Page 77

SPILL

Endelig er spelet Fez tilgjengelig på noko anna enn berre Xbox. TEKST RASMUS HUNGNES DEN KJENDE OG kjære historia om Hallvard Flatland og korleis han, etter å ha jobba i årevis i Trav- og Galloppnytt og som travkommentator på TV, starta

1

gameshowet Casino, seinare blei dømt til seks månader i fengsel for kvitvasking av pengesedlar, noko han sjølv kallar justismord i boka Alltid på en fredag, for seinare å kome på tredjeplass i sesong 5 av Skal Vi Danse med god hjelp av 34.356 stemmer frå eitt

enkelt telefonnummer, kjøpt for den nette sum av 174.000 norske kr ein av innbyggjarane oppdagar den tredje dimensjonen – han bur nemleg i eit flatt land, beskrivi av Edwin Abbott Abbott i teksten Flatland (18XX), der kun to dimensjonar er verksame, på same måte som vi i denne verda berre klarar å oppfatte tre dimensjonar – har blitt plagiert eller kanskje referert i Fez, eller tyrkerlue på godt norsk, ein type sylinderforma lue eller hatt, vanlegvis laga av raud ullfilt – raudfarga blir tradisjonelt utvunne av eit raudt bær som mellom andre stader finst i og rundt byen Fès i Marokko, så der har du forklaringa på kvifor lua heiter fez. Kvifor spelet heiter Fez (Xbox 360, Windows, Linux, OS X) kan du gjerne fortsetje å lure på, eg skal nøye meg med å nemne at hovudpersonen blir gjor oppmerksam på den tredje dimensjonen sin eksistens av ei lekkert utforma sfære, og dermed lærer seg å navigere nye djupnar av dei lekkert utforma bretta han navigerer. Ikkje klarar eg på ståande fot å fatte korleis denne 3D-navigeringa kan fungere i eit samfunn utforma som ein 2D-plattformar, men same det, for det utgjer ein interessant spelmekanikk som byr på intrikate puzzles, eller puslespel på godt norsk, som du kan pusle med når du vil. Spelet har eksistert til Xbox 360 ei god stund allereie, og kom nyleg i nyare tid ut til andre system, heldigvis. APROPOS XBOX. Det ser og ut til at Microsoft har valt å fokusere på TV-delen i ordet TV-spel, for Xbox One, nyleg avslørt i ein storstila katastrofe av ein pressekonferanse, har tydelegvis fokus på å måle hjerterytmen til brukaren medan ho ser på TV, og på å sjekke om sjåaren ser på TV-en i reklamepausen, og vidare ved hjelp av freistande godtgjeringar oppfordre til å følgje godt med på reklamen. Informasjon om spel er mangelvare, men såkalla «appar» som gjer at brukaren kan gjere nett det same med Xbox som med PC, smarttelefon eller tablet finst i bøttevis og spann. Maken til dårlige fokus skal ein leite lenge etter i spelkonsoll-historia.

Ein kan jo alltids oppgradere PC-en, for PC er framleis den beste og mest dynamiske plattforma. Og apropos spelmekanikk: Bioshock Infinite (Windows, Xbox 360, PlayStation 3, OS X), som har hausta strålande kritikk over ein lav sko, har merkeleg uengasjerande gameplay og level design. I følgje nettstaden Metacritic har bortimot heile kritikerstanden gitt spelet toppkarakter, med nokre få surmularar som strengt gir spelet usle åtte av ti poeng. Denne kritikaren ville gått eit hakk lågare på skalaen, og ikkje berre fordi eg likar å ha indignerte fanboys og -jenter på nakken. Utviklaren Irrational har laga ein av dei største klassikarane i spelhistoria, nemleg System Shock 2 (nyleg utgitt på ny på GOG.com til glede og forlysting for nye spelarar), men Bioshock Infinite er dessverre lite anna enn ein straight shooter, der dei tilsynelatande omfattande og storslege omgivnadene kjenst klaustrofobiske, og den audiovisuelle innpakninga reduserast til eit monument for det uutnytta potensialet. Heilt OK spel. Pur kitsch. Bruk tida di på noko anna.

TOPP 3 I SOMMER METRO: LAST LIGHT (WINDOWS, XBOX 360, PS3) Dei fleste problema som plaga den noko forkrøpla forgjengaren Metro 2033 har blitt reparert, og Last Light utgjer ein solid shooter i eit engasjerande undergrunns-univers.

1 1

REMEMBER ME (PS3, WINDOWS, XBOX 360) Kybernetikk-punk-soge om tap og gjenvinning av minne.

2 1

FAR CRY: BLOOD DRAGON (XBOX, PS3, WINDOWS) Ein postmoderne pastisj over Robocop og andre kyborg-legender frå fordums tid.

3 1

SØK AVGANGER OG KJØP BILLETT MED MOBILEN

6/2013

77

NATT&DAG Stavanger juni 2013  
NATT&DAG Stavanger juni 2013