Page 1

SITERING – HENVISNING – KJELDELISTE RETTLEIING

Sogndal  vgs  brukar  siteringsstilen  MLA  (Modern  Language  Association)    

SITAT OG HENVISNINGAR Passar å bruke ved: •

Meiningar

Påstandar

Argument

Forklaringar

Definisjonar av viktige begrep

Som ein forfattar av ei kjelde uttrykkjer, og som kan danne utgangspunkt for diskusjon. Det egnar seg ikkje å skrive sitat/henvisningar ved faktaopplysningar som er meir eller mindre opplagt eller såkalla “allment kjend” informasjon! •

Sitat kan òg brukast viss du vil trekkje fram skildringar ol. frå

“Å kopiere og lime inn” påstandar og liknande frå kjelder er det same som “å sitere direkte”. Omformulerar du dette med eigne ord, brukar du “indirekte sitat” (òg kalla “å referer til”).

NB! Hugs, som nemnt ovanfor at det berre er i dei tilfella der ei meining eller ein teori blir uttrykt eller når du skal vise til ein skjønnlitterær tekst at det er aktuelt å bruke sitat og henvisning!

Sogndal  vgs.  Else  Ness.    Oppdatert  mars  2013.    

Side  1  


DIREKTE SITAT NB! Eit direkte sitat må skrivast nøyaktig slik det står i kjelda, med same ord sjølv om det er feilskrive, på same språk og med same teiknsetjing.

Korte sitat på 3 liner eller mindre: Dine eigne ord og setningar: “Oppgåva til trenaren er å opne dei rette dørene hos utøvaren, slik at han eller ho kan sjå, høyre og kjenne, det vil seie å oppdage, den gode løysinga på teknikken” (Gjerset m.fl. 243). Eventuelt forset dine eigne ord og setningar. Marker i teksten at du skriv eit sitat ved å skrive kolon og hermeteikn før og etter sitatet. Henvisninga blir som regel ført opp rett etter sitatet, men du kan òg setje det inn rett før sitatet.

Lengre sitat på over 3 liner: Dine eigne ord og setningar: Den store variasjonen i spelet og alle dei alternativa du har å velje mellom, gjer lagspel til ein open dugleik. Det stiller krav til dei skapande evnene stadig å måtte finne eigne løysingar, og det stiller store krav til dei koordinative eigenskapane. Vel du å gjere ei finte, er god balanse nødvendig for eit godt resultat (Gjerset m.fl. 243). Ev. fortset dine eigne ord og setningar.

Marker i teksten ved å bruke kolon og mellomrom før og etter sitatet. Du kan òg bruke større marg (innrykk) til venstre for sitatet. Hugs henvisninga!

Direkte sitat egnar seg best til å sitere frå skjønnlitterære verk eller frå uttrykk som misser noko av særpreget viss ein skriv det om.

Sogndal  vgs.  Else  Ness.    Oppdatert  mars  2013.    

Side  2  


INDIREKTE SITAT I dømet her er det direkte sitatet ovanfor omskrive med eigne ord:

Lagspel kan seiast å opne opp for kreativitet, men er òg med på å gi utøvarane god trening i koordinering (Gjerset m.fl. 243)

Når ein skriv indirekte sitat, blir dette ein del av din eigen tekst, difor markerar du ikkje sitatet med hermeteikn eller mellomrom slik som du gjer med direkte sitat. Her kan ein som vist bruke same form for henvisning som ved direkte sitering, men ein kan òg nemne forfattar i teksten som dømet nedanfor:

Gjerset m.fl. meiner at lagspel er ein god måte å trene opp både kreativitet og koordinering (243). Hugs å ta med sidetalet i parentes!

Indirekte sitat egnar seg best når du skriv fagtekstar, oppgåver som inneheld ein drøftingsdel eller oppgåver som går ut på å finne ulike synspunkt på ei sak. Når du brukar indirekte sitat får du bearbeida stoffet på ein ofte betre måte enn ved direkte sitering.

Sogndal  vgs.  Else  Ness.    Oppdatert  mars  2013.    

