NETT NO - ÅRG 7 / UTG 1 / 2019

Page 39

Derimot kjem Ålesund langt ned på listene over resultatgrad og resultat før skatt, mykje på grunn av store tap for Vard Group i fjor.

SUNNE NORDFJORD-BEDRIFTER

Det er resultatgrada (driftsresultat i prosent av driftsinntekter) som gir det beste bildet av kor godt det står til i dei ulike bedriftene.

SVAKARE FOR NYE ÅLESUND

Nye Ålesund vert derimot ikkje så bedriftsprega som gamle Ålesund. Haram, Ørskog, Skodje (og Sandøy) har lenger mellom bedriftene enn Ålesund, men det er verd å merke seg er at Ørskog ligg på andre plass i nyetableringar per innbyggjar hittil i 2019, bak Hornindal. Men også over statistikken over nyetableringar kjem Ålesund bra ut, med 226 nye aksjeselskap hittil i år. På denne statistikken er det Sande som kjem dårlegast ut, rett bak Hareid og Stranda, men Sande er heilt oppe på fjerde plass når ein ser på gjennomsnittleg resultat før skatt for bedriftene. Her er det Gloppen som er best, ikkje minst på grunn av eit resultat før skatt på heile 421 millionar kroner for Sogn og Fjordane Energi. Bak Gloppen kjem Selje og Sykkylven.

Her er det dei tre Nordfjord-kommunane Hornindal, Gloppen og Selje som gjer det best. På den andre enden av skalaen kjem Ulstein, Vanylven og Herøy. Vanylven vert trekt ned av minustal for Hofseth og Hofseth International, medan det i Ulstein er store tap for Kleven Verft og Ulstein Verft som trekkjer ned, men det var også eit nytt svakt år for Island Offshore-systemet. Eit nytt blodraudt år vart det også for Havila Shipping i Herøy, noko som gjer at Herøy plasserer seg i botnen både i resultat før skatt og i resultatgrad, sjølv om dei mange fiskebåtreiarlaga i Herøy hadde eit godt fjorår. Derimot er Herøy på toppen i antal bedrifter per innbyggjar, føre Vågsøy, Stryn og Ålesund, i tillegg til å liggje på ein tredjeplass i driftsinntekter per innbyggjar.

Trass store tap for fleire av dei større bedriftene, viser NETT NO sine tal at det er ein stor underskog av bedrifter som gjer det godt. I tillegg til fiskeri og havbruk, er det bra tider i møbel, bank, kraft og fleire servicenæringar. Turistindustrien har stor vekst, og det dukkar opp stadig nye bedrifter som satsar på lokal mat og drikke. Ekornes vart i fjor kinesisk. I år har RollsRoyce Commercial Marine gått frå å vere britisk eigd til på nytt å vere norskeigd. Sverre ‘Andy’ Farstad er på nytt inne i offshore, og ei rekkje bedrifter er i full gang med omfattande omstillingar. ROSAR STÅPÅVILJA

NHO-sjef Ole Erik Almlid Almlid rosar ståpåvilja blant bedriftsleiarane på Nordvestlandet. – Her er det høge toppar og djupe dalar, men der ein har vist ein imponerande evne til å omstille seg og aldri gi opp om det ser mørkt ut, seier han. Det har han heilt rett i.

Sjømat blir stadig viktigare for Vestlandet. Som Noregs største sjømatorganisasjon arbeider vi for å skape best mogeleg rammevilkår for sjømatindustrien. Vi jobber for meir verdiskaping og fleire arbeidsplasser langs kysten.

Når du vil at

di stemme skal høyrast!

NETT NO

39


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.