Page 69

24.10.2014

SPILL

I KRIG OG KJÆRLEIK Dauden både fintast og konfronterast i Hyrule Warriors. TEKST RASMUS HUNGNES HYRULE WARRIORS (Wii U) er ein hybrid mellom Dynasty Warriors-serien og The Legend of Zelda-universet, og utartar seg ganske annleis enn eit normalt Zelda-spel: Her tek du ikkje med Link – helten som stadig blir reinkarnert som grønkledd liten gut for å bekjempe den likeeins stadig reinkarnerte Ganondorf – med ut på lange eventyr gjennom landet Hyrule (slik som ein sist kunne gjere i det forvitnelege, Flatlandinspirerte The Legend of Zelda: A Link Between Worlds på Nintendo 3DS). Nei, i Hyrule Warriors blir spelaren kasta beint inn i ei overveldande mengd action på ei rekke kaotiske slagmarker i kjende, hyrulianske og interdimensjonelle omgjevnader, med mogelegheit til å føre krig som ei rekke kjende og kjære karakterar frå Zelda-universet. Dette inkluderer både dei «gode» – Zelda, Link & Co - og «onde» – Ganondorf og hans forkvakla makkerar. Felles for alle dei spelbare karakterane er at dei er cirka tusen gonger meir mektige enn 99 prosent av dei andre krigførande, med mogelegheit til å uskadeleggjere hundrevis av motstandarar med eit enkelt slag. «It could be said that the act of turning off a Zelda game is a perfect metaphor for biological death», spekulerer Anna B. Jannssen i essayet The Hero With a Thousand Hearts: Death in Zelda, eit forsøk – slik eit essay (frå mellomfransk essai, forsøk) skal vere – på å trekke fram dataspelet som eit effektivt forum for å «utforske det uutforskbare» (altså dauden). Nintendo har alltid vore prega av eit ambivalent forhold til forgjengelegdomen. Til dømes har samtlege utgjevingar av det ultravaldelege Carmageddon til dette tradisjonelt familievenlege selskapet sine maskinar fått bytta ut fotgjengarane, som ein kan kjøre over, med grønnblodige zombiar.

1

I HYRULE WARRIORS både fintast og konfronterast temaet dauden på same tid. I sann Nintendo-stil nektar spelet å innrømme at spelaren tek livet av tusenvis av virtuelle skapningar på kvart brett, og brukar eufemismen «knock-out» for å unngå å konfrontere

«

endeliktet. (Døme på verkty ein brukar til å slå motstandarane i svime er sverd, bomber og pil og boge.) Samstundes krinsar soga rundt den avdøydde antagonisten Ganondorf sine komplott for å klare å bli reinkarnert. Sjela hans har blitt splitta i fire deler, spreidd utover like mange dimensjonar, og på uvisst vis meistrar han å manipulere dei levande til å hjelpe han med dette frå etterlivet. Djupe greier! Gameplayet er ikkje fullt så djupt, og handlar stort sett om å trykke fort og ofte på eit par knappar, og sjå nedslaktinga utarte seg på stadig meir omfattande vis på tv- og Wii U Gamepad-skjerm – spelet kan slik òg spelast i tospelarmodus. Sjølv vil du (eller rettare sagt karakteren din) neppe døy så ofte i Hyrule Warriors, av di spelet ganske enkelt er ganske enkelt. Moro er det lell. KRIGFØRING GÅR ÒG føre seg i det komande This War Of Mine (Windows, OS X, iOS, Linux, Android), i motsetnad til Hyrule Warriors (som er sett frå perspektivet til omsynslause krigarar med mangel på respekt for livet sjølve) fortalt frå perspektivet til sivile. Dersom du ynskjer gaming i fredstid kan zoofili-datingsimulatoren Hatoful Boyfriend frå den stadig sprøare utgjevaren Devolver Digital tilrådast. Her leitar du, ei jente i skulealder, etter kjærleiken på og rundt ein kostskule der alle andre elevar og tilsette er … duer. Kurr kurr, i krig og kjærleik er alt lov.

Maria Alexandra Lungu Sam Louwyck Alba Rohrwacher Sabine Timoteo og med Monica Bellucci

TRE AKTUELLE Alien: Isolation

1 1

(WINDOWS, PS3, PS4, 360, ONE)

Angst og stress på eit romskip, åleine med ein alien, nett som i den første Alienfilmen.

2 1

Bayonetta 2

1

The Evil Within

(WII U)

Ekstremt postmoderne hekseri og vald i surrealistiske omgjevnader.

3

(WINDOWS, PS3, PS4, 360, ONE)

Forferdeleg skrekk frå mannen bak Resident Evil.

I sann Nintendo-stil nektar spelet å innrømme at spelaren tek livet av tusenvis av virtuelle skapningar på kvart brett. 09/2014 la vera høydenod.indd 1

69 25.09.2014 12:40:50

Profile for NATT&DAG

NATT&DAG, Bergen, oktober 2014  

Ideologi Musikk, film, uteliv, kunst, litteratur, mat, mote, politikk

NATT&DAG, Bergen, oktober 2014  

Ideologi Musikk, film, uteliv, kunst, litteratur, mat, mote, politikk

Profile for nattogdag