Side  3  


HENVISNINGAR – NÅR DU HAR OPPLYSNINGAR OM FORFATTAR Standard oppsett:

(Etternamn sidetal)

(Viss èin forfattar har to etternamn, tek du berre med det som står sist.)

Eksempel:                                                                                                                             Du  vil  sitere  frå  side  20  i  boka  Snømannen  av   Jo  Nesbø.   Henvisninga  ser  slik  ut:    (Nesbø  20)    

Har ei kjelde 2 forfattarar, skal begge forfattarane sine namn førast opp: Døme: Mediakommunikasjon 2 av Siri Ødegård og Inger Hobæk Henvisning: (Ødegård og Hobæk 125)

Har ei kjelde 3 forfattarar, skal alle 3 sine etternamn førast opp: Døme: Rendez-vous 2 av Hilda Hønsi, Claire Kjetland og Sèbastien Liautaud Henvisning: (Hønsi, Kjetland og Liautaud 105)

Har ei kjelde meir enn 3 forfattarar, fører du opp den førstnemnde forf. og “m.fl.” Døme: Treningslære av Asbjørn Gjerset og tre andre forfattarar. Henvisning: (Gjerset m.fl. 119) NB! Hugs å ta med forkortinga “m.fl.” for kvar henvisning! Sogndal  vgs.  Else  Ness.    Oppdatert  mars  2013.    

Side  4  


Henvisningar når du har brukt fleire bøker av same forfattar: Døme: Du har brukt bøkene Flaggermusmannen og Kakerlakkene av Jo Nesbø.

“Og nå smilte ikke damen bak skranken lenger heller. Hun hadde lest passet hans med påfallende interesse. Om det var bildet eller skrivemåten av navnet hans som til å begynne med hadde fått henne i så godt humør var vanskelig å si” (Nesbø, Flaggermusmannen 9).

Du kan altså i tillegg til å opplyse om forfattar og sidetal ta med tittelen på kjelda, understreka. Dette gjer at ein ser skilnaden mellom henvisningane til dei ulike kjeldene. Ein variant er å nemne tittelen på kjelda i teksten din før sitatet kjem :

…Dette kjem tydeleg fram i Kakerlakkene: “Harry hadde løftet ansiktet mot himmelen og lukket øynene, som om han ventet på regn. “Sa eg noe galt, Harry?” Harry kjente varm luft strømme gjennom neseborene” (Nesbø 334).

Bruk av sekundær kjelde, altså ei kjelde som er nemnd i ei anna kjelde: Andersen meiner at denne utviklinga kjem av at folk fekk mindre fritid (sitert i Klaussen m.fl. 78).

Når du skriv “Sitert i” i henvisningen, viser du at dette er henta frå ei sekundær kjelde. Det er berre den primære kjelda, altså den kjelda du har framfor deg, som skal førast i kjeldelista. I dette tilfelle kjelda til Klaussen m.fl.

Viss du endar opp med å vise mange gonger til ei sekundær kjelde, bør du skaffe denne kjelda og bruke den som ei vanleg, primær kjelde i staden for.

Sogndal  vgs.  Else  Ness.    Oppdatert  mars  2013.    

Side  5  


HENVISNINGAR NÅR DU IKKJE HAR OPPLYSNINGAR OM FORFATTAR

Standard oppsett: (“Artikkeltittel” eller Kjeldetittel sidetal)  

Døme: Artikkelen “Kina” frå Wikipedia (som er kjelda) “”Det egentlige Kina” kunne sies å være området mellom den kinesiske mur og det tibetanske fjellplatå” (“Kina”).

(Hugs at mykje som står i Wikipedia er å rekna for å vera allmenfakta, og altså ikkje egna til å siterast. I dømet ovanfor sporast ein viss form for påstand som gjer utsagnet egna til diskusjon.)

