Page 69

SPILL

Far Cry 3

Det vesle helse- og spelhjørnet. TEKST Rasmus Hungnes HEISANN, ALLE BARN! Treng du nyttige tips om korleis best spele dataspel og take i vare allmenntilstanden i vintermånadene? Då har du kasta ditt blikk på rett side. No, du veit, i vintermånadane, er det ein framifrå idé for oss som bur nord for 37° N å taka ein tur til sørlege strøk («Syden», som det kallast), av di vi ikkje får så mykje sol i denne kalde og mørke årstida. Dei vesle solstrålane vi ein gong i blant får slikka i oss gjer slettes ikkje susen, skjønar du: På grunn av vinkelen strålane treff oss gjennom atmosfæren som ligg rundt planeten Tellus si overflate, blir brorparten av UVB-strålane filtrert bort, slik at huda ikkje får til å syntetisere det herlege vitamin D, som snarare er eit hormon enn eit vitamin, merkeleg nok. Då er det godt å vite at ein kan føretaka digitale – eller virtuelle, om du vil – reiser til varmare breiddegrader. FAR CRY 3 GIR deg mogelegheita til å gjere nettopp dette – heimefrå, utan å reise heimefrå. Du, ein tomhjerna, usympatisk dust, er på ferie i eksotiske strøk med venene dine, ein gjeng uoriginale klyser, og utøvar dank, utagerande festing samt dumdristige ekstremsportslege aktivitetar dag ut og dag inn. Som dei typiske naive pakketuristane dykk er, vert dykk alle kidnappa og bura inne i ein slavecamp drive av ein lallande galen psykopat saman med ein annan type som rett og slett ikkje er riktig nagla. Heldigvis klarar din i utgangspunktet veike, karakterlause karakter å flykte før han vert selt som sexslave, og viser seg etter kort tid å vere usedvanleg lærenæm: På rekordtid har han lært seg å bruke kvart eit lem til både det eine og det andre, deriblant blomeplukking, handtering av alskens lette og tunge våpen, a bene placito brygging av dop og andre medisinske miksturar, flåing av utrydjingstruga dyreartar, skreddarsying av ryggsekkar og våpenhylster, virtuos omgang med kvart eit køyrety som står parkert i din veg … Naud lærer naken pakketurist å spinne. Er det ikkje slik med dagens ungdom, at ein er ein dvask og tiltaksløys slappfisk inntil det knip, og når det knip transformerast ein til det reinaste

overmennesket? Kanskje ikkje. Botnlina er at alle Far Cry-spela til no har teke form av herleg morosame førstepersonskytespel, og denne open world-valds- og skogsturorgien er ikkje unntaket, men bekreftar regelen likevel. INDIESPELET MIASMATA gjeng òg føre seg på ei solfylt øy, men der utøver ein klekkeleg mykje mindre mengde vald enn i det valdelege Far Cry 3. Ja, på denne øya handlar ikkje livet om å taka andres liv bort, men å redda ditt eige, din pestinfiserte sjukling. Det handlar om å vere hjelpelaus og livredd medan ein utfører naudsynte oppgåver slik som kartografi, blomeplukking, medisinsk forsking, soppsanking, syntetisering av helsebringande medikament, steinkasting på og flukt frå eit hissig rovdyr. Topp stemning! MEN HUGS DET, kjære lesar, at virtuelt sollys ikkje er ei erstatning for eit variert kosthald, og at du uansett nok gjer klokt i å ete vitamin D som tilskot – D3 er etter sigande meir effektivt enn den syntetiske typen D2 – i kosten om vinteren. Enkelte vitskaplege undersøkingar peikar mot at høge dosar vitamin D kan vere vel så effektivt mot influensa som ei vaksine, og det kan òg kan hende førebyggje forkjøling. Vitamin D styrkar immunforsvaret, skal vite. Dosane ein får tak i reseptfritt i Noreg er retteleg konservative, for «dei» trur at «alle» nordmenn et fisk kvar forbaska dag, og at det liksom skal gjere susen. Pass på å ikkje kombinere høge dosar vitamin D med for mykje kalsium, med mindre du vil ha nyrestein, for då kan du utvikle nyrestein. Sorry, Tine! Tre andre dagsaktuelle spel: 1. Ni No Kuni Ein audiovisuell magisk JRPG-nytelse frå Level5 og Studio Ghibli (PS3). 2. Bientôt l’été Eksistensialistisk sosialiseringssimulatorsimulator frå belgiske Tale of Tales (PC, Mac). 3. The Cave Usympatisk karakterdrama frå Monkey Island-designer (PC, Mac, WiiU, PS3, Xbox360).

Alle Far Cry-spela til no har teke form av førstepersonskytespel. Denne valds- og skogsturorgien bekreftar regelen.

FriVillig arbeid

WOrking HOliday

JOrden rUndT reiser rUndreiser OPPleVelsesTUrer

Vi skreddersyr din drømmereise Verdens største reisebyrå for ungdom og studenter

23 31 61 00

WWW.sTaTraVel.nO 02/2013

69

Profile for NATT&DAG

2013-februar-oslo  

2013-februar-oslo  

Profile for nattogdag