Page 77

SPILL neleg ikkje designarane har prøvd annan båt enn ein cabin cruiser, for denne seglemekanikken held ikkje meir vatn enn det gode, gamle actionspelet Overboard! til PlayStation nummer ein. Gi meg heller The Legend of Zelda: Wind Waker (tilgjengeleg på Wii U i HD-utgåve, må vite) – der har iallfall vinden noko å seie. AssCreed 4 kan samanliknast med junk food – umiddelbart tilfredsstillande, men næringsfattig og fort gjort å gå lei av. Meir sjørøveri i fantasiKaribia kan gjerast i Pixel Piracy, som utviklaren sjølve distribuerer både kommersielt og over BitTorrent, for å sørge for at piratane får eit best mogeleg inntrykk av spelet. Generøst, vil eg seie, og medan spelet gjennomgår stadig utvikling, er det tale om ein lovande og nusseleg liten piratsimulator, med enno mindre realistisk skipsmekanikk enn AssCreed 4. Like greitt.

PEIKEFINGER

The Secret of Monkey Island er stadig eit av dei mest spelverdige piratspela. No har Tim Schaefer returnert til peik-og-klikk-sjangeren. TEKST RASMUS HUNGNES ARRR! ASSASSIN’S CREED-SERIEN får stadig nye innslag, derav det nyaste dømet er det ikkje fullt så nye AssCreed Liberation HD (PS3, Xbox 360, Windows), men det spelte vi ikkje, for vi fekk nok for ei god stund med AssCreed IV: Black Flag (Windows, Wii U, PS3, PS4, Xbox 360), der hovudpersonen ikkje er mykje til Hashshashin i det heile, men når sant skal seiast snarare ein lurendreier av ein pirat, eller kaper, som ved eit kosmisk slumpetreff ramlar borti nokre konspiratoriske

1

old world new world order-aktige bøllar og dermed får behov for å gi seg ut for å vere snikmordar, noko han mystisk nok har naturtalent for slik at han gjerne fortset å hoppe frå hustak for å lande med blankvåpenet først på ein eller annan digital stakkar sin nakke heile spelet gjennom – alt for franchisen. Titt og ofte lyt denne nybakte sjørøvarkapteinen og hans mannskap segle langt og lenger enn langt på ei gedigen skute for å kome til det neste triggerpunktet som forhåpentlegvis gir litt framgang i den usle unnskyldninga av ei historie, men eg trur san-

DÅ TIM SCHAEFER søkte jobb hos Lucasarts tabba han seg ut ved å avsløre at han hadde spelt ein piratkopiert versjon av eit av selskapet sine utgjevingar, men heldigvis fekk han jobben likevel, slik at verda fekk klassiske titlar som The Secret of Monkey Island, som stadig framstår som eit av dei mest spelverdige piratspela. No har Schaefer returnert til peik-og-klikk-sjangeren med den fredsæle science-fantasy-soga Broken Age (Android, iOS, Linux, OS X, Windows, Ouya ), og det skal vi prise oss lukkeleg for, for maken til god stemning skal ein leite lenge etter. Akt ein har kome på marknaden allereie, og utgjer ein søt liten sak med storslått spennvidde. Lat oss berre håpe at akt to kjem snart, for del ein sluttar med ein heftig cliffhanger og spaninga er ikkje til å halde ut. Raven, protagonisten i Metal Gear Rising: ReVengeance (PS3, Xbox 360, Windows), har ein kybernetisk lapp over auget, men annan link til pirattematikken eg til no har heldt meg til i denne spalta orkar eg ikkje å koke i hop. Spelet kom nyleg ut til PC, og godt er det, for dette hack’n’slash-eposet var eit av fjorårets spelmessige høgdepunkt, med ein langt meir givande form for digital sverdsvinging enn den tarvelege duplo-fektinga i tidlegare nemnde AssCreed 4. Sjølv om det ikkje er så mykje igjen

av den taktiske spionasjen som Metal Gear har krinsa rundt til no – det er her tale om ein ellevill actionorgie utan hemningar, frå utviklaren bak det like hemningslause Bayonetta – slektar ReVengeance på sine anar på meir essensielle punkt: Karakterar med visjonar, spektakulære bossfights og dialog med meining. Dessutan inneheld det ein av dei mest tilfredsstillande sverdkampane spelhistoria har sett. Meir tilfredsstillande sverdfekting finn ein i Nidhogg, eit fighting-spel med retrografikk. Det kjenst som Prince of Persia (det første) på steroid, utan klatring – eit audiovisuelt og gameplay-messig meisterstykke. BAZ LUHRMANN VAR lur nok til å omdefinere «sverd» som «pistol» si filmatisering av Romeo & Juliet, og dersom du likar betre å veive med digitale skytevåpen enn blankvåpen kan du leike deg i Battlefield 4 (Windows, PS3, PS4, Xbox 360) – siste innslag i serien med det presise, beskrivande namnet. Einspelardelen er ei sørgjeleg affære, men online-delen kan fort bli vanedannande, så det er sikkert best å halde seg unna. Uff, og desse spela inneheld så mykje vold, smerte og daud. Utanom Broken Age. Spel det – konsist, velskrive og høveleg kort.

TOPP 3 I FEBRUAR MARIO PARTY ISLAND TOUR (3DS/2DS)

11

Trill terningar og spel minispel på tur over fargerike øyer – med eller utan vener.

OCTODAD: DADLIEST CATCH (WINDOWS/MAC/LINUX/PS4)

1 2

Spelet der du gir deg ut for å vere ein heilt ordinær familiefar, medan du i sanninga er ein blekksprut.

JAZZPUNK (WINDOWS)

3 1

Absurdistisk cyberpunk-satire i adventureformat som går over alle støvleskaft og vel så det.

ung i operaen

la bohème operaens ungdomsambassadører og Den norske opera & ballett inviterer alle til og med 30 år til La bohème onsdag 26. februar kl. 19.00. billetter i hele salen for kun kr 100,–. operaen.no/forestillinger/la-boheme Arrangementet støttes spesielt av: DNB, OBOS og Det Norske Veritas

Foto: erik berg

OPERAEN.NO / 21 42 21 21

02/2014

77

NATT&DAG, Oslo, februar 2014  
NATT&DAG, Oslo, februar 2014