Offentlege utgreiingar/rapportar Døme: NOU 2009:1 Individ og integritet. Personvern i det digitale samfunnet. Fornyings-, administrasjons- og kirkedepartementet. Indirekte sitat: Media kjem nokre gonger i konflikt med personvernet i tilfelle der dei finn og publiserer opplysningar om integriteten, privatlivet eller andre personlege ting om eit menneske (Individ og integritet). Det er titlane på dei offentlege dokumenta som er nøkkelordet du brukar i henvisningar til det aktuelle dokumentet. Viss titlane er lange, kan du forkorte dei i henvisningane. Døme: Næringslivets samfunnsansvar i en global økonomi. Kan forkortast til: (Næringslivets samfunnsansvar)

Sogndal  vgs.  Else  Ness.    Oppdatert  mars  2013.    

Side  6  


KJELDELISTE Den aller første opplysningen du skriv om ei kjelde her, skal vere identisk med den første opplysningen i henvisninga, som gjeld den aktuelle kjelda!

Standard oppsett for bøker: Etternamn, Førenamn (til 1. forf.), Førenamn Etternamn. Tittel på kjelde. Eventuelt undertittel. 2.utg. Stad: Forlag, År. Merk at den første forfattaren blir skrive med forma etternamn, førenamn. Medan dei andre forfattarane skrivast med forma førenamn etternamn.

(Det er ikkje naudsynt å ta med at ei bok er ei 1. utg., men 2. og seinare utg. kan førast opp)

Døme: Standpunkt Westersjø, Martin, Åse Lauritzen og Jorunn Berg. Standpunkt. Oslo: Damm, 2006.

 

Ved fleire enn 3 forfattarar kan du nøye deg med å føre opp førstnemnte forfattar og i tillegg forkortinga «m.fl.» Døme: Boka Treningslære av Asbjørn Gjerset, Kjell Haugen, Per Holmstad og Rune Giske

Gjerset, Asbjørn m.fl. Treningslære. 3. utg. Oslo: Gyldendal, 2006.

Sogndal  vgs.  Else  Ness.    Oppdatert  mars  2013.    

Side  7  


Standard oppsett for nettkjelder: Etternamn, Førenamn. «Tittel på artikkel» Tittel på kjelde. Sist oppdatert eller publiseringsdato. Lesedato. URL. Skriv opp den nettadressa som fører direkte til den aktuelle artikkelen du har lest, og ikkje berre den generelle nettside-adressa.

Døme: Økland, Tom Erik. ”Motstandsdyktig gammelskog”. Forskning.no. 2010. Lasta ned 16.02. 2010. http://www.forskning.no/artikler/2010/februar/242262.

Oppsett når forfattar manglar - nettkjelde:

«Tittel på artikkel». Tittel på kjelde. Sist oppdatert eller publiseringsdato. Lesedato URL (nettadressa). eller

Tittel på kjelde. Sist oppdatert eller publiseringsdato. Lesedato. URL.

Sidan artiklar ofte kan endrast på nettet, må ein ta med både dato dokumentet sist vart oppdatert og den datoen du leste artikkelen.

Døme: ”Kina”. Wikipedia. 04.02. 2010. Lasta ned 07.02. 2010. http://no. wikipedia.org/w/index.php?title=Kina& oldid=6640068.

Sogndal  vgs.  Else  Ness.    Oppdatert  mars  2013.    

Side  8  


Andre kjeldeoppføringar i kjeldelista: Avisartikkel: Papiravis: Strand, Eva Marie. ”En tikkende bombe i regjeringen”. Aftenposten. 5.mars 2010, s.4. Nettavis: Strand, Eva Marie. ”En tikkende bombe i regjeringen”. Aftenposten. 5.mars 2010. Lest 14.04.2010 på http://www.aftenposten.no/nyheter/iriks/politikk/article 3550013.ece. Forskjellen mellom desse to eksempla er at det er sidetal i det første eksemplet, medan det er lesedato og ei nettadresse (URL) i det andre eksemplet! Merk at artiklar i aviser, tidsskrift, nettkjelder mm. setjast i hermeteikn.

Tidsskrift-artikkel:

Papirartikkel: Etternamn, Førenamn, Førenamn Etternamn. «Artikkeltittel». Tidsskrifttittel. 3. Årg. Heftenr. Årstal: Sidetal. Døme:

Jære, Lisbet. «Mayakalenderens mysterier». Aftenposten Innsikt. 5. årg. Nr. 11. 2012: 60-63.

