Issuu on Google+

STUDIEKATALOG 2012 – 2013 WWW.HLB.NO


Me gjev deg utviklingskompetanse! Høgskulen for landbruk og bygdenæringar (HLB) er ein offentleg godkjend privat høgskule som tilbyr fleksible høgskulestudiar med fokus på landbruk, nærings- og bygdeutvikling. HLB er del av Rogaland Landbrukspark i Klepp kommune, landets største kompetansesenter for landbruk. Me er eigd av meir enn 100 utviklingsog næringsaktørar innanfor landbruk, bygde- og regionalutvikling. Slik sett er me bygdene sin eigen høgskule!

HLB sin visjon er å vera ein sentral kunnskapsleverandør for levande og livskraftige bygdesamfunn, og slagordet vårt Kunnskap for utvikling! synleggjer retninga på alt me gjer både på utdannings-, forskings- og utviklingssida. Framtida vert skapt gjennom aktiv handling. Dette er spesielt viktig i ei verd i rask endring. Utviklingskompetanse er overordna læremål for HLB: evne og vilje til aktiv påverknad, til positiv endring, til å bli ein aktiv utviklar og pådrivar i forhold til eigne sosiale, kulturelle

og økonomiske omgivnader. I denne katalogen presenterer me studietilbodet vårt for studieåret 2012/2013. Her er det spennande og nyttige tilbod både innanfor landbruk, bygde- og næringsutvikling. Studiane kan takast som heiltid eller deltid, og sjølve undervisninga er konsentrert til korte samlingar gjennom vinterhalvåret. Dette tyder at det meste av arbeidet kan skje heimanfrå uansett kor du bur i Noreg. Me håpar å sjå deg som student ved HLB! Beste helsing Dag Jørund Lønning Rektor HLB

2


Bachelorstudium i bygdeutvikling 180 studiepoeng - EI REISE MOT NYE IDEAR, PERSPEKTIV, PRODUKT OG VERKSEMDER!

HLB sitt bachelorstudium (180 studiepoeng) i bygdeutvikling er unikt i Noreg, og gjev eit omfattande utdanningstilbod til mange potensielle målgrupper. Døme kan vera:  99 Entreprenørar og nyskaparar innanfor landbruk og natur/ kulturbaserte næringar. 99 Næringsutviklarar i distrikts-Noreg. 99 Organisasjonsutviklarar. 99 Personar som arbeider med utviklingsoppgåver innanfor offentleg forvalting (lokal, kommunal, regional).

Gjennom bachelorstudiet i Bygdeutvikling skal studentane læra å sjå med nye auge på ressursane dei har rundt seg; dei menneskelege, dei naturbaserte, dei kulturelle, dei sosiale og økonomiske. Dei skal læra å ta i bruk ressursane på nye måtar og slik verta aktive utviklarar og pådrivarar i forhold til eigen livssituasjon og eige miljø. Studiet vil gi grunnleggjande kunnskap om utviklingsarbeid og sosial, kulturell og økonomisk verdiskaping. Studiet skal stimulera til skaparglede,

kreativitet og entreprenørskap, og legg difor også opp til aktivt samarbeid med forvalting, nærings- og organisasjonsliv. Studiet er samansett av: 99 Handlingskompetanse – 60 stp. 99 Økonomi og leiing eller 99 Hest i næring – 60 stp. 99 Nyskaping – 60 stp.

Bachelorutdanninga i bygdeutviklinga leier fram til graden Bachelor i bygdeutvikling.

3


Årsstudium i Handlingskompetanse

Årsstudium i Økonomi og leiing

Årsstudium Hest i næring

60 studiepoeng

60 studiepoeng

60 studiepoeng

Studiet gir kunnskap og forståing om endring og utvikling som holdning og veremåte.

Faget femner om verktøy- og studiefag. Målet med verktøyfaga er å gje studentane naudsynt faktagrunnlag for aktivt å kunna involvera seg i næringsverksemd. Gjennom studiefaga skal studentane utvikle kritisk forståing av teori og empiri på feltet, korleis denne inngår i eige arbeid og i utviklingsprosessar i bygde- og lokalsamfunn.

Hestehald er i vinden som aldri før, og hesten er og ein stendig viktigare del av norsk landbruk. Hest som hovud- eller tilleggsnæring kan bidra til å skapa arbeidsplassar og aktivitet på gardane og representera ei inntektskjelde for eigarane i tida framover. Målsetjinga med studiet er å syne for studentane korleis dei kan bruka eige og andre sitt engasjement for hest som basis for utvikling av nye næringar.

Faget gjev teoretiske og praktiske tilnærmingar til 99 det aktive og skapande mennesket, 99 kommunikasjon og samarbeid 99 endring og endringskompetanse 99 leiing og sjølvleiing Handlingskompetanse er eit tverrfagleg studium der vi brukar teori frå pedagogikk, psykologi, sosiologi og filosofi til å belysa, analysera og forstå samspel mellom individ, grupper og samfunn. Det blir lagt spesiell vekt korleis den menneskelege skaparkrafta kan nyttast i verdiskapande sosiale, kulturelle og økonomiske prosessar. Studiet inngår som første år i BA bygdeutvikling.

