014, frå http://www.smithsonianmag.com/people-places/ isfahan-irans-hidden-jewel-116221512/?all Ramin. (2009) Naghsh’e Jahan Square. Henta 3. feb. 2014, frå http://historicaliran.blogspot.no/2009/11/naghshe-jahan-square.html Shirzad, S. (ikkje datert) Meidan Emam (Naghsh-e Jahan) Square. Henta 3. feb. 2014, frå http://www.irpedia.com/ iran-tourist-attractions/25/264/ Thordarson, F., Wiborg, S., & Goplen, Å. (ikkje datert) Irans historie. Henta 3. feb. 2014, frå http://snl.no/Irans_historie Committee Decisions 29COM 7B.54 (ikkje datert). Henta 3. feb. 2014, frå http://whc.unesco.org/en/decisions/411 Esfahan (ikkje datert). Henta 3. feb. 2014, frå http://snl.no/Esfahan Isfahan (ikkje datert). Henta 3. feb. 2014, frå http://en.wikipedia.org/wiki/Isfahan

59



Naghsj-e Djahan: En studie