Nettartikkel: Etternamn, Førenamn, Førenamn Etternamn. «Artikkeltittel». Tidsskrifttittel. 3.Årg. Heftenr. Årstal. Lesedato. URL. Døme:

Jære, Lisbet. «Mayakalenderens mysterier». Aftenposten Innsikt. Utg.11. 2012.   http://www.aftenposteninnsikt.no/11-desember-2012/mayakalenderensmysterier.

Sogndal  vgs.  Else  Ness.    Oppdatert  mars  2013.    

Side  9  


Offentlege dokument (nettdokument): Individ og integritet. Personvern i det digitale samfunnet. NOU 2009:1. Fornyings, administrasjons- og kirkedepartementet. Lest 29.04.2011. http://www.regjeringen.no/nb/dep/fad/dok/nouer/2009/nou-20091/14.html?id=542154. Næringslivets samfunnsansvar i en global økonomi. St.meld. nr.10 (2008-2009). Utenriksdepartementet. Lest 02.05.2011. http://www.regjeringen.no/nb/dep/ud/dok/regpubl/stmeld/2008-2009/stmeldnr-10-2008-2009-.html?id=542966. Viss publiseringsår står i parentes under tittelen på dokumentet, så skriv du det på same måte i kjeldeliste-oppføringa, slik som eks. 2 viser. (viss du henviser til ei kjelde med ein lang tittel, kan du forkorte den)

Artikkel eller kapittel i bok: Nyrnes, Aslaug. “Erasmus Montanus”. Norsk litterær kanon. Red. Stig Sæterbakken og Janike Kampevold Larsen. Oslo: Cappelen Damm, 2008. s. 56-65. Her er det forfattar av den enkelte artikkelen eller kapittelet som blir hovedopplysning brukt i henvisningar. Og ein bør nemne tittelen på artikkelen og ikkje hovudkjelda, viss ein vil ha det med i teksten. Slike bøker har gjerne ein redaktør (red.) som ein opplyser om rett etter kjeldetittel.

Tekstar, dikt eller kapittel i tekstsamlingar (utan redaktør): Vinje, Aasmund Olavsson. «Ferdaminni fraa Sumaren 1860». Signatur 3. Tekstsamling. 2. utg. Oslo: Samlaget, 2008. s. 146-147.

Film og fjernsynsprogram: Slumdog millonaire. Han som hadde svar på alt. Regissør Danny Boyle. Pathe Celador films and Film 4, 2008. For TV-program kan ein i staden for regissør skrive namnet på produksjonsselskap.

Sogndal  vgs.  Else  Ness.    Oppdatert  mars  2013.    

Side  10  


Bilde Viss du har funne eit bilde i ei bok/anna kjelde, må du i kjeldelista føre opp dette. Tittelen på verket/fotoet setjast i hermeteikn. Ver obs på at bilde kan ha copyright. Det er OK å kopiere eit bilde av eit kunstverk frå ei bok, og så bruke det i ei oppgåveinnlevering. Men legg du dette ut på nettet kan det kome i konflikt med opphavsrett. På flickr.com eller http://search.creativecommons.org/, kan du finne bilde som er merka som OK å kopiere mot at ein oppgjev opphavspersonen, slik som i eksempla nedanfor. (Du må sjekke om det er ok sidan kopiering og vidare bruk kan vere avgrensa!)

Skriv opplysningar om bildet under bildet. Der bør det stå kven som har laga bildet/fotografert og tittel på bildet.

Bilde av kunstverk, kopiert frå ei bok:

Picasso, Pablo: «Les Demoiselles d’Avignon». 1907. I kjeldelista:

Picasso, Pablo: «Les Demoiselles d’Avignon». 1907. Museum of modern art, New York. I Billedkunsten. Epoker og ismer gjennom tidene. Sandro Sproccati. Oslo: Gyldendal. 1991, s. 154. Foto:

Ianni, Al: «Tour Eiffel». 21.06.2007. CC BY I kjeldelista: Ianni, Al. «Tour Eiffel». 21.06. 2007. Flickr.com. Lasta ned 11.11. 2010 frå http://www.flickr.com/photos/ainet/869942883/in/set-72157607341036337. Sogndal  vgs.  Else  Ness.    Oppdatert  mars  2013.    

