NETT NO - ÅRG 7 / UTG 1 / 2019

Page 70

TILSKOT TIL DRIFTSBYGNINGAR I LANDBRUKET I MØRE OG ROMSDAL Tal i mill. kroner *Tal pr. 1. halvår. Kjelde: Innovasjon Norge 50 40 30

2014

2015

2016

2017

0

2018

10

2019

20

MEST TIL MJØLK Fordeling av tilskot i 2018 i prosent Mjølkeproduksjon Storfeproduksjon Grønsak- bær og fruktlager

SPESI AL I SER I NG : Større investeringar og større gardar opnar for spesialisering, der bøndene leiger inn ekspertise og utstyr for å spare tid og/eller pengar. Veit du kva dette apparatet blir brukt til, er du truleg langt over gjennomsnittleg landbrukskunnig.

74,8 23,6 1,6

I dag er det 2.502 gardbruk i drift i Møre og Romsdal, i følgje ei oversikt Tryggestad har laga. Det er meir enn ein halvering sidan 1996. Men færre aktive bønder betyr ikkje at det blir produsert mindre. Dei som er att har auka produksjonen slik at den samla sett er omlag som for 23 år sidan. Det har blitt færre bønder, som satsar meir. FRÆNA STØRST Fordeling av tilskot etter kommune, i prosent. Ørsta Vestnes Vanylven Tingvoll

6,2 7,8 4,2 7,8

Surnadal Rauma Fræna Andre

15,8 11,3 17,3 29,6

SLÅR OVER 15 GARDAR

Større gardar på færre hender opnar og for spesialisering. Entreprenørselskapet Humberset Maskin har avtale om å slå over 15 gardar i Ørsta, Volda og Rovde i Vanylven, mellom andre dei fem gardane som før eigde Vassenden samdrift i Åmdalen. I slåtten har Sindre Humberset i Humberset Maskin fire mann i drift med å slå gras.

Maskinparken til slåtten er på fire traktorar, to slåmaskiner, to maskiner som vender graset og ei rundballepresse. Traktorane brukar han til anna arbeid elles i året. Resten av utstyret – som nytt kostar rundt 1,6 millionar kroner - blir berre tatt fram til slåtten. Til saman har selskapet ein kapasitet på å slå 500 mål om dagen. Humberset er klar på kvifor bøndene brukar han. Det handlar om tid. – Dei rekk ikkje over alt, seier han. Til saman er første- og andreslåtten på dei gardane Humberset Maskin slår, gjort på om lag ein månad, seier Humberset. Selskapet hadde 7,5 millionar kroner i driftsinntekter i 2018 og Humberset anslår at om lag ein tredjepart skriv seg frå grasslåtten. LOKALMAT-SATSING

Det starta i 2013. – Eg skulle slå til meg sjølv, og så kjøpte eg dyrare utstyr enn eg trengte, seier Humberset.

70

NETT NO

Hovdenakk Hjortefarm og Vassende Samdrift er nære naboar og naboskapen spelte inn då kjøpet vart avtalt.


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.