4

Faget gjev: 99 Kunnskap om økonomiske, juridiske og politiske rammevilkår for drifta av ei bedrift eller eit gardsbruk. 99 Rekneskapsanalyse. 99 Økonomisk kontroll og styring av investeringar. 99 Kjennskap til internasjonal handel og globalisering av økonomien 99 Kunnskap om landbruks- og bygdenæringsøkonomi. Studiet kan inngå som år to i BA bygdeutvikling.

Studiet Hest i næring går nærare inn i eit breitt spekter av hesteverksemder og måtar å bruka hesten i næringsutvikling, og vil og gje studentane ei brei forståing av hesten si rolle i norsk bygdeliv og identitet. Arealplanlegging som tek omsyn både til hesten og andre brukarar er og ein viktig del. Hest i næring kan inngå som år to i BA bygdeutvikling.


Årsstudium i Nyskaping 60 studiepoeng Faget handlar om å skapa verdiar sosiale, kulturelle og økonomiske. Du lærer å sjå med nye auge på dine eigne omgivnader: Kan me bruka ressursane våre på nye måtar? Kan eg utvikla verksemda mi vidare? Eller kanskje ønskjer eg å starta ny verksemd basert på garden/staden sine særpreg? Faget har relevans for alle som arbeider med utvikling, både i næring, kultur- og organisasjonsliv og i offentleg sektor. Studiet vil motivera til 99 å starta eiga verksemd eller fornya eksisterande 99 lokalsamfunnsutvikling og -mobilisering 99 produkt-, prosess- og metodeutvikling 99 nyskapande rettleiing og rådgiving 99 utvikling av nye næringar Nyskaping inngår som tredje år i BA bygdeutvikling og inneheld ei studentoppgåve på 20 studiepoeng.

5


Nye moglege studietilbod frå hausten 2012 HLB søkjer i år akkreditering (offentleg godkjenning) for eit nytt studium som me vonar å kunna setja i gang frå hausten 2012. Me tek mot søknader om opptak innan vanleg søknadsfrist, men ingen studentar vert tekne opp før akkreditering er klar (truleg tidleg sommar 2012):

Driftsleiing i landbruket 30 studiepoeng Moderne landbruk krev store investeringar og ikkje minst kunnskap om økonomisk styring og kontroll. Dette studiet vil gje ei djuptgåande innføring i temaet driftsleiing.

6

Etter fullført studium skal studenten vera kvalifisert for landbruksorientert driftsleiing, men den generelle kompetansen studiet gir vil og kunne nyttast innan økonomi- og personalfunksjonar i allmenne føretak i offentlege og private verksemder.

Studiet i Driftsleiing er ei vidareføring av studiet Økonomi og leiing, og det er såleis sterkt tilrådd at studenten har gjennomført dette på førehand.


Forsking og utvikling HLB sin visjon er å vera ein sentral kunnskapsleverandør for levande og livskraftige bygdesamfunn. HLB skal vera Noregs fremste kunnskapsmiljø for bygdeutvikling. Desse målsetjingane pregar den raskt veksande forskingsaktiviteten ved høgskulen. HLB er involvert i ei

rekke nasjonale og internasjonale forskings- og utviklingsprosjekt med vekt på utviklingsorientering. All vår forskingsaktivitet skal støtta opp om undervisninga ved høgskulen og vera med og gje studentane våre forskingsbasert utdanning som

held høg fagleg kvalitet. HLB er heile tida open for nye oppdrag og samarbeid innanfor våre fag- og kompetanseområde.

Sjekk våre nettsider - www.hlb.no – for forskingsresultat og publikasjonar! 7


Generelt om studiane:

Denne modellen opnar for

Søknadsfrist: 15 mai.

Alle studiar er

at studiar ved HLB lett kan

Opptak fram til studiestart

samlingsbaserte. Studentane

kombinerast med anna

dersom ledige plassar.

samlast ved HLB over to-tre

arbeid. Samlingsmodellen

dagar ein til to gongar i

gjer og at studentar kan bu

Opptakskrav:

månaden (avhengig av om ein

over heile landet og likevel

Studiekompetanse eller

tek 30 eller 60 studiepoeng

studera ved høgskulen.

realkompetanse.

føregår mellom september/

Studiane er godkjende

Studieavgift: Studieavgift

oktober og mars/juni.

i Statens Lånekasse

er for tida kr. 670,-

Utover samlingane skjer

for Utdanning.

per studiepoeng.

pr studieår). Undervisninga

arbeid og kommunikasjon over epost/internett.

Kontakt: Høgskulen for landbruk og bygdenæringar Postvegen 213 4353 Klepp stasjon Tlf: 51 79 94 00 Epost: post@hlb.no Mykje informasjon, inkludert søknadsskjema, ligg på HLB si heimeside: www.hlb.no


asd