Page 1

JÆREN HIMMEL OG HAV

Himmel og hav, ropar vinden Steingard og strå, seier lyset Sandkorn og skyer, sukkar bølgjene og brettar blonder over stranda


Jorda sov under eit teppe av is Morgonen opna eit vindauge av lys og månen svevde over med sitt rolege andlet Kvar gong Gaia pusta ut og inn gjekk det sommar og haust Alle rørsler tok tusen år På dei langstrekte strendene la lyset ut sitt smelta gull og kyste steinane runde med små bølgjer Myrene glippa med ei tjørn og gnei seg i augo strauk bort nokre strå av myrull og strekte torva ut i sola Den salte lukta av vind strauk bort skodde og dis Vipa kom og la eit egg og mennesket såg utover vinden sitt rike: Jæren


I byrjinga


Den 책ttande dagen


Ein sirkel av stein Å ha ein stein som kan bera deg gjennom året. Ein stor gråbrun steinrygg du kan koma til og sitja på. Eit stødig utgangspunkt der du kan la augo kvila på havet og jorda sine bølgjer. Kjenna at du vert jorda og kjenna at du sit der du skal sitja. Følgja med augo dei slake kurvane i landskapet som elvane frå isbreane ein gong skapte av grus og stein.

Eller å halda ein rullestein i nevane. Kjenna den tunge glatte fl ata i hendene. Eit steinhovud skapt av havet. Av bølgjene sine bilethoggarhender. Sjå årer, korn og krystallar som gjev den liv og gneistrande fargar. Komen av jorda og kasta ut i elementa; vatn, lys og vind.

Å lukka neven om eit lite steinegg og lukka augo og kjenna på den svimlande tanken at denne steinen kan ha kome hit etter ei lang reise med eit enormt skip av is. For tusenvis av år sidan.

Å sitja på ein knaus i sollyset, ved bølgjeglimta, over sandkornrefleksane. Det er å som å vera heilt ny i verda. Overlaten til det alt spring ut av. Ein kan sitja i dette suset av verda på ein stein, og kjenna at in vert vaska rein. At tida vert borte, og kloden og augo vert eitt i eit veldig nå.

I steinane er jorda si uendelege soge teikna inn som eit alfabet for stjernene å lesa i stille vinternetter. Eg legg sju steinar i ein sirkel i sanden. Eg går bortover stranda og vert ein liten prikk under den veldige himmelen medan bølgjene vaskar spora mine vekk med si låge kviskring.

12


Børaunen

Sandblesen stein. Vindbølgjande sand Bårene fylte av algar som lever av lys I sanden: fingrar av tare

13


Borestranda

14


15


Å skriva Jæren Å skriva Jæren inn i dikt handlar om lyset og steingardane, om strendene og dei slake bogane i landskapet. Men samstundes handlar dikt alltid om å vera menneske. Og av og til prøver ein å fanga svære spenn av tid i menneskeslekta si historie, og fortetta det heile i eitt einaste dikt. Eit dikt som famnar store rom av tid og mange rom i ulike land og menneskemiljø. I eit dikt av den typen går jærbuen frå fl intdolkar til datamaskinar i løpet av nokre få linjer. I den bakken på Ogna der eg bur, var det ein steinalderbustad for 8000 år siden. Å vita om dette, har vore inspirerande og tankevekkande og det har slått inn i mange av mine dikt.

Me kom frå havet og skogane Me kom med váre augo og hard hud under føtene Med flintdolkar og skinn kom me framover i små flokkar Med forte smil og mørk redsle drog me framover mot svære damanlegg Med kontor og fjernskrivarar og dei endelause rekkjene av bitte små teikn som punkt av tid Undrande sette me oss på ein ustødig kasse av tre under blikktakregnet Stolte i stolar av stål og hud Tankefullt såg me inn i elden og ut av skyskraparane høgare enn fjell ikkje eit tre lenger å lena seg til

Eg har farta litt kring i andre delar av verda. Den første ungdomstida var prega av ein veldig utfartstrong, og det å vera jærbu var noko ein helst ville verta ferdig med så fort som mogleg. Men etter nokre turar kringom i Norden, i Europa, i Mellom-Amerika, og Nord-Afrika, etter å ha budd både i Nord-Noreg, i Finland, på Austlandet og på Sørlandet, vendte eg til slutt heim og slo meg til på Jæren att. Budde på Refsnes, Nærbø og Sirevåg før eg slo meg til på Ogna,

16


der eg fann mitt revir heilt sør på Jæren, mellom slettene nord for Brusand og det knudrete vakre månelandskapet sør for Sirevåg. I perioden då eg var jærbu i eksil, hendte det ofte at eg skreiv om vitjingane heime på Jæren:

Slik er det brått å vera heime: Jærnatta skoddetung over den sovande havkroppen. Sanden sitt triste andlet under våre steg. Me slepper orda ut i vinden. Fulle av den urolege stilla som er over alt nå. Bankande i vår puls, bølgande inn frå horisonten. Brest og brest lik den kvite sorga i våre unge liv. At me høyrer kva havet og vinden vil oss.

Kvardagane la seg etter kvarandre og fanga oss inn. Jærnettene er verdt eit dikt, dei òg, med sitt mjuke lys og sin flytande jorddis. Eit alveland me kan halda kontakten med, bare me kjem oss ut på litt ukristelege tider innimellom. Men her skal det først og fremst handla om det trygge som ligg i botnen av dette å ha ein heim i eit landskap. Det har vore godt å ha sett teltpluggane ned i dette landskapet, særleg når ein ny generasjon var på veg.

Og der i vinden vil eg tenkja på barnet i vatnet Der eg syklar over soltørka sandstøv vil eg helsa på aprilsola på Jæren Ein fast gammal neve

17


Sm책skjera, Sirev책g

18


19


Steinskip som har segla gjennom eit hav av tid. Tidsseglarar som kjærteiknar steinen og augo med si last av undring. Me stoggar opp ein augneblink og fell ut av kvardagens mas. Kven sendte desse båtane over til oss frå ei strand på andre sida for åtte tusen år sidan? Visste dei noko me ikkje veit? Veit me noko dei ikkje visste? Båtane duvar vidare på klodens rundgang i rommet og gjev ikkje slepp på si undring. Seglar i stein under skiftande himlar.

20


Helleristing p책 Solbakk

21


Ei staseleg kvinne lagt varsamt ned for siste gong på ei fletta stråpute fylt av hår. Pynta med gull og sølv og hylla inn i bjørneskinn for den lange reisa. Og den som har auga for slikt, kan sjå fotspora hennar i molda, i sanden, i lufta og vatnet, alle dagar. For ho er i alle kvinner og i alle gudinner som sørgjer

22


Krosshaug, Kleppe

for at jorda gjev og gjev. Ho er ein lysberar av kronblad og ei kjærleiksraus rose som får eplene til å mognast og bringebæra til å raudna.

23


Dette var noen sider fra boka. Bestill p책: www.naturkultur.no


Dette var noen sider fra boka. Bestill p책: www.naturkultur.no

Jæren Himmel og Hav  

Vakker bok fra Jæren. Antall sider: 144 Format: 24 x30 cm Innbinding: stivbind Foto: Snorre Aske Tekst: Helge Torvund

Read more
Read more
Similar to
Popular now
Just for you