Page 48

installasjonsfoto fra knut henrik henriksens utstilling notes to ntones. foto thor brødreskift

KUNST

JULIE OG JIMMY GO DOGGING Hordaland kunstsenter Til 26. oktober Klosteret 17 Opphavet til substantivet «dog», med andre ord «hund», er blant dei største mysteria innan engelsk etymologi. Uttrykket «dogging» er tilsvarande

1

komplekst. Mylderet av mogelege tydingar inkluderer baksnakking, å unngå nokon (frå «dodging»), å storme fienden sin base med Spirit Wolves (det seiast trass alt at alle hundar er avla fram frå ulvar) i Warcraft III, og det å plassere eit mannleg kjønnslem i ei intergluteal kløft, som ein midlertidig

menneskeleg assemblasje, eit mimesis av ein hot dog. Truleg refererer tittelen i samband med utstillinga Julie og Jimmy go dogging snarare til det å ha sex på offentleg stad, gjerne med fleire personar (helst framande), eller det å vere tilskodar til ei slik scene (som ein gjerne snublar over

medan ein går tur med hunden i parken), for vidare konnoterer uttrykket eit møtepunkt mellom ekshibisjonist og voyeur, utstillar og tilskodar. Nettopp dette utgjer – kan hende – nøkkelen til å forstå denne samlinga av nye verk av Jimmy Merris og Julie Verhoeven.

KNUT HENRIK HENRIKSEN Note to Stones Bergen Kunsthall (offsite) Til 9. november Knut Henrik Henriksen tek tak i den arkitektoniske tvilen og frustrasjonen, og vrir ambivalensen rundt (dels arbitrære) standardformat og masseproduserte byggelement om til veritabel visuell samtidskunst. Utstillinga Echoes frå 2012 tok tak i formar frå Rådhuset i Bergen, teikna av Erling Viksjø i 1953, og laga eit visuelt «ekko» av desse på andre sida av Lille Lungegårdsvann, på fasaden til Bergen Kunsthall. No er andre del av prosjektet, utstillinga Notes to Stones, med pidestallar og andre objekt som kommenterer Viksjøs signatursandblåsing og arkitekturen generelt, installert i søylegangen ved rådhuset sitt inngangsparti. Ope heile døgeret i Rådhusgaten 10.

1

Norges største formidler av hybler og bofellesskap. Helt gratis!

48

09/2014

Profile for NATT&DAG

NATT&DAG, Bergen, oktober 2014  

Ideologi Musikk, film, uteliv, kunst, litteratur, mat, mote, politikk

NATT&DAG, Bergen, oktober 2014  

Ideologi Musikk, film, uteliv, kunst, litteratur, mat, mote, politikk

Profile for nattogdag