Page 69

SPILL

Fekting med sverd og feittete skjermar. TEKST RASMUS HUNGNES DEN STEREOTYPISKE actionhelten Wang, ei austleg orientert utgåve av den brautande grisen Duke Nukem, sjokkerte med sin stereotypiske framferd då han dukka opp i 4:3-format i Shadow Warrior (1997). Diverse politisk korrekte sarte sjeler makta ikkje å sjå forbi det øverste laget av speldesignet, som sjølvbevisst spelte på klisjear – slik så mykje stor kunst ofte gjer – og tolka det heile som rasistisk. Det er rart korleis dei sjokkerte ofte overser alle andre potensielt sjokkerande aspekt: Jamfør kontroversen rundt torturscena i GTA V, som enkelte kritikarar meinte var uakseptabel fordi spelet «crossed a line by ef-

1

fectively forcing people to take on the role of a torturer and perform a series of unspeakable acts», i motsetnad til andre handlingar spelet konsekvent oppmuntrar til, slik som til dømes, tja, drap? No har Wang fått eit nytt spel å forfekte hovudrollen i, produsert av den framifrå polske produsenten Flying Wild Hog og kalla så mykje som Shadow Warrior (PC), og måten han utfører drap ved nokre enkle tastetrykk frå di, spelaren, si hand, er spektakulært blodig. Han gjer det helst med eit sverd. Ein skulle tru at sverdet utgjorde eit fallossymbol, for det er avlangt og penetrerer kroppen, men det typiske austlege sverdet, med sin bøygde form, symboliserer lunare, feminine kvalitetar.

Det klassiske europeiske sverdet, på grunn av sin rette form, symboliserer derimot manndom og det solare. Dersom slikt ligg nærmare dine personlege preferansar kan du alltids ta fram ein Wii U og gi deg ut på eit gjensyn med klassikaren Zelda: The Wind Waker i Zelda: The Wind Waker HD. Det ser vensælt ut i si nye drakt, og skulle kunne tilfredsstille den som tidlegare ikkje har lete dette kapitlet i Nintendos RPG-epos penetrere sitt tilvære, og den som har tid å ofre på nostalgien sitt alter like eins. ELLERS KAN VI opplyse om at Flashback (PC, PS3, Xbox360) byr på mang eit flashback til Flashback (1992), den andelege oppfølgjaren til Another World (1991), den typen plattform-eventyr som sjeldan viste spelaren ein unse nåde. På den tida då Flashback først kom ut fans det inkje Internettilkopling å søke etter walkthroughs på, og ein blei som fastsitjande spelar nøydd til å tråle skulegarden etter råd. Spelet inspirerte dei fleste nyare klassikarar innan plattform-eventyrsjangaren, til dømes Abe’s Oddyssey og Limbo, og har sanneleg tålt tida sine tenner. Opplevinga av den nymotens Ubisoft-produserte utgåva blir titt og ofte spolert av halvgjort høgteknologisk grafikk og korny stemmeskodespel som undervurderer alt det diggbare ved opphavet, og hadde det ikkje vore for at denne er bunta saman med originalversjonen hadde det ikkje vore snev av grunn til å vie denne utgjevinga merksemd. Spel gode, gamle Flashback, for dei gamle er fortsatt eldst. Eg har merka meg at det i det siste har blitt skrive ein heil del om remakes og omstøvlingar av gamle spelseriar i spelspalta i NATT&DAG (eg nemner i fleng: DuckTales, Castle of Illusion, XCOM, Shadowrun, Rise of the Triad), og det knyttast ein viss usikkerheit til korvidt dette først og framst kjem av ein trend i tida, eller av at spelkritikaren i avisa byrjar å bli gamal (han er faktisk nærmare femtito enn fem) og i sin premature demens har lagt all fokus over på sin eigen navleskodande og kan hende kitschy trang til nostalgi.

Uansett skal det seiast at det ikkje berre er gamle spel frå 80- og 90-talet som får gjennomgå utvikling og utgjeving for tida, men òg splitter nye franchisar. Eit døme på noko slikt er det framifrå science fiction-eposet Beyond – Two Souls, frå den stormannsgalne franske designaren David Cage – openbart inspirert av Flashback – og hans studio Quantic Dream. Enkelte spelkritikarar syns ikkje dette spelet er spelaktig nok, men høyr ikkje på desse. Beyond plukkar opp tråden der den interaktive filmen slapp ein gong rundt midten av nittitalet, og gjer alt det desse skulle ønske dei kunne gjere, dessutan med framifrå skodespel av både Willem Dafoe som utøvar av pseudovitskap og Ellen Page som andeleg medium. Her finst liten grunn til å klage, men mykje grunn til å fryde seg over eit storslege eventyr. ANDRE EVENTYRLYSTNE kan tilfredsstille sine skitne fantasiar ved å gnukke på Luxuria Superbia, det nyaste nye frå den notoriske, belgiske ikkje-spelutviklaren Tale Of Tales. Gnukk på den berøringsskjermen, gnukk gnukk. Å ja, lat feittet sprute ut or porene dine, lubriker det apparatet. Ja, der ja. Tilfredsstill den tingesten.

TOPP 3: DEADLY PREMONITION: DIRECTOR’S CUT (PS3, PC) Okkult orientert adventure-spel med tendensiøse Twin Peaks-tendensar. Nytt til Windows.

1 1

BATMAN: ARKHAM ORIGINS (PC, PS3, XBOX360, WIIU) Kjend superhelt tilbake i trong trikot i nytt spel i populær serie. Sikkert framifrå.

2 1

ADVENTURE TIME: EXPLORE THE DUNGEON BECAUSE I DON’T KNOW! (PC) Spel som gir deg mogelegheit til å opne mange dører og sjå kva som fins bakom.

3 1

PASS PÅ TENNENE

PASS PÅ UTGIFTENE Studentene skal ha fordeler! 50% STUDENTRABATT på første time! Den inkluderer undersøkelse utført av tannpleier, 2 røntgenbilder og tannrens. Du betaler kun 450,- og du vil fortsette å få fast studentrabatt hos oss.

Kongens gt. 49 - 7012 Trondheim • Telefon: 73 53 45 45 www.trondheim-tannhelsesenter.no

Falkenborgveien 9 - 7044 Trondheim •Telefon: 73 60 50 45 www.toppen-tannhelsesenter.no

All tannbehandling på et sted • 365 dager i året 11/2013

69

Profile for NATT&DAG

NATT&DAG Trondheim november 2013  

NATT&DAG Trondheim november 2013  

Profile for nattogdag