Side  11  


Intervju I dette tilfelle har eg intervjua Kristian Jenssen om krigen i Sogn. Intervjuet vart utført 2/2 2011. I kjeldelista:

Jenssen, Kristian. "Krigen i Sogn." Intervju. 02 Feb. 2011. I henvisningar:

(Jenssen)

Sogndal  vgs.  Else  Ness.    Oppdatert  mars  2013.    

Side  12  


KJELDELISTE GENERELT -SKAL STILLAST OPP ALFABETISK UAVHENGIG OM DET ER NETTKJELDER, FILM, BILDE ELLER BØKER. FØRSTE ORDET I EI OPPSETTING AVGJER PLASSERINGA. -SKAL INNEHALDE ALLE KJELDER DU HAR BRUKT, ÒG DEI DU IKKJE HAR HENVIST TIL. (PRØV LIKEVEL Å INKLUDERE ALLE KJELDER DU HAR BRUKT VED Å SITERE FRÅ OG HENVISE TIL DESSE I OPPGÅVESVARET DITT!) -OPPLYSNINGAR SOM ARBEIDSMETODE OG AT DU BRUKTE T. D. GOOGLE HAR INGENTING I KJELDELISTA Å GJERE! -KJELDETITLAR UNDERSTREKAST ELLER SETJAST I KURSIV. ARTIKLAR OG BILDETITTEL SET DU I “HERMETEIKN”. -LAG LITT MELLOMROM MELLOM DEI ULIKE KJELDEOPPFØRINGANE SLIK AT EIN LETT SER SKILNADEN PÅ DEI.

Sogndal  vgs.  Else  Ness.    Oppdatert  mars  2013.    

Side  13  


Eksempel på fullstendig kjeldeliste:

501 filmregissører. Oslo: Orion forlag. 2008. Andresen, Øyvind m.fl. Signatur 3. Studiebok. 2. utg. Oslo: Samlaget, 2008. «EUs vikarbyrådirektiv» (Uttalelse fra SPs sentralstyre 5/11 2011). Senterpartiet.no. 07.11.2011. Lest 24.05.2012. http://www.senterpartiet.no/fra-2011/eus-vikarbyraadirektivarticle75071-13930.html. Ianni, Al. «Tour Eiffel». 21.06. 2007. Flickr.com. Lasta ned 11.11. 2010 frå http://www.flickr.com/photos/ainet/ 869942883/. Jansson, Benthe Kolberg m.fl. Tema vg 2. Norsk språk og litteratur. Lærebok og tekstsamling. 2. utg. Oslo: Samlaget, 2007. ”Kina”. Wikipedia. 4. februar 2010. Lasta ned 7. februar 2010 frå http://no.wikipedia.org/w/index.php?title=Kina&oldid=6640068. Nesbø, Jo. Flaggermusmannen. Oslo: Aschehoug, 1997. Nesbø, Jo. Kakerklakkene. Oslo: Aschehoug, 1998. Nyrnes, Aslaug. “Erasmus Montanus”. Norsk litterær kanon. Red. Stig Sæterbakken og Janike Kampevold Larsen. Oslo: Cappelen Damm, 2008. s. 56-65. Slumdog millonaire. Han som hadde svar på alt. Regissør Danny Boyle. Pathe Celador films and Film 4, 2008. Strand, Eva Marie. ”En tikkende bombe i regjeringen”. Aftenposten 5.mars (2010). Lest 14. april 2010 på http://www.aftenposten.no/nyheter/iriks/ politikk/article3550013.ece. Vinje, Aasmund Olavsson. «Ferdaminni fraa Sumaren 1860». Signatur 3. Tekstsamling. 2. utg. Oslo: Samlaget. 2008. 146-147.

Sogndal  vgs.  Else  Ness.    Oppdatert  mars  2013.    

Side  14  


Sitering henvisning kjeldeliste kopi  
Advertisement
Read more
Read more
Similar to
Popular now
Just for you